St.meld. nr. 17 (1997-98)

Om Telenor AS si verksemd

Til innholdsfortegnelse

5 Samfunnspålagde oppgåver

5.1 Innleiing

Dei samfunnspålagde oppgåvene omfattar plikt til å levere eit landsdekkjande tilbod av grunnleggjande teletenester, og spesielle samfunnspålagde oppgåver.

Telenor AS er ved konsesjon pålagt å utføre dei samfunnspålagde oppgåvene. Enkelte av desse oppgåvene påfører bedrifta store økonomiske tap. Telenor dekkjer i dag meirkostnadene som følgjer med dei samfunnspålagde oppgåvene som ei motyting for einerettane på taletelefoni og leigde samband. For å oppnå likeverdige konkurransevilkår etter at resterande einerettar i telesektoren er avvikla, er det nødvendig at Telenor får betaling for oppgåver bedrifta er pålagt å yte samfunnet.

I St.prp. nr. 70 (1995-96) Om avvikling av resterende eneretter i telesektoren er det lagt til grunn at Samferdselsdepartementet skal vurdere behovet for ei ordning med aktørfinansiering av dei pålagde landsdekkjande tenestene i 1998 for eventuell innføring frå 1999, og at dei spesielle samfunnspålagde oppgåvene blir finansierte over budsjetta til dei respektive departementa frå og med 1998, jf. St. prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 Om endring av proposisjonen om statsbudsjett for 1998 som følge av opphevelse av eksisterande eneretter i telesektoren.

5.2 Pålagde landsdekkjande tenester

Eit hovudmål for norsk telepolitikk er å sikre alle husstandar og bedrifter over heile landet grunnleggjande teletenester av høg kvalitet til lågast moglege prisar. Grunnleggjande teletenester har til no omfatta fast offentleg taletelefoni, leigde samband (samband opp til 2Mbit/s) og enkelte datatenester. Taletelefoni skal vere tilgjengeleg for alle husstandar, bedrifter og verksemder, medan leigde samband og datatenester skal vere tilgjengeleg for alle bedrifter og verksemder.

Frå og med 1.1.98, når eineretten for taletelefoni blir avvikla, vil Telenor AS også ha ei plikt til å levere tilknyting til digitalt nett til alle abonnentar i det faste jordbundne nettet. Tilknyting til digitalt nett vil betre kvaliteten på tenestene og gjere det mogleg for abonnentane å nytte andre tenester som ein ikkje kan tilby i eit analogt nett.

Ytingar til funksjonshemma og drift av telefonautomatar vil vere omfatta av leveringsplikta for dei pålagde landsdekkjande tenestene.

Vi har i dag fire mobiltelefonsystem som er utbygde i alle delar av landet, og som har medverka til at Noreg i dag har flest mobiltelefonar pr. innbyggjar i verda. Som følgje av mangel på kapasitet i enkelte område og som eit ledd i å auke konkurransen, er det lyst ut tre nye mobilkonsesjonar (DCS/GSM 1800 systemet). Det er sett eit krav til minimum dekning av dei 19 største byane/tettstadene i Noreg.

Den teknologiske utviklinga og auka konkurranse i marknaden vil venteleg føre til tilbod av eit breiare spekter av produkt og tenester, og ei meir effektiv utnytting av ressursane som blir sette inn på telesektoren. Omfanget av pålagde landsdekkjande tenester må avspegle denne utviklinga. Ein må då sjå på kva slags tenester som kan seiast å vere allmenne ut frå om dei fleste av kundane bruker tenesta og om tenesta er viktig for deltaking i samfunnet. Ein må vidare vurdere nytten av å inkludere nye tenester i dei pålagde landsdekkjande tenestene mot auken i kostnader som blir lagt på aktørane og dermed kundane samla sett. Samferdselsdepartementet vil vurdere omfanget av dei pålagde landsdekkjande tenestene med jamne mellomrom.

Telenor vil inntil vidare ta hand om leveringsplikta av dei landsdekkjande tenestene. Telenor sine meirkostnader ved dette er knytt til forsyning av teletenester til kundar som ikkje svarer seg kommersielt sett. Desse kostnadene må reknast ut netto, med frådrag for inntekter som dei aktuelle kundane er opphav til (dvs. inntekter frå både utgåande og inngåande samtalar). Prinsipielt bør ein også ta omsyn til dei fordelar Telenor har ved å ha landsdekkjande leveringsplikt, til dømes fordelar knytte til omdøme og marknadsføringsverdi, når ein evt. skal fastsetje ein kompensasjon for leveringsplikta.

Fram til i dag har Telenor dekt meirkostnadene knytte til dei pålagde landsdekkjande tenestene ved å overføre midlar frå lønsame til ulønsame område. Etter at resterande einerettar i telesektoren er avvikla, vil ein måtte vurdere andre finansieringsformer for å bidra til sikre likeverdige konkurransevilkår mellom aktørane.

Samferdselsdepartementet har vurdert alternative former for finansiering av dei pålagde landsdekkjande tenestene, mellom anna finansiering via eit fond eller som eit særleg tillegg til samtrafikkprisen (prisen ein aktør må betale for bruk av nettet til ein annan aktør). Departementet meiner i utgangspunktet at berre taletelefoni bør bli omfatta av ordninga, og at berre dei som tilbyr tilknyting til offentlege nett skal bidra til å finansiere kostnadene. Samferdselsdepartementet skal vurdere ordninga nærare i 1998 for eventuell innføring frå 1999.

Samferdselsdepartementet er open for at det i framtida kan vere ein eller fleire andre aktørar, i staden for eller i tillegg til Telenor, som vil ha ansvar for å levere dei pålagde landsdekkjande tenestene. Ein føresetnad er at fleire aktørar har evna til å ta vare på pliktene forsvarleg og kontinuerleg. Departementet vil legge vekt på at interessene til brukarane skal vege tungt i ei slik vurdering.

5.3 Spesielle samfunnspålagde oppgåver

Telenor er pålagt spesielle samfunnspålagde oppgåver på følgjande område:

Totalforsvaret

Forpliktinga gjeld beredskap med sikte på krise- og krigssituasjonar. Dette inneber samarbeid og samordning med offentlege instansar når det gjeld totalforsvaret, nasjonalt og internasjonalt. Føremålet er å sikre totalforsvaret sitt behov for relevante teletenester under beredskap, krise og krig. Det er behov for førebuande tiltak som går utover dei krav til sikring og kvalitet av nettet som er nødvendig ut frå kommersielle vurderingar.

Stortinget har vedteke at det blir løyvd i alt 51,861 mill. kr til dette føremålet i 1998. jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (1997-98) Om endring av proposisjonen om statsbudsjett for 1998 som følge av opphevelse av eksisterende eneretter i telesektoren og Budsjett-innst. S. nr. 4, 7 og 13 (1997-98).

Naud- og tryggjingsteneste langs med kysten og i dei nære havområda (kystradioen)

Noreg har gjennom internasjonale konvensjonar forplikta seg til å utføre naud- og tryggingsteneste innafor det området der kystradioen har dekning. Dekninga omfattar «internasjonale farvatn» og «norsk farvatn», inklusiv norsk kontinentalsokkel. Naud- og tryggingstenesta blir drive av Telenor i kombinasjon med den kommersielle kystradiotrafikken. Strukturen og kostnadene til tenesta blir mellom anna bestemt av dei krav som blir stilt til påliteleg naud- og tryggingsteneste, og av omsynet til deltaking i sjøredningstenesta.

Stortinget har vedteke at det blir løyvd 52 mill. kr til å dekkje Telenors meirkostnader for drift av naud- og tryggingstenesta i 1998, jf. St. pr. nr. 1 Tillegg nr. 1 (1997-98) og Budsjett-innst. S. nr. 4 (1997-98).

Naud- og tryggingstenesta skal framleis leverast ut frå ni bemanna stasjonar. Telenor meiner at det med ny teknologi er fullt mogleg å drive heile kystradiotrafikken med 2 bemanna stasjonar og automatisere/fjernstyre resten. Krava til påliteleg naud- og tryggingsteneste let seg oppfylle og likeins dei forpliktingar vi har etter internasjonale konvensjonar. Med nytt teknisk utstyr vil det også vere mogleg å drive eksisterande stasjonar med lågare kostnader enn i dag. Telenor vil innan 1. april 1998 leggje fram forslag om korleis naud- og tryggingstenesta kan bli drive meir effektivt med ny teknologi. Forslaget vil bli vurdert ved ei eventuell reforhandling av vilkåra i den avtalen som er inngått mellom Telenor og Justisdepartementet.

Ytingar på Svalbard

Telenor sine oppgåver er å dekkje behovet for tele- og datakommunikasjon inklusive maritime tenester på og til/frå Svalbard, og drift, vedlikehald og utbygging av utstyr for framføring av NRK sine radio- og TV-sendingar. Dessutan skal selskapet stille personal til disposisjon for flygeinformasjonstenestene i regi av Luftfartsverket.

Underskottet i Telenor si verksemd på Svalbard er i hovudsak knytt til satellittbasert telefontrafikk til og frå fastlandet. Stortinget har vedteke at det blir løyvd 3,5 mill. kr. til dekning av desse meirkostnadene i 1998, jf. St. prp. nr. 1 Tilegg nr. 1 (1997-98) og Budsjett-innst. S. nr 13 (1997-98).

I den kommande stortingsmeldinga om Svalbard vil Regjeringa på prinsipielt grunnlag drøfte spørsmålet om dekning av kostnader til samfunnspålagde oppgåver knytt til Svalbard, herunder oppgåver på telekommunikasjonsområdet.

Telegram - og telekstenesta mot utlandet og skip

Noreg har overfor ITU forplikta seg til å halde oppe ei telegramteneste mot utlandet og mot skip, der annan tekstkommunikasjon ikkje er tilgjengeleg. I dag finansierer Telenor underskottet i tenesta. Fordi denne tenesta i dag ikkje lenger har noko å seie for tryggleiken til sjøs, vil Samferdselsdepartementet leggje til grunn at Telenor i framtida skal kunne drive tenesta på kommersielle vilkår.

Til forsiden