3 Nærare om dei enkelte artiklane i avtalen

Punkt 1 fastset at den kinesiske part samtykker i at Den kongelege norske ambassaden i Kina leiger ei tomt på Dong Yi Jie 1, San Li Tun, Chaoyang distrikt i Beijing med eit areal på 8 139,12 kvadratmeter. Leigeperioden gjeld frå 2. desember 2027 til 1. desember 2047. Ved utløp blir leiga automatisk forlenga tre gonger, med høvesvis 20 år, 20 år og 10 år, til 1. desember 2097.

Eit kart som viser den nøyaktige plasseringa av og grensene for tomta, er lagt ved avtalen og utgjer ein integrert del av denne.

Punkt 2 bestemmer at leiga for 70 år utgjer 30 479 RMB (tretti tusen fire hundre og syttini) per kvadratmeter, totalt 248 072 238 (to hundre og førtiåtte millionar syttito tusen to hundre og trettiåtte) RMB. Den norske parten skal betale inn heile beløpet i éi samla betaling før 2. desember 2027. Den konkrete framgangsmåten for oppgjeret skal avtalast mellom Den kongelege norske ambassaden i Kina og Beijing Service Bureau for Diplomatic Missions.

Dersom betalinga frå den norske parten er forseinka med meir enn femten (15) dagar etter forfall, skal det frå og med den sekstande (16.) dagen reknast ei dagleg forseinkingsrente på 0,1 % av det til ei kvar tid uteståande beløpet, til full betaling har funne stad.

Punkt 3 seier at den kinesiske parten garanterer at tomta som det er gjort greie for i punkt 1, er fri for gjeld, tredjepartsrettar, pant eller hefte som kan vere til hinder for bruken angitt i denne avtalen. Eventuelle tvistar av denne art skal utelukkande løysast av den kinesiske parten.

Punkt 4 fastset at i samsvar med kinesisk lovgiving høyrer eigedomsretten til tomta til Folkerepublikken Kina. Bygningar som blir oppførte på tomta omtala i punkt 1 med midlar frå den norske parten, skal under leigeperioden tilhøyre den norske parten. Ifølge kinesisk lov kan eigedomsretten til bygningen likevel ikkje registrerast særskilt uavhengig av tomta.

Punkt 5 seier at tomta og bygningane omtala i punkt 1 ikkje skal brukast til andre formål enn som lokale for ambassaden, og kan ikkje leigast ut, seljast, bli gitt bort, pantsettast eller på annan måte overførast til tredjepart. Den norske parten kan foreta nybygg, påbygg, renovering eller ombygging på tomta som det er gjort greie for i punkt 1, så sant den kinesiske parten får skriftleg samtykke på førehand. Slike prosjekt skal gjennomførast i samsvar med kinesisk lovgiving og det relevante regulerings- og bygningsreglementet i Beijing, og det skal innhentast nødvendige godkjenningar.

Punkt 6 seier at dersom den kinesiske parten i leigeperioden finn det nødvendig å kalle tilbake tomta på grunn av byplanlegging eller andre årsaker, skal den kinesiske parten gi den norske parten skriftleg varsel minst fem (5) år på førehand, og skal dessutan stille ei anna tomt til disposisjon på tilsvarande vilkår. Brukstida for den nye tomta skal leggast saman med den opphavelege. For bygningar på den opphavelege tomta skal partane avtale ein rimeleg kompensasjon basert på den faktiske verdien.

Punkt 7 fastset at i samsvar med Wien-konvensjonen om diplomatisk samkvem og prinsippet om gjensidigheit, skal den norske parten yte tilsvarande bistand og tilrettelegging dersom Folkerepublikken Kinasr ambassade i Noreg i framtida har behov for lokale ved mellom anna kjøp eller leige.

Punkt 8 seier at tvistar eller usemje som gjeld tolking eller gjennomføring av denne avtalen skal løysast ved samråd mellom partane.

Punkt 9 bestemmer at denne avtalen trer i kraft ved underteikning. Dersom den norske parten ønskjer å halde fram med bruken av tomta etter 1. desember 2095, skal det sendast skriftleg søknad til den kinesiske parten på førehand. Dersom denne blir godkjent, kan partane inngå ein tilleggsavtale etter å ha blitt samde gjennom konsultasjon.