St.meld. nr. 15 (1997-98)

Om gjennomføring av råfisklova m.v. i 1995 og 1996

Til innholdsfortegnelse

2 Salsorganisasjonane

2.1 Generelt

I meldingsperioden for 1995 og 1996 er talet på salslag uendra. Ein vil nedanfor gå gjennom verksemda til følgjande salslag:

  • Norges Råfisklag

  • Norges Sildesalgslag

  • Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag

  • Vest-Norges Fiskesalslag

  • Rogaland Fiskesalgslag S/L

  • Skagerakfisk S/L

2.2 Salslaga

Dei følgjande punkta 2.2.1 til 2.2.6 er i hovudsak bygd på ei utgreiing frå Fiskeridirektoratet. Utgreiinga er utarbeidd på grunnlag av årsmeldingane til dei enkelte salslaga og rapportane frå Statens kontrollør i laga.

2.2.1 Norges Råfisklag

2.2.1.1 Økonomien til salslaget

Økonomien til salslaget i 1995

I rekneskapen for 1995 var driftsinntektene kr 71.474.000, som er ein nedgang på kr 123.000 jamført med 1994. Rekneskapen viste eit driftsoverskot på kr 4.523.000, mot underskot på kr 1.069.000 året før. Resultatet før ekstraordinære postar (eop) var kr 29.197.000, samanlikna med kr 24.811.000 i 1994. Årsresultatet viste eit overskot på kr 17.524.000. Dette var ein liten nedgang på kr 105.000 jamført med 1994. Eigenkapitalen var kr 270.557.000, mot kr 253.032.000 i 1994. Eigenkapitaldelen var på 62,2% i 1995, samanlikna med 57,9% i 1994.

Økonomien til salslaget i 1996

I rekneskapen for 1996 var driftsinntektene på kr 62.683.000, noko som er ein nedgang på kr 8.791.000 frå 1995. Rekneskapen viste eit driftsunderskot på kr 7.191.000. Resultatet før eop var kr 18.706. Årsoverskot til dispensasjon gjekk sterkt tilbake til kr 383.000. Grunnen var ekstraordinære løyvingar på kr 16.599.000 i samband med prisstabiliserande tiltak. Eigenkapitalen var på kr 270.939.000, omlag det same som i 1995. Eigenkapitaldelen var 61,4%, som var noko ned jamført med 1995.

2.2.1.2 Omsetninga til laget

Omsetninga til laget i 1995

I 1995 blei det i Norges Råfisklag sitt distrikt omsett fisk, skaldyr, blautdyr, kval og biprodukt av desse til ein førstehandsverdi på 4.594 mill kroner. Dette utgjorde eit kvantum på 650.000 tonn fangst (rund vekt). Omsetninga auka i verdi med 512 mill kroner frå 1994 til 1995 (13%), og i kvantum med 33.000 tonn (5%).

Det var ingen store endringar i landa kvantum for dei einskilde artane.

Omsetninga til laget i 1996

Omsetninga av fisk, skaldyr, blautdyr, kval og biprodukt av desse i laget sitt distrikt kom i 1996 opp i ein førstehandsverdi på nærare 4.200 mill kroner. I kvantum utgjorde dette 685.000 tonn fangst (rund vekt). Omsetninga gjekk ned i verdi med 400 mill kroner (8,7%) frå 1995 til 1996, medan kvantumet auka med ca 35.000 tonn (5,4%).

For det landa kvantumet var det størst prosentvis auke for artane hyse, sei og blåkveite. Det var størst prosentvis nedgang for artane flyndre, isgalt og pigghå.

Tabell 2.1 Omsetningstal og førstehandsverdi i rund vekt for 1995 og 1996 (i tonn og 1.000 kr)

årkvantum i tonnverdi i 1.000 kr
1995650.0004.594.000
1996685.0004.194.000

2.2.1.3 Fisk

Fisk 1995

Frå norske og utanlandske fiskarar blei det i 1995 levert til saman 616.400 tonn fisk (rund vekt). Dette var ein kvantumsauke på ca 33.000 tonn. Det svara til ein kvantumsauke frå 1994 på over 5%. Verdien på den totale mengda av fisk og biprodukt auka i 1995. Leveransane av fisk og biprodukt lydde på 3.989 mill kroner, noko som svara til ein auke på 9% frå 1994. Verdien av biprodukta åleine har vist ein nedgang. 15% blei brukt til ferskfisk, 39% gjekk til frysing, 5% blei brukt til henging og 41% gjekk til salting.

Finnmark hadde ein liten nedgang i leveransane av fisk. Det blei levert 202.000 tonn rund fisk, noko som innebar ein nedgang på 8.000 tonn eller 3,5% sidan 1994.

I Troms blei det landa 166.700 tonn rund fisk, mot 138.000 tonn i 1994. Det svara til ein auke på 28.200 tonn eller 20%.

Nordland hadde landing av 200.200 tonn rund fisk, mot 178.300 tonn i 1994. Dette innebar ein auke på 21.800 tonn eller 11%.

Trøndelag hadde landing av 17.600 tonn rund fisk, som var det same som i 1994.

På Nordmøre blei det landa ca 29.500 tonn fisk, ein nedgang på 8.400 tonn eller 22%.

Fisk 1996

I 1996 blei det frå norske og utanlandske fiskarar levert i alt 648.000 tonn fisk (rund vekt). Dette var ein kvantumsauke på ca 32.000 tonn, noko som svara til ein kvantumsauke frå 1995 på nesten 5,2%. Verdien på den totale mengda av fisk og biprodukt gjekk ned i 1996. Leveransane av fisk og biprodukt lydde på 3.700 mill kroner, noko som innebar ein nedgang på 6,5% frå 1995. Verdien av fisken isolert gjekk ned med 280 mill kroner eller 7,2%. Verdien av biprodukta auka med 15 mill kroner eller 21%. 18% blei brukt til ferskfisk, 37% gjekk til frysing, 6% gjekk til henging og 39% gjekk til salting.

Finnmark hadde ein liten nedgang i leveransane av fisk. Det blei levert vel 200.000 tonn, ein nedgang på vel 1.500 tonn sidan 1995.

I Troms blei det landa vel 199.000 tonn rund fisk, mot 167.000 tonn i 1995. Det svara til ein auke på vel 32.000 tonn, eller nesten 20%.

Nordland mottok i overkant av 205.000 tonn rund fisk, ein auke på 5.000 tonn eller ca 2,5% frå 1995.

Trøndelag hadde landing av 17.500 tonn rund fisk, som var omtrent det same som i 1995.

På Nordmøre blei det landa ca 26.000 tonn rund fisk, noko som var ein nedgang på 3.500 tonn frå 1995.

Tabell 2.2 Distriktsfordelt kvantums- og verdiutvikling for fisk i rund vekt frå 1993 til 1996, ikkje medrekna biprodukt (i 1.000 tonn og mill kr)

distrikt1993199419951996
Finnmark
Kvantum fisk176210202201
Verdi fisk9431.1681.191994
Troms
Kvantum fisk113139167199
Verdi fisk6458681.0591.113
Nordland
Kvantum fisk147178200205
Verdi fisk9491.1631.3761.272
Trøndelag
Kvantum fisk21191817
Verdi fisk105969798
Nordmøre
Kvantum fisk32382926
Verdi fisk201242195161

Tabell 2.3 Lofotfisket - utviklinga i lofotfisket frå 1993 til 1996 fordelt etter bruksmåte i rund vekt (i tonn)

bruksmåte1993199419951996
Fersk2.8842.2961.9802.193
Frysing2.3451.498824501
Salting24.04739.60525.28820.780
Henging20.25918.43523.57828.320
Totalt49.53561.83451.67051.794

2.2.1.4 Reker

Reker 1995

Samla verdi på reker omsett på første hand i laget sitt distrikt var 539 mill kroner. Dette gav ein verdiauke på 34% samanlikna med 1994.

29.000 tonn reker til pilling blei omsett i Norges Råfisklag sitt distrikt. I tillegg kom ca 5.500 tonn importerte, ikkje direkte landa, frosne råreker som ein gjekk ut frå har gått til pilling i Noreg. Samla sett gav dette ein sterk auke i tilførsla av råstoff samanlikna med 1994. Produksjon av pilla reker gjekk i hovudsak føre seg hos 13 produsentar lokalisert i Troms og Finnmark.

Reker 1996

Samla verdi av reker til pilling omsett på første hand i laget sitt distrikt blei på 308 mill kroner. Nedgangen kom av ein svært vanskeleg marknad for kaldtvassreker gjennom heile siste halvdel av 1996 med fallande produsentprisar. Som ein følgje av dette blei det ein verdireduksjon på 33% samanlikna med 1995. Medrekna skalreker pakka for konsum/eksport blei den samla omsetninga av reker på 410 mill kroner.

30.700 tonn reker til pilling blei omsett i Norges Råfisklag sitt distrikt. I tillegg kom ca 5.000 tonn importerte, ikkje direkte landa, frosne råreker som ein gjekk ut frå har gått til pilling i Noreg. Denne importen skjedde i stor grad våren 1996 i forkant av dei norske rekefiskarane sin hovudsesong. Tilførsla av råstoff blei difor på same nivå i 1996 som i 1995. Produksjonen av pilla reker gjekk i hovudsak føre seg hos 10 produsentar lokalisert i Troms og Finnmark.

Tabell 2.4 Forholdet mellom ferske og ombordfrosne reker til pilling frå 1993 til 1996 (i tonn)

1993199419951996
tonn%tonn%tonn%tonn%
Ferske reker11.00023 %4.00013 %4.00014 %4.00013 %
Ombordfrosne reker35.00077 %24.00087 %25.00086 %26.00087 %
Sum46.000100 %28.000100 %29.000100 %30.000100 %

Tabell 2.5 Distriktsvis fordeling av rekeleveransar frå 1993 til 1996 (i tonn og 1.000 kr)

1993199419951996
distrikttonn1.000 krtonn1.000 krtonn1.000 krtonn1.000 kr
Finnmark14.546120.4784.21540.9255.68984.1975.35860.929
Troms31.736322.09125.780325.58324.922415.98327.096322.999
Nordland3415.4672514.5843215.8302164.648
Trøndelag78417.9081.14328.57586431.87846321.057
Nordmøre761.111337153780229620
Totalt47.483467.05531.422400.38231.833538.69033.162410.253

2.2.1.5 Krabbe

Krabbe 1995

I heile laget sitt distrikt blei det landa i overkant av 1.200 tonn krabbe i 1995. Fangsten hadde ein førstehandsverdi på 7,3 mill kroner. Av dette utgjorde krabbefisket etter kongekrabbe i Aust-Finnmark 30 tonn til ein verdi av ca 1,2 mill kroner. Både i vekt og verdi er tala omtrent som i 1994.

Av det totale kvantumet gjekk 11% til konsum (9% i 1994) og 89% til fabrikkproduksjon (hermetikk og reinsing).

Krabbe 1996

Totalt blei det landa 1.239 tonn krabbe i salslaget sitt distrikt i 1996. Fangsten hadde ein førstehandsverdi på nærare 8,9 mill kroner. Av dette utgjorde krabbefisket etter kongekrabbe i Aust-Finnmark eit kvantum på 70 tonn til ein verdi av 2,6 mill kroner.

Av det totale kvantumet gjekk 14% til konsum (11% i 1995) og 86% til fabrikkproduksjon (hermetikk og reinsing).

Tabell 2.6 Distriktvis fordeling av krabbeleveransar i vekt og verdi i 1995 og 1996 (i kg og kr), ikkje medrekna krabbefisket etter kongekrabbe i Aust-Finnmark

1995199519961996
distriktvekt (kg)verdi (kr)vekt (kg)verdi (kr)
Nordmøre36.157200.33652.541240.783
Sør- Trøndelag997.5145.284.007997.3025.493.970
Nord- Trøndelag138.269637.800116.717513.555
Helgeland1.12112.6612.31326.743
Totalt1.173.0616.134.8041.168.8736.275.051

2.2.1.6 Kval

Råfisklaget opplyser at omsetningssituasjonen for kval dekkjande kan omtalast som usikker etter at fangsten av vågekval blei opna igjen. Dette hadde samanheng med auke i kvotar kvart år, samt eksportforbodet. Omsetninga gjekk likevel utan dei heilt store problema i 1995 og 1996, noko laget meiner mellom anna har samanheng med at dei har klart å vekkje interesse hos fleire kjøparar for kjøp av kvalkjøt.

Omsetninga skjer stor sett til kjøparar i Norges Råfisklag sitt distrikt, berre mindre parti blei omsett gjennom andre salslag. Omsetninga av kvalprodukt skjedde ved auksjon.

Tabell 2.7 Omsetningssituasjon, omsetningsverdi samt kjøttvekt for vågekval i 1995 og 1996

19951996
Totalkvote232 dyr425 dyr
Totalfangst218 dyr288 dyr
Omsetning, kvalkjøtt335 tonn556 tonn
Omsetning, kvalspekk119 tonn121 tonn
Omsetningsverdi i første handca 13 millca 15,3 mill

I 1995 deltok det 32 fartøy i fangsten, medan det i 1996 deltok 36 fartøy.

Gjennomsnittleg pris gjekk ned frå kr 30,79 pr kg i 1995 til kr 27,64 pr kg i 1996. Minsteprisen var på kr 28 pr kg i 1995, og på kr 26,50 pr kg i 1996.

I 1995 var det stor interesse for kjøp av kvalspekk, og det blei omsett spekk til gode prisar. I 1996 var interessa langt dårlegare, og spekket blei avrekna til symbolske prisar. Det låg i 1996 ca 480 tonn spekk på lager.

2.2.1.7 Marknads- og omsetningsforhold

Marknads- og omsetningsforhold i 1995

I byrjinga av året såg marknadsutsiktene gode ut i heile laget sitt distrikt. Dette gjaldt spesielt i saltfiskmarknaden. Marknaden utvikla seg derimot i negativ retning ut over året, med unntak for klippfisk og tørrfisk. Kursfall på viktige valutaer som dollar, pund og pesetas hadde negativ innverknad på eksporten. Auka tilgang på Austersjø- og Stillehavstorsk medførte at marknadene hadde tilstrekkeleg tilgang på torsk på tross av at Island og Canada hadde reduserte kvotar.

Det blei i 1995 gjennomført prisdrøftingar med Fiskerinæringens Landsforening (FNL). For torsk, sei og hyse blei det i dei ordinære prisdrøftingane i byrjinga av året i all hovudsak oppnådd semje med FNL. På grunn av markedssituasjonen blei det gjennom året halde fleire ekstraordinære prisdrøftingar for desse fiskeslaga, i tillegg til dei ordinære. I drøftingane blei det ikkje oppnådd semje med FNL, og laget fastsette prisen einsidig ut frå ei vurdering av marknaden. For reker blei det ikkje oppnådd semje, og prisen blei fastsett av laget.

I 1995 blei det innført vektgraderte minsteprisar for sei, torsk, lange og brosme. Dette erstatta dei tidlegare minsteprisane som var gradert etter lengde. Endringa blei gjennomført etter utgreiingar i et fellesutval med representantar for Norges Råfisklag og Fiskerinæringens Landsforening.

Marknads- og omsetningsforhold i 1996

Den negative utviklinga i eksporten av fiskeprodukt frå 1995 heldt fram første halvår 1996. Etter måten store varelager ved årsskiftet og eit godt fiske i vintersesongen pressa prisane ned på alle bruksmåtar. Spesielt gjaldt dette for saltfisk torsk. Auka torskekvotar i Austersjøen, Nordsjøen og Alaska førte til auka tilgang på torsk i dei fleste marknadene. I tillegg har konkurransen frå Alaska Pollock auka over tid. Tilgangen på torskeprodukt blei i siste halvår til dels kraftig redusert som følgje av generelt dårleg tilgang på torsk og hyse. Parallelt med dette blei fisket i Smuttholet og i Austersjøen på langt nær så godt som forventa. Dette førte til underskot på filétprodukt og saltfisk. Prisane auka på alle bruksmåtar utover hausten.

I prisdrøftingane som blei haldne med FNL i byrjinga av 1996 blei det ikkje oppnådd semje om prisen for torsk og sei, medan det blei oppnådd semje om hyseprisane. I ekstraordinære prisdrøftingar i mai blei det oppnådd semje om prisen for torsk, og i ordinære drøftingar i september blei det oppnådd semje med FNL for alle fiskeslaga. For reker kom laget og FNL til semje om prisane i første halvdel av året. I juni og juli blei det halde ekstraordinære drøftingar, der det kom til brot i forhandlingane og ikkje semje om prisane. På grunn av avsetningsproblem sette laget ned prisane på reker ytterlegare to gonger etter dette. Dette skjedde etter avtale med FNL.

Norges Råfisklag, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Vest-Norges Fiskesalslag innførte felles reglar for auksjon frå 1 januar 1996.

2.2.1.8 Leveransar frå utanlandske fiskefartøy og leveransar til utlandet

Leveransar frå utanlandske fiskefartøy

Utanlandske fartøy sto for landing av 153.000 tonn fangst (rund vekt) til ein førstehandsverdi på 998 mill kroner i 1995. Av dette kvantumet utgjorde torsk 132.000 tonn (86%). Dei utanlandske landingane har auka jamt dei siste åra. Auken var høvesvis på 8.000 tonn frå 1993 til 1994, og på 33.000 tonn frå 1994 til 1995. Dei nemnte kvanta gjeldt berre direktelandingar frå utanlandske fartøy. Import av fisk og reker som ikkje er omfatta av laget sin rett til førstehandsomsetning kom i tillegg.

Russiske fartøy sto for størstedelen av landingane med 2.711 av totalt 2.768 landingar. Til samanlikning blei det i 1994 registrert totalt 2.304 utanlandske landingar. I alt 67 tilverkarar kjøpte utanlandsk råstoff i 1995 mot 55 i 1994. Av dei totale utanlandske landingane gjekk 60% til Finnmark og 35% til Troms.

I 1996 sto utanlandske fartøy for landing av nærare 143.000 tonn fangst (rund vekt) til ein førstehandsverdi på vel 785 mill kroner. Av dette kvantumet utgjorde torsk 118.000 tonn. Dei utanlandske landingane har auka jamt dei siste åra, men frå 1995 til 1996 var det ein nedgang. Dei nemnte kvanta gjeldt berre direktelandingar frå utanlandske fartøy. Import av fisk og reker kom i tillegg.

Russiske fartøy sto for størstedelen av dei utanlandske landingane med 2.298 av totalt 2.349 landingar. I alt 58 tilverkarar kjøpte utanlandsk råstoff. Av dei totale utanlandske landingane gjekk 43% til Finnmark og 46% til Troms.

Leveransar til utlandet

I 1995 landa fartøy frå Norges Råfisklag sitt distrikt 6.185 tonn i utlandet. Dette var ein auke på 733 tonn frå 1994, då det blei landa 5.452 tonn i utlandet.

I 1996 var leveransane til utlandet av fartøy frå Norges Råfisklag sitt distrikt på 5.620 tonn, ein nedgang på 565 tonn frå 1995.

2.2.1.9 Kjøpargodkjenning

Laget hadde 365 godkjende kjøparar i 1995. Talet på kjøparar blei redusert med 35 kjøparar, eller 8,75%, frå 1994.

I 1996 var det ein nedgang i talet på godkjende kjøparar frå 365 ved utgangen av 1995 til 355 ved utgangen av 1996.

Talet på godkjende kjøparar svinga med sesongane gjennom året. I 1996 hadde laget 23 fleire kjøparar i juni/juli enn ved starten av året. Likevel opplevde ein nedgang i talet mot slutten av året. Utviklinga over tid viser ein klar nedgang i talet på kjøparar.

Tabell 2.8 Tal på kjøparar i 1995 og 1996 fordelt etter distrikt og kategori

sonepr 31 des. 96kategori -vanleg kjøpkategori -fryserikategori -andrepr 31 des. 95endring frå 1995
Aust-Finnmark251011423+2
Vest-Finnmark271112425+2
Troms542821561-7
Vesterålen31197528+3
Lofoten1251071261250
Nordland21141623-2
Nord-Trøndelag12651120
Sør-Trøndelag31242532-1
Nordmøre29262136-7
Totalt3552457337365-10

2.2.1.10 Dotterselskap

Norges Råfisklag har hatt følgjande dotterselskap i perioden:

  • Norges Råfisklag Salg AS

  • Fiskernes Hus AS

  • Fiskeribladet AL

Norges Råfisklag Salg AS blei stifta i 1995 for å drive med omsetning i andre hand. Selskapet hadde ein tilsett fram til juni 1996. Det blei i 1996 fatta vedtak om at selskapet skal avviklast i 1997.

Fiskernes Hus AS blei stifta i 1996, og er eit eigedomsselskap.

Laget selde seg i 1996 ned på eigarsida i Fiskeribladet.

2.2.1.11 Kontroll

Laget si kontrollplikt er fastsett i råfisklova § 7, samt saltvassfiskelova § 45 a, jf §§ 7 og 11. Kontrollplikta omfattar kvotekontroll og kontroll av bifangst, samt innkjøps-/salskontroll hos laget sine godkjende kjøparar.

Den oppsøkjande kontrollverksemda var i 1995 sterkt redusert grunna mangel på tilsette. Dette betra seg mot slutten av året, og i 1996 var det tilsett ein rådgivar og to kontrollørar. Kontrollørane sine hovudoppgåver har mellom anna vore å sjå til at bryggjesetel blir utfylt korrekt, assistere ved formidlingssal og kontrollere at utanlandske fartøy overheld same regelverk som norske fartøy. Totalt utførte laget sine kontrollørar 155 kontrollar ved verksemder frå Lofoten til Finnmark i 1996.

Med heimel i saltvassfiskelova § 7 drog Norges Råfisklag inn kr 73.000 i 1995. Fiskeridirektoratet drog inn kr 245.000 til laget med heimel i saltvassfiskelova § 11. I 1996 drog laget inn kr 187.000 med heimel i saltvassfiskelova § 7, medan Fiskeridirektoratet drog inn kr 243.000 med heimel i saltvassfiskelova §11.

Statens kontrollør uttaler at laget har vore drive i samsvar med dei reglar og retningsliner som er fastsett for verksemda deira og i samsvar med god forretningsskikk.

2.2.2 Norges Sildesalgslag

2.2.2.1 Økonomien til salslaget

Økonomien til salslaget i 1995

Driftsinntektene for 1995 var kr 33.917.000, mot kr 31.583.000 i 1994. Dette svara til ein oppgang på kr 2.334.000. Vidare viste rekneskapen eit driftsunderskot på kr 6.189.000, som var betre enn i 1994, då det var eit underskot på kr 11.511.000. Resultatet før eop var på kr 14.108.000, mot det negative resultatet i 1994 på kr 4.493.000. Det positive årsresultatet var på kr 13.575.000, mot eit negativt årsresultat i 1994 på kr 5.211.000. Auken kom i hovudsak frå gevinstar på verdipapir. Eigenkapitalen var på kr 139.944.000, samanlikna med kr 134.368.000 i 1994. Eigenkapitaldelen var på 46,8%, mot 45% i 1994.

Økonomien til salslaget i 1996

For 1996 var driftsinntektene kr 42.407.000, noko som innebar ein auke på kr 8.490.000 frå 1995. Rekneskapen viste eit driftsunderskot på kr 3.513.000, som var betre enn i 1995. Resultatet før eop var på kr 14.339.000, og representerte ein auke på kr 231.000. Rekneskapen viste eit årsoverskot på kr 15.203.000. Eigenkapitalen var på kr 142.846.000, ein auke på kr 2.902.000 jamført med 1995. Eigenkapitaldelen var på 40%.

2.2.2.2 Omsetninga til laget

Omsetninga til laget i 1995

I 1995 blei 1,8 mill tonn omsett gjennom laget, til ein samla verdi av 2.520 mill kroner. Kvantumet fordelte seg med 0,8 mill tonn på konsumråstoff og 1,0 mill tonn på mjøl- og oljeråstoff. Verdien fordelte seg med 1.882 mill kroner på konsumråstoff og 638 mill kroner på mjøl- og oljeråstoff.

For konsumråstoff var det ein auke i kvantumet for norsk vårgytande sild frå 286.000 tonn i 1994 til 412.000 tonn i 1995. Den totale mengda av makrell til konsum blei redusert frå 309.000 tonn til 283.000 tonn (utanlandsk råstoff viste ein auke frå 61.000 tonn til 84.000 tonn). Hestmakrell til konsum viste ein auke frå 23.000 tonn til 37.000 tonn. Kystbrisling fall frå 6.100 tonn i 1994 til 4.500 tonn i 1995.

For råstoff til mjøl og olje var det ein auke i mengda av tobis frå 168.000 tonn til 249.000 tonn. Det var også ein sterk auke i mengda av kolmule, augepål og NVG-sild. Kvantumet lodde til mjøl og olje blei redusert frå 112.000 tonn til 26.000 tonn, medan makrellkvantumet blei redusert frå 15.000 tonn til 5.000 tonn.

Tabell 2.9 Omsetninga o.a. til laget i 1995 (i tonn og kr)

mjøl/oljekonsum/fôrsjølvtilverkatotalt
råstofftonnverdi krsnitt/kgtonnverdi krsnitt/kgtonnverdi krsnitt/kgtonnverdi krsnitt/kg
Kystbrisling2718.7320,694.49318.435.6984,10--4.52018.454.430
Havbrisling36.34524.694.8290,68--6961.221.7851,7637.04125.916.6140,70
« '94-kvote----120144.3651,20120144.3651,20
NVG-sild134.076114.268.7980,85347.404559.719.4051,6135.97278.693.4192,19517.452752.81.6221,45
« '94-kvote--1.0591.641.1681,551.1081.673.9241,512.1673.315.0921,53
NVG-sild fabrikkskip--25.23933.066.0791,3125.23933.066.0791,31
Trondheims-fjordsild--75109.8841,47--75109.8841,47
Kystsild Klovningen/Lindesnes2.3001.874.8830,827541.074.3301,42--3.0542.949.2130,97
Nordsjøsild64.59748.203.2090,7577.428136.644.9721,7610.01323.332.8652,33152.038208.181.0461,37
« '94-kvote----101120.9601,20101120.9601,20
Augepål m.v.118.16670.345.0850,60102100.4400,98--118.26870.445.5250,60
Tobis248.647159.890.0150,6414.84314.880.1741,00--263.490174.770.1890,66
Kolmule254.869154.324.8210,61--7.30719.950.8832,73262.176174.275.7040,66
Lodde Island/Jan Mayen26.19713.431.4840,51472471.6801.0721.988.4101,8527.74115.891.5740,57
Kystmakrell1.066961.0820,9019.21356.908.5172,96--20.27957.869.5992,85
Havmakrell3.9063.413.4490,87258.638856.913.2893,315.16320.400.0713,95267.707880.726.8093,29
« '94-kvote----277810.1042,92277810.1042,92
Hestmakrell60.67046.467.2970,7736.52653.822.5581,47--97.196100.289.8551,03
Totalt950.866637.893.6840,67786.2461.733.788.1942,2161.829148.336.7862,401.798.9412.520.018.664

Omsetninga til laget i 1996

I 1996 blei 1,9 mill tonn råstoff omsett gjennom laget, til ein samla verdi av 3.661 mill kroner. Kvantumet fordelte seg med 0,9 mill tonn på konsumråstoff og 1,0 mill tonn på mjøl- og oljeråstoff. Verdien fordelte seg med 3.063 mill kroner på konsumråstoff og 597 mill kroner på mjøl- og oljeråstoff.

For konsumråstoff var det ein auke i kvantumet norsk vårgytande sild frå 412.000 tonn i 1995 til 610.000 tonn i 1996. Den totale mengda makrell til konsum blei redusert frå 283.000 tonn til 234.000 tonn (utanlandsk råstoff viste ein auke frå 84.000 tonn til 97.000 tonn). Hestmakrell til konsum viste eit fall frå 37.000 tonn til 17.000 tonn.

For råstoff til mjøl og olje var det eit fall i tobiskvantumet frå 249.000 tonn til 159.000 tonn. Det var også eit sterkt fall i kvantumet for NVG-sild, nordsjøsild og hestmakrell. Kvantumet kolmule steig frå 255.000 tonn i 1995 til 347.000 tonn i 1996, medan lodde Island/Jan Mayen steig frå 26.000 tonn til 203.000 tonn.

Tabell 2.10 Omsetninga o.a. til laget i 1996 (i tonn og kr)

mjøl/oljekonsum/fôrsjølvtilverkatotalt
råstofftonnverdi krsnitt/kgtonnverdi krsnitt/kgtonnverdi krsnitt/kgtonnverdi krsnitt/kg
Kystbrisling/ mussa004.56918.731.1424,10004.56918.731.1424,10
Havbrisling54.75538.996.6080,71054.75538.996.6080,71
NVG-sild8.14476.540.3040,78578.2541.149.020.2941,9932.33393.805.2232,90708.7311.319.365.8211,86
« '95-kvote057201.5563,5457201.5563,54
Kystsild Klovningen/ Lindesnes713562.8890,791.7753.041.3251,7102.4883.604.2141,45
Nordsjøsild4.0552.639.8280,6558.979170.966.5672,902.5608.766.0213,4265.594182.372.4162,78
Augepål m.v.108.31561.473.8350,572424.8001,0300108.33961.498.6350,57
Tobis159.21098.426.8550,621.4921.569.7541,0500160.70299.996.6090,62
Kolmule346.588197.415.5110,57551633.7651,159.19823.307.8452,53356.337221.357.1210,62
Lodde Island /Jan Mayen202.814111.112.9900,55594468.4610,792.5975.051.5461,95206.005116.632.9970,57
Kystmakrell10992.0470,8422.788125.912.3545,53022.897126.004.4015,50
Havmakrell278223.9410,81209.2661.396.905.9466,682.21317.263.2397,80211.7571.414.393.1266,68
Hestmakrell2.3721.810.8400,7616.72246.014.0232,750019.09447.824.8632,50
Avskjer16.9917.758.0000,4616.9917.758.0000,46
Totalt994.344597.053.6480,60895.0142.913.288.4313,2648.958148.395.4303,031.938.3163.658.737.5091,89

2.2.2.3 Marknads- og omsetningsforhold

Marknads- og omsetningsforhold i 1995

I 1995 blei det oppnådd semje om alle prisar, med unntak av krokfanga makrell, der laget fastsette prisen einsidig. Det blei oppnådd semje med Norway Foods Ltd. AS om ei fastprisavtale for hermetikkråstoff.

Prisane for kystbrisling blei fastsett marginalt høgare samanlikna med 1994. Prisane for råstoff til mjøl og olje blei avtalt på eit mykje høgare nivå enn ved utgangen av 1994. For sild til konsum blei minsteprisane avtalt på same nivå som tidlegare år. For makrell til konsum auka minsteprisane noko.

Gjennomsnittleg oppnådde prisar for råstoff til konsum steig frå 2,00 kroner pr kilo i 1994 til 2,22 kroner pr kilo i 1995 (+11%). Alle råstoffslag til konsum viste ein auke samanlikna med 1994. Auka var størst for makrell, der gjennomsnittleg oppnådde prisar steig frå 2,45 kroner pr kilo i 1994 til 3,30 kroner pr kilo i 1995 (+34%).

For råstoff til mjøl og olje steig dei gjennomsnittleg oppnådde prisane frå 0,63 kroner pr kilo i 1994 til 0,67 kroner pr kilo i 1995 (+ 7%). Med unntak av nordsjøsild og lodde, som viste ein mindre nedgang, steig dei oppnådde prisane for alle råstoffslag. Størst var auken for NVG-sild og hestmakrell, som steig med høvesvis 13% og 15%.

Førstehandsverdien fall for lodde, nordsjøsild og kystbrisling, medan den steig for dei andre råstoffslaga.

Marknads- og omsetningsforhold i 1996

Det blei i 1996 oppnådd semje om alle prisar. Det blei ikkje oppnådd semje med Norway Foods Ltd. AS om ei tradisjonell avtale som omhandla kvantum og pris for hermetikkråstoff, då det ikkje var semje om kva sortiment som skulle leggjast til grunn for avtalen.

Prisane for kystbrisling blei fastsett på same nivå som i 1995. Prisane for råstoff til mjøl og olje blei avtalt på eit høgare nivå enn ved utgangen av 1995. For sild til konsum blei minsteprisane avtalt noko høgare enn tidlegare år. For makrell til konsum blei minsteprisane auka.

I 1996 steig gjennomsnittleg oppnådde prisar for råstoff til konsum til 3,26 kroner pr kilo, frå 2,22 kroner pr kilo i 1995 (+46%). Alle råstoffslag til konsum viste ein auke samanlikna med 1995. Auken i pris var størst for makrell, der gjennomsnittleg oppnådde prisar auka frå 3,30 kroner pr kilo i 1995 til 6,56 kroner pr kilo i 1996 (+99%).

Gjennomsnittleg oppnådde prisar for råstoff til mjøl og olje fall frå 0,67 kroner pr kilo i 1995 til 0,60 kroner pr kilo i 1996 (-10%).

Med unntak av havbrisling og lodde Island/Jan Mayen, som viste ein mindre auke, fall dei oppnådde prisane for alle råstoffslag.

2.2.2.4 Leveransar frå utanlandske fiskefartøy og leveransar til utlandet

Leveransar frå utanlandske fiskefartøy

I 1995 var leveransane frå utanlandske fartøy på 90.000 tonn, til ein verdi av 240 mill kroner. Verdien var nesten ei dobling frå året før.

I 1996 auka leveransane frå utanlandske fartøy til 135.000 tonn og verdien auka til 540 mill kroner. Dette inneber at verdien av leveransar frå utanlandske fartøy har dobla seg kvart år frå 1994.

Leveransar til utlandet

Norske fartøy leverte 120.000 tonn til utlandet av pelagiske artar i 1995. Verdien var på 180 mill kroner.

I 1996 auka leveransane av pelagiske artar til utlandet. Norske fartøy leverte 160.000 tonn til ein verdi av 245 mill kroner. I verdi tok Norges Sildesalgslag mot omlag dobbelt så mykje fisk i første hand frå utanlandske fartøy som verdien av den fisken norske fartøy landa av pelagiske artar i utlandet.

2.2.2.5 Kjøpargodkjenning

Norges Sildesalgslag dekkjer heile landet. Talet på kjøparar i første hand er stabilt.

I 1995 hadde Norges Sildesalgslag 177 kjøparar i første hand i Noreg med aktivitet gjennom året, det tilsvarande talet for 1996 var 178.

Sildelaget opplyser at dei har kontakt med 38 foretak som kjøper produkta deira i utlandet. Norges Sildesalgslag samarbeider, mellom anna ved auksjonar, med kjøparar i Danmark, Storbritannia, Sverige, Nederland og Island.

2.2.2.6 Dotterselskap

Laget sin aktivitet utover førstehandsomsetninga er i samsvar med råfisklova og laget sine vedtekter organisert i eit eige selskap, Sildinvest A/S. Sildinvest A/S eig ei rekkje eigedommar og aksjar, og har i meldingsperioden eigd dotterselskapa Silfas A/S og Norma Fisk A/S, som er eigd i sin heilskap. Norma Fisk A/S blei avvikla i 1995.

2.2.2.7 Kontroll

Norges Sildesalgslag drog i 1995 inn 10,5 mill kroner med heimel i saltvassfiskelova § 7, og 16,1 mill kroner i 1996. Med heimel i saltvassfiskelova § 11 drog Fiskeridirektoratet inn 1,3 mill kroner til laget i 1995, og 1,7 mill kroner i 1996.

Statens kontrollør har gitt rapport for begge åra og konkluderer med at Norges Sildesalgslag i perioden blei drive i samsvar med god forretningsskikk og gjeldande regelverk.

2.2.3 Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag

2.2.3.1 Økonomien til salslaget

Økonomien til salslaget i 1995

I rekneskapen for 1995 var driftsinntektene kr 10.196.459. Dette var ein nedgang på kr 1.035.287 jamført med 1994, noko som mellom anna kom av lågare salslagsavgift. Rekneskapen viste eit driftsoverskot på kr 1.197.541, samanlikna med kr 2.797.364 året før. Resultatet før eop var kr 4.187.041, jamført med kr 5.743.667 i 1994. Årsoverskotet var på kr 2.942.965, mot kr 4.253.758 i 1994. Eigenkapitalen blei betra frå kr 37.929.184 i 1994 til kr 40.872.150. Eigenkapitaldelen gjekk litt opp, frå 19,1% i 1994 til 21,3% i 1995.

Økonomien til salslaget i 1996

Driftsinntektene for 1996 var kr 11.559.541 og rekneskapen viste eit driftsoverskot på kr 1.672.073. Resultatet før eop auka til kr 6.843.056. Årsoverskotet var på kr 4.931.399, ein auke på kr 1.988.434 frå 1995. Eigenkapitalen auka til kr 45.803.550, noko som gav ein eigenkapitaldel på 24,7%.

2.2.3.2 Omsetninga til laget

Omsetninga til laget i 1995

Totalt kom omsetninga i laget sitt distrikt i 1995 opp i 1.941.000 mill kroner. Omsetningsverdien var den høgaste sidan laget blei starta, og var ein auke samanlikna med 1994 på ca 156 mill kroner eller ca 9%.

Totalt omsett kvantum i rund vekt blei på 267.662 tonn og kvantumet auka med 10.305 tonn, eller ca 4% samanlikna med 1994, då totalkvantumet var på 237.357 tonn. Den største auken i kvantum var på sei og hyse. Seikvantumet auka med heile 18.309 tonn og hysekvantumet med 1.942 tonn. Torskekvantumet hadde ein nedgang på 7.337 tonn.

Omsetninga til laget i 1996

I 1996 kom omsetninga i laget sitt distrikt totalt opp i 1.756.000 mill kroner. Omsetningsverdien var ca 185 mill kroner lågare enn i 1995, ein nedgang på ca 9,5%.

Totalt omsett kvantum blei på 254.722 tonn mot 267.662 tonn i 1995. Dette innebar ein nedgang på ca 4,8%. Med omsyn til kvantum har dei største reduksjonane vore på sei og torsk. Kvantumet for sei gjekk ned med 13.544 tonn, medan nedgangen for torsk var på 8.669 tonn.

Tabell 2.11 Omsetninga til laget i 1995 og 1996 i rund vekt (i tonn og 1.000 kr)

Kvantum i tonn rund vektVerdi i 1.000 krPris pr. kg rund vekt
19951996(+/-)%19951996(+/-)%19951996(+/-)%
Blåkveite6.7989.2482.45036,04117.647163.51645.86938,9917,3017,680,382,20
Blålange341285-56-16,422.4191.931-488-20,177,086,76-0,32-4,52
Brosme8.4748.6942202,6066.30664.891-1.415-2,137,827,46-0,36-4,60
Hyse11.24013.7662.52622,4776.22883.5277.2999,586,786,07-0,71-10,53
Hyse filet13.21319.6096.39648,4183.601117.03733.43639,996,335,97-0,36-5,67
Hyse total24.45333.3758.92236,49159.829200.56440.73525,496,536,00-0,53-8,12
Kveite302217-85-28,159.8026.913-2.889-29,4732,4531,90-0,55-1,69
Lange9.76610.4987327,50104.84495.277-9.567-9,1210,739,07-1,66-15,47
Reker6.3484.541-1.807-28,47191.015124.009-67.006-35,0830,0827,30-2,78-9,24
Sei48.81444.130-4.684-9,60213.508182.399-31.109-14,574,374,13-0,24-5,50
Sei filet55.68846.847-8.841-15,88285.168232.915-52.253-18,325,124,97-0,15-2,91
Sei salta207188-19-9,181.047893-154-14,715,064,75-0,31-6,09
Sei total104.70991.165-13.544-12,93499.723416.207-83.516-16,714,774,56-0,21-4,40
Skjel1.3260-1.326-100,006.5490-6.549-100,004,980,00-4,98-100,00
Torsk46.73534.307-12.428-26,59402.252266.161-136.091-33,838,617,76-0,85-9,86
Torsk filet32.47936.6634.18412,88239.840258.92519.0857,967,387,06-0,32-4,36
Torsk salta1.4811.056-425-28,7013.4377.921-5.516-41,059,077,50-1,57-17,33
Torsk total80.69572.026-8.669-10,74655.529533.007-122.522-18,698,127,40-0,72-8,87
Uer11.43314.0192.58622,6256.50882.08725.57945,274,675,861,1925,38
Vassild171627456266,675501.7721.222222,183,202,82-0,38-11,88
Biprodukt5.3405.079-261-4,8925.36127.6672.3069,094,745,440,7014,77
Totalt267.662254.722-12.940-4,831.941.2601.756.339-184.921-9,537,256,89-0,36-4,97

2.2.3.3 Marknads- og omsetningsforhold

Marknads- og omsetningsforhold i 1995

Etterspurnaden etter dei fleste fiskeslag var god i 1995, og laget hadde få problem med å omsette fisken til etter måten akseptable prisar. Spesielt var prissituasjonen for sei bra i 1995. Omsetningssituasjonen for hyse var svært vanskeleg, og prisane blei pressa ned.

Laget sitt styre vedtok at alle førehandskontraktar i første rekkje skal auksjonerast ut til kjøparane. Etter laget si vurdering fungerte dette bra.

Marknads- og omsetningsforhold i 1996

1996 var prega av ein treg og vanskeleg omsetningssituasjon i førstehandsomsetninga for dei aller fleste fiskeslag i laget sitt distrikt.

I torskesesongen blei laget tvunge til å setje ned minsteprisen for torsk to gonger på grunn av omsetningsvanskar. Laget hadde gjennom året vanskar med å halde minstepris for omsetning av fleire fiskeslag, og i tillegg påverka dei etter måten låge torskeprisane omsetnings- og prissituasjonen negativt for andre artar.

Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag, Norges Råfisklag og Vest-Norges Fiskesalslag innførte felles reglar for auksjon frå 1 januar 1996.

Salslaget arbeidde i 1996 med spørsmålet om overgang til vektgradert råstoff. Etter å ha innhenta merknader frå Sunnmøre og Romsdal Fiskarlag, Aalesunds Rederiforening og Norsk Sjømannsforbund bestemte styret i møte 23 august 1996 at salslaget skulle gå over til vektgradert råstoff.

2.2.3.4 Leveransar frå utanlandske fiskefartøy

Direktelandingar frå utanlandske fiskefartøy blei redusert i 1995 samanlikna med 1994. Det blei landa fisk til ein verdi av ca 95 mill kr. Nedgangen var på ca 30% samanlikna med året før.

I 1996 auka verdien av direktelandingar frå utanlandske fartøy med ca 5 mill kr jamført med 1995.

2.2.3.5 Kjøpargodkjenning

Talet på kjøparar har vist ein jamt stigande tendens i meldingsperioden. I 1995 hadde laget 180 kjøparar, samanlikna med 170 i 1994. Av desse reknar ein med at ca 70 var aktive kjøparar. I 1996 auka talet på kjøparar til 200, og av desse reknar ein med at ca 80 var aktive.

2.2.3.6 Kontroll

Med heimel i saltvassfiskelova §§ 7 og 11 drog laget inn ca 0,6 mill kroner i 1995, og 0,85 mill kroner i 1996.

Det etablerte samarbeidet mellom salslaget og Fiskeridirektoratet sitt Kontrollverk om kvotekontroll og informasjon om innmeldte fangstar, såg ut til å verka tilfredsstillande i 1995 og 1996.

Statens kontrollør har i perioden følgt laget si verksemd. Så langt Statens kontrollør kjenner til blei laget drive i samsvar med god forretningsskikk og elles innanfor rammene av gjeldande lover og reglar.

2.2.4 Vest-Norges Fiskesalslag

2.2.4.1 Økonomien til salslaget

Økonomien til salslaget i 1995

For 1995 var driftsinntektene kr 7.203.581, noko som var ein oppgang på kr 1.653.418 samanlikna med året før. Rekneskapen viste eit driftsoverskot på kr 48.807, som var betre enn i 1994 då driftsresultatet viste eit underskot på kr 196.119. Resultatet før skattar var kr 1.028.562, mot kr 300.301 året før. Noko av dette kan forklarast ved at renteinntektene auka med kr 444.097, samt at Stortinget ettergav Vest-Norges Fiskesalslag sine lån over fiskeriavtalen. Rekneskapen viste eit årsoverskot på kr 772.621, mot kr 252.247 året før. Eigenkapitalen var bokført med kr 16.252.865, noko som gav ein eigenkapitaldel på 40,2%. Dette var ein auke frå 1994, då eigenkapitaldelen var på 31,8%.

Økonomien til salslaget i 1996

Driftsinntektene for 1996 var kr 4.476.048, ein nedgang på kr 2.727.533 frå 1995. Rekneskapen viste eit driftsunderskot på kr 1.050.265. Resultatet før skattar var negativt på kr 141.762. Det bokførte overskotet frå 1995 blei redusert med kr 745.496 til eit årsoverskot på kr 18.126 i 1996. Eigenkapitalen var på kr 16.224.992, dette gav ein eigenkapitaldel på 30,4%.

2.2.4.2 Omsetninga til laget

Omsetninga til laget i 1995

Når det gjeld kvantum var 1995 det beste året i Vest-Norges Fiskesalslag si historie. Dette året passerte laget grensa på 30.000 tonn. Totalt blei det levert 30.524 tonn gjennom laget. Dette var ein auke på 2.622 tonn, eller 9,4% jamført med 1994. Førstehandsverdien var totalt på 284 mill kroner. Auken var på 2,6 mill kroner samanlikna med 1994, eller 1%. Men det var ein nedgang i gjennomsnittleg pris frå 10,34 kroner i 1994 til 9,10 kroner i 1995, ein nedgang på 1,24 kroner eller 12%. Ei medverkande årsak til at resultatet blei slik for 1995 var at den store auken i landa kvantum var på sei som er eit billeg fiskeslag, medan ein hadde ein nedgang i landa kvantum av torsk som er eit dyrare fiskeslag.

Omsetninga til laget i 1996

For driftsåret 1996 blei det totalt omsett 29.440 tonn omrekna til fersk kappa råfisk. Førstehandsverdien var på 281,9 mill kroner. Dette var ein nedgang på 1.083 tonn eller 3,6%. Verdien gjekk ned med 2,1 mill kroner eller 0,7% samanlikna med 1995. Gjennomsnittleg pris gjekk opp med 28 øre frå 9,30 kroner i 1995 til 9,58 kroner i 1996. Dette var ein auke på 3%.

Tabell 2.12 Omsetninga til laget frå 1992 til 1996 i sløgd kappa vekt (i tonn og 1.000 kr)

1992 kvantum tonn1993 kvantum tonn1994 kvantum tonn1995 kvantum tonn1996 kvantum tonn
Torsk5.2584.1659.5686.6599.589
Sei11.5388.7378.84813.4409.601
Hyse1.4421.0891.9432.2941.834
Kvitlange3.1652.6322.5702.4332.616
Blålange138941128476
Brosme2.7742.7211.8012.0892.125
Uer333241363327672
Diverse fisk2.9033.2122.6963.1982.927
Totalt27.55122.89127.90130.52429.440
Verdi i 1.000 kr247.582204.158281.370283.980281.925

2.2.4.3 Fisk

Fisk 1995

Totalt blei det omsett 122,5 tonn levande torsk til ein førstehandsverdi på 2,2 mill kroner. Dette var ein nedgang i kvantum på 5 tonn frå 1994, medan førstehandsverdien var den same i 1995 som 1994.

Laget si omsetning av fersk og frosen torsk viste ein stor oppgang i 1994, men ein nesten like stor nedgang i 1995. Det blei omsett 5.264 tonn i 1995. Dette var ein nedgang på 1.799 tonn eller 25,4% frå 1994. Førstehandsverdien var på 63,8 mill kroner, mot 81,5 mill kroner i 1994, ein nedgang på 21,8% eller 17,7 mill kroner.

Mengda av omsett salta torsk gjekk ned i 1995 med 111 tonn, frå 516 tonn i 1994 til 405 tonn i 1995. Ein nedgang på 21,5%. Førstehandsverdien gjekk ned frå 13,6 mill kroner i 1994 til 9,3 mill kroner i 1995. Dette var ein nedgang på 4,3 mill kroner eller 31,6%. På torskefilet hadde laget også ein nedgang på kvantum og pris i 1995. Det blei omsett 407 tonn til ein verdi av 8,1 mill kroner i 1995.

Omsetninga av levande sei auka sterkt i 1995. Det blei omsett 6.364 tonn mot 3.783 tonn i 1994. Dette var ein auke på 68%. Førstehandsverdien på levande sei i 1995 var 13,5 mill kroner. I 1994 var førstehandsverdien 8,1 mill kroner.

Det tradisjonelle garnfisket etter sei om vinteren har hatt ein positiv utvikling dei siste åra. I 1995 blei det landa 7.180 tonn til ein verdi av 41,1 mill kroner. Det var ein auke i kvantum frå 1994 på 2.683 tonn eller 60%. Gjennomsnittleg pris pr kilo gjekk opp 98 øre eller 21%.

Breiflabbfisket har vore drive intensivt dei siste åra, og resultatet har vore godt. I 1995 gjekk omsetninga ned. Det blei i 1995 landa 247 tonn til ein verdi av 9,2 mill kroner.

Fisk 1996

Totalt blei det omsett 120,7 tonn levande torsk til ein førstehandsverdi på 2,1 mill kroner i 1996. Dette var ein liten nedgang. Laget si omsetning av fersk og frosen torsk viste ein stor oppgang i 1996. Spesielt var det stor aktivitet på kjøparsida hausten 1996. Noko kom også av ein stor auke i utanlandske landingar. Totalt blei det omsett 9.037 tonn i 1996, mot 5.889 tonn i 1995. Ein auke på 3.148 tonn eller 53,5%. Omsetningsverdien var på 97,3 mill kroner i 1996, mot 71,9 mill kroner i 1995, ein auke på 25,4 mill kroner eller 35,3%.

Omsetningskvantumet av salta torsk gjekk ytterlegare ned frå 405 tonn i 1995 til 275 tonn i 1996.

Omsetninga av levande sei viste ein dramatisk nedgang i 1996 samanlikna med 1995. Det blei omsett 2.589 tonn i 1996 mot 6.364 tonn i 1995, ein nedgang på 3.775 tonn eller 59,3%.

Frå det tradisjonelle garnfisket blei det totalt landa 7.669 tonn kappa sei til ein verdi av 43,3 mill kroner i 1996. I kvantum var det ein nedgang på 1.149 tonn frå 1995 eller 13%. Gjennomsnittleg pris gjekk ned med 10%.

Pigghåfisket er blitt eit reint kystfiske med eit varierande resultat frå år til år. I 1996 blei det landa 734 tonn, mot 698 tonn i 1995. Det blei omsett 236 tonn breiflabb.

Anna 1995

Det var ingen nemneverdige endringar frå 1994 til 1995 i høvet til å levere og produksjonen av krabbe i Vest-Norges Fiskesalslag sitt distrikt. Det blei i 1995 landa 257 tonn krabbe til ein verdi av 1,7 mill kroner.

Omsetninga av ål gjekk i 1995 ned både i kvantum og verdi. Det blei omsett 76,5 tonn mot 99,3 tonn i 1994. Verdien blei på 3,1 mill kroner.

Anna 1996

Heller ikkje frå 1995 til 1996 endra høvet til å levere eller produksjon av krabbe seg vesentleg i laget sitt distrikt. Det blei landa 296,5 tonn krabbe til ein verdi av knapt 2 mill kr. Dette var ein auke på 38,9 tonn frå 1995.

Både kvantum og omsetningsverdi for ål gjekk ned i 1996 samanlikna med 1995. Vær- og åtetilhøve hadde stor innverknad på dette. I 1996 blei det omsett 57,4 tonn mot 76,5 tonn i 1995. Gjennomsnittleg pris auka frå 40,34 kroner pr kilo i 1995 til 45,45 kroner i 1996.

2.2.4.4 Marknads- og omsetningsforhold

Marknads- og omsetningsforhold i 1995

Omsetningssituasjonen var svært varierande i laget sitt distrikt. Dei siste åra har det kome til fleire solide verksemder i nordre del av distriktet, noko som har medverka til at omsetninga har vist ei positiv utvikling. Laget arbeidde med å få ei god omsetning i søre delen av distriktet.

Marknads- og omsetningsforhold i 1996

Vest-Norges Fiskesalslag, Norges Råfisklag og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag innførte felles reglar for auksjon frå 1 januar 1996. Den elektroniske auksjonen blei i 1996 aktivisert ved at ein byrja å auksjonere alle trålseifangstar. Laget planlegg våren 1997 å ta inn frosne bifangstar frå lineflåten, for etterkvart å gå over til at alle auksjonar skal være elektroniske.

Situasjonen på omsetningssida var god. Situasjonen var ikkje like god i alle delar av laget sitt distrikt, og spesielt gjaldt dette kystflåten. Fiskarane i distrikta sør for Askvoll oppnådde i stor grad berre minstepris. Sjølv om Vest-Norges Fiskesalslag kanskje hadde høge minsteprisar, så tapte desse fiskarane samanlikna med dei i nordre distrikt der kvantum fisk og talet på kjøparar gjorde at ein kunne få utnytta auksjonssystemet betre. Salslaget prøvde å finne løysingar på dette.

2.2.4.5 Leveransar frå utanlandske fartøy og leveransar til utlandet

Leveransar frå utanlandske fartøy

I 1995 blei det landa 1.856 tonn fisk frå utanlandske fartøy i Vest-Norges Fiskesalslag sitt distrikt. Førstehandsverdien var på 19,3 mill kroner. Dette var ein reduksjon på 50% frå 1994, og kom i hovudsak av ein nedgang i landingane av russisk torsk.

Det blei i 1996 landa 4.037,7 tonn frå utanlandske fartøy i Vest-Norges Fiskesalslag sitt distrikt. Førstehandsverdien var på 37,4 mill kroner. Dette var ein kraftig auke frå 1995. Auken kom først og fremst av landingar av russisk fanga torsk og lange.

Leveransar til utlandet

I 1995 landa fartøy frå Vest-Norges Fiskesalslag sitt distrikt 654,5 tonn i utlandet, til ein verdi av 12,1 mill kroner.

I 1996 landa fartøy frå Vest-Norges Fiskesalslag sitt distrikt 437,5 tonn i utlandet, til ein verdi av 5 mill kroner. Dette var ein stor nedgang frå 1995.

2.2.4.6 Kjøpargodkjenning

Det var ein viss auke i talet på godkjende kjøparar i perioden. Ved slutten av 1996 var det omlag 35 kjøpargodkjenningar i distriktet. I tillegg var det gitt godkjenningar til 7 kjøparar for kjøp av ål.

Fartøy som tek over eigen fangst får ikkje permanent godkjenning i Vest-Norges Fiskesalslag. Omlag 50 fiskarar fekk dispensasjon for direktesal av krabbe.

2.2.4.7 Dotterselskap

Vest-Norges Fiskesalslag Salg AS blei oppretta i 1996. Selskapet driv med omsetning i andre hand.

2.2.4.8 Kontroll

Vest-Norges Fiskesalslag drog i 1995 inn 211.000 kroner med heimel i saltvassfiskelova § 7. I 1996 drog laget inn 227.000 kroner med heimel i saltvassfiskelova § 7. Det blei ikkje trekt inn noko med heimel i saltvassfiskelova § 11.

Statens kontrollør konkluderer med at laget i 1995 og 1996 blei drive i samsvar med god forvaltningsskikk og gjeldande lover.

2.2.5 Rogaland Fiskesalgslag

2.2.5.1 Økonomien til salslaget

Økonomien til salslaget i 1995

Driftsinntektene for 1995 var kr 104.659.527, mot kr 101.665.044 i 1994. Dette svara til ein oppgang på kr 2.994.483. Vidare viste rekneskapen eit driftsunderskot på kr 209.509, som var dårlegare enn i 1994, då det var eit overskot på kr 278.667. Resultatet før eop viste eit underskot på kr 478.722, mot eit overskot i 1994 på kr 85.673. Årsresultatet viste eit underskot på kr 2.528.378, mot eit overskot i 1994 på kr 2.433.116. Eigenkapitalen var på kr 2.279.596, samanlikna med kr 4.807.621 i 1994. Eigenkapitaldelen var på 12,8%, mot 31,2% i 1994.

Økonomien til salslaget i 1996

For 1996 var driftsinntektene auka til kr 123.844.615 og rekneskapen viste eit driftsoverskot på kr 472.521. Resultatet før eop kr 181.556, noko som representerte ein oppgang på kr 660.278 jamført med 1995. Rekneskapen viste eit årsoverskot på kr 153.815. Eigenkapitalen var på kr 2.433.041, ein auke på kr 153.445 samanlikna med 1995. Eigenkapitaldelen var på 21,7%.

2.2.5.2 Omsetninga til laget

Omsetninga til laget i 1995

Totalt motteke kvantum for 1995 utgjorde 7.814 tonn, og var ein reduksjon på 900 tonn samanlikna med 1994. Det blei landa totalt 1.791 tonn reker.

Verdien av førstehandsomsetninga utgjorde ca 99,5 mill kroner, og innebar ein auke på ca 3 mill kroner samanlikna med 1994. Reker utgjorde 40% av førstehandsverdien.

Omsetninga til laget i 1996

I 1996 blei det totalt motteke eit kvantum på 8.703 tonn. Dette var ein auke på 889 tonn jamført med 1995. Det blei totalt landa 1.595 tonn reker.

Verdien av førstehandsomsetninga i 1996 utgjorde ca 118,6 mill kroner, noko som var ein auke på ca 19,1 mill kroner jamført med 1995. Reker utgjorde 38% av førstehandsverdien.

Tabell 2.13 Leveransar av fisk i 1995 og 1996 fordelt etter fiskeslag i sløgd kappa vekt (i tonn og 1.000 kr)

1995199519961996
mengde i tonnverdimengde i tonnverdi
Sei2.68411.0803.03914.667
Torsk6538.44786511.283
Hyse3002.3284412.953
Lyr2681.6002211.171
Lange1821.5802752.403
Piggvar221.300282.025
Raudspette5006.50999215.868
Sjøtunge1468.18210315.868
Pigghå3992.2291601.051
Breiflabb813.5881044.471

2.2.5.3 Marknads- og omsetningsforhold

Marknads- og omsetningsforhold i 1995

Prisane for reker på verdsmarknaden auka i siste halvdel av året på grunn av underdekning, spesielt på dei billegaste rekene.

Omsetningsforholda for fisk var normale i 1995. Leveransane av konsumfisk fanga som bifangst var noko lågare enn forventa, på grunn av at industritrålarane hadde eit rekordår når det gjaldt tobisfisket. Landanlegga i Rogaland fekk tilført for lite råstoff til å halde full produksjon i store delar av året. Den eine av bomtrålarane var ikkje i drift det siste halve året av 1995.

Marknads- og omsetningsforhold i 1996

For reker var prisane på verdsmarknaden under press grunna uvanleg stort fiske og store fryselager.

Førstehandsomsetninga av fisk gjekk rimeleg godt i 1996. Det var likevel ønskeleg med større leveransar av konsumfisk som bifangst frå industritrålarane. Landanlegga i Rogaland hadde kapasitet til å ta imot meir råstoff og kunne hatt ein meir effektiv produksjon gjennom heile året. To av bomtrålarane var ikkje i drift meir enn halve året.

2.2.5.4 Leveransar frå utanlandske fiskefartøy og leveransar til utlandet

Leveransar frå utanlandske fiskefartøy

Omfanget av dei utanlandske leveransane i laget sitt distrikt har auka i meldingsperioden. I 1995 blei det levert 735 tonn frå utanlandske fartøy i laget sitt distrikt. Førstehandsverdien var på ca 17 mill kroner. I 1996 steig leveransane til eit kvantum på 1.283 tonn. Likeins auka førstehandsverdien til 28 mill kroner.

Leveransar til utlandet

I 1995 gjekk kvantum og verdi av fangst levert i utanlandsk hamn av fartøy frå laget sitt distrikt ned med 434 tonn samanlikna med 1994. Totalt levert kvantum var på 797 tonn til ein verdi av ca 18,3 mill kroner.

Kvantum og verdi av fangst levert i utanlandsk hamn viste ein stigande tendens for 1996. Totalt blei det landa 1.275 tonn i utlandet til ein verdi av 27,9 mill kroner. Dette var ein auke på 478 tonn frå 1995.

2.2.5.5 Kjøpargodkjenning

Rogaland Fiskesalgslag hadde i perioden 21 aktive kjøparar. I tillegg hadde laget i 1995 ni understasjonar i sitt distrikt, eit tal som i 1996 auka til ti understasjonar. Etter søknad er det mogeleg for fiskarar i Rogaland Fiskesalgslag sitt distrikt å få dispensasjon for kaisal til forbrukar. Med heimel i laget sine forretningsreglar blei det gitt eit fåtal dispensasjonar for sal frå kai i by eller ved tettstad i distriktet.

2.2.5.6 Kontroll

Laget hadde ingen inndragingar med heimel i saltvassfiskelova i 1995, medan det vart dratt inn 26.000 kroner i 1996.

Statens kontrollør uttaler at laget i meldingsperioden blei drive i samsvar med lovverket og god forretningsskikk.

2.2.6 Skagerakfisk

2.2.6.1 Økonomien til salslaget

Økonomien til salslaget i 1995

I 1995 var driftsinntektene til laget kr 220.833.000, samanlikna med kr 190.467.000 i 1994. Driftsresultatet viste eit overskot på kr 223.000 i 1995, ein nedgang på kr 1.136.000 jamført med 1994. Resultatet før eop var kr 897.000, mot kr 1.311.000 i 1994. Årsresultatet viste eit overskot på kr 6.431.000, mot kr 2.087.000 året før. Auken i årsresultatet kom av gevinst ved sal av eigedom. Bokført eigenkapital var på kr 28.454.000, mot kr 22.023.000 året før. Eigenkapitaldelen gjekk opp frå 46,8% til 59,7%.

Økonomien til salslaget i 1996

For 1996 var driftsinntektene kr 217.038.000 og rekneskapen viste eit driftsoverskot på kr 528.000. Resultatet før eop var kr 948.000, ein oppgang på kr 51.000. Årsresultatet viste eit overskot på kr 290.000. Dette var ein nedgang på kr 6.141.000 jamført med 1995. Bokført eigenkapital var kr 28.745.000. Eigenkapitaldelen var på 65,9%

2.2.6.2 Omsetninga til laget

Omsetninga til laget i 1995

Det blei i 1995 totalt omsett 13.152 tonn. Dette var ein auke frå året før. Førstehandsomsetninga til laget var i 1995 på 193,1 mill kroner, medrekna ca 2 mill kroner frå fiskeriavtalen.

Som ei prøveordning hadde Skagerakfisk i 1995 omsetningsrett for leppefisk. Det blei omsett 517.255 stk leppefisk til ein gjennomsnittleg pris på kr 3,- pr stk.

Omsetninga til laget i 1996

Totalt omsett kvantum i 1996 blei 12.158 tonn, mot 13.152 tonn i 1995. Laget si førstehandsomsetning var i 1996 på 191,1 mill kroner, medrekna 1,5 mill kroner i tilskot frå staten.

Søknaden frå Skagerakfisk om omsetningsrett for leppefisk blei ikkje innvilga av Fiskeridepartementet, og prøveordninga frå 1995 blei difor ikkje ført vidare på permanent basis.

Tabell 2.14 Omsett kvantum og førstehandsverdi (medrekna tilskot) i 1995 og 1996, innvegd vekt (i tonn og 1.000 kr)

1996199519961995
tonntonnverdi (1.000 kr)verdi (1.000 kr)
Reker, kokt1.683,41.732,470.009,163.941,1
Reker, rå4.519,84.469,563.394,762.721,1
Kreps, kokt/rå110,897,55.295,04.616,3
Hummar12,619,31.779,52.642,6
Krabbe (produksjon)1,50,635,53,9
Torsk, levande137,3174,42.664,03.122,0
Torsk920,91.281,68.477,911.596,8
Lyr369,8368,22.378,82.603,9
Sei419,5364,61.590,51.553,3
Kolje (hyse)213,5268,31.336,31.737,1
Lange201,8154,11.535,11.377,3
Blålange4,85,423,129,3
Brosme31,233,3223,0247,7
Kvitting18,819,783,198,8
Lysing33,543,8587,31.165,0
Kveite12,013,2833,6860,4
Raudspette100,175,8979,2744,4
Smørflyndre63,580,0830,51.211,1
Piggvar12,016,5704,3887,4
Slettvar10,712,3425,1454,5
Sjøtunge3,46,0182,0317,7
Lomre24,620,6391,1322,8
Håbrand15,815,7457,3399,4
Kvalkjøtt34,26,9974,9277,7
Pigghå215,9153,41.511,3837,8
Fjordsild2.173,42.991,83.869,74.390,1
Kvitlaks211,693,7699,9244,6
Laks/aure8,38,1205,9211,4
Ål212,0286,310.275,412.620,8
Rokkevengar64,252,0815,3739,0
Ulke32,063,7906,21.723,4
Ulkehalar116,8122,96.564,27.087,2
Steinbit13,715,9234,7311,5
Fôrfisk87,631,364,474,4
Diverse67,153,6718,01.908,0

2.2.6.3 Skaldyr

Skaldyr 1995

Det blei i 1995 teke imot 6.201 tonn reker. Av desse var 1.732 tonn ferske kokte og 4.469 tonn ferske råe. Førstehandsverdien for reker utgjorde 126,7 mill kroner, ein auke på 35% frå året før. Leveringa av ferske saltkokte reker var priskvoteregulert med utgangspunkt i fisket og avsetninga.

Mottaket av hummar utgjorde 19,3 tonn til ein førstehandsverdi på 2,6 mill kroner. Hummarkvantumet auka med 31% samanlikna med 1994.

Mottaket av kreps utgjorde 97,5 tonn til ein førstehandsverdi på 4,6 mill kroner. For nokre år sidan blei det stilt forventingar til eit auka krepsefiske. Dette har ikkje slått til.

Skaldyr 1996

Det blei i 1996 teke imot 6.203 tonn reker, og av desse var 1.683 tonn ferske kokte og 4.520 ferske råe. Førstehandsverdien for reker utgjorde 133,4 mill kroner, ein auke på 5,3% frå året før. Reker utgjorde vel 70% av laget sin totale førstehandsverdi.

Omsetninga av hummar utgjorde 12,6 tonn, mot 19,3 tonn året før. Førstehandsverdien blei på vel 1,8 mill kroner.

Krepsomsetninga utgjorde 110,8 tonn til ein førstehandsverdi på 5,3 mill kroner.

2.2.6.4 Fisk

Fisk 1995

Det blei motteke 286 tonn ål i 1995 til ein førstehandsverdi på 12,6 mill kroner. Mottaket av fjordsild var på 2.992 tonn, ein auke på vel 20%. Mottaket av fisk utgjorde 3.555 tonn til ein førstehandsverdi på 42 mill kroner.

Fisk 1996

Omsetninga av ål utgjorde 212 tonn mot 286 tonn i 1995. Førstehandsverdien blei på 10,3 mill kroner. Mottaket av fjordsild var på 2.173 tonn, ein nedgang på 27% frå 1995. Omsett kvantum fisk var på 3.444 tonn til ein førstehandsverdi på 36,4 mill kroner.

2.2.6.5 Marknads- og omsetningsforhold

Marknads- og omsetningsforhold i 1995

Skagerakfisk prøvde å stimulere til auka omsetning av ferske saltkokte reker på innlandet for å dempe tilførsla til Sverige. Dette verka etter laget si meining bra, og det blei omsett meir saltkokte reker innanlands enn tidlegare. Det var ingen problem i omsetninga av råreke i 1995, med unntak av mai månad. På hausten var det underdekning i marknaden. Produksjonskapasiteten på Skagerakkysten har auka dei siste åra. Omsetninga har gått utan spesielle problem og gjennomsnittleg pris på råstoffet har vist ein bra auke.

For hummar var det vanskelege omsetningsforhold i 1995. Dette kom av reduserte høve til å mellomlagre hummaren samstundes som kvantumet auka. Avsetninga av ål var bra, med etter måten gode prisar gjennom heile sesongen. Marknadsforholda for fisk varierte mykje. Innanlandsmarknaden var etter måten stabilt, medan eksportmarknaden varierte mykje. Omsetninga av fjordsild gjekk greitt.

Marknads- og omsetningsforhold i 1996

Laget sin kjølauksjon var lite brukt i 1996. Lita interesse frå kjøparane til større fangstar gjorde at aktuelle fartøy valde andre alternativ.

Innanlandsmarknaden for ferske saltkokte reker var meir stabilt på pris enn i 1995. Omsetninga av råreke fungerte stort sett tilfredsstillande dei første ni månadene av året, medan det blei store vanskar i omsetninga mot slutten av året. Noko av grunnen til dette var prispress.

Avsetninga av hummar gjekk stort sett greitt i 1996, noko som kunne henge saman med eit mykje redusert kvantum. For ål gjekk avsetninga greitt, med etter måten bra prisar gjennom heile sesongen. Omsetninga av fjordsild fungerte tilfredsstillande. Vinteren 1996 var marknadsforholda for fisk generelt vanskelege, særleg på eksportmarknaden.

2.2.6.6 Leveransar frå utanlandske fiskefartøy og leveransar til utlandet

Leveransar frå utanlandske fiskefartøy

Det var i meldingsperioden heilt uvesentlege mengder som blei levert frå utanlandske fiskefartøy i laget sitt distrikt.

Leveransar til utlandet

Leveringar direkte til Danmark og Sverige (ikkje medrekna Austersjøtorsken) av fartøy frå laget sitt distrikt blei mykje redusert i 1995 samanlikna med 1994. Kvantumet gjekk ned frå 851,7 tonn i 1994 til 687,8 tonn i 1995. Usikre pris- og omsetningsforhold har truleg gjort det mindre lønsamt å levere utanlands.

I 1996 var leveringane til Danmark og Sverige på 563,6 tonn, med andre ord ein ytterlegare nedgang.

2.2.6.7 Kjøpargodkjenning

Ved byrjinga av 1995 var det 25 godkjende mottakarar og/eller kjøparar i laget sitt distrikt, medan dette talet hadde gått ned til 24 ved byrjinga av 1996.

Retningslinene for å gje dispensasjon for sal av eigen fangst er ført vidare i meldingsperioden som for tidlegare år. Det blei for 1995 gitt i alt 33 dispensasjonar for sal av eigen fangst direkte til forbrukar, medan det i 1996 blei innvilga 36 dispensasjonar.

Laget har i meldingsperioden, som for tidlegare år, gitt dispensasjon frå laget sin einerett for omsetning når det gjeld omsetning av levande krabbe til konsum. Dispensasjonen gjeld ikkje krabbe levert til produsent.

2.2.6.8 Dotterselskap

I 1995 og 1996 hadde Skagerrakfisk desse dotterselskapa:

  • Fjordfisk A/S

  • Langesundfisk A/S

  • Skagerakfisk avd. Kragerø A/S

  • A/S Kjøleanlegget

  • Skagerakfisk Kristiansand AS

Dotterselskapa deltek i mottak, produksjon og vidareomsetning.

2.2.6.9 Kontroll

Laget gjennomførte i perioden ingen inndragingar med heimel i saltvassfiskelova.

Statens kontrollør har følgd og kontrollert laget si verksemd, medrekna laget si utøving av offentlege fullmakter i medhald av råfisklova. Verksemda har vore utøvd i samsvar med råfisklova og tilhøyrande forskrifter.

Til forsiden