Arbeid med refleksjonsoppgåvene

Refleksjonsoppgåvene tek utgangspunkt i etiske retningslinjer for statstjenesten, og det blir tilrådd å ha retningslinjene tilgjengelege i arbeidet med oppgåvene.

Oppgåvene eignar seg til felles diskusjon i avdelingar eller team, der éi eller fleire oppgåver kan danne utgangspunkt for samtalar og erfaringsutveksling. Dette kan til dømes skje i faste refleksjonsmøte eller som del av ordinære gruppemøte e.l. Oppgåvene kan òg vere tema på fagdagar eller avdelingsseminar, der tilsette arbeider i grupper og drøftar dilemmaa meir inngåande. For nytilsette kan oppgåvene brukast som del av introduksjonsprogrammet, og for leiarar kan dei inngå i leiarutviklingsprogram. I tillegg kan oppgåvene nyttast til individuell refleksjon, som grunnlag for å vurdere eige etisk medvit.

Refleksjonsoppgåvene er utforma generelt og tek ikkje nødvendigvis høgd for særtrekk ved ulike statlege verksemder. Oppgåvene kan derfor gjerne omarbeidast og tilpassast, slik at dei blir meir relevante for problemstillingar tilsette møter i eiga verksemd.

Det er viktig å hugse på at det ikkje finst eitt enkelt svar eller ein fasit på oppgåvene. I arbeidet med oppgåvene bør det leggjast til rette for ein trygg ytringskultur som gir rom for open refleksjon og læring.

Oppgåveheftet består av nokre innleiande refleksjonsspørsmål som skal bevisstgjere tilsette om viktigheita av å bidra til rammer for god diskusjon. I tillegg er det utarbeidd 20 refleksjonsoppgåver som aktualiserer ulike etiske dilemma. Under kvar oppgåve er det gitt rettleiing om kva retningslinjer frå heftet etiske retningslinjer for statstjenesten som kan vere relevante å diskutere, utan at ein må sjå på det som ei uttømmande liste eller ein fasit.

Oppgåve

Refleksjonsoppgåva er sett inn i blå boks.

Rettleiing

I grøn boks er det gitt rettleiing om kva retningslinjer frå heftet etiske retningslinjer for statstjenesten det kan vere relevant å reflektere rundt til kvar enkelt oppgåve.