Refleksjonsoppgåver
Oppgåve 1
Høyringssvaret
Ein saksbehandlar i eit direktorat får i oppgåve å skrive eit høyringssvar i ei sak på vegner av verksemda. Saksbehandlaren har eit stort fagleg engasjement i saka og skriv eit langt og grundig utkast. Leiinga i verksemda er ikkje einig i alle dei faglege perspektiva i utkastet og gjer derfor fleire endringar. Utkastet som blir sendt til departementet, utelèt det saksbehandlaren meiner er viktig argumentasjon i saka.
Kan saksbehandlaren sjølv levere eit høyringssvar i saka for å synleggjere sine argument?
Dersom saksbehandlaren leverer eige høyringssvar – kan saksbehandlaren opplyse om arbeidsstad og tittel?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 2.1 Offentlighet
Pkt. 2.2 Aktiv opplysningsplikt
Pkt. 2.3 Ansattes ytringsfrihet
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Pkt. 5.1 Faglig uavhengighet
Oppgåve 2
Kronikken
Ein avdelingsdirektør i Nav er veldig kritisk til ei politisk prioritering som inneber at avdelinga hennar må leggje ned eit tilbod. I ein kronikk i lokalavisa kritiserer ho den politiske prioriteringa, som ho meiner er «svært svakt grunngitt og fagleg uforsvarleg». I eit intervju i same avis kjem ho seinare med forslag til alternative løysingar som avvik frå den offisielle linja til etaten.
Kan og bør avdelingsdirektøren uttale seg i media på denne måten?
Er det relevant for vurderinga at vedkommande er leiar (avdelingsdirektør) i verksemda?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 2.1 Offentlighet
Pkt. 2.2 Aktiv opplysningsplikt
Pkt. 2.3 Ansattes ytringsfrihet
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Pkt. 5.1 Faglig uavhengighet
Oppgåve 3
Utlysinga
Ei mellomleiarstilling i verksemda du jobbar i, blir ledig. Leiinga meiner ein bestemt person, som allereie er tilsett i verksemda, vil passe til stillinga. Vedkommande blir oppmoda til å søkje.
Utlysingsteksten blir utforma svært snevert, og eit av kvalifikasjonskrava er at søkjaren må ha «minimum 7 års arbeidserfaring frå eit departement innanfor finanssektoren». Dette samsvarer godt med kvalifikasjonane til vedkommande, som tidlegare har jobba 7,5 år i Finansdepartementet. Det blir ikkje gjort ei nærmare vurdering av behova som avdelinga har med tanke på oppgåver og kompetanse, før stillinga blir lyst ut. Når søknadsfristen er ute, er det få søkjarar.
Internt grunngir leiinga den snevre utlysingsteksten med at det vil hindre unødvendig byråkrati med mange søkjarar, intervjurundar og alt som følgjer med. Resultatet ville truleg uansett blitt det same – at den dyktige medarbeidaren får tilbod om stillinga. Leiinga viser til at kvalifikasjonsprinsippet er vareteke, i og med at denne medarbeidaren uansett var den best kvalifiserte målt opp mot utlysingsteksten.
Kva for nokre etiske problemstillingar reiser ein slik framgangsmåte for tilsetjing ?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Pkt. 3.3 Effektivitetsplikt
Oppgåve 4
Konserten
Avdelinga du jobbar i, har lyst ut eit konsulentoppdrag. Du er ansvarleg saksbehandlar og skal levere ei innstilling på føretrekt tilbod til leiaren din. Du ser at det er to aktuelle kandidatar, Gråstein AS og Gull AS.
To dagar før du skal avlevere innstillinga di, skal favorittbandet ditt frå studietida opptre på ein stor konsertarena i byen. Dei er på sin første Europa-turné på 20 år. Du fekk dessverre ikkje tak i billettar før konserten var utseld. Dagen før konserten ringjer ein tidlegare studiekamerat som du ikkje har snakka med på ei æve, og spør om du kunne tenkje deg å vere med konserten. Han har fått tak i fleire billettar og vil gjerne invitere dei gamle vennene sine frå studietida. Han spanderer på alle, sjølvsagt. Det viser seg at studiekameraten din jobbar i Gull AS og er ansvarleg for tilbodet derfrå.
Kva for nokre etiske problemstillingar er aktuelle i denne situasjonen?
Kan du bli med på konserten?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 4.1 Habilitet
Pkt. 4.5 Mottak av gaver og andre fordeler
Pkt. 5.1 Faglig uavhengighet
Oppgåve 5
Debatten
Toppleiaren i verksemda di skal delta i ein TV-debatt. Du blir beden om å kvalitetssikre tala ho har tenkt å presentere. I gjennomgangen oppdagar du at ho har brukt statistikk frå fjoråret. De har heilt nyleg fått tilsendt nye tal, som viser motsett tendens, og som kan undergrave poenga ho ønskjer å presentere. Du fortel henne dette, men ho svarer at ho ikkje vil rekke å setje seg inn i dei nye tala. Ho viser til at dei nye tala uansett ikkje er offentleggjorde. Ho held fast på at ho vil bruke fjorårstala, og ber deg vente eit par veker med å offentleggjere den oppdaterte statistikken.
Korleis forheld du deg til denne situasjonen?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 2.1 Offentlighet
Pkt. 2.2 Aktiv opplysningsplikt
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Pkt. 5.1 Faglig uavhengighet
Oppgåve 6
Hytteturen
Du jobbar som juridisk saksbehandlar i Statens vegvesen og får ved eit slumpetreff høyre at politiet skal gjennomføre ein ikkje varsla kontroll av køyretøy og førarkort på ein populær hytteveg neste helg. Kontrollane er ein del av ein større aksjon mot ulovleg bruk av køyretøy og manglande førarrett, og informasjonen er ikkje offentleg. Du veit at bror din skal på ein hyttetur i området same helg. Du veit òg at han nyleg har fått inndrege førarkortet sitt, men likevel har tenkt til å køyre til hytta sjølv.
Kva gjer du?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Oppgåve 7
Utgreiinga
Du jobbar som utgreiingsleiar i ein etat og har ansvar for å kvalitetssikre ei intern fagleg utgreiing før ho blir send vidare til avgjerd. Ein kollega har levert eit utkast som du meiner inneheld klare faglege svakheiter. Samtidig har leiinga signalisert at saka må ferdigstillast innan kort tid, då ho er politisk prioritert og har vore forseinka lenge. Leiaren din seier at det viktigaste er å få saka ut, og at eventuelle feil og manglar kan handterast gjennom høyringsinnspel eller endringar i etterkant. Du kjenner på eit ansvar for at utgreiinga skal halde fagleg kvalitet, men du veit òg at forseinkingar kan få konsekvensar for etaten sitt omdømme.
Korleis forheld du deg til dette?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Pkt. 3.3 Effektivitetsplikt
Pkt. 5.1 Faglig uavhengighet
Oppgåve 8
Konsulentoppdraget
Ein seniorrådgivar i ei statleg tilsynsmyndigheit tilbyr konsulentoppdrag og digitale kurs for private aktørar innan same sektor som etaten fører tilsyn med. Oppdraga blir utførte på fritida og inneber rådgiving om korleis aktørane best kan forhalde seg til regelverket som den statlege tilsynsmakta forvaltar.
Kva for nokre etiske problemstillingar er aktuelle i denne situasjonen?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 4.1 Habilitet
Pkt. 4.2 Bierverv mv.
Pkt. 5.1 Faglig uavhengighet
Oppgåve 9
Utanlandsturen
Etter sommarferien møter du på ein god kollega i kantina, og ho snakkar ivrig om rundreisa si i Asia i sommar. Ho viser deg fine bilete frå turen på telefonen sin. Ho spør deretter kva du har gjort i ferien, og om du har nokre bilete å vise frå din ferie.
Du fortel at du har vore i Tyrkia på ferie, men at du dessverre ikkje har nokon bilete å vise frå turen din. På grunn av sikkerheitsreglane i verksemda de jobbar i, fekk du ikkje ta med deg telefonen og måtte i staden bruke ein gammal lånetelefon med dårleg kamera.
Du spør kollegaen din om ho fekk lov til å ta med seg den vanlege jobbtelefonen sin på turen i Asia. Kollegaen din svarer at ho ikkje sjekka dette før ho drog, og at ho la til grunn at det var uproblematisk. Ho takkar for tipset og seier at ho lovar å sjekke dette betre neste gong ho reiser utanlands.
Korleis bør du handtere situasjonen?
Bør du gi beskjed til nokon , eventuelt kven?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Pkt. 3.2 Rapporteringsplikt
Oppgåve 10
Årsrapporten
Du jobbar med årsrapporten for verksemda. Der skal det mellom anna rapporterast på berekraftsarbeidet i verksemda. Du oppdagar at det systematisk er rapportert på eit anna grunnlagsmateriale enn det som følgjer av føringa frå departementet. Din nærmaste leiar fortel deg i fortrulegheit at føringa frå departementet er urealistisk, og at feilrapporteringa er gjord for å hindre ytterlegare krav frå departementet. Du kjenner på eit ansvar for å ta dette vidare, og i eit møte med direktøren for heile verksemda nemner du problemstillinga. Tilbakemeldinga er at de er pressa på ressursar og må prioritere kjerneoppgåvene. Du forstår fort at dette ikkje er noko direktøren ønskjer å diskutere vidare.
Kva gjer du?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 2.1 Offentlighet
Pkt. 2.2 Aktiv opplysningsplikt
Pkt. 2.4 Varsling om kritikkverdige forhold i virksomheten
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Pkt. 3.2 Rapporteringsplikt
Oppgåve 11
Arbeidsmiljøet
Det har over tid vore eit krevjande arbeidsmiljø i avdelinga du jobbar i. Siste arbeidsmiljøundersøking viser at trivselen no er på eit botnnivå. Du opplever at avdelingsleiaren ikkje tek tak i problemet, og du er redd for at fleire kjem til å slutte på grunn av utfordringane. Du har sjølv eit godt forhold til avdelingsleiaren og er uroa for at det kan gå utover deg dersom du seier frå.
Kva ansvar har du for å bidra, og korleis kan du ta opp utfordringane på ein god måte?
Kven bør du eventuelt snakke med?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 2.4 Varsling om kritikkverdige forhold i virksomheten
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Pkt. 3.2 Rapporteringsplikt
Oppgåve 12
Oppseiinga
Du har akkurat sagt opp jobben din som rådgivar i Forsvaret, til fordel for ein ny jobb hos ein veletablert leverandør av forsvarsmateriell.
I jobben i Forsvaret har du vore tett involvert i fleire anbodsprosessar, og du veit at den nye arbeidsgivaren din posisjonerer seg i fleire av desse prosessane. Kunnskapen din om prosessane var ein av grunnane til at du blei rekruttert til stillinga. Den nye arbeidsgivaren din ønskjer ikkje at du fortel andre at du skal jobbe med denne typen prosessar, før du tiltrer. Du blir derfor beden om halde tett om dette i oppseiingstida.
Du leverer oppseiinga utan å opplyse om kva du skal jobbe med i den nye stillinga.
Har du handtert dette rett?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 4.1 Habilitet
Pkt. 4.3 Overgang til annen virksomhet
Oppgåve 13
Kollegaen
Ein svært erfaren kollega har nyleg slutta i verksemda du jobbar i, for å følgje draumen sin om å jobbe for ein velgjerande nødhjelpsorganisasjon. De har hatt eit tillitsfullt og nært samarbeid i over 20 år. Det siste de jobba saman om, var å førebu staten sin forhandlingsposisjon i ei sak der staten var saksøkt. Kollegaen din sluttar før saka blir ferdigstilt, men insisterer på at du kan ringje når som helst.
Dagen før saka skal behandlast i rettsmekling, foreslår leiinga ein heilt ny forhandlingsstrategi i saka. Du blir beden om å samanfatte konsekvensane av den nye strategien. Du er usikker på om du vil klare å utføre oppgåva utan å ringje den tidlegare kollegaen din, som er ein nestor innan det aktuelle fagfeltet.
Kva gjer du?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Pkt. 3.3 Effektivitetsplikt
Pkt. 4.4 Kontakt med tidligere kollegaer
Oppgåve 14
Merksemda
Du er tilsett i HR-avdelinga i ei verksemd. Nyleg har de fått hjelp frå eit advokatfirma i eit større granskingsoppdrag i samband med ei varslingssak.
Advokatfirmaet har frist til å levere ein rapport i saka første veka i januar. I desember har du altfor mykje å gjere, og du rekk derfor ikkje å sende over dokumenta som advokatfirmaet skal vurdere, før 23. desember. Du veit godt at dette inneber at den unge advokatfullmektigen i firmaet må jobbe mykje overtid i romjula.
Du har dårleg samvit og avklarer med leiaren din at de kan sende advokatfullmektigen ei personleg merksemd i form av ein liten blomebukett som takk for innsatsen. Du oppfattar dette berre som ein høfleg gest, ikkje som eit forsøk på å påverke granskingsarbeidet.
Er dette problematisk?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 4.1 Habilitet
Pkt. 4.6 Tilbud om gaver og andre fordeler
Oppgåve 15
Paneldebatten
Du jobbar som HR-rådgivar i ein etat. Nyleg har etaten gått frå cellekontor til ope kontorlandskap, og dette har skapt misnøye blant ein del tilsette. Du er sjølv sterkt ueinig i tiltaket og har teke opp dette internt med leiinga utan å bli høyrd.
Du blir invitert til å delta i ein paneldebatt på ein nasjonal konferanse om offentleg sektor, der temaet er kontorløysingar. I debatten skal overgangen frå cellekontor til ope landskap på arbeidsplassen din diskuterast som døme, og du vil få høve til å kommentere både sterke og svake sider ved løysinga.
Du er usikker på kor langt du kan gå i å formidle ditt personlege syn på saka. Du ønskjer å bidra til ein open og sakleg debatt, men samtidig uroar du deg for korleis kritikken vil bli oppfatta.
Kva bør du gjere ?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 2.1 Offentlighet
Pkt. 2.2 Aktiv opplysningsplikt
Pkt. 2.3 Ansattes ytringsfrihet
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Oppgåve 16
Kulturtilskotet
Du jobbar med statleg kulturforvaltning og behandlar søknader om støtte til lokale kulturprosjekt. Ein god venn av deg har nyleg starta eit kulturprosjekt som søkjer om støtte gjennom ordninga.
Du skal ikkje gjere vedtaket sjølv, men du skriv faglege vurderingar som kan påverke korleis søknaden blir vurdert. Du meiner sjølv at vennskapen ikkje påverkar vurderinga, men du er usikker på korleis det vil bli oppfatta av kollegaer og offentlegheita.
Er dette problematisk?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 3.3 Effektivitetsplikt
Pkt. 4.1 Habilitet
Pkt. 5.1 Faglig uavhengighet
Oppgåve 17
Dobbeltrolla
Du jobbar i ei statleg verksemd som fører tilsyn med helsetenesta. I ei tilsynssak ved eit sjukehus blir du beden om å bidra med faglege vurderingar som inngår i saksgrunnlaget.
Samtidig har du ei deltidsstilling ved det same sjukehuset, men du meiner sjølv at dette ikkje påverkar vurderingane dine. Rolla di i tilsynssaka er rådgivande, og du skal ikkje gjere det endelege vedtaket.
Kva bør du gjere ?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 3.3 Effektivitetsplikt
Pkt. 4.1 Habilitet
Pkt. 5.1 Faglig uavhengighet
Oppgåve 18
Fagforumet
Du jobbar som rådgivar i ein tilsynsetat. På fritida deltek du i ei lukka gruppe på eit sosialt medium, der ein diskuterer nye reglar og saker i offentleg sektor. Du skriv ein kritisk kommentar om korleis tilsynsetaten der du er tilsett, handterer tilsynssaker. Du oppgir både namn og stilling, men gjer det klart at du ytrar deg som privatperson.
Er dette problematisk?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 2.1 Offentlighet
Pkt. 2.2 Aktiv opplysningsplikt
Pkt. 2.3 Ansattes ytringsfrihet
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Pkt. 5.1 Faglig uavhengighet
Oppgåve 19
Vinflaska
Du jobbar som saksbehandlar i ei statleg verksemd. Du førebur og avgjer søknader om støtte til private verksemder. Ein stor del av jobben går ut på å rettleie søkjarane, slik at dei kan sende inn søknader som tilfredsstiller kriteria. Organisasjonen Veldedig AS søkjer om midlar kvart år. Som takk for godt samarbeid gir dei verksemda di ein kilo konfekt kvar desember.
I eit møte med Veldedig AS kjem du i snakk med ein av dei tilsette i organisasjonen, og de finn ut at de deler ei interesse for austerriksk naturvin. Til jul tek du imot ei flaske austerriksk naturvin og eit kort med påskrifta «Takk for god hjelp og spennande samtalar, helsing Veldedig AS». Flaska har ein verdi på 349 kroner.
Du veit at du kort tid etter jul skal behandle søknader om støtte frå mellom andre Veldedig AS. Du er usikker på om du kan ta imot vinflaska. Du tenkjer at den årlege konfekteska de får, aldri har blitt rekna som eit problem – og ho kostar mykje meir. I tillegg veit du at Veldedig AS pleier å skrive gode søknader, og dei får som regel uansett innvilga summen dei søkjer om.
Bør du ta imot vinflaska?
Kva med konfekteska de får kvart år?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 4.1 Habilitet
Pkt. 4.5 Mottak av gaver og andre fordeler
Pkt. 5.1 Faglig uavhengighet
Oppgåve 20
Innsynet
I jobben din som saksbehandlar i ei statleg verksemd behandlar du klagesaker på helseområdet. Det har nyleg blitt avsagt ein dom frå Høgsterett som inneber at de i fleire år har tolka ei viktig lov feil. No har ein journalist byrja å undersøkje ulike forvaltningssaker for å sjå om forvaltninga har gjort feil.
Du har fått innsynskrav i to vedtak du gjorde for nokre år sidan. I vedtaka har de gitt avslag som følgje av at de har tolka lova på ein annan måte enn den Høgsterett kom fram til i den nyleg avsagde dommen. Sakene inneheld namn og enkelte helseopplysningar, så du kan avslå innsyn som følgje av at dokumenta inneheld teiepliktige opplysningar. Du innser at det vil vere ganske enkelt å sladde dei teiepliktige opplysningane og namn og personalia på dei vedtaket gjeld, og at du eigentleg bør vurdere meirinnsyn. Du tek dette opp med leiaren din, men får beskjed om at «når du har heimel til å gjere unntak, skal du gjere unntak». Du forstår på leiaren din at dei helst ser at vedtaka ikkje blir offentleggjorde, fordi det kan føre til eit kritisk blikk på verksemda.
Kva bør du gjere ?
Rettleiing
Sjå etiske retningslinjer for statstjenesten:
Pkt. 1.1 Hensynet til innbyggerne
Pkt. 1.2 Hensynet til statens omdømme
Pkt. 2.1 Offentlighet
Pkt. 2.2 Aktiv opplysningsplikt
Pkt. 3.1 Lydighetsplikt (lojalitetsplikt)
Pkt. 5.1 Faglig uavhengighet