1 Innleiing og samandrag
Noreg har sidan 1967 hatt ein vederlagsfri festeavtale for tomta til ambassadeanlegget i Beijing. Festeavtalen blir avslutta i desember 2027. Kinesiske styresmakter har no tilbydd Noreg ein ny festeavtale for anlegget.
Sidan avtalen har økonomiske konsekvensar, er Stortingets samtykke til inngåing nødvendig etter Grunnlova § 26 andre ledd.
Tingingane om avtalen er avslutta. Det er viktig at avtalen blir inngått så snart som mogeleg for å sikre eit stabilt og sikkert tilhald i Kina, i eit ambassadeanlegg som følgjer norske standardar. Det bes difor om Stortingets samtykke til inngåing før avtalen er underteikna. Avtalen vil også tre i kraft etter underteikning.
Avtalen på norsk og engelsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.