St.meld. nr. 15 (1997-98)

Om gjennomføring av råfisklova m.v. i 1995 og 1996

Til innholdsfortegnelse

4 Departementet sine merknader

4.1 Salslagsstrukturen

I meldingsperioden har det ikkje skjedd endringar i salslagsstrukturen.

Norske Fabrikkskips Forening søkte 31 mai 1994 om å få godkjent eit nytt salslag med lovvern etter råfisklova. Fiskeridepartementet avslo søknaden. I grunngjevinga la Fiskeridepartementet mellom anna vekt på behovet for relativt store og handlekraftige salsorganisasjonar som kan stå for ei effektiv førstehandsomsetning av fisk. Departementet har difor aktivt støtta arbeidet som er gjort frå fiskarane og deira organisasjonar i dei seinare åra for å få færre, større og meir handlekraftige einingar i førstehandsomsetninga av fisk. Vedtaket blei påklaga til Kongen i Statsråd. Klagen blei handsama i Statsråd 12 desember 1997. Klagen blei ikkje tatt til følgje. Bakgrunnen var i hovudsak at ein har vurdert det som mest tenleg for organiseringa av førstehandsomsetninga av fisk i Noreg at ein ikkje opnar for endringar i høve til innretninga på dagens salslagsstruktur.

4.2 Omsetningsretten

4.2.1 Langsiktige leveringsavtaler- evaluering av prøveordning med langsiktige leveringsavtaler for makrell

4.2.1.1 Innleiing

I Stortingsmelding nr 17 (1995-96) Om gjennomføring av råfisklova i 1993 og 1994, orienterte Fiskeridepartementet om langsiktige leveringsavtaler for makrell, som blei inngått for hausten 1995. Ordninga omfatta både avtaler mellom norske kystfartøy og norske kjøparar, og avtaler mellom utanlandske havgåande fartøy og norske kjøparar. For dei norske fartøya blei dette etablert som ei prøveordning. Særskilt for dei utanlandske fartøya var at avtalene ikkje kunne setjast i verk før hovudtyngda av det norske makrellfisket var over. Det vil seie at avtalene verka frå 15 oktober til 31 desember 1995.

Fiskeridepartementet uttalte i Stortingsmeldinga at avtalene ville bli evaluerte i etterkant. Næringskomiteen ba i si innstilling (Innst S nr 117 (1995-96)) om at evalueringa blei lagt fram for Stortinget. Evalueringa følgjer nedanfor. Det blir også sagt noko om den vidare utviklinga i 1996.

Omsetning av makrell høyrer inn under Norges Sildesalgslag sin rett til førstehandsomsetning. Laget sine omsetningsreglar påbyr sal over auksjon. Omsetning over langsiktige leveringsavtaler medfører såleis at ein må gi dispensasjon frå påbodet om auksjon. Laget såg ikkje dette som ei tenleg ordning og avslo søknader om ei slik ordning. Fiskeridepartementet omgjorde etter klage laget sine vedtak og tillét avtalene som ei prøveordning.

Omgjeringa må sjåast i samanheng med dei signal som blei gitt om langsiktige leveringsavtaler i Ot prp nr 61 (1991-92) og i Innst O nr 13 (1992-93). Der blei det gitt uttrykk for at dei som ønskjer å inngå slike avtaler bør bli gitt høve til det. Bakgrunn var at dette ville kunne gi høve for fiskeindustrien til meir langsiktig planlegging og betre styring med eigen tilgang på råstoff, noko som ville kunne gjere det mogeleg for fiskeindustrien å få ein sterkare posisjon på marknadene.

Når det gjeld avtalene med dei utanlandske fartøya, var det også eit viktig moment å gi fiskeindustrien auka høve til å tiltrekkje seg råstoff som elles blir levert i utlandet.

Norges Sildesalgslag følgde i ettertid opp Fiskeridepartementet sine vedtak når det gjaldt utanlandske fartøy. Det kom ikkje inn fleire søknader om å inngå slike avtaler med norske fartøy.

Sjølv om det blei tillate med langsiktige leveringsavtaler hadde laget framleis rett til å fastsette minstepris, dirigere fangstane og regulere fisket.

4.2.1.2 Innhenta synspunkt

Fiskeridepartementet har sett det som tenleg å innhente synspunkt frå Norges Sildesalgslag, Fiskerinæringens Landsforening (FNL) og Fiskeridirektoratet. Merknadene frå desse er avgrensa til perioden til og med vinteren 1996, unnateke Norges Sildesalgslag sine merknader som dekkjer situasjonen fram til 22 mars 1996. Hovudtrekka i synspunkta til desse er inntekne nedanfor.

4.2.1.2.1 Synspunkt frå Norges Sildesalgslag

Ved ei evaluering av langsiktige leveringsavtaler er det etter laget si meining svært viktig å ha klart for seg forskjellen mellom kvitfisksektoren og pelagisk sektor. Eit fartøy som fiskar kvitfisk må normalt levere innan eit nærare fastsatt tal dagar etter at første fisken er teken ombord. Pelagisk sektor er på grunn av store variasjonar i leite- og fangsttid underlagt heilt andre føresetnader når det gjeld planlegging, med store krav til fleksibilitet i omsetnings- og mottakarapparatet. Denne grunnleggjande uvissa meiner laget ikkje kan fjernast ved å leggje inn faste leveringskontraktar. Dette gjer at laget held på auksjon som den klart beste omsetningsforma for pelagisk sektor.

Vurderinga til laget tek utgangspunkt i kor godt ordninga med leveringsavtaler har svart til dei omsyn den var meint å ivareta. Laget har valt å gjere ei vurdering ut frå fire kriterium:

  • Verknaden i høve til fiskeripolitiske målsettingar

  • Verknaden i høve til kjøparane sitt krav til råstofftilgang

  • Effekt på laget sin totale omsetningssituasjon

  • Verknader i høve til den enkelte fiskar sine krav og forventningar

Når det gjeld dei fiskeripolitiske målsettingane viser laget til fem stikkord som var sentrale i Fiskeridepartementet si grunngjeving for å tillate langsiktige leveringsavtaler:

  • Høvet til å planleggje langsiktig

  • Kontinuitet

  • Kvalitet

  • Prisfastsetting

  • Ekstra tilgang på råstoff frå utlandet

Avtalene mellom dei fire kystnotsnurparane og kjøparen for hausten 1995

Vurdert opp mot dei fiskeripolitiske målsettingane slår laget fast at avtalene hadde eit visst langsiktig preg. Derimot er det tvilsamt om dei har hatt nokon effekt på kontinuiteten i produksjonen hos kjøparen. Variasjonane i fisket er for store til at det er mogeleg å planleggje at ei last makrell skal leverast til fastsett tidspunkt. Når det gjeld kvalitet, trur laget at avtalene har hatt negativ effekt. På grunn av ekstremt stor innblanding av småfisk er det eit spørsmål om fangstane i det heile tatt hadde vore seljelege over auksjon. Etter laget si meining blei det ikkje lettare å seia på førehand kva pris som ville bli fastsett. Grunnen var at prisane var knytt opp mot kva pris andre kystnotfartøy oppnådde på auksjonane. Fartøya låg 15% under gjennomsnittleg pris for kystmakrellgruppa totalt. Laget viser også til at reguleringssystemet i kystnotgruppa, med gruppekvote og maksimalkvote for kvart fartøy, inneber at høvet til å levere har direkte konsekvensar for høvet til å fiske og utsikta til å få tatt sin kvote. Systemet samsvarer difor lite med høvet til å inngå leveringsavtaler.

Laget sitt omsetningssystem har som målsetting å søke å oppnå gode prisar og betalingsvilkår. Eit viktig prinsipp er likskap i høvet til å finne omsetning for fangstane mellom fiskarane, og likskap mellom kjøparane når det gjeld høvet til å skaffe seg råstoff. Vurderinga av avtalene skjer difor ikkje ut frå kva som er bra for den enkelte aktøren, men kva effekt dei har på totalbiletet. Laget slår fast at omfanget av avtalene ikkje har vore tilstrekkeleg til å skape forstyrringar i laget sitt omsetningssystem. Dei har såleis ikkje hatt nokon negativ effekt for den andre delen av flåten sitt høve til å oppnå gode prisar. Laget held likevel fram at den store etterspurnaden etter makrell har vore til god hjelp her. I eit dårleg år ville resultatet blitt annleis.

Når det gjeld fiskarane sine forventningar har det berre lukkast laget å få tilbakemelding frå eitt av fartøya. Erfaringane var verken eintydig positive eller negative. Det var ein fordel å vite kor fangstane skulle leverast, men i enkelte tilfelle kunne dette medføre lange køyringar. Konklusjonen var at dersom ein skulle gjere nye avtaler, så burde laget kome inn som part i forhandlingane i prosessen med å fastsette pris.

Avtalene med dei utanlandske fiskefartøy hausten 1995

Halde saman med dei fiskeripolitiske målsettingane meiner laget at avtalene ikkje hadde noko spesielt langsiktig og fast preg over seg. Det synest som om fartøya hadde fullt høve til å levere andre stader dersom det var meir gunstig. Avtalene står etter laget si meining difor meir fram som ein eksklusiv rett til forhandlingar dersom fartøyet ønskte å levere i Noreg. Laget kan difor ikkje sjå at det blei oppnådd noko vesentleg betre kontinuitet i produksjonen.

Etter samtaler med enkelte utanlandske fiskarar, hevdar laget at uvisse med omsyn til eigen kvalitet er ei av årsakene til at fiskarane ikkje heilhjarta går inn for auksjon. Ved levering over auksjon risikerer ein å hamne på eit anlegg som ikkje er vant til «trålkvalitet«. På bakgrunn av dette meiner laget at det ikkje kan hevdast at avtalene verka kvalitetsfremjande. Når det gjeld prisfastsettinga, har laget berre observert nokre få kontraktar med avtalt pris. Dei andre inneheldt forhandlingsklausular. Det synest som om prisnivået på auksjonen og rundt Nordsjøbassenget elles var medverkande til fastsettinga av prisane. Difor står ikkje systemet på eigne bein med omsyn til prisfastsetting.

Laget kan ikkje sjå at det ligg føre nokon gevinst ved at avtalene har tilført norsk industri meir råstoff enn det elles ville motteke. Hovuddelen av dei 9.400 tonna som blei levert ville blitt levert i alle høve. Konsekvensen av avtalene er etter laget si meining først og fremst at den norske konkurransen om fangstane er tatt vekk.

Når det gjeld laget sine omsetningsordningar, har ikkje laget registrert nokon direkte negative konsekvensar for høvet til å oppnå gode og stabile prisar for norsk fisk. Dette kjem av den gode marknadssituasjonen for makrell.

Med omsyn til forventningane til dei utanlandske fiskarane meiner laget det er liten tvil om at dei faktisk ønskjer å forhandle direkte med kjøpar. Samstundes er dei ikkje spesielt interessert i å binde seg til faste kontraktar.

Langsiktige leveringsavtaler vinteren 1996

Laget førte vidare ordninga med langsiktige leveringsavtaler for makrell med utanlandske fiskarar i perioden 1 januar 1996 til 31 mars 1996. Føresetnaden var at avtalene skulle gjerast meir langsiktige og bindande. Det blei oppnådd semje med FNL med omsyn til minstekrav til avtalene gjeldande frå 15 januar 1996.

Omfanget av avtalene auka kraftig i denne perioden. Det blei inngått avtaler for 85.000 tonn makrell. Til samanlikning blei det i same periode i 1995 levert 55.000 tonn makrell frå utanlandske fiskarar i Noreg. Samtidig var kvotane sterkt reduserte. 22 mars 1996 var det levert 68.000 tonn utanlandsk makrell, av dette var ca 60.000 tonn levert via langsiktige avtaler. Avtalene er fordelt på 11 norske anlegg. Laget meiner denne auken ikkje kom av dei langsiktige avtalene, men av marknadssituasjonen for makrell. Det var ein dramatisk oppgang i førstehandsprisane for makrell i Noreg samanlikna med alternative leveringsstader.

Oppsummering

Utviklinga når det gjeld omsetning av makrell frå utanlandske fiskarar er etter laget si vurdering urovekkjande. Den kan medføre at auksjonen blir sett ut av spel. Dersom det skjer blir marknaden i mindre grad open og mogeleg å gjennomskode, noko som er naudsynt for å få ei optimal tilpassing. Dette kan få dramatiske konsekvensar, ikkje minst for ressurskontrollen.

Laget konkluderer i stikkordsform med følgjande:

  • Avtalene har, spesielt for utanlandske fiskarar, i svært liten grad vore av gjensidig forpliktande karakter.

  • Avtalene har ikkje hatt det langsiktige elementet som føresett, og har kome seint på plass opp mot tidspunktet for levering.

  • Spesielt for avtalene med dei fire kystnotbåtane var det vanskeleg for laget å få fullt innsyn i kva som var avtalt.

  • Avtalepartane har ikkje på sjølvstendig grunnlag vore i stand til å avtale ein fast pris, men har i stor grad sett på kva prisar som blir oppnådd i auksjonane, eller prisar ved alternative høve til levering.

  • Omfanget av direkte leveringsavtaler hausten 1995 har, med den marknadssituasjonen som har vore for makrell, ikkje vore så stort at det kan seiast å ha hatt negativ effekt på omsetninga elles.

  • Leveransane av makrell frå utanlandske fiskarar vinteren 1996 har kome på toppen av eit svært godt fiske etter NVG-sild. Sjølv om den fysiske kapasiteten og marknaden har vore i stand til å ta hand om begge råstoffslaga, har omfanget av leveransane vore slik at det til tider har hatt innverknad på etterspurnaden etter sild.

Laget meiner det er bruk for ei strukturtilpassing på landsida. Fiskeridepartementet søkjer etter laget si meining å løyse fiskeindustrien sine problem ved å ta i bruk langsiktige avtaler. Avtalene medverkar til å skjerme den norske interne konkurransen, noko som ikkje er ein god måte å strukturere næringa på. Laget meiner at størst verdiskaping og ressurstilpassing blir oppnådd når bedriftene kan konkurrere om råstoffet i ein marknad som er open og lett å gjennomskode. Dette tvingar fram den marknadsorienteringa som er naudsynt for å få til auka verdiskaping i Noreg.

4.2.1.2.2 Synspunkt frå Fiskerinæringens Landsforening

Erfaringane frå 1995 er avgrensa, då ordninga med langsiktige avtaler kom i stand på eit seint tidspunkt. Erfaringane blei likevel nytta til å fornye avtalene eller til å inngå nye avtaler for 1996, då direkte leveringsavtaler spela ei stor rolle for industrien. Nærare 100% av leveringane av makrell frå utanlandske fartøy har skjedd ved langsiktige avtaler, totalt ca 65.000 tonn.

Dei langsiktige avtalene har etter FNL si meining utvilsamt sikra norsk industri ein aukande del av ei minkande totalkvote (TAC) for makrell. Det har virka prisstabiliserande i marknaden at norsk industri har fått hand om ein større del av makrellen. Den frykta norske fiskarar tidlegare uttrykte for lågare prisar ved langsiktige avtaler er ugrunna, då den auka dominansen til norske eksportørar i marknaden gir positiv effekt også for norske fiskarar.

Likevel legg ikkje FNL skjul på at det også mellom norske kjøparar har vore nyanserte synsmåtar på langsiktige avtaler. Særleg mindre anlegg med mindre kapasitet til mottak og produksjon, og difor mindre høve til å inngå langsiktige avtaler, er redde for å tape i kampen om råstoffet. Dette er etter FNL si meining mykje overdrive, særleg etter at det blei gitt høve for fleire kjøparar til å nytte éi leveringsavtale.

FNL meiner at kravet til å ha kjennskap til og tryggleik for leveransar av råstoff aukar i takt med næringa si spesialisering og industrielle utbygging. Overgangen frå fiskehandlarstadiet, som baserte seg på aktivitet i takt med sesongfiske i anlegget sin nærleik, til industrien i dag med avansert teknologi som er avhengig av å hente råstoff frå fjern og nær der råstoffet er tilgjengeleg, gjer det naudsynt å fortsette å vidareutvikle bruken av langsiktige avtaler. Elles bør det etter FNL si meining bli opna for ei ordning med langsiktige avtaler også innan sildesektoren. Vidare må det snarast også bli opna for at også norske fiskarar og kjøparar kan inngå slike avtaler. Partane i avtalen mellom fire kystnotsnurparar og kjøparen er alle nøgde, sjølv om ein samstundes går med på at det ikkje blei gjort nok for at resultatet kunne blitt enno betre.

4.2.1.2.3 Synspunkt frå Fiskeridirektoratet

Merknadene er avgrensa til utfordringar ved kontrollsida av saka.

Fiskeridirektoratet har ikkje registrert nemneverdige problem ved leveransar frå norske fartøy med langsiktige avtaler. I samsvar med Norges Sildesalgslag sine reglar er desse regulert ved turkvotar på 150 tonn.

Situasjonen er noko annleis for leveransar frå utanlandske fartøy med langsiktige avtaler. Mange av leveransane er store enkeltkvantum som det kan ta fleire dagar å lande. Ein fullstendig kontroll av kvantum krev overtidsarbeid. Mange fartøy landar også i helgene, og ofte blir fangstane meldt inn først etter at arbeidstida er slutt på fredagar. På grunn av kapasitetsproblem blir mykje av dette ikkje kontrollert.

Eit moment som etter Fiskeridirektoratets meining gjer landingane vanskelegare har vore at det ofte har blitt endra på landing av fisk, i den forstand at fartøy har gjennomført «delleveransar» internt ved konsernet sine eigne mottak. Det har også vore nytta brønnbåtar for forsyning av anlegg andre stader i distriktet. Overføringane til brønnbåt er ikkje blitt vegd etter kvart, slik som sluttsetelforskrifta krev. Vidare blir det skrive berre éin sluttsetel.

Ved ein konkret leveranse til eit anlegg i Sør-Noreg er det registrert ein påfallande forskjell ved G 6% i makrellfangstar (dette gir prosentdelen av makrell over 600 gram) når landingane er kontrollerte samanlikna med når dei ikkje er kontrollerte av Fiskeridirektoratet sitt Kontrollverk. For ukontrollerte landingar er tendensen at kvantumet går ned, medan G 6% går opp. Dette kan tyde på manipulering med kvantum.

Ved ein konkret fullkontroll er det konstatert eit kvantumsavvik på 66 tonn mellom innmeldt fangst til Norges Sildesalgslag og kontrollresultatet.

Dersom dei langsiktige avtalene skulle vere eit incitament for å betre kontinuiteten i leveringane for mottaksanlegga meiner Fiskeridirektoratet at det er noko påfallande at ei så stor mengde blir landa i helgene. I perioden 1 januar 1996 til 1 april 1996 blei det landa nesten 9.000 tonn på laurdagar og vel 6.000 tonn på sundagar.

Frå Fiskeridirektoratet si side blir det konkludert med at det i samband med langsiktige avtaler synest det så langt å vere større høve enn elles til å manipulere med kvantum mellom kjøpar og seljar. Det er grunn til noko uro med omsyn til etterleving av andre land sine kvotereguleringar. Det burde vore knytt avgrensingar til avtalen med høve til mottakskapasiteten ved dei enkelte anlegga.

Når det gjeld kvaliteten på fisken som er levert ved langsiktige avtaler, har ikkje Fiskeridirektoratet konstatert noko som gir grunnlag for slutningar verken i positiv eller negativ retning. Generelt påpeikar Fiskeridirektoratet likevel at enkelte av dei utanlandske fartøya har lang veg frå fangstfeltet, noko som kan påverke fisken sin kvalitet. Dette forholdet er likevel det same enten fangsten blir omsett over auksjon eller ved avtale.

4.2.1.3 Fiskeridepartementet sine vurderingar

Dei innhenta merknadene syner at partane har noko ulike vurderingar med omsyn til korleis avtalene fungerte. Norges Sildesalgslag er kritiske med omsyn til fleire av dei kriteria som avtalene er vurderte etter. Departementet merkjer seg likevel at laget ikkje meiner avtalene har hatt negativ innverknad på laget sin totale omsetningssituasjon. Fiskerinæringens Landsforening (FNL) går ikkje i detalj i same grad, men teiknar eit positivt bilete av ordningane. Fiskeridirektoratet har merknader med omsyn til kontrollen med dei utanlandske leveransane.

Avtalene mellom dei fire kystnotsnurparane og kjøparen

Det totale kvantumet som blei levert gjennom avtalene med dei norske kystnotfartøya var i overkant av 1.900 tonn. Avtalene blei inngått mellom ein kjøpar og fire kystnotfartøy. Det er departementet sitt inntrykk at dei i hovudsak blei gjennomførte i tråd med partane sine intensjonar. Det vil seie at dei har vore langsiktige og at kjøparen tilnærma fekk det kvantumet han etter avtalen kunne vente seg. Fordi omfanget av avtalene var for lite til å kunne ha nokon følgjer for kjøparen, synest det ikkje å vere grunnlag for å seia at avtalene gjorde sitt til betre kontinuitet i produksjonen. FNL peiker også på at partane var nøgde, sjølv om det samstundes er klart at det ikkje blei gjort nok for at resultatet kunne blitt endå betre. Norges Sildesalgslag visar til at det eine fartøyet dei fekk tilbakemelding frå verken hadde positive eller negative erfaringar, men at det med omsyn til prisfastsettinga var ønskjeleg at laget kom inn som part i forhandlingane dersom ein skulle gjere nye avtaler. Departementet legg til grunn at avtalene med omsyn til prisfastsettinga ikkje førte med seg noko vinning for fiskarane, då avtalene i denne samanheng var knytt opp til dei prisane som blei oppnådde på auksjonen.

Med omsyn til kvaliteten på fisken, finn ikkje departementet at det ligg føre tilstrekkeleg grunnlag for å trekkje slutningar verken i den eine eller andre retninga. Departementet vurderer det slik at avtalene ikkje har hatt negativ innverknad på omsetninga elles gjennom Norges Sildesalgslag. Leveransane har heller ikkje vore gjenstand for noko problem med omsyn til ressurskontrollen.

Avtalene med dei utanlandske fiskefartøya

Avtalene med dei utanlandske fartøya omfatta seks norske kjøparar og tilsaman 18 fartøy. Det samla volumet av kontraktane var på 23.300 tonn makrell. Av dette blei det faktisk levert 9.400 tonn, noko som utgjer ca 41% av det som var avtalt. Grunna den fleksibiliteten som avtalene synest å vere omfatta av, kan ikkje departementet sjå at dei har vore spesielt langsiktige og faste. Det er rimeleg å tru at dette også har fått konsekvensar for kontinuiteten i leveransane.

Norges Sildesalgslag har stilt spørsmålsteikn ved kvaliteten på fisken. Fiskeridirektoratet uttalar på si side at dei med omsyn til kvaliteten ikkje har grunnlag for å konkludere verken den eine eller andre vegen. Departementet legg til grunn at avtalene ikkje kan seiast å ha påverka kvaliteten.

Når det gjeld prisfastsettinga, synest det på same måten som for avtalene med dei norske fartøya, at det i ein viss grad var styrande kva pris som blei oppnådd på auksjonen. Avtalene kan difor ikkje i nokon særleg grad seiast å ha hatt ein sjølvstendig funksjon på dette punktet.

Spørsmålet om avtalene medverka til at det blei levert meir utanlandsk fanga makrell i Noreg enn det elles ville blitt, kan ein ikkje gi noko sikkert svar på. Men det er departementet si oppfatning at avtalene utgjorde eit ekstra incitament for å levere i Noreg. Dei hadde den konsekvens at dei utanlandske fartøya kunne velje mellom to omsetningsformer. Departementet legg til grunn at avtalene ikkje hadde nokon negativ innverknad på den andre omsetninga gjennom Norges Sildesalgslag.

Fiskeridirektoratet gir uttrykk for at det er grunn til noko uro med omsyn til om andre land sine kvotereguleringar blir etterlevd. Departementet vil leggje til at det er inngått ei avtale med skotske styresmakter om gjensidig informasjonsutveksling, slik at skottane får informasjon om skotske landingar i Noreg og omvendt. Tilsvarande avtaler er seinare inngått med andre nasjonar rundt Nordsjøbassenget. Utviklinga av kontrollsamarbeidet er ein kontinuerleg prosess, og var ein føresetnad for at departementet tillét avtaler med utanlandske fartøy.

Vinteren 1996

Den vidare utviklinga vinteren 1996 viser at omfanget av langsiktige leveringsavtaler med utanlandske fartøy auka kraftig. 11 norske kjøparar inngjekk avtaler for denne perioden. Norges Sildesalgslag har i ettertid opplyst at den totale mengda makrell levert over avtaler blei 56.400 tonn. Tilsaman blei det levert 70.500 tonn makrell frå utanlandske fartøy i Noreg i denne perioden. Det er interessant å merke seg at medan kvotane for makrell var sterkt reduserte samanlikna med året før, auka kvantumet levert frå utanlandske fartøy kraftig. Dette kan tyde på at høvet til å inngå langsiktige avtaler har hatt ein positiv effekt med omsyn til å trekkje meir utanlandsk råstoff til Noreg. FNL meiner til dømes at det utvilsamt ligg føre ein slik samanheng. FNL uttalar at dette også har hatt ein prisstabiliserande effekt ved at norsk industri har fått hand om ein større del av makrellen. Dette kjem også norske fiskarar tilgode. Norges Sildesalgslag har eit meir nøkternt syn på årsakene, og peiker på den svært gode marknadssituasjonen for makrell, med ein dramatisk oppgang i førstehandsprisane i Noreg samanlikna med andre leveringsstader. Fiskeridepartementet er ikkje i tvil om at dette har vore ein klar medverkande faktor, men finn at det er rimeleg å tru at også avtalene utgjer ei årsak. Til forskjell frå haustsesongen nemnast at det blei sett krav til at avtalene skulle oppfylle visse minimumskrav slik at dei skulle bli meir langsiktige og bindande.

Hausten 1996

Hausten 1996 ser ein derimot at interessa for å inngå langsiktige leveringsavtaler har gått tilbake ved at 7.300 tonn makrell er levert over avtaler, medan det totalt blei levert 27.400 tonn frå utanlandske fartøy. Dette tyder på at høvet til å omsetje over avtaler ikkje inneber det same som at alle vil gjere bruk av det. For departementet har det nettopp vore eit poeng at begge omsetningsformene (auksjon/avtaler) kan eksistere side om side. Det er ikkje inngått nye avtaler med norske kystfartøy. Med omsyn til denne gruppa har Norges Sildesalgslag innført same ordninga som for utanlandske fartøy; at det som hovudregel ikkje blir gitt høve til å inngå langsiktige leveringsavtaler for perioden når hovudtyngda av det norske makrellfisket går føre seg. På dette punktet har laget såleis ikkje følgt opp departementet sitt vedtak frå hausten 1995.

Vidare utvikling

For hausten 1997 er situasjonen blitt noko endra ved at reguleringa av det norske kystfisket etter makrell er endra. Endringa inneber at det høver dårlegare med omsetning over langsiktige leveringsavtaler. Derimot har nokre norske trålarar inngått langsiktige leveringsavtaler denne hausten. Dette gjeld for perioden etter at hovudtyngda av det norske fisket er over.

Fiskeridepartementet har sidan 1995 ikkje motteke klager frå aktører som ønskjer å omsetje makrell over langsiktige leveringsavtaler.

4.2.1.4 Konklusjon

Når ein skal summere opp erfaringane synest det nærliggjande å leggje til grunn at denne omsetningsforma har eit stort potensiale for å betre seg. Særleg avtalene med dei utanlandske fartøya hausten 1995 bar preg av å vere lite bindande, der det syntest som om enkelte av fartøya hadde høve til å velje mellom auksjon eller direkte levering i det enkelte tilfellet. Dette var ikkje departementet sin intensjon med å tillate denne omsetningsforma. Vinteren 1996 synest dette derimot å ha blitt betre. Med omsyn til dei norske fartøya synest ikkje dette problemet å ha gjort seg gjeldande. Det er elles ikkje urimeleg at ei ordning som er ny treng noko tid på å gå seg til.

For departementet er det eit vesentleg poeng at avtalene ikkje har hatt negativ innverknad på den andre omsetninga gjennom Norges Sildesalgslag. Laget hevdar dette i stor grad kjem av den gode marknadssituasjonen for makrell. Departementet er merksam på denne faktoren, men meiner det samstundes ikkje kan leggjast til grunn at avtalene ville skapt problem utan ein slik god marknadssituasjon. Det er også interessant å konstatere den store auken i levert makrell til Noreg vinteren 1996, trass i at kvotane var sterkt reduserte. Men som nemnt må det også takast omsyn til den positive utviklinga i marknadssituasjonen for norsk makrell.

I tråd med signala gitt i Ot prp nr 61 (1991-92) og Innst O nr 13 (1992-93) er departementet sitt utgangspunkt at salslaga bør vise ei smidig haldning når det gjeld langsiktige leveringsavtaler, slik at dei som ønskjer det får godkjenning til å inngå slike avtaler. Ved ei vurdering av avtalene er det ein naturleg konsekvens av dette synet at det ikkje er avgjerande kor vellukka ordninga eventuelt må ha vore. Når erfaringane viser at omsetninga over avtaler ikkje utan vidare har vore positiv, men samstundes ikkje har hatt negativ verknad på omsetningssystemet elles, er det etter departementet si meining naturleg å konkludere med at denne omsetningsforma bør vere eit alternativ i pelagisk sektor. Samstundes bør ein ikkje underslå at ordninga er ny og at dei erfaringane som er gjort er avgrensa. I fortsettinga bør det bli arbeidd for å bøte på veike punkt. Eit nærliggjande tiltak er å stille strengare krav til avtalene slik at dei blir meir forpliktande for partane.

Norges Sildesalgslag har gitt uttrykk for uro for at omsetning over avtaler kan sette auksjonssystemet i fare. Departementet vil vise til utviklinga hausten 1996 då interessa for denne omsetningsforma minka. Det illustrerer at ikkje alle vil velje denne omsetningsforma sjølv om det er høve til det, og at det bør vere grunnlag for at begge omsetningsformene kan eksistere side om side. FNL uttaler også at det er ein del kjøparar som ikkje ønskjer denne omsetningsforma. Ulike fiskeri med ulike reguleringsordningar er også med å regulere «etterspurnaden» etter omsetning over langsiktige leveringsavtaler, avhengig av kor egna slike avtaler er under ulike vilkår.

På den andre sida kan ein stille spørsmål ved om det i dag generelt er for lite freistande å inngå langsiktige leveringsavtaler fordi dei er underlagt salslaga sine andre fullmakter som fastsetting av minsteprisar, dirigering av fangstar, regulering av fisket osv. Dersom omsetning over avtaler skulle bli gitt særfordelar i så måte, synest det på den andre sida særleg aktuelt å stille strengare krav til avtalene slik at dei blir meir forpliktande og bindande og verkeleg er langsiktige. Med omsyn til mellom anna slike spørsmål, vil departementet seinare kome tilbake til Stortinget med ei nærare drøfting av langsiktige leveringsavtaler generelt.

4.2.2 Faglagsavgifta

Høgsterett avgjorde 3 juli 1997 saka mellom Paul Jensen m.fl.(organisert i Norges Kystfiskarlag) og Norges Råfisklag. Saka gjaldt spørsmålet om lovgrunnlaget for storleiken av pålagt avgift etter råfisklova. Tvisten knytte seg til den delen av avgifta som Råfisklaget har overført til Norges Fiskarlag.

Saksøkjarane fekk medhald av Høgsterett i at dei var blitt trekt for avgift som delvis gjekk til formål som ikkje er omfatta av heimelen i råfisklova. Høgsterett ga saksøkjarane medhald i at Norges Råfisklag ikkje hadde rett til å gjere trekk til fordel for Norges Fiskarlag i saksøkjarane sine fangstar etter den ordninga som no blir praktisert. Saksøkjarane fekk dom for tilbakebetaling av den ulovleg trekte avgifta.

Ein konsekvens av dommen var at alle salslaga stoppa overføringane til Norges Fiskarlag og Norsk Sjømannsforbund etter at dommen fell. Dommen har skapt problem med omsyn til finansieringa av Norges Fiskarlag, som hadde overføringane frå salslaga som si hovudinntektskjelde.

4.2.3 Omfanget av omsetningsretten

I 1995 fekk Norges Råfisklag, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag, Vest-Norges Fiskesalslag, Rogaland Fiskesalgslag og Skagerakfisk omsetningsrett for skjellbrosme og morafisk.

Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag har også søkt om omsetningsrett for orange roughy, raud beryx og djuphavsabbor. Både Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Norges Råfisklag har søkt om omsetningsrett for pigghuder. Desse søknadene blei avslått.

Fiskeridepartementet ga 24 juni 1994 Skagerakfisk S/L mellombels rett til førstehandsomsetning av leppefisk. Ordninga varte fram til 30 april 1996 og var ei prøveordning. Fiskeridepartementet legg til grunn at det må liggje føre særskilde grunnar dersom retten til førstehandsomsetning skal utvidast med nye fiskeartar. På bakgrunn av erfaringane som blei gjort under prøveordninga, fann ikkje Fiskeridepartementet at det låg føre slike grunnar. Ordninga blei difor ikkje gjort permanent. Likeins fekk Vest-Norges Fiskesalslag avslag på søknad om rett til førstehandsomsetning for leppefisk.

4.3 Kontrollen med salslaga

4.3.1 Innleiing

Det finst ei rekkje ordningar som har til formål å kontrollere at salslag med einerett til førstehandsomsetning følgjer dei reglar og vedtak som gjeld, eller ordningar som skal syte for at det er mogleg å etterprøve vedtak som salslaga har gjort.

4.3.2 Intern kontroll

Salslaga har ulike ordningar som skal kontrollere vedtak og aktivitetar styret og administrasjonen gjer på vegner av medlemmane i salslaget.

4.3.2.1 Revisjon

Alle salslaga har vedtekter som fastset at rekneskap til laga skal reviderast av ein revisor, i samsvar med rekneskapslovgivinga.

4.3.2.2 Kontrollnemnd

Det er fastsett i råfisklova § 3 andre ledd at vedtektene skal ha føresegner om at salsorganisasjonane skal ha ei kontrollnemnd. Kontrollnemnda fører tilsyn med at dei vedtaka som representantskapet gjer, blir sette ut i livet. Nemnda fører elles tilsyn med styret og administrasjonen på vegner av representantskapet. Det finst også andre interne kontrollorgan, til dømes fullmaktsnemnd.

4.3.3 Ekstern kontroll

4.3.3.1 Subsidiekontrollen

I Fiskeridirektoratet er det etablert eit kontor som har til oppgåve å føre tilsyn med at tilskotssmidlar over støtteavtalen blir nytta slik avtalen føreset. Det ligg også innanfor Subsidiekontrollen sitt arbeidsområde å gjennomføre omsetningskontroll. Dersom det er frigjort ressursar ved Subsidiekontrollen, er det naturleg at dei blir sette inn overfor ordinær omsetningskontroll. Ein slik kontroll vil i hovudsak gå ut på å kontrollere at førstehandsomsetninga skjer gjennom dei godkjende salslaga, til dei minsteprisar som er fastsette.

4.3.3.2 Statens kontrollør

Etter § 3 andre ledd nr 3 i råfisklova er det fastsett at vedtektene for salslag skal innehalde at departementet har rett til å oppnemne ein offentleg kontrollør som skal betalast av salslaget med ei lønn som blir fastsett av departementet. Det er fastsett ein standardinstruks for staten sine kontrollørar med fiskesalslag med lovvern etter råfisklova. Instruksen er fastsett av Fiskeridepartementet 25 august 1988 med heimel i råfisklova §§ 3 og 8, og har følgjande ordlyd:

Ǥ1

Kontrollen skal følge lagets virksomhet og påse at den er i samsvar med god forretningsskikk, og påse at virsomheten drives innenfor rammene av gjeldende lov og bestemmelser for øvrig. Kontrollen skal ha adgang til alle bøker, protokoller og korrespondanse som lagets organer har, og skal på anmodning forelegges andre opplysninger. Kontrolløren har rett til å være til stede på lagets styremøter, representantskapsmøter o.l.

§ 2

Kontroll med prisfastsettelse eller prisforhandlinger ligger utenfor kontorllørens oppgaver, medmindre Fiskeridepartementet anmoder om slik kontroll.

Kontrolløren skal ikke fungere som juridisk rådgiver for salgslaget.

§ 3

Kontrolløren skal påse at lagets regnskaper blir gjort til gjenstand for regnskapsmessig kontroll og revisjon, men skal ikke personlig revidere regnskapene. Kontrolløren har ikke noe regnskapsmessig ansvar.

Kontrolløren skal på anmodning fra departementet bistå i forberedelsen av klagebehandlingen i enkeltsaker.

§ 4

Kontrolløren skal hvert år sende rapport til Fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet, med eventuelle merknader til styrets forslag til årsberetning og regnskap.

Rapporten bør være Fiskeridepartementet i hende i god tid - fortrinnsvis to uker - før salgslaget holder representantskapsmøte eller årsmøte.

Kontrollørens rapport sendes salgslaget til orientering.

§ 5

Statens kontrollør skal av eget tiltak holde fiskerimyndighetene orientert om forhold som kontrolløren antar har betydning for salgslagas økonomi og drift. Om nødvendig kan kontorlløren søke assistanse hos fiskerisjefen eller fiskeristyret.

Kontrolløren skal bistå fiskerimyndighetene med å skaffe fram opplysninger om salgslagas økonomi og drift når det blir anmodet om slike opplysninger.

§ 6

Statens kontrollør har taushetsplikt etter de bestemmelsene som gjelder for offentlige tjenestemenn.

§ 7

Denne instruksen trer i kraft 1. september 1988. Samtidig oppheves instruks for statens kontrollører, fastsatt 10. juni 1947 med seinere endringer.»

Statens kontrollør i dei enkelte laga har ikkje innrapportert forhold som har gitt grunn til særleg oppfølging frå departementet si side.

Til forsiden