Prop. 77 S (2024–2025)

Vidareføring av bompengeinnkrevjing på rv. 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud for å påskunde utbetringar av rv. 7 vidare gjennom Hallingdal

Til innhaldsliste

8 Samferdselsdepartementet si vurdering

Rv. 7 er saman med rv. 52 over Hemsedal, eit viktig ledd i transporttilbodet mellom Austlandet og Vestlandet. Hallingdal og Hemsedal er samstundes eit viktig turist- og hytteområde dit dei fleste tilreisande kjem med bil via rv. 7. Utbygginga av rv. 7 Sokna – Ørgenvika har gitt ein stor tidsgevinst for trafikantane, med 20 km nedkorta køyrelengde og 18 minuttar redusert køyretid. Ny veg mellom Sokna og Ørgenvika har også styrka den funksjonen rv. 7 har som eit viktig samband mellom Osloregionen og Vestlandet.

Rv. 7 gjennom Hallingdal er i dag ei sterkt trafikkert og ulykkesutsett strekning. Strekninga er smal og har dårleg standard. Samferdselsdepartementet er kjent med det lokale ønsket om å gjere tiltak på strekninga. Strekninga er også omtalt i Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036.

Bompengeprosjektet rv. 7 Sokna – Ørgenvika blei nedbetalt etter mindre enn 11 års innkrevjing av bompengar, og bompengeinnkrevjinga blei derfor stansa 28. februar 2025. Lokalt er det teke initiativ for å vidareføre innkrevjinga av bompengar fram til juni 2029 i den etablerte bomstasjonen ved Brekkebygda, slik det opphavleg blei lagt til grunn i Prop. 157 S (2008–2009) Finansiering og utbygging av rv. 7 på strekninga Sokna – Ørgenvika i Buskerud fylke. Lokale styresmakter er samde om at dei ønsker ei raskare utbetring av rv. 7 frå Kittilsvik til Gol, og det er fatta likelydande lokale vedtak om ei vidareføring av den etablerte bompengeinnkrevjinga for å få til ei slik raskare utbetring.

Gjennom Nasjonal transportplan 2025–2036 er det opna for å greie ut bruk av bompengar til finansiering av utbyggings- og utbetringstiltak på lengre strekningar, eventuelt i ein kombinasjon av forskots-, parallell- og etterskotsinnkrevjing. Løysingane må vere i tråd med nytteprinsippet, gi lågast mogleg innkrevjingskostnader og byggje på eit lokalt ønske og tilslutning. Det går fram at det kan vere aktuelt med ein pilot dersom det er lokalpolitisk ønske om det.

Etter departementet si vurdering vil ei vidareført bompengeinnkrevjing bidra til å løyse trafikale utfordringar ved å få fortgang i naudsynte utbetringar på denne sterkt trafikkerte og ulykkesutsette strekninga. Vegen vil med dette forslaget få betre trafikktryggleik og framkome på eit tidlegare tidspunkt enn det som elles ville vore aktuelt. Dette vil vere bra for trafikantane. Ei vidareført innkrevjing på rv. 7 i bomstasjonen ved Brekkebygda vil utfordre nytteprinsippet ved at bompengeinnkrevjinga ikkje vil skje i direkte tilknyting til der dei ulike utbetringstiltaka på rv. 7 skal gjennomførast. Statens vegvesen har opplyst at på strekninga det er aktuelt å gjennomføre utbetringstiltak, er ein stor del av trafikken gjennomgangstrafikk. Samferdselsdepartementet legg derfor til grunn at ein stor del av trafikantane vil få nytte av utbetringar på heile den aktuelle strekninga. Trafikantane vil også ha ei indirekte nytte i form av betre framkomst. Etter departementet si vurdering er derfor nytteprinsippet tilstrekkeleg oppfylt i denne saka. Forslaget inneber óg at det ikkje vil vere naudsynt for bompengeselskapet å ta opp lån, noko som betyr at trafikantane ikkje vil bli belasta for rentekostnader slik det er vanleg i andre bompengeprosjekt. Samferdselsdepartementet vurderer på denne bakgrunn at denne saka er ein god pilot for å teste ut vidareutvikling av bompengeinnkrevjing slik Nasjonal transportplan 2025–2036 legg opp til. Departementet vektlegg spesielt det breie lokale ønsket og vedtaka om ei slik løysing.

Etter ei samla vurdering sluttar departementet seg til at innkrevjinga i bomstasjonen ved Brekkebygda på rv. 7 mellom Sokna og Ørgenvika blir vidareført fram til juni 2029 for å finansiere tiltak på strekninga rv. 7 Kittilsvik – Gol. I tillegg vil det bli brukt opp til 50 mill. kr i bompenger til planlegging og førebuing av utbyggingsprosjektet rv. 7 Ørgenvika – Kittilsvik. Ei vidareført innkrevjing i dagens bomstasjon på rv. 7 med tilhøyrande utbetringstiltak, vil dermed kunne sjåast på som ein overgang frå prosjektet rv. 7 Sokna – Ørgenvika til ei eventuell etablering av ei ny vegpakke i Hallingdal. Det blir ikkje lagt til grunn statlege midlar i finansieringa av aktuelle utbetringstiltak.

Ei vidareføring av bompengeinnkrevjinga på rv. 7 inneber at innkrevjinga i den etablerte bomstasjonen ved Brekkebygda startar opp att når denne proposisjonen er vedteken i Stortinget, og naudsynte avtalar er inngått med bompengeselskapet. I tillegg kan det bli behov for å skifte ut innkrevjingsutstyret ved bomstasjonen av tekniske årsaker før innkrevjinga startar opp.