St.meld. nr. 12 (1997-98)

Kredittmeldinga 1996

Til innholdsfortegnelse

7 Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1996

7.1 Det rettslege grunnlaget for Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond vart oppretta ved eiga lov av 29. november 1991 med ein grunnkapital på 4 500 mill. kroner. Statens Bankinvesteringsfond har til formål å sørgje for ansvarleg kapital til norske bankar med utgangspunkt i forretningsvurderingar, men kan i særlege tilfelle tileigne seg aksjar og grunnfondsbevis frå Statens Banksikringsfond, eller overta ansvarlege lån frå Statens Banksikringsfond utan at forretningsvurderingar ligg til grunn for kjøpet.

7.2 Organisasjon og leiing i Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond er eit eige rettssubjekt. Fondet har eit eige styre og ein administrerande direktør. Før styret gjer vedtak som er særleg viktige, skal saka skriftleg leggjast fram for Finansdepartementet. Finansdepartementet kan i særlege tilfelle instruere styret i enkeltsaker. Styret skal ha høve til å uttale seg før Finansdepartementet gjer slike vedtak.

Samansetjinga av styret er vist i boks 7.1.

Boks 7.1 Styret for Statens Bankinvesteringsfond

Fram til 28. mai 1997:

Førstelagmann Arne Christiansen, leiar

Professor Hermod Skånland, nestleiar

Sjeføkonom Stein Reegård, medlem

Frå 28. mai 1997:

Førstelagmann Arne Christiansen, leiar

Professor Hermod Skånland, nestleiar

Sjeføkonom Stein Reegård, medlem

Økonomidirektør Anita Roarsen, medlem

Likestillingsombod Anne Lise Ryel, medlem

Administrasjonen har to fast tilsette. Siviløkonom Jan W. Hopland er administrerande direktør i fondet. I tillegg bruker fondet faste, eksterne rådgivarar.

Årsmelding for verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1996 var lagd fram av styret 10. februar 1997

7.3 Rekneskap og balanse i 1996

Statens Bankinvesteringsfond hadde i 1996 eit overskott på 1 344 mill. kroner mot 628 mill. kroner i 1995.

Driftsinntektene utgjorde 1 347 mill. kroner og driftskostnadene 3,8 mill. kroner. Av inntektene utgjer 561 mill. kroner utbytte frå aksjar i A/S Bergens Skillingsbank, DnB og Kreditkassen.

Sum renteinntekter er større enn i fjor som følgje av auka gjennomsnittsbehaldning av likvide midlar og renteberande ansvarlege lån. I tillegg er det inntektsført 635 500 kroner i renter på tidlegare nedskrive ansvarleg lån i Oslobanken AS.

Bankinvesteringsfondet selde i mars 1996 10 mill. grunnfondsbevis i Sparebanken NOR. Brutto salssum var på 1 760 mill. kroner, mens nettovinst etter frådrag av salskostnader var på om lag 702 mill. kroner.

I slutten av april selde Bankinvesteringsfondet heile si behaldning på 1 296 300 aksjar i A/S Bergens Skillingsbank til kurs kr 55,10 pr. aksje. Netto salsvinst etter frådrag av salskostnader var på 32,3 mill. kroner.

I desember vart det ansvarlege lånet i Sparebanken Vest pålydande 45 mill. kroner innløyst av utskrivar til kurs 100,80. Netto kursvinst er inntektsført med 360 000 kroner, like eins renteinntekter svarande til 5,8 mill. kroner.

I samband med avviklinga av Oslobanken AS er det inntektsført 1,25 mill. kroner, svarande til den pålydande verdien av Bankinvesteringsfondet sitt ansvarlege lån i banken, som vart nedskrive til null i 1993.

Bankinvesteringsfondet har ikkje gitt tilsegn om deltaking i ny ansvarleg kapital i 1996.

I april 1996 kjøpte Bankinvesteringsfondet 66 128 258 aksjar i DnB frå Banksikringsfondet til marknadsvilkår. Total kjøpesum var på 1 269 mill. kroner. Transaksjonen omfatta ca. 10,3 prosent av aksjekapitalen, og Bankinvesteringsfondet eig etter dette 230 mill. aksjar i DnB, tilsvarande 35,9 prosent av eigenkapitalen i banken.

Overskottet 1 344 mill. kroner vart heilt og fullt overført til statskassa 26. mai 1997.

Ved utgangen av 1996 hadde Statens Bankinvesteringsfond aksjar i forretningsbankar til ein bokført verdi på i alt 5 097 mill. kroner. Marknadsverdien for investeringane til Statens Bankinvesteringsfond utgjorde 11 339 mill. kroner. Det er 6 242 mill. meir enn bokført verdi. Meirverdien ved førre årsskifte utgjorde 3 722 mill. kroner.

I tillegg til dette forvalta Statens Bankinvesteringsfond ein portefølje av aksjar for Statens Banksikringsfond med ein bokført verdi på 1 040 mill. kroner. Samla marknadsverdi av porteføljen som Statens Bankinvesteringsfond forvalta ved utgangen av 1996, var 13 887 mill. kroner mot 13 593 mill. kroner året før.

Verdipapirporteføljen som Statens Bankinvesteringsfond forvaltar, hadde i 1996 samla inntekter på 3 641 mill. kroner og eit nettoresultat på 3 509 mill. kroner etter frådrag for sals- og driftskostnader, og innløysing av tidlegare nedskrive ansvarleg lån.

7.4 Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond

7.4.1 Generelt

Statens Bankinvesteringsfond har ikkje gitt tilsegn om deltaking i ny ansvarleg kapital i 1996.

I St.meld. nr. 39 (1993-94), Bankkrisemeldinga, drog Regjeringa opp hovudlinjene for den statlege eigardelen i forretningsbankane. Regjeringa gav mellom anna uttrykk for at den statlege eigardelen i Den norske Bank og Kreditkassen skulle førast vidare, mens andre eigarforhold skulle avviklast. Frå s. 127 i St. meld. nr. 39 (1993-94) blir det sitert:

«På mellomlang sikt og i inneværende stortingsperiode tas det sikte på beholde en statlig eierandel på over 50 pst. i disse to bankene. Før det ev. blir aktuelt å redusere eierandelen under 50 pst., vil Regjeringen legge spørsmålet om omfanget av det statlige eie frem for Stortinget til fornyet vurdering.»

Stortinget slutta seg til dette forslaget, jf. Innst. S. nr. 213 (1993-94).

I tråd med dette vart alle dei 63 mill. aksjane som staten hadde i Fokus Bank, selde i september/oktober 1995. Salet er omtala i Kredittmeldinga 1995 s. 38.

Tidsplan og transaksjonsstruktur for salet av alle dei 10 mill. grunnfondsbevis Statens Bankinvesteringsfond har i Sparebanken NOR, vart vedtekne tidleg i 1996 etter tilråding frå hovudtilretteleggjarane, Kleinwort Benson. Basert på resultatet av bodgivinga vart den endelege prisen fastsett til 176 kroner pr grunnfondbevis, svarande til sluttkursen på Oslo Børs på prisingstidspunktet. Salet, som vart avslutta i midten av mars, er nærmare omtalt i Kredittmeldinga 1995 s. 39.

I april 1996 vart Statens Bankinvesteringsfonds aksjepost på 13,9 pst. av aksjane i Bergen Skillingsbank seld. Brutto salsinntekter frå salet utgjorde til saman om lag 71,4 mill. kroner.

Statens Bankinvesteringsfond vedtok i juni/juli 1996 å selje 126 871 742 aksjar i Den norske Bank, svarande til 19,8 pst. av den totale aksjekapitalen i banken. Basert på resultatet av bodgivinga vart den endelege prisen fastsett til børskurs på prisingstidspunktet, kr 19,30 pr. aksje. Etter salet eig staten gjennom fonda framleis om lag 52,2 pst. av aksjane i Den norske Bank, mens folketrygdfondet eig om lag 2,4 pst. Salet er omtala i Kredittmeldinga 1995 s. 39.

Tabell 7.1 Eigarstruktur i Kreditkassen og Den norske Bank pr. 1. oktober 1997

Kreditkassen aksjar i pst.Den norske Bank aksjar i pst.
Finansielle føretak6,85,2
Ikkje finansielle føretak7,45,8
Privatpersonar4,04,6
Stats- og trygdeforvaltninga53,654,6
Ukjend sektor4,85,8
Utlendingar23,424,0
Total100,0100,0

Kilde: Kjelde: VPS

7.4.2 Christiania-saka

Styra i Storebrand og Kreditkassen la 1. april 1997 fram eit forslag til fusjonsplan der eit selskap i Storebrand-konsernet skulle vere det overtakande selskapet i fusjonen med morselskap i Kreditkassen-konsernet. Det var lagt til grunn eit byteforhold på ein ordinær aksje i Storebrand ASA, holdingselskapet i det nye konsernet som ville bli omdøypt til Christiania ASA, for 2 aksjar i Kreditkassen. Ved ein eventuell fusjon ville Statens Bankinvesteringsfond sin eigardel i Kreditkassen på 51 prosent utgjere om lag 25,5 prosent i morselskapet i det nye konsernet.

Forslaget til fusjon mellom Storebrand ASA og Kreditkassen og statleg eigarskap i finansnæringa vart drøfta i St.meld. nr. 2 (1996-1997) Revidert nasjonalbudsjett 1997. Dette er nærmare omtala i avsnitt 2.2. Forslaget til fusjon oppnådde om lag 62 pst. fleirtal i generalforsamlinga til Storebrand, og ikke det naudsynte 2/3 fleirtal. Statens Bankinvesteringsfond sin eigardel i Kredittkassen er såleis uendra.

Til forsiden