5 Vurdering

Avtalen sikrar tomt for den norske ambassaden i Beijing i lang tid framover, meir konkret i 70 år rekna frå 2027.

Gjennomføring av avtalen krev ikkje lov- eller forskriftsendringar.

Sidan avtalen har økonomiske konsekvensar, er Stortingets samtykke til inngåing nødvendig etter Grunnlova § 26 andre ledd. Stortinget gav i forbindelse med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2025 samtykke til at Utanriksdepartementet kunne inngå ein festeavtale mellom Noreg og Folkerepublikken Kina for det norske ambassadeanlegget i Beijing, sjå vedtak 1187. Slik saka blei lagd fram for Stortinget, kom det ikkje tilstrekkeleg klart fram at avtalen vil vere folkerettsleg bindande for Noreg. Saka blir av den grunn lagd fram for Stortinget på nytt for å innhente Stortingets samtykke til inngåing av avtalen etter Grunnlova § 26 andre ledd.