2 Bakgrunn
Eigedomar som nyttast som utanriksstasjonar er særskilt regulert i kinesisk rett. Den nye festeavtalen får verknad frå 1. desember 2027 for ein periode på 70 år. Festeavgifta for tomta er fastsett til 248 millionar kinesiske renminbi (RMB), om lag 355 millionar kroner avhengig av valutakurs. Beløpet skal betalast som eit eingongsbeløp i 2027. Det er eit kinesisk krav at avtalen blir inngått som ein folkerettsleg bindande avtale mellom dei to statane.