St.meld. nr. 17 (1997-98)

Om Telenor AS si verksemd

Til innholdsfortegnelse

4 Mål og planar for Telenor si verksemd i perioden 1997-99

4.1 Overordna konsernmål- og strategiar

Dei overordna mål og strategiar for Telenorkonsernet, slik desse er fastlagte gjennom handsaminga av St.meld. nr. 21 (1995-96) Om Telenor AS og St.prp. nr. 64 (1995-96) ligg fast. Departementet meiner likevel det er ønskjeleg å presisere målformuleringane mellom anna i lys av at resterande einerettar i telesektoren fell bort frå 1.1.98.

Dei fleste sektorpolitiske mål som er trekte opp for teleområdet blir i første rekkje realisert gjennom verksemda til Telenor. Til dømes er det eit hovudmål for telepolitikken å sikre husstandar og bedrifter over heile landet grunnleggjande teletenester av høg kvalitet og til lågast moglege prisar. For å sikre landsdekkjande tenester er Telenor pålagt å levere ulike tenester som isolert sett ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Gjennom ei særskilt maksimalprisordning som blei innført frå 1.1.97, er Telenor forplikta til å prise pålagde landsdekkjande tenester innafor ei ramme som inneber årlege reduksjonar i realprisane til alle kundar i heile landet. Telenor utfører dessutan ein del spesielle samfunnsoppgåver mellom anna knytte til beredskap og tryggleik. jf. kap. 5 og St. prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (1997-98) Om endring av proposisjonen om statsbudsjett for 1998 som følge av opphevelse av eksisterende eneretter i telesektoren.

Telenor skal elles bidra til gjennomføringa av ei rekkje meir generelle samfunnsmessige omsyn og målsetjingar. Dette gjeld t.d. omsynet til miljøet, arbeidsplassar i distrikta, likestilling, lønnstilhøve og tryggleik for arbeidstakarne. På desse områda tek Telenor sikte på å ligge langt framme samanlikna med andre bedrifter.

Samferdselsdepartementet vil peike på at oppfylling av dei telepolitiske måla i åra som kjem vil måtte skje ved bruk av meir konkurransenøytrale verkemiddel som generelle reguleringar og konsesjonskrav, og ved offentleg kjøp av spesielle samfunnstenester. I ein situasjon med allmenn konkurranse vil Telenor sitt overordna mål vere å skape størst moglege verdiar for eigaren. Dette er eit mål som i all hovudsak er det same for andre selskap med eigarar som ønskjer størst mogleg avkastning på sine investeringar. Departementet vil likevel understreke at Telenor som leiande aktør framleis vil ha viktige oppgåver i sjølve gjennomføringa av norsk telepolitikk.

For å kunne tilfredsstille eigars krav til kapitalavkastning og oppfylle si rolle i telepolitikken har Telenor i sitt strategiarbeid valt ut fire operasjonelle delmål:

Telenor skal vere den leiande tele-/IT-leverandøren i Noreg

Det er berre ved å ha ein posisjon som den leiande tele-/IT-aktør i Noreg at Telenor kan bidra til gjennomføringa av telepolitikken ved å bidra til å sikre at utviklinga av moderne telekommunikasjons- og informasjonsteknologi fullt ut kjem norske kundar og heile det norske samfunn til gode.

Telenor skal oppnå ein vekst på linje med veksten på den europeiske tele-/IT-marknaden

Telenor ser det som nødvendig å oppretthalde sin relative posisjon på den europeiske tele-/IT-marknaden. Dette inneber eit krav om ein årleg vekst i omsetninga på 6-8 pst. Ein vekst i denne storleiken er ein føresetnad for å sikre Telenors forretningsmessige utvikling, handlekraft og forhandlingstyrke. Vekst og storleik er nødvendig mellom anna av omsyn til vidareutvikling av Telenors teknologiske plattform, kommersialisering av nye tenester og for å ha forhandlingstyrke både ved etablering av samarbeidsrelasjonar og ved innkjøp. Det er òg viktig for å kunne tilby landsdekkjande tenester til rimelege vilkår og for å kunne dekkje behov for avanserte og konkurransedyktige tenester.

Telenor skal basere si verksemd på lønsam verdiskaping

Lønnsemd må vere ein grunnleggjande premiss for Telenor si verksemd. Lønnsemd er eit mål i seg sjølv, men er óg ein føresetnad for å realisere vekstmålet, for å verne om forretningsmessig sjølvstende og for å kunne tilby konkurransedyktige tenester i heile Noreg.

Telenor må ha ein finansiell soliditet som tryggjer langsiktig handlefridom

Finansiell soliditet er ein avgjerande konkurransefaktor og ein føresetnad for å kunne realisere ein strategi for å nå måla ovanfor. Telenor har som mål å halde egenkapitalprosenten over 42,5 pst.

Departementet vil understreke at Telenor sin primære marknad er og skal vere Noreg og norske kundar. Innføringa av konkurranse på alle delar av den norske telemarknaden frå 1.1.98 og den generelle globaliseringa som bransjen gjennomgår, inneber likevel at Telenor kjem til å miste delar av marknaden i Noreg. Sjølv med ein volumauke innafor Telenor si tradisjonelle verksemd og satsing på nye område som IT og media, kan ein ikkje vente at veksten i Noreg blir tilstrekkeleg til å kompensere for dette kundetapet. Selskapet si evne til å utvikle seg og halde oppe konkurransekraft på ein marknad som blir stadig meir internasjonal, krev eit breiare marknadsgrunnlag. For å kunne realisere dei strategiske hovudmåla som er lagt til grunn for utviklinga framover, må difor Telenor òg satse sterkt i utlandet.

Konkret inneber vekstmålet på 6-8 pst. at Telenor tek sikte på å halde på 70 pst. av marknaden innan basisverksemda i Noreg. I Norden vil Telenor bygge opp ein leiande marknadsposisjon saman med alliansepartnarar. Målet er her å oppnå 40 pst av marknaden saman med partnarar. I dag er denne prosenten om lag 35.

I Europa elles blir satsinga konsentrert om område der Telenor har særlege kompetansemessige fordelar som innafor mobil- og satellittkommunikasjon. Denne satsinga vil òg primært skje i samarbeid med alliansepartnarar. Når tilhøva ligg spesielt godt til rette for det, vil Telenor òg gå inn i prosjekt i andre delar av verda, t.d. i Søraust-Asia og USA.

Departementet vil understreke at Telenors utanlandssatsing er meint å medverke til å tryggje dei overordna telepolitiske måla om effektive og landsdekkjande tenester til rimelege prisar, og som det truleg i lang tid berre vil vere eit sterkt og sjølvstendig Telenorkonsern som kan løyse tilfredstillande i Noreg. Samtidig ligg føresetnadene til rette for at dei utvalde satsingsområda skal gi auka lønsemd for konsernet innafor ein akseptabel risikoprofil, og at staten dermed kan få ei avkastning på investeringane som er høgare enn det ein kan oppnå gjennom alternative plasseringar. Veksten i utlandet må likevel ikkje fortrengje lønsame investeringar i Noreg.

Ei av Telenors største utfordringar er knytt til endringar i sjølve det teknologiske grunnlaget for verksemda. Det beste eksempelet er framveksten av Internett som er ei usedvanleg sterk forandringskraft i utviklinga mot ei samansmelting av telekommunikasjon, IT og kringkastingssektoren. På Internettet kan brukarane kommunisere direkte med kvarandre via PC-ar og treng ikkje gå vegen om teleselskapa sine sentralar i det offentlege telenettet. Utviklinga er no komen så langt at også tale kan bli overført gjennom Internett, rett nok førebels med dårligare kvalitet enn i det vanlege telefonnettet. Internett-teknologien fører òg til at teleselskapa går inn på marknaden for avanserte tenester og distribusjon av innhald. Den kommersielle utnyttinga av innhald vil vere avgjerande for å få i stand ei langsiktig inntening frå Internett og andre liknande miljø for elektronisk formidling av innhald.

Telenor kan tilby leverandørar av innhald tilgang til ein stor kundebase gjennom mange nettverk. Det gjer det mogleg å etablere kommersielle relasjonar med aktørar som ønskjer distribusjon av innhald over Telenors elektroniske nettverk. Telenor kan i denne samanheng levere alt frå enkle kommunikasjonstenester til meir omfattande funksjonar for tilrettelegging og forvaltning av innhald. Telenor kan i tillegg levere støttetenester som fakturering og administrasjon og innkreving av kundefordringar.

I St. meld. nr. 21 (1995-96) blei det lagt til grunn at Telenor ikkje skal ha strategiske eigarposisjonar innafor selskap som driv programverksemd i Noreg. Departementet meiner at denne restriksjonen framleis bør gjelde. Restriksjonen er grunngitt ut frå mediepolitiske omsyn for å unngå at dominans på infrastruktur skal føre til tilsvarande kontroll over programtilbodet. Departementet ser det slik at Telenor bør konsentrere sitt engasjement på innhaldssida til distribusjonsoppgåvene. Ved etablering av verksam konkurranse på infrastruktursida og vidare utvikling mot samansmelting av tele-/IT-sektoren og medie-/kringkastingsektoren, vil det likevel seinare kunne bli aktuelt å vurdere Telenors engasjement på innhaldsida på nytt.

4.2 Organisering og lokalisering

Eit av hovudmåla for Telenor er å vere den leiande tele-/IT-aktøren i Noreg, som er i stand til å gi landsdekkjande tilbod av konkurransedyktige tenester.

For å oppfylle denne målsetjinga har det gjennom Telenor over lang tid blitt gjennomført store investeringar i ny og kostnadsreduserande teknologi. Investeringane har gjort det nødvendig med store og krevjande omstillingar i form av omorganiseringar og endringar i lokaliseringmønster for verksemda. Det er nettopp desse satsingane og omstillingane som har gjort det mogleg å gjennomføre dei store prisreduksjonane på teletenester i Noreg på 1990-talet.

Samferdselsdepartementet vil understreke at Telenor si medverking til målet om å oppretthalde ein desentralisert befolknings- og næringstruktur i Noreg, først og fremst må vere konsentrert om å tilby landsdekkjande tenester av høg kvalitet og til lågast moglege prisar. Telenor medverkar likevel også til desentraliseringsmålsetjinga ved å utnytte det potensialet den nye teleteknologien gir for å skape og oppretthalde arbeidsplassar i distrikta.

Telenor må ha stor handlefridom til å velje verkemiddel mellom anna med omsyn til organisering og bemanning av verksemda. Dette har mellom anna samanheng med at teleteknologien i seg sjølv har eigenskapar som verkar både sentraliserande og desentraliserande. Sentraliseringa kjem i første rekkje av at fleire og fleire funksjonar blir tekne over eller baserte på datamaskinar og programvare som gjer det mogleg å ta ut effektiviseringsgevinstar ved å konsentrere oppgåver til færre stader, utan at det går utover kvalitets- og servicenivået. Trekk ved utviklinga som verkar i desentraliserande retning er at tenestetilbodet blir breiare og meir tilgjengeleg over store avstandar mellom anna ved at kapasiteten aukar og ved at prisane blir meir og meir uavhengige av avstand.

Ein annan viktig grunn til at det i ein distriktspolitisk samanheng må fokuserast på kvalitet og prisar på tenestetilbodet, er at Telenor no går inn ein situasjon med gjennomgåande konkurranse over heile produktspekteret. For at Telenor skal kunne oppretthalde sin leiande marknadsposisjon og tilfredsstille avkastningskravet frå eigaren, må bedrifta i utgangspunktet kunne organisere og lokalisere verksemda på den til ei kvar tid mest effektive måten. Når dette er sagt, vil Samferdselsdepartementet leggje til grunn at Telenor framleis utnytter teleteknologien til å oppretthalde ei spreidd lokalisering av arbeidsplassar. Sjølv om teknologi og konkurransesituasjon legg klare føringar, vil Telenor ha vesentleg handlefridom til å velje effektive og lønsame desentrale løysingar. Samferdselsdepartementet vil understreke at Telenor framleis skal vere ei føregangsbedrift for å få til slike løysingar.

Hovudelement i Telenors lokaliseringstrategi for Noreg

Etter ønske frå departementet er det i Telenors §10-plan for 1997 gitt ein presentasjon av hovudelementa i konsernet sin lokaliseringstrategi for Noreg. Føremålet er i første rekkje å leggje eit grunnlag som sikrar at dei mange enkeltvedtak som vil bli fatta i tida framover verkar til det beste både for den enkelte eining og for konsernet samla sett. Dernest vil det vere eit viktig føremål med ein slik strategi at den kan tene som eit grunnlag for diskusjon med politiske styresmakter lokalt og sentralt, både på det generelle plan og når det gjeld konkrete enkeltsaker, der problemstillinga ofte vil dreie seg om i kva grad omsynet til selskapet sitt behov og omsynet til samfunnsinteresser og politiske styringsønske let seg sameine.

Utgangspunktet for utforminga av ein lokaliseringstrategi må vere ei kartlegging av dei hovudpremissar som skal leggjast til grunn og dei mål strategien skal medverke til å oppfylle. Telenor vil i det vidare arbeidet leggje til grunn følgjande hovudpremissar og mål:

  • Målet for Telenors lokaliseringstrategi er å leggje til rette for utvikling av eit lokaliseringsmønster som samla sett medverkar til at konsernet på ein effektiv måte kan realisere sine overordna mål for verdiskaping, omdømme, vekst og utvikling.

  • Telenors lokaliseringsmønster må vere rimeleg robust overfor teknologiske og marknadsmessige endringar. Dermed blir det lettare å gjennomføre fornyings- og omstillingsprosessar som ein må rekne med at konsernet må gå igjennom.

  • Som tenestebedrift må Telenor bli meir medviten om at den reelle verdiskapinga skjer i møte og samspel med kunden, gjennom nettet eller direkte, og på ein meir systematisk måte ta dei organisasjons- og lokaliseringmessige konsekvensane av dette.

  • Vedtak i lokaliseringsaker vil bli fatta av konsernleiinga. Konsernet vil difor leggje større vekt på heilskap og samordning, og på utvikling av incentiv som støttar opp under dette.

Det følgjer av dette at Telenors lokaliseringsmønster må vere slik innretta at konsernet si verksemd kan vere landsdekkjande på ein kostnadseffektiv måte. Samtidig må Telenor med utgangspunkt i verksemda i Noreg kunne utvikle internasjonal konkurransekraft innafor utvalte produktområde.

Telenors tilnærmingsmåte til lokaliseringstrategien tek utgangspunkt i kva som er kundane sine behov for service og tenester, og dei krav dette stiller til organisering av kundefronten. Vidare vil det på grunnlag av kartlegging av konsernet sine ulike funksjonar og aktivitetar, slik dei faktisk er lokaliserte, bli gjennomført analysar og vurderingar av eksisterande og framtidige lokaliseringar som ikkje krev fysisk nærleik til kunden, og der lokaliseringsvala mellom anna vil vere basert på moment som infrastruktur på staden, tilgang på kompetanse, stabilitet i arbeidskrafta, potensial for samvirke med andre bedriftseiningar og grad av lønsemd.

Telenors tilnærmingsmåte er nærare greidd ut i §10-planen. Her blir det óg gjort greie for det lokaliseringsmessige hovudmønsteret som Telenor førebels ser for seg:

  • Konserntyngdepunktet i Oslo-området

  • 6 regionale tyngdepunkt (i tillegg til Oslo-området)

  • Lokale Telenorsentra for drifts- og marknadsfunksjonar

  • Stader der det er lokalisert verksemd/funksjonar karakterisert av stor lokaliseringsmessig fleksibilitet

  • Ei mengd stader knytt til distribusjon, sal, installasjon og service

Konserntyngdepunktet vil måtte liggje i Oslo-området. Konsernleiinga og overordna leiing av verksemda i dei enkelte forretningsområda og leiing av tekniske og administrative støttefunksjonar retta mot heile konsernet må vere knytt til konserntyngdepunktet. For at Telenor skal kunne realiserere sine internasjonale ambisjonar er det avgjerande at konserntyngdepunktet har tilstrekkeleg styrke innafor alle kjerneområda.

Dei regionale tyngdepunkta skal markere Telenor si landsdekkjande satsing. Dette dreier seg ikkje berre om å forsyne dei ulike delane av den norske marknaden med konkurransedyktige tenester, men òg om å utnytte fordelane av kompetansetilgang og miljøvilkår for forsking og utvikling rundt omkring i landet. Det vil ikkje vere mogleg å realisere meir enn nokre få slike tyngdepunkt, som må vere stader med sterkt IT-miljø, medrekna utdannings- og forskingsinstitusjonar. Telenor ser i dag for seg seks slike ulike regionale tyngdepunkt i tillegg til konserntyngdepunktet i Oslo-området:

  • Bergen

  • Trondheim

  • Tromsø

  • Stavanger

  • «Agderbyen»

  • «Mjøsbyen»

Telenor vil gå nærare gjennom uavklarte problemstillingar knytt til desse stadene, og vil utvikle konkrete strategiar for den vidare satsinga på kvart enkelt regionsenter. Det vil truleg vere føremålstenleg med utstrakt samlokalisering av Telenors verksemd på staden for å få eit sterkt nærvere og for å trekkje full nytte av samspel og skalafordelar. Det reiser seg i denne samanheng ei spesiell problemstilling når det gjeld Nord-Noreg, der Telenor i dag har tre regionale tyngdepunkt (Telenor Bedrift i Tromsø, Telenor Nett i Bodø og Telenor Privat i Harstad).

Det neste nivået i geografistrukturen, lokale Telenorsentra, vil vere karakterisert ved at einingane i første rekkje skal utføre drifts- og marknadsfunksjonar, og at dei står i ein nær styringsmessig relasjon til leiarfunksjonar i dei regionale tyngdepunkta. Kor mange slike lokale tyngdepunkt det kan vere aktuelt å ha på lengre sikt, og korleis dei bør bli utforma, vil bli nærare vurdert.

Det yttarste ledd i Telenors lokaliseringsstruktur vil vere eit relativt finmaska nett av distribusjonseiningar, dels i eigen regi og dels kontraktsforhandlarar, og av installasjons- og serviceeiningar. Det vil her dreie seg om ei stor mengd einingar, som i tillegg til sine ordinære drifts- og forretningsoppgåver, vil utgjere den direkte kontaktflata mot Telenor sine kundar.

Telenor har ei stor mengd verksemder som i stor grad er lokaliseringsmessig uavhengige. Telenor har likevel interesse i å redusere talet noko over tid, for å oppnå ei meir robust lokalisering. Etter at Telenor har kartlagt dei enkelte lokaliseringane, vil ein konkret vurdere eventuelle endringar.

For at Telenor skal kunne utnytte sine ressursar best mogleg på lang sikt, må ein søkje å oppnå ein god balanse mellom ulike lokaliseringsmessige omsyn. På den eine sida må ein leggje vekt på oppbygging av kompetansesentra i tilknyting til sterke næringsmiljø, fordi dette erfaringsmessig gir best resultat. Synergi og samarbeid på tvers av samlokaliserte fagmiljø vil her vere sentrale stikkord. På ei anna side vil høve til å spreie delar av verksemda utanfor slike sentrale område kunne gi større regionale ringverknader og skape grunnlag for auka sysselsetjing og vekst. Bruk av ny teknologi vil i mange tilfelle kunne kompensere for eventuelle ulemper med meir distribuert verksemd.

Samferdselsdepartementet meiner at dei hovudpremissar og mål og den tilnærmingsmåten som Telenor har valt for utforming av ein framtidig lokaliseringstrategi, bør kunne bli lagt til grunn som ei felles referanseramme for det vidare arbeid med desse spørsmåla. Departementet viser til at Telenor må gjennomføre vidare analysar før ein kan konkretisere lokaliseringsopplegget, men på ein del punkt tykkjest resultatet å vere rimeleg klart. Lokaliseringsmønsteret vil venteleg måtte bli basert på regionale tyngdepunkt i eit omfang som skissert. At Telenor må ha ei stor og spreidd mengde einingar for distribusjon av utstyr og tenester og installasjonstenester, tykkjest også klart. Det som truleg vil vere det mest krevjande å vurdere er tal og plassering av dei lokale Telenorsentra, og av dei verksemder/funksjonar der Telenor har stor lokaliseringsmessig handlefridom. Departementet viser til at Stortinget tidlegare har understreka at teleteknologien skal utnyttast til å sikre ei desentralisert lokalisering av arbeidsplassar. Som nemnt vil lokalisering av Telenor måtte bli konsentrert om færre stader, men det er likevel mogleg å gjennomføre denne konsentrasjonen etter eit desentralisert mønster. Departementet vil difor leggje til grunn at det vidare arbeidet med lokaliseringsstrategien skjer innafor ei ramme der dei ulike regionane kjem relativt likt ut. Vidare vil det vere ein føresetnad at Telenor jamnleg, og meir systematisk i §10-planane, greier ut om tiltak og resultat av arbeidet med å få i stand effektive løysingar for distribuert verksemd utanfor dei sentrale områda.

Nedanfor følgjer nokre eksempel på verksemd i distrikta der Telenor allereie har teke i bruk ny teknologi for å skape nye arbeidsplassar. Dei fleste lokaliseringane er valt på grunn av innskrenkingar og rasjonalisering i andre verksemder i Telenor, men bruk av ny teknologi har både utvikla og trygga arbeidsplassane. Til ein viss grad representerer dei aktuelle lokaliseringane ein konsentrasjon av mange mindre lokaliseringar, men fordi ny teknologi i større grad gjer det mogleg med fritt lokaliseringsval har ein kunna konsentrere verksemdene til stader i distrikta.

Kundeservice, fakturaservice og salstøtte i Telenor Mobil

Kundeservice i Telenor Mobil er lokalisert på 6 stader. Omtrent halvparten av verksemda blir driven frå distrikta: Rørvik (32 årsverk), Gol (30 årsverk) Bardu (60 årsverk) og Finnsnes (21 årsverk).

Desentral kundeløysing basert på moderne IT-teknologi har gitt kundeservice høve til å lokalisere arbeidsplassar i distrikta og samtidig yte den sterkt veksande kundemassen den service som blir krevd.

Fakturaservice i Telenor Mobil er lokalisert til Rørvik og har 60 tilsette. Avdelinga har ansvar for fakturaproduksjon, oppfølging av innbetalingar av alle kundefaktura og kredittvurdering.

Salstøtte i Telenor Mobil blir utført frå avdelinga i Førde som har 19 tilsette. Avdelinga gjer endringar i kundedatabasen utifrå kunden sine ønske. I denne prosessen blir det funne ulike feil og dobbeltregistreringar som så blir retta opp.

Personal - og lønsfunksjonen i Telenor Installasjon

Personal - og lønsfunksjonen i Telenor Installasjon er konsentrert til Lødingen. Avdelinga har 10 tilsette og tek hand om installasjonsselskapet sine 3 500 tilsette. Funksjonen er organisert slik at den geografiske lokaliseringa i utgangspunktet ikkje har noko å seie for i kva grad funksjonen kan bli drive på ein effektiv og føremålstenleg måte.

Telenor Inkasso AS

Telenor Inkasso har hovudkontor i Skien (6 tilsette) og produksjonseiningar i Skien (9 tilsette ), Leknes (6 tilsette) og Molde (13 tilsette). Telenor Inkasso driv forrretningsmessig tenesteyting innan fordringsadministrasjon som inkasso, fakturering, kredittopplysing, kurs- og konsulentverksemd.

Opplysninga 180 i Telenor Media AS

Opplysninga 180 er lokalisert på 12 stader. Askim, Otta, Fagernes, Tynset, Kongsberg, Risør, Lærdal, Nordheimsund, Volda, Namsos, Sortland og Narvik.

Telenor har teke i bruk ny teknologi for å kunne drive opplysingstenesta med så låge kostnader som mogleg. Datasystema nyttar Telenor sitt interne datanett for å knytte seg til dei sentrale databasane. Samtalane til 180 blir sette i kø, slik at kundehandsamaren får ein ny samtale snarast råd etter at den førre er avslutta.

Regjeringa tek sikte på å greie ut potensialet for desentralisering av statleg verksemd mellom anna ved hjelp av ny teknologi. Samferdselsdepartementet legg til grunn at Telenor i kraft av sin høge kompetanse bør vere ein sentral bidragsyter i dette utgreiingsarbeidet.

Samferdselsdepartementet vil peike på at moderne tele- og IT-tenester reduserer ulemper knytte til geografi, både ved at avstandskomponenten i prisane stadig blir mindre og ved at tilgangen og breidden i tenestetilbodet blir betre. Dette i seg sjølv auker potensialet for desentralisering av både offentleg og privat verksemd.

Telenors viktigaste bidrag til desentralisering er slik å leggje til rette for at andre verksemder kan oppnå større lokaliseringsmessig fleksibilitet. På den anna side skjer det ei sentralisering av Telenors eiga verksemd ved at aktivitetar blir konsentrerte til færre stader. Departementet vil understreke at det er ein klar samanheng mellom desse motstridande tendensane. Ny teknologi gjer det mogleg å tilby tele-og IT-tenester like effektivt ut frå færre stader. Dette opnar for kostnadsreduksjonar og lågare prisar. Dette effektiviseringspotensialet må utnyttast for å oppnå hovudmålet i telepolitikken.

Departementet vil peike på at Telenor framleis har ein svært desentralisert lokaliseringsstruktur med arbeidsplassar i 125 kommunar i landet. Talet på lokaliseringar har likevel blitt vesentleg redusert på 1990-talet. I St.meld. nr. 67 (1991-92) Om omorganisering av Televerket blei det lagt opp til å redusere talet på årsverk i forvaltningsbedriften si basisverksemd med om lag 4 700 i perioden 1993-95. Omorganiseringa blei gjennomført etter planen og innebar at mange mindre lokaliseringar fall bort. Departementet ventar ikkje at behovet for omstillingar vil bli så store i tida framover, men gjennomføringa av full konkurranse i telemarkedet frå 1998 gjer dette meir uvisst en før då omstillingsbehovet i større grad var teknologidrive.

Departementet viser til at det i samband med St.meld. nr. 67 (1991-92) Om organisering av Televerket blei oppretta eit eige utval med representantar for ulike fylke som skulle gi Televerket råd om lokalisering knytt til nedbemanninga av basisverksemda i perioden 1993-95. Fordi styringa av Telenors lokaliseringsmønster no skjer på eit meir overordna nivå innafor eit selskapsrettsleg system, og dei relativt detaljerte retningslinjene i St.meld. nr. 67 er avløyst av meir generelle føringar, vil departementet vurdere om det er føremålstenleg å vidareføre lokaliseringsutvalet.

4.3 Forsking, kompetanseutvikling m.m.

Forsking og utvikling

Telenor Forsking og Utvikling (FoU) blei etablert som eit eige forretningsområde 1.1.97. FoU skal vere eit fagleg sjølvstendig kompetansesenter, og samtidig ein leverandør av rådgivingstenester og løysingar for plattformer, produkt og forretningsprosessar i konsernet. FOU består av fire satsingsområde, som er lista opp under. Kvart satsingsområde er igjen delt opp i ulike leveranseområde, der arbeidet er organisert i prosjekt.

  • Nettløysingar som fokuserer på teknologiar som kan gjere det mogleg med framtidig utvikling av nye tenester og bruksområde.

  • Tenesteutvikling som skal bidra til utvikling av tenester mellom anna innafor Internett, multimedia, satellitt og breibandsteknologi. Ei vesentleg oppgåve innafor dette område er å bidra til å utvikle nye marknader og tenesteområder for konsernet, gjennom at marknadskrav blir sett i høve til tekniske moglegheiter og at nye produkt og løysingar blir prøvd ut og kvalitetssikra.

  • IT-utvikling som skal forvalte og utvikle informasjonssystem for heile Telenorkonsernet. Desse systema er viktige for all dagleg verksemd i konsernet slik som mellom anna produktutvikling og kundeoppfølgjing.

  • Rådgiving som leverer tenester innafor forretningsstrategisk og teknisk rådgiving.

Mykje av aktivitetane innafor desse områda vil framover bli retta mot Internett, både med omsyn til utvikling av løysingar med høg kapasitet og produkt og tenester basert på nettet.

FoU utgjer eit fagleg tyngdepunkt nasjonalt. Denne eigenkompetansen vil vere ein viktig føremon for Telenor i den utvida konkurransen på heimemarknaden. FoU er lokalisert i Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Lillehammer, Kjeller og Oslo. Dette er vel etablerte sentra som styrkjer kompetansegrunnlaget i regionane. FoU opna i 1997 også ein filial i Irland, som følgje av mangelen på IT-kompetanse i Noreg, og for å støtte utanlandssatsingane til Telenor. Nye etableringar i Noreg og utlandet vil bli vurdert.

FoU har eit omfattande samarbeid med forskingsinstitutt, universitet og høgskular, og er engasjert internasjonalt. Dette omfattar mellom anna oppdrag for og til norsk industri, deltaking i eksterne forskingsprosjekt og standardiseringsarbeid, og undervisning ved universitet/høgkular. FoU vil framleis leggje vekt på å bidra til industrielt samarbeid, nasjonale satsingar på forskingssida og utvikling av kompetanse i samarbeid med universitet og høgskular.

Samferdselsdepartementet vil framheve at det er langvarig og strategisk satsing på FoU, og nasjonalt samarbeid mellom Telenor, universiteta, forskingsinstitutt og næringslivet, som gjer at Noreg i dag er eit av dei leiande tele/IT-landa i Europa. Noregs forskingsråd har no eit overordna nasjonalt ansvar for den vidare utforminga av telekommunikasjonsforskinga i Noreg, i samråd med aktørane på området.

Samferdselsdepartementet føreset at Telenor som ein stor aktør framleis skal spele ei aktiv rolle i dette arbeidet, at dei vidarefører eit høgt nivå og breidt omfang på sine aktivitetar og såleis bidrar til å sikre eit sterkt nasjonalt FoU-miljø innan telekommunikasjon/IT-sektoren. Det er i den samanheng viktig at Telenor sikrar ein god balanse mellom langsiktig og strategisk forsking i høve til meir kortsiktig og produktretta utviklingsarbeid. Departementet ser det vidare som viktig at eit nært samarbeid med nasjonal industri, forskingsinstitutt, universitet og høgskular blir ført vidare og styrkja.

Kompetanseutvikling m.m.

I ei høyteknologibedrift som Telenor er kompetanse ein viktig konkurransefaktor. Skal konsernet oppretthalde høg kvalitet på sine produkt, klare krav til innovasjon og ekspandere både på den nasjonale og internasjonale marknaden, må Telenor kunne trekkje til seg høgt kvalifiserte medarbeidarar.

Organisasjons- og personalmessige tiltak som gjer Telenor til ein attraktiv arbeidsplass vil difor vere viktige satsingsområde for konsernet i tida framover. Medarbeidarane treng høg motivasjon og evne og vilje til å vidareutvikle seg for å ta del i den raske utviklinga som skjer innan tele-/IT-sektoren. Ved å tilby interessante arbeidsoppgåver og konkurransemessige løns-og arbeidsvilkår ønskjer Telenor å stå fram som ein attraktiv arbeidsplass. Telenor vil leggje til rette for at solid kompetanse opparbeidd gjennom mange år i bransjen, kombinert med nytenkning og innovasjon, skal verke til beste for både bedriften og det norske samfunnet. Det er eit mål at det mangfald som no karakteriserer konsernet, både når det gjeld arbeidsoppgåver og kultur i nasjonal og internasjonal forretningsverksemd, skal avspegle seg i eit mangfald mellom medarbeidarane med omsyn til kvalifikasjonar, nasjonalitet og kjønn.

Telenor har definert kompetanseutvikling som eit konsernovergripande innsatsområde. Forretningsområda planlegg, kartlegg og utviklar kompetansen i eigne område og arbeidet blir jamnleg fulgt opp på konsernivå gjennom revisjonsrapporter som ser på status i høve til planar. Telenor vil knytte alle konserneiningar til eit felles personaldatasystem som vil lette arbeidet med å optimalisere bruk av kompetansen til beste for heile bedrifta.

Norsk næringsliv generelt manglar kompetanse innafor IT, telematikk og multimedia på eit høgare utdanningsnivå. Dette er for Telenor ein særleg kritisk kompetanse. Konsernet ser difor på ulike løysingar som, utover ein auke i utdanningskapasiteten på universitet og høgskolar, kan medverke til å betre situasjonen mellom anna i samband med den planlagte etableringa på Fornebu. Telenor har óg funne det nødvendig å rekruttere medarbeidarar i utlandet. Til dømes har konsernet i år etablert dotterselskapet Telenor Research and Development i Irland.

Internasjonal ekspertise er viktig for Telenor både i samband med satsingane i utlandet og fordi kundane på heimemarknaden i aukande grad utgjer fleire ulike kulturar. Konsernet ønskjer difor å fokusere på behovet for medarbeidarar med fleirkulturell bakgrunn i tida framover.

Fleire verkemiddel blir brukte for å sikre ein velfungerande intern arbeidsmarknad i Telenor. Ei eiga eining for jobbformidling registrerer ønske om endringar i arbeidsoppgåver frå dei tilsette, og ser desse opp mot rekrutteringsbehov i ulike delar av konsernet. Alle ledige stillingar i konsernet blir lyste ut i interne media.

Som eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle bedrifta oganiserte Telenor hausten 1996 eit prosjekt for å få fleire kvinner inn i leiande posisjonar. Telenor har sett seg følgjande mål på likestillingsområdet:

  • I år 2000 skal 1 av 4 leiarar vere kvinner. Ved inngangen til 1997 var 1 av 7 leiarar i konsernet kvinner. Målet inneber ein vekst i talet på kvinnelege leiarar med 20 pst. pr. år.

  • I alle konsernet sine selskapsstyre skal kvinner vere representerte med minst 2 medlem innan år 2000. I 1997 skal minst eit medlem av konsernet sine styre vere kvinne. I dag utgjer kvinner berre 5 pst. av styrerepresentantane, eller 1 av 19 representantar.

  • For å sikre tilføring av kvinneleg leiarpotensial skal Telenor sørge for å få kvinner i funksjonar som sikrar synleggjering og tilgang til utfordringar, t.d. som prosjektleiarar.

Sjølv om ein kan sjå teikn til betring vil departementet understreke at arbeidet med likestilling framleis må prioriterast.

Frå 1994 har Telenor gjennomført to-årige program for leiarutvikling. Deltakarar har vore både interne og eksterne leiarkandidatar, og ein har lagt vekt på å oppnå ei lik fordeling mellom kvinner og menn. I tillegg har dei enkelte forretningområda gjennomført ulike opplæringsprogram for sine leiarar.

Telenors program for leiarutvikling må til ei kvar tid vere oppdatert i høve til den utviklinga som skjer i konsernet. Telenor vil i tida framover ha eit felles leiarprogram for konsernet, slik at leiarane får eit godt kjennskap til heile Telenors verdikjede. Med så mange tilsette med ulik kompetanse og på ulike nivå, er det eit stort leiarpotensial blant eigne medarbeidarar. Telenor vil difor fokusere meir på å identifisere og utvikle leiararemne frå interne rekkjer. Departementet vil understreke behovet for å gi dei nye leiarane innføring i regelverk og Telenor si viktige samfunnsmessige rolle.

Bedriftene sine belønningssystem er eit av fleire kriterium som avgjer konkurransen om dyktige medarbeidarar. Stortinget har tidlegare uttrykt forståing for at Telenor har behov for å behalde og trekkje til seg dyktige leiarar, og at bedriften må konkurrere om desse. Stortinget har likevel understreka at Telenor som statseigd selskap samtidig må vere klar over det ansvar bedrifta har for å medverke til ei moderat lønsutvikling for leiarar.

Etter departementet si meining har Telenor greidd overgangen til aksjeselskap og marknadstilpasninga av leiarlønningane på ein tilfredsstillande måte. Samanlikna med næringslivet elles ser det ut til at leiarlønningane i Telenor gjennomgåande ligg på eit lågare nivå. Telenor er ikkje lønsleiande på leiarmarknaden.

Telenor framstår som ei bedrift med interessante og utfordrande arbeidsoppgåver som gjer det mogleg å behalde og trekkje til seg dyktige leiarar sjølv med stort sett moderate leiarlønningar. Med stadig fleire aktørar på tele-/IT-marknaden vil tilgangen på leiarstillingar auke, og ein kan ikkje utelukke at Telenor må gjere visse tilpassingar i sin politikk for belønning av leiarar. Departementet legg til grunn at slike eventuelle tilpassingar må skje innafor dei rammer som følgjer av bedrifta sitt ansvar for framleis å medverke til ei moderat utvikling i leiarlønningane.

Samferdselsdepartementet ser det som særs viktig at Telenor satsar på utvikling av menneskelege ressursar, og på kompetanseutvikling spesielt. Utvikling av eit høgt kompetansenivå i Telenor har vore avgjerande for å etablere Noreg som eit leiande land innan telekommunikasjon både når det gjeld breidde, kvalitet og prisar på tenestetilbodet. Og det er Telenors langsiktige satsing på å utvikle spesiell kompetanse innafor mobil- og satellittkommunikasjon som gjer at konsernet i dag har eit stort potensial til å ta del i lønsame prosjekt i utlandet.

4.4 Nærare om internasjonaliseringsstrategien

Telenors internasjonale satsing skal vidareutvikle og forsterke konsernet sin konkurransekraft på heimemarknaden, og bidra til at Telenor kan oppretthalde sin forretningmessige handlefridom i framtida.

Telenor har formulert følgjande hovudmål for internasjonaliseringa av konsernet:

  • Etablere ein leiande marknadsposisjon i Norden saman med partnarar innan heile Telenors produkt- og tenestespekter (40 pst. av marknaden)

  • Saman med alliansepartnarar oppnå eller oppretthalde ein posisjon som ein av Europas:

    • 10 største innan mobiltelefoni og internasjonal telefontrafikk

    • 3 største innan satellittbasert verksemd

    • leiande globale informasjonsleverandørar innan fleire industrisegment

  • Etablere eit fotfeste i USA og Søraust-Asia ved å utnytte særlege kompetansefordelar innan mobil- og satellittkommunikasjon og verdiaukande tenester.

Den internasjonale satsinga vil krevje store investeringar i åra framover. I planperioden 1997-99 vil investeringane i utlandet utgjere om lag 16 mrd. kr. Ein viser til kap. 4.5, der Telenors investeringsplanar er nærare omtalt.

Tilbod om internasjonale tenester i Noreg

Eit overordna mål for Telenor er å levere konkurransedyktige internasjonale teletenester til den norske marknaden. Telenor International AS har hovudansvaret for Telenors internasjonale verksemd, men ein optimal distribusjon av dei internasjonale tenestene krev eit nært samarbeid med dei andre forretningsområda i Telenor og med alliansepartnarane.

Gjennom ei medveten investering i moderne teknologi, har Telenor i dei seinare åra kunne gjennomføre store reduksjonar i prisane på nasjonale og internasjonale tenester, og Telenors telefoniprisar er i dag mellom dei lågaste i Europa. For å kunne halde eit tilsvarande lågt prisnivå for internasjonal kommunikasjon i åra framover, må Telenor gjere nye investeringar i moderne teknologi, og samarbeide nært med alliansepartnarane for å oppnå forhandlingsstyrke på internasjonal trafikk. Telenor vil kontinuerlig arbeide for reduksjonar i dei internasjonale avrekningsprisane mellom anna ved å inngå volumavtalar for dei største destinasjonane for trafikk til og frå Noreg.

Fleire norske bedrifter har gjennom 1995 og 1996 inngått avtalar med Telenor om levering av globale telekommunikasjonsløysingar i sterk konkurranse med mellom anna Telia og France Telecom. At Telenor er blitt valt som leverandør, er i stor grad eit resultat av den strategiske samarbeidsavtalen om sal og levering av globale kommunikasjonstenester for bedriftsmarknaden som blei inngått med BT hausten 1994. For å sikre kundane god utnytting av desse tenestene og andre tenester som blir leverte av Telenor, vil det bli utarbeidd eit globalt servicekonsept som femnar om alle dei internasjonale tenestene.

Strategiar for Norden

Den økonomiske integrasjonen mellom dei nordiske landa aukar stadig. I takt med dette aukar óg kundane sine behov for samstemte nordiske tele-/IT-løysningar. På denne bakgrunn ser Telenor no Norden som ein utvida heimemarknad.

I 1995 etablerte Telenor saman med alliansepartnarane TeleDanmark og BT, selskapet Telenordia AB for ta delar av den svenske marknaden. Etableringa av Telenordia saman med Telenors og TeleDanmarks heimebaserte forretningsområde utviklar og sel komplette nordiske tele-/IT-løysingar. I 1996 introduserte dei tre partnarane eit avansert nettverk (Nordicom) mellom Noreg, Sverige og Danmark som styrkjer grunnlaget for å kunne framstå som ein einsarta leverandør på heile den nordiske marknaden. Partnarane vurderer òg å etablere einsarta nordiske løysingar for mobilkommunikasjon med sikte på å bli eit fullverdig alternativ til Telia.

Telenor dekkjer i dag heile Norden med distribusjon av fjernsynsprogram. Dei mest attraktive TV-programma blir distribuerte via Telenor sine satellittar på 1 grad Vest, og dei fleste parabolantenner i Norden peiker mot denne satellittposisjonen. På grunn av stor etterspørsel vil Telenor gjere nye investeringar for å tryggje kapasitetstilgangen. I 1996 innleia Telenor eit samarbeid med Europas største programselskap, Canal Plus. Som følgje av Telenor sin sterke posisjon har Canal Plus ønskt å opprette eit felles selskap for å utvikle ein open standard for digital-TV i Norden. Dette samarbeidet gir òg grunnlag for auka satsing innafor andre geografiske område enn Norden.

Strategiar for Europa elles

Telenor har utvikla spesielle kompetansefordelar på mobil- og satellittområdet.

Innafor mobilområdet har Telenor den høgaste penetrasjon i verda på sin heimemarknad. Som følgje av at Telenor også har høg kompetanse, framstår Telenor som ein attraktiv samarbeidspartnar i samband med nye mobilprosjekt i utlandet.

Telenor er allereie engasjert i mobilselskap i ei rekkje europeiske land. I Ungarn og St. Petersburg i Russland har Telenor vore med sidan 1994. I 1996 blei Telenor saman med partnarar tildelt mobilkonsesjon i Irland og Montenegro. Med unntak av verksemda i Irland, driv desse selskapa allereie med overskott.

I 1997 vedtok Telenor å ta del i eit konsortium saman med BT og det tyske energiselskapet Viag for å bygge ut kombinerte fastnett- og mobilnett-tenester i Tyskland. BT og Viag inviterte Telenor til å vere med i konsortiet i hovudsak fordi Telenor har utvikla spesielt høg kompetanse innan mobilkommunikasjon. Telenor har 10 pst. del av eigarskapet i det selskapet som er skipa, men har styringsmessig fått status som ein likeverdig partnar. Telenor har dessutan høve til å trekkje seg ut av prosjektet innan tre år.

I 1997 har Telenor saman med partnarar òg blitt tildelt mobilkonsesjonar i Hellas, Austerrike, og i Stavropol og Kaliningrad i Russland.

Telenor reknar med ein sterkt vekst i talet på mobiltelefonabonnentar i Europa. Telenor vil ta del i veksten gjennom aktivt engasjement i dei selskapa der Telenor har eigarposisjonar og ved å satse på samarbeidsprosjekt i fleire land.

Innafor satellittområdet er Telenor, gjennom sitt dotterselskap Telenor Satellite Services, mellom dei leiande aktørane i Europa både teknologisk og marknadsmessig.

Telenor Satellite Services er medeigar i satellittorganisasjonane Inmarsat, Intelsat og Eutelsat, som opererer store geostasjonære satellittar. Utvikling av nye satellittsystem som vil bli lanserte i dei næraste åra vil gjere det mogleg å nytte små handtelefonar over heile verda. Det vil òg bli lagt til rette for samtrafikk med dei landbaserte mobilsystema, slik at ein kan bruke terminalen same kva system som gir dekning til ei kvar tid. Denne utviklinga inneber store utfordringar for dei etablerte satellittoperatørane, og Telenor vil difor vurdere satsing på dei nye satellittsystema.

Telenor er ein av Europas største leverandørar av satellittbaserte tenester til bedriftsmarknaden. Den kapasiteten som blir leigd av satellittorganisasjonane kan bli nytta til å tilby bedriftsnett til kundar med operasjonar i fleire delar av verda. Ein viktig komponent i slike private nettverk er satellittenesta VSAT (Very Small Aperture Terminal), som på ein effektiv måte kan knytte saman kontor som ligg langt frå kvarandre eller der infrastrukturen er dårleg utbygd. Telenor har investert i oppbygging av lokale salskontor retta mot bedrifter i Sentral- og Aust-Europa og tilbyr òg satellittoverføring til ei rekkje Internett-leverandørar i dette området. I Vest-Europa har Telenor etablert kontor i Nederland og Storbritannia. Alle lokalkontora vil tilby heile Telenors portefølje av satellittenester.

Som nemnt har Telenor ein sterk posisjon innan satellittkringkasting retta mot Norden. Samarbeidet med det franske programselskapet Canal Plus kan gi grunnlag for å satse på satellittkringkasting også utanfor Norden.

Telenor har behov for å auke den totale trafikkmengda ut over det volum som kan bli generert frå den norske marknaden for å kunne oppretthalde eit attraktivt tilbod. Telenor har difor allereie byrja å selje internasjonale telefonkort i andre europeiske land og vil satse vidare på dette området. Telenor vil dessutan vurdere å ta del i eit samarbeid for å selje internasjonal trafikk-kapasitet til operatørar og tenesteleverandørar i Europa.

Telenors satsing på verdiaukande teletenester er basert på eit nært samarbeid med kompetansemiljø i andre norske organisasjonar. I 1996 etablerte Telenor to selskap som tilbyr bransjespesifikke tenester. Telenor Marlink tilbyr eit globalt bransjenettverk til shippingbransjen og er frukta av eit nært samarbeid med norske skipsreiarar og shippingselskap. Second Opinion Solution tilbyr ei løysing for patologiske undersøkjingar via eit globalt nettverk. Løysinga er utvikla i nært samarbeid med Radiumhospitalet og er allereie levert til andre norske sjukehus og fleire sjukehus i utlandet. Telenor vil utvikle tilsvarande globale nettverk for andre bransjar som t.d. oljebransjen, fiskeria.

Telenor har bygd opp ei relativt stor katalogverksemd. Den norske katalogmarknaden har hatt den høgaste veksten i Europa i dei siste tre åra og er mellom dei marknadene som er best utvikla. Telenor har høg kompetanse innafor dette fagfeltet både med omsyn til sal, merkevarebygging og drift. Selskapet har difor satsa på å rette verksemda inn mot ein større marknad, og er i dag representert i 10 europeiske land.

Investeringane i katalogverksemd gir ofte rask avkastning, med positiv kontantstraum etter 1,5 til 3 år. Verksemda gir grunnlag for å utvide produktspekteret til å omfatte meir telekommunikasjonsretta tenester som opplysningteneste, elektroniske oppslagstenester o.l. I Telenors internasjonale satsing vil difor katalogtenester kunne vere ein av fleire aktivitetar som inngår i investeringsportefølja innafor eit land.

Med ei breiare investeringsportefølje ser Telenor behov for å utvide ansvaret for dotterselskapa i ulike europeiske land til å omfatte heile produktspekteret som blir selt i det respektive landet. Ein del av dette ansvaret vil vere å vurdere potensialet for å utvide verksemda slik at ein lettare oppnår vekst i Telenors totale omsetning i det enkelte land. Dette krev god kjennskap til marknaden i det enkelte land, kunnskap om Telenors produkt og tenester på heimemarknaden og eit nært samarbeid med forretningsområda i Noreg.

Strategiar for verda elles

Utanfor Europa vil Telenor på selektiv basis utnytte sitt potensial innafor sine spesielle kompetanseområde. Telenor er særleg interessert i å få etablert eit fotfeste i USA og Søraust-Asia. Samferdselsdepartementet vil understreke at satsing utanfor Norden og Europa skal vere svært selektiv og avgrensa for å sikre at fokus og ressursar blir konsentrert om dei primære satsingsområda. Avkastningkravet til slike investeringar må dessutan vere vesentleg høgare enn elles.

Samferdselsdepartementet vil òg understreke at Telenor ved etablering av verksemd i land med ein svært ulik kultur, må vere spesielt medveten om å verne om sin etiske legitimitet og ikkje ta del i prosjekt dersom det er tvil om dette er politisk akseptabelt sett frå norsk side.

4.5 Investeringsplanar

I Telenors §10-plan for 1996 og på tidspunktet for framlegget om kapitalutviding i fjor, jf. St.prp.nr. 64 (1995-96), blei det lagt til grunn ei investeringsramme for perioden 1997-99 på totalt 22,5 mrd. kr. Fordi selskapet no ser for seg eit vesentleg større potensial for å ta del i lønsame prosjekt i utlandet, er det lagt opp til å auke denne investeringsramma til 28 mrd. kr.

Investeringar i Noreg

Telenor investerte for til saman 4.250 mill. kr. i Noreg i 1996. Av dette utgjorde investeringar i utbyggjing og vedlikehald av fast- og mobilnetta om lag 2.500 mill. kr. Elles blei det gjennomført store investeringar i IT-støttesystem. Denne typen investeringar vil dominere investeringsbiletet i Noreg også dei komande åra.

For i år og resten av planperioden vil truleg investeringsnivået liggje på ca. 4.000 mill. kr. pr. år, dersom ein ser bort i frå planane for utbyggjing på Fornebu.

Telenor kjem til å sluttføre digitaliseringa av telefonsentralane innan utgangen av 1997. Utbyggjing av eit digitalt system for trådlause hustelefonar (DECT) vil starte i 1998, og eit nasjonalt breibandsnett vil også bli bygd ut i perioden. Vidare vil veksten i etterspørselen etter tenesteintegrerte abonnement (ISDN) bli dekt på landsbasis, og tilstrekkeleg kapasitet vil bli bygd ut for å kunne tilby kommunikasjonsløysingar for Internett. Transportnettet (sambanda mellom endesentralane) vil bli bygd ut for å møte større krav til kapasitet, funksjonalitet og tryggleik.

Telenor kjem i år til å investere om lag 900 mill. kr innan mobilnettområdet. I perioden fram mot år 2000 vil investeringsbehovet gå svakt ned. Ein vesentleg del av investeringane vil gå til vidare utbyggjing av dei digitale mobilnettsystema GSM 900 og GSM/DCS 1800.

Elles vil utvikling av nye produkt og tenester, og utvikling av IT-støttesystem i perioden ta stadig større delar av investeringsbudsjettet.

Totalt vil investeringane i Noreg i planperioden 1997-99 venteleg komme opp i 12 mrd. kr. Av dette er det budsjettert med 6 mrd. kr. til fastnettet, 2,3 mrd. kr. til mobilnetta og 1,6 mrd. kr. til IT og verdiaukande tenester (VØT).

Investeringar i utlandet

Telenor har som mål å oppnå 40 pst. av marknaden i Norden saman med partnarar. Dette utløyser eit stort investeringbehov i dei komande åra. Det er særleg den strategiske satsinga i Sverige der Telenor vil utvikle ei kombinert løysing for fast- og mobilbasert kommunikasjon, som krev store investeringar. I tillegg vil satsinga gjennom Telenordia halde fram. I planperioden 1997-99 har Telenor identifisert eit investeringsbehov i Sverige på til saman 2,7 mrd. kr.

Investeringar i satellittkapasitet utgjer ein nødvendig basis for vidare ekspansjon i Europa og globalt. Allereie før oppskytinga av Telenors siste satellitt (Thor II) er det identifisert behov for auka kapasitet. I Telenors reviderte investeringsplanar er det difor gitt rom for to nye satellittar. Saman med andre satellittprosjekt, som VSAT-baserte løysingar for bedriftsintern kommunikasjon, inneber dette eit investeringsbehov i planperioden på totalt 3,1 mrd. kr. innafor satellittområdet.

Det er likevel satsingar innan mobilområdet som dominerer investeringsbudsjettet for utlandet i planperioden. Som nemnt er Telenor i 1997 valt som samarbeidspartnar i mobilprosjekt i Hellas og Tyskland. I prosjektet i Hellas vil Telenor i 1997 investere for om lag 700 mill. kr. I Tyskland reknar Telenor med å investere til saman 3,2 mrd. kr. gjennom dei komande 5 åra. Dette prosjektet er elles basert på ein kombinert fast- og mobilnettkonsesjon og gir uttrykk for at fokus endrar seg frå mobilkonsesjonar mot generell mobilitet og kombinerte fast- og mobilbaserte kommunikasjonsløysingar. Telenor arbeider elles, saman med partnarar, med søknader på mobilkonsesjonar i andre europeiske land. Telenor ser for seg eit høgt potensial for deltaking i nye lønsame investeringsprosjekt innan mobilområdet. Inkludert utvidingar av eksisterande engasjement, har Telenor difor lagt opp til eit investeringsnivå på til saman 8,7 mrd. kr. i planperioden 1997-99.

Innafor VØT-området (katalogverksemd, Internett, bransjenettverk som Marlink etc.) har Telenor det siste året engasjert seg i ei rekkje interessante prosjekt. Denne satsinga vil halde fram i dei komande åra, og Telenor har sett av 1,5 mrd. kr. til VØT på investeringsbudsjettet for den neste planperioden.

Telenors totale investeringar internasjonalt i 1997-99 vil etter dette kome opp i rundt 16 mrd. kr.

Til forsiden