Rettleiar om barn og unge i plan og byggesak

Til innholdsfortegnelse

1 Kva inneber interessene til barn og unge?

God og gjennomtenkt planlegging er grunnleggjande for at barn får trygge oppvekstvilkår og eit godt utgangspunkt for god helse. Det må vere enkelt og trygt å gå og sykle til skulen, venner og fritidsaktivitetar, og det må finnast område for fysisk utfalding. Det inneber mellom anna at ein legg til rette for gode og trygge møteplassar og aktivitetsfremjande omgivnader som gir varierte arenaer for sosialt samvær, leik og utfalding. Det må finnast areal og stader der ulike aldersgrupper kan opphalde og utfalde seg. Barn er ulike. Eldre barn og ungdommar rører seg i ein større radius enn mindre barn. Nokre treng større område der dei kan sykle, skate, drive med ulike typar ballspel eller andre aktivitetar. Andre vil ha rolege og litt verna møteplassar der dei kan prate eller leike saman.

Nesten all planlegging har innverknad på nærmiljøet og oppvekstvilkåra for barn og unge på kort og/eller lang sikt. Derfor er det viktig at dei som planlegg og byggjer, tek ekstra omsyn til barn og unge og deira behov. I saker som gjeld barn og unge, bør barnetråkk og fråsegner frå barna sjølv, elevråd, ungdomsråd og ungdommens bystyre brukast som dokumentasjon.

Barn og unge er framheva spesielt i formålsparagrafen i plan- og bygningslova fordi dei skil seg frå andre grupper. Dei er umyndige, har liten innverknad og er heilt avhengige av at vaksne tek hand om deira interesser i plan- og byggjesaker. Planlegging etter plan- og bygningslova skal leggje vekt på langsiktige løysingar, og det skal gjerast greie for konsekvensar for miljø og samfunn. Omsynet til oppvekstvilkåra for barn og unge skal sikrast i planlegginga og i kvart enkelt byggjetiltak.

Medverknad frå barn og unge er ei kjelde til idear og forslag som kan gjere staden meir spennande og attraktiv og meir tilpassa deira ønske og behov. Aktiv deltaking i samfunnsplanlegging og stadutviklingsprosessar kan òg føre til at ungdommen får ei meir positiv haldning til staden og større lyst til å bu der i framtida.

Til forsiden