Regjeringens klimastatus- og plan

Til innholdsfortegnelse

5 Klimaeffekten av framlagt budsjett

5.1 Rapportering på klimaeffekten av framlagt budsjett

Ifølgje klimalova § 6 skal det gjerast greie for klimaeffekten av framlagt budsjett i statsbudsjettet for kvart år. Eit sentralt formål med klimalova er å fremje gjennomføringa av Noregs klimamål og å styrkje openheit og offentleg debatt gjennom at Stortinget regelmessig får informasjon om status og framdrift i arbeidet med Noregs klimamål.

Det er fagleg krevjande å berekne effekten av ny og etablert politikk på utviklinga i klimagassutsleppa. I 2018 vart det nedsett eit teknisk berekningsutval for klima (TBU Klima) for å bidra til ny kunnskap og nye metodar for tiltaks- og verkemiddelanalysar på klimaområdet. Teknisk berekningsutval for klima skal i tråd med klimalova foreslå metodar for berekning av klimaeffekten av statsbudsjettet. Utvalet har gjennom årsrapportane sine komme med fleire tilrådingar og varsla i årsrapporten for 2022 at dei vil utarbeide ein eigen temarapport i neste periode. Sjå boks 5.1 for ein nærmare omtale av arbeidet til TBU Klima med klimaeffekt av statsbudsjettet.

5.2 Metode for kategorisering av budsjettpostar

Rapporteringa på klimaeffekten av framlagt budsjett er i dag basert på ein metode for å kategorisere postane på statsbudsjettet etter klimaeffekt som vart utarbeidd som ein del av arbeidet til TBU klima. I samband med TBU Klimas andre utvalsrapport, som vart lagd fram i juni 2020, vart det utvikla ein metode for å kategorisere statsbudsjettet etter klimaeffekt. Det vart i statsbudsjettet for 2022 for første gong rapportert etter ein variant av kategoriseringsmetoden som TBU Klima hadde tilrådd å teste ut. Hovudformålet med kategoriseringa er å identifisere budsjettpostar som påverkar klimagassutslepp i Noreg.

Alle departementa har kategorisert budsjettpostane ut frå om endringane i 2023-budsjettet har eller ikkje har ein effekt på klimagassutslepp- eller opptak. Budsjettpostane som har effekt på klima, er kategoriserte etter om ei endring i tildelinga vil gje ein auke, reduksjon eller usikker effekt på klimagassutslepp. Med «usikker effekt» er det meint det at posten er definert til å ha ein klimaeffekt, men det er usikkert om klimaeffekten er positiv eller negativ. Postar som departementa meiner har nøytral verknad på klimautslepp, er hovudsakleg haldne utanom. Utsleppseffekten er definert som effekten på utslepp av klimagassar av endring i tildelingar, skattar og avgifter frå føregåande år.

Kategoriseringa gjev ei konsistent tilnærming til å vurdere klimaeffekt av budsjettpostar, men ein kan ikkje bruke kategoriseringa til å seie noko om den samle klimaeffekten av budsjettet. Til dømes vil ein post som er definert til å auke klimagassutslepp med ei større endring i løyvinga, kunne ha beskjeden effekt på auken i klimagassutslepp. Tilsvarande vil gjelde for postar som vil redusere klimagassutsleppa. Formålet med oppsettet er å følgje med på klimaeffekten av framlagt budsjett over tid slik at ein kan samanlikne utviklinga over ein lengre periode.

Metoden har gjort det mogleg å nytte eit generelt verktøy som er samanliknbart på tvers av departementa. Metoden for kategorisering legg grunnlaget for ei meir konsistent tilnærming til å vurdere klimaeffekt av budsjettpostar. Samstundes vil kategoriseringa ikkje gje informasjon om ein heilskapleg klimaeffekt av statsbudsjettet, og det står att arbeid for at tala skal vere samanliknbare på tvers av departement.

I arbeidet med å definere kva budsjettpostar som har klimaeffekt, har vi sett opp eit rammeverk for å vise budsjettpostar der endring i budsjettposten frå føregåande år har klimaeffekt. Budsjettendringar som berre følgjer av ordinær prisjustering, blir ikkje tekne med. Vidare er det venta at endringa vil kunne gje ei aktivitetsendring som påverkar utslepp og opptak av klimagassar. Det er relevant å samanlikne med budsjettpostane frå føregåande år for å seie noko om utviklinga i klimaeffekt på kort sikt, og det mest relevante samanlikningsgrunnlaget er difor føregåande budsjett.

Kategorisering for budsjettet for 2023

Totalt har departementa rapportert inn 87 budsjettendringar på statsbudsjettet som er kategoriserte til å ha ein effekt på utslepp/opptak av klimagassar samanlikna med budsjettet frå i fjor.

Klima- og miljødepartementet har kategorisert alle budsjettpostane på statsbudsjettet som er definerte til å ha ein effekt på klimagassutslepp med større endringar, etter inndelinga til Statens kontoplan for å få ei heilskapleg oversikt over postane. Kontoplanen til staten gjev ei standardisert inndeling av statsbudsjettet og statsrekneskapen i utgifter, inntekter, eigedelar, gjeld og eigenkapital, sjå tabell 5.1. Etter Statens kontoplan skal utgifts- og inntektspostane inndelast i fire ulike avdelingsnummer.

Tabell 5.1 Statens kontoplan

Avdelingsnummer

Postnummer

Utgifter

Inntekter

1

01–29

Statens eigne driftsutgifter

Sal av varer og tenester

2

30–49

Nybygg, anlegg mv.

Inntekter i samband med nybygg, anlegg mv.

3

50–89

Overføringar til andre

Overføringar frå andre

4

90–99

Utlån, statsgjeld mv.

Tilbakebetalingar mv.

Denne inndelinga gjev ei oversikt over kvar budsjettpostar med utsleppseffekt med større endringar høyrer heime på statsbudsjettet. For mange av postane som gjeld overføringar vil det vere avgrensa informasjon om kva dei konkrete midlane går til. Her er ikkje nødvendigvis formålet til løyvinga avgrensa til kva aktivitet som skal finansierast. Dette kan til dømes gjelde tilskotspostar eller sekkepostar der forvaltninga har stor fridom til å fastsetje aktivitet. Vidare er fleire postar knytte til driftsutgifter eller sal av varer og tenester. Driftsutgifter blir i utgangspunktet rekna som å vere nøytrale, men likevel blir fleire driftsutgifter haldne for å vere knytte til postar som påverkar utslepp. Det gjeld til dømes utgifter til drift og vedlikehald av veg , kunnskapsinnhenting om klima, miljøvennleg skipsfart og liknande.

I kapittel 5.3 følgjer ein overordna omtale av budsjetta i dei respektive departementa, inkludert ei beskriving av budsjettpostar som blir viste i tabellar. Det er dei respektive departementa som har utarbeidd sin eigen omtale. Storleiken på endringar i løyving gjev ikkje ein indikasjon på kor stor utsleppseffekten er.

Det er framleis forbedringsmuligheter i vurderinga og framstillinga i klimaeffekten av statsbudsjettet.

Boks 5.1 Teknisk berekningsutval for klima (TBU) og arbeidet deira med klimaeffekt av statsbudsjettet: Førebelse tilrådingar frå den fjerde rapporten frå utvalet

Utvalet har gjennom heile perioden sin arbeidd med å vurdere metode for å berekne utsleppseffektar av statsbudsjettet. I fjerde årsrapport gav utvalet nokre førebelse tilrådingar om metode for å berekne klimaeffekten av budsjettet og skisserte arbeid som står att. Rapporten peiker på at kategoriseringsmetoden er nyttig for å gje oversikt og identifisere postar som bør vurderast nærmare, men ikkje som hovudtilnærming for heilskapleg rapportering på klimaeffekten av statsbudsjettet. Utvalet viser også til at rapportering på måloppnåing i 2030 og 2050 er sentralt i klimalova, og at dei to rapporteringane bør sjåast meir i samanheng. Utvalet ser difor behov for å gjere ei heilskapleg vurdering før ein gjev endelege tilrådingar om metode for å berekne klimaeffekten av statsbudsjettet.

I fjerde årsrapport varslar utvalet ein temarapport sommaren 2023 med tilrådingar for å forbetre metoden for å vurdere klimaeffekten av budsjettet, sett i samanheng med metodar for klimaanalyse og verkemiddelanalysar og framskrivingar av klimagassutslepp.

5.3 Vurdering av klimaeffekten av framlagt budsjettet

Det er ei krevjande tid, og hovudmålet med budsjettet for året er å bidra til å få kontroll på den kraftige prisveksten, skape tryggleik rundt økonomien og arbeidsplassane til folk og å jamne ut dei sosiale og geografiske forskjellane. På samme tid skal vi holde fast på å nå klimamåla. I regjeringas forslag til statsbudsjett i år har regjeringa mellom anna prioritert å følgja opp dei internasjonale klimaforpliktingane våre og starta arbeidet med å omstille Noreg ved å satse på norsk industri og grøne næringar. Det er foreslått målretta tiltak for å tette utsleppsgapet til utsleppsbudsjettet i ikkje-kvotepliktig sektor. Budsjettforslaga skal bidra til at Noreg oppfyller det gjeldande utsleppsbudsjettet sitt for ikkje-kvotepliktig sektor i 2023 og i kommande år.

Dei viktigaste grepa regjeringa foreslår å gjere i samband med statsbudsjettet for å redusere utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor, er:

  • trappe opp det generelle nivået på avgift på ikkje-kvotepliktige utslepp med 21 pst. i tråd med ei vidare lineær opptrapping til 2000 2020-kroner i 2030
  • auke omsetningskrav til biodrivstoff i vegtrafikk (sjå kapittel 3.2.1.2)
  • innføre omsetningskrav for ikkje-veggående maskinar (sjå kapittel 3.2.1.2)
  • differensiere avgift på forbrenning av avfall og innføre avgift på SF6
  • etablering av BIONOVA, med mål om reduserte klimagassutslepp og auka opptak og lagring av karbon i jord på gardsnivå . Bionova skal òg bidra til auka verdiskaping gjennom overgangen til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare ressursar frå hav og land.
  • auke løyvinga til Enova med 500 mill. kroner

I 2023 er utsleppsbudsjettet under avtalen Noreg har med EU i dag, 23,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Med ei vidareføring av dagens politikk er utsleppa i 2023 venta å vere 23,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Anslaga er uvisse. Dei effektberekna klimaverkemidla i forslaget frå regjeringa til statsbudsjett for 2023 er berekna til å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med opp mot 0,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2023. Regjeringa arbeid med ytterlegare verkemiddel og politikk som kan bidra til å redusere utsleppsgapet i 2023 med 0,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar utover det. Størstedelen av reduksjonspotensialet frå verkemiddel og politikk som regjeringa arbeid med kjem frå tilleggsverkemidler for å utløysa reduksjonspotensialet i intensjonsavtala med jordbruket (sjå kapittel 3.2.2), og å innføra omsetningskrav for biodrivstoff for innanriks sjøfart og fiska frå 1.7.2023 (sjå kapittel 3.2.1). Det er stor uvisse rundt framtidig utsleppsutvikling og effekten av klimapolitikken. Konjunktursituasjonen er viktig for utsleppa på kort sikt og framskrivingar er meir eigna for å vurdera utsleppsutvikling over lengre tid slik at konjunktursvingingar blir jamna ut. Slik pandemien og krigen i Ukraina har vist, kan og hendingar utanfor Noreg påverka økonomisk aktivitet og utslepp. Det er derfor vanskeleg å føreseia og planleggja kor store dei ikkje-kvotepliktige utsleppa i 2023 vil bli.

Regjeringa har òg eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor. Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Regjeringa prioriterer i forslag til statsbudsjett for året å satse på grøn industri og grøne næringar, teknologi og norske arbeidsplassar. Det blir difor foreslått

  • Støtte til Langskip og fritak for karbonfangst og lagring i CO2-avgiften på mineralske produkter og CO2-avgiften i petroleumsvirksomheten på kontinentalsokkelen
  • Å omprioritere deler av midla i det næringsretta verkemiddelapparatet til ein grøn nærings- og eksportomstillingspakke
  • auka støtte til havvind, fornybarkraft og ny kraftmarknadsmodell

Fritak for CO2-avgift for karbonfangst og -lagring og støtte til Langskip kan bidra til auka lønnsemd for karbonfangst og -lagring. Regjeringa ynskjer å leggje til rette for ei dreiing i forskings- og innovasjonsaktivitetane i næringslivet mot meir klima- og miljøvennlege løsningar i heile landet. Styrkinga av Enova er ein del av dette arbeidet. I 2023 vil regjeringa òg mellom anna innføre eit hovudprinsipp om at prosjekt som får støtte gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet skal ha ein plass på vegen mot omstillingsmålet for 2030 og at Norge skal være eit lågutsleppssamfunn i 2050. I tillegg foreslår regjeringa å omprioritere delar av midla i det næringsretta verkemiddelapparatet til ein grøn nærings- og eksportomstillingspakke, mellom anna for å leggje til rette for ein ny utlysingsrunde under Grønn plattform i perioden 2023–2025, utvide låneramma for Grøne vekstlån til inntil 900 mill. kroner og styrkje eigedomsverksemda til Siva med 100 mill. kroner til utvikling av grøne industri- og eigedomsprosjekt. Omprioriteringane gir uttrykk for ein spissing av verkemiddelapparatet inn mot grøn omstilling. Se nærare omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Nærings- og fiskeridepartementet. Forslaget til statsbudsjett for året skal òg vere med på å bidra til å løyse energiutfordringane i framtida, med tiltak for energisparing, teknologiutvikling og satsing på havvind.

Klimasatsordninga ble forlenga i fjor, men på grunn av mindre budsjettmessig handlingsrom har regjeringa ikkje funne rom for å føre vidare ordninga i 2023-budsjettet. Det vil framleis i 2023 bli utbetalt til prosjekt som allereie har fått tilsegn.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget i 2023 foreslår regjeringa å redusere løyvinga til frivillig skogvern. Regjeringa vil fortsette den gode dialogen med næringa om tiltak for frivillig skogvern.

Dei foreslåtte endringane i Samferdselsdepartementets budsjett er vurderte å i hovudsak gå i retning av betre klima- og miljøprofil mellom anna fordi omdisponeringane som er foreslått, i større grad prioriterer vedlikehald over nyinvesteringer. I jordbruksoppgjeret 2022 vart avtalepartane samde om å auke avsetninga til ordningar med klima- og/eller miljøformål med 1 660,8 mill. kroner for 2023.

Regjering foreslår å auke løyvinga til klimatilpassing med 150 mill. kroner over bistandsbudsjettet. I tillegg blir delar av auken til trygg matvaretilgang på 200 mill. kroner også rekna som klimatilpassing. Regjeringa foreslår å føre vidare høge løyvingar til både fornybar energi og klimainvesteringsfondet i 2023. Det er vedteke å setje av 10 mrd. kroner over fem år for å oppkapitalisere fondet. Finansieringa kjem frå Stortingets årlege løyving over statsbudsjettet og overføringa av totalt 5 mrd. kroner frå Norfunds overskotskapital over fem år.

5.4 Rapporteringa frå departementa

5.4.1 Innleiing

Dette kapittelet gjer greie for klimaeffekten av dei ulike endringane på budsjetta til alle departementa. Vidare i dette kapittelet følgjer innleiingsvis ein overordna omtale av budsjetta i dei respektive departementa. Denne omtalen av budsjettet til kvart departement som heilskap er i tråd med tidlegare klimalovrapporteringar. I tillegg er det inkludert ei beskriving av einskilde budsjettendringar som har vesentleg effekt på klimagassutsleppa.

Den overordna omtalen av budsjettet til kvart departement som heilskap inneheld følgjande moment:

  • ein overordna omtale av budsjettet, inkludert ein omtale av budsjettet til kvart departement som heilskap
  • ein tabell som viser budsjettpostar med klimaeffekt der det er ei endring i budsjettposten frå føregåande år anna enn ordinær prisjustering, og der dette er vurdert å påverke utslepp eller opptak av klimagassar
  • overordna omtale av dei ulike postane i tabellen, kva postane går til, og kvifor endring i utgift eller inntekt gjev utsleppseffekten i tabellen. I dei tilfella der departementa har overslag på utsleppseffekten, er dette også teke med.

5.4.2 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Totalbudsjettet for Arbeids- og inkluderingsdepartementet i 2023 er på 580,9 mrd. kroner. Grovt sett går om lag 90 pst. av det samla budsjettet til ytingar frå Folketrygda, der dei største utgiftene er til alderspensjon, uføretrygd, sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og dagpengar. Om lag 2 pst. går til andre rammestyrte ordningar som arbeidsmarknadstiltak, tilskot til sosiale tenester mv., og om lag 3 pst. går til integreringsfeltet. Rundt 3 pst. går til direktorat og andre underliggjande forvaltningsorgan, under dette Arbeids- og velferdsetaten. Arbeids- og inkluderingsdepartementets eige budsjett utgjer om lag 0,05 pst. Resterande går til diverse andre mindre tilskotsordningar. Budsjettpostane omfattar komplekse samanhengar som det vil vere krevjande å anslå klimaeffektar av.

5.4.3 Barne- og familiedepartementet

Totalbudsjettet på området til Barne- og familiedepartementet i 2023 er på om lag 62 mrd. kroner på utgiftssida. 42,1 pst. av dette er stønadsordningar ved fødsel og adopsjon, 37,6 pst. går til familie og oppvekst, der størsteparten er barnetrygd og kontantstøtte, 13,5 pst. går til barnevernet, 6,0 pst. er tilskot til Den norske kyrkja og trus- og livssynssamfunn, og 0,5 pst. går til forvaltning av forbrukarpolitikken. Drift av Barne- og familiedepartementet utgjer 0,3 pst. Det er krevjande å berekne klimaeffekten av desse løyvingane.

På budsjettet til Barne- og familiedepartementet er tilskota til arbeidet med miljømerking, arbeidet med å redusere matsvinn i tillegg til tilskotet til Høgskulen i Innlandet og Ungt Entreprenørskap til forbrukarundervisning relevante for arbeidet med å redusere utslepp. Andre budsjettpostar er vurderte som nøytrale.

5.4.4 Finansdepartementet

Over Finansdepartementets budsjett (utanom løyvingar til konstitusjonelle institusjonar) er det for 2023 foreslått å løyva 145,2 mrd. kroner. Betening av statsgjeld, renter og avdrag med meir utgjer 90,0 mrd. kroner. Kompensasjon for meirverdiavgift og nettoordning for statleg betalt meirverdiavgift utgjer 42,0 mrd. kroner. 13,2 mrd. kroner går til drift av departementet, Finanstilsynet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, Tolletaten, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå. Løyvingane blir ikkje antekne å ha nokon vesentlege verknader på utslepp av klimagassar.

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innrettinga av særavgifter i miljøpolitikken. Miljøavgifter gjer at marknadsprisane i større grad inkluderer kostnadene for samfunnet ved miljøskadelege aktivitetar. Det medverkar til å redusera dei miljøskadelege utsleppa. Fleire avgifter har som formål å redusera utslepp av klimagassar. Dette gjeld CO2-avgifta på mineralske produkt, avgift på utslepp av CO2 i petroleumsvirksomheten på kontinentalsokkelen og avgifta på hydrofluorkarboner (HFK) og perfluorkarboner (PFK), SF6 og avfallsforbrenning. Eingongsavgifta på motorvogner inneheld òg ein CO2-komponent. Den skal påverka forbrukarar til å ta meir klimavennlege val ved bilkjøp.

I tillegg er det avgifter som ikkje har som formål å redusera utslepp av klimagassar, men som likevel kan påverka utsleppa. Dette gjeld først og fremst vegbruksavgifta og grunnavgifta på mineralolje. Det finst òg særskilde fritak frå generelle avgifter som bidreg til reduserte utslepp av klimagassar, til dømes mva.-fritaket for elbilar.

I budsjettet for 2023 foreslår regjeringa fleire endringar som forsterkar klima- og miljøeffekten av avgiftssystemet. Regjeringa foreslår å auka den generelle satsen for ikkje-kvotepliktige utslepp med 21 pst., å innføra ei ny avgift på SF6 og å auka den reduserte satsen for avfallsforbrenning. Dette gir ei meir lik prising av CO2-utslepp og ein meir kostnadseffektiv klimapolitikk. Som ein del av ein pakke for å hjelpa hushald og bedrifter i møte med dei høge drivstoffprisane foreslår regjeringa samtidig å redusera vegbruksavgifta og grunnavgifta på mineralolje. Dette er avgifter som ikkje er klimapolitisk grunngitt, men som likevel kan påverka utsleppa. Særavgiftene er nærare omtalte i Prop. 1 LS (2021–2022) Skattar, avgifter og toll 2022.

Finansdepartementet har utvikla ein ny modell for å anslå utsleppsverknader av endringar i avgifter (KAJA). Modellen tek utgangspunkt i priselastisitetar frå forskingslitteraturen, som er nokon år gamle. Modellen nyttar langsiktige priselastisitetar. Dei anslåtte utsleppsverknadene vil derfor vera den anslåtte verknaden av 2023-forslaget etter at aktørane i økonomien har fått tid til å tilpassa seg endringane. Utsleppseffekten vil med andre ord komma gradvis, og full effekt kan ikkje påreknast før etter tidlegast 6–7 år. Anslaga gir dermed eit bilete av kor store utsleppsverknader 2023-forslaga kan ha i 2030, men vil ikkje gi presise anslag for utsleppsendringar som vil skje i 2023. Utsleppsutviklinga framover vil òg påverkast av ei rekkje andre faktorar, slik som prisutviklinga på drivstoff (utover avgifter), aktiviteten i økonomien og ev. teknologiske endringar. Utsleppsverknaden kan derfor ikkje forståast som eit anslag på kor mykje utsleppa vil endra seg frå eit år til eit anna, men må forståast som eit anslag på kor mykje utsleppa kan endrast samanlikna med ein situasjon der ein ikkje gjennomførte avgiftsendringa. Anslag på utsleppseffekt av avgiftsendringar er svært usikre. Det er mellom anna stor uvisse rundt nivået på priselastisiteten, og om denne kan endra seg over tid. Det blir understreka at det er stor uvisse i utrekningane.

Dei høge drivstoffprisane i den siste tida har ikkje vore følgt av ein merkbar reduksjon i forbruket av drivstoff eller utsleppa. Det kan indikera låg åtferdsrespons på kort sikt. Samtidig kan høgkonjunktur og oppsparte midlar ha verka i motsett retning av prisauken, slik at ein ikkje kan seia noko eintydig om prisresponsen ut frå utviklinga i den siste tid.

Tabell 5.2 Endring i løyving på Finansdepartementets budsjett som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2022 til budsjettforslaget for 2023)

Kap.

Post

Namn på post

Endring i proveny (bokført) i mill. kroner

Utsleppseffekt

5538

70/71

Vegbruksavgift på bensin og autodiesel

-1 730

Auka utslepp

5542

70

Grunnavgift på mineralolje og biodiesel

-1 350

Auka utslepp

5543

70

CO2-avgift på mineralske produkt

2 200

Reduserte utslepp

5546

70

Avgift på forbrenning av avfall

180

Reduserte utslepp

5548

70

Avgift på HFK/PFK

70

Reduserte utslepp

5548

71

Avgift på SF6

45

Reduserte utslepp

Inntekter frå petroleumsskatten inngår i kontantstraumen til statens pensjonsfond utland og påverkar ikkje handlingsrommet i budsjettet for året.

Kap. 5538 post 70/71 (-1 730 mill. kroner). Redusere vegbruksavgifta

Regjeringa foreslår å redusera vegbruksavgifta på bensin og diesel. Reduksjonen er grunngitt i dei høge drivstoffprisane og vil bidra til reduserte levekostnadar for vanlege folk, som er ei viktig prioritering for regjeringa i statsbudsjettet for 2023. Vegtrafikken påfører samfunnet kostnader i form av ulykker, kø, støy, vegslitasje og helse- og miljøskadelege utslepp. Ved å prisa desse eksterne kostnadene skal vegbruksavgifta gi brukarane av køyretøy eit økonomisk insentiv til å ta omsyn til dei ulempene køyringa påfører andre. Vegbruksavgifta gir i tillegg inntekter til statskassa. Vegbruksavgifta er ikkje klimapolitisk grunngitt. Det er berekna at den føreslegne reduksjonen i vegbruksavgifta isolert sett kan gi ein auke i utslepp på om lag 135.000 tonn CO2-ekvivalentar. Det er stor uvisse i utrekninga.

Kap. 5542 post 70 (-1 350 mill. kroner). Redusere grunnavgifta på mineralolje og utvide grunnavgifta til biodiesel

Regjeringa foreslår å redusera grunnavgifta på mineralolje med 80 pst., og å utvide avgifta til å omfatta biodiesel. Utvidinga av avgiftsgrunnlaget til òg å omfatta biodrivstoff er nødvendig for å unngå at ein hamnar i ein situasjon med dobbel verkemiddelbruk når ein innfører omsetningskrav for biodrivstoff til ikkje-veggående maskiner. Den reduserte satsen er grunngitt i dei høge drivstoffprisane og vil bidra til reduserte drivstoffkostnader i ein bransje som er særleg ramma av dei høge marknadsprisane på petroleumsprodukt. Grunnavgifta er ikkje klimapolitisk grunngitt, men redusert avgift vil isolert sett kunne gi ein auke i utslepp på 30 000 tonn CO2-ekvivalentar. Det er stor uvisse i utrekninga.

Kap. 5543 og 5548 post 70 (2 270 mill. kroner). Auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp med 21 pst.

Regjeringa foreslår å auka avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar med 21 pst. i 2023. Dette er i tråd med ei lineær opptrapping av avgifta til 2 000 2020-kroner i 2030. Auka avgifter på utslepp av klimagassar gir insentiv til å redusera bruken av fossile energivarer og aktivitetar som gir utslepp av klimagassar. Det gir òg insentiv til å investera i låg- og nullutsleppsteknologi. Det er berekna at den føreslegne auka i CO2-avgifta på mineralske produkter isolert sett kan gi ein reduksjon i utslepp på om lag 150 000 tonn CO2-ekvivalentar. Det er stor uvisse i utrekninga.

Kap. 5546 post 70 (180 mill. kroner). Auke avgiftene på avfallsforbrenning

Regjeringa foreslår å auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp frå avfallsforbrenning til 50 pst. av den generelle satsen, og å innføre ein redusert sats for kvotepliktige utslepp. Auka avgifter på utslepp av klimagassar gir insentiv til å redusera bruken av fossile energivarer og aktivitetar som gir utslepp av klimagassar. Det gir òg insentiv til å investera i låg- og nullutsleppsteknologi. Det er berekna at den føreslegne auka i avgiftene på avfallsforbrenning isolert sett kan gi ein reduksjon i utslepp på om lag 25 000 tonn CO2-ekvivalentar. Det er stor uvisse i utrekninga.

Kap. 5548 post 71 (45 mill. kroner). Innføre avgift på SF6

Regjeringa foreslår å innføre ei avgift på SF6 i 2023. SF6 er ein kraftig klimagass som mellom anna blir nytta til isolering av elektriske anlegg og komponentar. Avgift på utslepp av SF6 gir insentiv til å redusera bruken av produktet, finne meir klimavennlege alternativ og auke innsatsen for å unngå og motverka lekkasjar frå anlegg og komponentar.

5.4.5 Forsvarsdepartementet

Regjeringa sitt forslag til forsvarsbudsjettet for 2023 er på om lag 75,9 mrd. kroner. Denne summen er fordelt på 24 budsjettpostar. Grovt sett går om lag 7 pst. til Forsvarsdepartementet sitt eige budsjett, 56 pst. til Forsvaret, 30 pst. til Forsvarsmateriell, om lag 6 pst. til Forsvarsbygg og om lag 0,4 pst. til Forsvarets forskingsinstitutt og ulike tilskotsordningar.

Forsvarsbudsjetta har blitt styrkte over fleire år. Gjennom behandlinga av langtidsplanen for forsvarssektoren for perioden 2021–2024, jf. Stortinget si behandling av Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021), vart det lagt til grunn ein ytterlegare auke i budsjetta. Forsvaret har difor over ein periode auka bemanninga, auka materiellmengda i forsvarsstrukturen og auka trenings- og øvingsaktivitetane sine. Dette er for å betre den nasjonale forsvarsevna i tråd med langtidsplanane i sektoren. Denne utviklinga vil halde fram dei neste åra.

Dei direkte klimagassutsleppa frå forsvarssektoren kjem i stor grad frå bruk av drivstoff. Særleg gjeld dette fartøy, fly og køyretøy. Forsvarssektoren skal til kvar tid syte for å halde ved lag den operative evna, og denne avheng av det materiellet ein har investert i. Dette krev eit aktivitetsnivå som fører til bruk av drivstoff til fly, fartøy og køyretøy og dermed direkte klimagassutslepp frå desse. Ei styrking av forsvarsbudsjettet som inneber auka aktivitetsnivå, vil som regel auke dei absolutte utsleppa noko. Tilsvarande vil reduksjonar i budsjettrammene kunna redusere dei absolutte utsleppa noko dersom aktivitetsnivået blir mindre som følgje av reduksjonen. Utsleppseffekten heng difor saman med mellom anna faktisk aktivitetsnivå. Denne uvissa knytt til overslaget på forbruket av drivstoff gjer at det ikkje er mogleg å kvantifisere utsleppseffekten. Utsleppa er venta å auke svakt dei kommande åra som følgje av ei styrking av Forsvarets kapasitet. Styrkinga gjev meir materiell i bruk (særleg fly og fartøy) og målsetjingar om auka aktivitetsnivå. Sjølv om auka aktivitetsnivå kan få konsekvensar for klima og miljø, er det ein ambisjon å skape best mogleg øvingsutbytte samstundes som ein unngår store, negative konsekvensar for miljøet. Forsvaret bruker også ulike simulatorar for fly, fartøy og køyretøy til øving og trening. Dette reduserer forbruk av drivstoff og dermed klimagassutslepp samanlikna med berre skarp trening. Forsvaret ser på høva for å auke bruken av simulatorar.

Forsvarssektoren har sidan 1998 hatt ein eigen miljødatabase som verktøy for å registrere, overvake og rapportere korleis etatane påverkar miljøet. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) gjev kvart år ut ein rapport med ein årleg miljø- og klimarekneskap for forsvarssektoren. Rekneskapen for 2021 er gjeven ut i FFI-rapport 22/0077419. Rapportane gjev oversikt over resultat og utvikling for sentrale miljøaspekt over tid. Dette er til dømes næringsavfall, energibruk, drivstoffbruk, ammunisjonsbruk og kjemikaliar. I tillegg blir glimagassutsleppa frå forsvarsektoren samanfatta i ein klimarekneskap. Klimarekneskapen følgjer metodikken og retningslinjene i Greenhouse Gas Protocol (GHG-protokollen) og fordeler utsleppa i overordna kategoriar (såkalla scope). Sjølv om dette ikkje er direkte knytt til klimaeffekten av budsjetta isolert sett, er det likevel relevant her med ein omtale av hovudtrekka i 2021 for energibruk, drivstoffbruk og klimarekneskap.

Energibruk knytt til bygg og anlegg forsvarssektoren har i Noreg i 2021, blir innhenta frå Forsvarsbygg som baserer rapporteringa på statistikk frå leverandørar. Forsvarsbygg (FB) er den største offentlege eigedomsforvaltaren i Noreg. Totalt forvaltar FB 13 012 bygg og anlegg med eit bruttoareal på om lag 4,1 mill. kvadratmeter. Den samla bruken av energi knytt til bygg og anlegg i 2021 er utrekna til 765 GWH. Dette er ein auke på om lag 10 pst. frå 2020. Den samla fornybardelen av bruken av energi i forsvarssektoren er for 2021 kalkulert til 94 pst., ein reduksjon på om lag 1 pst. frå 2020. Elektrisitet utgjer om lag 75 pst. av det samla forbruket i 2021, bioenergi utgjer 18 pst., medan fjernvarme og fyringsolje/gass utgjer omtrent 4 og 3 pst. av totalmengda. Sektoren er i all hovudsak ferdig med å fase ut fossilt brensel for oppvarming av bygningar.

Forbruk av drivstoff knytt til køyretøy, luftfartøy og fartøy i 2021 var 83 895 m3. Dette er ein reduksjon på 10 pst. samanlikna med 2020. Forbruk på fartøy og luftfartøy står for 90 pst. av det samla forbruket av drivstoff i sektoren i 2021. Forbruket kan sjåast i samanheng med klimarekneskapen.

Klimarekneskapen blir kalkulert ut frå innrapportert forbruk av drivstoff og energi ved hjelp av utsleppsfaktorar knytte til dei ulike materielltypane og energivarene. I 2021 vart det kalkulert eit utslepp av 234 663 tonn CO2-ekvivalentar (scope 1 og scope 2), og 329 735 tonn CO2-ekvivalentar når dei indirekte utsleppa (scope 3) vart inkluderte. Dei direkte utsleppa i 2021 er redusert 8,5 pst. samanlikna med 2020. Reduksjonen heng saman med lågare forbruk av drivstoff på fartøy og luftfartøy.

Omfanget av flyreiser i forsvarssektoren auka i 2021 frå 2020, som var særleg påverka av covid-19-pandemien. Dei kalkulerte utsleppa i 2021 er også høgare enn i 2019, men dette skriv seg i stor grad frå lågare fyllingsgrad hos flyselskapa. Dette gjev høgare kalkulerte utslepp per personkilometer.

Det er nær samanheng mellom dei krava og føresetnadene til aktivitetsmønsteret som blir stilte til sektoren, og den samla miljøpåverknaden. Det blir difor relevant å vurdere miljøpåverknaden i lys av oppgåvene som forsvarssektoren skal løyse innanfor dynamiske forsvarspolitiske rammer, og den ønskjelege operative evna. Klimarekneskapen gjev såleis eit godt bilete på klimaeffektane frå verksemda til forsvarssektoren.

Tabell 5.3 Endring i løyving på Forsvarsdepartementets budsjett som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2022 til budsjettforslaget for 2023)

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Utsleppseffekt

1710

01

Driftsutgifter

234

Usikker

1710

47

Nybygg og nyanlegg

395

Svak auke

1720

01

Driftsutgifter

2601

Auke

1760

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

569

Usikker

Ein av dei største utsleppspostane er knytt til direkte utslepp frå materiell som verksemda eig eller kontrollerer sjølv. For forsvarssektoren er dette mellom anna fartøy, luftfartøy og køyretøy i Forsvaret. I tillegg kjem indirekte utslepp knytte til forbruk av elektrisitet og fjernvarme frå eksterne leverandørar i bygningane sektoren disponerer. Budsjettpostar som isolert sett kan gje auka utslepp, er dermed (Forsvarsbygg, Nybygg og nyanlegg) og kap. 1720, post 01 (Forsvaret, Driftsutgifter). Av budsjettpostar som kan ha ein indirekte utsleppseffekt, er kap. 1760, post 45 (Forsvarsmateriell, Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald) den største. Kap. 1710, post 01 (Forsvarsbygg, Driftsutgifter), er i hovudsak ein budsjettpost med usikker utsleppseffekt.

Kap. 1710 post 01 Forsvarsbygg, Driftsutgifter (234 mill. kroner)

Posten omfattar utgifter knytte til forvaltning, drift, vedlikehald, utskifting og utvikling av eigedom, bygg og anlegg i forsvarssektoren. Drift medfører eit visst forbruk av energi, som direkte og indirekte medfører noko utslepp av klimagassar. Vidare omfattar posten mellom anna utgifter til miljøtiltak, som i seg sjølv betrar tilstanden for klima og miljø. Forsvarsbygg gjennomfører til dømes energitiltak som reduserer forbruket av energi i sektoren. Posten er dermed ein større driftspost med ei blanding av utgiftspostar som har ein viss klimaeffekt, og utgiftspostar som er klimanøytrale eller i nokre tilfelle også reduserer utslepp. Utsleppseffekten av endringa på posten blir dermed vurdert som usikker.

Kap. 1710 post 47 Forsvarsbygg. Nybygg og nyanlegg (395 mill. kroner)

Posten omfattar investeringar i eigedom, bygg og anlegg som følgjer av langtidsplanen for forsvarssektoren. Investeringar i bygningsmasse og infrastruktur medfører eit visst forbruk av energi til bygging, drift og oppvarming. Dette fører direkte og indirekte til noko utslepp av klimagassar. Satsinga på slike enkeltprosjekt vil likevel ikkje gje omfattande auke i utslepp av klimagassar. Det har over fleire år vore arbeidd med energiøkonomiserande tiltak i bygningane til forsvarssektoren. Sektoren nyttar erfaringane frå dette arbeidet i nye prosjekt. Satsinga vil kunne gje ein svak, men samstundes usikker auke i klimagassutslepp.

Kap. 1720 post 01 Forsvaret, Driftsutgifter (2 601 mill. kroner)

Posten dekkjer tildeling til drift av Forsvaret. Forsvaret har over ein periode auka bemanninga, auka materiellmengda i forsvarsstrukturen og auka trenings- og øvingsaktivitetane sine for å betre den nasjonale forsvarsevna. Dei direkte klimagassutsleppa frå forsvarssektoren er i stor grad relaterte til forbruk av drivstoff frå fartøy, luftfartøy og køyretøy i Forsvaret. Ei slik styrking av driftsbudsjettet til Forsvaret gjev auka aktivitet og meir bruk av slikt materiell. Det aukar forbruket av drivstoff og dermed også utsleppa av klimagassar. Det blir difor forventa ein svak auke i klimautsleppa til forsvarssektoren framover. Dette kjem mellom anna av at sektoren fasar inn F-35 kampfly. Talet på kampfly er planlagt auka med seks fly årleg, inntil målet på 52 F-35 er nådd i 2024.

Kap. 1760 post 45 Forsvarsmateriell, Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald (569 mill. kroner)

Posten omfattar utgifter til materiellinvesteringar til forsvarssektoren, inkludert nye kampfly med baseløysing og fleirnasjonale investeringsprogram i NATO. Posten blir vurdert å ha ein indirekte og usikker effekt på utsleppa. Dette er fordi det er aktivitetsnivået og det faktiske forbruket av drivstoff som vil kunne påverke dei direkte utsleppa mest. Indirekte vil investeringane kunne ha ein viss effekt på framtidige klimagassutslepp. Men overslaga på forbruket av drivstoff på materiellsystem som ikkje er ferdig innfasa, er usikre.

5.4.6 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementets samla budsjettforslag er om lag 261 mrd. kroner. Dette er fordelt med 220,5 mrd. kroner på programområde 10, Helse og omsorg, og 40,5 mrd. kroner på programområde 30, Helsetenester, folketrygda. Samla blir det foreslått om lag 18,9 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett 2022. Dette svarer til ein auke på 7,8 pst.

Klimautfordringar i verda påverkar både helse og miljø. Luftvegslidingar, tilgang til reint drikkevatn, sunn og trygg mat, endringar i risikofaktorar og eksponering for varme og fukt, spreiing av pollen og smittsame sjukdommar er døme på forhold som vil påverke helsa til folk. Endringar i klima, miljø og natur påverkar folkehelsa både direkte og indirekte, både fysisk og psykisk. Kosthaldet og livsstilen til befolkninga påverkar også klimaet.

Klimatilpassing og behovet for å redusere utsleppa gjeld for alle sektorar på tvers av landegrenser, og forsking og utvikling av måtar å møte klimaendringane på vil vere avgjerande. Det er eit omfattande forskingssamarbeid nordisk, regionalt og globalt. Regjeringa har sett ambisiøse mål for reduksjonen av klimagassutslepp, jf. Meld. St. 13 (2022–2021) Klimaplan 2021–2030 og Noregs deltaking i COP26 helseprogram.

Klimarekneskap for spesialisthelsetenesta i 2021

Det blir årleg utarbeidd ein felles årsrapport for samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta, «Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar». Rapporten handlar om klima og miljø, menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Rapporten er utarbeidd av interregionalt samarbeidsutval for klima og miljø i spesialisthelsetenesta og omfattar helseføretaka i dei fire regionane i tillegg til dei felleseigde selskapa (Sjukehusbygg HF, Sjukehusinnkjøp HF, Luftambulansetenesta HF, Nasjonal IKT HF, Helsetenestas driftsorganisasjon for nødnett HF og Pasientreiser HF).

Klimarekneskapen for spesialisthelsetenesta for 2021 viser ein reduksjon i utslepp på 25 pst. frå året før. Dette svarer til 88 915,5 tonn CO2-utslepp frå 2020 til 2021. Hovudårsaka til reduksjonen i utslepp er at Helse Nord, Helse Midt-Noreg og Helse Vest har kjøpt attvinningskraft. Attvinningskraft betyr i praksis at energien frå røyk frå norske industrianlegg blir skild ut og attvunnen, i staden for å gå rett ut i lufta. Dette er ny teknologi som bidreg til det grøne skiftet i industrien og er eit godt klima- og miljøtiltak.

Kosthald

Verkemiddel for at befolkninga skal følgje kosthaldsråda

Produksjonen av ulike jordbruksvarer har ulikt klimaavtrykk, og det er stort samsvar mellom eit kosthald som blir tilrådd for å fremje helse, og eit kosthald som er meir berekraftig. Sjå kapittel 3.2.2 i Regjeringas klimastatus og -plan for meir informasjon om korleis forbruksendringar som kosthaldsendringar kan påverke utsleppa frå jordbruket. Samarbeidsavtalen mellom helsestyresmaktene og matvarebransjen (intensjonsavtalen om tilrettelegging for eit sunnare kosthald) er forlengd, og ny avtaleperiode starta 1. januar 2022. Nytt i denne avtaleperioden er at det er sett konkrete mål for auka sal av Nøkkelhòlsmerkte produkt, og at det er oppretta eit eige innsatsområde om påverking av forbrukaråtferd. Avtalen varar til 31. desember 2025.

Helsedirektoratet har hovudansvaret for å kommunisere til befolkninga om kosthald. Dei har utvikla eit nytt og overbyggjande kommunikasjonskonsept for levevanane, kalla LEV.

Berekraft er blitt inkludert som eit viktig element i det nasjonale kosthaldsprogrammet Fiskesprell. I Matjungelen, som er eit aktivitetsprogram for barnehage og SFO, står også mat som er bra for både kroppen og kloden, sentralt.

Halde ved like og vidareutvikle oppfølgingspunkt i Nasjonal Handlingsplan for betre kosthald

I 2023 kjem det oppdaterte nordiske ernæringstilrådingar. I tillegg til ei oppdatering av råda frå ein helsefagleg ståstad skal klima- og miljøomsyn takast omsyn til der det ligg føre vitskapleg grunnlag for det. Regjeringa ønskjer å gradvis innføre eit dagleg sunt, enkelt skulemåltid som det blir jobba med å greie ut moglegheitene for.

Statistisk sentralbyrå skal lansere første del av ny kosthaldsstatistikk på kosthaldsområdet i 2022. Den nye statistikken vil gjere det enklare å følgje utviklinga i kosthaldet og vil ha høg presisjon. Målet er at statistikken skal kunne komme ut på årleg basis, som del av offisiell statistikk.

Kommunar og fylke er sentrale i arbeidet for å påverke og leggje til rette for gode matval og sunt kosthald. Miljødirektoratet og Helsedirektoratet leverte tilrådinga si om moglege modellar og kostnadsberekningar for styrkt tverrsektorielt samarbeid for tilrettelegging av eit sunt, berekraftig og klimavennleg kosthald i fylke og kommunar 24. juni 2022.

Tabell 5.4 Endring i løyving på Helse- og omsorgsdepartementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2022 til budsjettforslaget for 2023)

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Utsleppseffekt

732

81

Protonsenter

44,6

Auka utslepp

732

82

Investeringslån

2 710

Auka utslepp

Kap. 732, post 81 (44,6 mill. kroner) Protonsenter

Midlane på posten er tilskot til dei regionale helseføretaka til bygging av protonsenter i Oslo og Bergen, det vil seie mellom anna bygg og anlegg som har utslepp i investeringsfasen.

Kap. 732, post 82 (2 710 mill. kroner) Investeringslån

Midlane på posten er lån til dei regionale helseføretaka til nybygg og opprusting av sjukehusprosjekt, det vil seie mellom anna bygg og anlegg som har utslepp i investeringsfasen. Samstundes kan nybygg og modernisering av bygg gje betre driftsløysingar, til dømes meir energieffektive bygg.

5.4.7 Justis- og beredskapsdepartementet

Totalbudsjettet for Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 utgjer 48,2 mrd. kroner fordelte på 19 verksemder. Justissektoren er driftstung med mange verksemder og tilsette og har betydelege utgifter til leige av lokale. Hovuddelen av budsjettet er dermed knytt til lønn og husleige. Justis- og beredskapssektoren er ikkje ein særleg utsleppsintensiv sektor. Kva klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, har vi ikkje oversikt over.

5.4.8 Klima- og miljødepartementet

Totalbudsjettet for Klima- og miljødepartementet (KLD) i 2023 er på 19,98 mrd. kroner fordelte på om lag 80 budsjettpostar. Rundt 3,2 pst. av dette går til Klima- og miljødepartementets eigne budsjett. Rundt 50 pst. går til Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Polarinstituttet og dei andre etatane under departementet. Dessutan går 22,7 pst. til klima- og energifondet (Enova) og i underkant av 16 pst. til internasjonalt klimaarbeid. Resten, om lag 8 pst., går til andre formål, som forsking og overvaking.

Utgiftene under Klima- og miljødepartementet gjev ikkje eit fullstendig uttrykk for arbeidet til regjeringa med å redusere klimagassutsleppa. Viktige klimapolitiske satsingar ligg òg under budsjetta for andre departement. Klima- og miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter, regulering og tilskot/støtteordningar.

Dei postane på budsjettet til departementet som særleg kan gje ei endring i utsleppa, kan delast i tre kategoriar: nasjonale støtteordningar, forsking og kunnskapsformidling og middel som påverkar utslepp internasjonalt. Klima- og miljødepartementets budsjett går òg til ei rekkje andre formål, som drift og informasjonskampanjar, overvaking og kartlegging, tilskot til ulike miljø- og klimatiltak og støtte til frivillige organisasjonar. Under følgjer ei oversikt og ein kort omtale av løyvingane som kjem inn under dei tre kategoriane.

Midlar til forsking og utvikling utgjer om lag 6 pst. av KLDs totalbudsjett i 2023. Brorparten av midlane til forsking blir kanaliserte gjennom Forskingsrådet, der hovudvekta er lagd på forsking på klimaendringar og klimaomstilling. Desse har ikkje nødvendigvis ein direkte klimaeffekt, men kan medverke indirekte til reduksjonar av klimagassutslepp på sikt. Støtte til forsking driv utviklinga av neste generasjons klimaløysingar som kan vere sentrale for Noregs omstilling til eit lågutsleppssamfunn.

Tabell 5.5 Endring i løyving på Klima- og miljødepartementets budsjett som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2022 til budsjettforslaget for 2023)

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Utsleppseffekt

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale klimatiltak

-1,7

Usikker effekt

1400

1420

1420

1420

21

01

21

80

Oslofjorden og Skagerak

20

Auka opptak

1420

74

CO2-kompensasjonsordninga for industrien

- 1 910

Usikker effekt

1420

77

Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

-2,9

Usikker effekt

1420

32

Skogvern

-235

Redusert opptak

1420

01

Klima- og miljøregelverk EUs grøne giv

15

Usikker effekt

1428

50

Enova

500

Reduserte utslepp

1420

61

Klimasats

-250

Auka utslepp

Kap. 1400, post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale klimatiltak (-1,7 mill. kroner)

Tilskotsordninga skal medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller dei internasjonale forpliktingane sine for naturmangfald, klima og forureining og nasjonale mål innanfor alle resultatområda. Posten er delt mellom resultatområda naturmangfald og friluftsliv, kulturminne og kulturmiljø, forureining og klima. Løyvingane bidreg til klimaarbeid lokalt og styrkt og meir forpliktande internasjonalt samarbeid, som kan gje reduserte utslepp. Reduksjonen i posten kjem av avvikling av tilskot til desse stiftelsane: stiftelsen norsk naturarv (0,75 mill. kroner), Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) (0,5 mill. kroner) og NIVA (0,5 mill. kroner). Klimaeffekten av avviklingane er vurdert som usikker.

Kap. 1400, post 21, kap. 1420, post 01, 21 og 80: Oslofjorden og Skagerrak (20 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å løyve 20 mill. kroner for å følgje opp Helhetlig plan for Oslofjorden og arbeidet med å byggje opp att økosystem i området Skagerrak–Oslofjorden. Skagerrak-prosjektet skal mellom anna bidra til auka naturleg karbonbinding og -lagring. Tiltaka kan ha ein positiv klimaeffekt.

Kap. 1420, post 74 CO2-kompensasjonsordning for industrien (1 910 mill. kroner)

CO2-kompensasjonsordninga kompenserer norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Formålet med ordninga er å redusere faren for karbonlekkasje frå Europa og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Det er viktig å unngå auka globale utslepp ved å forhindre at norske verksemder flyttar ut av Europa på grunn av høge straumkostnader. Samstundes er klimaeffekten av CO2-kompensasjonsordninga usikker: Det er uvisst kor høg kvoteprisen må bli for at det skal oppstå ein reell risiko for karbonlekkasje, og i kva grad ordninga bidreg til å motverke karbonlekkasje i Noreg. Thema Consulting Group har greidd ut kva ordninga har å seie. Dei meiner at det er tilstrekkeleg godtgjort at ordninga har motverka karbonlekkasje i perioden 2013–2020, men kunne ikkje kvantifisere verknadene av ordninga.

Analysane Refinitiv har gjort av kvoteprisane, viser at kvoteprisane vil auke betydeleg i perioden 2021–2030, og at ordninga difor vil vere viktigare for støtterettkomne verksemder i kommande periode. Ordninga kan på den andre sida betre konkurranseevna til norsk industri og dermed medverke til auka aktivitet nasjonalt med tilhøyrande auka klimagassutslepp i Noreg. I 2023-budsjettet er det foreslått ei løyving til ordninga på 4,7 mrd. kroner. Auken i løyvinga skriv seg mellom anna frå auka kvoteprisar og at industrien sin eigen kraftproduksjon er teken inn i ordninga. Samstundes foreslår regjeringa å innføre eit kvoteprisgolv i ordninga frå og med 2023-budsjettet, som bidreg til å redusere kostnadene ved ordninga med om lag 2,7 mrd. kroner. Utan kvoteprisgolvet vil kostnadene for ordninga vere om lag 7,4 mrd. kroner i 2023-budsjettet.

Kap. 1420, post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m. (-2,9 mill. kroner)

Midlane er retta mot resultatområda naturmangfald, friluftsliv, forureining og Klima. Meir miljøvennleg forbruk vil kunne redusere avfall og bidra til å redusere klimagassutsleppa. Foreslått reduksjon i løyvinga følgjer av ei avvikling av tilskotet til Omatt – bransjeforeningen for ideelle gjenbruksaktører og og Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

Kap. 1420, post 32 Skogvern (-235 mill. kroner)

Posten dekkjer utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova og markalova, jf. erstatningsreglane i lovene. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova og markalova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern. Klimaeffekt vil avhenge av kva som skjer med skogen utan vern. Dersom vern gjev redusert avverking eller nedbygging, vil det auke naturen sitt opptak av klimagassar.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget i 2023 foreslår regjeringa å redusere løyvinga med om lag 235 mill. kroner til om lag 200 mill. kroner i 2023. Det er vanskeleg å talfeste korleis dette vil påverke utslepp og opptak av karbon på kort og lang sikt. Derimot kan ein estimere kor stort karbonlageret er i aktuelle skogareal. Det meste av skogen som blir verna i arbeidet med auka skogvern, er gammal barskog, som ifølgje rapporten «Skogvern som klimatiltak (NINA rapport 752)» har dei største karbonlagera per arealeining i levande biomasse. Jf. figur 1 i same rapport kan gjennomsnittleg karbonmengd i levande biomasse i skog som blir verna, estimerast til å vere om lag 70 tonn karbon per hektar. Det svarer til 7 000 tonn C per km2 (kvadratkilometer) skog. Budsjettreduksjonen vil venteleg føre til at ein i 2023 kan verne om lag 100 km2 mindre skog enn utan ein reduksjon. Dette arealet vil da svare til eit karbonlager i levande biomasse på 0,7 mill. tonn karbon. Omrekna til CO2 blir dette om lag 2,8 mill. tonn CO2. Reknar ein med lagra karbon i jordsmonn og i død biomasse, blir samla karbonlager i dei aktuelle skogareala monaleg større. Med vern ville det aktuelle arealet vore effektivt beskytta mot tiltak og inngrep som gjev tap av naturmangfald og utslepp av klimagassar, til dømes avskoging, nedbygging og hogst. Utan vern har arealet og karbonlageret ikkje same beskyttelsen.

Kap. 1420, post 01: Korrekt og rettidig gjennomføring av klima- og miljøregelverk under EUs grøne giv (15 mill. kroner)

EUs grøne giv er den mest ambisiøse grøne omstillinga gjennom tidene. Regelverksutviklinga i EU går i eit tempo og har eit ambisjonsnivå som utfordrar forvaltninga vår både i omfang, organisering og måten ho er innretta på. Noreg vil bli ramma gjennom EØS-avtalen og ved ei vidareføring av klimasamarbeidet med EU. Regjeringa foreslår difor å styrkje Miljødirektoratets arbeid med EUs grøne giv med 15 mill. kroner. Pengane skal finansiere nye stillingar til å handtere ein kraftig auka oppgåveportefølje, mellom anna å forvalte eit utvida kvotesystem, eit system for overvaking av utslepp og å vurdere og gje løyve etter regelverk og dessutan tilsyn. Mykje av det nye EU-regelverket vil gje Miljødirektoratet ansvar på heilt nye område, til dømes breie berekraftskrav til produksjon, produkt og forbruk for å fremje ein meir sirkulær økonomi. Regelverket vil òg regulere aktivitetar som akvakultur, gruveindustri og bruke industrireguleringa meir. Manglande eller forseinka oppfølging på norsk side kan gå utover oppnåinga av klima- og miljømål og dermed ha negativ klimaeffekt.

Kap. 1428, post 50 Tilskot til Enova (500 mill. kroner)

Enova forvaltar midlane frå Klima- og energifondet og er eit spesialverktøy for å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar. Formålet til Enova er å bidra til å nå Noregs klimaforpliktingar og bidra til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Støtte frå Enova skal avlaste risiko og kostnader for dei som er først ute med å teste nye løysingar. Nedslagsfeltet til Enova er knytt til seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon. Aktiviteten skal innrettast med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan støtte. Enova bidreg til utsleppsreduksjonar og grøn teknologiutvikling innan område som industri, grøn skipsfart, hydrogen, utsleppsfri landtransport og infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff. Det er monaleg rom for å auke aktiviteten, ikkje minst innan transportsektoren.

Regjeringa foreslår ein auke i løyvinga til Enova på 500 mill. kroner, noko som vil gjere det mogleg for Enova å auke innsatsen mot prosjekt som gjev ikkje-kvotepliktige utsleppsreduksjonar. Støtta kan til dømes bidra til auka elektrifisering av fartøy, tungtransport og anleggsmaskiner og til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig industri. Berekningar baserte på utsleppsresultata frå prosjekt støtta i løpet av dei 1,5 første åra av avtaleperioden tilseier at ei auka løyving på 500 mill. kroner kan bidra til årlege utsleppsresultat på om lag 62 500 tonn CO2-ekvivalentar. Det heftar naturlegvis uvisse ved overslaget, ikkje minst ettersom Enova reknar resultat mot referanseprosjekt. Det vil naturlegvis gå noko tid frå Enova gjev tilsegn om støtte til eit prosjekt, til prosjektet er i drift. Dette betyr at utsleppseffekten kjem noko forseinka. Klimaeffekten av ei løyving til Enova i 2023 kjem truleg først i 2024, og sjølv då må det ventast at effekten ikkje er full. Det er estimert at effekten i 2024 vil vere om lag 75 pst. av det årlege potensialet. Frå 2025 er effekten anteken å vere full, det vil seie årlege utsleppsreduksjonar på 62 500 tonn CO2-ekv. Utover dei direkte utsleppsresultata frå prosjekta vil støtta frå Enova bidra til teknologiutvikling og marknadsendring, noko som vil utløyse ytterlegare utsleppsreduksjonar på lengre sikt.

Kap. 1420, post 61 Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing – Klimasats (-250 mill. kroner)

Posten har til og med 2022 vore omfatta av dei to tilskotsordningane Klimasats (ordning for tilskot til kommunale klimatiltak for å kutte utslepp av klimagassar) og tilskot til klimatilpassingstiltak i kommunane.

Tilskotsordninga Klimasats skal fremje klimatiltak i kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyens lokalstyre ved å støtte prosjekt som medverkar til reduksjon i utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Klimasatsordninga ble forlenga i fjor, men på grunn av mindre budsjettmessig handlingsrom har regjeringa ikkje funne rom for å føre vidare ordninga i 2023-budsjettet. Det vil framleis i 2023 bli utbetalt til prosjekt som allereie har fått tilsegn. Dette kan føre til at det blir gjennomført færre prosjekt som gjev reduksjon i utslepp og omstilling.

5.4.9 Kommunal- og distriktsdepartementet

Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for fornying av offentleg sektor, IT-politikk, elektronisk kommunikasjon, bustad- og bygningspolitikk, regional- og distriktspolitikk, økonomiske og juridiske rammevilkår for kommunesektoren, gjennomføring av val, planlegging og kart- og geodata, samar og nasjonale minoritetar, oppfølging av berekraftsmål, personvern, statleg arbeidsgjevarpolitikk, tryggleik og fellestenester for departementa, overordna ansvar for statlege bygg, statsforvaltarane og dessutan budsjettet for Kongehuset.

Totalt utgjer budsjettforslaget til departementet for 2023 om lag 279 mrd. kroner. Av dette utgjer om lag 73 pst. rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar og knapt 13 pst. lån knytta til bustad i Husbanken og Statens pensjonskasse. Grovt sett går 4,4 pst. til statlege byggjeprosjekt og eigedomsforvaltning, og 4,2 pst. til tilskot til ressurskrevjande tenester, 1,1 pst. til bustønad og knapt 1 pst. til statsforvaltaren. Ein stor del av budsjettet gjeld rammeoverføringar, lån og tilskot der det er vanskeleg for departementet å anslå om det er utsleppseffektar.

Byggkvalitet

God byggkvalitet handlar først og fremst om at bustader og bygg er sikre og miljøvennlege. Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege. Lån frå Husbanken medverkar til fleire bustader og bygg med kvalitetar utover krava i byggteknisk forskrift. Lån til bustadkvalitet skal fremje miljø og tilkomsten i nye bustader. Det kan ytast lån til oppføring av bustader med godt inneklima, miljøvennlege materialar og byggjemetodar. For eksisterande bustader kan det ytast lån til å fremje viktige bustadkvalitetar som energieffektivitet og god tilkomst. Frå 2023 kan Husbanken gje tilskot til energitiltak i kommunale bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden

Eigedomsforvaltning

Miljøtiltak i samband med statlege byggjeprosjekt og forvaltning av eksisterande eigedomsmasse kan omhandle redusert energibruk, redusert lokal forureining ved sanering, redusert bruk av miljøskadelege materialar, men også lokalisering, gjenbruk og godt vedlikehald. Statsbygg gjennomfører ei rekkje klima- og miljøtiltak. Klimakorrigert og driftsnormert kWh per kvm er redusert frå 2017. Dette er oppnådd gjennom betydeleg satsing på ENØK, god energileiing og systematisk oppfølging i eigedomsforvaltninga. Statsbygg arbeider med å redusere behovet for nye bygg, mellom anna gjennom arealeffektivisering og optimalisering av løysingar i eksisterande bygningsmasse. Lokalisering har stor påverknad på den totale klimagassrekneskapen i eit bygg, og transport, lokalklima og grunnforhold på tomta er viktige faktorar i denne samanhengen. Statsbygg skal leggje statlege planretningslinjer til grunn for lokaliserings- og tomteanalysane sine og søkje etter tomter som vil gje minst mogleg miljøbelastning. I tillegg har departementet gjeve Statsbygg mandat til å bidra til innovasjon og utvikling av bruk av tre og andre lågutsleppsmaterialar til bruk i statlege byggjeprosjekt, om det er konkurransedyktig og materialbruken er tek vare på den nødvendige sikkerheita.

Når det gjeld Kommunal- og distriktsdepartementet sine postar som påverkar utslepp, er dette i stor grad postar som omfattar prosjektering og oppføring av bygg. Investeringane vil gå til auka etterspurnad etter materialar til oppføring av bygningar og til teknisk utstyr som skal inngå i bygningsmassen. Produksjon av byggjevarer kan gje klimagassutslepp både i kvotepliktig og i ikkje-kvotepliktig sektor. Tabellen skal vise budsjettpostar med klimaeffekt der endring i løyving frå 2022 er over prisjustering, og kva utsleppseffekt endringa i budsjettposten har.

Tabell 5.6 Endring i løyving på Kommunal- og distriktsdepartementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2022 til budsjettforslaget for 2023)

Kap.

Post.

Namn på post

Foreslått endring (i mill. kr)

Utsleppseffekt

530

30

Prosjektering av bygg

-223,0

Redusere klimagassutslepp

530

31

Igangsetjing av byggjeprosjekt

-450,0

Redusere klimagassutslepp

530

33

Vidareføring av byggjeprosjekt

1 149,4

Aukar klimagassutslepp

530

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

498,9

Aukar klimagassutslepp

533

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

-178,5

Redusere klimagassutslepp

2445

24.2

Driftsutgifter

85,3

Usikker

2445

30

Prosjektering av bygg

201,7

Aukar klimagassutslepp

2445

31

Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt

-302,3

Redusere klimagassutslepp

2445

32

Prosjektering og igangsetjing av brukarfinansierte byggjeprosjekt

25,0

Aukar klimagassutslepp

2445

33

Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt

1 969,1

Aukar klimagassutslepp

2445

34

Vidareføring av brukarfinansierte byggjeprosjekter

25,0

Aukar klimagassutslepp

2445

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

6,4

Aukar klimagassutslepp

Kap. 530 post 30 Prosjektering av bygg

Løyvinga blir redusert med 223 mill. kroner.

Kap. 530 post 31 Vidareføring av byggjeprosjekt

Løyvinga blir redusert med 450,0 mill. kroner.

Kap. 530 post 33 Vidareføring av byggjeprosjekt

Løyvinga aukar med 1 149,4 mill. kroner.

Kap. 2445 post 30 Prosjektering av bygg

Løyvinga aukar med 201,7 mill. kroner.

Kap. 2445 post 31 Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt

Løyvinga blir redusert med 302,3 mill. kroner.

Kap. 2445 post 33 Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt

Løyvinga aukar med 1 969,1 mill. kroner.

Kap. 2445 post 34 Vidareføring av brukarfinansierte byggjeprosjekt

Løyvinga aukar med 25,0 mill. kroner.

Postane ovanfor omfattar prosjektering og oppføring av bygg og auka løyving vil gje auka utslepp av klimagassar. Investeringane vil bidra til auka etterspurnad etter materialar til oppføring av bygningar og til teknisk utstyr som skal inngå i bygningsmassen. Utsleppa frå bygga er i stor grad indirekte, til dømes til transport. Produksjonen av byggjevarer kan gje klimagassutslepp både i kvotepliktig og i ikkje-kvotepliktig sektor. Dei største utsleppsbidraga for mange byggjevarer vil vere innanfor kvotepliktig sektor gjennom produksjon av dei sentrale råvarene som sement, jarn, stål og aluminium. Andre, men mindre utsleppsintensive råvarer gjev primært utslepp utanfor kvotepliktig sektor, som trevarer. Byggjeprosjekt krev også maskiner og utstyr på byggjeplassane som gjev klimagassutslepp i bruk inntil byggjeplassdrifta eventuelt blir heilt utsleppsfri. Det er òg slik at delar av endringane i løyvingane på postane eit år kan komme av endringar i likviditetsbehov som ikkje treng å bety at storleiken på byggjeprosjekta endrar seg for byggjetida under eitt, men slike utslag vil jamne seg ut over tid. Klimaeffekten av investerte beløp vil ikkje opptre som ein lineær funksjon av kronebeløpa, og han vil også endre seg over tid.

Kap. 530 post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Posten omfattar anskaffing av utstyr. Alle investeringar som inneber anskaffing av fysiske varer, vil i nokon grad medverke til klimagassutslepp. Samstundes kan vedlikehaldet også bidra til å unngå investeringar i ny bygningsmasse seinare – noko som kan bidra til at ein unngår framtidige utslepp.

Kap. 533 post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Posten omfattar anskaffing av utstyr og vedlikehald på kulturhistoriske eigedommar. Alle investeringar som inneber anskaffing av fysiske varer, vil i nokon grad bidra til klimagassutslepp. Samstundes kan vedlikehaldet også bidra til å unngå investeringar i ny bygningsmasse seinare – noko som kan bidra til at ein unngår framtidige utslepp.

Kap. 2445 post 24.2 Driftsutgifter

Posten omfattar drift, forvaltning og vedlikehald av eigedommar. Drift av bygningsmasse krev energi, elektrisk energi og i mange tilfelle fjernvarme. Bruk av elektrisitet vil i nokon grad bidra til klimagassutslepp, men samstundes kan utsleppsbidraget vurderast på fleire måtar avhengig av kva tilnærming ein legg til grunn. Klimaeffekten er usikker.

5.4.10 Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet har ansvar for barnehage, grunnskule, høgare utdanning, forsking, kompetansepolitikk og integrering. Dei samla utgiftene i budsjettforslaget for Kunnskapsdepartementet i 2023 er på 91,6 mrd. kroner, eksklusive lånetransaksjonar og andre kapitaltransaksjonar. Summen er fordelt på omkring 200 budsjettpostar. Grovt sett går i underkant av 1 pst. til Kunnskapsdepartementets eige budsjett, rundt 44 pst. til statlege og private universitet og høgskular, rundt 17 pst. til utdanningsstøtte, rundt 15 pst. til barnehage og grunnskule, 8 pst. til integrering og mangfald, 5 pst. til Noregs forskingsråd og 2 pst. til kompetansepolitikk og livslang læring. Resterande går til diverse andre mindre tilskotsordningar. Kva slags klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, har vi ikkje oversikt over. Under følgjer ein gjennomgang av nokre element i budsjettet som er særleg relevante med omsyn til effekten dei har på klimagassutsleppa.

Dei samla løyvingane til forsking og utviklingsarbeid (FoU) frå alle departement er nærmare omtalte i kapittel 5 i Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet. Under følgjer ein gjennomgang av nokre element i budsjettet som er særleg relevante med omsyn til effekten dei har på klimagassutsleppa.

Forsking

Regjeringa har som mål å bidra til dei store utfordringane samfunnet står overfor gjennom utdanning og forsking. Regjeringa legg fram Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032 i samband med statsbudsjettet for 2023. Etter at dei førre langtidsplanane vart lagde fram i 2014 og 2018, har verda endra seg, og blant dei tre overordna hovudmåla for den nye langtidsplanen er miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Dermed er berekraftsmåla flytta opp i målbiletet frå tidlegare langtidsplanar.

Den målretta innsatsen på klima og miljø var om lag 1,7 mrd. kroner i 2021. Kunnskapsdepartementet bidreg gjennom fleire av Forskingsrådets verkemiddel, til dømes store program slik som KLIMAFORSK, ENERGIX og til Senter for Klimadynamikk ved Bjerknessenteret i Bergen. Klima og miljø er sentrale tema i norsk polarforsking. Kunnskapsdepartementet finansierer programmet POLARPROG i tillegg til forskingsinfrastruktur for polarforsking, der forsking på klima og miljø inngår. Det meste av norsk polarforsking skjer i Arktis og særleg på Svalbard og i Barentshavet. Raske klima- og miljøendringar i dei polare områda aukar behovet for kunnskap. Prosjektet «Arven etter Nansen» blir òg finansiert over Forskingsrådets budsjett, med tokt i sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei sentrale norske forskingsinstitusjonane på feltet og er venta å gje kartlegging og forsking av høg kvalitet. «Arven etter Nansen» er Noregs største marine forskingsprosjekt med eit totalbudsjett på 740 mill. kroner. KDs årlege bidrag er 60 mill. kroner.

Noreg skal halde fram med å delta i det nye rammeprogrammet frå 2021, Horisont Europa. Det er eit mål at over 35 pst. av budsjettet er sett av til å møte klimautfordringar. I programmet blir det òg lansert tverrfaglege og tverrsektorielle samfunnsoppdrag med klare mål for mellom anna tilpassing til klimaendringar inkludert samfunnsendring, Klimanøytrale og smarte byar og sunne hav, kystar og sjøar. Samfunnsoppdraga skal bidra til å møte globale utfordringar innan 2030 og til å nå dei politiske målsetjingane i strategiar som mellom anna EUs grøn giv.

Universitets- og høgskulebygg

Universitets- og høgskulesektoren er ein stor eigedomsaktør i statleg sivil sektor og disponerer eit areal på om lag 3,5 mill. kvadratmeter. Samla løyving over programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking utgjer 55,8 mrd. kroner i forslag til budsjett i 2023. Av dette blir 42,9 mrd. kroner løyvde over kap. 260 Universitet og høgskular. Om lag ein tredjedel av statlege universitets- og høgskulebudsjett går til drift, forvaltning av og tilskot til bygg og eigedom.

Byggrelatert vedlikehald har eit relativt lågt utslepp. Det er lite samanliknbare tal for klimagassutsleppa for universitets- og høgskulesektoren, men utsleppa frå flyreiser, elektrisitet og fjernvarme står for ein stor del av klimagassutsleppa frå sektoren. Dei fleste statlege universiteta og høgskulane har miljøstrategiar med tilhøyrande handlingsplanar for å redusere utsleppa sine på campus. Ein aukande del har også eigne utsleppsrekneskapar, men med ulik metodikk.

Studentbustader

Regjeringa foreslår å løyve midlar til 1 650 nye studenthyblar i 2023. Ein stor del av studentbustadene er frå mellom 1950 og 1980. Sjølv om samskipnadene har ei plikt til og bidreg med jamleg vedlikehald, er det delar av bygningsmassen som ikkje held mål etter gjeldande krav til funksjonalitet, standard, klima og miljø. Ifølgje gjeldande forskrift om tilskot til bygging av studentbustadar § 3 c) kan samskipnadene få tilskot til oppgradering i særskilde tilfelle. Byggrelatert vedlikehald har eit relativt lågt utslepp.

Tabell 5.7 Endring i løyving på Kunnskapsdepartementets budsjett som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2022 til budsjettforslaget for 2023)

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Utsleppseffekt

288

73

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon

551,2

Usikker effekt

Kap. 288, post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (551,2 mill. kroner)

Posten finansierer Noregs kontingent til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, både Horisont 2020 og Horisont Europa. Det er eit mål at over 35 pst. av budsjettet til Horisont Europa skal setjast av til å møte klimautfordringar. Auken på posten skriv seg frå auka kontingentforpliktingar.

5.4.11 Kultur- og likestillingsdepartementet

Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivilligheita og pengespel og lotteri.

Totalt utgjer Kultur- og likestillingsdepartementets budsjettforslag for 2023 om lag 23,3 mrd. kroner. Tilskotsløyvingane utgjer den klart største delen av Kultur- og likestillingsdepartementets budsjett. Om lag 90 pst. av løyvingane på Kultur- og likestillingsdepartementets budsjett er tilskot. Meir enn halvparten av budsjettet er fordelt på ulike enkelttilskot (namngjevne tilskotsmottakarar), medan dei andre tilskotsløyvingane er fordelte på ulike ordningar ein kan søkje på. Både enkelttilskot og ordningar ein kan søkje på, blir i hovudsak forvalta av underliggande verksemder.

Hovuddelen av oppgåveløysinga på Kultur- og likestillingsdepartementets ansvarsområde skjer av ikkje-statlege aktørar. Verkemidla staten har, inngår difor som ein del av ein større samanheng. Måloppnåinga er avhengig av innsatsen frå staten, dei private aktørane og kommunesektoren. Staten har ofte ei indirekte rolle gjennom å sikre rammevilkåra for aktørane. Dette skjer gjennom utforminga av regelverk og økonomiske verkemiddel (i hovudsak driftsmidlar). Løyvinga over Kultur- og likestillingsdepartementets budsjett blir sett på som nøytral i klimasamanheng.

5.4.12 Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett kan grovt delast inn i følgjande komponentar:

Tabell 5.8 Tabellen viser fordelinga av saldert budsjett 2022 og budsjettforslag 2023 (i mrd. kroner)

Kap.

Saldert 2022

Forslag 2023

Næringsavtalane

18,6

24,3

Jordbruksavtalen

18,4

24,1

Reindriftsavtalen

0,2

0,2

Utanom næringsavtalane

5,0

4,8

Landbruks- og matforvaltninga

2,0

2,0

Forskingsinstitutta

0,4

0,4

Forsking

0,6

0,6

Tilskot, utanom jordbruksavtalen

2,1

1,9

Sum

23,6

29,1

Hovudmåten budsjettet er innretta på for 2023

I forslaget frå regjeringa til budsjett på landbruks- og matområdet for 2023 utgjer næringsavtalane 83 pst., medan dei andre budsjettkapitla (landbruks- og matforvaltninga, institutta, forsking og tilskotsordningar utanom jordbruksavtalen) utgjer 17 pst. av budsjettramma. Vesentlege endringar i forslaget for 2023 samanlikna med saldert budsjett 2022 er ein auke på 5,5 mrd. kroner som følgje av jordbruksavtalen.

Jordbruksavtalen 2022/2023

Det vart inngått avtale mellom regjeringa og begge næringsorganisasjonane den 16. mai 2022. Ein proposisjon basert på avtalen mellom partane vart oversend Stortinget. Prop. 120 S (2021–2022) vart behandla av Stortinget den 15. juni 2022 og inneber ein budsjettauke på 5 505 mill. kroner for 2023. Omsynet til matproduksjon og mattryggleik i ein situasjon med sterk kostnadsvekst var svært viktig i forhandlingane for året. Partane var samde om å styrkje distriktslandbruket og små og mellomstore bruk. Det vart òg lagt til rette for ei betydeleg styrking av klima- og miljøsatsinga.

Løyvinga på fleire postar på landbruks- og matområdet blir foreslått redusert for 2023. Mellom anna blir det foreslått å redusere løyvinga til landbruks- og matforsking med 11 mill. kroner, løyvinga til NORSØK med 2 mill. kroner og tilskot til skog-, klima- og energitiltak med 1 mill. kroner. På landbruks- og matområdet blir det foreslått ei løyving på 87,5 mill. kroner som Bionova disponerer. Bionova skal vere eit verktøy for å nå Noreg sine klimamål for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Bionova skal også bidra til auka verdiskaping gjennom overgangen til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare ressursar frå hav og land. Les meir om etableringa av Bionova i budsjettproposisjonen til LMD.

I 2019 signerte regjeringa Solberg og organisasjonane i jordbruket ein intensjonsavtale om kutt i klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket. Denne avtalen skal leggjast til grunn for klimaarbeidet i jordbruket framover, også jf. Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030. Rekneskapsgruppa for klimaavtalen legg opp til første ordinære avrapportering i 2023.

Tabell 5.9 Endring i løyvingar på Landbruk- og matdepartementets budsjett som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2022 til budsjettforslaget for 2023)

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Utsleppseffekt

1137

50

Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

-20

Usikker

1137

54

Næringsretta matforsking m.m.

15

Usikker

1138

72

Stiftelsen Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)

-2

Usikker

1142

75

Stønad til jordbruks- og veksthusnæringa for ekstraordinære straumutgifter

1 383

Usikker

1149

71

Tilskot til verdiskapingstiltak i skogbruket

-10

Usikker

1149

73

Tilskot til skog-, klima- og energitiltak

-1

Redusert opptak

1150

50

Tilskot til Landbrukets utviklingsfond (LUF)

480

Usikker

1150

70

Marknadsregulering

57

Reduserte utslepp

1150

74

Direkte tilskot

3 559

Usikker

1150

77

Utviklingstiltak

32

Reduserte utslepp

1151

51

Tilskot til Utviklings- og investeringsfondet

4

Usikker

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskot

11

Usikker

1152

50

Tilskot til bioøkonomi og klimatiltak i jordbruket (BIONOVA)

87,5

Reduserte utslepp

Kap. 1137, post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd (-20 mill. kroner)

Posten skal bidra til å nå dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla der auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar er to av desse.

Løyvinga blir tildelt Noregs forskingsråd fordelt på ulike porteføljar. Midlane går til dømes til porteføljen Landbasert mat, miljø og bioressursar som dekkjer programma BIONÆR og MILJØFORSK, i tillegg til Energi, transport og lågutslepp som dekkjer programmet ENERGIX. Samla følgjer desse opp ulike prioriterte område innan klima, fornybar energi og miljø. Posten vil difor i stort bidra positivt til å redusere klimagassutslepp.

Den foreslåtte reduksjonen i løyvinga kan føre til redusert forskingsaktivitet som har som mål å bidra til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn – og at utsleppsreduksjonen går saktare enn ønskt. Klimaeffekten blir likevel vurdert som usikker.

Kap. 1137, post 54 Næringsretta matforsking mv. (15 mill. kroner)

Posten finansierer Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL). FFL dekkjer mange fagområde som samla sett skal bidra til å nå dei landbruks- og matpolitiske måla. Viktige fagområde er mellom anna klima, miljø og berekraft. Delar av løyvinga skal gå til matforskingsinstituttet Nofima AS, som er eit næringsretta institutt innanfor utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon i grøn og blå sektor. Løyvinga blir motsvart av inntekter frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576, post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt. Den foreslåtte auken i løyvinga kan føre til ny kunnskap som på sikt kan bidra til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn. Klimaeffekten blir likevel vurdert som usikker.

Kap. 1138, post 72 stiftelsen Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) (-2 mill. kroner)

Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ein stiftelse som arbeider med forsking, rådgjeving og formidling av kunnskap innan fagområda økologisk landbruk og matproduksjon, miljø, berekraft og fornybar energi. Løyvinga skal gå til utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Ein mindre del av løyvinga kan gå til forskingsretta arbeid. Den foreslåtte reduksjonen i løyvinga blir vurdert å ha usikker klimaeffekt.

Kap. 1142, post 75 Stønad til jordbruks- og veksthusnæringa for ekstraordinære straumutgifter (1 383 mill. kroner)

Formålet med straumstønadsordninga for jordbruks- og veksthusnæringa som følgje av ekstraordinære straumutgifter er å bidra til at norsk matproduksjon og norsk produksjon i veksthus kan haldast i gang trass i dei ekstraordinære utgiftene til straum. Ordninga er ny i 2022 og er mellombels. Det er uvisst om ordninga vil ha effekt på klimagassutsleppa.

Kap. 1149, post 71 Tilskot til verdiskapingstiltak i skogbruket (-10 mill. kroner)

Posten har ei løyving på 51 mill. kroner for 2023. Løyvinga omfattar midlar til infrastruktur i skogbruket, under dette bygging/ombygging av tømmerkaiar og skogsvegar. Delar av tilskotmidlane til skogsvegar går til nybygging av skogsvegar, som kan føre til avskoging og gje ein utsleppseffekt i utsleppsrekneskapen. Samstundes er infrastruktur ein viktig føresetnad for eit berekraftig skogbruk med forynging, skjøtsel og drift av skog, noko som gjev auka skogproduksjon og auka langsiktig CO2-opptak. Nye vegar og tømmerkaiar gjev auka tilgang til fornybart råstoff som kan fortrengje fossile utslepp. Desse effektane må vurderast opp mot kvarandre der naturomsyn også inngår i vurderinga. Det blir lagt til grunn at naturomsyn blir varetekne i bygginga av nye skogsvegar og tømmerkaiar. Ein stor del av midlane blir nytta til ombygging av skogsvegar i eksisterande vegtrasé og bidreg ikkje til avskoging. Den samla effekten når det gjeld klimagasseffekt, er usikker og vanskeleg å berekne.

Kap. 1149, post 73 Tilskot til skog-, klima- og energitiltak (-1 mill. kroner)

Midlane på posten skal leggje til rette for å styrkje opptak av CO2 og lagring av karbon i skog, mellom anna slik at meir bruk av fornybart skogråstoff kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar. Tilskot for å auke CO2-opptak i skog kan gjevast til tettare planting, gjødsling av skog og ungskogpleie. Det blir også gjeve tilskot til skogplanteforedling som klimatiltak over posten. Arbeidet her bidreg til å betre klimatilpasning ved bruk av frø og planter i skogbruket, og foredlingsgevinster som kan bidra til å auke opptaket av CO2 i skog. I Meld. St. 13 (2020–2021) er det berekna at desse tiltaka kan bidra med auka opptak i storleiksordenen 0,25–0,87 mill. tonn CO2 innan 2030 og 3,5–5,7 mill. tonn CO2 i eit langsiktig perspektiv (2100). Det ligg ulike berekningsmetodar og føresetnader til grunn for analysane, slik at tiltaka ikkje kan samanliknast direkte. Det vil òg vere samspeleffektar mellom tiltaka, og dei kan difor ikkje summerast direkte. Men berekningane viser likevel at den langsiktige effekten av auka innsats kan vere betydeleg. Dei løyvde midlane vil anslagsvis kunne utløyse ein tredjedel av dette potensialet. Løyvinga på posten er ikkje justert for prisauke, slik at verknaden blir som eit kutt på om lag 1 mill. kroner i 2023. Kuttet vil føre til redusert opptak av CO2.

Kap. 1150, post 50 Tilskot til Landbrukets utviklingsfond (LUF) (480 mill. kroner)

Landbrukets utviklingsfond er eit fond med formål om å støtte tiltak som fremjar landbruksnæringa i samsvar med formålsparagrafen i jordlova og skogbrukslova. Rammene for tildeling blir fastsette i jordbruksavtalen og statsbudsjettet. Posten femner ei rekkje tiltak med tydeleg klima- og miljøformål eller -verknad, til dømes tilskot til utbetring av gjødsellager, drenering, kunnskapsutvikling, tilskot til meir miljøvennlege energiløysingar og bruk av tre i bygg, skogtiltak m.m. Det er foreslått ei auka løyving på 480 mill. kroner til fondet for 2023. Samla tilskotsramme under fondet blir auka med 430 mill. kroner. Tilførsel av eingongsmidlar i 2022 og styrking av løyvinga til fondet for 2023 vil bidra til ei styrking av eigenkapitalen til fondet. Ein vesentleg del av tilskotsramma er i 2023 avsett til ordningar som skal stimulere til investering og bedriftsutvikling, næringsutvikling og grûnderskap i landbruket. Skogbruk og ordningar knytte til klima- og miljøtiltak utgjer ein annan sentral del av tilskotsramma til fondet. Investeringstilskot for å rette seg etter dyrevelferdskrav, ordningar innretta med tanke på miljø og klima, skogbrukstiltak og ei distriktsretta satsing mot nordområda er prioriterte. Det vart i jordbruksavtalen for året lagt til rette for ei spissa satsing på ordningar som har klima- og miljøformål; ordningane Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling, Spesielle miljøtiltak i landbruket, Klimasmart Landbruk, Klima- og miljøprogrammet, tilskot til tiltak i beiteområde og tilskot til biogass fekk alle auka avsetning. Totalt for desse ordningane auka løyvinga med 98 mill. kroner.

Det er foreslått ei auka løyving på 39 mill. kroner til skogbrukstiltak over LUF for 2023. Avsetninga over ordninga går mellom anna til skogkulturtiltak som skogplanting, ungskogpleie og markførebuing og skogsbilvegar, skogbruksplanlegging og kompetansetiltak i skogbruket.

Løyvingane vil kunne ha ein positiv effekt på klimagassutslepp, men blir samla sett vurdert til å ha ein usikker klimaeffekt, ettersom midlane på posten femner breiare enn berre klimatiltak.

Kap. 1150, post 70 Tilskot til marknadsregulering (57 mill. kroner)

Midlane går til opplysningsverksemd for frukt og grønt og bidreg gjennom det til eit kosthald som reduserer klimagassutslepp. Midlane går òg til avreinseordning for potet som bidreg til å utnytte ein ressurs der alternativ bruk er rotning på jordet. Midlane blir òg brukte til råvareprisutjamningsordninga (RÅK) som bidreg til ein høgare del norsk produksjon og gjennom det lokal foredling og mindre transport av mat. Den foreslåtte auken vil venteleg ha ein positiv verknad på klimagassutslepp (reduserte utslepp).

Kap. 1150, post 74 Direkte tilskot (3 559 mill. kroner)

Posten omfattar tilskot for matproduksjon på dyr og areal i Noreg, inkludert tilskot for beiting og regionale miljøtiltak som redusert jordarbeiding og seterdrift. Alternativet er gjengroing og import. Posten omfattar både tilskot til husdyrproduksjon, beitetilskot, areal- og kulturlandskapstilskot, tilskot til regionale miljøprogram og tilskot til økologisk jordbruk. Isolert sett vil auka husdyrproduksjon bidra til auka utslepp, men posten omfattar også store ordningar som bidreg til miljø- og klimavennleg produksjon og reduserte utslepp per produserte eining. Posten legg òg til rette for at vi produserer den maten som blir etterspurd i Noreg, og reduserer faren for karbonlekkasje. Klimaeffekten av auken på posten er usikker.

Kap. 1150, post 77 Utviklingstiltak (32 mill. kroner)

Posten går til planteavl, dyreavl, dyrevelferd, kvalitets- og salsfremjande tiltak, tilskot til fellespakkeri og til rådgjeving. Alt dette bidreg til meir effektiv matproduksjon med lågare klimagassutslepp per produserte eining og til klimatilpassing. Den foreslåtte auken i løyvinga er marginal samanlikna med totalen, men er venta å kunne gje reduserte utslepp.

Kap. 1151, post 51 Tilskot til Utviklings- og investeringsfondet (4 mill. kroner)

Posten gjeld Reindriftens utviklingsfond (RUF). Over Reindriftens utviklingsfond blir det gjeve tilskot til ulike tiltak som bidreg til ei berekraftig reindrift. Tiltaka bidreg til meir effektiv matproduksjon med lågare klimautslepp per produserte eining. Den foreslåtte auken kan bidra til reduserte utslepp, men effekten er usikker.

Kap. 1151, post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskot (11 mill. kroner)

Posten gjeld direkte tilskot til siidaandelar og tamreinlag og tilskot til reinbeitedistrikt. Dei direkte tilskota omfattar produksjonspremie og kalveslaktetilskot. I driftsåret 2022–2023 blir det, som eit eingongstiltak, gjeve tilskot til uttak av simler. I tillegg omfattar posten nokre mindre ordningar for å sikre rekruttering og likestilling. Dei direkte og kostnadssenkande tilskota bidreg til meir effektiv matproduksjon med lågare klimautslepp per produserte eining. Den foreslåtte auken kan bidra til reduserte utslepp, men effekten er usikker.

Kap. 1152, post 50 Tilskot til bioøkonomi og klimatiltak i jordbruket, Bionova (87,5 mill. kroner)

Formålet med løyvinga over budsjettposten er etablering og drift av Bionova og aktivitet innanfor verkeområdet til Bionova. Bionova skal vere eit verktøy for å nå klimamåla til Noreg for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Bionova skal også bidra til auka verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare ressursar frå hav og land. Delar av summen er ein omdisponering frå Bioøkonomiordninga, les meir om Bionova i kap. 3. Det vart i saldert budsjett 2022 løyvd 30 mill. kroner til Bionova. Denne løyvinga blir vidareført i 2023. I revidert nasjonalbudsjett 2022 vart summen omdisponert til andre formål. Porteføljen til Bionova vil ved oppstart omfatte både delar av dagens Bioøkonomiordning, og Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Den foreslåtte auken vil bidra til reduserte utslepp.

5.4.13 Olje- og energidepartementet

Totalbudsjettet for Olje- og energidepartementet i 2023 er på om lag 51,9 mrd. kroner fordelte på 27 budsjettpostar. Stønadsordninga til hushald for ekstraordinære straumutgifter utgjer rundt 86 pst. av budsjettet. Utanom denne stønadsordninga går grovt sett rundt 4 pst. av løyvinga til Olje- og energidepartementets eige budsjett, rundt 7 pst. går til Oljedirektoratet og 21 pst. Noregs vassdrags- og energidirektorat. 68 pst. går samla sett til klima, industri og teknologi, av dette går 74 pst. til Langskip – fangst og lagring av CO2, medan resterande 26 pst. går til andre formål innanfor klima, industri og teknologi.

Kraftsituasjonen og energieffektivisering

I den energifellesskapen vi deler med nabolanda våre, ber no energisektoren konsekvensane av Russlands militære invasjon i Ukraina. Gjennomgangen av kraftsituasjonen som regjeringa har fått utført, viser at det er behov for tiltak som vil styrkje den norske forsyningstryggleiken i ein periode prega av stor uro og volatilitet i landa rundt oss, og tiltak som kan handtere prismessige konsekvensane for forbrukarane. Sjølv om kraftsituasjonen 2021–2022 skreiv seg frå heilt spesielle forhold, byggjer utgreiingane som er gjorde, og tidlegare erfaringar med vanskelege kraftsituasjoner i Noreg under at sårbarheita i det norske vasskraftsystemet i stor grad er knytt til uventa hendingar.

Det viktigaste tiltaket i møte med større uvisse i kraftmarknadene er å sikre at kraftsystemet har tilstrekkelege reservar som kan takast i bruk om det skjer noko uventa. Regjeringa har difor varsla at det blir arbeidd med å etablere ein eigen styringsmekanisme som skal sikre at det blir spart meir vatn i magasina ved låge magasinnivå, og at eksporten av kraft i slike tilfelle blir avgrensa. Arbeidet skjer i nært samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og skal sluttførast hausten 2022.

Regjeringa har varsla at staten stiller opp for norske forbrukarar så lenge den ekstraordinære situasjonen med svært høge kraftprisar varar ved. Prisprognosar frå NVE tilseier at straumprisane i Sør-Noreg vil halde seg høge lenger enn ut vinteren 2023. Det blir difor foreslått at straumstønadsordninga for hushald og burettslag blir forlengd ut 2023. Budsjettoverslaget for straumstønadsordninga er 44,7 mrd. kroner i 2023. Regjeringa har også lagt fram eit forslag om ei ordning som skal bidra til å redusere konsekvensane av dei høge straumprisane for næringslivet.

Sjølv om Noreg har god tilgang på energi, må energien brukast på ein effektiv måte for å unngå unødige naturinngrep. Mange effektiviseringstiltak kan også bidra til å redusere maksimalbelastninga i nettet og dermed behovet for nettutbyggingar. Regjeringa vil leggje til rette for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi og for eit betre samspel mellom kraftsystemet, fjernvarmesystemet og moglegheitene for forbrukarfleksibilitet. Regjeringa styrkjer særleg verkemidla for energieffektiviseringstiltak og eigenproduksjon av energi i bygg, både bustader og næringsbygg.

Det blir vist til del III i Prop. 1 S (2022–2023) for Olje- og energidepartementets budsjett for ein nærmare gjennomgang av kraftsituasjonen og energieffektivisering.

Tabell 5.10 Endring i løyving på Olje- og energidepartementet som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2022 til budsjettforslaget for 2023)

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Utsleppseffekt

1800

50

Overføring til andre forvaltningsorgan

5,0

Usikker

1810

21

Spesielle driftsutgifter

38,0

Usikker

1820

21

Spesielle driftsutgifter

43,0

Usikker

1850

50

Forsking og teknologiutvikling for framtidas energisystem

-137,0

Usikker

1850

71

Teknologisenter Mongstad

1,0

Ingen

1850

72

Langskip – fangst og lagring av CO2

130,0

Ingen

Kap. 1800, post 50 Overføring til andre forvaltningsorgan (5 mill. kroner)

Tilrettelegging for nye næringar slik som havvind er ein viktig del av oppgåvene staten har for å bidra til omstillinga av økonomien. Det er store ambisjonar for utvikling av havvind i heile Noreg. Målet til regjeringa for havvindsatsinga er industriutvikling, tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling og at havvind skal bidra til auka klima- og miljøvennleg kraftproduksjon i Noreg for raskare å kunne omstille oss i grønare retning. Innan fornybar energi er det også potensial for vekst innanfor havvindsegmentet når det gjeld internasjonal omsetning og eksport. I vegkartet for grønt industriløft som vart presentert i juni 2022, peiker regjeringa på havvind som eit av sju satsingsområde. Vi har allereie fleire gode kompetansemiljø langs kysten, men det er viktig å byggje opp ein enda breiare kompetansebase på stader og i regionar der det allereie finst overførbar kompetanse frå til dømes petroleumssektoren og maritim sektor.

Det blir foreslått ei løyving på 5 mill. kroner i tilskot for å styrke kompetansemiljø for havvind. Fornybar energiproduksjon til havs vil kunne ha ein positiv klimaeffekt når anlegga er satt i drift, men effekten på kort sikt er usikker.

Kap. 1810, post 21 Spesielle driftsutgifter (38 mill. kroner)

Posten er ein driftspost for Oljedirektoratet og omfattar utgifter til studiar, analysar og geologisk kartlegging av kontinentalsokkelen, irekna petroleumsressursar og mineral på havbotnen. Vidare omfattar posten midlar til digitaliseringsprogrammet «Sokkelbiblioteket 2026» og grunnundersøkingar for vindkraft til havs.

Posten er foreslått auka med 38 mill. kroner i 2023. Av auken har 30 mill. kroner samanheng med grunnundersøkingar for havvind i attverande område i Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord. Undersøkingane gjev informasjon om djupner og havbotn og er viktige for å velje plassering av vindkraftverka innanfor utlysingsområda. Resterande auke omfattar arbeid vidare med, samanstilling av, lagring og tilgjengeleggjering av data til selskapa og digitaliseringsarbeid for å auke datakvaliteten, effektivisering gjennom automatisering og digital datautveksling og tilgjengeleggjering som skal betre samhandlinga internt og mot næringa.

Fornybar energiproduksjon til havs vil kunne ha ein positiv klimaeffekt når anlegga er sette i drift, men effekten på kort sikt er usikker.

Kap. 1820, post 21 Spesielle driftsutgifter (43 mill. kroner)

Posten er ein driftspost for Noregs vassdrags- og energidirektorat og omfattar utgifter til prosjekt som skal bidra til å auke NVEs forvaltningskompetanse og kvalitet innanfor direktoratets ansvarsområde. Vidare omfattar løyvinga midlar til digitaliseringsprogram i direktoratet som omfattar oppgradering og vidareutvikling av IKT-systema, ny kraftmarknadsmodell, digitalisering av kraftsystemutgreiingar, forvaltningsretta forsking og utvikling og midlar til å identifisere nye område for vindkraft til havs.

NVE har fått i oppdrag å identifisere nye område for vindkraft til havs. Posten er foreslått auka med til saman 43 mill. kroner i 2023. Av auken har 15 mill. kroner samanheng med konsekvensutgreiing av nye område for fornybar energiproduksjon til havs.

Fornybar energiproduksjon til havs vil kunne ha ein positiv klimaeffekt når anlegga er sette i drift, men effekten på kort sikt er usikker.

Kap. 1850, post 50 Forsking og teknologiutvikling for energisystemet i framtida (-137 mill. kroner)

Olje- og energidepartementet har samla løyvingane sine til klima, industri og teknologi under ein felles programkategori og foreslår å opprette eit nytt kapittel 1850, post 50 Forsking og teknologiutvikling for næringsutvikling i framtida for å innrette den samla forskingsinnsatsen til å bidra best mogleg til teknologiutvikling og fastsette klimamål. Løyvinga under posten blir forvalta av Noregs forskingsråd og Gassnova og omfattar midlar som i 2022 vart løyvde under kap. 1830, post 50 Noregs forskingsråd, kap. 1830, post 51 Infrastruktur og marknadsutvikling for hydrogen, kap. 1830, post 70 Nordisk Energiforsking, og kap. 1840, post 50 Forsking, utvikling og demonstrasjon av CO2-handtering. Samla er desse løyvingane reduserte med 137 mill. kroner samanlikna med 2022.

Forsking, utvikling og demonstrasjon innanfor energi og petroleum skal mellom anna medverke til raskare bruk av ny teknologi i energi- og petroleumsverksemda og skal medverke til meir effektiv og miljøvennleg utnytting av norske energiressursar. Meir enn 50 pst. av forskingsporteføljen innanfor petroleum består av prosjekt som har auka energieffektivitet og lågutsleppsløysingar som prioriterte mål.

CLIMIT er det offentlege støtteprogrammet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Vidare skal CLIMIT medverke til reduksjon av nasjonale og globale utslepp utover det ein kan forvente med eksisterande teknologiar og løysingar.

Hydrogensatsinga omfattar pilot- og demonstrasjonsprosjekt som vil bidra til tidlegfase marknadsutvikling for hydrogen. Det blir lagt særleg vekt på å støtte opp under utvikling og etablering av infrastruktur med vekt på knutepunkt og leveransekjeder som legg til rette for marknadsutvikling og kommersiell bruk av hydrogen. Det er foreslått løyving til to nye Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) innanfor hydrogen i 2023.

Ein reduksjon i løyvinga kan ha ein negativ effekt på klimagassutslepp og opptak av klimagassar på mellomlang og lang sikt ved at færre forskings-, teknologi- og demonstrasjonsprosjekt får tildelt støtte. Effekten blir likevel vurdert som usikker fordi formålet på posten er breiare enn berre klima og utslepp.

Kap. 1850, post 71 Teknologisenter Mongstad (1 mill. kroner)

Teknologisenter Mongstad (TCM) fremjar CO2-fangst som verkemiddel for ei reinare og grønare framtid ved å byggje bru mellom teknologiutviklarar, vitskap og industriell bruk av teknologiar for CO2-fangst. TCM har som mål å skape ein arena for langsiktig og målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. Hovudformålet med TCM er å bidra til teknologiutvikling for auka utbreiing av CO2-fangst globalt. Gjennom teknologisenteret skal det bli oppnådd praktisk erfaring med design, oppskalering og drift av store CO2-fangstanlegg. Det er vidare eit mål å bidra til at desse erfaringane blir spreidde internasjonalt, slik at kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst kan bli reduserte. Løyvinga kan ha ein positiv effekt på klimagassutslepp på mellomlang og lang sikt. Endringa i løyvinga i 2023 har samanheng med auka driftsutgifter som følgje av auka straumprisar. Endringane har difor ikkje klimaeffekt i 2023.

Kap. 1850, post 72 Langskip – fangst og lagring av CO2 (130 mill. kroner)

Langskip er eit norsk demonstrasjonsprosjekt for fullskala CO2-handtering som omfattar fangst, transport og lagring av CO2. Løyvinga omfattar tilskot til etablering av CO2-fangst ved Norcems sementfabrikk i Brevik og til Northern Lights for etablering av transport- og lagerløysing for prosjektet. Prosjektet vil etter planen vere i drift frå 2024 og vil i første omgang redusere klimagassutsleppa frå sementfabrikken i Brevik med om lag 400 000 tonn CO2 årleg. Langskip har ei transport- og lagringsløysing med overkapasitet og har eit mål om å bidra til å redusere risiko og kostnader for etterfølgjande prosjekt. Northern Lights opplever stor interesse for transport- og lagertenestene. Den første intensjonsavtalen med kommersielle vilkår for transport og lagring av CO2 vart inngått i 2022 med Yara i Nederland. Avtalen vil fylle resterande kapasitet i fase 1 av Northern Lights.

Løyvinga omfattar frå 2023 også midlar til oppstart av Hafslund Oslo Celsios CO2-fangstprosjekt på avfallsforbrenningsanlegget på Klemetsrud. Prosjektet på Klemetsrud vil etter planen vere i drift frå 2026 og vil redusere klimagassutsleppa frå avfallsforbrenningsanlegget med om lag 400 000 tonn CO2 årleg. Av desse 400 000 tonna vil om lag 50 pst. vere CO2 frå forbrenning av biogent avfall.

Norske styresmakter legg også til rette for lagring av CO2 på norsk sokkel. Selskap som har den nødvendige kompetansen, og som har modna fram industrielt gode og lønnsame prosjekt, vil kunne søkje om eit løyve tilpassa behova til verksemda. Det er per no tildelt eit utnyttingsløyve (Northern Lights) og to leiteløyve (Equinor i Nordsjøen på området Smeaheia ved Troll og Equinor, Horisont og Shell i Barentshavet på Polaris). Det skjer også mykje studiearbeid for å vurdere korleis utsleppskjelder og moglege lagringslokasjonar i Europa kan koplast saman. Equinor og Fluxys arbeider med eit mogleg prosjektet for transport av CO2 frå Belgia til lagring på norsk sokkel. Equinor og Wintershall samarbeider om tekniske og kommersielle løysingar for utvikling av ei verdikjede for CO2-fangst og -lagring, irekna ei transportløysing for CO2 frå Tyskland til lagring på norsk sokkel.

Løyvinga vil difor kunne ha ein betydeleg positiv effekt på klimagassutslepp på mellomlang og lang sikt. Den årlege løyvinga er knytt til framdrifta i prosjekta, slik at ei endring i løyvinga frå år til år ikkje vil påverke utsleppa.

5.4.14 Utanriksdepartementet

Totalbudsjettet for Utanriksdepartementet i 2023 er 50,3 mrd. kroner (utgifter med lånetransaksjonar), fordelte med 9,7 mrd. kroner til utanriksforvaltning og 40,6 mrd. kroner til internasjonal bistand. Utanriksdepartementets underliggjande etatar Norad og Norec forvaltar delar av bistanden, i tillegg til Norfund. Delar av bistanden blir òg forvalta på utvalde utanriksstasjonar og av statlege etatar i Noreg. Løyvingar til EØS-avtalen utgjer 10,4 pst. av budsjettet til departementet, og bistand utgjer 80,7 pst. av det samla budsjettet til departementet for 2023.

Fleire av budsjettpostane, spesielt dei som går til drift, vil mellom anna kunne finansiere transport med fly, båt og bil og dermed bidra direkte til utslepp av klimagassar. Kva klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, er det derimot ikkje oversikt over.

Det er ei rekkje klimatiltak i utviklingsland som får støtte over bistandsbudsjettet. For tilskot med reduserte klimautslepp som formål og fornybar energi blir det meir systematisk bede om informasjon om oppnådde eller forventa utsleppsreduksjonar.

Norsk støtte til tiltak i utviklingsland over Utanriksdepartementets budsjett retta mot reduksjon av klimagassar kan i hovudsak delast i to: for det første støtte til produksjon eller forbruk av rein energi, utsleppsreduserande tiltak eller karbonlagring. Den andre kategorien vil ha utsleppsreduksjon som ein indirekte verknad eller sekundær konsekvens. Slike innsatsar inkluderer kapasitetsbygging, opplæring, støtte til utvikling av regelverk og finansieringsmekanismar.

Gjennom Klima- og skoginitiativet og eit stort engasjement for fornybar energi har Noreg vist veg og er ein viktig aktør i arbeidet for globale utsleppsreduksjonar. Det er likevel ei målsetjing innanfor klimakonvensjonen at støtta skal vere balansert mellom utsleppsreduserande tiltak på den eine sida og tilpassing og førebygging på den andre. Oppfølginga av Glasgowforpliktinga om å minst tredoble støtta til klimatilpassing innanfor målet om å doble klimafinansieringa i løpet av 2026, i tillegg til implementeringa av strategien for styrking av støtta til klimatilpassing, førebygging og kamp mot svolt, skaper ein betre balanse i klimaporteføljen vår.

I tillegg til effektane av tiltak over bistandsbudsjettet retta mot reduksjon av klimagassar har også resten av bistandsbudsjettet effektar – positive eller negative – for klimagassutslepp og klimatilpassing i mottakarlanda. Døme på dette er støtte til infrastrukturtiltak, helse og anna. Slike effektar er krevjande å måle, og dei er ikkje inkluderte i denne oversikta.

Utanriksdepartementet har gjeve Norad, i tett samarbeid med Miljødirektoratet, oppdraget med å gjennomgå og vurdere metodikk og rutinar som blir brukte for å estimere oppnådde utsleppsreduksjonar gjennom norskfinansierte utviklingstiltak. Det er gjort ei kartlegging av metodar brukte til berekning og opplegg for rapportering av utsleppsreduksjonar for heile utviklingsporteføljen og ei vurdering av styrkar og svakheiter ved dei ulike metodane. Oppfølginga av dette arbeidet er no i gang.

Det har til dømes vore arbeidd med å vidareutvikle rapporteringsmekanismane for oppnådde utsleppsreduksjonar som følgje av bistandsinnsatsar, mellom anna gjennom å samle tal for klimaeffektar for fornybarprosjekt i Norads søknadsbaserte ordningar og gjennom dialog med partnarar om korleis metodikk for estimering av utsleppsreduksjonar blir nytta. Det er også gjort overslag for å berekne norsk andel av utsleppsreduksjonar som partnarane har rapportert inn til Noreg. Arbeidet er under utvikling og vil kvalifiserast ytterlegare framover.

Tabell 5.11 Endring i løyving på Utanriksdepartementets budsjett som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2022 til budsjettforslaget for 2023)

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Utsleppseffekt

118

73

Klima, miljøtiltak og hav mv.

-5

Usikker utsleppseffekt

172

71

Regionale bankar og fond

56

Usikker utsleppseffekt

172

70

Verdsbanken

143

Usikker utsleppseffekt

163

70

Miljø og klima

150

Usikker utsleppseffekt

162

71

Matsikkerheit, fisk og landbruk

200

Usikker utsleppseffekt

163

71

Bærekraftige hav og tiltak mot marin forsøpling

-40

Usikker utsleppseffekt

* Alle tiltak medrekna i denne tabellen har klimaeffekt. Fordelinga mellom utsleppsreduksjonar og klimatilpassing varierer og er vanskelege å talfeste heilt presist. Postar utan endring i løyving vil også ha klimaeffekt, til dømes fornybar energi, men desse er ikkje synleggjorde i tabellen. Av kjernestøtta til utviklingsbankane går 35–40 pst. til klimarelevante tiltak.

Kap. 172, post 70 Verdsbanken (143 mill. kroner)

Verdsbanken er den største utlånsinstitusjonen for klimafinansiering i utviklingsland og set no i verk ein ny klimahandlingsplan med ambisiøse mål for utsleppskutt og klimatilpassing. Over ein tredjedel av IDA 20 (2023–2025) går til klimarelevante tiltak. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 143 mill. kroner i 2023. Den delen av auken som går til klimarelevante tiltak vil ha positiv klimaeffekt.

Kap. 172, post 71 Regionale bankar (56 mill. kroner)

Løyvinga gjeld Noregs kjernebidrag til følgjande regionale utviklingsbankar og fond: Afrikabanken, Asiabanken, Den asiatiske investeringsbanken for infrastruktur, Den interamerikanske utviklingsbanken og Nordisk utviklingsfond. Dei regionale bankane er viktige for å nå berekraftsmåla, levere på dei internasjonale klimaforpliktingane og for å fremje større midlar frå fleire kjelder for å finansiere viktige utviklings- og klimatiltak. Det norske kjernebidraget til Afrikafondet (ADF 16, 2023–2025) vil føre med seg ein auke i støtta til klimatiltak i Afrika. Dette vil kunne bidra til reduserte klimagassutslepp i utlandet.

Kap. 162, post 71 Matsikkerheit, fisk og landbruk (200 mill. kroner)

Fleire av tiltaka på posten 162.71 «Matsikkerheit, fisk og landbruk» bidreg til omlegging til klimatilpassa matproduksjon. Nokre av desse tiltaka bidreg mellom anna til å minske utsleppa frå landbrukssektoren. Når det gjeld auken på posten i 2023, går dette i all hovudsak til oppfølging av den nye strategien om matsikkerheit i utviklingspolitikken.

Kap. 163, post 70 Miljø og klima (150 mill. kroner)

Det er store bidrag over posten til multilaterale fond som støttar tiltak for utsleppsreduksjonar i utviklingsland, mellom anna innan fornybar energi, landbruk og skog. Auken på posten skal gå til gjennomføringa av strategien for klimatilpassing, førebygging og innsats mot svolt. Dette skal bidra til å minske klimasårbarheita og svolt i utviklingsland.

Kap. 118, post 73 Klima, miljøtiltak og hav (-5 mill. kroner)

Løyvinga gjeld støtte til klima- og miljøinnsatsar, mellom anna tiltak som bidreg til gjennomføringa av Parisavtalen, berekraftsmåla, Konvensjonen for biologisk mangfald og andre internasjonale miljøavtalar og prosessar og Sendai-rammeverket for førebygging av klima- og naturkatastrofar. Ordninga støttar også arbeidet med reform av fossile subsidiar internasjonalt. Ein nedgang på denne posten kan tenkjast å ha ein indirekte negativ klimaeffekt på lengre sikt, da mindre støtte til det normative arbeidet knytt til gjennomføringa av internasjonale klima- og miljøavtalar kan føre til lågare kapasitet til å gjennomføre klimatiltak. Denne effekten er usikker og vanskeleg å måle.

Kap. 163, post 71 Berekraftige hav og tiltak mot marin forsøpling (-40 mill. kroner)

Tiltak over posten går bla. til innsats mot marin forsøpling, inkludert betre avfallshandtering. Mindre metanutslepp frå søppelfyllingar har ein positiv klimaeffekt. Kutt over denne posten kan tenkjast ha ein negativ effekt, men han er uviss og vanskeleg å måla.

Forklaring til tabell 1:

Tabellen under er utarbeidd/laga av Norad. Tabellen inneheld både rapporterte (ex-post) og forventa (ex-ante) utsleppsreduksjonar. Den norske andelen av anslåtte unngåtte utsleppsreduksjonar blir rekna ut ifrå Noregs andel av den samla offentlege finansieringa. Det er fleire føresetnader og avgrensingar som ligg til grunn for desse tala. Mellom anna er forventa utsleppsreduksjonar eit usikkert tal. Det er brukt ein gjeven berekningsmetode for å anslå kor mykje av utsleppsreduksjonane som følgjer av norsk støtte til tiltaka. Det kan vere dobbeltrapportering, i tillegg er det dels skjønn og visse metodiske føresetnader til metodane som ligg til grunn. Noregs andel vil avhenge både av nivået på norsk finansiering framover og av utviklinga i anna finansiering av dei ulike tiltaka og fonda frå andre gjevarar.

Gitt etablering av Klimainvesteringsfondet så er det venta at unngåtte utsleppsreduksjonar frå norskstøtta tiltak samla sett aukar framover, men storleiken vil avhenge av dei årlege investeringsnivåa, og av at prosjektporteføljen elles ikkje endrar seg i særleg grad.

Tabell 5.12 Tabell 1 – rapportering for 2021 på utsleppsreduksjonar i utlandet. Anslått norsk andel

Program/tiltak

Sektor

Ansvarleg

Pårekna årleg utslepps-reduksjon (tonn CO2ekv.)

Finansiering

Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2ekv.)

Klima- og skogsatsinga (KOS)

Skog

KLD

3 400 000

100 %

3 382 2042

Norfund (den ordinære fornybarporteføljen)

Energi

Norfund

4 500 000

100 %

4 500 0004

Green Climate Fund (GCF)

Fleire sektorar

UD og KLD

54 000 000

Ca. 4,4 %

2 376 0005

Energising Development (EnDev)

Energi

Norad

2 550 000 Mt

Ca. 12 %

306 0006

Scaling Up Renewable Energy Programme (SREP)

Energi

Norad

155 171

Ca. 19 %

29 4829

Sustainable Energy Fund for Africa (SEFA)

Energi

Norad

278 089

Ca. 4 %

11 12410

Private Financing Advisory Network (PFAN)

Energi

Norad

4 260 000

Ca. 11 %

464 34012

Asian Development Bank Energy Co-Financing

Energi

Norad

291 756

Ca. 15 %

46 93713

Global Environment Facility (GEF)*

Fleire sektorar

UD

468 730 000

Ca. 1,94 %

9 093 3623

Energy Sector Management Assistance Program*

Energi

Norad + UD

39 800 000

Ca. 21 %

8 358 0001

Get Fit Uganda*

Energi

Norad

500 000

Ca. 17 %

84 0757

Global Energy Efficiency and Renewable Energy Fund (GEEREF)*

Energi

UD

2 600 000

Ca. 10 %

265 36911

* Forventa resultat baserte på tilgjengelege budsjett.

Notar:

1 I programperioden 2017–2021 har Noreg bidrege med 79 249 000 USD, og samla donorfinansiering var 380 173 000 USD. Forventa årleg utsleppsreduksjon basert på framdrift i prosjekt.

2 Kjøp av tonn i den norske klima- og skogsatsinga.

3 Noregs andel av lovde bidrag for GEF 8 (fireårsperioden 2022–2026). Gjennomsnittleg forventa årleg utsleppsreduksjon frå eit treårsprogram.

4 Norfund bereknar full andel av utsleppsreduksjonar der dei er medinvestor, fordi dei utløyser kommersielle investeringar som elles ikkje ville skjedd. I enkeltinvesteringar kan det finnast dobbelttelling av utsleppsreduksjonar vis-a-vis andre offentlege finansiører som følgje av samfinansiering.

5 Noregs andel av totale lovde bidrag til GCF. Utsleppsreduksjonar baserte på støtta prosjekt.

6 I programperioden (EnDev fase 2) er Noregs bidrag 190 199 212 euro, og bidrag frå gjevarar elles er 1 396 334 479 euro.

7 Noregs bidrag var ca. 15 592 885 euro av samla gjevar finansiering på ca. 92 731 819 euro. Gjennomsnittleg forventa årleg utsleppsreduksjon frå energiporteføljen basert på 20-årige kraftkjøpsavtalar.

9 Noreg har betalt inn 124 000 000 USD, og samla donorfinansiering var 782 000 000 USD.

10 Noreg har betalt inn 4 112 773 USD, og samla donorfinansiering var 107 938 824 USD.

11 Noregs tilskot var 110 095 000 NOK, og samla gjevarbidrag (investeringar frå EU og Tyskland) utgjorde tilsvarande ca. 1 078 672 516 NOK.

12 Noreg bidrog med 5 000 000 kr i 2021, som er 10,9 pst. av eit totalbudsjett på ca. 4,5 mill. EUR.

13 Noreg har bidrege med 46 800 000 USD, og samla gjevarfinansiering er 290 900 00 USD.

5.4.15 Nærings- og fiskeridepartementet

Totalbudsjettet for Nærings- og fiskeridepartementet i 2023 er på om lag 48,6 mrd. kroner eksklusiv lånetransaksjonar og andre kapitaltransaksjonar. Denne summen er fordelt på rundt 110 postar i budsjettet. Grovt sett går i underkant av 2 pst. til Nærings- og fiskeridepartementets eige budsjett, i underkant av 16 pst. til 18 direktorat og andre underliggjande forvaltningsorgan, i overkant av 4 pst. til Noregs forskingsråd, 5 pst. til Innovasjon Noregs innovasjonsverkemiddel, i underkant av 5 pst. til tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk, 3 pst. til romverksemd, 2 pst. til sikring av atomanlegg og trygg handtering av atomavfall og om lag 59 pst. til oljeverksemda til staten. Resterande går til diverse andre mindre tilskotsordningar. I signala frå Nærings- og fiskeridepartementet til underliggjande og tilknytte verksemder er det gjeve forventningar om at desse skal bidra aktivt for å nå klimamåla. Kva klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, har vi ikkje samla oversikt over.

Eksportfinansiering

Budsjettpostane og fullmaktene som gjeld Eksportfinansiering Norge (Eksfin), kap. 2460, og eksportkredittordninga, kap. 2429, medverkar i hovudsak til å fremje norsk eksport.

Det internasjonale regelverket som må følgjast for eksportlån og garantiar, legg til rette for grøn energi ved at det blir tilbode gunstigare finansieringsvilkår enn i andre eksportkontraktar. I tillegg er det forbod mot å finansiere kolkraftverk utan CO2-fangst. Det er òg krav om å vurdere og eventuelt handtere negative miljøeffektar av dei enkelte prosjekta som blir finansierte. I 2022 vart eksportkredittordninga og Alminneleg garantiordning utvida slik at Eksfin også kan gje lån og garantiar til klimavennlege investeringar som har eksportpotensial. Kva slags eksport som blir finansiert, kjem an på kva norske eksportørar produserer, i enkelte tilfelle kan det til dømes vere snakk om utsleppsreduserande batteridrivne ferjer, og i andre tilfelle kan ha høg miljørisiko og vere negativt for klimaet. Det er vanskeleg å berekne netto utsleppseffekt.

Grønt industriløft

I januar 2022 sette regjeringa i gang arbeidet med eit grønt industriløft som skal skape jobbar, auke eksporten og bidra til å kutte klimagassutslepp. Industriløftet byggjer mellom anna på eit tettare samarbeid mellom departementa om rammevilkåra for grøn industri. 23. juni 2022 vart regjeringa sitt vegkart for grønt industriløft lagt fram. Vegkartet syner korleis Noreg skal lykkast med nye, grøne industrietableringar og styrkje den eksisterande industrien. Vegkartet presenterer ambisjonar, verkemiddel og tiltak og markerer startskotet for arbeidet til regjeringa med det grøne industriløftet, som vil utviklast vidare i relevante politikkdokument.

Vegkartet legg fram 100 tiltak som skal bidra til å gode rammevilkår for grøn industri i Noreg. Desse dreier seg mellom anna om tilgang på innsatsfaktorar som kraft, areal, kapital og råvarer, støtte til forsking og innovasjon og om samarbeid med næringslivet, partane i arbeidslivet, klima- og miljørørsla og akademia. Kva for netto utsleppseffekt det grøne industriløftet og vegkartet samla sett vil ha, er krevjande å berekne. Å få til ei betre samordning av verkemiddel for grøn omstilling og utsleppskutt er vurdert å bidra til større reduksjonar i klimagassutslepp på sikt enn utan ei slik samordning. Det er dei ansvarlege sektordepartementa som drøftar relevante enkelttiltak med direkte utsleppseffekt.

Spissing av det næringsretta verkemiddelapparatet inn mot grøn omstilling

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ei dreiing i forskings-og innovasjonsaktivitetane i næringslivet mot meir klima-og miljøvennlege løysingar i heile landet. Grøn omstilling og ein meir effektiv og sirkulær økonomi med auka gjenbruk, kan bidra til at ny industri veks fram, at nye arbeidsplassar blir oppretta, og til eit redusert press på naturressursane våre. For å stimulere til grøn omstilling i næringslivet vil regjeringa prioritere grøne innovasjonsprosjekt. Grøn omstilling og konkurransekraft er mellom anna førande i dei målretta ordningane Grøn plattform og grøne vekstlån.

Regjeringa vil innføre eit hovudprinsipp om at prosjekt som får støtte gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet skal ha ein plass på vegen mot omstillingsmålet for 2030 og at Norge skal være eit lågutsleppssamfunn i 2050. Prinsippet femner både prosjekt med nøytral effekt og prosjekt med positiv effekt på grøn omstilling og er til dømes ikkje til hinder for å støtte gode prosjekt i petroleumsnæringa. Verkemiddelapparatet skal mobilisere gode prosjekt som bidrar til grøn omstilling eller svarer til andre viktige føremål, mellom anna relatert til områdane som er peikt ut i vegkartet for eit grønt industriløft frå regjeringa. Regjeringa foreslår i tillegg å omprioritere delar av midla i det næringsretta verkemiddelapparatet til ein grøn nærings- og eksportomstillingspakke. Omprioriteringane gir uttrykk for ein spissing av verkemiddelapparatet inn mot grøn omstilling. Se nærare omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Tabell 5.13 Endring i løyving på Nærings- og fiskeridepartementets budsjett som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2022 til budsjettforslaget for 2023)

Kap.

Post

Namn på kap. – post

Foreslått endring i mill. kroner

Utsleppseffekt

920

50

Noregs forskingsråd – Tilskot til næringsretta forsking

-214,0

Usikker

920

51

Noregs forskingsråd – Tilskot til marin og maritim forsking

145,5

Usikker

922

71

Romverksemd – Internasjonal romverksemd

10,6

Usikker

922

74

Romverksemd – Nasjonal infrastruktur og tekniske aktivitetar

45,3

Usikker

923

01

Havforskingsinstituttet – Driftsutgifter

-15,3

Usikker

923

22

Havforskingsinstituttet – Fiskeriforsking og -overvaking

17,4

Usikker

926

01

Havforskingsinstituttet, forskingsfartøy – Driftsutgifter

12,4

Usikker

928

21

Anna marin forsking og utvikling – Spesielle driftsutgifter

10,7

Usikker

2421

50

Innovasjon Noreg – Tilskot til etablerarar og bedrifter, inkl. tapsavsetningar

-148,5

Usikker

2421

71

Innovasjon Noreg – Innovative næringsmiljø

-6,4

Usikker

2421

74

Innovasjon Noreg – Reiseliv, profilering, kompetanse

49,4

Usikker

2421

75

Innovasjon Noreg – Grøn plattform

-9,8

Usikker

2421

76

Innovasjon Noreg – Miljøteknologi

-104,2

Usikker

2426

70

Siva SF – Tilskot

-27,4

Usikker

2426

71

Siva SF – Tilskot til testfasilitetar

-18,8

Usikker

2426

72

Siva SF – Risikokapital

35,0

Usikker

2426

95

Siva SF – Eigenkapital

65,0

Usikker

919

73

Diverse fiskeriformål – Tilskot til kompensasjon for CO2-avgift

91,8

Usikker

953

50

Nysnø klimainvesteringer AS – Risikokapital

35,0

Reduserte utslepp

953

95

Nysnø klimainveseringer AS – Kapitalinnskot

65,0

Reduserte utslepp

Løyvingar til kompensasjon for CO2-avgift i fiskerinæringa

Kap. 919 Diverse fiskeriformål, post 73 Tilskot til kompensasjon for CO2-avgift (91,8 mill. kroner)

Fiskeflåten betaler full CO2-avgift. Tidlegare refusjonsordning for innbetalt CO2-avgift er avvikla og erstatta av ei kompensasjonsordning. Kompensasjonsordninga er delt inn i tre grupper: kystflåten, havflåten og kystrekeflåten. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kompensasjonsordninga med 91,8 mill. kroner i 2023. Kompensasjonsordninga er utforma slik at ho ikkje skal motverke effekten CO2-avgifta har på klimagassutslepp. Kompensasjonen er knytt til delen kvart enkelte fartøy har fått av fangsten innanfor kompensasjonsgruppa fartøyet tilhøyrer. Måten ordninga er innretta på, søkjer å gje insentiv til å drive meir klimavennleg ved at dei mest energieffektive og klimavennlege i kvar fartøygruppe sannsynlegvis vil komme betre ut enn med tidlegare regime med refusjonsordning. Det er likevel for tidleg å seie om insentiva verkar etter hensikta. Det er vanskeleg å seie sikkert kva for klimaeffekt auken i kompensasjonsordninga vil ha.

Løyvingar til forsking og innovasjon

Tildelingar til miljø- og klimarelevant forsking og innovasjon over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett skjer mellom anna gjennom tilskot til næringsretta forsking (kap. 920, post 50) og marin og maritim forsking (kap. 920, post 51) under Noregs forskingsråd og gjennom løyvingar til Innovasjon Noreg (kap. 2421) og Siva (kap. 2426). Miljø- og klimarelevant forsking og innovasjon kan til dømes dreie seg om teknologiar som reduserer utslepp og forureining, meir miljø- og klimavennlege produkt og produksjonsprosessar, meir effektiv ressurshandtering og ressursutnytting og infrastruktur og energisystem som reduserer miljøpåverknaden. I samband med budsjettforslaget for 2023 foreslår regjeringa å ta fleire grep for å dreie forskings- og innovasjonsaktivitetane til næringslivet mot meir klima- og miljøvennlege løysingar, jf. omtale av grøn dreiing av det næringsretta verkemiddelapparatet over.

Når Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg vel ut prosjekt, vurderer blir det gjort ei vurdering av miljøverknadene av prosjekta. I porteføljen til Forskingsrådet utgjorde tildelingar til miljø- og/eller klimarelevante prosjekt i næringslivet totalt 808,56 mill. kroner i 2021. Dette utgjer om lag 37 pst. av næringslivsporteføljen. I 2021 gjekk heile 61 pst. av tilsegna om lån og tilskot gjennom Innovasjon Noreg – om lag 5,6 mrd. kroner – til prosjekt med positiv miljøverknad, resterande prosjekt var nøytrale. I 2020 var den tilsvarande prosentdelen 49. Innovasjon Noreg definerer eit prosjekt som å ha positiv miljøverknad når det har ei miljøgrunngjeving. Prosjekta kan til dømes gjelde kommersialisering av miljøteknologi, forbetring av miljøkvalitet på produkt eller miljøsertifisering.

Kap. 920 Noregs forskingsråd, post 50 Tilskot til næringsretta forsking (-214 mill. kroner) og post 51 Tilskot til marin og maritim forsking (145,5 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å redusere tilskotet til næringsretta forsking under Noregs forskingsråd med om lag 214 mill. kroner og auke tilskotet til marin og maritim forsking med rundt 149,5 mill. kroner i 2023. Hovudårsaka til reduksjonen i tilskotet til næringsretta forsking og auken i tilskotet til marin og maritim forsking er at det blir overført om lag 162,4 mill. kroner frå det førstnemnde tilskotet til det andre. Overføringa er ei teknisk justering som følgjer av endringar i ansvarsdelinga mellom næringsministeren og fiskeri- og havministeren. Endringa skal ikkje innebere endra aktivitetsnivå.

I tillegg blir tilskotet til næringsretta forsking påverka av at den første treårige prosjektperioden (2020–2022) for Grøn plattform er over. Midlane til den første runden med prosjekt vart fordelte mellom Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva. Regjeringa foreslår samstundes å leggje til rette for ein ny utlysingsrunde gjennom plattforma for perioden 2023–2025 på totalt 600 mill. kroner fordelte på dei tre aktørane. Formålet med Grøn plattform er å skape samfunnsøkonomisk lønnsamt og berekraftig næringsliv som bidreg til grøn omstilling. Ei ny treårig satsing på Grøn plattform kan føre til auka klima- og miljørelevant forskings- og innovasjonsaktivitet, men utsleppseffekten er usikker. I tillegg foreslår regjeringa at minst 300 mill. kroner av Nærings- og fiskeridepartementet sine middel til innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN) i Forskingsrådet skal gå til prosjekt som har ein plass på vegen mot lågutsleppssamfunnet. Regjeringa foreslår også å redusere tilskotet til marin og maritim forsking med 25 mill. kroner. Reduserte løyvingar til forsking kan føre til ein reduksjon i klima- og miljørelevant forskingsaktivitet, men utsleppseffekten er usikker.

Kap. 922 Romverksemd, post 71 Internasjonal romverksemd (10,6 mill. kroner) og post 74 Nasjonal infrastruktur og tekniske aktivitetar (45,3 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til internasjonal romverksemd med 10,6 mill. kroner og løyvinga til romrelatert nasjonal infrastruktur og tekniske aktivitetar med 45,3 mill. kroner. Hovudårsaka til auken i dei to løyvingane er at regjeringa prioriterer vidare deltaking i dei industriretta programma til Den europeiske romorganisasjonen ESA (post 71) og samarbeid med ESA om utvikling av eit nasjonalt system for satellittbasert havovervaking (post 74). ESA-teknologi bidreg mellom anna i utviklinga av klima- og miljørelevante tenester og skal setje Noreg og Europa betre i stand til å møte framtida med grøne og berekraftige løysingar. Samstundes kan auka romaktivitet føre til auka utslepp av klimagassar. Utsleppseffekten av ein auke i løyvingane er difor usikker.

Kap. 923 Havforskingsinstituttet, post 01 Driftsutgifter (-15,3 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til driftsutgifter ved Havforskingsinstituttet med om lag 15,3 mill. kroner. Havforskingsinstituttet driv mellom anna med forsking på konsekvensane av klimaendringar og forureining på havet. Reduksjonen i løyvinga er hovudsakleg knytt til auka kostnader til drift av forskingsfartøy, jf. omtale av kap. 926, post 01 under, og inndekning av kostnader knytte til reetablering av Lofoten-Vesterålen havobservatorium. Samstundes foreslår regjeringa å tilføre instituttet 7,5 mill. kroner for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for utvikling av havvind. Havforskingsinstituttet fastset sjølv korleis løyvinga skal brukast innanfor rammene av instruks og tildelingsbrev. Samla sett kan ein reduksjon i løyvinga føre til redusert klima- og miljørelevant forskingsaktivitet, men utsleppseffekten er usikker.

Kap. 923 Havforskingsinstituttet, post 22 Fiskeriforsking og -overvaking (17,4 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til fiskeriforsking og -overvaking i Havforskingsinstituttet med 17,4 mill. kroner. Endringa i løyvinga følgjer av nye overslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta. Løyvinga går i hovudsak til å finansiere tokt for å overvake marine ressursar. Auka toktaktivitet kan isolert sett føre til auka utslepp av klimagassar. På den andre sida bidreg overvakinga til klimarelevant forsking og kunnskap om effektar av klimaendringane. Det er difor usikkert i kva grad budsjettendringa påverkar klimagassutslepp.

Kap. 926 Havforskingsinstituttet, forskingsfartøy, post 01 Driftsutgifter (12,4 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til driftsutgifter ved Havforskingsinstituttets forskingsfartøy med om lag 12,4 mill. kroner. Løyvinga går til å dekkje lønns- og pensjonskostnader og utgifter til drift og vedlikehald knytte til fleire forskingsfartøy. Fartøya blir brukte til å gjennomføre tokt for å overvake marine ressursar. Auken i løyvinga er mellom anna knytt til drifta av eit nytt kystgåande forskingsfartøy og nye autonome forskingsfarkostar. Auka aktivitet for fartøya kan isolert sett føre til auka utslepp av klimagassar. På den andre sida bidreg overvakinga som skjer på fartøya til klimarelevant forsking og kunnskap om effektar av klimaendringane. Det er difor usikkert i kva grad budsjettendringa påverkar klimagassutslepp.

Kap. 928 Anna marin forsking og utvikling, post 21 Spesielle driftsutgifter (10,7 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å styrkje løyvinga til spesielle driftsutgifter under kapittelet for anna marin forsking og utvikling med 10,7 mill. kroner. Hovudårsaka til endringa er at regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til polarforskingsprogrammet «GoNorth» over posten. Formålet med programmet er å fremje norsk forskingsinnsats i og om Polhavet. Auka aktivitet på forskingsfartøy kan isolert sett føre til auka utslepp av klimagassar. På den andre sida kan programmet bidra til auka kunnskap om konsekvensar av klimaendringane. Det er difor usikkert i kva grad budsjettendringa påverkar klimagassutslepp.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg, post 50 Tilskot til etablerarar og bedrifter, inkl. tapsavsetningar (-148,5 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til tapsavsetning for innovasjonslåneordninga, innovasjonskontraktar og innovasjonspartnarskap under Innovasjon Noreg med til saman om lag 148,5 mill. kroner. Desse ordningane kan nyttast til innovative prosjekt innan alle bransjar. Reduserte løyvingar til innovasjon i næringslivet kan føre til redusert klima- og miljørelevant innovasjonsaktivitet. Budsjettendringa påverkar ikkje ordningane for etablerarar og entreprenørskap som blir finansierte over den same posten.

Samstundes foreslår regjeringa å auke øyremerkinga til grøne vekstlån innanfor innovasjonslåneordninga til Innovasjon Noreg, slik at selskapet kan tilby fleire lån til grøne prosjekt i næringslivet. Grøne vekstlån er eit låneprodukt som premierer bedrifter og prosjekt som direkte bidreg til å realisere klimamåla til Noreg. Regjeringa foreslår å auke utlånsramma for grøne vekstlån til 900 mill. kroner i 2023. Full utnytting av ramma føreset norsk deltaking i EUs investeringsprogram InvestEU og avtalar om risikoavlasting mellom Innovasjon Noreg og Det europeiske investeringsfondet (EIF). Det er venta at norsk deltaking i programmet kan bli formalisert gjennom avtalar med Europakommisjonen mot slutten av 2022. Det maksimale utlånsvolumet for grøne vekstlån er avgrensa til 300 mill. kroner i 2022 sidan slike avtalar førebels ikkje er implementerte. Med forslaget til regjeringa vil den totale utlånsramma utgjere 900 mill. kroner når InvestEU blir sett i verk i Noreg. Ein auke i ramma for grøne vekstlån kan føre til meir klima- og miljørelevant innovasjonsaktivitet i næringslivet og på sikt bidra til å avgrense klimaendringane. Samla sett er utsleppseffekten av endringa i løyvinga usikker.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg, post 71 Innovative næringsmiljø (-6,4 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til innovative næringsmiljø gjennom Innovasjon Noreg med om lag 6,4 mill. kroner. Løyvinga går til å støtte innovasjon og fornying i regionale næringsklyngjer, gjennom auka samarbeid og nettverk. Reduserte løyvingar til innovasjonsmiljø kan føre til redusert klima- og miljørelevant innovasjonsaktivitet i næringslivet, men utsleppseffekten er usikker.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg, post 74 Reiseliv, profilering, kompetanse (49,4 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til reiseliv, profilering og kompetanse under Innovasjon Noreg med om lag 49,4 mill. kroner. Løyvinga går mellom anna til tiltak for reiselivsnæringa, den internasjonale verksemda i Innovasjon Noreg, eksportfremmeaktivitetar, mobilisering til norsk deltaking i EU-programmer og andre internasjonaliseringstiltak. Aukinga i løyvinga er hovudsakleg knytt til ein styrking av eksportfremmeordningane til Innovasjon Noreg. Ein auke i løyvinga kan mellom anna føre til økt eksport og opptak av norske klima- og miljørelevante løysningar på den internasjonale marknaden, men utsleppseffekten er usikker.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg, post 75 Grøn plattform (-9,8 mill. kroner) og kap. 2426 Siva SF, post 71 Tilskot til testfasilitetar (-18,8 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til arbeidet med Grøn plattform i Innovasjon Noreg med 9,8 mill. kroner og tilskotet til testfasilitetar under Siva med 18,8 mill. kroner i 2023. Hovudårsaka til endringane i løyvingane er at den treårige satsinga på Grøn plattform i perioden 2020–2022 blir justert ut, jf. omtale av kap. 920, post 50, over. Samstundes foreslår regjeringa å leggje til rette for ein ny utlysingsrunde gjennom plattforma for perioden 2023–2025. Ei ny treårig satsing på Grøn plattform kan føre til auka klima- og miljørelevant forskings- og innovasjonsaktivitet, men utsleppseffekten er usikker.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg, post 76 Miljøteknologi (-104,2 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til miljøteknologiordninga under Innovasjon Noreg med om lag 104,2 mill. kroner. Miljøteknologiordninga støttar pilot- og demonstrasjonsprosjekt som utviklar innovative løysingar med meir miljøvennleg teknologi. Det er ikkje eit direkte krav at prosjekta som får støtte gjennom ordninga, skal føre til lågare klimagassutslepp, men prosjekta skal medverke til at produkt og prosessar med positiv miljøpåverknad blir tekne i bruk. Reduserte løyvingar til ordninga kan føre til redusert klima- og miljørelevant innovasjonsaktivitet i næringslivet, men utsleppseffekten er usikker.

Kap 2426 Siva SF, post 70 Tilskot (-27,4 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å redusere tilskotet til Siva med om lag 27,4 mill. kroner. Tilskotet dekkjer utgifter som i liten grad varierer med oppdragsmengda til Siva frå staten og fylkeskommunane. I tillegg dekkjer tilskotet arbeidet i Siva med å følgje opp eigarskap i innovasjonsselskap og klyngjeprogrammet. Tilskotet finansierer også deltaking frå Siva i nasjonal politikkutforming og regionale utviklingsprosessar. Hovudårsaka til at løyvinga blir redusert er forslag om ein eittårig reduksjon på 33,5 mill. kroner som følgje av at Siva har hatt eit mindreforbuk på posten knytt til tidlegare løyvingar. Det blir lagt til grunn at Siva nyttar mindreforbruket på 33,5 mill. kroner i 2023 i staden for ordinært tilskot, og at endringa ikkje skal innebere endra aktivitetsnivå. Samstundes foreslår regjeringa å styrkje løyvinga til Siva med 5 mill. kroner for å gje selskapet ei rolle innan rettleiing og koordinering av relevante aktørar innanfor tilrettelegging av industritomter. Ein auka innsats retta mot industrien i Noreg gjennom Siva kan bidra til auka grøn industriutvikling og reduserte klimagassutslepp på sikt, men effekten er usikker.

Kap. 2426 Siva SF, post 72 Risikokapital (35 mill. kroner) og post 95 Kapitalinnskot (65 mill. kroner)

Regjeringa foreslår å styrkje eigedomsverksemda i Siva med 100 mill. kroner i eigenkapital i 2023, fordelt med 35 mill. kroner i risikokapital og 65 mill. kroner som kapitalinnskot. Styrkinga skal setje Siva i stand til å bidra i tilrettelegginga for industri- og eigedomsprosjekt og utviklinga av grøn industri i Noreg. Ein auka innsats retta mot grøn industriutvikling i Noreg gjennom Siva kan bidra til reduserte klimagassutslepp på sikt, men effekten er usikker.

Løyvingar til Nysnø Klimainvesteringer AS

Kap. 953 Nysnø Klimainvesteringer AS, post 50 Risikokapital og 95 Kapitalinnskot (100 mill. kroner)

Grunngjevinga til staten for eigarskapen i Nysnø Klimainvesteringer AS (Nysnø) er å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom lønnsame investeringar. Målet til staten som eigar er høgast mogleg avkastning over tid. Formålet til selskapet er å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar som direkte eller indirekte bidreg til dette. Investeringane skal i hovudsak rettast mot ny teknologi i overgangen frå teknologiutvikling til kommersialisering. Investeringsfokuset for selskapet skal vere bedrifter i tidlege fasar.

Ny teknologi bidreg til det grøne skiftet og til å byggje lågutsleppssamfunnet i framtida. Kapitaltilgang i eit formålstenleg omfang fremjar investeringar, og Nysnø er eit verkemiddel for å bidra til kapitaltilgang for norske unoterte vekstbedrifter som kommersialiserer klimavennleg teknologi.

Løyvinga til risikokapital og kapitaltilskot til Nysnø er auka frå 500 mill. kroner i statsbudsjettet for 2022 til 600 mill. kroner i statsbudsjettet for 2023. Auken på 100 mill. kroner fordeler seg på 35. mill. kroner til risikokapital og 65 mill. kroner kapitaltilskot. Auken har truleg positiv effekt på klimagassutslepp (det vil seie reduksjon i utslepp).

Det er krevjande å kvantifisere effekten på klimagassutslepp, da Nysnø investerer i teknologi og selskap i tidlege fasar. Særleg ny teknologi kan ha ein stor effekt i framtida som er vanskeleg å estimere no. Nysnø har per utgangen av 2021 investert i tolv selskap og elleve fond. Nysnø gjev i årsrapporten informasjon om kvart enkelt porteføljeselskap og fond, inkludert korleis forretningsmodellen til selskapa bidreg til klimagassreduksjon.

Kapital til Nysnø er løyvd med 35 pst. risikokapital «over streken» (post 50) og 65 pst. anna kapitalinnskot «under streken» (post 95). Denne budsjetteringspraksisen er grunngjeven i Prop. 1 S (2017–2018).

5.4.16 Samferdselsdepartementet

Budsjettforslaget frå Samferdselsdepartementet er på 82,8 mrd. kroner. Desse utgiftene er fordelte på i overkant av 40 ulike budsjettpostar av svært ulik karakter. Om lag 6 pst. av utgiftene går til drift av departement og underliggjande etatar (01-postar), medan resten er fordelt på ulike postar som omfattar alt frå investeringar i infrastruktur, drift og vedlikehald til forsking og tilsynsoppgåver m.m. I mange tilfelle vil det òg variere frå år til år kva som inngår i dei ulike postane.

Løyvingar over budsjettet til Samferdselsdepartementet kan påverke klimagassutslepp på fleire måtar. Løyvingar til bygging, drift og vedlikehald av infrastruktur påverkar klimagassutslepp gjennom bruk av køyretøy og maskiner som bruker fossile drivstoff. Ved overgang til nullutsleppsløysingar eller bruk av biodrivstoff vil effekten av desse løyvingane på utslepp bli mindre. Bygging av infrastruktur vil også påverke utsleppa gjennom arealbruksendringar. Vi har til no mangla gode tal for desse utsleppa, men for transportverksemdene er det i gang eit utgreiingsarbeid knytt til klimagassutslepp ved arealbruksendringar. Samferdselsdepartementet har også bede verksemdene om å fastsetje eit felles sett med utsleppsfaktorar for arealbruksendringar, og klimaeffekten som følgjer av arealbruksendringar, skal inngå i dei samfunnsøkonomiske analysane.

Løyvingar som påverkar trafikkomfanget eller konkurranseforholdet mellom ulike transportformer, kan også påverke klimagassutsleppa. Døme kan vere statleg bidrag til byvekstavtalar som mellom anna går til gang-, sykkel- og kollektivtiltak og tilskot til overføring av gods frå veg til sjø.

Klimaeffekten av Samferdselsdepartementets budsjettforslag samanlikna med fjorårsbudsjettet er vanskeleg å berekne. Dei foreslåtte budsjettendringane trekkjer i ulike retningar, og for fleire av endringane er det usikkert i kva retning effekten går.

Tabell 5.14 Endring i løyving på Samferdselsdepartementets budsjett som har ein klimaeffekt (endring frå saldert budsjett 2022 til budsjettforslaget for 2023)

Kap.

Post

Namn på post

Foreslått endring i mill. kroner

Utsleppseffekt

1320

22

Drift og vedlikehald av riksvegar

1 040,9

Usikker

1320

29

OPS-prosjekt

1 246,6

Redusert opptak

1320

30

Riksveginvesteringar

-2 576,5

Redusert utslepp

1320

73

Tilskot til reduserte bompengetakstar utanfor byområda

-393,8

Usikker

1321

71

Tilskot til særskilde infrastrukturprosjekt

-500,0

Redusert utslepp

1332

63

Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt

-55,0

Usikker

1332

66

Tilskot til byområde

328,0

Redusert utslepp

1352

70

Kjøp av persontransport med tog

1 025,8

Usikker

1352

73

Kjøp av infrastrukturtenester

-1 543,0

Usikker

Kap. 1320, post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar (1 040,9 mill. kroner)

Det er foreslått å auke løyvinga med om lag 1 mrd. kroner som i hovudsak følgjer av prisvekst i marknaden, og utsleppseffekten er difor usikker.

Kap. 1320, post 29 OPS-prosjekt (1 246,6 mill. kroner)

Det er foreslått ein auke på 1,2 mrd. kroner som kan bidra til redusert opptak som følgje av arealbruksendringar og utslepp frå byggjefasen.

Kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar (-2 576,5 mill. kroner)

Posten er foreslått redusert med 2,6 mrd. kroner og vil truleg gje reduserte utslepp i byggjefasen som følgje av at færre nye investeringsprosjekt blir starta opp.

Kap. 1321, post 71 Tilskot til særskilde infrastrukturprosjekt (-500 mill. kroner)

Det er foreslått å redusere løyvinga med 500 mill. kroner. Nye Vegar AS styrer sjølv framdrifta i investeringsporteføljen sin, men ei redusert løyving til Nye Vegar vil på generelt grunnlag føre til lågare aktivitet over tid og dermed lågare utslepp i byggjefasen.

Kap. 1332, post 63 Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt (-55 mill. kroner)

Løyvinga er foreslått redusert i 2023, som følgje av at eitt av prosjekta som får tilskot over denne budsjettposten, blir opna i 2022. Det vil gje ei styrking av kollektivtilbodet som kan bidra til utsleppsreduksjon. I dei tre andre prosjekta held utbygginga fram i 2023. Samla utsleppseffekt er difor usikker.

Kap. 1332, post 66 Tilskot til byområda (328,2 mill. kroner)

Løyvingane til byvekstavtalar, som omfattar både investeringar i kollektiv-, gange- og sykkeltiltak og tilskot til drift av kollektivtransport,

vil på sikt auke tilbodet av kollektivtransport og gje betre tilrettelegging for dei som syklar og går, og dermed bidra til å redusere veksten i persontransport med bil.

Kap. 1320, post 73 Tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda (-393,8 mill. kroner)

Den utvida delen av tilskot til reduserte bompengetakstar utanfor byområda som kom under bompengeavtalen til den førre regjeringa, vart tidlegare nytta til å redusere takstar og til fritak for bompengeinnkrevjing på sideveg i enkelte bompengefinansierte prosjekt. Den vart også nytta til å betale ned bompengegjeld utan at takstane vart reduserte. Det er difor usikkert kva effekt redusert løyving vil ha.

Kap. 1352, post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar (-1 543 mill. kroner)

Løyvingane gjeld investeringar i jernbane. Det er framleis eit høgt aktivitetsnivå på jernbanen sjølv om det er foreslått eit redusert løyve i 2023, og det er usikkert korleis utslepp frå trafikken påverkar utsleppa i 2023.

Kap. 1352, post 70 Kjøp av persontransport med tog (1 025,8 mill. kroner)

I 2023 er det foreslått ein auke på post 70 Kjøp av persontransport med tog. Auken gjeld i hovudsak auka utgifter til Trafikkpakke 1–3 etter reforhandlingar med togoperatørane som følgje av koronapandemien og kompensasjon for auka infrastrukturavgift. Difor inneber auken i liten grad ei endring i aktiviteten, og dermed blir utsleppa truleg ikkje påverka i nemneverdig grad.

Til forsiden