St.meld. nr. 22 (1999-2000)

Kjelder til kunnskap og oppleving

Til innholdsfortegnelse

5 Status og hovudutfordringar på bibliotekområdet

5.1 Bibliotek som samfunnsinstitusjon

5.1.1 Grunnidear

Samfunnsrolla for biblioteka ligg i skjeringspunktet mellom kulturpolitikk, utdanningspolitikk og ein politikk for å styrkja demokratiet. Biblioteka er viktige når det gjeld utdanning og informasjonstilgang, litteratur- og kulturformidling. Ut frå det demokratiske aspektet må målet vera å leggja til rette for at einskildmennesket kan delta aktivt i og påverka samfunnet.

Viktig er prinsippet om bibliotek som fellesressurs. Tilgang til informasjon og litteratur skal ikkje vera avhengig av økonomisk evne. Biblioteket er tufta på prinsippet om at einskildmennesket skal ha tilgjenge til turvande materiale når behovet melder seg. Biblioteket skal vera ein samfunnssolidarisk institusjon som skaffar, eig og forvaltar dette materialet til bruk for flest mogleg.

Ulike slag bibliotek realiserer grunnideane i oppgåvene på ulike vis. Kulturpolitisk har folkebiblioteka vore det viktigaste verkemidlet, av di dei i prinsippet har alt folket som målgruppe. Sjølv om andre bibliotekslag er tufta på same idégrunnlaget, har dei meir avgrensa målgrupper og ofte meir spesialiserte tenester. I UNESCOs manifest om folkebibliotek frå 1995 heiter det:

«Frihet, fremgang og utvikling i samfunnet og for den enkelte er grunnleggende menneskelige verdier. Disse mål kan bare nås dersom godt opplyste borgere er i stand til å utøve sine demokratiske rettigheter og delta aktivt i samfunnslivet. En tilfredsstillende utdanning og fri og ubegrenset tilgang til kunnskap, tenkning, kultur og informasjon er forutsetninger for en konstruktiv deltakelse og for demokratiets utvikling. Folkebiblioteket, den lokale innfallsporten til kunnskap, utgjør et grunnleggende vilkår for livslang læring, evne til å treffe egne beslutninger og kulturell utvikling for den enkelte og ulike grupper i samfunnet.»

Synet på folkebiblioteka si rolle har variert gjennom åra. Frå 1970-åra vart folkebiblioteka i større grad sett på som kulturformidlarar, medan omgrepet folkeopplysing gav assosiasjonar til tidlegare tider då store grupper hadde lita utdanning. Dei seinare åra har mange framheva rolla som informasjonsformidlar. Frå ein flaum av informasjon er det ei utfordring for brukaren å velja ut det han har bruk for, og i rett form. Her har biblioteka kompetanse til å hjelpa.

Litteratur- og kulturformidling vil framleis vera viktige oppgåver for folkebiblioteka, samstundes som dei i tillegg kan koma til å framstå som studie- og informasjonssenter i kommunane. Folkebiblioteka har såleis tre hovudoppgåver - a) litteratur- og kulturformidling i vid forstand, b) oppgåver i tilknyting til livslang læring, dvs. vaksenopplæring, etter- og vidareutdanning og c) formidling av (offentleg) informasjon.

5.1.2 Biblioteklandskapet: oversyn og kort historikk

Tradisjonelt har norske bibliotek vore delte i to sektorar, folke- og skulebibliotek på eine sida og fag- og forskingsbibliotek på hi. Folkebibliotek, skulebibliotek i grunn- og vidaregåande skular, offentlege og private fag- og forskingsbibliotek, Nasjonalbiblioteket, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek og tenesteleverandørar til heile eller delar av sektoren (t.d. A/L Biblioteksentralen) er alle delar av eit nasjonalt biblioteksystem.

5.1.2.1 Folkebibliotek

Folkebibliotekaskal vera tilgjengelege for alle som bur i landet (biblioteklova § 1), og aktivt leggja til rette for at alle brukarar skal få eit høveleg tilbod.

Det norske bibliotekstellet har røter attende til 1700-talet med De Kongelige Videnskabers Selskabs Bibliotek i Trondhjem og Deichmanske Bibliotek i Christiania som dei viktigaste grunnsteinane. Etter kvart vart det skipa mange leseselskap med boksamlingar rundt om i landet. I 1840 var det 230 folkebibliotek, og året etter kom dei første statstilskota (til 77 distrikt). Frå 1851 gav staten faste tilskot. I kjølvatnet av Thranerørsla vart det dessutan etablert eigne arbeidarboksamlingar i ei rekkje byar. I 1898 var talet på boksamlingar/bibliotek auka til 644.

Ei bibliotekutgreiing i 1902 resulterte i fleire tiltak for å fremja biblioteksaka og reorganisera folkebiblioteka. Det vart m.a. oppretta ei rettleiingsteneste for bibliotek på departementsnivå. Norsk bibliotekforening vart skipa i 1913. Bibliotekutgreiinga frå 1919 førte fram til den første biblioteklova i 1935, skipinga av Statens bibliotekskole i 1939, sentralbibliotek (seinare fylkesbibliotek) i perioden 1937-61 og Statens bibliotektilsyn i 1949. Skuleboksamlingar vart lovfesta alt i den første biblioteklova, og dette vart vidareført i den brigda lova frå 1947, som gav både stat og kommune større ansvar for folkebiblioteka. Kommunane vart pålagde å ha bibliotek, og det galdt minstesatsar for yting til desse. Statstilskotet vart normert etter ibuartal. Lova fastsette også at utlånet skulle vere gratis. For å betra bokdistribusjonen vart A/L Biblioteksentralen oppretta i 1952 med stat og kommune som eigarar.

Lova frå 1971 stilte krav om fagutdanna personale i kommunar med meir enn 8 000 ibuarar og til omfang og innreiing av biblioteklokala. Etter føremålsparagrafen skulle folkebiblioteka stilla bøker og anna eigna materiale gratis til disposisjon. Dette var med på å utvikla biblioteka med eit større mangfald av aktivitetar enn berre bokutlån. Mange bibliotek oppretta musikkavdelingar og artotek, heldt utstillingar o.l. I 1985 kom ei ny biblioteklov - som framleis gjeld - tilpassa reformene i lokalforvaltninga.

I samsvar med lova er det folkebibliotek i alle kommunane. Pr. 1. januar 1999 var det i alt 1 077 faste folkebibliotekavdelingar. Omfanget av samlingane var i alt 21,8 mill. einingar. Det vart utlånt 22,9 mill. einingar i 1998, som svarar til eit utlån på 5,19 einingar pr. ibuar. Talet på besøk var 20,7 mill. Talet på tilsette var 2 918, av desse var 1 071 fagutdanna bibliotekarar.

Til folkebibliotekføremål vart det i 1998 løyvt til saman vel 1 milliard kroner. Av dette vart 846 mill. kroner løyvde av kommunane og 91 mill. kroner av fylka. Statens bibliotektilsyn hadde eit budsjett på 71 mill. kroner, medan Norsk kulturråd forvalta 58 mill. kroner gjennom innkjøpsordningane for litteratur.

Bibliotekttilbod for grupper som vanskeleg kan koma til biblioteket, femner om mobil bibliotekteneste (bokbussar/bokbåt), bibliotekteneste i fengsel og statlege helseinstitusjonar. Vidare finst det tilrettelagde bibliotektenester for grupper med særskilde behov, som innvandrarar og flyktningar, døve, døvblinde og synshemma.

Statens bibliotektilsyn forvaltar årlege løyvingar til forsøk, utvikling og fellestiltak i folkebiblioteka.

5.1.2.2 Fylkesbiblioteka

Fylkesbiblioteka hjelper folkebiblioteka med fjernlån, organiserer lånesamarbeid og har rådgjevande o.a. funksjonar overfor folkebiblioteka og styresmaktene, m. a. når det gjeld bibliotekstatistikk. Dei har eigne boksamlingar med ansvar for kvar sine delar av ein såkalla emnefordelingsplan. Fleire fylkesbibliotek driv bokbussar e.l. Medan det tidlegare var vanleg med felles sjef for fylkesbiblioteket og det kommunale folkebiblioteket - vertsbiblioteket - er det no berre felles leiar i fire fylke.

I 1998 vart det utført 165 årsverk i fylkesbiblioteka. Dei totale utgiftene var 91 mill. kroner. Samlingane utgjorde 980 000 einingar, av dette 91 pst. bøker. Dei formidla 813 000 utlån, meir enn helvta av desse gjennom bokbussar e.l. Dei arrangerte 344 kurs og 208 kommunale konferansar.

5.1.2.3 Mobile bibliotektenester

Bokbussar som supplement til dei ordinære folkebiblioteka har funnest i meir enn 50 år. Utlånet utgjorde i 1997 3,9 pst. av samla utlån i folkebiblioteka. Born stod føre 52,9 pst. av samla utlån og 62,9 pst. av bokutlån. Blant dei vaksne lånarane utgjorde eldre ein monaleg del.

Ved årsskiftet 1998 - 99 var det i alt 51 mobile bibliotekeiningar, som opererte i 250 kommunar. 25 einingar er kommunale, 11 interkommunale, 15 fylkeskommunale, og tre bokbussar i samiske område vert drivne i samarbeid med kommunar i Sverige og/eller Finland. Dei fleste mobile einingane gjer teneste i grisgrendte strok, berre 6-8 er bybussar. Tilbodet frå bokbussane varierer frå 400 band til 5 000 band.

Staten yter årleg tilskot til drift og kjøp av buss. I 1999 er løyvinga 14,7 mill. kroner. Frå 1993 er driftstilskotet avgrensa til kommunar som fell inn under SND-området. Dette gjeld 19 einingar som får refundert 50 pst. av godkjende driftsutgifter. 9 einingar dekkjer kommunar både innanfor og utanfor SND-området. I 1997 utgjorde statleg driftstilskot 37 pst. av dei samla driftsutgiftene. Dei seks kommunane i samiske kjerneområde har bokbussdrift med 85 pst. statstilskot. Det same gjeld for den sørsamiske bokbussen i Nordland. Det vert gjeve investeringstilskot til kjøp av ny buss i alle kommunar ubunde av SND-området. Samiske kommunar får 100 pst.

5.1.2.4 Skulebibliotek i grunnskulen

Skuleboksamlingar har vore lovfesta sidan 1827. Kring 1890 vart det dessutan innført statstilskot for å skipa til slike. Alle biblioteklovene femna òg om skulebibliotek, men i 1985 vart dette avløyst av ei eiga føresegn i grunnskulelova. Skuleboksamlinga skulle både skaffa høvelege bøker til lesnad for elevane i fritida og syta for høveleg litteratur til hjelp for undervisninga. Då ungdomsskulen vart innført i 1960-åra, skulle skulebiblioteket vera ein integrert del av den pedagogiske verksemda. Mange kommunar skipa kombinasjonsbibliotek mellom folke- og skulebibliotek.

Etter biblioteklova frå 1971 fekk alle skular, både i byane og på landet, plikt til å ha bibliotek. Talet på kombinerte folke- og skulebibliotek gjekk etter kvart ned, men i 1998 var det likevel att 304 slike.

5.1.2.5 Skulebibliotek i vidaregåande skule

Mange av dei gamle latinskulane og seinare gymnasa hadde skulebibliotek. Med reformene i 1970-åra vart det sett fokus på at elevane i vidaregåande skule trong bibliotek. Mange skulebibliotek fekk betre lokale, større løyvingar til innkjøp, og fagutdanna bibliotekar. Denne utviklinga har halde fram. Frå 1985 har det vore lovfest at elevar i vidaregåande skule skal ha tilgang til bibliotektenester.

Skilnadene er likevel store frå fylke til fylke. Alle vidaregåande skular i Akershus har fagutdanna bibliotekar, medan berre to skular i Hordaland har slike stillingar. Løyvinga til mediekjøp varierer frå kr 409 pr. elev i Finnmark til kr 100 i Østfold. I Akershus har 83 pst. av skulane lesesal, medan talet for Vestfold er 33 pst. Over 60 pst. av skulebiblioteka har teke i bruk Internett og CD-ROM.

5.1.2.6 Nasjonalbiblioteket

Universitetsbiblioteket i Oslo - skipa i 1811 - har ivareteke nasjonale bibliotekfunksjonar heilt sidan pliktavleveringspåbodet frå 1815. Rett nok var avleveringane særs mangelfulle i tidbolken 1839-1883, men etter den tid har avleveringa vore lovfesta. Samstundes oppretta Universitetsbiblioteket ei eiga norsk avdeling som skulle ta seg av det norske materialet.

I 1989 vart Nasjonalbibliotekavdelinga i Rana skipa, og ei ny lov om pliktavlevering vart vedteken same året. Fleire typar informasjonsberarar vart avleveringspliktige; lova gjeld no ikkje berre prenta materiale, men allment tilgjengelege dokument av alle slag. Nasjonalbibliotekaren med tilhøyrande stab vart skipa frå 1. januar 1994.

Frå 1. januar 1999 vart Nasjonalbiblioteket, avdeling Oslo oppretta, og denne femner i all hovudsak om nasjonale tenester og norske samlingar utskilde frå Universitetsbiblioteket. Nasjonalbiblioteket er no tre einingar, Nasjonalbibliotekaren med stab og dei operative avdelingane i Oslo og Rana.

Nasjonalbiblioteket vender seg til eit breitt spekter av brukarar; forskarar, einskildpersonar, organisasjonar, andre bibliotek og kulturinstitusjonar som forlag, bokhandlar, arkiv, museum, massemedium, filminstitusjonar og teater.

Nasjonalbiblioteket skal vera kjelde til kunnskap om og forståing av Noreg, landet, menneska som bur her og samfunnet vi har skapt, og av vårt bidrag til verdssamfunnet. Det skal vera eit kompetanse- og tenestesenter for biblioteka, ein brubyggjar mellom folkebiblioteka og fag- og forskingsbiblioteka og ein sentral aktør i lånenettverket mellom biblioteka.

Gjennom pliktavleveringslova har det i tillegg eit særleg samarbeid med universitetsbiblioteka, Samisk spesialbibliotek og Norsk filminstitutt som alle mottek pliktavlevert materiale. I framtida vil Nasjonalbiblioteket spela ei viktig rolle i samarbeidet mellom fagbiblioteka og folkebiblioteka.

Nasjonalbiblioteket skal spora opp, samla inn og registrera alle norske utgjevingar av prent, lyd- og biletmedium (medrekna kringkastingsmateriale) og elektroniske dokument. I tillegg vert det bygd opp ymse spesialsamlingar og referansesamlingar. Prenta norsk materiale vert registrert i ein eigen nasjonalbibliografi.

Nasjonalbiblioteket er i seg sjølv eit fagbibliotek innanfor spesialfeltet Noreg, nordmenn og det norske samfunnet. Det er vidare ein viktig tenesteytar til fag- og forskingsbiblioteka, både for utlån av materiale, som leverandør av bibliografiske tenester og som bibliotekfagleg kompetansesenter. Nasjonalbiblioteket er elles nært knytt til fag- og forskingsbiblioteka gjennom det felles biblioteksystemet BIBSYS.

5.1.2.7 Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB)

NLB er bibliotek for syns- og lesehemma. Verksemda vart bygd opp av Norges Blindeforbund og Vestlandske Blindeforbund, men overteken av staten frå 1989. NLB produserer og låner ut allmenn litteratur og studielitteratur til syns- og lesehemma. Hovudavdelinga ligg i Oslo, medan det er filialar i Bergen og Trondheim.

NLB skal syta for litteratur og informasjon til alle som har ei funksjonshemming som gjer at dei ikkje kan lesa vanlege prenta bøker, og medverkar slik til samfunnsmessig jamstilling og deltaking for alle. NLB både produserer og låner ut bøker og fungerer som eit folkebibliotek for syns- og lesehemma over heile landet. Primærbrukarane er blinde og svaksynte, som utgjer 75 pst. av lånarane. Andre grupper lånarar er aukande, særleg dyslektikarar.

NLB skal ha eit styre med to medlemer frå Norges Blindeforbund, ein frå Vestlandske Blindeforbund, ein representant for dei tilsette og fire medlemer oppnemnde på fritt grunnlag av Kulturdepartementet. Nytt styre vil bli oppnemnt frå 2000.

5.1.2.8 Fag- og forskingsbiblioteka

Desse biblioteka er i hovudsak knytte til universitet og høgskular, forskingsinstitutt og andre offentlege eller private FoU-institusjonar. Dei er bygde opp for å yta bibliotektenester til studentar, lærarar og forskarar ved den institusjonen biblioteket er del av. Fag- og forskingsbiblioteka er samstundes del av det nasjonale lånenettverket. Dei utgjer såleis ein viktig ressurs i det samla bibliotektilbodet i landet.

Hovudperspektivet for fag- og forskingsbiblioteka er å skaffa relevant informasjon til FoU- og utdanningsaktivitetane ved moderinstitusjonane. Følgjeleg legg dei vinn på samarbeid seg i mellom nasjonalt og internasjonalt. Universitetsbiblioteka og biblioteka ved høgskulane dominerer med 45 pst. av samlingane og 50 pst. av utførte årsverk i alle fag- og forskingsbiblioteka.

Dei om lag 400 fag- og forskingsbiblioteka har til saman 19 mill. bøker og tidsskrift. I tillegg har dei 6 mill. andre typar dokument/einingar, t.d. mikroformer, grafiske dokument, AV-dokument, manuskript o.a. Ei viktig teneste er dessutan tilgang til nasjonale og internasjonale faglege databasar. I 1998 vart det utført 1 700 årsverk i desse biblioteka og effektuert 3,8 mill. utlån. Av dette var 0,5 mill. fjernlån, dels i originalform og dels som kopiar. Samla utgifter var 682 mill. kroner, av dette var 55 pst. lønsutgifter. Eigeninntektene var 43 mill. kroner.

5.1.2.9 Statlege bibliotekorgan

Statens bibliotektilsyn (SB) vart skipa i 1949. SB skal syta for underlagsmateriale for politiske vedtak, ivareta statens oppgåver etter biblioteklova på vegner av Kulturdepartementet, stå for rådgjevings- og rettleiingsoppgåver, forvalta statstilskot til ymse innsatsområde og initiera prosjekt som styrkjer folke- og skulebiblioteka. SB representerer folkebiblioteka andsynes andre samfunnssektorar og i nordisk og internasjonalt biblioteksamarbeid.

Riksbibliotektenesta (RBT) vart skipa i 1969 som eit planleggings-, utgreiings- og koordineringsorgan for vitskapleg og fagleg bibliotek- og dokumentasjonsarbeid. RBT skal leggja til rette tilgangen til dokumentasjon og fagleg informasjon for alle som treng det i forsking, høgare utdanning, helsestell, forvaltning og næringsliv. RBT organiserer etter- og vidareutdanningstilbod, arbeider med betring av bibliotekrutinar, er avtalepart i høve somme internasjonale betalingsdatabasar, har informasjons- og koordineringsoppgåver i nordisk og internasjonalt biblioteksamarbeid for fag- og forskingsbibliotek m.m. RBT er eige organ, men budsjetteknisk integrert i og samlokalisert med Norgesnettrådet, som er rådgjevande organ for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i saker som gjeld den langsiktige utviklinga av høgare utdanning i Noreg.

Både Statens bibliotektilsyn og Riksbibliotektenesta deltek i ei interdepartemental gruppe som skal sjå på felles problemstillingar og løysingar innanfor arkiv, bibliotek og museum, særleg spørsmål som gjeld IKT.

5.2 Lovgrunnlag, organisering og finansiering

Lova om folkebibliotek fastset somme rammevilkår for desse biblioteka. Tilsvarande er lova om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument eit avgjerande verkemiddel for Nasjonalbiblioteket. Aktiviteten i Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek har eit lovgrunnlag i åndsverklova. Fag- og forskingsbiblioteka har derimot inga særskild lovgjeving som basis, men eit generelt grunnlag finst i lova om universitet og høgskular, der det i § 2 heiter at universitet og vitskaplege høgskular har eit særleg nasjonalt ansvar m.a. «for å bygge opp, drive og vedlikeholde forskningsbiblioteker og museer med vitenskapelige samlinger og publikumsutstillinger».

5.2.1 Folkebiblioteksektoren

Lov om folkebibliotek av 20. desember 1985 nr. 108 etablerer eit hierarki med kommunale folkebibliotek, fylkesbibliotek og det statlege nivået medrekna Statens bibliotektilsyn. Folkebibliotekverksemd omfattar òg bibliotektenester for pasientar i sjukehus og helseinstitusjonar og andre som har særlege vanskar med å bruka biblioteket. § 1 i lova fastset mål for folkebiblioteka:

«Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet. Virksomheten skal være utadrettet, og tilbudene skal gjøres kjent. Folkebibliotekene er ledd i et nasjonalt biblioteksystem.»

Lova fastset at kommunane skal ha folkebibliotek med fagutdanna leiar, men departementet kan dispensera frå utdanningskravet og gje nærare føresegner om kvalifikasjonskrav og overgangsordningar.

Vidare fastset lova at fylkeskommunane skal ha fylkesbibliotek med fagutdanna leiar. Fylkesbiblioteket, som skal vera knytt til eit folkebibliotek, skal ha avtalefesta samarbeid med dei statlege skulestyresmaktene i fylket, slik at fagleg kompetanse i fylkesbiblioteket vert stilt til rådvelde for desse. Samarbeidet med grunnskulen skal tryggjast gjennom organisert samarbeid mellom folkebiblioteket og skulebiblioteka.

Statens bibliotektilsyn skal etter lova ta seg av dei statlege oppgåvene. Det kan gjevast særlege statstilskot til føremål som ikkje naturleg høyrer inn under ansvarsområdet åt den einskilde kommunen, eller som er viktige for det nasjonale biblioteksystemet.

Lov om bibliotekvederlag av 29. mai 1987 nr. 23 fastset at opphavsmenn til litterære verk, musikk, kunst m.v. utgjevne i Noreg og disponerte til utlån i offentlege bibliotek skal ytast vederlag gjennom årlege løyvingar over statsbudsjettet. Vederlaget, som er kollektivt og vert betalt til særskilde fond, vert rekna ut på grunnlag av statistikk over talet på einingar som er disponerte til utlån i offentlege bibliotek. I 2001 vil staten betala om lag 60 mill. kroner i vederlag, noko som svarar til kr 1,40 pr. år per eining.

Forskrift til lov av 12. mai 1961 nr. 2 om opphavsrett til åndsverk gjev offentlege fag- og forskingsbibliotek og fylkesbibliotek rett til, med nærare avgrensingar, å levera fotokopiar i staden for utlån.

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa av 17. juli 1998 nr. 61 (opplæringslova) fastset at elevane skal ha tilgang til skulebibliotek. Etter forskrift til lova skal skulen ha eige bibliotek, med mindre tilgang til slikt er tryggja gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i skulelokala, skal vera tilgjengeleg for elevane i skuletida, slik at det kan brukast aktivt i opplæringa. Biblioteket skal vera særskilt tilrettelagt for skulen.

5.2.2 Nasjonalbiblioteket

Etter Instruks for institusjonar som forvaltar dokument innkomne etter lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument har Nasjonalbiblioteket ansvaret for innsamling, katalogisering og bevaring av eit breitt spekter av pliktavleverte dokument - frå tradisjonelle prent på papir, via foto, film og lydfestingar, radio- og fjernsynsprogram til allment tilgjengelege databasar. Når det gjeld video- og filmtilfang, er Norsk filminstitutt mottakar av det pliktavleverte materialet.

Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument av 9. juni 1989 nr. 32 pålegg utgjevar, produsent og importør av dokument som vert gjort tilgjengeleg for allmenta, plikt til å avlevera eit visst tal eksemplar avhengig av kva slag dokument det dreier seg om. Føremålet med lova er å tryggja dokument med allment tilgjengeleg informasjon, slik at desse vitnemåla om norsk kultur og samfunnsliv kan verta bevarte og gjorde tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Nasjonalbiblioteket pliktar å sjå til at bruken av pliktavleverte dokument skjer innanfor rammene av dei opphavsrettsreglane som til kvar tid gjeld. Problemstillingar knytte til tilhøvet mellom opphavsrett og føresegner om pliktavlevering er vortne endå meir aktuelle - både i Noreg og internasjonalt - ved avlevering av nye medium, som elektroniske dokument, lyd og film.

Åndsverklova § 16 heimlar forskrift om fotokopiering til forskings- og studieføremål. Etter gjeldande forskrift er det ikkje høve til å gjera om frå analoge til digitale kopiar utan etter avtale med opphavsmannen. Noreg er bunde av internasjonale avtaler, m.a. EU-direktiv som er gjennomførte i åndsverklova, og som statuerer opphavsmannen sin einerett. Avtalene set rammer for kva unnatak som kan gjerast i nasjonal rett.

5.2.3 Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek

Produksjon og utlån i NLB er heimla i åndsverklova § 17 første til tredje leden:

«Av utgitt litterært eller vitenskapelig verk eller musikkverk kan det i annen form enn lydopptak fremstilles eksemplar bestemt til bruk for blinde og svaksynte. Utgitt litterært eller vitenskapelig verk kan gjengis på film, med eller uten lyd, bestemt til bruk for hørsels- eller talehemmede.

Bestemmelsene i første ledd gir ikke rett til kopiering av eksemplarer som andre har fremstilt med særlig henblikk på bruk som der er nevnt.

Kongen kan bestemme at nærmere angitt organisasjon og bibliotek for vederlagsfritt utlån til funksjonshemmede skal ha rett til på nærmere fastsatte vilkår å fremstille eksemplar av utgitt litterært eller vitenskapelig verk gjennom opptak på innretning som kan gjengi det. I tilslutning til teksten kan offentliggjort kunstverk og offentliggjort fotografisk verk gjengis på opptaket Opphavsmannen har krav på vederlag som utredes av staten.»

Blindeskrift kan fritt produserast av alle, og lova avgrensar ikkje bruken til lån. Bøker der teksten er lagd inn på diskett eller anna medium, kan òg produserast av alle dersom teksten er tilrettelagt for synshemma, og bruken er ikkje avgrensa til lån.

Lydbøker kan produserast av namngjeven organisasjon og bibliotek. Lydbøkene skal berre vera til gratis utlån til funksjonshemma. Opphavsmannen har krav på vederlag.

NLB yter vederlag til rettshavarane for lydbøker innlesne i eigen regi eller av Kristent Arbeid Blant Blinde (KABB) gjennom Norsk forfatterfond.

5.2.4 Samisk spesialbibliotek og finsk bibliotekteneste

Samisk spesialbibliotek (SSB) er den sentrale samiske bibliotektenesta med oppgåver knytte til innkjøp, registrering, lagring og utlån av materiale på samisk og om samiske tilhøve. Biblioteket er tufta på ei bokstamme samla ved Karasjok folkebibliotek frå 1950-åra. I perioden 1962-1982 gav både stat, fylke og kommune tilskot til dette, men seinare har tiltaket vore fullt ut statleg finansiert. I dag er SSB samlokalisert med Karasjok folkebibliotek og biblioteket ved den samiske vidaregåande skulen. Sametinget har vedteke at SSB skal rustast opp og leggjast inn under deira ansvarsområde. SSB skal i 2000 flyttast inn i nybygget for Sametinget og vil då få tilleggsoppgåver som informasjonsteneste og forvaltningsbibliotek for Sametinget. Ordninga med statleg tilskot til SSB frå Kulturdepartementet vil verta vidareført. I budsjettet for 2000 er det lagt inn ein monaleg auke i statstilskotet til dette spesialbiblioteket, slik at flyttinga til dei nye lokala kan gjennomførast.

Finsk bibliotektenesteer ein statleg finansiert særfunksjon tillagd Finnmark fylkesbibliotek, som har eit særleg ansvar for finsk-språkleg litteratur. Det skal ytast tenester både til finsktalande norske statsborgarar og finske statsborgarar som er i landet for kortare eller lengre tid. Boksamlinga på 11 600 band femner om skjøn- og faglitteratur for born, ungdom og vaksne.

5.2.5 Økonomiske rammevilkår for folke- og fylkesbibliotek

Kommunane har ansvaret for å finansiera drifta av folkebiblioteka og fylkeskommunane for fylkesbiblioteka. Utgiftene til folke- og fylkesbiblioteka har vore svakt stigande frå 1986 til 1998 rekna i faste prisar, jf. figur 5.1, med ein auke på 6,4 pst. frå 1986 til 1998. I løpande prisar er auken i underkant av 21 pst. frå 1993 til 1998. Fylkesbiblioteka har i denne perioden hatt om lag same utviklinga med ein nominell auke i utgiftsramma frå 75 til 90 mill. kroner.

Figur 5.1 Folke- og fylkesbibliotek. Utvikling av utgiftene 1980-1998.

Figur 5.1 Folke- og fylkesbibliotek. Utvikling av utgiftene 1980-1998.

Kilde: Kjelde: Statens bibliotektilsyn

Lønsutgiftene tek ein aukande del av ramma. I 1993 utgjorde løn i medel 58,5 pst. av samla driftsutgifter, mot 61 pst. i 1998. I 1993 hadde 34 bibliotek lønsutgifter som stod for meir enn 70 pst. av samla utgifter. I 1998 hadde 82 (19 pst.) av biblioteka så store lønsutgifter.

Utgifter til media - det som biblioteka skal låna ut - har gått andre vegen. I 1993 utgjorde utgifter til dette i medel 17,3 pst. av samla utgifter, mot 15,5 pst. i 1998. I 1993 var det 139 bibliotek (32 pst.) der utgifter til media utgjorde meir enn 25 pst. av samla utgifter. I 1998 var dette talet redusert til 75 (17 pst.). Jf. figur 5.2.

Mange av folkebiblioteka er små. I 1993 vart det utført 1 841 årsverk, i 1998 var talet 1 901 årsverk. Over 63 pst. av biblioteka har to årsverk eller mindre til drifta. Dette talet har vore konstant i perioden 1993-1998. Derimot har talet på bibliotek med mindre enn eitt årsverk gått ned frå 114 i 1993 til 90 i 1998.

Til samanlikning rapporterte fag- og forskingsbiblioteka i åra 1997 og 1998 høvesvis 1 607 og 1 683 årsverk med samla utgifter på 661 og 685 mill. kroner.

Investeringane i folkebibliotek låg på eit etter måten høgt nivå i åra 1992-1998. Då vart det avslutta eller sett i gang prosjekt med ei samla investeringsramme på 556 mill. kroner. Ordninga med statlege tilskot til bibliotekbygg vert forvalta av Statens bibliotektilsyn med fylkesbiblioteka som innstillande organ. Det statlege investeringstilskotet er avgrensa til 1/3 av godkjende byggjekostnader inntil kr 550 000 pr. prosjekt i kommunar sør for Namdalen, kr 700 000 i Namdalen og Nordland og kr 800 000 i Troms og Finnmark. Statstilskotet utgjer berre ein særs liten del av dei samla investeringane.

5.3 Samlingsetablering

5.3.1 Samlingstilbodet i folkebiblioteka

Statens bibliotektilsyn har utforma rettleiande føresegner for folkebibliotek. Der heiter det at biblioteket ved innkjøp skal leggja vinn på kvalitet, mangfald og aktualitet. Biblioteket skal stilla til rådvelde skjønn- og faglitterære bøker, aviser, tidsskrift, lokalhistorisk og anna eigna materiale, og dessutan tilby lydfestingar og IKT-dokument.

Folkebiblioteka skal skaffa nytt og dagsaktuelt informasjonsmateriale og litteraturtilfang i samsvar med dei behova brukarane melder. Eit brukarorientert bibliotek inneber at bibliotektenestene skal spegla dei behova brukarane har. Ymse særkjenne ved nærområdet vil difor måtta leggjast vekt på ved innkjøp til samlingane.

Det publikums- og aktualitetsorienterte akkvisisjonsprinsippet er det punktet der biblioteka viser den største skilnaden i høve til arkiv og museum, der representasjonsverdien som kjeldemateriale frå ei fjern eller nær fortid er eit viktig utvalskriterium. Likevel har både folkebibliotek og fag- og forskingsbibliotek i vekslande mon spesialsamlingar med relevans for historisk forsking og dokumentasjon på nasjonalt og lokalt nivå, t.d. privatarkiv eller fotografiske samlingar. Dessutan har Nasjonalbiblioteket ein tilnærma rein kulturvernfunksjon i si innsamling og bevaring av pliktavlevert materiale.

I 1997 brukte folkebiblioteka 127 mill. kroner til innkjøp av bøker, aviser, tidsskrifter og andre medium. Tilvoksteren var på 960 000 einingar medrekna bøkene frå Kulturfondet. Av dette utgjorde bøker 850 000 einingar. Av eit samla tilfang på 21,6 mill. einingar utgjorde bøker 20,5 mill. einingar.

Figur 5.2 Folkebibliotek 1993 og 1998. Utgifter til bøker/medium i prosent av totale driftsutgifter. Fylkesvis.

Figur 5.2 Folkebibliotek 1993 og 1998. Utgifter til bøker/medium i prosent av totale driftsutgifter. Fylkesvis.

Kilde: Kjelde: Statens bibliotektilsyn

Norsk kulturfonds innkjøpsordningar for litteratur

Innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur vart innført i 1965. Gjennom midlane frå Norsk kulturfond vart all ny norsk skjønnlitteratur av ein viss kvalitet innkjøpt i 1000 eksemplar av kvar tittel og stilt til rådvelde for folkebiblioteka. I 1978 kom i tillegg ei innkjøpsordning for norsk barnelitteratur, som frå 1989 vert innkjøpt i 1 550 eksemplar. I 1989 kom òg innkjøpsordninga for omsett litteratur, der 50 utvalde ikkje-nordiske titlar vert innkjøpte i 500 eksemplar kvar. Seinare er det oppretta ei avgrensa innkjøpsordning for faglitteratur for born og unge, og ei for essayistikk.

Desse ordningane kan sjåast på frå ulike kulturpolitiske synsvinklar, men i denne samanhengen er det naturleg å avgrensa seg til eit bibliotekperspektiv. Verdet av innkjøpsordningane utgjer meir enn 1/3 av innkjøpsbudsjetta til folkebiblioteka. I små kommunar kan innkjøpsordningane utgjera helvta av den årlege tilvoksteren. Dette inneber at dei gjer det mogleg for kommunar med små budsjett å tilby lånarane ny norsk litteratur i eit omfang dei elles knapt ville ha klart. Norsk kulturråd skal i samband med ei større utgreiing om bokbransjen òg gjera ein gjennomgang av dei ulike innkjøpsordningane. Dette arbeidet skal vera sluttført i april 2002.

Spesialsamlingar

Mange folkebibliotek har omfattande og viktige lokalhistoriske samlingar, og for fylkesbiblioteka har lokalhistoriske samlingar alltid tilhøyrt kjerneoppgåvene. I Statens bibliotektilsyn sine rettleiande føresegner for fylkesbibliotek heiter det at desse skal ha ei lokalsamling som geografisk dekkjer fylket. På dette feltet arbeider biblioteka i ein gråsone med overlappingar mot museum og arkiv.

5.3.2 Nasjonalbiblioteket og pliktavleveringa

Utgangspunktet for samlingane i Nasjonalbiblioteket er ordninga med pliktavlevering. Fram til 1990 var det i hovudsak prent som vart avleverte, medan ein no mottek andre og nyare dokumentslag med, jf. tabell 5.1. Materiale frå Internett kjem òg inn under pliktavleveringslova. Etter lova skal Nasjonalbiblioteket samla inn, lagra og registrera mykje av den norske delen av verdsveven. Kringkastingsmaterialet vert i dag avlevert på ulike måtar. NRK avleverer radioprogram digitalt, medan fjernsynsmaterialet vert avlevert på videokassettar.

Tabell 5.1 Statistikk over pliktavlevert materiale i perioden 1990-1998

19901199119921993199419951996199721998
Periodika2 4007 30010 60012 90014 60015 90016 88010 90019 891
Monografi5 60010 20011 20012 20012 80013 50013 40018 20011 809
Småtrykk3 50028 00030 00024 00042 50030 80029 66016 50031 531
Postkort--3007001 6004 5005 0803 9001 248
Plakatar--5008001 000800950750864
Kart9631955317639459
Musikalia289284445265235496
Lydfestingar611443456463529568370
Radio- og fjernsynsprogram2 90012 73010 21016 82217 32017 23819 37917 730
CD-ROM8034278
Diskettar33234446

1) Berre 6 måneder

2) Ved utgangen av 1997 hadde Senter for pliktavlevering meir enn ein månads etterslep på registrering av materialet. At tala for 1997 er lågare enn for tidlegare år, viser derfor ikkje ein nedgang i avleveringa.

3) Gjeld perioden 1990-96

Depotbiblioteket

Samlinga ved depotbiblioteket til Nasjonalbiblioteket, avdeling Rana består av pliktavlevert materiale etter 1990 og materiale med liten bruksfrekvens avlevert frå alle typar bibliotek. Dokument som har vore del av ei biblioteksamling, skal oppbevarast av depotbiblioteket i minst eitt eksemplar. Eit slikt sentralisert magasin for litteratur som er lite etterspurt, frigjer hylleplass for dei fleste biblioteka i Noreg, samstundes som det hindrar at eldre litteratur forsvinn ut av biblioteknettverket ved kassasjon.

Statens bibliotektilsyn har gjeve tilskot til folke- og fylkesbibliotek som sender materiale til depotbiblioteket. Etter kvart vil depotbiblioteket kunna avløysa fylkesbiblioteka for somme oppgåver. Ein sjeldan gong hender det at samlingar vert øydelagde, t.d. ved brann eller flaum. Då vil depotbiblioteket kunna medverka til reetablering av samlingane med bøker frå dublettsamlinga.

I åra 1997 og 1998 har tilvoksteren til samlingane vore vel 50 000 einingar og utlånet i overkant av 40 000 einingar. Magasinkapasiteten er oppbrukt, og det er no sett i gang eit byggjesteg II som skal vera ferdig i løpet av 2001.

5.3.3 Nasjonalbiblioteket og unika

I tillegg til det pliktavleverte materialet og eldre samlingar av norsk litteratur har Nasjonalbiblioteket ansvaret for spesielle samlingar som handskriftsamlinga, samlingar av musikkmateriale, teaterhistorisk materiale, foto, film og kringkastingsmateriale m.v.

Handskriftsamlinga inneheld privatarkiv, einskildmanuskript og brev frå heile breidda av norsk kultur- og samfunnsliv og frå heile landet. Dei eldste manuskripta er frå mellomalderen, men tyngdepunktet er materiale frå dei siste 200 åra. Det ligg ikkje føre ei formalisert arbeidsdeling mellom Handskriftsamlinga og andre institusjonar som tek vare på privatarkiv. Grenselinene er uskarpe, men personarkiva dominerer i Handskriftsamlinga, medan det er få foreinings-, organisasjons- og bedriftsarkiv, jf. elles kap. 4.3.5.

Norsk musikksamling inneheld musikkmanuskript, arkivalia, samlingar av utklipp etter privatpersonar og organisasjonar; og voksrullar, lydband og andre slag private opptak og innspelingar. Samarbeid med andre institusjonar er ikkje formalisert.

Teaterhistorisk samling inneheld arkiv frå nedlagde og eksisterande teatertiltak og personar med tilknyting til norsk teater. Ein del tilfang finst ved dei eksisterande teatra, og det er teaterarkiv ved universiteta i Bergen og Trondheim.

Nasjonalbiblioteket har store samlingar av eldre fotografisk materiale og yter tenester til andre offentlege og private forvaltarar av fotografi.

Nasjonalbiblioteket tek vare på pliktavleverte norske lydfestingar og kjøper inn utanlandske utgjevingar med norsk musikk og/eller utøvarar. Dessutan samlar institusjonen eldre musikk- og lydopptak.

Nasjonalbiblioteket har omfattande samlingar av norsk filmhistorisk materiale, m.a. brorparten av all nitratfilm (eldre enn 1953). Eksemplar av pliktavleverte videogram vert òg tekne vare på av Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket mottek som pliktavlevert materiale alt NRK sender, både riks- og lokalsendingar. Det kan etter lova òg krevjast avlevering frå andre kanalar med konsesjon i Noreg. Ein del eldre kringkastingsmateriale er overført frå NRK.

5.3.4 Fag- og forskingsbibliotek

Akkvisisjonane ved fag- og forskingsbiblioteka speglar av fagprofilen ved dei lærestadene biblioteka tilhøyrer. I samsvar med ordninga med knutepunktinstitusjonar for universitet og høgskular i Noregs-nettet har biblioteka i dei aktuelle institusjonane tilsvarande funksjonar på bibliotekfeltet. I tillegg har universitetsbiblioteka i Oslo og Trondheim og dei vitskaplege høgskulane delt eit emneansvar mellom seg.

Det vart i alt kjøpt inn i overkant av 540 000 nye bøker og tidsskrift i 1998, og av dette stod biblioteka ved universiteta og dei vitskaplege høgskulane føre nær helvta. Rapporterte tal i 1997 og 1998 for fag- og forskingsbiblioteka viser at utgifter til seriepublikasjonar tek om lag 50 pst. av utgiftene til kjøp til samlingane. Samla innkjøp utgjer 36 pst. av driftsutgiftene (frårekna Nasjonalbiblioteket), og det er mykje meir enn i folkebiblioteka. Ein veksande utgiftspost for fag- og forskingsbiblioteka er utgifter til informasjonstenester. Berre frå 1997 til 1998 steig desse frå 15 til 24 mill. kroner.

I 1998 hadde fag- og forskingsbiblioteka 18,2 mill. bøker og seriepublikasjonar. Biblioteka ved universiteta og dei vitskaplege høgskulane hadde nær helvta av desse. Dei offentlege spesialbiblioteka hadde 20 pst., og Nasjonalbiblioteket og biblioteka ved dei statlege høgskolane 15 pst. kvar, medan dei private spesialbiblioteka hadde 4 pst.

Fag- og forskingsbibliotek har òg spesialsamlingar med manuskript, foto, anna audiovisuelt materiale, mikroformer og teikningar. I første rekkje gjeld det universitetsbiblioteka i Bergen og Trondheim. Stundom er det tale om materiale etter forskarar som har arbeidd ved institusjonane.

5.4 Samlingshandtering og - bevaring

Av plassomsyn må folkebiblioteka med jamne mellomrom fjerna bøker o.a. som brukarane syner lita eller inga interesse for. I perioden 1993-1998 rapporterte folkebiblioteka ein årleg avgang frå samlingane på mellom 615 000 og 815 000 einingar, alle medium medrekna. Det utgjer 3-4 pst. av totalbestanden. Avgangen av bøker og tidsskrift i fag- og forskingsbiblioteka var i 1997 og 1998 300 000 og 210 000 einingar, eller høvesvis 1,7 pst. og 1,2 pst. av samlingane. Ein del av materialet går til depotbiblioteket ved Nasjonalbiblioteket, avdeling Rana.

Når det gjeld handtering og bevaring av samlingane, er Nasjonalbiblioteket i ei særstilling. Slik sett har dei oppgåver og problemstillingar som er like dei som arkiv og museum møter. Samlingane i Nasjonalbiblioteket inneheld både eldre og nyare materiale. Målet er å bevara materialet så godt som mogleg, og å finna adekvate løysingar på slitasjeproblema ved bruk. Nye media krev nye konserveringsteknikkar. Det vert heile tida arbeidd med restaurering og bevaring av samlingane.

For Nasjonalbiblioteket er fullgode magasin heilt avgjerande for bevaringsarbeidet. I Rana har Nasjonalbiblioteket tryggingsmagasin i fjell og dessutan lager for nitratfilm. Nasjonalbiblioteket, avdeling Oslo har overteke den gamle bygningen etter Universitetsbiblioteket, men denne gjev dårlege bevaringsvilkår for eldre unike samlingar. Eit nytt magasinbygg under bakkenivå er difor under planlegging.

For å spara eldre, verdfulle samlingar frå bruksslitasje kan det verta aktuelt å digitalisera delar av desse. Då vil den digitale versjonen utgjera hovudmaterialet for publikumsbruk. Nasjonalbiblioteket har gjennom eigne prosjekt etablert god kompetanse på å digitalisera eit breitt spekter av samlingstypar. Jf. elles kap. 5.5.2 nedanfor.

Digitalisering som førebyggjande konserveringstiltak er òg aktuelt i Arkivverket og musea. Det er difor viktig at denne aktiviteten vert samordna på best mogleg måte. I tillegg vil det vera naturleg med eit nærare samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og Arkivverket når det gjeld papirkonservering.

I kap. 5.10.7 er behovet for sikring av masterarkivet ved Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek omtalt. Digitalisering av dette arkivet vil vera ei naturleg oppgåve å løysa i samarbeid med Nasjonalbibliotektet.

Nasjonalbiblioteket får ei særskild utfordring når det gjeld langtidslagring av digitale dokument, anten dei er pliktavleverte eller er digitale representasjonar av anna originalmateriale. Desse utfordringane liknar noko på bevaringsutfordringane på arkivområdet, jf. kap. 4.4, og departementet vil sjå til at det vert optimal samordning av innsats og kompetansebygging på dette feltet.

5.5 Informasjonshandtering og bruk av IKT

5.5.1 Tilrettelegging av informasjon

Med unnatak av nokre mindre bibliotek har så godt som alle no samlingane sine registrerte i ein database og dessutan tilknyting til Internett, med dei føremonene dette representerer både for arbeidet internt og for samkvemmet med omverda.

Fleire biblioteksystem er i bruk i folkebiblioteka. Dei fleste universitets- og høgskulebiblioteka og Nasjonalbiblioteket er knytte til BIBSYS. Elektroniske nettverk inneber endra rammevilkår for samarbeid mellom bibliotek. Teknologisk er det i dag mogleg å skapa eitt nasjonalt biblioteknett på tvers av ulike system. Frå statleg hald vil det vera ei viktig oppgåve å fremja samkvem og samvirke mellom systema ubunde av tradisjonell biblioteksektortenking. Eit slikt nasjonalt biblioteksystem kan gje tilgang til fellestenester og sentrale ressursar, effektivisera registrering og medverka til å utvikla nye tenestetilbod. Det er eit mål at den offentlege ressursinnsatsen som biblioteksektoren representerer, kan utnyttast ubunde av tid, stad og IKT-system.

Det pliktavleverte materialet dannar grunnlaget for nasjonalbibliografien. Utforming av nasjonalbibliografien byggjer på registrering i BIBSYS ved mottak av pliktavlevert materiale. Denne registreringa dannar grunnlagsdata for den vidare oppgraderinga til nasjonalbibliografisk nivå med klassifikasjon. Nasjonalbiblioteket konverterer no dei eldre delane av nasjonalbibliografien retrospektivt, og denne vil snart vera elektronisk tilgjengeleg attende til 1920. Nasjonalbiblioteket har òg ansvaret for katalogisering av kulturhistorisk viktige samlingar av lyd og bilete. Denne verksemda må i stor grad samordnast med institusjonar utanfor biblioteksektoren.

5.5.2 Digitalisering

Å digitalisera inneber i denne samanhengen å overføra t.d. tekst, bilete og lyd til ei form som kan lesast elektronisk. Stendig meir informasjon ligg føre i digital form, dels berre i digital form. For brukarar av biblioteka opnar dette for nye tenester og utfordringar. Nye medium krev i stor grad aktive brukarar som handlar annleis enn i møtet med dei tradisjonelle media. I motsetnad til tradisjonelle medium som bøker, aviser og tidsskrift vil mange elektronisk lesbare medium vera i stendig endring, dvs. at dei kan endra innhald over tid.

Opphavsretten set grenser for å digitalisera verk og samlingar. Ein lyt ha samtykke frå opphavsmennene før ein kan digitalisera samlingar og gjera dei tilgjengelege for allmenta. Å klarera alle opphavsrettane er ofte særs arbeidskrevjande.

Retten til å gjera digitale verk tilgjengelege for allmenta ved direktekopling er òg opphavsmannens einerett. Dette medfører at bibliotek oftast må ha samtykke frå opphavsmannen for å gjera verk tilgjengelege i biblioteka. Avtaler med rettshavarane vert følgjeleg meir og meir vanlege.

Mange databasar er ikkje gratis tilgjengelege, eller vil ikkje vera det i framtida. Det vil krevjast passord og avtaler om betalingsordningar for å få tilgjenge. Det er under utvikling ei rekkje lisensavtaler for å gjera ulike databasar tilgjengelege for biblioteka, t.d. avtaler om tilgjenge til elektroniske tidsskrift eller referansedatabasar. Ikkje minst med tanke på fjernundervisning og etter- og vidareutdanning bør det vera av interesse for folkebiblioteka å kunna tilby slike tenester. Samstundes er det urealistisk å venta at alle bibliotek vil kunna gjera det. Å gje alle tilgjenge til informasjon er i større grad enn tidlegare eit spørsmål om økonomi. For å oppnå målet om likt tilgjenge til informasjon for alle, ubunde av bu-, studie- eller arbeidsstad, vil det truleg vera tenleg å nå fram til avtaler som femner om alle norske bibliotek.

Nasjonalbiblioteket har god kompetanse på fleire IKT-område. Å digitalisera ulike materialtypar er eit satsingsområde, og Nasjonalbiblioteket er involvert i fleire digitaliseringsprosjekt, både nasjonalt og internasjonalt. Eit anna satsingsfelt er bruk av IKT og kraftige datanettverk i formidling av samlingane, både mot nasjonale og internasjonale målgrupper.

For fullt ut å kunna nytta potensialet i samordna IKT-tiltak innanfor kulturområdet er det viktig at alle aktuelle institusjonar innanfor dei ulike sektorane får god tilknyting til Internett. Det bør skipast tilknytingar som gjer det mogleg å formidla og bruka tenester som integrerer ulike slag informasjon, medrekna lyd og levande bilete. Arbeidet med samkatalogar kan effektiviserast monaleg dersom ein lagar distribuerte overbygningar på eksisterande katalogverkty i bibliotek, arkiv og museum.

5.5.3 Samarbeidstiltak

Kulturnett Noreg

Nasjonalbiblioteket har ansvar for sentraleininga i Kulturnett Noreg. Denne er leidd av ei styringsgruppe med representantar for dei institusjonane som har ansvar for sektornetta. Nasjonalbiblioteket skal leggja tilhøva til rette for dei tenestene sektornetta måtte ha trong for og medverka med innhald.

Biblioteknett Noreg er eit sektornett under Kulturnett Noreg. Det er felles nettstad for alle norske bibliotek og skal gje eit samla oversyn over alle bibliotektenestene som finst på Internett i landet. Nasjonalbiblioteket, Riksbibliotektenesta og Statens bibliotektilsyn har saman ansvaret for å organisera arbeidet med nettet. Den daglege drifta er lagd til Statens bibliotektilsyn. Biblioteknett Noreg skal vera eit tilbod til både publikum og fagmiljø, med publikum som den viktigaste målgruppa, og seks av sju inngangar på heimesida er retta mot publikum.

Katalogar

Nasjonalbiblioteket driv ei rekkje databasar med bibliografisk og annan informasjon, m.a. samkatalogar for bøker, periodika og musikkprent. Gjennom nasjonalt og internasjonalt samarbeid vert det utvikla bibliografiske tenester og produkt som legg grunnlaget for gjenbruk av data for alle bibliotek, og som gjev publikum informasjon om Noreg og det norske samfunnet. BIBSYS er den viktigaste samarbeidsparten for Nasjonalbiblioteket i dette arbeidet, og data frå Nasjonalbiblioteket utgjer ein stor del av denne basen.

BIBSYS er felles database for om lag 70 fag- og forskingsbibliotek. Mellom desse er Nasjonalbiblioteket, alle universitetsbiblioteka, dei fleste statlege høgskulebiblioteka og ein del andre fagbibliotek. BIBSYS vart skipa i 1972 og inneheld om lag 2,2 mill. titlar. Monografiar, periodika og ymse spesialsamlingar, som t.d. kart, inngår i basen. BIBSYS byggjer på samarbeid om katalogisering, og kostnadene for systemet vert delt mellom dei biblioteka som er med.

5.5.4 Det digitale biblioteket

Uttrykket det digitale biblioteket vert nytta på fleire måtar. Somme nyttar det om ein institusjon som gjev tilgjenge til elektronisk lagra informasjon, gjerne i fulltekst, og då i motsetnad til eit tradisjonelt bibliotek med berre bøker og andre handfaste dokument. Andre talar om eit bibliotek som ikkje finst anna enn i form av den samla tilgangen til elektronisk lagra informasjon som vert lagd fram for brukaren. Dette biblioteket eksisterer ubunde av fysiske samlingar og lokale og vert gjerne kalla det virtuelle biblioteket.

Meir og meir informasjon finst i digital form; brukarar søkjer oftare informasjon ved hjelp av digital teknologi, og denne teknologien er etter måten rimeleg og tilgjengeleg for stendig fleire. Digitale bibliotek har dei siste åra vorte eit eige internasjonalt fagfelt.

For folkebiblioteka er det i den nære framtida rettare å tala om digitale samlingar; biblioteket vil framleis vera ein stad å vera, ein fysisk møtestad i lokalsamfunnet eller i utdanningsinstitusjonen. Biblioteket vil gje tilgjenge til eigne og andres samlingar av tradisjonelt materiale, samstundes som dei digitale samlingane vert stilte til rådvelde for publikum. Vidare lyt biblioteket yta rettleiing og aktiv formidling. Tilgjenge til digitale samlingar vil framstå som ein stendig viktigare del av det samla tilbodet.

For alle bibliotek er det digitale biblioteket ei stor fagleg og organisatorisk utfordring. Dei vil måtta samarbeida tettare og på nye måtar. Grensene mellom arkiv, bibliotek og museum vil verta mindre skarpe etter kvart som ein tek i bruk same teknologien. På dette området ligg det mange oppgåver for eit nytt samordningsorgan for dei tre sektorane.

5.6 Andre bibliotektenester

5.6.1 Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB)

NLB er både eit landsomfattande folkebibliotek som produserer og låner ut allmenn litteratur til syns- og lesehemma, og studiebibliotek for syns- og lesehemma studentar ved universitet og høgskular. Institusjonen har 43 stillingar, og i 1999 er budsjettet 26,7 mill. kroner. Mykje av midlane er bundne opp i lønsutgifter og utgifter til husleige og drift av lokala. Produksjon av studiemateriell blir prioritert, og resterande midlar blir nytta til produksjon av folkebiblioteklitteratur. Utlånet dei siste åra syner òg ein svak nedgang frå 205 500 i 1996 til 196 000 i 1998.

Tabell 5.2 Produksjon 1996-98 ved NLB

199619971998
Lydbøker350221187
Blindeskriftbøker232130205
Partitur4298
Studielitteratur:
Lyd300262162
Blindeskrift262514
Til saman912667576

Tabell 5.2 syner ein nedgang i produksjonen av både allmenn- og studielitteratur. Det er både tekniske og organisatoriske grunnar til dette. NLB er ikkje på høgde med den teknologiske utviklinga på feltet, og dei har heller ikkje reagert snøgt nok på endringar i studenttal og etterspurnad.

NLB har til no ikkje hatt ordinær produksjon av elektroniske bøker, men dei ynskjer å koma i gang med dette snarast råd. Innan kort tid vil digitale lydbøker avløysa dagens analoge lydbok. Etter kvart vil utstyr for inn- og avspeling av analoge lydbøker verta avlegs, og dei analoge masterbanda vert utsette for stor slitasje. I tillegg ynskjer NLB å laga såkalla hybride bøker (lyd og tekst), særleg for studielitteratur.

Eit heilt udekt område er tilrettelagde fagbøker for yrkesaktive blinde og synshemma som ynskjer å oppdatera seg fagleg. Heller ikkje dyslektikarar får i nemnande mon stetta behovet sitt for studielitteratur - som lydbøker - gjennom NLB.

Utover drifta av NLB yter staten òg tilskot til Norges Blindeforbunds punktskrift-trykkeri,som produserer tidsskrift og organisasjonsmateriell i blindeskrift, lyd og storskrift. Dessutan får Kristent arbeid blant blinde (KABB) statleg tilskot til lydbiblioteket sitt.

5.6.2 Andre litteratur- og bibliotekorgan

Norsk barnebokinstitutt (NBI) er eit dokumentasjons- og informasjonssenter for norsk barne- og ungdomslitteratur. Instituttet har som mål å vera eit kompetansesenter på feltet, medverka til forsking og nyrekruttering innanfor fagområdet, og samarbeida med universitet og høgskular for å auka kompetansen hjå dei som formidlar barnelitteratur. I 1997 utgjorde samlingane 54 000 band, og NBI ytte tenester til forskarar, lærarar, studentar og ulike kulturinstitusjonar og medium. Dei norske og nordiske delane av samlingane dublerer i stor grad samlingar i Nasjonalbiblioteket. Alt i alt har NBI og Nasjonalbiblioteket samanfallande interesser og arbeidsoppgåver i ein grad som gjer det naturleg å vurdera eit nærare samarbeid og ei samordning, eventuelt innlemming av NBI i Nasjonalbiblioteket.

Arbeidet i Norsk Visearkiv og Norsk Jazzarkiv og delar av verksemda i Norsk Musikkinformasjon ligg nær opp til dei oppgåvene som vert løyste eller som bør verta løyste ved Norsk musikksamling i Nasjonalbiblioteket. Departementet vil sjå nærare på dette for å tryggja ei fullgod samordning.

NORLA (Norwegian Literature Abroad) skal informera om og formidla norsk skjønnlitteratur til utlandet og initiera tiltak som kan fremja norsk litteratur i utlandet. NORLA gjev tilskot til omsetjing og held oversyn over omsetjingar av norsk skjønnlitteratur.

MUNIN (Marketing Unit for Norwegian International Non-fiction) er eit prosjekt under Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, finansiert av Det faglitterære fond, Universitetsforlaget og Kulturdepartementet. Prosjektet skal fremja omsetjing av norsk faglitteratur og gjera denne kjend i utlandet. Prosjektet er no inne i ein utvida prøveperiode fram til 2001.

5.6.3 Andre bibliotektenester

Dei tenestene folkebiblioteka yter, skal vera tilgjengelege for alle som bur i landet. Menneske som av ulike grunnar ikkje kan gjera bruk av dei ordinære tilboda, skal få tilrettelagde tenester. I fyrste rekkje er det kommunane som lyt syta for at intensjonane i biblioteklova vert oppfylte, men det ligg òg oppgåver av utjamnande karakter til fylka og staten. For dei som er på sjukehus og i institusjonar, har det forvaltningsnivået som er ansvarleg for drifta av institusjonen, òg ansvar for eit bibliotektilbod. Dette inneber at staten skal syta for bibliotektenester for pasientar i statlege helseinstitusjonar og for innsette i fengsel. Vidare yter staten tilskot til visse føremål som ikkje naturleg høyrer inn under den einskilde kommunen.

Bibliotekteneste i statlege helseinstitusjonar

Staten kjøper tenester frå Deichmanske bibliotek for å gje eit bibliotektilbod til pasientar på Rikshospitalet og for born og unge som er innlagde på Oslo Sanitetsforenings revmatismesjukehus. Liknande tilbod bør opprettast ved ytterlegare 5-6 institusjonar.

Bibliotekteneste i fengsel

Frå 1980 har det vore faste løyvingar til bibliotekteneste i fengsel. Ansvaret for tenestene er delt ved at fengslet held lokale og inventar, medan Statens bibliotektilsyn dekkjer utgifter til løn, bøker og andre medium. Verksemda er regulert ved avtaler med dei respektive kommunane. Bibliotektenesta ved Ullersmo landsfengsel vert driven av Akershus fylkesbibliotek.

Av dei i alt 38 krins- og hjelpefengsla og arbeidskoloniane er fire sentralanstaltar og sju krinsfengsel omfatta av den statleg finansierte bibliotektenesta. Dette vil seia at i alt 1 301 soningsplassar har bibliotektilbod. Ved utgangen av 1999 vil det vera i alt 2 919 soningsplassar i norske fengsel. Av desse vil då 44 pst. ha bibliotektilbod.

I medel låner ein fange 97,9 bind kvart år, medan medeltalet elles er 5,19 einingar (bøker og andre medium). Etterspurnaden tilseier ytterlegare utbygging av dette tilbodet.

Bibliotekteneste for innvandrarar og flyktningar

Frå 1975 har staten løyvd midlar til å byggja opp ei sentral samling av litteratur på innvandrarspråk, særleg for innvandrarar frå fjerne land. Deichmanske bibliotek utfører denne tenesta, som omfattar fjernlån (einskildlån og bokdepot) av bøker og andre medium på innvandrarspråk, informasjon og kompetanseoverføring til kommunar utanfor Oslo. Kommunar med meir enn 100 ibuarar innanfor same språkgruppa vert tilrådde sjølve å leggja til rette bibliotektilbod for desse. Ei rekkje kommunar har bygd opp eigne litteratursamlingar. Samlinga ved Deichmanske bibliotek - Det flerspråklige bibliotek - supplerer desse samlingane. Samlinga femner no om 154 000 band på 37 språk. Av desse er 64 000 band bøker for born og unge. I St.meld. nr. 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge heiter det m.a.:

«Det kulturtilbudet som har lyktes best i å nå mange innvandrere er folkebibliotekene. En nyere undersøkelse viser at svært mange med innvandrerbakgrunn hadde vært innom biblioteket i løpet av et år, og andelen er langt større enn blant den øvrige befolkningen. Ingen andre ungdomsgrupper låner så mange bøker som jenter med innvandrerbakgrunn»

5.6.4 Bibliotek- og litteraturtilbod til høyrselshemma

I Noreg finst det om lag 4 000 dauve som brukar teiknspråk som fyrstespråket sitt. Kvart år vert det fødd 40-50 dauve born, og av desse vil 25-30 verta aktive brukarar av teiknspråk. I tillegg vert ein del personar kvart år dauve etter skadar eller sjukdom.

Det tilbodet som i praksis kan gjevast til denne gruppa, er levande bilete; filming eller opptak på video av person(ar) som les opp på teiknspråk. Videobok er nemninga for slike dokument. Ei videobok kan vera rein opplesing, men inneheld ofte illustrasjonar, rørsler og/eller dramatisering.

I samband med prosjektet Det gylne tegnet (1995-97), eit prosjekt under Regjeringas handlingsplan for funksjonshemma, administrert av Statens bibliotektilsyn, vart det vurdert om tilrettelagd svartskrift kunne vera eit alternativ for dauve og tunghøyrde. Det vil vera eit supplement for ein del høyrselshemma, men spørsmålet om behov og eventuell produksjon må utgreiast nærare. Prioriteringa i hovudprosjektet, å fremja produksjon av videobøker på teiknspråk, tykkjest å ha vore eit rett val. I prosjektperioden vart det gjeve tilskot til produksjon av 27 videoboktitlar. I åra etter har Statens bibliotektilsyn nytta kr 500 000 årleg til produksjon av nye videobøker, men produksjonskostnadene er så høge at denne løyvinga berre dekkjer utgifter til produksjon av to-tre nye videobøker kvart år.

Døves forlag legg til rette og gjev ut prenta materiale, teiknspråkmateriale og annan litteratur om og for dauve. Forlaget får fast tilskot for å gje ut Døves tidsskrift.

Stiftinga Døves Video, Ål, er heilt ut finansiert over Kulturdepartementets budsjett. Stiftinga vart oppretta av Norges Døveforbund. Hovudverksemda har i meir enn ti år vore produksjon av fjernsynsprogram på teiknspråk.

Tilbodet på videobøker i Noreg er framleis under 50 titlar. Særleg spesialskular og småbornsforeldre etterlyser fleire nye titlar. Høyrande familiemedlemer har òg stort utbyte av videobøkene, i arbeidet med å læra seg hovudspråket til den dauve familiemedlemen. Det har vore tilrådd å skipa eit kompetansebibliotek for dauve. Departementet vil vurdera dette nærare.

5.6.5 Litteratur- og informasjonstenester for dauvblinde

Det finst om lag 300 dauvblinde i Noreg. Dette er ei gruppe med heilt særskilde og individuelle behov. Nyhende, litteratur og annan informasjon er prioriterte område for å betra livsvilkåra for denne gruppa.

Interesseorganisasjonen for dei dauvblinde, Foreningen Norges Døvblinde, mottek årleg statstilskot til informasjonsarbeidet sitt. Landsforbundet for kombinert Syns- og Hørselshemmede (LSHDB), tidlegare Norges Usher Forening, får òg ein mindre sum til informasjonstiltak.

Departementet har teke initiativet til ei kartlegging og evaluering av litteratur- og informsjonstilbodet til dei dauvblinde og vil sjå nærare på korleis behova til denne gruppa best kan ivaretakast.

5.7 Samfunnskontakt og formidling

5.7.1 Tilbod

Det finst folkebibliotek i alle kommunane. I somme små kommunar er dette nære på det einaste offentlege kulturtilbodet. Tilbodet omfattar ofte ei rekkje tenester som lån av bøker, tidsskrift, plater, noteprent, lydbøker og kvalitetsvideo. Vidare vert aviser, tidsskrift, leksika og andre oppslagsverk stilte til rådvelde i biblioteklokala. Informasjonsinnhenting kan skje gjennom bruk av Internett eller CD-ROM, på eiga hand eller med hjelp frå personalet. Informasjonsmateriell frå etatar og organisasjonar finst i biblioteket eller kan skaffast. Folkebiblioteket skaffar òg bøker og anna som biblioteket ikkje sjølv eig.

Folkebiblioteka skal vera brukarorienterte: publikum skal få rettleiing og aktiv informasjon. Opningstider, tenester og lokale skal vera tilpassa lokalsamfunnet, og ein skal særleg tilgodesjå grupper med spesielle behov. Biblioteka har eit særleg ansvar for born og unge. Det vert nedlagt monalege ressursar i tilrettelegging av tilbod og formidling til desse aldersgruppene. Fleire og fleire folkebibliotek legg elles vinn på å stilla lesesals- og arbeidsplassar til rådvelde for brukarar som deltek i vaksenopplæring, etter- og vidareutdanning.

5.7.2 Tilgang og bruk

Opningstida pr. veke i hovudbiblioteka er i medel 23,7 timar. For kommunar med ibuartal under 3 000 er opningstida i medel 13,2 timar i veka. Etter kl. 17 varierer opningstidene mykje; kommunar med meir enn 50 000 ibuarar har kveldsope 10,6 timar i veka, medan kommunar med færre enn 3 000 ibuarar held ope i 3,4 timar på kveldstid. 41 pst. av hovudbiblioteka har laurdagsope, men i kommunar med færre enn 3 000 ibuarar er berre 12 pst. av biblioteka opne om laurdagen. Svært få bibliotek held sundagsope, og det gjeld då bibliotek i dei større byane.

Bruken av tenestene i folkebiblioteka har endra seg noko i perioden 1993 til 1998. Utlån av bøker, i fyrste rekkje skjønnlitteratur, har gått litt ned, frå 4,7 bøker pr. person i 1993 til 4,3 i 1998, jf. figur 5.3. Størst nedgang har det vore i utlån av skjønnlitteratur til vaksne. Derimot viser utlån av andre medium ein markert auke. Utlån av videoar vart tredobla i perioden, jf. figur 5.4.

Figur 5.3 Utviklinga av bokutlån i folkebiblioteka 1993-1998

Figur 5.3 Utviklinga av bokutlån i folkebiblioteka 1993-1998

Kilde: Kjelde: Statens bibliotektilsyn

Jamvel om endringane er etter måten små, er tendensen at utlån av bøker stagnerer eller går ned, medan utlån av andre medium aukar.

I den same perioden, 1993-1998, viser tal frå Riksbibliotektenesta ein vokster på 44 pst. i det samla utlånet i fag- og forskingsbiblioteka. Medan utlånet har vore tilnærma konstant i universitetsbiblioteka, har særleg høgskulebiblioteka hatt stor auke i utlånet i den aktuelle perioden. I 1998 var det registrert 3,8 mill. utlån; av dette var 3,3 mill. lokale utlån og 0,5 mill. fjernlån.

Figur 5.4 Låneutvikling av andre media i folkebibliotek 1993-1998.

Figur 5.4 Låneutvikling av andre media i folkebibliotek 1993-1998.

Kilde: Kjelde: Statens bibliotektilsyn.

5.7.3 Bibliotek og born og unge

Folkebiblioteka har eit breitt og allsidig tilbod til born. Ved sida av utlån av bøker og andre medium driv dei fleste med litteraturformidling gjennom eventyrstunder og andre arrangement som dokketeater, barneteater og forfattarbesøk. Det vert òg lagt til rette for besøk av skuleklasser og barnehagar.

Born er ihuga lånarar; 6 av 10 vitjar folkebiblioteket i løpet av eit år; av 11- og 12-åringane er meir enn 90 pst. innom biblioteket. Jenter brukar biblioteket meir enn gutar, men i aldersgruppa 12-15 år hadde gutar i større grad enn jenter vitja biblioteket 10 gonger eller meir siste året, syner ei undersøking. I 1998 utgjorde barnebøker 27,6 pst. av boktilfanget i norske folkebibliotek, medan born stod for 40,7 pst. av bokutlånet. Same året var landsmedelen for utlån til born 9,44 bøker pr. barn. Det er store skilnader mellom kommunane; høgste utlånet til born i 1998 hadde Utsira med 92,4 bøker pr. barn; lågast på statistikken låg Agdenes med 0,25 bøker pr. barn.

I perioden 1995-97 gjekk utlånet av bøker til born ned med 8,2 pst. Ulike undersøkingar syner at lesing av bøker, bibliotekutlån og leseevne går attende, særleg mellom gutar i aldersgruppa 11-16 år.

Born og unge vil framleis vera eit viktig satsingsområde for biblioteka, og særleg viktig vil det vera å stimulera interessa for å lesa. Det vert årvisst gjennomført ein aksjon for å styrkja barnelitteraturen si stilling, betra lesedugleiken, stimulera til lesing og skapa leseglede. Sameleis vert det samla frambodet av nye barne- og ungdomsbøker kvart år gjennomgått og vurdert m.a. som rettleiing for biblioteka.

5.7.4 Bibliotek som møtestad

Folkebiblioteket er ein sentral møtestad i lokalsamfunnet. Biblioteket skal ikkje berre vera ein arena for lån av bøker og andre medium, men òg ein interessant og hyggeleg stad å vera for alle aldersgrupper.

Litteratur- og kulturformidling i vid forstand er ei av hovudoppgåvene for folkebiblioteka. Mange bibliotek arrangerer forfattarbesøk, opplesingar, føredrag og konsertar. 6 pst. av bibliotekbrukarane i 1998 svara at dei hadde vore på møte, førestellingar o.l. på biblioteket. Aldersgruppa 65-79 dominerte her. 29 pst. av bibliotekbrukarane i 1998 hadde sett utstillingar på biblioteket.

Nasjonalbiblioteket har ansvar for formidling av norsk skriftkultur. Vidare har institusjonen ansvar for formidling av norske lyd- og biletutgjevingar av alle slag. Nasjonalbiblioteket formidlar elles ei rekkje databasetenester og andre tenester både gjennom tradisjonelt fjernlån og via datanettverket. Nasjonalbiblioteket gjer tilgjengeleg og formidlar tilfang både til forsking og til allmenta. Institusjonen skal samarbeida med alle bibliotek i landet. Center for the Book ved Library of Congress i USA er eit føredøme for utviklinga av utoverretta tiltak ved Nasjonalbiblioteket.

5.7.5 Folkebibliotek og skulebibliotek

Den nye opplæringslova inneber ei oppmjuking av kravet til skulebibliotek i grunnskulen og den vidaregåande skulen, utan at dette skal føra til eit dårlegare bibliotektilbod for elevane.

Den ordlyden kravet om skulebibliotek har fått i den nye opplæringslova, vil truleg føra til ny interesse for å skipa kombinasjonsbibliotek i ein del kommunar. Det er då viktig å vurdera behova for båe biblioteka. Eit folkebibliotek som skal yta tenester til alle, må vera sentralt plassert. På den andre sida må eit skulebibliotek vera tilgjengeleg heile skuletida. Anten kommunane vel den eine eller andre løysinga, vil det vera viktig at dei utviklar det samarbeidspotensialet som ligg i kontakten mellom folkebiblioteket og skulane.

5.7.6 Biblioteket og vaksenopplæring, etter- og vidareutdanning

Det friviljuge studiearbeidet har gjennom mange år vore ein berebjelke for utviklinga av lokal kultur og folkeopplysing. Biblioteka har alltid vore ein viktig tenesteytar for studieorganisasjonane. Med stor grad av samanfallande mål vil det vera naturleg å byggja dette samarbeidet vidare ut. Studieorganisasjonane kan såleis både vera ein medspelar for biblioteka og ei målgruppe for tenester og tilbod.

Fjernstudium og desentraliserte tilbod frå universitet og høgskularhar fått eit aukande omfang. IKT-utviklinga og kompetansereforma tilseier at slike undervisningsformer vil få endå meir å seia i åra frametter. Mange studium stiller store krav til bibliotektenestene, og folkebiblioteka har i mange år merka stor pågang frå studentar som studerer utanfor dei faste institusjonane.

Institusjonar som gjev tilbod om fjernstudium, eller skipar til kurs utanfor eigne lokale, har eit ansvar for at studentane får eit bibliotektilbod. Dei lyt sjølve greia ut korleis dette tilbodet skal tilretteleggjast, og eit avtalt samarbeid med eit eller fleire folkebibliotek kan vera ei god løysing. Delar av bibliotekbehovet vil vanskeleg kunna løysast av t.d. høgskulane sjølve. Ei fullgod bibliotekteneste inneheld mykje meir enn eit tilbod om å få låna den litteraturen som studiet krev. Mange har t.d. bruk for studieplass utanfor heimen. Det er behov for oppslagsverk og referansetenester, tilgang til digitale informasjonskjelder og hjelp frå ein profesjonell framhentar av informasjon.

Ofte er det private organisasjonar og stiftingar som tilbyd fjernstudium. Mange av desse har ikkje noko bibliotek i det heile, og prinsippet om at studietilbydarane skal leggja til rette bibliotektenester til fjernstudentane sine, får då lite å seia. Studentar ved t.d. Folkeuniversitetet eller NKS har sjeldan andre alternativ enn folkebiblioteket. Studium tufta på bruk av Internett vil på fleire felt føra til at utanlandske tilbod kan verta mykje nytta. Dette kan gje nye utfordringar for folkebiblioteka som studiebibliotek.

Kompetanseutvikling i arbeidslivet har eit ikkje lite omfang, særleg i større verksemder, kommunar og institusjonar. Når opplæringa skjer på arbeidsstaden, vert det lagt lita vekt på bibliotekbruk, men i somme høve kan det verta skipa til utdanningstilbod som krev bibliotektenester, og ei avtale med det næraste biblioteket kan vera ei løysing.

5.8 Forsking og utvikling

Som tilretteleggjarar spelar fag- og forskingsbiblioteka ei heilt sentral rolle i samarbeid med dei ulike forskingsmiljøa som biblioteka skal tena. Gjennom kontakt med fagmiljøa og avansert referansearbeid utgjer desse biblioteka ein viktig faktor i utviklinga på FoU-området. St.meld. nr. 39 (1998-1999) Forskning ved et tidsskille strekar under den viktige rolla arkiv, bibliotek og museum har som integrert del av kunnskapsallmenningen. Vidare heiter det:

«Forskningen er tjent med rask og enkel tilgang på faglitteratur, kilder og referanser. Gode fag- og forskningsbiblioteker er en forutsetning for god forskning. En stadig større produksjon av faglitteratur kombinert med begrensede ressurser til bokinnkjøp gjør imidlertid at de enkelte bibliotekene vanskelig kan dekke forskernes behov alene. I stigende grad må de låne eller kjøpe dokumenter fra andre biblioteker».

For å tryggja at arkiv, museum og ein samla biblioteksektor skal kunna utgjera ein best mogleg kjelde- og kunnskapsressurs, ikkje minst i FoU-samanheng, har Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet skipa ei arbeidsgruppe for IKT og andre sektorovergripande spørsmål innanfor arkiv, bibliotek og museum. Hovudoppgåva er å kartleggja fellesområda for dei tre sektorane og mellom anna tilrå tiltak som kan skapa synergieffektar for forskings-, utdannings- og kultursektoren.

Nasjonalbiblioteket vil driva FoU-arbeid på IKT-sida, ikkje minst innanfor temaområdet det digitale biblioteket. Forsking og utvikling på IKT-området omfattar i dag både digitale bibliotektenester og pliktavlevering av elektroniske dokument. Nasjonalbiblioteket tek òg del i ei rekkje nordiske samarbeidsprosjekt og i EU-prosjekt på fagområdet. Prosjekta omhandlar m.a. handtering av digitale samlingar, digitale radiolager, digitalisering av eldre samlingar og bibliografisk kontroll med elektroniske publikasjonar.

Noregs forskingsråd (NFR), området Kultur og samfunn, har eit program for bibliotekforsking. Programperioden går frå 1. august 1996 til 31. desember 2001. Mål for programmet er å utvikla auka akademisk kompetanse innanfor det bibliotek- og informasjonsvitskaplege fagfeltet. Det skal stimulera bibliotekforsking og gje grunnlag for kompetanseoppbygging, utvikla forskingsmiljø og medverka til å utvikla nettverk for samarbeid og fagleg utvikling. Programmet tek sikte på å auka rekrutteringa til bibliotek- og informasjonsvitskapleg forsking gjennom å auka talet på hovudfagstudentar og doktorandar innanfor feltet.

Gjennom EØS-avtala har norske bibliotek høve til å delta i EUs forskingsprogram. Riksbibliotektenesta er norsk National Focal Point for dei programma som rettar seg mot bibliotekforsking. Så langt har Noreg delteke etter måten lite i dette.

5.9 Utdanningstilbodet

Til nyleg var det berre ei utdanning til fagutdanna bibliotekar i Noreg; eksamen etter tre års studium ved Høgskolen i Oslo, Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag (tidlegare Statens bibliotek- og informasjonshøgskole). I løpet av dei siste åra har fleire utdanningsinstitusjonar gjeve tilbod om bibliotekfagleg utdanning.

Universitetet i Tromsø tilbyd grunnfag, mellomfag og hovudfag i dokumentasjonsvitskap. Mellomfaget kan supplerast med eit grunnfag i bibliotekfag same staden. Saman med eit anna relevant grunnfag vil dette gje cand.mag. grad.

Høgskolen i Nesna tilbyd frå hausten 1997 grunnfag i samlingsutvikling. Med verknad frå hausten 1999 er fagtilbodet omdøypt til Arkiv-, bibliotek- og museumskunnskap.

Høgskolen i Agder tilbyd utdanning i skulebibliotekkunnskap retta mot lærarar og den pedagogiske bruken av skulebibliotek, formidling av barne- og ungdomslitteratur i skulen og bibliotekkunnskap.

Høgskolen i Oslo tilbyd eit stegvis studieopplegg med grunnfag som første steget og bibliotekarstudiet som andre. Grunnfaget tel 20 vekttal innanfor ramma av cand.mag-graden. Andre steget er bibliotekarstudiet som saman med grunnfaget tel 60 vekttal. Høgskolen i Oslo tilbyd òg eit to-årig vidaregåande studium på hovudfagsnivå innanfor informasjonskunnskap og IKT.

Etter endra forskrift til § 5 i biblioteklova om personale i kommunale folkebibliotek kan kandidatar med ein cand.mag-grad som inneheld minimum 40 vekttal bibliotekfag, sidestillast med bibliotekareksamen frå Høgskolen i Oslo når det gjeld å stetta kravet om å vera fagutdanna. Høgskolen i Oslo tilbyd kurs og etterutdanningstilbod av ulik karakter og lengd. Universitetet i Tromsø har òg planar om å setja i gang kurs særskilt retta mot behova i landsdelen.

I 1997 tok Statens bibliotektilsyn initiativet til utvikling og igangsetjing av eit fjernundervisningstilbod i bruk av Internett i folkebibliotek. Statens bibliotektilsyn finansierer elles to utdanningstilbod; obligatorisk utdanningsopplegg for biblioteksjefar utan fagutdanning som er fast tilsette på dispensasjon, og eit kurs i saksførehaving og administrasjon for biblioteksjefar utan fagutdanning som er mellombels tilsette på dispensasjon. For fag- og forskingsbiblioteka har Riksbibliotektenesta teke initiativet til utvikling og gjennomføring av 10-vekttalskurs i bruk av informasjonsteknologi i fag- og forskingsbibliotek og kurs i vaksenpedagogikk for dei tilsette. Riksbibliotektenesta har i fleire år dessutan hatt eit leiaropplæringsprogram for bibliotekarar.

5.10 Utfordringar

I lang tid framover vil biblioteka framleis ha som hovudfunksjon å skaffa og låna ut prenta materiale i ei eller anna form til ulike kategoriar brukarar. Likevel kan det i åra frametter koma store endringar på fleire felt. Den overgripande utfordringa vert å utvikla tenestetilbod til ei brukargruppe med auka utdanningsnivå og høgare krav til tenestene. Den viktigaste endringsfaktoren vil vera auka bruk av IKT. Dette vil stilla store krav til nytenking og kreativitet i høve organiseringa av og innhaldet i bibliotektenestene.

5.10.1 Organisering av tenester i folkebiblioteka

Den noverande strukturen med folkebiblioteka som allmennbibliotek og fag- og forskingsbiblioteka som hovudressurs innanfor utdanning og forsking vil vera naturleg i framtida med, men kombinasjonen IKT og eit samfunn som vil verta prega av livslang læring og etter- og vidareutdanningstiltak, vil krevja tettare samhandling mellom alle delar i eit samla biblioteknettverk. Det ideelle målet er å få til eit tilnærma saumlaust bibliotektilbod til brukarane. Det inneber at som brukar skal ein ikkje måtta tenkja på kva type bibliotek ein vender seg til når ein treng bibliotektenester. Gjeldande praksis for samhandling mellom ulike bibliotektypar ber i viss mon preg av å vera utforma i ei tid då telefon og post var dei einaste kommunikasjonsmidla.

Figur 5.5 Folkebibliotek 1993 og 1998. årsverksprofil.

Figur 5.5 Folkebibliotek 1993 og 1998. årsverksprofil.

Kilde: Kjelde: Statens bibliotektilsyn

Som figur 5.5 syner, har overlag mange folkebibliotek små personalressursar. Det er difor grunn til å streka under det potensialet som ligg i å bruka IKT som hjelpemiddel for i større grad enn i dag å få til interkommunalt samarbeid om folkebibliotektenester, slik lova om folkebibliotek opnar for.

Det kan òg tenkjast at det somme stader ligg til rette for å samarbeida - kan henda òg samorganisera - med museums- eller arkivfunksjonar for på den måten å få til eit større fagmiljø innanfor nærskylde funksjonar og dermed òg betre tenester for ibuarane. I visse samanhengar kan det òg tenkjast at fylkesbiblioteka kan ta ansvar for å organisera interkommunale bibliotektenester. Det viktige er å finna fram til dei samarbeidskonstellasjonane som det lokalt eller regionalt ligg best til rette for.

5.10.2 Organisering av tenester i fylkesbiblioteka

Etter § 9 i biblioteklova skal fylkesbiblioteka ivareta fjernlånsverksemda i fylket, organisera lånesamarbeid mellom biblioteka og ha ansvaret for sin del av den felles planen for å skaffa og oppbevara litteratur, den såkalla emnefordelingsplanen. Den felles planen byrja som ei friviljug ordning der kvart fylkesbibliotek fekk ansvar for å ta vare på litteratur på visse fagområde. Føremålet var fyrst og fremst å sikra at eldre faglitteratur som dei fleste biblioteka kasserer, framleis skulle vera tilgjengeleg i folkebiblioteksystemet. Etter kvart vart opplegget utvida slik at planen òg vart ein innkjøpsplan for faglitteratur. I tillegg vart Deichmanske bibliotek drege inn i samarbeidet ved at det fekk rolla som overordna fjernlånsentral, og biblioteket får eit særleg statstilskot til dette føremålet.

Oppgåva med å ta vare på eldre litteratur vert no etter kvart overteken av depotbiblioteket ved Nasjonalbiblioteket, avdeling Rana. Det er difor liten grunn til å halda på føresegna om den felles planen i biblioteklova. Fjernlånstenestene som Deichmanske bibliotek yter, har derimot ein annan karakter; biblioteket er det største folkebiblioteket i landet med mykje litteratur som ikkje finst andre stader. Det er viktig at desse samlingane er tilgjengelege for fjernlån i framtida med.

I 1998 mottok fylkesbiblioteka 230 000 lånetingingar. Av desse vart 54 000 vidaresende til bibliotek utanfor fylket. I 1996 var tilsvarande tal 269 000 og 74 000. Nedgangen kan skuldast IKT-utviklinga som gjev dei lokale biblioteka høve til sjølve å sjå kvar bøkene finst slik at dei kan tinga direkte. Fag- og forskingsbiblioteka og Nasjonalbiblioteket formidla til saman 48 000 fjernlån til folkebibliotek og bibliotek i den vidaregåande skulen.

Utviklinga av fjernlåna dei seinaste åra tyder på at fylkesbiblioteka si rolle som fjernlånformidlarar vil verta endå mindre. Når alle folkebiblioteka har tilknyting til Internett, og alle dei viktige katalogane vil liggja på nettet, vil det meste kunna verta handtert ved direkte lånesamarbeid mellom bibliotek utan å gå vegen om fylkesbiblioteka.

IKT-utviklinga har ført til at ein no prøver ut nye arbeidsformer i biblioteksamarbeidet. I eit par fylke er katalogane til dei større folkebiblioteka tilgjengelege på Internett, og samlingane deira vert nytta i eit organisert lånesamarbeid som fylkesbiblioteket har teke initiativ til. Vidare har det vore gjennomført tre forsøksprosjekt med såkalla kompetansebibliotek: Nord-Sørbiblioteket, Miljøbiblioteket og Europabiblioteket. Tanken var at bibliotek og skular over heile landet skulle kunna få hjelp frå desse biblioteka. Røynslene er at kompetansebiblioteka har hatt heller lite å seia utanfor eige fylke.

Etter biblioteklova skal fylkesbiblioteket gje råd til lokale styresmakter, yta bibliotekfagleg rettleiing og arrangera møte og kurs om bibliotekspørsmål. I 1998 arrangerte fylkesbiblioteka i alt 344 kurs, og talet er meir enn dobla det siste tiåret. Mange fylkesbibliotek har lagt sterk vekt på rettleiing om IKT-spørsmål dei siste åra og teke initiativ til organisert IKT-samarbeid mellom biblioteka i fylket.

Dei største utfordringane når det gjeld bibliotekoppgåver på fylkesnivå, ligg på felta planlegging, organisering av samarbeid og fellestiltak og kompetanseutvikling. Sjølv om låne- og låneformidlingsoppgåvene ser ut til å endra seg for fylkesbiblioteka, vil dei ikkje heilt ut kunna erstattast på kort sikt. Men departementet vil leggja til rette for å prøva ulike former for organisering av fjernlånsverksemda, m.a. gjennom ei styrking av depotbibliotekfunksjonen ved Nasjonalbiblioteket. Vidare kan det vera grunn til å sjå nærare på om fylkesnivået i større grad bør ta ansvar for drift av mobile bibliotektenester. Departementet vil i samsvar med dette vurdera visse brigde i biblioteklova slik at fylkeskommunane i framtida vert stilte fritt til å organisera bibliotekoppgåvene slik dei finn det mest tenleg.

5.10.3 Innhaldet i bibliotektenestene

Bruken av IKT vil på ulik vis forma og omforma tenesteinnhaldet i bibliotekverda. Det er grunn til å tru at tenestene i fag- og forskingsbiblioteka i stigande grad vil få preg av informasjonsanalysar og formidling av digitale dokument, m.a. tilgang til databasar og til tidsskrift og andre publikasjonar i elektronisk form. I aukande grad vil dette truleg vera betalingstenester, dvs. at biblioteka ved bruk av lisensar e.l. vil betala for tilgjenge til informasjonsinnhaldet. Til ein viss grad vil dette erstatta kjøp av fysiske publikasjonar, særleg når det gjeld tidsskrift. Som døme på denne utviklinga kan nemnast at fag- og forskingsbiblioteka i 1996 rapporterte godt 72 000 såkalla on-line søk. I 1998 hadde talet vakse til over 1,6 mill. søk. Talet på elektroniske besøk i dei same biblioteka voks frå 3,5 mill. i 1996 til over 9 mill. i 1998.

Folkebiblioteka vil òg gradvis få eit sterkare innslag av tenester tufta på IKT. Bruk av folkebibliotek i etter- og vidareutdanningstiltak, anten dei er tufta på fjernundervisning eller ikkje, vil kunna prega utviklinga av tenestetilbodet. Den vanlege informasjons- og litteraturformidlinga vil òg i aukande grad kunna byggja på IKT.

5.10.4 Gratisprinsippet

Då utkastet til ny folkebiblioteklov vart lagt fram i Ot.prp. nr. 14 (1985-86), vart det gjort framlegg om at Kongen i forskrift kunne fastsetja nærare reglar om høve til å ta betalt for særskilde bibliotektenester med unnatak for utlån av bøker. Fleirtalet i Stortinget avviste dette og slo fast at alle tenester i folkebiblioteka skal vera gratis. I St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden vart det òg teke til orde for å vurdera om folkebiblioteka skulle kunna ta betalt for enkelte kostbare tenester, som for eksempel søking i internasjonale databasar. I Innst. S. nr. 115 (1992-93) konkluderte eit fleirtal med at det ikkje var grunnlag for å endra formuleringane om gratisprinsippet i lova. Dei viste til at fag- og forskingsbibliotek både i inn- og utland ytte slike tenester mot betaling. Underforstått meinte stortingsnemnda såleis at dette er eit felt som folkebiblioteka ikkje skal gje seg inn på, med mindre dei er viljuge til å yta tenestene vederlagsfritt.

I samband med Ot.prp. nr. 51 (1995-96) Om lov om endringer i visse lover som vedrører kommuner og fylkeskommuner (særlovprosjektet fase 2) vart gratisprinsippet på ny vurdert. Då såg ein nærare på kor vidt formuleringa om bøker og anna eigna materiale i § 1 kan tolkast, om t.d. datatenester kan seiast å vera dekte av lovteksten eller ikkje. Lovavdelinga i Justisdepartementet konkluderte då i ei fråsegn frå 13. februar 1995 at det ikkje kunne vera tvil om at datatenester i folkebiblioteka er omfatta av gratisprinsippet, og at det må lovendring til dersom det skal kunna gjerast unnatak for visse tenester.

Spørsmålet vert reist att i denne meldinga under kap. 8.4.3.

5.10.5 Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har ein særskild posisjon og difor ein del utfordringar det er åleine om. Som heilskapleg institusjon har Nasjonalbiblioteket berre eksistert sidan 1. januar 1999. Nasjonalbibliotekavdelinga i Rana vart skipa i 1989, stabsfunksjonane med nasjonalbibliotekar kom i 1994, og avdelinga i Oslo kom på plass i 1999 ved at delar av Universitetsbiblioteket i Oslo vart overførte til Nasjonalbiblioteket. Institusjonen har fleire tilpassingsoppgåver framom seg, der arbeidsoppgåver i dei to avdelingane skal samordnast på ein måte som fjernar alle former for dobbeltarbeid, og som fører til best moglege tenester for alle brukarane av Nasjonalbiblioteket.

I St.prp. nr. 1 (1991-92) Tillegg nr. 9 vert arbeidsdelinga mellom dei to delane av nasjonalbiblioteket skissert. Medan avdelinga i Rana skal vera konsentrert om innsamling, tilrettelegging og bevaring av pliktavlevert materiale, skal avdelinga i Oslo retta innsatsen mot publikumstenester i vid meining av ordet:

«Med utgangspunkt i de nasjonalbibliotekoppgaver som i dag utføres ved Nasjonalbibliotekavdelinga i Rana, og hvilke oppgaver som må ligge i hovedstaden, vil man i Oslo først og fremst måtte ivareta utoverrettede bruker- og publikumsfunksjoner, samt viktige oppgaver knyttet til eldre og unike samlinger. Det som må finnes i Oslo, vil i hovedsak være:

  • komplette samlinger med brukseksemplar av alle typer allment tilgjengelige dokumenter

  • unike eldre samlinger av bøker og tidsskrifter

  • mest mulig komplette samlinger av norvegica (dvs. dokumenter om Norge eller om/av nordmenn utgitt i utlandet)

  • utstillinger og andre formidlingsaktiviteter som bygger på samlingene

  • publiseringsaktiviteter (inkludert utarbeidelse av spesialbibliografier).»

Samordningsprosessen i Nasjonalbiblioteket er i gang, og departementet vil stø dette arbeidet ved å setja i verk eit evaluerings- og utviklingsprosjekt der Nasjonalbiblioteket får ekstern, profesjonell drahjelp i ein viktig utviklingsfase. Med tanke på den viktige funksjonen Nasjonalbiblioteket har, er det overlag viktig at den organisatoriske synkroniseringa vert gjennomført så snøgt som praktisk mogeleg.

I samarbeid med Statsbygg er det sett i gang ein planprosess med sikte på å byggja nye, underjordiske magasin for dei eldre unike samlingane ved Nasjonalbiblioteket, avdeling Oslo, samstundes som den på alle vis nedslitne hovudbygningen skal rustast opp til å hysa samlingar av brukseksemplar og dei publikumsfunksjonane som eit moderne nasjonalbibliotek lyt ha.

Ved Nasjonalbiblioteket, avdeling Rana er Statsbygg i ferd med å realisera byggjesteg II av depotbiblioteket, noko som er naudsynt for å kunna utvikla desse funksjonane i samsvar med intensjonane.

Jamvel om organisatoriske og bygningsmessige oppgåver vil prega arbeidet i Nasjonalbiblioteket ei tid framover, er det andre og meir generelle problemstillingar ved det å vera eit nasjonalbibliotek som vil krevja den største innsatsen, både i institusjonen og i departementet. Kort kan utfordringane samlast under følgjande stikkord:

  • Vurdering av korleis pliktavleveringslova frå 1989 har fungert. Særleg er det viktig å sjå på korleis lov og forskrifter handterer elektroniske dokument. Vidare er det naudsynt å sjå på korleis lova samverkar med lov om åndsverk, ikkje minst når ein får sjå kva det komande EU-direktivet om opphavsrett og nærståande rettar i informasjonssamfunnet får å seia for norsk lovgjeving;

  • Vidareutvikling av tidsmessige informasjonstenester ved avdelinga i Oslo. Dette gjeld både tradisjonelle tenester knytte til besøk i bygningen på Drammensveien og eit aukande tilbod av digitale tenester. Hovudprinsippet skal vera at tenestene ved Nasjonalbiblioteket skal vera gratis for brukarane. Berre særskilde, skreddarsydde tenester i oppdragsform skal gje grunnlag for krav om brukarbetaling;

  • Vidareutvikling av strategi og planar for langtidslagring av elektroniske dokument. På dette feltet har Nasjonalbiblioteket et stykke på veg samanfallande problemstillingar med Arkivverket, og løysingar og kompetanseutvikling må samordnet så langt det er naturleg;

  • Med utgangspunkt i tidlegare arbeid med framlegg til verneplanar for fotografi, lydfestingar og levande bilete skal det utarbeidast ein samla strategi og ein realistisk, prioritert handlingsplan for bevaring av desse mediatypane i nært samarbeid med andre aktørar innanfor arkiv, bibliotek og museum;

  • Utvikling av ein samla strategi for innsamling av kjeldemateriale som ikkje vert omfatta av lov om pliktavlevering, men som likevel er viktig for å gje eit mest mogleg fullstendig bilete av utviklinga av norsk skriftkultur. Sidan materialet i ein viss mon vil inngå i privatarkiv, lyt dette samordnast med Riksarkivaren og det ansvaret han har etter arkivlova for bevaring av privatarkiv;

  • Utvikling av meir rasjonelle arbeidsmåtar for produksjon av nasjonalbibliografiske tenester slik at dei i størst mogleg grad kan tena som utgangspunkt for gjenbruk i andre bibliotek;.

  • Ei kontinuerleg utvikling av digitale bibliotektenester som byggjer på sterk grad av samarbeid og samordning med heile biblioteksektoren. I dette kan òg liggja samordningsoppgåver m.o.t. nasjonale lisensar når det gjeld tilgang til internasjonale betalingstenester for alle typar bibliotek.

5.10.6 Opphavsrettslege spørsmål

Digitalisering og elektronisk publisering av materiale medfører at delar av samlingane ikkje lenger treng vera fysisk tilgjengelege i biblioteka. Meir og meir materiale er berre tilgjengeleg i elektronisk form. Eit anna særkjenne ved mange digitale verk er at dei i stor grad er dynamiske, dvs. at dei vert ajourførte og endra etter behov. Så langt har Nasjonalbiblioteket berre forsøksvis lasta ned dynamiske nettdokument. M.a. vert aviser og tidsskrift, som heile tida vert endra, lasta ned ein gong i døgeret. Mange av desse media tilbyd sjølve arkivtenester.

Dette medfører at det etterspurde materialet ikkje alltid lenger vil vera fysisk tilgjengeleg i biblioteka, men kan hentast fram via nettverket. Som nemnt under kap. 5.5.2 har ikkje bibliotek i dag høve til å ta digitale kopiar og gjera dei tilgjengelege i nettverk. Internasjonale plikter på området som statuerer opphavsmannens einerett til slik bruk, set rammer for den nasjonale handlefridomen i høve til å gjera unnatak til fordel for bibliotek. Det kan altså vera eit spenningstilhøve mellom det som er teknisk mogleg på eine sida og dei rettslege avgrensingane på hi.

Det er difor ei viktig utfordring for bibliotek generelt, og for Nasjonalbiblioteket spesielt, å halda seg orientert om dei reglane som gjeld for bruk av opphavsrettsleg verna materiale, slik at ein på best mogleg måte kan gjera materialet tilgjengeleg utan å krenkja rettane til dei som skaper åndsverka.

Det ligg føre eit framlegg til EU-direktiv om opphavsrett og nærståande rettar i informasjonssamfunnet, jf. COM(97) 628. Direktivet tek sikte på å møta dei utfordringane opphavsretten står overfor som følgje av ny teknologi. Noreg har gjennom EFTA markert den haldninga at gjeldande nasjonale avgrensinger i eineretten må videreførast. Noreg har peikt på den viktige rolla offentlege bibliotek har når det gjeld å spreia informasjon til publikum, og at direktivet difor må tryggja posisjonen til biblioteka i det digitale informasjonssamfunnet.

5.10.7 Utvikling av Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek

NLB rår over eit masterarkiv bygt opp gjennom 44 år. Dette inneheld 16-17 000 innlesne bøker i analog form med om lag 120 000 masterband. Mange av lydbøkene er innlesne av forfattarar, politikarar og andre kjende personar i samtida. Trygging av masterarkivet er ei stor og viktig oppgåve for NLB. For det første er arkivet basis for å gjenskapa bøker som går tapt eller må kasserast på grunn av skade. Om lag 20- 25 000 kassettar vert årleg rekopierte. Dette fører til stor slitasje på masterbanda, særleg til dei mest etterspurde bøkene, og kopien er av dårlegare kvalitet enn originalen. For det andre er det teknologiske utstyret i rask endring; om få år vil teknikken for bevaring og avspeling av analogt format vera avlegs. Nokre av dei same problema gjeld diskettane for produksjon av blindeskriftbøker. Det hastar med å gjennomgå, velja ut, katalogisera, reparera og overføra til nytt lagringsformat båe typane. Nasjonalbiblioteket har teknologien og kompetansen som trengst for å utføra dette arbeidet, og ei form for tilknyting mellom dei to institusjonane vil verta vurdert. Det inneber at departementet òg vil vurdera ei organisatorisk samanslåing av dei to institusjonane.

5.10.8 Etter- og vidareutdanningstiltak i biblioteksektoren

Alle bibliotek vil tvillaust gå inn i ei tid prega av omstilling og brigde. I stor grad vil endringane vera knytte til utviklinga av IKT i biblioteka. Den beste måten å møta nye utfordringar på er å syta for tiltak som kan gje dei tilsette i sektoren høve til å byggja opp fullnøyande kompetanse for å kunna utføra arbeidsoppgåvene best mogleg innanfor delvis nye rammer. For å stimulera til dette vil departementet setja i gang eit utviklingsprogram for folkebiblioteka. Som del av dette vil ein etablera etter- og vidareutdanningstiltak, der det vert sikta mot ei samordning av tiltak for heile biblioteksektoren.

Til forsiden