Innleiande refleksjonsspørsmål

For at samtalane og refleksjonane om dilemmaa skal bli gode, må det skapast trygge rammer som gjer at tilsette tør å utforske ulike perspektiv – også dei ein er usikker på.

Leiarar har eit særleg ansvar for å oppmuntre til ulike synspunkt og vise at det er rom for tvil, medan medarbeidarar bidreg ved å lytte ope til resonnement frå kollegaer. Det som blir delt i ei gruppe, bør behandlast med respekt, slik at alle kjenner seg trygge på å dele eigne tankar.

Målet er ikkje å finne eitt rett svar, men å forstå dei ulike omsyna som tilsette i staten ofte møter i arbeidskvardagen.

Nedanfor følgjer nokre spørsmål som kan bevisstgjere tilsette om viktigheita av å bidra til ei god og trygg ramme for arbeid med oppgåvene i fellesskap:

  1. Kva kjenneteiknar ein organisasjon der det er «trygt nok» å ytre seg?
  2. Kva kan hindre tilsette i å seie frå om problematiske forhold i verksemda?
  3. Korleis kan leiarar leggje til rette for ein god ytringskultur?
  4. Korleis kan tilsette bidra til ein god ytringskultur?