St.meld. nr. 12 (1997-98)

Kredittmeldinga 1996

Til innholdsfortegnelse

3 Verksemda til Noregs Bank i 1996

3.1 Årsmeldinga for 1996

Årsmeldinga 1996 for Noregs Bank vart behandla og godkjend i hovudstyremøte 19. februar 1996. Etter § 28 i lov av 24 mai 1985 nr 28 om Noregs Bank og pengevesenet (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet for å bli lagde fram for Kongen og gjerast kjende for Stortinget. Etter § 5 i instruks for Riksrevisjonens kontroll med Noregs Bank skal Riksrevisjonen òg sende årsmeldinga og rekneskapen frå Noregs Bank til Stortinget.

3.1.1 Leiing og administrasjon

3.1.1.1 Hovudstyret

Hovudstyret har sju medlemmer som er oppnemnde av Kongen, jf § 6 i sentralbanklova. Sentralbanksjefen er leiar, og visesentralbanksjefen er nestleiar i hovudstyret. Hovudstyret blir supplert med to medlemmer som representerer dei tilsette i banken når styret har oppe administrative saker. Hovudstyret hadde 27 møte i 1996. Boks 3.1 viser samansetjinga av hovudstyret i 1996.

Boks 3.1 Hovudstyret i Noregs Bank

Hovudstyret var i 1996 samansett slik (vararepresentantar i parentes):

Sentralbanksjef Kjell Storvik, leiar

Visesentralbanksjef Jarle Bergo, nestleiar

Direktør Tove Strand Gerhardsen, 1994-97 (adm.direktør Svein Longva)

Rådmann Dagfinn Høybråten, 1996-99 (husmor Oddbjørg Venås)

Direktør Arnulf Ingebrigtsen, 1994-97 (lærar Elisabeth Aspaker)

Nestleiar Esther Kostøl, 1994-97 (nestleiar Eystein Gjelsvik)

Gardbrukar Lars Velsand, 1996-99 (ordførar Åse Grønlien Østmo)

Representantar for dei tilsette:

Førstefullmektig Thomas Deaton (førstefullmektig Anita Bredesen Mallidis)

Mekanikar Espen Halvorsen (fullmektig Elisabeth Gamst Mathisen)

3.1.1.2 Representantskapet

Stortinget oppnemner eit representantskap med 15 medlemmer og vel leiar og nestleiar, jf sentralbanklova § 7.

Boks 3.2 Representantskapet i Noregs Bank

Representantskapet var i 1996 samansett slik (vararepresentantar i parentes):

Magister Paul Thyness, leiar, 1996-99 (forretningsdrivande Karin Næsvold)

Rektor Geirmund Ihle, nestleiar, 1994-97 (rektor Steinar Frithjof Dreyer)

Siviløkonom Odd Rambøl, 1996-99 (lærar Ragnhild Weiseth)

Sekretær Berit I. Hultmann, 1994-97 (pensjonist Knut Haugland)

Gardbrukar Inge Høyen, 1996-99 (kontorsjef Ingunn Rongved)

Statsautorisert revisor Gerd Leira, 1996-99 (siviløkonom Thor Albert)

Førstekonsulent Veslemøy Rabe, 1996-99 (skolesjef Jon Bjørnebekk)

Husmor Reidun Romfo, 1996-99 (adjunkt Elsa Skarbøvik)

Ass. fylkesrådmann Johan Solheim, 1996-99 (salssjef Armand Bjørnholt)

Advokat Morten Steenstrup, 1996-99 (avd.sjef/siv.øk. Bente Lier)

Kontorfullmektig Aslaug Mildrid Sofie Eriksen, 1994-97 (sosionom Marit Rotnes)

Rektor Elisabeth Dobloug Guldbrandsen, 1994-97 (sjukepleiar Kari Lerang)

Pensjonist Jens Marcussen, 1994-97 (pensjonist Hakon Lunde)

Fiskeoppdrettar Hans P. Meland, 1994-97 (verksemdsleiar Hanne Varhaug Såberg)

Rektor Per Aas, 1994-97 (cand.oecon. Thor-Eirik Gulbransen)

3.1.1.3 Personale

Noregs Bank hadde pr 31. desember 1996 til saman 1182 heil- og deltidstilsette. Dette er 38 færre enn ved utgangen av 1995 og 71 færre enn i 1994. Tabell 2.1 viser fordelinga av dei fast tilsette i banken på hovudkontoret og andre einingar.

Tabell 3.1 Fordeling av dei faste tilsette i Noregs Bank på hovudkontoret og andre einingar

1993199419951996
Hovudkontoret618623618599
Avdelingane utanfor Oslo441459443424
Seteltrykkeriet og Den Kongelege Mynt171171159159
Sum1 2301 2531 2201 182

3.1.1.4 Bruken av ressursar i Noregs Bank

På det internadministrative området har Noregs Bank dei siste åra arbeidd med ein samla gjennomgang av ressursbruken og den framtidige dimensjoneringa av sentralbanken. I Kredittmeldinga for 1995 vart det med bakgrunn i ein rapport frå Noregs Bank om utviklinga i sentralbankens oppgåver og ressursbruk gitt ein brei omtale av dette arbeidet. Noregs Bank viste her mellom anna til at hovudstyret i 1995 bestemte at notatet «Norges Bank - oppgaver og dimensjonering» skulle leggjast til grunn for den vidare drøftinga av kva for oppgåver sentralbanken skal utføre i framtida, og av storleiken på ressursbruken. Det vart vidare gjort greie for utviklinga i arbeidet fram til hausten 1996.

Bank har i brev til departementet 15. august 1997 gjort greie for den vidare utviklinga i dette arbeidet. I brevet skriv Noregs Bank:

«Endra rammeføresetnader og bortfall av oppgåver har dei seinare åra sett søkjelyset på dimensjoneringa og den samla ressursbruken i sentralbanken. Såvel frå dei sentrale styresmaktene som frå anna hald blir banken stilt overfor krav om effektiv ressursutnytting. I Kredittmeldinga for 1995 vart det med bakgrunn i Noregs Bank sin rapport gitt ein brei omtale av gjennomgang av oppgåver og ressursbruk fram til hausten 1996. Departementet uttalte då følgjande:

«Departementet har merka seg det arbeidet Noregs Bank har sett i gang for å vurdere ressursbruken. Etter departementet sitt syn er det viktig at Noregs Banks verksemd er så effektiv som mogeleg. Departementet vil be om ein årleg rapport om utviklinga og eventuelle avvik i det planlagte arbeidet.»

Arbeidet med framtidig dimensjonering og bruk av ressursar er i samsvar med dette ført vidare gjennom 1996. Analysen av ressursbruken skal femne sentralbankens si totale verksemd.

Av praktiske grunnar har gjennomgangen vore delt i to fasar. I den første som vart gjennomført hausten 1996, gjennomgikk ein den vesentlege delen av verksemda ved hovudkontoret og dei tilgrensande funksjonane. Dette leidde til at hovudstyret 16. oktober 1996 slutta seg til sentralbanksjefen sitt forslag til plan for ressursbruk og dimensjonering for perioden 1997-99. Denne planen femner i første omgang ikkje om heile banken. Setel- og mynthandsaminga og dei to produksjonsverksemdene, Noregs Banks Seteltrykkjeri (NBS) og Den Kongelege Mynt (DKM), blir vurderte for seg.

I hovudtrekk inneber planen ein sterkare konsentrasjon om sentralbanken sine kjerneoppgåver på kostnad av oppgåver banken utfører for det offentlege og private. Dette er på line med endringar som er gjennomførte i andre sentralbankar dei siste åra Planen inneber at talet på årsverk blir redusert med i overkant av hundre i perioden 1997-99. Av dette utgjer engasjementsoppfølging for Statens nærings- og distriktsutviklingsfond - som vart avvikla 31. desember 1996 - om lag 40 årsverk, medan redusert arbeid knytt til bankforretningar for staten og eigne tilsette utgjer om lag 25 årsverk. Ulike typar støtteaktivitetar og valutastatistikkarbeid blir redusert med om lag 20 årsverk kvar. Resten av reduksjonen er fordelt på fleire ulike mindre oppgåver.

Den andre fasen omfattar den andre delen av sentralbanken si verksemd, herunder distriktsavdelingane. Denne gjennomgangen tar såleis for seg Noregs Banks oppgåver når det gjeld distribuering, lagerhald og generelt sett tilførsel til samfunnet med dei tradisjonelle betalingsmidla: setlar og mynt. Ei særskild arbeidsgruppe har utgreidd Noregs Bank sine oppgåver knytte til setel- og myntområdet og la ved utgangen av 1996 fram ein rapport. Til liks med den nemnde planen for ressursbruk og dimensjonering 1997-99 vart og rapporten om setel- og myntområdet drøfta vidare i ei eiga plangruppe med representantar for leiinga og dei tilsette. Hovudstyret gav i møte 20. juni si tilslutning til hovudretningsliner for det vidare arbeid i Noregs Bank med setlar og mynt. Den endelege handsaminga i hovudstyret og representantskapet vil finne stad mot slutten av 1997. Arbeidet på dette området må ein elles sjå i lys av det ansvaret Noregs Bank har etter sentralbanklova for å fremje eit effektivt betalingssystem og i lys av Stortinget si tidlegare fråsegn om at distriktsnettet i Noregs Bank primært må vurderast ut frå det behovet Noregs Bank har for å sikre effektiv distribuering av betalingsmiddel.

Dei styrande organa i banken vedtok i 1996 eit sett med personalpolitiske tiltak for lettare å kunne gjennomføre omstillingstiltak. Tiltaka er i det heile like dei tiltaka som elles gjeld i statsforvaltninga. Tiltaka kan nyttast overfor tilsette som blir overtalige, mellom anna av di samarbeidet med Statens nærings- og distriktsutviklingsfond er avvikla. Dei medarbeidarane som dette gjeld, er anten overførte til anna arbeid i banken, eller er omfatta av dei personalpolitiske tiltaka med sikte på å avvikle arbeidsforholdet.

Gjennomgangen av stabs- og støtteaktivitetane som starta i 1994, har som mål at ein i løpet av ein periode på 5 år skal redusere talet på årsverk til stabs- og støttefunksjonar med 20 %, tilsvarande om lag 60 årsverk. Fram til 1996 er talet på slike årsverk redusert med om lag 40. Denne målsettinga blir no ført vidare i planen for perioden 1997-99 og blir elles sett saman med bruken av ressursar i dei andre områda i banken.

I budsjettretningslinjene for 1996 sette banken som mål at driftspostane i internrekneskapen (eksklusiv produksjonsverksemdene) skulle vise ein reell nedgang på 1,5 pst. i høve til rekneskapen for 1994. Nedgangen vart på ca 5 pst. Inntektene var tilnærma uendra i høve til 1994.

Verksemda ved DKM har i 1996 vore prega av utskiftinga av myntrekkja. Det vart totalt produsert 781 tonn mynt. Produksjonen i 1995 og 1994 var til samanlikning 742 og 481 tonn. NBS leverte færre setlar i 1996 enn i 1995 på grunn av reduserte leveringar av 200- og 100 kronesetlar. Samstundes auka leveringane av 50-kronesetelen.

Forretningsverksemda ved DKM gav eit dårlegare resultat i 1996 enn i 1995 som følgje av utviklinga innanfor medaljeproduksjonen og eksportproduksjonen av utanlandsk skiljemynt. Også innanfor forretningsverksemda ved NBS var resultatet svakt. Verksemda har hatt tekniske problem med offsetproduksjonen av frimerke. Resultatet frå eksportsatsinga for setlar har heller ikkje vorte som ein ønskte. Den aktive satsinga på eksport av setlar vart difor avslutta hausten 1996. Ved ledig kapasitet tek verksemda likevel småordrar.

Banken vil fastleggje strategiske retningsliner og vidareutvikle styringa av dei to produksjonsverksemdene.

Inngangen av setlar vart redusert med 2 pst. i høve til 1995. Inngangen av mynt auka med 9 pst. Gebyrinntektene frå sal av minibanksetlar auka frå 8,8 millionar kroner til 15,4 millionar kroner. Auke i prisen på setlar pakka i minibankkvalitet er årsaka til den store inntektsauken.

Det har vore ein viss auke i ressursbruken i dei fagøkonomiske einingane i 1996 og så langt i 1997. Dette har mellom anna samanheng med at den operative forvaltninga av Statens petroleumsfond er lagt til Noregs Bank, og at fondet venteleg vil auke mykje dei nærmaste åra. For å styrkje banken sin kompetanse som forvaltar av Statens petroleumsfond, vart talet på årsverk auka med sju i budsjettet for 1997. Under handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett for 1997 slutta Stortinget seg til Regjeringa sitt framlegg om den framtidige forvaltninga av petroleumsfondet, og at ansvaret for den operative delen framleis skal liggje i Noregs Bank. Stortinget sitt vedtak inneber at petroleumsfondet frå og med 1998 òg skal kunne investere i aksjar, noko som vil stille Noregs Bank framfor auka krav til kompetanse. Likeins vil det vere naudsynt å etablere trygge system for risikostyring og oversikt. Det blir no arbeidd med å byggje opp den eininga som skal ivareta desse oppgåvene som kapitalforvaltninga vil medføre for Noregs Bank. Det vil venteleg bli behov for å auke bemanninga ytterlegare på dette området i åra frametter.

Noregs Bank vil så snart analysen av banken si samla verksemd er gjennomført, gjere nærmare greie for utviklinga og eventuelle avvik i høve til dei måla som blir fastsette.»

Departementet merkar seg det arbeidet i Noregs Bank gjer for å sikre ein effektiv ressursbruk. Etter departementet sitt syn er det viktig at verksemda i Noregs Bank er så effektiv som mogleg.

3.1.2 Verksemda til Noregs Bank i 1996

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank mellom anna vere utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.

Det følgjande er ei kort framstilling av verksemda i 1996 som byggjer på årsmeldinga frå Noregs Bank. For ein meir utfyllande gjennomgang viser ein til årsmeldinga. Ein viser òg til omtalen av penge-, kreditt- og renteutviklinga i nasjonalbudsjettpublikasjonane.

3.1.2.1 Betalingsmiddel og betalingsformidling

Noregs Bank har oppgåver knytte til betalingssystema i heilskap. Noregs Bank står for oppgjer av fordrings- og gjeldsforhold mellom bankane, oppgjer av pengeposisjonane i verdipapirhandelen, og har oppgåver knytte til statens økonomiforvaltning. Noregs Bank gir ut og står òg for produksjon og distribusjon av setlar og mynt.

Banklovkommisjonen leverte i november si tredje delutgreiing (NOU 1996:24). Kommisjonen gjer her mellom anna framlegg om at etablering og drift av interbanksystem - det vil seie system for avrekning, oppgjer og overføring av betalingar mellom bankar - skal krevje konsesjon av Kongen, med søknad til Noregs Bank som skal førebu saka. Noregs Bank skal etter forslaget òg føre tilsyn med slike system.

Betalingssystemet er ein viktig del av infrastrukturen i det finansielle systemet. Svikt her kan få store samfunnsøkonomiske konsekvensar og medføre store kostnader. Noregs Bank har særleg lagt vekt på å avgrense risikoen for at problem i ein finansinstitusjon eller ein delmarknad skal forplante seg til andre institusjonar og marknader gjennom betalingssystema.

Noregs Bank er i ferd med å innføre eit nytt system for oppgjer av pengeposisjonar mellom bankane og Noregs Bank. Det nye systemet vil redusere risikoen i betalingsoppgjeret mykje, mellom anna fordi oppgjer kan skje etter kvart gjennom dagen og ikkje berre ein gong dagleg slik det er i dag. Bankane vil òg måtte stille pantesikring for skyldnadene sine i oppgjeret. I 1996 vart prinsippa for det nye systemet fastlagde. Bankane vart informert om dei nye rammevilkåra i oktober 1996 etter høyring frå bankforeiningane. I 1997 er forskriftene utforma, og ein stegvis innføring er i gang frå 24. november 1997. Den nye ordninga stiller større krav til informasjons- og transaksjonsutveksling mellom bankane og Noregs Bank. Tidleg i 1996 vart det difor gjort ein avtale mellom bankforeiningane og Noregs Bank om utvikling av eit nytt informasjons- og transaksjonssystem. Systemet gjer det mogleg for bankane å hente informasjon frå og sende transaksjonar til Noregs Bank gjennom bankane sitt eige system, NICS.

Internasjonalt vart risikoen i valutaoppgjer sterkt fokusert i 1996, mellom anna publiserte Bank for International Settlements (BIS) i mars 1996 ein rapport om saksfeltet. Basert på denne rapporten arrangerte Noregs Bank i oktober eit seminar med representantar for bankforeiningane, Kredittilsynet og bankar som deltakarar.

Noregs Bank har også i 1996 hatt fast kontakt med viktige aktørar gjennom Forum for pengekort. Forumet skal vere med på å samordne tiltak knytte til framtidige pengekortsystem i Noreg ut frå omsynet til effektivitet, standardisering og tryggleik.

Noregs Bank er oppgjersbank for pengeoppgjeret knytt til dei verdipapirtransaksjonane som blir avrekna i Verdipapirsentralen. I 1996 la Noregs Bank i samarbeid med Verdipapirsentralen fram ei utgreiing med framlegg om tiltak for å effektivisere systemet og redusere risikoen i dette oppgjeret.

I samarbeid med Norges Fondsmeglerforbund, Verdipapirsentralen, Oslo Børs, Norsk Opsjonssentral, Den norske Bankforening, Sparebankforeningen i Norge og Kredittilsynet har Noregs Bank leidd ei kartlegging av konsekvensane for finansiell sektor av ein arbeidskonflikt i banksektoren. Rapport vart lagd fram i juni 1996. Arbeidsgruppa er no permanent og skal syte for naudsynt koordinering mellom aktørane i finansiell sektor under mellom anna arbeidskonfliktar.

Ved utgangen av 1996 var det setlar for 40 674 mill. kroner i sirkulasjon i hushald, føretak og bankar. Gjennomsnittleg var det i 1996 setlar for 36 812 mill. kroner i sirkulasjon. Dette er ein auke på 2,7 pst. jamført med 1995. Dei siste fem åra har setelomløpet auka med 28,7 pst. I verdi stod tusenkronesetelen for 70,3 pst av omløpet, ein reduksjon på 0,6 prosentpoeng frå 1995. Femhundrekronesetelen sin del av sirkulasjonen heldt fram med å auke, frå 9,1 pst. i 1995 til 10,4 pst. i 1996. Tohundrekronesetelen, som vart lansert som den første i setelutgåve VII i 1994, hadde i 1996 5,8 pst. av setelomløpet, opp frå 2,9 pst. året før. Hundrekronesetelen sin del av omsetninga er redusert frå 14,7 pst. i 1995 til 12,0 pst. i 1996. Femtikronesetelen har ein liten del av setelomløpet, 1,6 pst. i 1996.

Setelinngangen til Noregs Bank er ei følgje mellom anna av betalingsvanane til publikum og kva betalingsmiddel folk vel. I 1996 vart det levert inn 509 mill. setlar til Noregs Bank frå bankar og Postverket for sortering og resirkulering. Dette er 2 pst. mindre enn i 1995. Innføring av ein tohundrekronesetel og marknadsføring av femhundrekronesetelen til bruk i minibankar er tiltak frå Noregs Bank for å redusere talet på setlar som publikum treng til betalingar.

Noregs Banks behandling av setlar er viktig for å sikre kvaliteten på norske setlar som er i sirkulasjon, og at norske setlar i sirkulasjon er ekte. Noregs Bank samarbeider med Kriminalpolitisentralen, bankforeiningane, bankar og postkontor og Posten si sentralleiing for å spreie informasjon om mellom anna kjenneteikna på ekte setlar. Ei eiga meldeteneste sikrar at informasjon om forfalsking og anna misleghald blir spreidd raskt til Noregs Banks distriktsavdelingar og til bankar, postkontor, lokale politikammer og lensmannsetaten.

Årsgjennomsnittet for verdien av mynt i omløp i 1996 var 2 776 mill. kroner. Dette er ein auke på 10,7 pst. i høve til i 1995. Tjuekronemynten som kom i november 1994, auka i 1996 sin del av myntomløpet til 19,2 pst. jamført med 14,7 pst. i 1995. Tikronemynten sin del av omløpet var i 1996 36,7 pst, ein reduksjon på 1,2 prosentpoeng i høve til året før.

Ein ny femtiøremynt vart sett i omløp 16. september 1996. Den gamle femtiøremynten er frå 16. september 1997 ikkje tvunge betalingsmiddel. Gamle femtiørar vil bli løyste inn av Noregs Bank fram til 16. september 2007. Det vart i 1996 gitt ut ein femkrones sirkulasjonsmynt med spesialpreg til minne om at polarskipet Fram kom tilbake til Noreg i 1896

Myntinngangen til Noregs Bank auka frå 698,7 mill. myntar i 1995 til 759,9 mill. myntar i 1996, ein auke på 8,8 pst. Auka bruk av myntar i betalingsautomatar i samband med bomvegar, parkeringsanlegg, spel og lokaltrafikk forklarar dette.

3.1.2.2 Oppgåver og rådgiving i samband med penge-, kreditt- og valutapolitikken

Det går fram av §§ 1 og 3 i sentralbanklova at Noregs Bank skal vere rådgivande organ for Regjeringa og Finansdepartementet i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Noregs Bank skal uttale seg i spørsmål som blir lagde fram for banken av Kongen eller departementet, og skal dessutan varsle departementet når banken meiner det er behov for tiltak i penge-, kreditt- eller valutapolitikken som banken ikkje gjennomfører sjølv.

I tråd med dette er det ei fast ordning at Noregs Bank sender brev til departementet i samband med at nasjonalbudsjettet blir lagt fram. Brevet som gjeld Nasjonalbudsjettet 1996, er teke inn i eit vedlegg til årsmeldinga frå Noregs Bank. Også andre brev og fråsegner frå Noregs Bank er med i dette vedlegget.

Forskrifta frå 6. mai 1994 som gjeld kursordninga til den norske krona, gir nærmare retningslinjer for gjennomføringa av pengepolitikken. I § 2 i forskrifta heiter det mellom anna at «Norges Banks løpende utøvelse av pengepolitikken skal rettes inn mot stabilitet i kronens verdi målt mot europeiske valutaer, med utgangspunkt i kursleiet siden kronen begynte å flyte den 10. desember 1992». Det er gitt utfyllande retningslinjer for pengepolitikken i kommentarar til forskrifta og i seinare budsjettdokument.

Noregs Bank sende 22. november 1996 eit brev til Finansdepartementet om utforminga av penge- og valutapolitikken. Bakgrunnen for dette brevet var mellom anna at ein såg teikn til press i økonomien og risiko for tiltakande pris- og kostnadsvekst. I brevet peika ein mellom anna på at innanfor dei eksisterande retningslinjene, og i lys av korleis penge- og valutamarknadene fungerer, må ein akseptere visse kortsiktige svingingar i valutakursen. I salderingsproposisjonen for 1996 viste Regjeringa til ansvarsdelinga i den økonomiske politikken og understreka stabil valutakurs som retningslinje for pengepolitikken. Regjeringa la vekt på at det er viktig å unngå vesentlege svingingar i konkurranseevna som følgje av valutakurssvingingar, og viste til at det er klare grenser for kor langt pengepolitikken i dagens situasjon kan medverke til å stabilisere utviklinga i norsk økonomi.

I 1996 førte Noregs Bank vidare arbeidet med å analysere pris- og kostnadsutviklinga, mellom anna ved å gi ut kvartalsvise inflasjonsrapportar. I rapportane blir det gitt ei vurdering av utviklinga i prisar og prisdrivande faktorar saman med overslag for prisveksten dei 18 nærmaste månadene. Det vart ved eitt høve publisert mellomlangsiktige prognosar for norsk økonomi, som saman med vurderingane i inflasjonsrapportane utgjer eit viktig grunnlag for sentralbanken si rådgiving i ulike samanhengar.

Noregs Bank bruker kjøp og sal av valuta og påverkar rentenivået i pengemarknaden for å stabilisere valutakursen, men ifølgje retningslinjene for pengepolitikken er det ikkje aktuelt å bruke så sterke verkemiddel når det gjeld kjøp og sal av kroner og endringar i dei kortsiktige rentene som under fastkurspolitikken fram til 10. desember 1992. Oppbygginga av Statens petroleumsfond inneber at Noregs Bank over tid skal kjøpe valuta som tilsvarer oppbygginga av fondet. I 1996 vart om lag 46 mrd. kroner sette av til Statens petroleumsfond. Eit langvarig appresieringspress mot norske kroner gjorde at Noregs Bank i løpet av året kjøpte meir valuta enn det som følgjer av oppbygginga av petroleumsfondet. Noregs Bank kjøpte valuta for om lag 90 mrd. kroner i 1996. Det vart ikkje intervenert gjennom sal av valuta i 1996.

Noregs Bank påverkar rentenivået mellom anna gjennom å fastleggje ein «korridor» for rentene i pengemarknaden via dei såkalla signalrentene: foliorenta og D-lånsrenta. Foliorenta er renta bankane får på innskotta sine på foliokonto i Noregs Bank, og D-lånsrenta er renta bankane må betale når dei nyttar låneretten på denne foliokontoen og tek opp dagslån. Desse rentene vart reduserte to gonger i løpet av 1996. Den 8. mars 1996 vart rentene sette ned frå 4,75 og 6,75 pst. til 4,50 og 6,50 pst. Med verknad frå 6. november 1996 vart rentene reduserte med nye 0,5 prosentpoeng, til respektive 4,0 og 6,0 pst.

Innanfor «rentekorridoren» kan Noregs Bank påverke rentenivået i pengemarknaden gjennom tilførsla av kronelikviditet til banksystemet. Ved bruk av likviditetspåverkande instrument motverkar Noregs Bank òg dei sesongmessige svingingane i likviditeten til bankane som mellom anna følgjer av statens inn- og utbetalingar. Dei viktigaste verkemidla i denne samanhengen er utlegging av kortsiktige lån og innskott med fast rente (F-lån og F-innskott). Ettersom det er store kortsiktige svingingar i statens inn- og utbetalingar, blir F-lån og F-innskott ofte nytta. I 1996 vart det i alt lagt ut 136 F-lån eller F-innskott. Likviditeten blir òg påverka av emisjonar av statspapir og av Noregs Banks handel med statspapir. Sentralbanken kan dessutan bruke valutaswappar, men det blir i liten grad gjort. I tillegg fastsetjer sentralbanken rammer for bankane sine dagslån i Noregs Bank. Desse rammene vart ikkje endra i 1996.

I 1996 vart bankane sine vilkår for lån og innskott i sentralbanken endra ved forskrift nr. 5/23. august 1996. Endringa gjer at filialar i Noreg av finansinstitusjonar utanfor EØS-området får rett til D-lån og folioinnskott i Noregs Bank. Ein har òg utvida utvalet av verdipapir som ein aksepterer som pantesikring for bankane sine dagslån. I tillegg vedtok Noregs Bank å innføre ei ordning der ein tilfører pengemarknaden likviditet gjennom gjenkjøpsavtalar. Ordninga inneber at Noregs Bank kan inngå avtalar om kjøp av verdipapir som blir selde tilbake når avtaleperioden er over.

I 1995 etablerte Noregs Bank ei ordning med primærhandlarar for dei store statsobligasjonslåna. Primærhandlarane, som omfattar bankar og fondsmeklarføretak, har ifølgje avtalen med Noregs Bank forplikta seg til å stille bindande kjøps- og salsprisar over Oslo Børs i dei store statslåna for beløp opp til 25 mill. kroner. Noregs Bank stiller ikkje sjølv bindande prisar i statsobligasjonar. Frå 1. januar 1996 var det ti primærhandlarar, mens det ved utgangen av året var ni.

Etter § 24 i sentralbanklova skal Noregs Bank forvalte dei offisielle internasjonale reservane. Forvaltninga blir utført etter retningslinjer som er gitt av hovudstyret i Noregs Bank og lagde fram for Finansdepartementet. Retningslinjene omhandlar særleg kredittrisiko, renterisiko og fordelinga på ulike valutaslag.

Dei internasjonale reservane er samansette av gull, fordringar på Det internasjonale valutafondet (IMF), kortsiktige bankinnskott og investeringar i rentepapir. Målt med marknadsprisar ved årsslutt auka desse reservane med 24,8 mrd. kroner til 171,6 mrd. kroner i løpet av 1996. Av dette utgjorde netto valutareservar (internasjonale reservar fråtrekte gull og fordringar på IMF og justert for inngåtte, men ikkje oppgjorde valutahandlar) 164,5 mrd. kroner. Ved utgangen av 1995 var netto valutareservar 134,6 mrd. kroner. Dei viktigaste faktorane bak endringa var: valutaintervensjonar 90,7 mrd. kroner, renteinntekter på10,3 mrd. kroner, prisvinst på rentepapir med 0,3 mrd. kroner, nedbetaling av utanlandsgjelda til staten med 18,8 mrd. kroner, overføring til Statens petroleumsfond 47,5 mrd. kroner og valutakurstap på 4,4 mrd. kroner.

Valutareservane er delte inn i to ulike porteføljar etter kva formål dei skal tene:

  1. Immuniseringsporteføljen, som skal koordinerast med statsgjelda i utanlandsk valuta slik at rente- og valutarisikoen samla blir minst mogleg.

  2. Andre valutareservar (første- og andrelinjereservar), som i første rekkje skal kunne nyttast til intervensjonar i valuta- og pengemarknaden.

Dersom første- og andrelinjereservane ikkje er tilstrekkelege, kan immuniseringsporteføljen òg nyttast til intervensjonsformål. Ved utgangen av 1996 utgjorde immuniseringsporteføljen 47,4 mrd. kroner og første- og andrelinjereservane 124,2 mrd. kroner.

Frå mai 1996 har Noregs Bank forvalta Statens petroleumsfond. Forvaltninga skjer med grunnlag i lov om Statens petroleumsfond av 22. juni 1990 og forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond, fastsett av Finansdepartementet 10. mai 1996 med endringar av 29. november 1996. Ved utgangen av 1996 var fondet på 47,5 mrd. kroner. I 1996 vart det starta eit førebuande arbeid for å setje Noregs Bank i stand til å forvalte eit fond der aksjar skulle inngå. Ein viktig del av dette arbeidet er utvikling av eit system for styring av risiko. Dessutan vart bemanninga på dette området auka med sju årsverk, i hovudsak personar med høg kompetanse på finansteori og risikostyring.

Noregs Bank kan etter sentralbanklova § 19 tredje ledd gi bankar lån på særskilde vilkår. Slike lån vart nytta i stort omfang i 1991-92, men det vart raskt færre. Ved utgangen av 1996 var det ingen bankar som hadde slike lån.

Noregs Bank si førehandsgodkjenning av låneopptak ved emisjon av sertifikat og obligasjonar vart avvikla då departementet i desember 1996 oppheva emisjonsforskrifta som var heimla i § 15 i penge- og kredittlova. Det vart i staden gitt ei ny forskrift om emisjonskurs og meldeplikt ved utskriving av ihendehavarobligasjonar. Også den nye forskrifta er heimla i penge- og kredittlova. Som etter den tidlegare forskrifta føreset departementet at Noregs Bank mottek og kontrollerer opplysningar om underkurs. Det inneber at låna ikkje blir kontrollerte før etter at dei er lagde ut. Reglane om emisjonskurs er fastsette av skatteomsyn, men ettersom dei berre skal gjelde fram til reglane for skattlegging av obligasjonsvinstar er endra, ser departementet det ikkje som tenleg å etablere eit kontrollopplegg på dette området utanfor Noregs Bank.

Bankar, kredittføretak og finaniseringsselskap som skal drive valutaverksemd, må ha autorisasjon frå Noregs Bank, og det er fastsett grenser i høve til ansvarleg kapital for storleiken på valutarisikoen dei kan ta. Noregs Bank har ansvar for å kontrollere at desse posisjonsgrensene blir haldne. I 1996 vart det registrert berre eitt brot på grensene, mot fem i 1995. Dette har samanheng med at norske bankar no har høgare ansvarleg kapital. Noregs Bank rådde hausten 1995 Finansdepartementet til at den gjeldande posisjonsreguleringa burde førast vidare i alle høve fram til det vart innført kapitalkrav for valutarisiko og annan marknadsrisiko gjennom CAD-forskrifta (forskrift som syter for at norske reglar er i samsvar med EU sitt Capital Adequacy Directive). CAD-forskrifta har vore i kraft sidan 31. desember 1996.

Noregs Bank er høyringsinstans for Finansdepartementet og Kredittilsynet ved utforming av nye lover og forskrifter og ved endringar i regelverket for finansmarknadene og finansinstitusjonane. Viktige høyringssaker i 1996 var mellom anna forslaget til ny lov om sikringsordningar for bankar og om offentleg administrasjon av finansinstitusjonar (NOU 1995:25) og forslag til endringar i verdipapirhandellova (NOU 1996:2). Tilrådingane frå Noregs Bank i desse sakene og andre høyringssaker er tekne med i banken si årsmelding for 1996.

Noregs Bank blir dessutan beden av Finansdepartementet og Kredittilsynet om å gi tilråding i saker som gjeld søknader frå finansinstitusjonar om løyve til etablering, oppkjøp, fusjon, endring i konsernstruktur, inngåing av samarbeidsavtalar og opptak og tilbakebetaling av ansvarleg kapital. I dei fleste enkeltsakene blir tilrådinga gitt til Kredittilsynet. Dei viktigaste sakene som vart behandla i 1996, er omtala i banken si årsmelding.

Noregs Bank har i mange år analysert utviklinga i finansinstitusjonane og finansmarknadene. I 1995 vart det etablert eit opplegg for å følgje utviklinga i den finansielle stabiliteten i Noreg. Dette arbeidet vart utvikla vidare i 1996. Ein utførte då grundigare analysar av stoda i hushalda og føretaka og av konkurransen mellom aktørane i finansmarknaden, særleg av dei utfordringane bankane står overfor. Den økonomiske tilstanden i føretaka og hushalda var relativt god, noko som truleg vil medverke til låge tap i banksektoren også i 1997. Soliditeten både i forretnings- og sparebankane var tilfredsstillande i 1996, og innteninga var god som følgje av låge tap på utlån.

Noregs Banks analysar av utviklinga i finansiell og ikkje-finansiell sektor er mellom anna baserte på bank- og kredittstatistikken, årsrapportar, særskilde oppgåver som institusjonane sender til Kredittilsynet og Noregs Bank, og på makroøkonomiske vurderingar i banken.

Noregs Bank og Kredittilsynet samarbeider på ei rekkje område. Dette samarbeidet er det gjort nærmare greie for i kapittel 5, «Samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank».

Datainnhentinga og utarbeidinga av statistikk for kreditt- og verdipapirmarknaden blir utført i nært samarbeid med Kredittilsynet, Statistisk sentralbyrå og Verdipapirsentralen.

Frå og med 1996 blir arbeidet med å hente inn, kontrollere, leggje til rette og publisere den mest detaljerte statistikken for bankar, statlege låneinstitutt, finansieringsselskap, kredittføretak og verdipapirfond utført av Noregs Bank. Statistikken blir gitt ut i ein ny publikasjon, «Finansstatistikk». Noregs Bank har ansvaret for oppdatering og vedlikehald av den sentrale databasen for bankstatistikk (FIKS-basen), som både Statistisk sentralbyrå og Kredittilsynet nyttar.

Frå 1. januar 1996 tok ein i bruk nye rekneskapsreglar for bankar og finansieringsføretak i samsvar med EØS-avtalen. Frå same tidspunkt vart det òg innført maskinleseleg rapportering for finansieringsføretaka og for dei statlege låneinstitutta. Dei private bankane har rapportert maskinleseleg heilt sidan 1987.

Noregs Bank har bygd opp ein avstemd databank for finansielle fordringar og gjeld i heile den norske økonomien. Databanken (FINDATR) inneheld kvartalsdata attende til 1975 og gir i første rekkje datagrunnlag for Noregs Banks eigne utgreiingar og modellarbeid. FINDATR blir òg nytta til å lage kvartalsoversikter for finansrekneskapen til hushalda.

Basert på frivillige rapportar frå aktørane utarbeider Noregs Bank statistikk som viser prisar og utviklingstrekk i betalingsformidlinga. Statistikken blir publisert i ein årleg rapport, «Betalingsformidling». I 1996 vart statistikken lagd om og utvida.

Noregs Bank hentar kvart kvartal inn renterapportar frå alle bankar, livsforsikringsselskap og kredittføretak. På grunnlag av desse rapportane blir det utarbeidd oversikter som viser renteutviklinga for bankane totalt og for kvar av bankgruppene, for livsforsikringsselskapa og for kredittføretaka.

3.1.2.3 Valutastatistikk/valutaregulering

Valutastatistikken er ein del av grunnlaget for utanriksrekneskapen som Statistisk sentralbyrå publiserer kvar månad. Informasjonsgrunnlaget er faste rapportar om betalingar mellom Noreg og utlandet, dels frå norske bankar, dels frå føretak som har konto i utanlandske bankar eller oppgjersordning med utanlandsk føretak.

Noregs Bank utarbeider òg enkelte spesialstatistikkar, som til dømes oversikter over utanlandske eigarinteresser i norske føretak og norske eigarinteresser i utlandet (eigardel på 10 pst. eller meir). Eit viktig formål med innsamlinga av data om slike direkte investeringar er å skaffe data om reinvestert forteneste til bruk i utanriksrekneskapen.

Ein har i 1996 prøvd å betre vekestatistikken over motpostane til Noregs Banks valutaintervensjonar overfor bankane ved mellom anna å utvide rapportgrunnlaget.

Arbeidet med eit nytt edb-system (KONTRAST) for produksjon av valutastatistikken vart så godt som sluttført i 1996 etter fleire års utvikling. Formålet har vore å etablere ein felles teknologi-plattform og eit einsarta brukargrensesnitt. Det er òg opna for å kunne motta edb-maskinleselege rapportar frå rapportpliktige føretak (andre enn bankar).

I 1996 vart det gitt varsel om tvangsmulkt til 292 rapportørar, ein god del fleire enn i 1995. Tvangsmulkt blir nytta når pålegg gitt med heimel i valutalova og valutaforskrifta ikkje blir følgde, i første rekkje når det gjeld å levere rapportar om føretaka sine konti i utlandet. Men det vart berre fatta to formelle vedtak om tvangsmulkt. Begge desse tvangsmulktene er betalte.

Som ledd i ein samla gjennomgang av oppgåver og ressursbruk i Noregs Bank er det laga ein plan for vel 20 pst. reduksjon av talet på årsverk som blir nytta på valutastatistikkområdet, innan utgangen av 1999. Denne reduksjonen er til ein viss grad avhengig av at ulike rapportørgrupper endrar rapportsystema sine.

Noregs Bank utarbeider fleire ulike statistikkprodukt som viser utviklinga i penge-, kreditt- og valutamarknadene. Statistikken gir i sin tur grunnlag for politiske vedtak. Datagrunnlaget for statistikken blir òg nytta til tilsyn med finansinstitusjonane og kontroll med utanlandsbetalingane.

I mars 1996 vedtok IMF ein ny internasjonal standard for spreiing av statistikk. Standarden stiller omfattande krav til statistikkproduksjonen i deltakarlanda, mellom anna når det gjeld dekning, publiseringsfrekvens, aktualitet og tilgang til data. Noreg var mellom dei første landa som slutta seg til standarden. Frå desember 1996 har ein del sentrale statistikkprodukt vore presenterte på Noregs Banks Internett-sider.

Noregs Bank har med heimel i valutalova av 14. juli 1950 og Finansdepartementets forskrift av 22. juni 1990 fått fullmakt til å fastsetje valutareguleringsforskrifter. Gjeldande forskrift vart vedteken 27. juni 1990. Nye endringar blir kunngjorde i form av rundskriv. Forskrifta som gjeld no, har karakter av å vere eit grunnleggjande regelverk for rapportering til Noregs Bank, og inneber difor i liten grad tradisjonell valutakontroll/valutaregulering.

Desse endringane i valutareguleringsforskrifta vart vedtekne i 1996, jf. rundskriv nr. 7/19, desember 1996:

  • Det er gjort unntak frå legitimasjonsplikt ved kjøp og sal av utanlandske betalingsmiddel som skjer gjennom valutabankane sine vekslingsautomatar. Noregs Bank kan fastsetje nærmare retningslinjer om høve til slik verksemd, mellom anna beløpsgrenser og vilkår for utplassering (kapittel 9 i forskrifta).

  • Det er innført ein ny paragraf som presiserer at meldeplikta ved inn- og utførsel av setlar og mynt ved post- og bodsendingar gjeld på same måten som ved fysisk medbringing ved inn- og utreise. Valutabankar er unnatekne frå slik meldeplikt (kapittel 10).

  • Kapittel 11 (kjøp og sal av verdipapir o.a.) og kapittel 12 (forsikring) er oppheva.

I tillegg til statistikkformål blir datamaterialet i valutastatistikken nytta til å hjelpe skatte- og tollvesenet i deira kontrollarbeid. Talet på førespurnader om hjelp frå desse er stigande, og i 1996 kom det inn i alt nær 270 førespurnader som resulterte i tilbakemeldingar om 40 000 transaksjonar på namngitte føretak eller personar.

I samband med implementering i norsk rett av FN-sanksjonar om økonomisk boikott av land eller landområde, har Finansdepartementet delegert oppgåva som kontroll- og lisensmyndigheit for finansielle transaksjonar til Noregs Bank. Dette arbeidet, som inneber at ingen transaksjonar med dei landa som er omfatta av sanksjonar, kan gjennomførast utan samtykke frå Noregs Bank, blir utført etter forskrifter fastsette av Utanriksdepartementet. Det vart i 1996 gitt ut to meldingar om endringar i dette regelverket, i rundskriv nr. 1/13. mars 1996 og nr. 4/6. august 1996.

3.1.2.4 Anna verksemd

Noregs Bank yter driftskreditt til fiskeindustrien etter retningslinjer som Stortinget har fastsett. Garantiramma var på 250 mill. kroner for 1996 og er på 150 mill. kroner for 1997. Ved inngangen til 1996 var fjorten engasjement knytte til ordninga, to av desse var under avvikling. Ved utgangen av året var talet redusert til åtte, og av desse var fire under avvikling. Nedgangen i talet på engasjement heng saman med betre inntening i næringa og generell betring i tilgangen på kreditt i marknaden. Tapsfondet utgjorde 29,2 mill. kroner ved utgangen av 1996.

Noregs Bank administrerer òg to statlege kredittordningar retta mot fiskerinæringa. Begge ordningane er avvikla, men det står att nokre føretak som ikkje har innfridd låna.

Noregs Bank har hatt eit samarbeid med Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) om drift av ein rekneskapsdatabase, utvikling av analysesystem, utarbeiding av porteføljeanalysar, rekneskapsanalysar og analysar av enkeltføretak. Kostnadene ved arbeidet har fullt ut vore dekt av SND og fylkeskommunane. På bakgrunn av endringane i organiseringa av SND vart dette arbeidet avvikla frå 1.1.1997, med unntak for drift av databasen.

Noregs Banks Seteltrykkjeri produserer norske reisepass for Justisdepartementet og frimerke for Postens frimerketeneste. Frå 1964 til 1995 har seteltrykkjeriet hatt kontrakten på frimerkeproduksjonen i ståltrykk. Frå 1996 har seteltrykkjeriet fått kontrakten på alle frimerke, det vil seie ståltrykk, offset og frimerkehefte.

Noregs Bank er hovudkommissær for statens innanlandske låneseriar. Noregs Banks årsmelding gir eit nærmare oversyn over utvidingar og innfriingar av statslån i 1996.

Noregs Bank er oppgjersbank for oppgjer knytte til verdipapirtransaksjonar i Verdipapirsentralen og opsjonshandel og future-handel i Norsk Opsjonssentral. Frå 1996 gjennomfører Noregs Bank òg oppgjer for kraft-futures.

Etter sentralbanklova § 3 skal Noregs Bank informere det offentlege om penge-, kreditt- og valutatilhøva. Noregs Bank gir i tillegg til årsmeldinga ut ein forkorta versjon på engelsk. Sentralbanken gir vidare ut kvartalskrifta «Penger og Kreditt» og «Economic Bulletin», der det siste har stoffval tilpassa utanlandske lesarar. Inflasjonsrapportane, som inngår i «Penger og Kreditt», blir no dessutan trykte som eigne publikasjonar. I 1996 vart det sendt ut i alt 9 arbeidsnotat, som mellom anna dokumenterer forskings- og utgreiingsarbeid, 9 rundskriv til finansinstitusjonane med informasjon om valuta- og kredittpolitiske tiltak, 33 pressemeldingar og 12 månadlege presse$017inar om kreditt- og valutatilhøva og om andre tilhøve av allmenn interesse. Banken sender òg ut ei rekkje større eller mindre rapportar, mellom anna om betalingsformidling, og heftet Finansstatistikk (13 hefte i 1996).

3.2 Internasjonalt myntprogram

Etter sentralbanklova § 16 gjer Noregs Bank ut jubileums- og minnemyntar etter vedtak av Kongen. Kongens myndigheit er delegert Noregs Bank ved kgl. res. 25. mars 1994 nr. 233. I Ot.prp. nr. 25 (1984-85) om lov om Norges Bank og pengevesenet står det om praksis ved utgjeving av jubileums- og minnemyntar (s. 93 og 94):

«Departementet vil vise til uttalelse i Ot.prp. nr. 40 for 1981-82 om lov om jubileums- og minnemynter, der det blant annet heter:

«Hittil har en fulgt en meget restriktiv praksis ved utgivelse av jubileums- og minnemynter. Denne praksis går ut på at jubileums- og minnemynter bare bør preges for å markere spesielle nasjonale begivenheter og at det ikke bør inngå som ledd i ulike innsamlingsaksjoner. En forutsetter at det fortsatt følges den samme restriktive praksis.»

Departementet mener at denne restriktive praksis bør fortsette.»

Finanskomiteen slutta seg til proposisjonen, jf. Innst O. nr. 50 (1984-85) s. 41.

I samband med at myndigheiten etter sentralbanklova § 16 blei delegert til Noregs Bank, blei retningslinene for utgjeving av jubilems- og minnemyntar omtalt i Kredittmeldingen 1991 og 1992 (St.meld. nr. 17 (1993-94)). På s. 20 i meldinga står det:

«Norges Bank har for Finansdepartementet lagt fram forslag til retningslinjer for hvilke kriterier som bør være oppfylt for at en begivenhet skal kunne gi grunnlag for utgivelse av minnemynt:

  1. Utgivelse av jubileums- og minnemynter skal være begrenset til markering av store nasjonale begivenheter som må antas å ha alminnelig tilslutning i den brede almenhet.

  2. Det kan utgis jubileums- og minnemynter knyttet til Kongens merkedager. Det kan videre utgis knyttet til enkeltpersoner av kulturell, historisk eller nasjonal betydning for landet. Jubileums- og minnemynter knyttet til en person må med unntak av kongehuset gjelde en avdød.

  3. Utgivelse av jubileums- og minnemynter knyttet til store nasjonale og historiske begivenheter må kunne tidfestes med stor grad av sikkerhet. Utgivelse av jubileums- og minnemynter bør gi prioritet for store nasjonale og historiske begivenheter og personer knyttet til landets historie etter 1814.

Finansdepartementet slutter seg til dette forslaget.»

Finansdepartementet mottok i april 1996 ein førespurnad frå UNICEF om deltaking i eit internasjonalt myntprogram i tilknyting til UNICEFs 50 års jubileum. Departementet la da til grunn at dei nemnde retningslinene er til hinder for at Noregs Bank tek del i internasjonale myntprogram. Spørsmålet om slike utgjevingar har sidan vore handsama i Noregs Bank på generell basis. Banken har i brev 27. september 1996 til Finansdepartementet anmoda om at det blir lagt til rette for at Noregs Bank kan ta del i internasjonale myntprosjekt. Noregs Bank viser i brevet til at Hovedstyret den 7. august 1996 vedtok å gå inn for at det opnast for at Noreg kan ta del i internasjonale myntprosjekt i særlege tilfelle. I brevet står det om Hovedstyret si beslutning:

«Hovedstyret la til grunn at en slik særleg hjemmel bør praktiseres med forsiktighet og at det legges vekt på å unngå overmetting av det norske markedet. Deltakelse i internasjonale myntutgivelser bør så langt mulig ikke skje til fortrengsel av rene norske myntutgivelser. Slike program bør administreres av anerkjente firmaer med god kjennskap til det internasjonale marked, og som tar ansvar for opplag og distribusjon. Utgivelser Norge eventuelt skal engasjere seg i bør begrenses til markering av viktige verdensomspennende begivenheter eller være til inntekt for verdensomspennende humanitære organisasjoner.»

Departementet viser til at Noreg tradisjonelt har vore aktiv i internasjonalt arbeid, m.a. gjennom FN og andre humanitære organisasjonar, og at Noregs Bank difor bør ha høve til å ta del i internasjonale myntprosjekt i samband med dette. Departementet vil òg vise til at ved ein adgang til å taka del i internasjonale jubileums- og minnemyntprogram, og nytting av denne adgangen, vil Noreg komme på line med andre land sin praksis. Departementet sluttar seg til vurderingane frå Noregs Bank. Departementet går på denne bakgrunn inn for å endre gjeldande retningsliner for utgjeving av jubileums- og minnemyntar slik at det blir opna for at Noreg kan ta del i internasjonale myntprogram i særlege tilfelle.

Departementet ber Stortinget slutte seg til den endringa av retningslinene for utgjeving av jubileums- og minnemyntar som det er gjort rede for her.

3.3 Rekneskap og budsjett for 1996

3.3.1 Balansen 31. desember 1996

Tabell 3.2 og 3.3 viser Noregs Banks balanserekneskap ved utgangen av 1996, samanlikna med tilsvarande tal for 1993, 1994 og 1995.

Tabell 3.2 Noregs Banks eigedelar 31. desember 1996. Mill. kroner

Eigedelar:1993199419951996
Internasjonale reservar154 651,1141 520,7143 695,6170 335,0
Av dette:
Gull284,8284,8284,8285,0
Spesielle trekkrettar i IMF2 978,52 643,12 925,72 290,0
Reserveposisjon i IMF4 394,64 369,85 975,55 728,3
Lån til IMF394,7653,4673,4732,8
Plasseringar for Statens petroleumsfond47 538,8
Andre fordringar på utlandet7 036,712 344,37 784,817 213,5
Norske statskassevekslar og omsetjelege sertifikat21 853,23 913,46 388,51 727,3
Av dette:
Statssertifikat21 853,23 913,46 388,51 727,3
Norske ihendehavarobligasjonar7 398,69 778,011 668,910 685,9
Av dette:
Statsobligasjonar7 398,69 778,011 668,910 685,9
Innanlandske utlån17 474,65 716,410 608,1719,2
Av dette:
Forretningsbankar8 338,32 540,55 449,1235,8
Sparebankar9 073,23 119,74 620,010,8
Andre innanlandske fordringar2 151,11 095,71 568,0959,9
Varige driftsmiddel0,02 364,02 281,22 223,1
Sum eigedelar210 632,0176 912,0183 995,1251 402,7

Tabell 3.3 Noregs Banks gjeld og eigenkapital 31. desember 1996. Mill. kroner.

Gjeld og eigenkapital:1993199419951996
Diverse gjeld til utlandet12 384,313 004,78 626,918 185,4
Motverdien av spes. trekkrettar1 732,51 662,61 575,91 554,2
Setlar og mynt i omløp38 002,840 454,042 068,743 323,7
Innanlandske innskott på foliok.111 478,790 874,4102 711,7158 882,3
Av dette:
Statskassa100 848,482 624,094 912,280 585,9
Statens petroleumsfond---47 538,8
Innskott som gjeld skattefrie fondsavsetnader42,231,520,817,6
Anna innanlandsk gjeld350,5454,2200,5440,3
Eigenkapital46 641,030 430,628 790,628 999,1
Av dette:
Kursreguleringsfond32 970,415 974,816 974,421 521,7
Overføringsfond13 670,612 141,09 620,35 383,8
Oppskrivingsfond0,02 314,82 195,9
Sum gjeld og eigenkapital210 632,0176 912,01 839 951251 402,7

3.3.1.1 Noregs Banks aktiva

Auken i dei internasjonale reservane frå 1995 til 1996 har si bakgrunn i at Noregs Bank foretok store intervensjonar som ledd i den pengepolitiske styringa i 1996. Avkastninga på netto valutareservar utgjer 7615 mill. kroner i 1996 mot 8638 mill. kroner i 1995. Valutakurstap på 4233 mill. kroner reduserte isolert sett avkastinga i 1996. Valutakurstapa skuldast samansetjinga av reservane, der valutaene i reservane i 1996 er svekte mot norske kroner.

Amerikanske dollar utgjorde 17,6 pst. av valutareservane ved utgangen av 1996, mot 16,2 pst. året før. Tilsvarande utgjorde tyske mark 35,8 pst. i 1996, det same som året før.

Noregs Bank sine gullreservar er førte opp under internasjonale reservar med 285,0 mill. kroner. Den bokførte verdien har vore uendra i fleire år og er utrekna på grunnlag av den offisielle gullprisen som er fastsett av Det internasjonale valutafondet (IMF), som tilsvarer ein kilopris på 7732,27 kroner. Marknadsverdien på gull er vesentleg høgare enn dette.

Posten «andre fordringar på utlandet» består mellom anna av den delen av Noregs kvote i IMF som er i norske kroner. Tilsvarande gjeldsbeløp er bokført under «gjeld til utlandet».

Noregs Bank si behaldning av norske verdipapir er sett saman av omsetjelege sertifikat og ihendehavarobligasjonar. I 1996 kjøpte sentralbanken statssertifikat i første- og andrehandsmarknaden for om lag 5,3 mrd. kroner, mens sertifikat for 9,5 mrd. kroner forfall i løpet av året. Gjennom den ordinære marknadspleia i andrehandsmarknaden kjøpte Noregs Bank netto 2,9 mrd. kroner i obligasjonslånet S459 fram til forfall 28.02.1996. Ved forfall var Noregs Banks behaldning på 5,3 mrd. kroner. I januar 1996 kjøpte Noregs Bank statsobligasjonar for ein milliard kroner i samband med emisjonen av obligasjonen S467.

Noregs Banks eigedomsmasse, maskinar og inventar utgjer store verdiar. Eigedelane til banken utgjer 2223 mill. kroner pr. 31.12.1996.

3.3.1.2 Noregs Banks passiva

Setlar og mynt i omløp auka i 1996 med 1,2 mrd. kroner til 43,3 mrd. kroner, mot 42,1 mrd. kroner året før. Innskott frå statskassa minka i 1996 med 14,3 mrd. kroner til 80,6 mrd. kroner, mot 94,9 mrd. kroner året før. Eigenkapitalen auka med 0,2 mrd. kroner til 29,0 mrd. kroner, mot 28,8 mrd. kroner året før.

Statens petroleumsfond er plassert som kroneinnskott på særskild konto i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane særskilt i bankens eige namn i aktiva denominert i utanlandsk valuta. Midlane blir forvalta i samsvar med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond av 10. mai 1996. Pr. 31.12.1996 utgjorde fondet 47,5 mrd. kroner.

3.3.2 Resultatrekneskapen for 1996

Tabell 3.4 viser Noregs Banks resultatrekneskap for 1996.

Tabell 3.4 Noregs Banks resultatrekneskap for 1995 og 1996.

Tal i heile tusen kroner19951996
Renteinntekter utland9 618 85210 550 915
Rentekostnader utland268 253254 648
Renteinntekter innland1 401 8291 335 123
Rentekostnader innland3 942 7103 934 361
Netto renteinntekter utland og innland6 809 7187 759 484
Netto kursreguleringar(540 609)(2 619 302)
Netto renteinntekter og kursreguleringar6 269 1095 140 182
Driftsinntekter192 678169 025
Driftskostnader846 560863 565
Driftsresultat før tap på utlån5 615 2274 445 642
Inngått/(tap) på utlån/ fordringar68(675)
Overskott i år før ekstra- ordinære postar5 615 2954 444 967
Pensjonsskyldnader, implementerte16 105-
Overskott5 599 1904 444 967
Overføringar:
Overført frå overførings- fondet7 239 2404 236 451
Overført frå oppskrivings- fondet118 921102 324
Til disposisjon12 957 3518 783 742
Til statskassa frå overføringsfondet7 239 2404 236 451
Avsett til kurs- reguleringsfondet999 6584 547 291
Avsett til overføringsfondet4 718 4530
Disponert i alt12 957 3518 783 742

Årsresultatet til Noregs Bank etter kursreguleringar var for 1996 ein vinst på 4,4 mrd. kroner, mot 5,6 mrd. kroner året før.

Samla renteinntekter for Noregs Bank var for 1996 11,9 mrd. kroner, mot 11,0 mrd. kroner i 1995. Renteinntektene frå innanlandske sektorar var i 1996 på 1,3 mrd. kroner, mot 1,4 mrd. kroner i 1995. Renteinntektene frå utanlandske sektorar i 1996 var 10,6 mrd. kroner, mot 9,6 mrd. kroner året før.

Netto driftskostnader for Noregs Bank var i 1996 på 694,5 mill. kroner, mot 653,9 mill. kroner i 1995. Personalkostnadene i 1996 utgjorde 444,7 mill. kroner, mot 416,6 mill. kroner året før. I personalkostnadene for 1996 er det også rekna med ein ekstraordinær post på 12,2 mill. kroner som gjeld ein kalkulert auke i pensjonspliktene til banken.

3.3.2.1 Bruken av overskottet i 1996

Retningslinjene for avsetjing og disponering av Noregs Banks overskott vart fastsette i kgl.res. 7. februar 1986. Retningslinjene er endra fleire gonger, seinast ved kgl.res. 17. januar 1997 og har no denne ordlyden:

  1. Av Norges Banks overskudd avsettes til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 10 % av bankens fordringer i norske verdipapirer og 20 pst. av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, andre fordringer/forpliktelser overfor utlandet og eventuelt andre engasjementer som av hovedstyret vurderes å ha ikke ubetydelig kursrisiko. Immuniseringsporteføljen svarer til den del av Norges Banks valutareserver som er skilt ut som egen portefølje der avkastning godskrives/belastes staten i samme års regnskap. Det samme gjelder for porteføljen til Statens petroleumsfond. Dersom kursreguleringsfondet er større enn det som følger av forholdstallene nevnt i pkt. 1, første avsnitt, skal det overskytende tilbakeføres til resultatregnskapet.

  2. Eventuelt overskudd etter avsetning til, eller tilførsel fra kursreguleringsfondet, avsettes til overføringsfondet.

  3. Fra overføringsfondet overføres hvert årsoppgjør til statskassen et beløp svarende til gjennomsnittet av brutto avsetninger til overføringsfondet ved de tre foregående årsoppgjør.

  4. Eventuelle underskudd i Norges Banks regnskap dekkes ved overføringer fra kursreguleringsfondet.

I samsvar med punkt 1 i retningslinjene blir kursreguleringsfondet for 1996 tilført heile det disponible overskottet på 4547,3 mill. kroner. Kursreguleringsfondet har likevel ikkje nådd storleiken etter punkt 1 i forskrifta. Dersom kursreguleringsfondet skulle reflektert høva i punkt 1 i forskrifta, måtte avsetnaden for 1996 utgjere 8 805,0 mill. kroner. Årsaka til den sterke auken i avsetnaden til kursreguleringsfondet er at dei kursutsette plasseringane har auka med 40,9 mrd. kroner, mellom anna som følgje av vesentlege interveneringar i 1996. Det er såleis ikkje avsett noko til overføringsfondet etter pkt. 2.

Til forsiden