Forslag
til lov om endringer i vass- og avløpsanleggslova m.m. (overvannsgebyr)
I
I lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall skal § 25 andre punktum lyde:
Kommunen kan kreve full eller delvis dekning av sine kostnader ved innkreving av gebyr i samsvar med vass- og avløpsanleggslova.
II
I lov 6. juni 2025 nr. 26 om kommunale vass- og avløpsanlegg gjøres følgende endringer:
Ny § 4 a skal lyde:
§ 4 a Kommunale overvassgebyr
Kommunen kan gi forskrift om at det skal betalast overvassgebyr, storleiken på gebyra i kommunen og innkreving av gebyra. Kommunale overvassgebyr skal vere eit årleg gebyr.
Når ein fast eigedom har avrenning til eit kommunalt overvassanlegg, skal eigaren betale overvassgebyr til kommunen i samsvar med forskrift gitt i medhald av første ledd.
Med kommunalt overvassanlegg er meint eit anlegg for oppsamling, transport, avleiing eller behandling som er eller skal bli etablert for å førebyggja skadar som følgje av overvatn, og som heilt eller delvis er eigd av kommunen.
§ 5 skal lyde:
§ 5 Rammene for kommunale vass- og avløpsgebyr og overvassgebyr
Departementet skal gi forskrift om rammene for kommunale vass- og avløpsgebyr og overvassgebyr etter §§ 4 og 4 a og om utrekning og innkreving av gebyra.
§ 6 skal lyde:
§ 6 Lovpant og tvangsgrunnlag for utlegg
Eit forfalle krav på årsgebyr etter denne lova er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova § 6-1. Både årsgebyr og eingongsgebyr for tilknyting til kommunal vass- eller avløpsleidning er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 16 skal lyde:
§ 16 Tvangsmulkt
For å sikre at føresegnene i denne lova eller vedtak i medhald av lova blir følgde, kan kommunen gjere vedtak om tvangsmulkt til kommunen. I vedtaket skal det givast ein frist for retting av forholdet. Tvangsmulkta byrjar å gjelde først dersom forholdet ikkje er retta innan fristen.
Kommunen kan ikkje gjere vedtak om tvangsmulkt for forhold i strid med §§ 7 eller 8 utan at det på førehand er gjort enkeltvedtak etter § 7 tredje ledd eller § 8 tredje ledd eller gitt pålegg i medhald av § 14 om retting av forholdet.
Vedtak om tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 17 skal lyde:
§ 17 Når krav skal rettast mot festaren av grunnen
Dersom ikkje anna er avtala, skal krav som etter §§ 4, 4 a, 7, 8, 11, 12, 14, 15 og 16 blir retta mot eigaren av eigedomen, i staden rettast mot festaren av grunnen når
-
a. festaren har arvefeste
-
b. det er att minst 30 år av festetida når kravet kjem opp
-
c. festeavtala gir festaren rett til å krevje festetida forlengd så mykje at det blir att ei festetid på minst 30 år når kravet kjem opp.
III
Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.