Prop. 77 S (2024–2025)

Vidareføring av bompengeinnkrevjing på rv. 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud for å påskunde utbetringar av rv. 7 vidare gjennom Hallingdal

Til innhaldsliste

6 Finansieringsopplegg

Tiltaka blir finansiert med løpande bompengeinntekter frå den vidareførte bompengeinnkrevjinga i bomstasjonen ved Brekkebygda. Bompengeselskapet skal ikkje ta opp lån, og det vil derfor ikkje vere naudsynt med fylkeskommunal garanti.

I 2023 var passeringsinntektene på om lag 93 mill. kr og driftskostnadene på om lag 3,5 mill. kr. Det er venta ein auke i passeringsinntektene sidan det blir innført betaling for nullutsleppskøyretøy. Forventa årlege nettoinntekter er derfor rekna til om lag 100 mill. kr. Basert på dette er det førebels lagt til grunn eit samla bompengebidrag på om lag 400 mill. kr i ei vidareført innkrevjingsperiode fram til juni 2029, noko som inneber at det ikkje vil vere rom for alle dei tiltaka som er opplista i tabell 3.1.

Bompengeselskapet har opplyst at bomstasjonen ved Brekkebygda på strekninga Sokna – Ørgenvika må bytast ut av tekniske årsaker. Dette vil vere ein eingongskostnad. Kostnadene for dette er berekna til om lag 2 – 4 mill. kr og vil kome i tillegg til dei årlege drifts- og administrasjonskostnadene til bompengeselskapet.