St.meld. nr. 17 (1997-98)

Om Telenor AS si verksemd

Til innholdsfortegnelse

2 Utviklingstrekk og utfordringar

Som følgje av raske endringar i teknologi, marknad og regelverk er Telenor sine rammevilkår i stadig forandring. Utfordringane som ligg i å møte denne utviklinga er store og krevjande, og stiller krav til kontinuerleg omstilling og fornying både med omsyn til teknologi, produkt og tenester, og i høve til arbeidsformer og -organisering.

Utviklinga innafor telekommunikasjon har fram til no i stor grad vore teknologidriven. Den raske utviklinga på telekommunikasjonssektoren vi no er inne i er meir prega av at fleire faktorar verkar samtidig, og i eit forsterkande samspel: teknologiutvikling, nye bruksmåtar, sterk auke i etterspørselen etter overføringskapasitet, høgare kompetansekrav og sterkare konkurranse både på regionalt og globalt nivå.

2.1 Teknologiutvikling

Dei store teknologiske spranga vi er vitne til skriv seg for ein stor del frå framsteg innan mikroelektronikk og datateknologi, som har gjort det mogleg at informasjon i einkvar form (lyd, tekst, data og bilete) kan digitaliserast og formidlast med større kapasitet enn tidlegare. Dette gjer at ulike tenester kan utførast på alle typar nett, trådlaust eller i kabelnett. På denne måten kan den samla nettkapasiteten nyttast meir effektivt og fleksibelt. T.d. kan kabel-TV-netta bli brukte til telefoni og dataoverføring, medan telenetta kan nyttast til overføring av radio- og TV-signal. Vidareutvikling av radioteknikken har også skapt nye føresetnader for mobilitet.

Digital teknologi gjer det mogleg å administrere moderne nettverk på ein heilt annan måte enn tidlegare. I eit digitalt telenett er det datamaskinar som utgjer sentralane, og som styrer trafikken. Fordi sentralane kan fjernstyrast har behovet for arbeidskraft til drift av netta blitt mindre. Det er nødvendig for telekommunikasjonsselskapa å ta ut effektivitetsgevinstar som blir skapte av ny teknologi, mellom anna for å kunne møte konkurransesituasjonen som følgjer av tilbod av alternativ infrastruktur, og for å dekkje auka etterspørsel etter nye tenester til rimelege prisar.

Utviklinga er prega av at moderne nett har fått mykje høgare kapasitet, blitt meir fleksible og pålitelege. Som ein følgje av dette kan ledig kapasitet utnyttast betre, nye tenester kan bli tilbodne og kvaliteten på tenester og service kan lettare tilpassast aukande krav og forventingar i marknaden. Telenor tilbyr i dag mellom anna nettbaserte tenester som vidarekopling, samtale ventar, personsvar m.v. Teknologiar som aukar kapasiteten gjer det både mogleg og lønsamt å tilby tenester som krev høg overføringskapasitet (bandbreidde). Ein markert effekt av denne utviklinga er at auka nettkapasitet gir lågare og stadig fallande kostnader og prisar på overføring av signal, og at prisane blir mindre avstandsavhengige.

Når det ikkje lenger er mangel på nettkapasitet, vil lønsemda i denne delen av verdiskapingskjeda minke. I stadig større grad vil det bli evna til å skape, vidareforedle, kommunisere og utnytte informasjon og kunnskap som blir avgjerande for konkurransedyktig verdiskaping.

Sammensmeltinga mellom telekommunikasjon, databehandling og innhaldsformidling kjem til syne gjennom ei rivande utvikling både på nett- og tenestesida. På nettsida er det ei samansmelting mellom telekommunikasjon og IT-bransjane t.d. med omsyn til signaloverføring, netteknologi og terminalutstyr. På tenestesida fører samansmeltinga til nye og raskt veksande marknader for avanserte og verdiaukande tenester, bygd på samarbeid og tilbod av produkter og tenester som kombinerer lyd, tekst, data og bilete på tvers av tidlegare skilde bransjar. Etter kvart vil samansmeltinga få større innverknad også på industriutviklinga, i og med at aktørane må ta omsyn til at kundane vil etterspørre tele-, data- og mediatenester som integrerte produktløysingar.

Samansmeltinga av tidlegare ulike teknologiar skaper behov for å sjå på reguleringa av tradisjonelle tenester på nytt. Det vil vere ei målsetjing å lage eit klart og framtidsretta regelverk som fremjer samansmelting, og som ikkje hindrar samvirke mellom ulike nett og utvikling av nye, avanserte og rimelegare tenester. Framtidig regulering må ikkje gi fordelar til bestemte teknologiar, og må samtidig sikre at viktige samfunnsinteresser og behov blir tekne vare på.

Med digitaliseringa av nett og tenester og tilrettelegging av regelverk, vil samansmeltinga i første rekkje vere eit marknadsfenomen.

2.2 Regulatorisk utvikling

Fordi utviklinga på regelverksida har mykje å seie for Telenor si stilling i marknaden blir det i det følgjande gitt ei kort skisse av endringar i regelverket.

Stortinget vedtok den 17. juni 1996 å avvikle resterande einerettar i telesektoren i to steg, jf. St. prp. nr. 70 (1995-96) og Innst. S. nr. 284 (1995-96). Første steg medførte at det frå 1. november 1996 blei tillate å nytte eksisterande alternativ infrastruktur til overføring av konkurransetenester, og at reguleringa av mobilkommunikasjonsområdet blei endra. Andre steg fører med seg ei avvikling av resterande einerettar frå 1. januar 1998.

Denne regulatoriske omlegginga vil medføre at det veks fram nye konkurransetilhøve mellom tilbydarar av nett og tilbydarar av tenester som følgje av at alternative og konkurrerande infrastrukturar blir etablerte, og grensene mellom ulike typar nett blir viska ut. Gjennom denne utviklinga er det lagt til rette for å vidareføre ei utvikling med reduksjonar i teleprisane, betring av eksisterande tenester og innføring av nye tenestetilbod. Dette fører til at Telenor frå årsskiftet møter konkurranse på alle sine forretningsområde. Auka konkurranse og fleire tilbydarar vil innebere eit sterkare press på Telenor sin kostnadsstruktur og lønsemd, og etter kvart føre til at Telenor får redusert sin del av telemarknaden.

Regelverket som skal leggje til rette for ein effektiv konkurranse på likeverdige vilkår mellom Telenor og andre aktørar frå 1. januar 1998 er under fastsetjing, jf Ot. prp. nr. 31 (1997-98) Om lov om endringer i lov 23. juni 1995 nr. 39 Om telekommunikasjon og forskrift av 5. desember 1997 Om offentleg telenett og offentleg teleteneste. I lovendringsforslaget ligg det inne ei avgrensing av konsesjonsplikta, og nokre mindre endringar og suppleringar til einskilde lovføresegner. Konsesjonsplikta blir foreslått utforma slik at alle tilbydarar som byggjer, eig eller driv offentleg telenett for tilbod om overføringskapasitet eller som tilbyr offentleg telefonteneste, må ha konsesjon dersom verksemda har sterk marknadsstilling. I utgangspunkt vil ein tilbydar bli rekna for å ha sterk marknadsstilling dersom han har ein marknadsandel på 25 pst. eller meir i den geografiske marknad der vedkomande tilbyr sine tenester, men det er lagt opp til å gjere ei konkret vurdering i det einskilde tilfelle. I byrjinga vil dette gjelde for Telenor som den største aktøren. For bruk av elektromagnetiske frekvensar er det krav om konsesjon utan omsyn til verksemda sin marknadsposisjon. For aktørar utan sterk marknadsstilling for slike tenester som nemnt ovanfor vil det gjelde ei registreringsordning, i tillegg til dei generelle vilkår som elles kjem fram i forskrifta.

Forskrift om offentleg telenett og offentleg teleteneste inneheld også meir detaljerte reglar for styring av ein telemarknad i konkurranse. Forskrifta tek mellom anna for seg dei særskilde vilkåra som gjeld for tilbydarar av offentleg telenett og offentleg telefonteneste med sterk marknadsstilling. Desse må mellom anna utarbeide standardavtalar, ha kostnadsorienterte prisar og føre kostnadsrekneskap. Dei har i tillegg særskilde plikter som gjeld å offentleggjere tilbod og registrere og rapportere opplysningar om offentleg telenett og offentleg telefonteneste. Forskrifta tek vidare for seg dei vilkåra som gjeld for samtrafikk m.v, der det òg er strengare krav til tilbydarar med sterk marknadsstilling.

Fram til det er etablert effektiv konkurranse mellom likeverdige aktørar er det nødvendig å regulere dei største aktørane med særskilt innverknad på marknadsvilkåra. «Sterk marknadsstilling» er difor eit sentralt omgrep i den komande regulering for ein telemarknad i konkurranse. Ved ei særskild regulering ønskjer ein å oppnå at aktørar med sterk marknadsstilling ikkje skal ha høve til å misbruke si stilling. Når den norske telemarknaden blir opna for full konkurranse, vil det vere skilnader mellom Telenor som tidlegare einerettsinnehavar og nykomarar i marknaden. Dei generelle konkurransereglane gir også heimel for å gripe inn mot ein aktør som misbruker si dominerande stilling i marknaden.

For å få til ein effektiv og verksam konkurranse i ein telemarknad med fleire tilbydarar av telenett og teletenester, er det på denne bakgrunn nødvendig å etablere ordningar som kan sikre at ulike nett og tenester fungerer saman. Samtrafikk vil vere ein føresetnad for at nye aktørar skal kunne formidle trafikk til eksisterande brukarar av teletenester. Utgangspunktet i regelverket er at tilbydarar av offentleg telenett og offentleg teleteneste skal forhandle om samtrafikk. Aktørar som har sterk marknadsstilling knytt til offentleg telefontjeneste, overføringskapasitet og offentleg telenett har ei plikt til å imøtekome alle rimelege oppmodingar om samtrafikk på desse områda. Dei skal òg utarbeide eit standard samtrafikktilbod. Tilbydarar av offentleg telenett og offentleg teleteneste som nemnt med sterk marknadsstilling på den totale nasjonale samtrafikkmarknaden skal tilby samtrafikk til kostnadsorienterte prisar. I forskrifta er det òg vilkår om spesiell nettilknyting, samlokalisering og «roaming» (bruk av andre operatørar sitt mobilnett utanfor eige dekningsområde) som skal gjere det lettare for nye aktørar som vil etablere seg i marknaden. Post- og teletilsynet er tillagt ein meklingsfunksjon dersom partane ikkje kan bli samde om ein samtrafikkavtale. På visse vilkår kan tilsynet gi pålegg om å inngå avtale.

Telenor offentleggjorde i juni 1997 eit standard samtrafikktilbod. På bakgrunn av dette tilbodet pågår det no forhandlingar med aktørar som ønskjer å etablere seg på telemarknaden frå 1. januar 1998. Utfallet av desse forhandlingane og særleg prisane for samtrafikk vil ha vesentleg innverknad på Telenor sin økonomi og stilling i marknaden.

Avvikling av einerettane i dei nasjonale telemarknadene skjer over heile verda. Innafor WTO-området blei forhandlingar om ein avtale om handel med teletenester sluttført 15. februar 1997. I avtalen forpliktar landa seg til å opne sine marknader for konkurranse. Som ein følgje av dette vil omlag 80 pst. av verdsmarknaden for teletenester bli opna for internasjonal konkurranse frå 1. januar 1998. Det norske tilbodet er basert på St. prp. nr. 70 (1995-96) og inneber at den norske telemarknaden òg blir opna for land utanfor EØS-området, jf. St. prp. nr. 55 (1996-97). Noreg har ratifisert avtalen pr. 26. september 1997.

I EU blei det fatta vedtak om å avvikle resterande einerettar innafor telekommunikasjonssektoren frå 1. januar 1998, jf. Rådsresolusjon 22. juli 1993 om teletenester og Rådsresolusjon 22. desember 1994 om infrastruktur. Nokre medlemsland har fått overgangsordningar. I tida etter desse vedtaka blei fatta har det kome fleire direktivforslag med detaljerte reglar for styring av ein telemarknad i konkurranse. Mange av desse direktiva er no vedtekne og det pågår arbeid med sikte på å ta dei inn i EØS-avtalen. I Ot. prp. nr. 31 (1997-98) Om lov om endringer i lov 23. juni 1995 nr. 39 Om telekommunikasjon og forskrift av 5. desember 1997 Om offentleg telenett og offentleg teleteneste er det teke omsyn til desse EU-direktiva.

2.3 Marknads- og konkurranseutvikling

Endringane i rammevilkår som er omtalt foran har medverka til at strukturen i telemarknaden generelt er i endring over heile den industrialiserte verda. Telemarknaden har endra seg frå vere ei avgrensa verksemd, til å vere blant dei mest dynamiske og raskast veksande bransjane i økonomien. Vi ser desse strukturendringane kome til syne m.a ved at:

  • Tidlegare heimemarknader som ofte var avgrensa til nasjonale marknader blir utvida til å omfatte større regionale marknadsområde og etter kvart òg til eit felles globalt marknadsområde. Dette skjer mellom anna som følgje av auka etterspørsel etter internasjonale konkurransedyktige og samstemte telekommunikasjonstenester, som byggjer på dei same tekniske løysingane på tvers av landegrensene. Teleselskapa tilpassar seg denne utviklinga ved å gå utover sine heimemarknader og ved å tilby tenester i andre land. Vidare har samarbeid og alliansebyggjing blitt viktig for å kunne tilby eit breidt utval av internasjonale tenester og for å kunne gå inn i nye marknader.

  • Raskt veksande etterspørsel etter tele-, data- og mediatenester som integrerte produktløysingar opnar for mange nye produkt- og forretningsområde. For å kunne vere konkurransedyktige på desse nye marknadene og tilby det som kundane etterspør, ser vi ein tendens i marknaden til at det blir danna nye kombinasjonar og alliansar på tvers av tidlegare bransjemessige grenser som tele, IT- og mediebransjane. Selskap frå finans og databransjane tilbyr t.d. bank- og betalingsformidlingstenester over telenettet, Internett over kabel-TV-nettet m.v, medan teleselskapa utviklar innhaldstenester.

  • Avvikling av resterande einerettar gir rom for nye marknader og aktørar utanfor den tradisjonelle telesektoren, som kjem inn med alternativ teknologi og nye forretningsidéar både på teneste- og nettsida. Ledig kapasitet i eksisterande alternative nett som t.d. kabel-TV-nett og energiselskapa sine nett, kan nyttast til å tilby alle typar tele-/IT-tenester. Som ein følgje av mellom anna dette vil tradisjonelle tilbydarar av nett få redusert sin forteneste på vanlege nettprodukt. Potensialet for auka forteneste vil framover i større grad liggje i avanserte nettenester og verdiaukande tenester.

Det er desse utviklingstrekka som ligg bak at det internasjonalt pågår omfattande posisjonering og restrukturering i tele-/IT-industrien, for at selskapa skal sikre seg fotfeste i dei nye marknadsstrukturane. Dei tre globale alliansane som er størst og mest omtalt er:

  • Concert, som er ein allianse mellom British Telecom (Storbritannia) og MCI (USA), med assosierte medlemmar frå ei rekkje land. Mellom anna er Telenor og Tele-Danmark knytt til alliansen gjennom samarbeidsavtalar med BT. Det knytter seg i dag uvisse til den framtidige alliansekonstellasjonen i Concert, i og med at det amerikanske selskapet WorldCom nyleg har avtalt oppkjøp av MCI. Det amerikanske selskapet Ameritech, som har ein stor eigarpost i norske Netcom, har dessutan kjøpt over 40 pst. av aksjane i Tele Danmark.

  • Global One, som består av Deutsche Telecom (Tyskland), France Telecom (Frankrike) og Sprint (USA).

  • Uniworld/Worldpartners, som er danna av AT&T og Unisource. Unisource er den europeiske del av alliansen, og består av PTT Telecom Netherlands (Nederland), Telia (Sverige) og Swiss Telecom PTT (Sveits).

Fleire av dei største utanlandske teleselskapa og -alliansane har allereie etablert seg i Noreg og konkurrerer på dei områda som har vore opna for fleire aktørar. Mange er i tillegg førebudd til å konkurrere på dei resterande einerettsområda som no blir oppheva. Dei tre nemnte alliansane satsar samtidig òg i dei andre nordiske landa og seier at dei ser den nordiske marknaden under eitt. Bakgrunnen for dette er at Norden blir sett på som ein avansert marknad mellom anna med eit internasjonalt næringliv, eit høgt teknologisk nivå og med krevjande kundar. Føresetnadene for auka bruk og nye bruksområder er gode i Norden, og Norden blir av den grunn nytta som testmarknad for nye løysingar.

Telenor har allereie i lang tid vore i ein konkurransesituasjon innan store delar av si verksemd. Sjølv om Telenor i nokon grad også har møtt konkurranse innafor einerettsområdet, mellom anna frå mobiltelefoni og gjennom ulike alternativ til utanlandstelefoni, vil det likevel vere ein ny situasjon som oppstår når heile telemarknaden blir opna for fleire aktørar.

Konkurransesituasjonen for Telenor i den framtidige tele- og IT-marknaden vil bli krevjande på alle delar av telemarknaden, og den vil kome frå mange typar aktørar.

Når det gjeld utanlandske aktørar kan det t.d. nemnast at Uniworld/Unisource, representert ved Telia, har som mål å bli leiande på den nordiske marknaden og nummer to i Noreg. Fram til no har Telia satsa på teleutstyr, datakommunikasjon og utanlandstrafikk, men det er grunn til å vente at selskapet vil gå inn på eit breidt spekter av område som t.d. mobiltelefoni og ordinær telefoni. Global One har på si side gjort det klart at dei vil gå inn på ordinær telefoni i 1998. Både France Telecom og Sprint var til stades i Noreg før Global One-alliansen blei etablert. NetCom har uttrykt mål om å tilby eit breidt tilbod av teletenester i Noreg. Selskapet har allereie om lag 35 pst av marknaden innan mobiltelefoni (GSM), men tilbyr òg nettenester, bedriftsnett og telefonkort. Vidare tilbyr dei Internettoppkopling og utanlandstelefoni i eit samarbeid med det svenske selskapet Tele2.

Det er elles etablert fleire selskap som tilbyr konkurransedyktige prisar på utanlandstelefoni, som t.d. NETnet, dels gjennom såkalla «Call back»-tenester og dels gjennom kjøp av ledig transmisjonskapasitet til dei vanlegaste destinasjonane for norske telekundar. Telenor møter også konkurranse frå aktørar som har utgangspunkt i andre tenesteytande bransjar, som t.d. data, media og underhaldning.

Det teiknar seg i dag eit bilete av at fleire aktørar vil bli konkurrentar til Telenor også på nettsida. Det finst fleire former for infrastruktur som kan nyttast til overføring av telekommunikasjonstenester. Av desse kan t.d. nemnast ElTele, som er eit samarbeid mellom Oslo Energi Tele og ei rekkje energiverk, som har inngått ein allianse med France Telecom. Enitel er ei samanslutning av Statnett, Bergenshalvøens kommunale kraftselskap og ei rekkje energiverk, som har inngått ein allianse med Telia. Det er dessutan fleire kabel-TV-nett som vil vere konkurrentar som følgje av den teknologiske utviklinga. Utover dette har Jernbaneverket og Forsvaret alternative nettressursar som kan nyttast. Det vil elles også vere ein del verksemder og samanslutningar som har private nett (bedriftsnett, bedriftsinterne nett og lukka nett) som blir nytta i eiga verksemd.

Samtidig som Telenor får konkurranse på heimemarknaden, vil ein opnare marknadstilgang internasjonalt også gi Telenor høve til å satse i utlandet jf. kap. 4. For Telenor vil det framover vere særs viktig å kunne byggje opp tilstrekkeleg konkurransekraft for å oppnå sin del av marknadsveksten både nasjonalt og internasjonalt. For å meistre denne utfordringa vil det mellom anna vere avgjerande med nye investeringar i teknologi, kompetanse og produksjonsutstyr, og å utvikle ein fleksibel organisasjons- og styringsstruktur med evne til å utnytte desse investeringane og tilfredsstille dei krav som marknaden stiller.

I dette nye konkurransebiletet er Regjeringa oppteken av at Telenor framleis skal vere ein leiande tele/IT-aktør i Noreg, som kan bidra til verdiskaping og sikre moderne og konkurransedyktige tilbod over heile landet. Dette gir Telenor store utfordringar når det gjeld å utnytte sine konkurransemessige fordelar i ein situasjon der nye aktørar skal kunne tilby teletenester på like vilkår.

Til forsiden