St.meld. nr. 12 (1997-98)

Kredittmeldinga 1996

Til innholdsfortegnelse

5 Samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank

5.1 Innleiing

I finanskomiteen si innstilling til Stortinget om organiseringa av tilsynet med finansmarknadene (Innst. S. nr. 246 (1991-92)) vart det uttrykt ønske om at det «gjennomføres tiltak for å styrke samarbeidet og koordineringen med Norges Bank, bl.a. for å sikre Kredittilsynet tilgang på den nødvendige samfunnsøkonomiske kompetanse». På denne bakgrunn vart det i 1993 utarbeidd ein rapport om samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank. Denne rapporten gav status for samarbeidet mellom dei to institusjonane, og inneheldt forslag til nye rutinar for samarbeidet. Rapporten resulterte i eit felles brev til Finansdepartementet frå dei to institusjonane datert den 26. april 1993. I Finansdepartementet sitt tildelingsbrev til Kredittilsynet, datert 17. januar 1997, heiter det:

«Kredittilsynet og Norges Bank har arbeidsområder og oppgaver som er nært knyttet sammen. Det vises til felles brev 26. april 1993 fra Kredittilsynet og Norges Bank til departementet hvor det er redegjort for et utvidet samarbeid mellom de to institusjonene. Det er viktig at den utvidede samarbeidsordningen fortsatt gis prioritet. Departementet ber derfor Kredittilsynet i samarbeid med Norges Bank om en oppfølgende redegjørelse for samarbeidsordningen innen utløpet av første halvår 1997. Det tas sikte på en omtale i Kredittmeldingen for 1996.»

I det følgjande blir det gitt ei slik framstilling av korleis samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank fungerer no. Framstillinga byggjer på eit felles brev av 22. april 1997 frå Kredittilsynet og Noregs Bank. Formålet med samarbeidet har vore å utnytte spesialkompetansen i dei to institusjonar og unngå unødvendig dobbeltarbeid, samtidig med at dei to institusjonane får behalde dei sjølvstendige rollene og oppgåvene dei no har. Som eit ledd i det faste samarbeidet prøver ein så langt det er tenleg, å avgrense ressursbruken til dei to institusjonane på område der den eine institusjonen heilt klart har eit hovudansvar. I konklusjonen i brevet frå Kredittilsynet og Noregs Bank datert 22. april 1997, heiter det:

«Generelt er oppfatningen hos begge institusjoner at samarbeidet fungerer godt, og er til stor nytte for begge institusjoner. Samarbeidet vil i samsvar med dette fortsatt bli høyt prioritert.»

5.2 Status for samarbeidet på ulike område

I samsvar med kredittilsynslova er Noregs Bank representert med ein observatør i styret i Kredittilsynet. Gjennom styredokumenta og møtedeltakinga får Noregs Bank brei innsikt i det jamlege arbeidet i Kredittilsynet, samstundes som observatøren kjem med synspunkt der sentralbanken har spesielle føresetnader for dette.

Det har sidan andre kvartal 1993 vore halde kvartalsvise møte mellom den øvste leiinga i Kredittilsynet og Noregs Bank. På desse møta er det orienteringar og diskusjonar om tema med interesse for begge institusjonane, ikkje minst knytte til arbeidet dei to institusjonane gjer med finansiell stabilitet o.a.

Det er kontaktmøte mellom leiinga i Finans- og forsikringsavdelinga i Kredittilsynet og Område II, Finansmarknader og betalingssystem i Noregs Bank kvar månad.

Kvart kvartal er det møte mellom dei som arbeider med makroøkonomisk overvaking i Kredittilsynet og Økonomisk Avdeling og Internasjonal Avdeling i Noregs Bank. Tema for desse møta er Noregs Bank sin «Inflasjonsrapport» og den internasjonale konjunkturutviklinga.

Det er etablert ei permanent «myndigheitsgruppe for finansmarknaden» med deltaking frå Noregs Bank, Kredittilsynet og Statistisk sentralbyrå, som behandlar spørsmål knytte til bankane og finansieringsføretaka si felles rapportering til desse institusjonane. Gruppa har møte etter behov, men minst annankvar månad.

Ein jamleg og brei informasjonsutveksling mellom dei to institusjonane er ein føresetnad for eit godt samarbeid. Som det går fram av framstillinga over, går det føre seg ein stor grad av informasjonsutveksling i dei faste møta mellom Kredittilsynet og Noregs Bank. Vidare blir det utveksla notat og rapportar både systematisk og etter behov.

Kredittilsynet og Noregs Bank har samarbeidd om utvikling av regelverk på finans- og forsikringsområdet. Spesielt har arbeidsgrupper med deltaking frå begge institusjonar arbeidd med regelverk knytt til soliditeten i institusjonane. Eksempel på felles arbeidsgrupper som har vore i sving i seinare tid, er arbeidsgruppa som utarbeidde forslag til kapitaldekningskrav for marknadsrisiko (implementering av EU sitt kapitaldekningsdirektiv), arbeidsgruppa som vurderte bilaterale motrekningsavtalar i forhold til kapitaldekningskravet, og arbeidsgruppa som utarbeidde forslag til kriterium for å gi kredittinstitusjonar unntak frå kravet til startkapital på 5 millionar ECU. Vidare har institusjonane utarbeidd felles høyringsfråsegn til forslag frå Basel-komiteen om krav til kapitaldekning for marknadsrisiko i 1993 og i 1995. Gjennom slike felles arbeidsgrupper har ein kunna utnytte ekspertise i begge institusjonar på ein god måte.

Både Kredittilsynet og Noregs Bank har i dei seinare åra drive omfattande metodeutvikling og utgreiingsverksemd i tilknyting til arbeidet med finansiell stabilitet, og har etablert eit nært samarbeid på området. Institusjonane har også samarbeidd om metodar og utgreiing på andre og liknande område. Døme på dette er ein felles rapport om analyse av konkurranseflater mellom norsk og internasjonal finansnæring, som er publisert i «Kredittilsynets Småskriftserie» (nr. 3/1996), og omtala i artikkel i Noregs Bank sitt tidsskrift «Penger og Kreditt» (nr. 1/1996).

Begge institusjonane har vidareutvikla sine alternative system for risikovurdering av bankar («early warning»-system) og utvekslar informasjon om metodikk og resultat i dette arbeidet.

Samarbeidet om analysar av bankar og finansieringsføretak er intensivert sidan 1993. Det går føre seg regelmessig informasjonsutveksling om resultat og metodar som er tekne i bruk, både gjennom skriftleg materiale og munnleg informasjon. Faste rapportar om resultata i finansinstitusjonane blir utveksla jamleg.

Også samarbeidet om felles kompetanseutvikling er noko utvida sidan 1993. Det blir utveksla invitasjonar til gjensidig deltaking på kurs arrangerte av institusjonane. Det går dessutan føre seg ei omfattande utveksling av interne og eksterne utgreiingar, rapportar osb. som ledd i felles kompetanseutvikling.

Det er tenleg at enkeltsaker som er felles interesseområde for Kredittilsynet og Noregs Bank, framleis blir sende til den andre institusjonen for fråsegn. Dette gjeld alle søknader frå bankar, finansieringsføretak og forsikringsselskap om til dømes etablering, oppkjøp, fusjon, endring i konsernstruktur, slutting av samarbeidsavtale og opptak og tilbakebetaling av ansvarleg kapital. Saker av rein forsikringsteknisk art ligg utanfor Noregs Bank sitt kompetanseområde og blir ikkje lagde fram for sentralbanken, med unntak av saker som gjeld kapitalforvaltninga til livselskapa.

I fellesbrevet av 26. april 1993 vart det vist til at det i større grad bør gå fram av oversendingsbrevet kva for forhold som særleg bør vektleggjast i fråsegnene, for å unngå unødig dobbeltarbeid. Men Kredittilsynet og Noregs Bank har kome til at det i dei fleste tilfella likevel vil vere mest formålstenleg å overlate til sentralbanken å vurdere kva for forhold banken meiner bør vektleggjast i fråsegnene, og at det også vil vere i tråd med Stortinget sin føresetnad om å halde på to sjølvstendige miljø.

Kredittilsynet og Noregs Bank har saman med Statistisk sentralbyrå eit utstrekt samarbeid om finansstatistikk og har vidareutvikla samarbeidet om ein felles database. Noregs Bank har sidan 1996 hatt teknisk ansvar for databasen og er ansvarleg for innhenting og behandling av rekneskapsdata frå bankar, finansieringsføretak osb. Kredittilsynet er ansvarleg for utarbeiding og vedlikehald av regelverk på området.

I 1996 vart det sett i gang eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre institusjonane om innhenting og behandling av rekneskapsdata frå forsikringsselskapa, som etter planen skal setjast i verk frå første kvartal 1998. Det har vidare vore eit visst samarbeid om opplegg for ei ny derivatrapportering. Andre område der det vil vere aktuelt å samarbeide i framtida, er rapportering frå finanskonsern.

Samarbeidet om internasjonal verksemd er utvikla vidare sidan 1993. Begge institusjonane har omfattande kontaktar og hyppig møteverksemd internasjonalt. Informasjon frå internasjonale møte av felles interesse blir utveksla regelmessig.

I fellesbrevet av 26. april 1993 vart det vist til at ein ville vidareutvikle samarbeidet på området ekstern informasjon. Kredittilsynet og Noregs Bank vurderer jamleg om det er formålstenleg å samarbeide om felles informasjonsopplegg i konkrete saker.

Kredittilsynet utarbeidde i 1994 eit program for makroøkonomisk overvaking i Kredittilsynet. Kredittilsynet utarbeider no rapportar om dette temaet i juni og desember, mens Noregs Bank utarbeider rapportar i april og oktober. Det er etablert eit nært samarbeid på dette området gjennom utveksling av rapportar, drøftingar av metodeutvikling, orientering om planlagde prosjekt og prosjekt under arbeid osb.

Samarbeidet på området for betalingssystem har til no vore avgrensa. Banklovkommisjonen si delutgreiing III om betalingssystem osb. (NOU 1996:24) har nyleg vore på høring. Den inneheld forslag til ny lovregulering som, om ho blir vedteken, vil gjere det naudsynt med ei avklaring av ei meir presis ansvarsdeling mellom dei to institusjonane. Det må mellom anna avklarast kva for betalingssystem og betalingstenester som det skal førast tilsyn med av respektive Kredittilsynet og Noregs Bank. På bakgrunn av dette har dei to institusjonane sett i verk tiltak for å styrkje samarbeidet på området for betalingsformidling. Også når det gjeld spørsmål knytte til risiko i verdipapiroppgjeret, er det i aukande grad kontakt og samarbeid mellom dei to institusjonane.

I samband med brot i lønnsforhandlingane for dei banktilsette sommaren 1995 vart det nedsett ei arbeidsgruppe med medlemmer frå Noregs Bank, Kredittilsynet, Oslo Børs, Noregs Fondsmeklarforbund, Norsk Opsjonssentral, VPS, Sparebankforeningen og Bankforeningen. Gruppa skulle kartleggje situasjonen og eventuelle konsekvensar av ein arbeidskonflikt i banksektoren. Rapporten frå arbeidsgruppa var ferdig i juni 1996. Gruppa er i dag ei permanent beredskapsgruppe som særleg skal overvake utviklinga dersom det er fare for ein arbeidskonflikt i banksektoren, og drøfte behovet for eventuelle tiltak.

Til forsiden