St.meld. nr. 22 (1999-2000)

Kjelder til kunnskap og oppleving

Til innholdsfortegnelse

6 Status og hovudutfordringar på museumsområdet

6.1 Museum som samfunnsinstitusjon

Ein hovudreferanse for framstellinga i dette kapitlet er å finna i NOU 1996: 7 Museum - Mangfald, minne, møtestad (museumsutgreiinga). Det vert gjort tilvisingar til dette dokumentet på dei punkta der meldinga drøftar tema som er omtala i utgreiinga.

6.1.1 Kort historikk

Museum som omgrep går attende til antikken, der «museion» skal ha vore namnet på ein institusjon for læring. Ein veit likevel ikkje om desse institusjonane omfatta samlingar av materielle objekt.

Som aktivitet er innsamling og lagring av materielle leivningar kjend langt attende i tida. Tempel og kyrkjer vart skattkammer med offergåver, som i sin tur skapte førestellingar om gjenstandar som verdfulle skattar. Denne forma for samling eller opphoping av materielle leivningar vert i somme samanhengar sett på som ein opptakt til musea slik ein kjenner dei i dag.

Under renessansen vart det bygd opp ei mengd gjenstandssamlingar hjå kongelege og andre høgtståande personar. Då var det tale om å skapa samlingar tufta på idear om at samlingane har verde i seg sjølve - nemningane kunne vera Kuriositetskabinett, Kunstkammer, Studios eller Theater. Felles for dei var at samanstillingar av gjenstandar skjedde etter meir eller mindre klåre prinsipp. Samlingane hadde ofte innslag av kunst frå antikken, der framhevinga av kvaliteten i fortida var sentral. Fleire av dei store samlingane inneheldt òg kunst frå samtida.

Det utvikla seg etter kvart ei form for systematikk. Tyskaren Samuel van Quicchebergs museumsrettleiing frå 1565 inneheld den første planen ein kjenner for eit universalmuseum.

Desse samlingane kom seinare til å utgjera viktige delar av dei mange store, nasjonale musea rundt om i Europa. Eit sentralt drag ved desse samlingane var at dei fungerte som eit maktsymbol for eigarane, og dei streka under klokskap og evne til å meistra og forstå både naturen og det menneskeskapte. Samlingane var såleis aldri noka form for allemannseige, dei vart viste fram for andre fyrstar og andre samlarar, m.a. for å markera eigen posisjon.

Det er først når publikum får høve til å sjå samlingane at ein får museum slik vi kjenner dei i dag. Ashmolean Museum i Oxford var det første museet som opna for publikum i 1683. British Museum, som vart skipa i 1753, var det første museet som var organisert som ein offentleg institusjon. Etablering av offentlege museumsinstitusjonar med utgangspunkt i tidlegare privatsamlingar, ofte kongelege, kan ein følgja i Europa utover på 1700- og 1800-talet. I Wien vart den kongelege kunstsamlinga opna for publikum i 1776. Kongelege samlingar i Düsseldorf og Dresden vart tilgjengelege for publikum midt på 1700-talet. I 1793 vart den kongelege kunstsamlinga i Louvre i Paris tilgjengeleg for publikum då ho i revolusjonær ånd vart nasjonalisert.

Ein kan sjå tre kjenneteikn ved dei framveksande museumsinstitusjonane: spesialisering, vekt på systematikk, og nasjonsbygging kombinert med folkeopplysning.

Det voks fram sjølvstendige, emnebaserte institusjonar slik ein kjenner dei i dag - kunstmuseum, naturhistoriske museum og museum for arkeologi og eldre historie. Tendensen gjekk frå det generelle og til det spesialiserte.

Inndelinga i museum etter ulike materialtypar er i seg sjølv uttrykk for den klassifiserande tankegangen som kom med dei framveksande offentlege musea. Å halda saman gjenstandar med like eigenskapar, felles opphav, frå same tidspunkt, og som høyrer til same art/familie, var det førande prinsippet i handsaminga av museumssamlingane. Bak det heile låg opplysningstidas tru på mennesket si evne og plikt til å skapa orden og oversyn i tilveret.

Det tredje kjennemerket ved dei framveksande museumsinstitusjonane var ynsket om og trua på at institusjonane skulle spela ei viktig rolle for folk flest. Musea vart eit verkemiddel både for å odla fram ein felles identitet i skipinga av nasjonalstatar og for å demokratisera tilgangen til informasjon og dermed òg kunnskap.

Dei første norske musea var emnemessig først og fremst retta mot oldsaker og til ein viss grad mot naturfag. I Arendal, Bergen, Stavanger, Tromsø og Trondheim kom det såkalla universalmuseum som integrerte kultur- og naturhistorie, medan ein i Oslo fekk separate museum for ulike emne. Den vitskapleg baserte samlingsprofilen var sterk. Universalmusea i Bergen, Trondheim og Tromsø utgjorde eit viktig grunnlag for dei seinare skipingane av universitet.

Museum på kunstområdet kom med forløparen til Nasjonalgalleriet i 1836, men kunstmusea fekk ikkje så dominerande posisjon som i mange andre europeiske land. Når det gjeld kunstindustrimuseum, kom dei samstundes i Noreg som i andre land, dvs. på 1870- og 1880-talet.

Skipinga av Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers bevaring i 1844-45 var viktig for framvoksteren av folkemusea. Frå 1890-talet og utover fekk dei kulturhistoriske musea ein dominerande posisjon med lokale museum av bygnings- og friluftsmuseumstypen som det sterkaste innslaget. På dette feltet fekk Noreg, delvis også Sverige, ei utvikling som mange andre europeiske land først fekk etter andre verdskrigen. Den desentraliserte strukturen vart tidleg eit kjennemerke ved musea i Noreg. Den lokale og folkelege forankringa til dei mange kulturhistoriske musea gjorde at skaping av ein lokal identitet vart minst like viktig som å stø opp under ein felles nasjonal identitet.

Gjenstandar frå samisk kultur vart lenge handsama som etnografisk materiale i museumssamanheng, dvs. dei kom på line med materielle leivningar frå framande kulturar. Museum med samisk-etnisk utgangspunkt finn ein først ut på 1900-talet, dvs. museum som samiske interesser står attom og som er tufta på samisk kulturhistorie.

Framvoksteren av spesialmuseum hadde ei utvikling som liknar mykje det ein kan finna i andre land. Sjøfart og fiske fekk etter måten tidleg eigne museum, det same gjorde samferdsle og teknikk.

Norsk kulturråd, som vart skipa i 1964, fordeler dei årlege løyvingane til Norsk kulturfond. Kulturvern har i alle år vore eit viktig satsingsområde. Rådet har teke opp kulturvernområde der lite har vore gjort, som fartyvern, bevaring av fotografi og tekniske og industrielle kulturminne. Midlar frå Norsk kulturfond har dessutan gått til innkjøp av biletkunst til kunstmuseum og til museumsbygg.

Aukande offentleg engasjement på kulturfeltet dei siste 30 åra har òg kome musea til gode, i første rekkje ved finansieringsordninga frå 1975 for dei såkalla halvoffentlege musea, jf omtale av tilskotsordninga under kap. 6.2.

Kunstmuseum var ikkje omfatta av denne finansieringsordninga. Som oppfølging av Stortingets handsaming av St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden vart det gjeve driftsløyvingar til seks slike kunstmuseum. Det offentlege driftstilskotet til desse musea, to andre kunstformidlingsinstitusjonar og to kunstindustrimuseum har sidan 1995 vore delt mellom staten og respektive fylkeskommunar og kommunar, jf. kap. 6.2.1.

Frå 1994 vart Norsk museumsutvikling skipa, for m.a. å styrkja kompetansen, samarbeidet og samordninga innanfor museumsfeltet og ivareta statlege rådgjevings- og forvaltningsoppgåver. Norsk museumsutvikling skal i samarbeid med museum, offentlege styresmakter og kulturvernorganisasjonar medverka til ei best mogeleg samordning av dei samla, nasjonale museumsressursane. Organet skal fremja utvikling og samarbeid ved norske museum og skal arbeida for å heva standarden i musea, styrkja det museumsfaglege fundamentet og utvikla den faglege kompetansen. Vidare er Norsk museumsutvikling tillagd ansvar for ei rad forvaltningsoppgåver delegerte frå Kulturdepartementet.

6.1.2 Samfunnsoppgåver

Det internasjonale museumsrådet (ICOM) har definert museum på følgjande måte:

«Eit museum er ein ikkje-kommersiell, permanent institusjon som skal tena samfunnet og samfunnsutviklinga. Institusjonen skal vera open for publikum. Eit museum skal samla inn, bevara og sikra, forska i, formidla og stilla ut materielle vitnemål om menneska og omgjevnadene deira. Føremålet er å gje høve til studiar, opplæring og oppleving».

Hittil har ikkje museumspolitikken vore uttrykkjeleg knytt til ICOM-definisjonen, men det vil vera naturleg å ha denne i minnet ved utforminga av den statlege museumspolitikken i åra som kjem. Definisjonen inneheld både ei framstilling av kva musea gjer og kva for føremål dei har. Dei fleste musea er etter måten frie og sjølvstendige institusjonar som har vorte skipa etter ikkje-offentlege initiativ. Føremålet med offentlege løyvingar til musea er at dei skal tena samfunnet og samfunnsutviklinga ved at verksemda gjev høve til studiar, opplæring og oppleving.

Saman med arkiv og bibliotek utgjer musea hovuddelen av det kollektive minnet i samfunnet. Musea skal forska i, samla, bevara og stilla ut gjenstandar og andre materielle vitnemål om natur- og kulturhistorisk utvikling. I hovudregelen vil gjenstandar få større meining når dei vert sette inn i ein samanheng. Systematisk kunnskap om både framstillinga, bruken og den historiske samanhengen mellom gjenstanden og omverda er like viktig som kunnskap om gjenstanden i seg sjølv. På denne måten gjev musea meining til gjenstandane. Gjennom å ta vare på og systematisera autentiske gjenstandar har musea fått autoritet som arenaer for utvikling av aktuell identitet knytt til heimstanden og nasjonen. På denne måten vert kulturarven som musea formidlar, skapt og endra. Den museale delen av det kollektive minnet er ikkje berre gjeven eller overlevert frå tidlegare samfunn, men i stor grad resultat av dei vala og vurderingane musea gjer. Formidling av kunnskap om gjenstandar vil i mange høve innebera å leggja fram det ein ser som meiningsfylt i samtida, og dessutan opna for at framtidig dokumentasjon, forsking og vurderingar kan koma til andre resultat.

Forsking i tilknyting til musea skal vera grunnlaget for og stø opp under samlings-, bevarings- og formidlingsarbeidet. Medan samling og bevaring er uttrykk for korleis minnefunksjonen fungerer over tid, inneber formidling å aktivisera minnefunksjonen for aktuelle føremål. Dei museale samlingane vil både vera kjeldegrunnlag om fortida, materiale til bruk i aktuelle forskings- og formidlingsprosjekt, og materiale innsamla med sikte på framtidig bruk. Som folkeopplysningsinstitusjonar må musea i formidlinga si kunna kombinera den historiske dimensjonen med aktuelle spørsmål og omvurderingar som resultat av ny kunnskap eller vektlegging av andre verdiar.

Skal musea fungera som gode samfunnsinstitusjonar, må dei søkja dialog med omverda. Dette inneber at musea ikkje berre skal generera og formidla kunnskap, men at dei òg skal ha evne til å overraska og utfordra brukarane både emosjonelt og intellektuelt.

6.2 Organisering og finansiering

6.2.1 Struktur

Eit viktig trekk ved det samla norske museumslandskapet er dei mange små, sjølvstendige einingane som er spreidde utover heile landet. Det er i stor grad eit sjølvgrodd museumslandskap der private og lokale initiativ har vore ein mykje viktigare etableringsfaktor enn planlegging og styring frå styresmaktene. Den viktigaste oppgåva for det offentlege har vore å løyva driftsmidlar og yta investeringstilskot. Påbod, reguleringar eller samordnande planar har i liten grad prega museumsarbeidet, med unnatak av dei delane som er integrerte i lovforvaltninga i samband med lov om kulturminne. Dessutan har fylkeskommunane det siste tiåret i aukande grad laga planar for dei musea som dei har økonomisk ansvar for.

Det er registrert om lag 800 museum og samlingar fordelte på 700 administrative einingar. Musea forvaltar om lag 5 000 verneverdige bygningar, 9 millionar fotografi og 15 millionar gjenstandar. To tredejedelar av gjenstandane har naturhistorisk tilknyting, 3,6 millionar blir kategoriserte som kulturhistoriske og 0,6 millionar som kunsthistoriske.

Musea kan delast inn i fire typar etter tematisk ansvarsområde:

  1. Kunstmuseum og kunstindustrimuseum

  2. Kulturhistoriske museum, som omfattar arkeologiske museum og dei som arbeider med etterreformatorisk historie, tekniske museum medrekna.

  3. Naturhistoriske museum, som i praksis vil seia det naturhistoriske museet ved Universitetet i Oslo og nokre få andre.

  4. Blanda kulturhistoriske og naturhistoriske museum, med Bergen Museum, Vitskapsmuseet i Trondheim, Tromsø Museum, Stavanger Museum, Arkeologisk museum i Stavanger, Norsk Skogbruksmuseum og Norsk Bergverksmuseum som dei viktigaste.

Dei kulturhistoriske musea utgjer 83 pst. av institusjonane, har ansvaret for 95 pst. av dei verneverdige bygningane i musea, 23 pst. av gjenstandane og 83 pst. av fotografia. Dei naturhistoriske musea forvaltar 39 pst. av gjenstandane, og dei blanda kultur- og naturhistoriske musea 36 pst. Å samanlikna omfanget av gjenstandssamlingane på tvers av institusjonane og institusjonskategoriane kan likevel vera nokså meiningslaust.

170 av musea er organiserte som stiftingar, 160 som kommunale institusjonar, 94 som foreiningar, 30 som statsinstitusjonar, 8 som fylkeskommunale institusjonar, jf. tabell 6.1.

Tabell 6.1 Eigarformer for museum

MuseumstypeStatsinstitusjonFylkeskommunal institusjonKommunal institusjonStiftingForeining
Kunst- og kunstindustri2312160
Kulturhistorisk20413713791
Naturhistorisk40351
Blanda kultur- og naturhistorisk418122
Sum30816017094

I tillegg er elleve museum registrerte som aksjeselskap, fem som ansvarleg selskap, femten som eineeigarføretak og tjueåtte med anna form for eigarskap.

Dei fleste musea som direkte eller indirekte mottek statlege driftsmidlar, er knytte til Kulturdepartementet, men det finst nokre viktige unnatak - fyrst og fremst universitetsmusea under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og ymse etatsmuseum, slik som Forsvarsmuseet under Forsvarsdepartementet, Norsk vegmuseum m.fl. under Samferdselsdepartementet, eit rettshistorisk museum (under etablering) under Justisdepartementet og eit medisinsk-historisk museum (under etablering) under Sosial- og helsedepartementet. Ved Universitetet i Oslo er musea no organiserte i to einingar, ei kulturhistorisk og ei naturhistorisk. Hine universiteta har no samla musea sine i ei eining - Bergen museum, Vitskapsmuseet (Trondheim) og Tromsø museum. Til saman har universitetsmusea overlag omfattande samlingar.

Statlege museum under Kulturdepartementet er Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst og Arkeologisk museum i Stavanger. I tillegg kjem Riksutstillingar, som i det minste i formidlingssamanheng må handsamast som ein museumsinstitusjon.

Ei gruppe tilskotsmuseum, som i Kulturdepartementets budsjettproposisjon har samlenemninga nasjonale institusjonar, får det samla offentlege driftstilskotet frå staten. Dette gjeld Norsk Folkemuseum, Maihaugen, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Norsk Bergverksmuseum, Norsk Skogbruksmuseum, De Samiske Samlinger, Norsk teknisk museum, Norsk industriarbeidermuseum, Norsk arkitekturmuseum, Ringve museum, Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum, Håkonshallen/Rosenkrantztårnet, Kvinnemuseet på Kongsvinger, Eidsvoll 1814 - Rikspolitisk senter, Norsk luftfartsmuseum og Nynorsk kultursentrum (Ivar Aasen-tunet). I tillegg får knutepunktinstitusjonen Nordnorsk kunstmuseum i Tromsø heile driftstilskotet sitt frå staten. Det same gjeld for det lulesamiske museet Arran i Tysfjord i Nordland, jamvel om desse midlane går via tilskotsordninga for museum.

Knutepunktinstitusjonar med delt driftsfinansiering mellom staten (60 pst.) og fylke/kommune (40 pst.) er Kunstindustrimuseet i Oslo, Vestlandske Kunstindustrimuseum, Stiklestad nasjonale kultursenter, Trondheim kunstmuseum, Bergen kunstmuseum, Lillehammer kunstmuseum, Rogaland kunstmuseum, Sørlandets kunstmuseum og Galleri F 15 på Jeløya ved Moss. Sistnemnde er berre for museum å rekna i formidlingssamanheng. I tillegg er eitt av dei regionale kunstnarsentra, Nordnorsk kunstnersentrum i Svolvær, definert som knutepunktinstitusjon, men med ei anna prosentdeling (70 pst. staten og 30 pst. regionen).

Tilskotsordninga for museum femner no om ca. 260 institusjonar - frå små bygdetun til store og viktige tiltak som er sentrale brikker i det norske museumslandskapet. Oppstillinga nedanom femner om dei musea som i 1999 har fått meir enn to mill. kroner i samla, ordinært offentleg driftstilskot gjennom tilskotsordninga (tal i 1000 kr):

Stavanger Museum (R)9.201
Oslo Bymuseum (O)7.153
Trøndelag Folkemuseum (ST)6.689
Sandefjordmuseene (V)6.642
Modum Blaafarveværk (B)6.069
Norsk Sjøfartsmuseum (O)6.006
Drammens Museum (B)5.240
Sunnmøre Museum (MR)5.074
Vest-Agder fylkesmuseum (VA)4.337
Borgarsyssel Museum (Ø)3.934
Hedmarksmuseet (He)3.900
Glomdalsmuseet (He)3.835
Akershus fylkesmuseum (A)3.810
Agder naturmuseum (VA)3.765
Fylkesmuseet i Telemark (T)3.735
De Heibergske Samlinger/ - Sogn Folkemuseum (SF)3.584
Romsdalsmuseet (MR)3.580
Halden Historiske Samlinger (Ø)3.553
Vestfold fylkesmuseum (V)3.140
Hardanger Folkemuseum (Ho)3.113
Rana museum (N)3.099
Bergen Sjøfartsmuseum (Ho)3.037
Jærmuseet (R)2.998
Gamle Bergen Museum2.945
Nordlandsmuseet (N)2.933
Nordmøre museum (MR)2.931
Hordamuseet (Ho)2.915
Kystmuseet i Sogn & Fjordane (SF)2.665
Rørosmuseet (ST)2.560
Valdres Folkemuseum (Op)2.552
Vestnorsk industristadmuseum (Ho)2.528
Ryfylkemuseet (R)2.438
Perspektivet Museum (Tr)2.405
Nord-Troms museum (Tr)2.376
Dalane Folkemuseum (R)2.349
Toten Økomuseum (Op)2.345
Aust-Agder Museet (AA)2.218
Arran (N)2.140
Karmsund folkemuseum (R)2.122
Larviksmuseene (V)2.069
Voss Folkemuseum (Ho)2.060
Asker Museum (A)2.035

Den samla museumsstrukturen varierer mykje frå fylke til fylke, men gjennomgåande er situasjonen prega av stor fragmentering og lita styring av den organisatoriske utviklinga. Ein god del fylke har likevel dei siste åra fått utarbeidd museumsplanar som legg føringar for prioriteringar og framtidig organisering. I 1999 er det samla statstilskotet til dei ca. 260 musea på tilskotsordninga vel 121 mill. kroner, medan fylkeskommunane yter vel 110 mill. kroner og kommunane vel 50 mill. kroner, til saman nærare 282 mill. kroner. Oslo er i denne samanhengen rekna som fylkeskommune. Til dei ovannemnde 42 musea, som altså er dei største tilskotsmottakarane, går det vel 152 mill. kroner, dvs. om lag 54 pst. av dei samla tilskotsmidlane innanfor ordninga.

Alle tildelingsbreva frå Kulturdepartementet om tilskot til museumsdrift refererer dei hovudmåla og resultatmåla for museumssektoren som går fram av den årlege budsjettproposisjonen. I breva til fylkeskommunane vert det i tillegg formulert desse vilkåra for bruken av dei statlege midlane:

  1. Musea må ha vedtekter som fastset føremålet, verkeområdet og korleis styret er sett i hop. Vedtektene skal innehalda føresegner om kven som skal forvalta samlingane dersom museet skulle koma til å innstilla verksemda. Vedtektene skal vera godkjende av fylkeskommunen. Fylkeskommunen skal ha høve til å vera representert i styret.

  2. Museumsverksemda skal vera i samsvar med vedtektsfesta føremål og verkeområde.

  3. Musea skal utgjera ein naturleg lekk i museumsstrukturen i fylket med omsyn til plassering, storleik og ansvarsområde.

  4. Musea skal katalogisera, dokumentera og bevara samlingane.

  5. Museum med fast fagleg personale bør hjelpa museum utan slik kompetanse i faglege spørsmål når fylkeskommunen bed om det.

  6. Musea skal vera tilgjengelege for alle. Opningstidene skal vera kunngjorde.

  7. Musea skal så langt råd er hjelpa skulane med informasjon og rettleiing. Når skuleklassar med lærar vitjar musea som lekk i undervisninga, kan det avtalast at dei skal ha fritt tilgjenge.

  8. Når det er fagleg forsvarleg, bør musea stilla gjenstandar til rådvelde for fellesutstillingar (t.d. vandreutstillingar) i regi av offentlege institusjonar eller private museum med offentlege driftstilskot.

  9. Musea skal så langt råd er freista dekkja driftsutgiftene ved eigeninntekter (billettinntekter, inntekter frå sal av varer og tenester, gåver, sponsorinntekter m.m.) utan at dette går ut over forsvarleg museal drift.

  10. Musea skal følgja føresegnene som er gjevne for budsjett, rekneskap og revisjon. Musea skal kvart år leggja fram for fylkeskommunen revidert rekneskap og årsmelding.

  11. Musea skal rapportera på skjema frå Norsk museumsutvikling og Statistisk sentralbyrå i samband med den årlege museumsstatistikken .

I tillegg finst det nokre få museum og museumsliknande tiltak som får tilskot frå Kulturdepartementet (og frå ein fylkeskommune og/eller kommune) utan å inngå i ei fast ordning. Det viktigaste dømet er Henie-Onstad Kunstsenter.

6.2.2 Økonomiske rammevilkår

I underkant av 2 900 årsverk vart i 1998 utførte ved musea. Ca. 1 830 var årsverk i faste stillingar, medan 800 årsverk var knytte til mellombels tilsette. Av desse galdt 33 årsverk lærlingar, 92 årsverk sivilarbeidarar, og 142 årsverk var knytt til arbeidsmarknadstiltak. I 1998 vart det utført 243 årsverk av friviljug arbeidskraft.

Figur 6.1 Utførte årsverk i museum 1994-1998.

Figur 6.1 Utførte årsverk i museum 1994-1998.

Kilde: Kjelde: Norsk museumsutvikling og Statistisk sentralbyrå

Figur 6.1 viser at årsverkstalet er gått ned frå 1994 til 1998. Hovudgrunnen til dette er at arbeidsmarknadstiltaka har blitt kraftig reduserte i perioden. Det har skapt problem for ein del institusjonar som har tufta viktige delar av verksemda si på slik arbeidskraft.

I museumsstatistikken for 1998 frå Statistisk sentralbyrå og Norsk museumsutvkiling, som omfattar 484 museum utan omsyn til forvaltningsmessig tilknyting, rapporterer musea 1,3 milliardar kroner i samla inntekter, medrekna offentlege investeringstilskot. I perioden 1994 til 1998 viser samla inntekter ein nominell vekst på 16 pst. I same perioden steig dei offentlege driftstilskota med 15 pst., medan eigeninntektene steig med 34 pst. Dette medfører at verdien av eigeninntektene har auka frå knappe 31 pst. av samla inntekter i 1994 til 34 pst. i 1998, jf. figur 6.2.

Figur 6.2 Inntektsutvikling i musea 1994-1998.

Figur 6.2 Inntektsutvikling i musea 1994-1998.

Kilde: Kjelde: Norsk museumsutvikling og Statistisk sentralbyrå.

Dette tyder på at musea samla sett har auka innsatsen for å skaffa eigeninntekter. Samstundes er det grunn til å merkja seg dei mange varselsignala som har kome frå museumshald om økonomiske problem. Dette heng saman med fleire faktorar. Ein del museum har i stor monn basert oppgåveløysinga på tilgang av arbeidsmarknadsmidlar. Som vist i figur 6.1 har desse midlane gått sterkt ned. Ein annan viktig faktor er at auken i ressursar i viss monn skuldast at det stendig kjem til nye institusjonar som konkurrerer om midlane. I museumsstatistikken for 1997 vart det rapportert 95 nye museum sidan 1990. Det utgjorde 20 pst. av dei institusjonane som hadde svara på spørsmålet om etableringsår. Sidan 1980 er det etablert minst 211 nye institusjonar. Dette er med på å forklara det fragmenterte og sårbare museumslandskapet.

Ordninga med nasjonale institusjonar og knutepunktinstitusjonar har eksistert sidan 1995. I den perioden har talet på nasjonale institusjonar auka frå tolv til femten og knutepunktinstitusjonar frå åtte til ni. Tilskotet frå Kulturdepartementet til nasjonale institusjonar har auka frå 84 mill. kroner i 1995 til 122 mill. kroner i 1998. Medan departementstilskotet i 1995 utgjorde 51 pst. av samla inntekter for desse institusjonane, representerte dette tilskotet i underkant av 59 pst. i 1998.

Departementstilskotet til knutepunktinstitusjonane utgjorde i 1995 godt 22 mill. kroner eller 34 pst. av samla inntekter. I 1998 var dette talet 36,5 mill., eller 42 pst. av samla inntekter.

Som nemnt i kap. 6.2.1 utgjer dei 260 musea på tilskotsordninga ei omfattande og ueinsarta gruppe. I perioden 1995-1998 stod den statlege delen av tilskotet på same nivå og hadde difor ein realnedgang. Ifølgje rapportane frå fylkeskommunane hadde denne museumsgruppa likevel ein nominell vokster på 25 pst. dei aktuelle åra. Dette skuldast i viss monn at nye institusjonar kom til, men òg at fylkeskommunar og ikkje minst kommunar tok eit sterkare ansvar for driftsfinansieringa. Departementetet har styrkt denne tilskotsordninga både i budsjettet for 1999 og 2000.

Då tilskotsordninga for halvoffentlege museum vart etablert i 1975, var statstilskotet regulert i samsvar med tilskotsprosenten til vidaregåande opplæring i fylkeskommunane. Automatikken i statstilskotet vart avvikla i 1983, då det vart sett tak på tilskotsdelen frå staten. Men tilskotsprosenten den første tida, saman med det faktum at fylkeskommunane har stått fritt til å utvikla museumsområdet, forklarer den relativt store skilnaden mellom fylkeskommunane når det gjeld innbyrdes forhold mellom tilskota frå stat, fylkeskommune og kommunar. I løpet av 1990-talet har det vore ein tendens til at kommunane i mykje større grad enn tidlegare har kome inn som finansieringspart. Jf. figur 6.3. og tabell 6.2.

Figur 6.3 Tilskotsordninga for museum i 1998.

Figur 6.3 Tilskotsordninga for museum i 1998.

I Hordaland, Rogaland, Buskerud, Oslo, Akershus, Vestfold og Sør-Trøndelag utgjer det fylkeskommunale tilskotet hovuddelen av tilskotet. I Nordland, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark betyr statstilskotet mest, medan i Finnmark utgjer kommunetilskota den største delen av samla tilskot.

Tabell 6.2 Tilskotsordninga for museum 1998. Prosentvis fordeling mellom kommune, fylkeskommune og stat

KommuneFylkeskommuneStatSamla tilskot (mill. kroner)
Oslo69,230,814 577
Østfold7,540,252,311 381
Akershus30,950,818,314 210
Hedmark8,740,550,813 940
Oppland17,235,347,511 326
Buskerud0,050,050,015 826
Vestfold37,842,020,216 944
Telemark13,840,945,37 439
Aust-Agder29,534,336,28 469
Vest-Agder26,937,635,513 486
Rogaland29,440,430,218 583
Hordaland12,949,337,930 635
Sogn og Fjordane0,029,770,39 676
Møre og Romsdal15,741,542,917 706
Sør-Trøndelag10,249,740,112 305
Nord-Trøndelag17,249,733,012 039
Nordland16,816,866,316 982
Troms41,118,040,910 071
Finnmark50,914,934,211 872
Gjennomsnitt/sum18,940,740,4267 467

6.2.3 Brukarfinansiering og eigeninntekter

Musea har ulik praksis for bruk av inngangspengar. Museumsutgreiinga frå 1996 legg til grunn at musea som hovudregel bør ta inngangspengar. At publikum betaler ein eigendel, er vanleg ved bruk av tenester som i hovudsak vert finansierte av det offentlege. Utgreiinga legg elles til grunn som eit viktig prinsipp at billettinntektene må tilfalla institusjonane heilt og fullt.

Museumsstatistikken frå 1997 syner at om lag 55 pst. av dei som vitja museum og samlingar som mottok offentleg driftstilskot, betalte inngangspengar. Dei statlege musea har lågast prosentdel betalande. Dette skuldast m.a. at det i alle år har vore praksis for at nasjonale kunstskattar skulle vera gratis tilgjengelege for allmenta. Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst har såleis ikkje teke inngangspengar for tilgjenge til dei faste utstillingane. I St.prp. nr. 1 (1999-2000) gjev Kulturdepartementet uttrykk for at Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst frå og med 2000 bør innføra inngangspengar, men på eit moderat nivå og med ein gratis dag kvar veke. På den måten vil dei to statsinstitusjonane koma på line med vanleg praksis innanfor museumssektoren elles, utan at dette i nemnande grad vil gå på kostnad av tilgjenget for allmenta.

Billettinntektene varierer mykje frå museum til museum. Dei avheng m.a. av storleiken på museet, omfanget av dei utoverretta funksjonane, plasseringa og attraktiviteten i reiselivssamanheng. Den pressa økonomiske situasjonen for musea gjennom mange år har ført til at dei fleste institusjonane truleg nyttar ut potensialet for eigeninntekter maksimalt. Det er likevel grunn til å streka under at musea til kvar tid lyt vurdera alle moglege inntektskjelder, men slik at eventuell auke i billettprisane ikkje fører til fråfall av publikum.

6.3 Skiping av samlingar - grunnlag og arbeidsmåtar

Samlingane av gjenstandar er basis for all museumsverksemd. Det er ei grunnleggjande oppgåve for musea å samla og ta vare på gjenstandar eller materielle leivningar frå ulike tidbolkar og ulike sider ved både menneskeleg aktivitet og det naturskapte. Vidare skal musea tolka gjenstandane gjennom utstillingar og anna formidling. Musea skal setja einskildobjekta inn i ein samanheng og gje dei eit meiningsinnhald. Alle tolkingar inneber likevel at gjenstanden vert sett inn i ei forteljing som tek utgangspunkt i vår eiga tid og våre eigne røynsler. Slik kan ein seia at opptakten til alle museale samlingar speglar av den tida samlinga vart grunnlagt i - dei ideane som var styrande for kva gjenstandar det hadde meining å samla på og korleis ting skulle ordnast og systematiserast.

Det ideologiske grunnlaget og prinsippa for utveljing og systematisering av samlingane har dermed endra seg gjennom tidene, men ein ting har lege fast: Musea samlar og tek vare på gjenstandar av di dei representerer handfaste vitnemål om noko fortidig, annleis eller sjeldsynt, noko som er eigna til å knyta band mellom fortid og notid, mellom det kjende og det ukjende eller mellom det allmenne og det uvanlege.

I dei fyrste europeiske musea sto materielle uttrykk frå framande kulturar høgt, men frå midten av 1700-talet avtok interessa ute i Europa for det framande. Eigen kultur og eiga kultursoge kom i framgrunnen. Etter kvart fekk samlingane andre funksjonar, og frå slutten av 1700-talet vart det skipa museum tilgjengelege for allmenta. Samlingane vart sette inn i eit breiare opplysnings- og danningsperspektiv. Dette fekk mykje å seia både for utvalet av gjenstandstilfang og for prinsippa for klassifisering og systematisering.

Gjenstandane skulle ordnast kronologisk og typologisk. Dette gav i sin tur opphav til eit skilje mellom kunstsamlingar, kunstindustrisamlingar, naturhistoriske samlingar og kulturhistoriske samlingar, med tilhøyrande institusjonell oppdeling.

I opplysningstida vart det lagt vinn på å halda orden og oversyn i tilveret. Musea skulle medverka til å synleggjera framsteget og hjelpa fram ymse vitskaplege disiplinar ved å ordna eit grunnlagsmateriale for vidare forsking og framsteg.

Seinare kom det allment folkeopplysande og nasjonsbyggjande i framgrunnen, jf. kap. 6.1 ovanom, og samlingane vart prega av desse overordna siktemåla.

Jamvel om overlag mykje av aktiviteten innanfor museumssektoren i Noreg på 1900-talet bygde på idear frå hundreårsskiftet og endå lengre attende i tid, forvitra det ideologiske grunnlaget meir og meir. Frå 1970-talet og frametter vart musea kritiserte for å vera for lite opptekne av samtida og den nære fortida. Dei hang i for stor grad fast i bondekultur frå 1700- og 1800-talet.

Internasjonalt voks det fram ein ny museologi og nye eksperimentelle museumsformer. Det vart eksperimentert med såkalla økomuseum og fokusert på grupper og miljø som tradisjonelt hadde vore lite synlege i musea. Målet vart å utvikla museum som kunne vera aktive aktørar i samfunnsutviklinga og det allmenne ordskiftet; og ved å ta utgangspunkt i det nære og kjende kunne musea utløysa engasjement og interesse for farne tider.

Samstundes vart det teke til orde for å leggja meir vinn på å dokumentera industrialismens og masseproduksjonens tidsalder. Mange prosjekt i regi av norske museum for å dokumentera samtida og den nære fortida har fått offentleg tilskot på 1980- og 1990-talet. Bevaringa av teknisk-industrielle kulturminne høyrer òg med i dette biletet. Museumsstatistikken frå dei siste åra syner at dei kulturhistoriske musea etter kvart har bygd opp omfattande samlingar av materiale frå tida etter 1945.

Norsk museumsutvikling har eit eige utviklingsprogram for samtidsdokumentasjon. Sekretariatet for dette er no plassert på Maihaugen. Siktemålet er for det fyrste å innhenta røynsler og kunnskapar som kan kasta ljos over etiske, teoretiske og metodiske spørsmål som innsamling av materiale frå samtida og den nære fortida reiser. Eit anna mål for programmet er å organisera dokumentasjonsprosjekt gjennom eit nettverkssamarbeid mellom fleire museum. Samtidsdokumentasjon aksentuerer behovet for samordning og samarbeid for å unngå overlappande innsatsar og udekte felt.

Attom alle samlingar av gjenstandar og andre objekt ligg det førestellingar og motiv som styrer oppbygginga av samlinga. Med få unnatak er det tale om å gjera eit utval, og dette utvalet er tufta på førestellingar om at dei innsamla gjenstandane, kvar for seg eller sett i samanheng med andre gjenstandar, har eit vidare verde som informasjonsberar eller eit estetisk, symbolsk, kjenslemessig eller økonomisk verde.

Samlingar kan sjåast på som ein freistnad på å ordna den materielle omverda, å skapa oversyn og orden for betre å kunna forstå. Slik vert samlingar instrument i ein kommunikasjonsprosess mellom menneska og mellom menneska og det materielle.

Jamvel om det kan finnast mange døme på ein nokså tilfeldig praksis for oppbygginga av museale samlingar, har ein stor del av dei norske musea i dag ein medveten strategi for innsamlinga av objekt, der dette arbeidet m.a. vert sett i samanheng med forskings- og utstillingsplanar. I museumsstatistikken for 1997 melde 140 museum at dei hadde innsamlingsplanar og 95 at dei hadde forskingsplanar. Museumsutgreiinga streka sterkt under behovet for slik planlegging i og mellom musea.

Godt ordna og dokumenterte samlingar er eit vilkår for at musea skal kunna fylla rolla som verdfulle og dagsaktuelle samfunnsinstitusjonar og kunnskapsbankar. Mangelfull planlegging av samlingsoppbygginga, mangelfull registrering og dokumentasjon av innsamla materiale og dårlege bevaringstilhøve kan svekkja evna til å stetta dette vilkåret.

Dei eldre gjenstandssamlingane ved små og store museum rundt om i landet speglar av lokale særkjenne i dei materielle kulturytringane. Jamvel om det er mykje overlapping, kan variasjonsbreidda ha eit verde i seg sjølv. Når det gjeld tilfang frå det siste hundreåret, der meir og meir dreier seg om masseproduserte gjenstandar, må det derimot stillast andre og strengare krav til innsamlingsplanar og samordna tiltak. Slik samordning må skje både på regionalt og nasjonalt nivå.

Ansvaret for verneverdige bygningar, gjenstandar og fotografi var pr. 31. desember 1997 fordelt på ulike museumstypar slik det går fram av tabell 6.3.

Tabell 6.3 Oversyn over bygningar, gjenstandar og fotografi ved musea i 1997.

MuseumstypePst. av alle museaVerneverdige bygningarGjenstandarFotografi
Kunst- og kunstindustri6,825403 06710 735
Kulturhistorisk83,74 7633 492 4036 212 872
Naturhistorisk2,825 979 2774 941
Blanda kultur- og naturhistorisk6,72435 504 9691 229 814
Sum100,05 03315 379 7167 458 362

Kilde: Kjelde: Norsk museumsutvikling og Statistisk sentralbyrå.

6.4 Handtering og bevaring av samlingar

Gjenstandane og andre objekt kan sjåast på som kapitalen i musea. I dei fleste tilfella vil siktemålet vera å ta vare på både det originale objektet og den informasjonen som knyter seg til dette i eit lengst mogleg tidsperspektiv.

Oversyn, kontroll og vedlikehald av samlingane er eit viktig fundament for all museumsdrift. Eit museum skal kunna svara på kvifor gjenstanden finst ved museet, kva han er og kva samanheng han går inn i, korleis han ser ut, kvar han er, og korleis tilstand han er i. Dette krev rutinar for innsamling, registrering og dokumentasjon. Dessutan stiller det krav til gode tilhøve for oppbevaring og rutinar for forsvarleg handtering.

Musea skal ta vare på gjenstandar i eit langsiktig tidsperspektiv, men samstundes skal dei vera dynamiske kunnskapsinstitusjonar i samtida. Å handtera den ofte vanskelege balansegangen mellom på den eine sida formidling og bruk og på den andre sida langsiktig, optimal oppbevaring stiller store krav til profesjonalitet ved musea.

Stoda for dei norske museumssamlingane sett under eitt er diverre alarmerande dårleg. Statistikk og undersøkingar frå dei siste åra gjev for det fyrste eit bilete av etterslep innan registrering, noko som inneber at dette tilfanget i liten grad er tilgjengeleg for forsking og formidling. Samstundes vanskeleggjer det arbeidet med innsamlingsplanar. Museumsstatistikken for 1998 tyder på at 20-30 pst. av samlingane ved musea er uregistrerte.

Mange samlingar er dessutan dårleg oppbevarte, med mangelfull kontroll av ljos, temperatur, råme, ureining og skadedyr. Kulturhistoriske gjenstandar vert i stort omfang oppbevarte på loft og i kjellarar, ofte i verneverdige bygningar, med dårleg trygging mot nedbrytande krefter. Ei undersøking av musea i Trøndelag (universitetsmusea ikkje medrekna) i 1994 synte at om lag halve gjenstandstilfanget var i lokale som ikkje eigna seg til føremålet, kvar fjerde gjenstand var i lokale utan tjuverisikring og kvar femte gjenstand i lokale utan brannsikring, medan 70 pst. av samlingane var i lokale utan klimakontroll, og 83 pst. av gjenstandane tilhøyrde institusjonar utan konserveringstenester.

Ei undersøking av oppbevaringstilhøva for fotohistorisk materiale ved 14 institusjonar gav alarmerande resultat. Ein tredjedel av fotosamlingane kan stå i fare for å gå tapt i løpet av det komande hundreåret. Det tykkjest likevel gjera seg gjeldande eit aukande medvit kring oppbevaring, arkivering og tilgjenge til fotohistorisk materiale. Omfanget av fotosamlingar ved musea er elles mykje større enn det som tidlerare vart lagt til grunn.

Tilsvarande situasjonar er tidlegare avdekte i Sverige og Nederland, og dette førte i båe landa til at det vart sett i verk omfattande tiltak for registrering og konservering av museumssamlingar. Den nederlandske Delta Plan for the Preservation of Cultural Heritage har ei samla ramme tilsvarande om lag 1,4 milliardar norske kroner, og den svenske SESAM - öppna museisamlingarna vart tilført 235 mill. svenske kroner. Båe planane vart sette i verk i år med høg arbeidsløyse og behov for arbeidsmarknadstiltak.

I museumsutgreiinga vart det gjort framlegg om ein plan for registrering og førebyggjande konservering av museumssamlingane, den såkalla REVITA-planen, med det siktemålet at musea skulle få betre oversyn og sikrare lokalitetar for samlingane, slik at desse kunne revialiserast og koma betre til sin rett både i forsking og overfor publikum. Planen var tiltenkt ei ramme på 380 mill. kroner fordelte over fem år. I høyringsfråsegnene var det allmenn tilslutnad til dette tiltaket, som òg vart sett i samanheng med satsing på fellestenester og magasin. Dessutan peikte fleire fråsegner på behovet for slike krafttak ikkje berre i høve tradisjonelle museumsgjenstandar, men òg i høve foto, arkivmateriale og boksamlingar. Vidare vart trongen for kompetanse og utdanning streka under, og ikkje minst behovet for ei permanentstyrking av innsatsen for å handtera desse oppgåvene, ikkje berre eit fem års skippertak.

Det er altså liten tvil om at musea står andsynes store utfordringar i handteringa av samlingane sine. Manglande kapasitet til registreringsoppgåver og skort på konserveringsteknisk kompetanse er iaugnefallande. På den andre sida kan det gjevast døme på vellukka innsatsar der IKT-registrering og nye magasin har ført til ein heilt ny situasjon for visse museum.

Signala frå høyringsfråsegnene om trongen for permanente tiltak er viktige. Det tilseier at dei verkemidla som kan setjast inn på samlingsrelaterte oppgåver, bør koplast til langsiktige strategiar for ei gradvis fagleg styrking av musea. Dersom musea får eit sterkare, permanent fundament, vil dei samstundes stå mykje betre rusta til å handtera større temporære innsatsar til dømes i form av moglege framtidige sysselsetjingstiltak.

Konservering i meininga inngrep i den konkrete gjenstanden er både kostnads- og kompetansekrevjande, men behovet for slike tiltak kan avgrensast gjennom førebyggjande konservering, som ikkje minst kan handla om betra oppbevaringsvilkår.

6.5 Informasjonshandtering og bruk av IKT i musea

Bruken av elektronisk informasjons- og kommunikasjonsteknologi ved musea har røter attende til 1977, då NAVFs datasenter for humanistisk forsking ved Universitetet i Bergen (no Humanistisk datasenter) sette i verk eit prøveprosjekt med å overføra gjenstandskatalogar tilhøyrande Norsk Folkemuseum til elektronisk form. I 1983 tok Hardanger Folkemuseum i bruk ein datamaskin, som det første museet utanfor universiteta.

Humanistisk datasenter utvikla etter kvart fleire program for registrering av gjenstandar og fotografi. Om lag 200 institusjonar nyttar i dag REGIMUS og andre program for registrering av gjenstandar, fotografi m.m.

Nasjonalgalleriet tok i 1993 i bruk ein database for kunstverk. I 1997 vart Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst samde om eit nytt konsept for registrering av kunstverk, IMAGO.

Frå 1991 sette universiteta i verk eit omfattande dokumentasjonsprosjekt for å overføra samlingar og materiale frå papir til elektronisk form. Prosjekta vart avvikla i 1998, men delar av aktivitetane vert vidareførte i eit museumsprosjekt som set fokus på behova for ei IKT-messig oppgradering av desse. Tiltaket femner om både konverteringsoppgåver og systemutvikling.

Nasjonalbiblioteket, avdeling Rana utvikla i samarbeid med Norsk Folkemuseum og fleire andre instansar eit program for presentasjon av fotografiske samlingar via Internett. Resultatet, Galleri NOR, har vore tilgjengeleg sidan 1996.

PRIMUS-prosjektet frå 1996 byrja som eit samarbeid mellom fire større kulturhistoriske museum med siktemål å utvikla eit tenleg registrerings- og administrasjonsverkty for større samlingar, eit system som òg skal kunna fungera i nettverksamanheng.

Museumsnett Noreg opna i januar 1998 som det første av sektornetta under Kulturnett Noreg. Føremålet er å leggja til rette for å formidla informasjon om musea på Internett. I tillegg til eit oversyn over 800 museum og samlingar gjev Museumsnett Noreg peikarar til dei om lag 110 musea som har eigne heimesider. Fleire av desse femner om utstillingar særskilt tilpassa nettverkspresentasjon, m.a. frå Nasjonalgalleriet, Kunstindustrimuseet i Oslo og Arkeologisk museum i Stavanger.

Eit stort tal museum har kompetanse til å bruka dei ulike IKT-programma som er særskilt utvikla for og tilpassa behova i denne sektoren, men det er berre nokre få miljø som har kompetanse til sjølve å utvikla og programmera ulike museumsapplikasjonar. Dette avgrensar seg i røynda til Humanistisk datasenter, Norsk Folkemuseum (og PRIMUS-prosjektet) og Museumsprosjektet for universiteta. I tillegg kjem det utviklingsarbeidet som Nasjonalbiblioteket står føre, og som særleg har interesse for musea i høve fotografisk materiale, og utviklinga av registreringssystem for arkiv i regi av stiftinga ASTA, jf. kap. 4.5.3.

Museumsutgreiinga strekar under at bruk av IKT som strategisk verkemiddel i arbeidet med å betra informasjonskvalitet og tilgang til informasjon og kunnskap i musea vil vera eit av dei viktigaste felta for samordningstiltak dei næraste åra. Mellom anna vil det vera avgjerande viktig å vidareføra arbeidet med å utvikla og samordna dokumentasjonsstandardar både innanfor museumssektoren og mellom museum, arkiv og bibliotek. Utgreiinga tek vidare til orde for å stimulera kreative måtar å ta i bruk IKT på, for å knyta musea nærare opp til skuleverket, for å leggja vinn på å gjera informasjonsdatabasar i musea tilgjengelege for forskingsmiljøa m.v., og for å samordna initiativ for etablering av databasar på tvers av ulike sektorar, t.d. med miljøforvaltninga.

Museumsutgreiina set opp tre hovudsiktemål for IKT-arbeidet ved musea:

  • å skapa orden, oversyn over og effektiv tilgang til samlingar, informasjon og kunnskap i kvar einskild institusjon

  • å gjera informasjon om samlingane lettare tilgjengeleg mellom institusjonar, ubunde av geografisk avstand

  • å gjera informasjon og kunnskap i musea lettare tilgjengeleg for omverda.

IKT i musea er altså ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for betre å leggja til rette og formidla dei kunnskapskjeldene desse institusjonane forvaltar. Det institusjonsinterne oversynet som IKT kan medverka til, er viktig for sikringa og bevaringa av samlingane og for å letta den interne planlegginga og for samordning og arbeidsdeling mellom musea. Å leggja til rette informasjon i databasar vil ha stor meining for alle som forskar og studerer, og for allmenta.

Kulturdepartementet sin handlingsplan for IT på kulturområdet 1998-2001 strekar m.a. under trongen for eit utviklingsprogram for ny formidlingspraksis eller nettverksdidaktikk. Dette er ikkje minst viktig for musea.

Norsk museumsutvikling har dei siste åra stimulert ei rad IKT-prosjekt gjennom tildeling av prosjekttilskot og ved å ta initiativ til samordning og samarbeid. Dette vil òg i åra frametter vera eit viktig satsingsfelt.

Vidare har Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i fellesskap oppnemnt ei arbeidsgruppe for IT og andre sektorovergripande spørsmål innanfor arkiv, bibliotek og museum. Etter mandatet skal gruppa kartleggja fellesområda for dei tre sektorane, peika på samordningstiltak innanfor desse, særleg i tilknyting til Kulturnett Noreg og etter- og vidareutdanningsreforma, og gjera framlegg om tiltak for å skapa synergieffektar for utdannings-, forskings- og kultursektoren. Ein rapport skal liggja føre innan utgangen av 2000.

6.6 Forsking ved musea

For å fylla rolla som aktive samfunnsinstitusjonar er det avgjerande viktig at museumsverksemda femner om eller på annan måte knyter an til forsking og forskingsresultat. På dette området gjer det seg gjeldande store skilnader mellom musea. Museumsstatistikken tyder på at om lag eit hundretals institusjonar har eigne forskingsplanar. Det er sjølvsagt dei større musea, og ganske særleg universitetsmusea og nokre få andre, som dominerer innsatsen på dette feltet:

  • Arkeologisk forsking går fyrst og fremst føre seg ved dei aktuelle musea og institutta ved universiteta og ved Arkeologisk museum i Stavanger.

  • Dei naturhistoriske universitetsmusea og nokre få andre utfører forskingsoppgåver innanfor botanikk, zoologi, geologi og paleontologi.

  • Innanfor biletkunst, kunsthandverk og design føregår ein viktig del av forskinga ved kunstmusea og kunstindustrimusea.

  • Ein del kulturhistoriske museum utanfor universiteta driv gjenstands- og bygningsrelatert forsking på materiale frå dei siste hundreåra, der det òg vert lagt vinn på å setja dei materielle leivningane inn i ei vidare samfunnsmessig ramme.

  • Museologi, forsking kring musea si rolle i samfunnet, har vore eit lite påakta felt i norsk forsking, og det same kan seiast om forsking kring teknisk konservering, feltmetodar, registrering og utgraving. Den innsatsen som likevel har funne stad på desse områda, har i hovudsak vore museumstilknytt.

Formidlingstiltaka ved musea i form av utstillingar eller publikasjonar bør vera tufta på nyare forskingsresultat. Dette vil i dei fleste tilfella òg tilseia at det bør vera ein nær samanheng mellom planane for innsamling, forsking og formidling ved eit museum.

Opne liner og samarbeid mellom relevante forskingsmiljø ved universiteta og musea vil vera til bate for båe partane. Musea forvaltar store mengder unikt kjelde- og dokumentasjonsmateriale av potensiell forskingsmessig interesse på mange nivå. Dessutan har musea gode vilkår for formidling av forskingsresultat. Vitskapleg kvalifisert personale ved musea er avhengig av sambandsliner til åndsfrendar utanfor institusjonen for å halda seg fagleg oppdatert.

Fagfolk ved musea klagar ofte over at tida ikkje strekk til for forsking. Tilsette i stillingar som skal dekkja eit breitt spektrum av gjeremål, vil berre unnataksvis ha høve til den fordjuping og konsentrasjon som forskingsarbeid krev.

Forskingsprogrammet Museumsnettverket, som Noregs forskingsråd stod føre i åra 1992-97, var ein viktig stimulans for forsking ved dei kunst- og kulturhistoriske musea. Det har både verka kompetansehevande ved fleire museum og auka medvitet om behovet for eit forskingbasert grunnlag for verksemda. For perioden 1998-2000 har Forskingsrådet innanfor programmet Kultur og samfunn øyremerkt midlar til forskingsstimulerande tiltak ved dei kunst- og kulturhistoriske musea. På fylkesnivå er det naturleg å framheva at Finnmark fylkeskommune har gjeve eitt-årige stipend for tilsette ved musea i fylket for forsking i tilknyting til ansvarsfeltet for vedkomande museum.

Samarbeid over landegrensene har djupe røter innanfor musealt forskings- og utviklingsarbeid, og dette har teke seg opp det siste ti-året. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi lettar kontakten og aukar tilgangen på informasjon. Mest kontakt har dei største musea - og ikkje minst universitetsmusea - men dessutan har ei rad spesialmuseum lagt stor vinn på eit internasjonalt kontaktnett. Dette siste er sjølvsagt ein funksjon av at dei må utanlands for å finna artsfrendar og samarbeids-partnarar for både forsking og anna drøfting av faglege problemstillingar. Norsk deltaking i ICOM (International Council of Museums), EUs kulturprogram (særleg Raphael), UNESCO og fleire nordiske organ og samarbeidstiltak mellom museum eller grupper av museum har gjeve norske museumsfolk viktige kontaktar og impulsar. Likevel kan det hevdast at norske museum sett under eitt har eit nokså avgrensa internasjonalt samarbeid om prosjekt med kunnskapsgenerering og kompetanseoppbygging som sentrale målsetjingar.

Museumsutgreiinga legg stor vekt på forsking som grunnleggjande aktivitet ved musea, for at desse skal kunna fylla rolla som samfunnsminne, og at denne aktiviteten må koplast til problemretta innsamlingsplanar. Samlepraksisen må vera tufta på eit idegrunnlag som klårgjer kvifor eit objekt skal vera å finna på museet. Musea må stimulerast til prosjektorganisert forsking integrert i dei samla driftsplanane. Museum utanfor universiteta bør i aukande grad knyta til seg vidarekomne studentar og stipendiatar som samarbeidspartnarar i innsamlings- og forskingsprosjekt. Utgreiinga legg vidare til grunn at universitetsmusea bør spela ei leiande rolle i eit samordna nettverk for museumsforsking.

Høyringsfråsegnene stør opp under framlegga om å styrkja forskingsdimensjonen ved musea. Det tykkjest vera allmenn semje om at kunnskapsoppbygging og forsking er grunnleggjande vilkår for at musea skal kunna driva meiningsfull innsamlings-, dokumentasjons- og formidlingsverksemd. Musea innser òg det tenlege i eit tettare samarbeid med universitet og høgskular, og føremonnene ved å gje Noregs forskingsråd ei rolle som koordinator og tilretteleggjar.

6.7 Samfunnskontakt og formidling

Folk flest møter musea gjennom å vitja utstillingar, og inntrykka frå desse har mykje å seia for dei allmenne oppfatningane både av det konkrete museet og musea meir generelt. Gjennom utstillingane dannar museet ein profil. Musea freistar gjennom utstillingane å gje opplevingar, impulsar, kunnskap og vitehug.

Museumsutgreiinga nyttar overskrifta møtestaden om kontaktlinene mellom musea og omverda. Utstillingane er i denne samanhengen berre eitt av fleire element. Musea har rådgjevande funksjonar andsynes ulike brukargrupper, dei er kunnskapsbankar, og dei kan ofte vera arena for formidling av ulike kunstartar.

Formidlingstiltaka seier ein god del om kva rolle musea har, og kan eller bør ha i samfunnet. Det vil vera allmenn semje om at musea bør medverka til å stø opp under sentrale verdiar som samfunnet vårt byggjer på, at dei bør auka folks attrå etter kunnskap, og at dei bør fremja toleranse overfor kulturelle skilnader. Dessutan er det tenleg at musea i mange samanhengar utøver ein problemorientert samfunnskritisk funksjon, t.d. gjennom ei naturvitskapleg tufta utstilling som gjer greie for konsekvensane av tilsulking i naturen, ei kulturhistorisk utstilling som dokumenterer korleis styresmaktene handla andsynes taterane, eller ei samtidskunstutstilling med ein refsande bodskap.

Musea nyttar mykje ressursar på å laga utstillingar, og det går utan avbrot føre seg eit fagleg ordskifte innanfor sektoren om ulike måtar å forma utstillingar på. I eldre tider vende musea seg meir til fagmenneske og forskarar enn til allmenta, og med ei vitskapleg tilnærming gav dette utstillingar med gjenstandar ordna i typologiske, kronologiske eller geografiske seriar. Seinare kom utstillingar retta mot allmenta som i større grad framheva den einskilde gjenstanden,av di han kunne fortelja historie, var eineståande eller hadde særskilde estetiske kvalitetar.

Ei tredje utstillingsform stiller gjenstandar i hop, slik at dei utgjer ei forteljing eller illuderer eit miljø.Siktemålet er å formidla den heilskapen dei aktuelle gjenstandane har inngått i. Dei naturhistoriske musea har lange tradisjonar for å laga diorama-utstillingar med vegetasjon og fauna. Dei siste tiåra har dessutan dei arkeologiske musea i aukande grad teke i bruk dette verkemiddelet, i erkjenning av at arkeologisk funnmateriale i liten grad formidlar seg sjølv.

Ei fjerde form, som òg kan sjåast på som ein variant av den føregåande, er friluftsmusea,som det er særleg mange av i landet vårt. Dei er dominerte av bygningar frå 1700-talet og 1800-talet; berre unnataksvis er hus frå det siste hundreåret flytte til museum. Dei siste ti-åra har det dessutan vorte meir vanleg at musea set i stand og formidlar eldre bygningar der dei har stått.

I såkalla interaktive utstillingarer eigenaktivitet frå publikum si side eit vilkår for at den vitjande skal kunna tileigna seg bodskapen. Publikum skal læra ved å gjera. Hittil har det først og fremst vore naturvitskaplege og teknologihistoriske tema som har vorte søkt formidla gjennom denne utstillingsmetoden. I Noreg er mindre teknotek-prosjekt prøvde ut eller under planlegging, medan det i utlandet finst ei rekkje ovstore science centers.Mykje tyder på at denne metoden i aukande grad vil verta teken i bruk innanfor andre fagfelt med.

Ein annan måte å dela utstillingar inn i kategoriar på, er å skilja mellom a) basisutstillingarsom er tufta på eigne samlingar og avspeglar fagprofilen ved institusjonen, og som vert skipa med sikte på vara i mange år; b) skiftande eller temporæreutstillingar som vert tekne ned etter nokre veker eller månader; og c) vandreutstillingar,som kjem utanfrå og såleis oftast vil vera lausare knytte til den særeigne profilen til det einskilde museet der utstillinga vert montert. Det vil naturleg nok først og fremst vera dei to sistnemnde kategoriane som kan ta opp dagsaktuelle tema og vera ein del av det allmenne ordskiftet i samfunnet.

I 1998 var 2 580 utstillingar tilgjengelege. Av dette var 1 680 basisutstillingar, 670 temporære utstillingar og 220 vandreutstillingar. Dette er om lag som tidlegare år.

Statistikken fortel at besøkstala ved musea har vorte dobla frå 4,5 til 8,8 millionar i perioden 1983-1998. Jamvel om ein del av auken kan tilskrivast betre statistikk, dvs. at fleire museum har rapportert, er det liten tvil om at det i dette tidsrommet har funne stad ein monaleg vokster i tilstrøyminga til musea, jf tabell 6.4.

Tabell 6.4 Oversyn over besøkstala i musea 1994-1998. Kjelde: Norsk museumsutvikling og Statistisk sentralbyrå

19941995199619971998
Betalande4.904.8004.677.7854.818.1244.732.0634.465.122
Samla besøk8.663.6648.880.9248.838.6089.109.6098.753.065

Mellom dei tilsette ved musea finst det omfattande kunnskap innanfor både kunst-, kultur- og naturhistoriske fag, og både teoretiske, faglege, tekniske og praktiske dugleikar. Av dette følgjer at mange vender seg til musea for å få hjelp. Dette gjeld både offentlege etatar, undervisnings- og forskingssektoren, organisasjonar, reiselivsnæringa og mange andre som søkjer svaret på ei eller anna problemstilling. For mange museum kan desse rådgjevarfunksjonane vera tidkrevjande.

Av førespurnader som gjeld samlingane, skal særleg nemnast den veksande interessa for fotohistorisk materiale, som mange museum har i stort omfang. Ein del museum har dessutan fagbibliotek med sjeldsynt materiale, noko som skaper etterspurnad utanfrå. Det same gjeld for bedriftsarkiv og andre privatarkiv, som forskarar og studentar etterspør.

Musea gjev årleg ut ei mengd publikasjonarav ymse slag, utstillingskatalogar, årbøker, forskingsrapportar, temahefter, brosjyrar og mykje anna. Museumsnett Noreg representerer ein ny publiseringskanal for musea. Det er grunn til å tru at dette dei næraste åra vil få konsekvensar for korleis musea prioriterer dei ressursane som kan setjast av til publisering og utoverretta presentasjon.

Born og unge har alltid vore ei viktig målgruppe for musea. I samband med museumsstatistikken for 1997 opplyste 135 museum at dei hadde utarbeidd plandokument for formidlingsarbeidet andsynes desse gruppene. Musea sine undervisningsoppleggfor born og unge tek utgangspunkt i grupper, frå barnehagar, skulefritidsordningar og klassar frå førskulenivået til vidaregåande skule. Dei større musea har oftast eigne stillingar til å ta seg av desse målgruppene. Av gruppebesøka ved norske museum i 1997 utgjorde born og unge om lag 30 pst., og av dei individuelle besøka utgjorde born og unge 15 pst.

Vanlege utstillingar kan syna t.d. ymse reiskapar og gjennom tekst og bilete gjera greie for bruken, men det prosessuelle, handlaget, vil i liten grad koma godt fram. Mange museum arrangerer difor aktivitetsdagareller liknande der gamle handverk og anna vert demonstrerte.

Jamvel om mange vitjar norske museum, syner statistikken at 47 pst. av alle nordmenn ikkje går på museum. Museumsutgreiinga ser på dette som ei utfordring og eit potensial for musea til å nå endå vidare. Ein overlag stor del av opningtidene ved musea er på vanleg dagtid på kvardagar, dvs. på tidspunkt då folk flest er på arbeid, og museumsutgreiinga peiker på at musea i større grad burde vurdera ulike former for verkemiddel som kan ta større omsyn til når folk faktisk har høve til å gjesta musea.

Fleire museum har opphavet sitt i studiesamlingar for forskarar og studentar og var i lang tid prega av dette. Siktemålet var gjerne å syna mangfald og særdrag, medan det pedagogiske ikkje vart særleg vektlagt. Etter kvart vende musea seg i større grad mot allmenta og skuleverket. Ved Norsk Folkemuseum vart det såleis skipa ei skuleteneste alt i 1931. I dag har dei fleste større og mellomstore musea lagt formidlinga til rette for skuleelevar på alle alderssteg.

Situasjonen er likevel ikkje slik han burde vera. Skulane set i liten grad av ressursar til museumsvitjingar og i altfor mange tilfelle får det heile preg av å vera fridag frå skulearbeidet i staden for å vera ein integrert del av det samla pedagogiske opplegget i undervisningsterminen.

Tradisjonelle museumsutstillingar, der publikum passivt ser og les, har ikkje utan vidare ein direkte læringseffekt, men kjenslemessig kan slike presentasjonar vera med på å skapa positive haldningar til og interesse for eit tema. Interaktive utstillingar tykkjest derimot å kunna medverka til auka kunnskapar for skuleelevar, av di slike formidlingsopplegg utfordrar eleven til aktivt å løysa eit problem på ein måte som krev refleksjon og innsats for å koma fram til løysingar.

Av dei pedagogiske opplegga som musea tilbyd skuleverket, er omvising i utstillingane og ymse former for oppgåveløysingar dominerande. Omvisingar fungerer best for dei særskilt motiverte og interesserte. Å nå fram til ein samla skuleklasse som gruppe stiller store fagdidaktiske krav til omvisaren.

Musea har tvillaust mange kvalitetar, slik som gjenstandssamlingane, bygningane, utstillingane og fagkompetansen, for å medverka i undervisningssamanheng, men eit vellukka resultat er avhengig av god kommunikasjon mellom skule og museum. Museumsbesøk må førebuast og leggjast inn i undervisningsplanar. Lærarar og museumspedagogar bør samarbeida om pedagogiske opplegg.

Det er òg gjort vellukka forsøk med å trekkja elevar aktivt inn i museumsarbeid, både i arbeid med å ta vare på gjenstandar og bygningar og i innsamling av informasjon.

Ei av utfordringane for Museumsnett Noreg vil vera å gjera tilgjengeleg skuletilbod, ikkje i staden for ei fysisk vitjing på eit museum, men for å førebu eller for å følgja opp denne. Dessutan vil skulane gjennom Internett kunna oppnå tilgang til nettbaserte utstillingar frå museum som ligg utanfor det geografiske nærområdet.

Internasjonalt er reiselivet den næringa som veks snøggast. Det er tale om ei av dei største næringane i verda. I 1997 reiste 613 millionar personar som turistar. Av desse reiste over helvta i Europa. 240 millionar turistar reiste i 1997 mellom land i Europa, 3,46 millionar av desse reiste til Noreg. Statistisk sentralbyrås ferieundersøking for 1997 viser at 1,2 millionar nordmenn mellom 16 og 79 år reiste på sommarferie. To tredjedelar av desse reiste i Noreg. Potensialet for vidare vokster i reiselivet i Noreg kan venteleg i stor grad knytast til kvalitativt betre kultur- og opplevingstilbod.

Musea er i denne samanhengen viktige for at dei som reiser kan oppleva og læra om natur, folk og kultur andre stader. Reiselivet er avgjerande viktig for publikumstalet ved mange museum. Og mange reisemål både i inn- og utland har vorte omtykte fordi dei har godt utbygde museum. Musea utgjer i så måte ein del av eit totaltilbod som gjer landet og stader til attraktive reisemål. Musea forvaltar kunnskap om og har arenaer for presentasjon av den kulturen og naturen som turistane møter. Som turisttilbod kan musea fungera som arenaer for forståing og fordjuping. I eit slikt perspektiv ligg det klare utsikter til at musea kan nå endå fleire enn tilfellet er i dag.

Musea inngår i det samla reiselivstilbodet som ein del av den ikkje-kommersielle infrastrukturen. Frå reiselivsbedrifter vert det stundom hevda at musea er for alvorlege og lite publikumsvenlege, og at dei difor bør leggja meir vekt på underhaldande publikumstilbod som gjer at fleire gjester kan lokkast innanfor museumsportane. Frå musea vert det hevda at reiselivsbedrifter einsidig er opptekne av utvendige underhaldningselement, og at dei manglar forståing for arbeidsoppgåvene og omsyna som følgjer med at musea skal ha ein høg kvalitet i alle delane av museumsverksemda. Som samfunnsinstitusjonar skal musea i regelen vera tilgjengelege for turistar. Det kan likevel ikkje forventast at mindre lokalmuseum skal ha like omfattande opningstider, fasilitetar og evne til å samarbeida med reiselivsselskap, turistoperatørar, transport- og overnattingsbedriftar som dei større musea. Mange museum vil kunna medverka konstruktivt i planlegging som gjeld utvikling av lokalsamfunn og regionar som reiselivsmål.

6.8 Museum og miljøvern

Museumsarbeid har hatt ei kopling til miljøvernet like lenge som miljøvern har eksistert som samfunnstema. Fagmiljø og einskildpersonar i museumsverda har vore svært viktige for utviklinga av miljøvernet her i landet. Særleg gjeld det innanfor kulturminneforvaltninga, men òg i naturforvaltninga. Den kombinerte samle- og verneideologien i museumsverda har alltid hatt mykje til felles med verneideologien i miljøvernet.

Ansvarsområdet for den statlege miljøforvaltninga omfattar Riksantikvaren - Direktoratet for kulturminneforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning, Statens kartverk, Statens forureiningstilsyn og Norsk polarinstitutt. I tillegg kjem Samisk kulturminneråd, miljøvernavdelingane hjå fylkesmennene og kulturavdelingane/-seksjonane i fylkeskommunane som er tillagde visse oppgåver innanfor kulturminnevernet.

Samarbeidet mellom musea og den statlege miljøvernforvaltninga knyter seg til:

  1. forvaltninga av kulturminnelova

  2. bevaringa og formidlinga av verneverdige bygningar og tekniske og industrielle kulturminne

  3. fartyvernet

  4. naturforvaltinga

  5. formidlinga av kunnskap om kultur- og naturminne.

Miljøverndepartementet har forvaltningsansvaret for kulturminnelova, men fleire oppgåver er delegerte til musea. Særleg gjeld dette på det arkeologiske og marinarkeologiske området, men òg i spørsmål om samtykke til utførsle av historiske gjenstandar.

Med sine om lag 5 000 verneverdige bygningar er musea viktige aktørar innanfor bygningsvernet, både gjennom den handverkskunnskapen som er knytt til mange museum, og gjennom den informasjon om byggjeskikk og bygningsbruk som inngår i formidlingsarbeidet ved musea. Fleire større teknisk/industrielle kulturminne vert forvalta og formidla av museumsinstitusjonar.

Riksantikvaren har inngått verneavtaler for i alt 159 flytande (overbygde) farty. Av desse er 55 åtte av museumsinstitusjonar. Musea eig to tredjedelar av dei verna fiske- og fangstfartya. I tillegg har musea eit stort tal opne båtar, som fell utanom fartyverneplanane åt Riksantikvaren.

Riksantikvarens handlingsplan for fartyvernet tek sikte på å byggja vidare på kompetansen i tre fartyvernsenter: Veteranskipsverftet Bredalsholmen for arbeid på stålskip, Hardanger fartyvernsenter og Gratangen båtsamling for trefarty.

Tre av dei største seglførande fartya i landet, dei tidlegare skuleskipa Statsraad Lehmkuhl, Sørlandet og Christian Radich, får tilskot frå Norsk museumsutvikling og er ikkje omfatta av det vernearbeidet som Riksantikvaren har ansvar for. For å tryggja høgt antikvarisk nivå på vedlikehald og vernevøling av skutene har Norsk museumsutvikling utarbeidd retningsliner for arbeidet.

Fleire av forskingsinstitutta i tilknyting til naturforvaltninga gjennomfører prosjekt som skaper museumsrelevant materiale og samlingar. Det eksisterer ikkje faste rutinar eller avtaler for korleis slike prosjektsamlingar skal handterast. I museumsutgreiinga er det teke til orde for å etablera prosedyrar som sikrar ei betre utnytting av samlingar og datagrunnlag frå registrerings- og forskingsprosjekt.

Med tilvising til dei mange felles interessefelta mellom musea og naturforvaltninga vil det i mange tilfelle liggja vel til rette for å nytta musea som informasjonsaktør for forvaltninga, til dømes gjennom formidlingstiltak som utnyttar den naturlege møtestadfunksjonen som musea har. Musea kan vera ein veleigna arena for å visa samanhengar i naturen og samanhengar mellom menneskeleg aktivitet og landskapet. Fleire naturinformasjonssenter er knytte til museum.

Miljøverndepartementet har hausten 1999 gjort endringar i forskrift om fagleg ansvarsdeling m.m. etter kulturminnelova. Den viktigaste endringa er at kompetansen til å gje løyve til eller nekta tiltak som kan verka inn på automatisk freda kulturminne og skipsfunn eldre enn 100 år, er flytt frå musea til Riksantikvaren. Miljøverndepartementet har òg vedteke ny forskrift om gjennomføring av arkeologisk arbeid i samband med automatisk freda kulturminne og forvaltning av lause kulturminne. Denne forskrifta har m.a. føresegner om kven som skal gjennomføra arkeologiske utgravingar der Riksantikvaren har gjeve samtykke til inngrep. Dette ansvaret er delt mellom dei arkeologiske landsdelsmusea, sjøfartsmusea og stiftinga for natur- og kulturminneforsking (NINA-NIKU). Musea sitt ansvar for å forvalta den statlege eigedomsretten til lause kulturminne er òg nedfelt i forskrifta.

Regjeringa har lagt fram proposisjon om brigde i kulturminnelova, m.a. ei endring av § 23 om utførsleforbod for målarstykkje, skulpturar m.m. og transportmiddel eldre enn 50 år og minne knytte til verksemder og hendingar i norsk historie, jf. Ot.prp. nr. 50 (1998-99). Ved å føra inn ei generell tidsgrense på 50 år vert regelverket lettare å handtera for dei institusjonane som skal handsama søknader om utførsle og slik medverka til aktiv kulturutveksling med utlandet.

Det er semje mellom Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet om at ansvaret for forvaltninga av § 23 i kulturminnelova i framtida skal overførast til Kulturdepartementet. Dette vil verta gjennomført i løpet av 2000.

Fleirtalet i energi- og miljøvernkomiteen i Stortinget gjekk i Innst. S. nr. 150 (1997-98) til St.meld. nr. 58 (1996-97) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling - Dugnad for framtida inn for å setja ned eit utval til å greia ut kulturminnepolitikken. Regjeringa har oppnemnt eit utval med representantar for eigarar av kulturminne, styresmakter og andre med tilknyting til dette saksfeltet. Utvalet skal gjera ei vurdering av mål, strategiar og verkemiddel på kulturminneområdet. Utgreiinga skal liggja føre innan 1. september 2001.

6.9 Utdanningstilbod

Utdanning og etterutdanningstiltak er ein viktig del av rammevilkåra for kvaliteten i museumsarbeidet. Den vanlegaste akademiske museumsutdanninga har vore utdanning i fag som har kontaktpunkt med museumssamlingar, t.d. arkeologi, kunsthistorie, etnologi, historie, sosialantropologi, botanikk, geologi, paleontologi og zoologi, evt. supplert med museumspraksis i studietida og/eller museumsrelevante kurs. Somme av dei aktuelle faga har eller har hatt feltkurs eller praksis på museum. På universitets- og høgskolenivå er det følgjande museumsrelaterte tilbod:

  • Semesteremne i museumskunnskap ved Universitetet i Oslo. Føremålet med utdanninga har vore å gje forståing av organisasjon og verksemd ved musea og dei antikvariske institusjonane, og den ideologiske og samfunnsmessige bakgrunnen for arbeidet. I 1998 var det ikkje tilbod om undervisning, men tiltaket kom i gang att hausten 1999.

  • Frå 1998 er det tilbod om storfag i konservering ved Universitet i Oslo. Det er eit opptakskrav at ein har avlagt eksamen i museumskunnskap. Ein må difor sjå desse studietilboda i samanheng.

  • Universitetet i Oslo har vidare eit mindre kurs i museumspedagogikk for doktorgradstudentar. Universitetet har dessutan stipendiatar innanfor naturhistorisk museumsformidling.

  • Grunn- og mellomfag i kulturvern og kulturformidling ved Universitetet i Bergen skal gje innsikt i kulturteori og formidlingsteori med hovudvekt på historisk orienterte fag. Studiet inneheld kulturminnevern, museumskunnskap og arkivlære.

  • Grunnfag i samlingsutvikling for bibliotek, museum og arkiv ved Høgskolen i Nesna.

  • Høgskolen i Telemark, avd. Rauland tilbyd eitt-årig studium i restaureringskunnskap med særleg vekt på tregjenstandar.

  • Fleire av høgskolane har kurs i kunst- og kulturkunnskap.

  • I tillegg vert det arrangert meir eller mindre faste mindre kurs i museumskunnskap, bygningsvern og trebevaring.

Utdanningstilbodet er prega av at det ikkje finst ei spesielt definert utdanning i museumsarbeid.

6.10 Spørsmålet om ei eiga museumslov

Med unnatak av at nokre museum har oppgåver som fell inn under kulturminnelova, er museumsfeltet ikkje dekt av eit lovverk. Spørsmålet om museumslov har likevel vore eit drøftingstema i museumsverda dei seinaste tiåra.

I museumsutgreiinga vart det gjort framlegg om at det burde setjast i gang eit arbeid med ei eiga museumslov. Utvalet grunngav dette på følgjande måte:

«Når Museumsutvalet vil rå til at Kulturdepartementet set i gang arbeid med ei museumslov, vil ein leggja vekt på å sidestilla museumsfeltet med miljøvernområdet, bibliotek- og arkivfeltet, der det er lovverk frå tidlegare. Ei museumslov bør sjå museum som eit instrument både i eit omfattande miljøperspektiv og i eit kunnskapsperspektiv, der ein føresetnad for livslang læring m.a. ligg i ein demokratisk rett til informasjon, kunnskap og opplevingar. I dette perspektivet kan museum bidra med spesialkompetanse på den materielle omverda. Ei lov kan sikra at ein får like rammevilkår for å utvikla denne kompetansen, og at samfunnet får nyta godt av den innsatsen som blir ytt. Slik sett kan museumslov fungera som eit verkemiddel for betre samordning på museumsområdet og meir allment som ei sikring av musea som samfunnsinstitusjonar i Noreg.»

Høyringsfråsegnene frå museumshald var i hovudsak positive til framlegget frå museumsutvalet. Viktige høyringsinstansar var likevel mot ei lov; det galdt mellom anna Kommunenes Sentralforbund. Dei argumenta for og imot ei museumslov som vert nemnde nedanfor, byggjer på ein analyse av synspunkta både i utgreiinga og i høyringsfråsegnene.

6.10.1 Argument for ei museumslov

- lov er naudsynt for sikra tilstrekkelege offentlege ressursar

Spørsmålet om lov på kulturfeltet er gjerne knytt opp til ein argumentasjon som hevdar at ein må ha lovvern for å kunna tevla på lik line med andre viktige, lovregulerte samfunnssektorar når det gjeld tildeling av ressursar.

Isolert sett kunne dette brukast som eit moment i ein argumentasjon for ei generell kulturlov. Men det er òg mogleg å visa til ei utvikling som peiker i motsett lei. På kulturområdet har folkebiblioteka lovvern. I alle fall i periodar kan det dokumenterast at dei musea som kommunar og fylkeskommunar har eit økonomisk medansvar, har hatt ein større auke i driftstilskota enn biblioteka.

- lov trengst for å skapa orden og struktur

Det er sannsynleg at mangel på lov eller fast regelverk kan ha vore ein av grunnane til at det offentlege i liten grad har kunna styra den store og viltveksande floraen av nye institusjonar. Av dei 471 institusjonane som i museumsstatistikken for 1997 svarte på spørsmålet om etableringsår, var 211, eller 45 pst., grunnlagde etter 1980. Så langt på 1990-talet har det vorte skipa 95 nye museum.

Dette er ei utvikling som det er parallellar til i mange land. I og for seg er det uttrykk for ei sterk tru på museum som ein viktig kulturinstitusjon, samstundes som det avspeglar ein omfattande entusiasme. Problemet er at ein får eit svært fragmentert og sårbart museumssamfunn. Det er òg ein aukande ulikskap når det gjeld organisering og finansiering av musea. Stat, fylkeskommunar og kommunar er i stor grad reduserte til mottakarar av ei mengd søknader som dei må handsama etter beste skjøn, utan å ha gode nok referanserammer for vurderingane. Ei lov, eller i alle fall eit regelverk, ville i større grad kunna ha ført entusiasmen og dermed òg utviklinga inn i spor som kunne samsvara betre med kulturpolitiske mål. Det er likevel ikkje utan vidare påkravd med ei lov for å handtera dette. Eit føremålstenleg regelverk vil venteleg kunna gjera like god nytte.

- lov er naudsynt for å få status og autoritet slik som arkiv, bibliotek og kulturminnevernet

Tilhengjarane av lov legg mykje vekt på det symbolske verdet av å ha ei lov, det å vera på same nivå som andre samfunnsområde der lov er eit viktig verkemiddel. Det vert òg vist til at ei lov på museumsområdet vil skapa ei likevekt med arkiv- og bibliotekfeltet, samstundes som det vil gje musea ein annan autoritet i samhandlinga med kulturminne-forvaltninga, som er lovregulert. Dette symbolverdet skal ikkje undervurderast, jamvel om dette åleine ikkje kan vera nok til å gjera framlegg om ei lov.

6.10.2 Argument mot ei museumslov

- ei ny særlov vil vera i konflikt med intensjonane i kommunelova

Dersom det skal lagast ei lov for museum generelt, må ho formast som ei særlov og kjem dermed i prinsipiell motsetnad m.a. til den nye kommunelova. Det vert òg peikt på at meir aktiv og målretta bruk av plan- og bygningslova kan sikra musea ein plass i den fylkeskommunale og kommunale planprosessen. Det vil kunna gje naudsynt forvaltningsmessig grunnlag for utvikling og tryggleik, vert det hevda.

- lov er eit tungvint og lite fleksibelt verkemiddel

På same måten som resten av kulturfeltet er museumsarbeid òg prega av kreativitet og initiativrikdom, noko som set krav til fleksibilitet. Lov kan i ein slik samanheng vera eit tungvint verkemiddel, av di endringar har ein omstendeleg prosedyre. Dermed kan lov i gjevne situasjonar representera eit hinder eller i alle fall eit forseinkande element for tenlege brigde og dynamisk utvikling.

6.10.3 Samanlikning av museum med bibliotek og arkiv

På bibliotekområdet finst både lov om folkebibliotek og lov om avleveringsplikt for offentleg tilgjengelege dokument. På arkivområdet finst lov om arkiv, som er sett i verk frå 1. januar 1999.

Lovene er innbyrdes ulike: Folkebiblioteklova fokuserer på tenesteytinga til og organiseringa av biblioteka, pliktavleveringslova konsentrerer seg om identifisering av offentleg tilgjengelege dokument og prosedyrar for avlevering til Nasjonalbiblioteket og andre organ, og arkivlova regulerer Riksarkivarens fullmakter og pliktene til offentlege arkivskaparar. Eit element dei har felles, er føremålet med lovene, som i alle tre viser til den samfunnsnytten institusjonane og materialet deira har i ein vidare samanheng. Dette gjev dei eit kulturpolitisk fundament og dermed òg ein samfunnsfunksjon i eit vidare perspektiv.

I viss monn kan ein seia at museum utfører det same på materialitetens og gjenstandens område som arkiv gjer for dokumenttilfang frå offentleg forvaltning, og biblioteka gjer for det skrivne og prenta ordet. Opp gjennom åra har det offentlege i liten grad vore aktiv når det gjeld å etablera museumsinstitusjonar. Det er i mykje større grad organisasjonar, interessegrupper og einskildpersonar som har vore drivkreftene bak etableringar. I så måte er det ein klår skilnad samanlikna med arkiv og særleg bibliotek. På museumsområdet har det offentlege i aukande grad etter 1975 fått rolla som den viktigaste økonomiske støttespelaren. Men med eit mylder av selskapsformer og organisatoriske løysingar har det til no ikkje vore vurdert som ynskjeleg eller naudsynt å etablera eit lovverk for museum som ville gje det offentlege større innverknad på og styring med denne delen av kulturlivet.

Ein av tankane som har vore vurderte, er å slå saman dei eksisterande lovene på arkiv- og bibliotekfeltet, samstundes som ein innarbeidde eigne føresegner om musea. Eit av poenga ville vera å skapa ei felles referanseramme som i sin tur kunne gjera det lettare å få til samordnings- og samarbeidskonstellasjonar mellom dei tre institusjonstypane. Slik sett kunne ei felles lov tilskunda ei tilnærming mellom institusjonstypane som m.a. IKT legg til rette for, men som ikkje alltid vert vurdert som mogleg av di referanserammene vert oppfatta å vera så ulike.

Det er ingen ny tanke å slå saman lover på dette feltet. I samband med utarbeidinga av NOU 1992: 32 Bedre struktur i lovverket, gjorde professor Jon Bing framlegg om å slå saman lov om folkebibliotek, lov om bibliotekvederlag og pliktavleveringslova til ei biblioteklov (NOU 1992: 32 Vedlegg 26). Han peiker på behovet for å sjå nærare på arkiv og bibliotek i lovsamanheng, samstundes som han viser til korleis musea på ein del måtar i multimedia-alderen nærmar seg problemstillingar som er felles med biblioteka.

Departementet meiner at tida førebels ikkje er inne til å vurdera ei eventuell samanslåing av lover for arkiv, bibliotek og eventuelt museum. For det første må arkivlova få høve til å verka ei tid før ein vurderer moglege endringar. For det andre legg departementet til grunn at ein i det korte tidsperspektivet vil kunna oppnå tilstrekkjeleg styring av museumsfeltet gjennom eit regelverk for dei musea som får statstilskot.

Behovet på museumsområdet er fyrst og fremst å få til ei betre strukturering og samordning av aktiviteten. Det er i tillegg berrsynt at mange institusjonar slit med økonomien. Ei lov vil neppe vera rette instrumentet for nokon av desse utfordringane. Eit regelverk kombinert med politisk vilje til å gjera noko vil vera ei betre og meir fleksibel løysing.

6.11 Utfordringar

Musea skal tena samfunnet og samfunnsutviklinga. Det er difor naudsynt at dei ikkje opererer i eit lukka system, men inngår i ein dialog med omverda. Musea har ei rolle å spela i demokratiseringa av samfunnet.

Generelt er den største utfordringa å betra kvaliteten i alle delane av museumsverksemda, forsking, innsamling, bevaring og formidling. Samstundes er det ei særleg utfordring for det einskilde museet å finna den rette balansen mellom den langsiktige samlings- og bevaringsfunksjonen og dei aktuelle, publikumsretta formidlingsoppgåvene.

Som dialoginstitusjonar er det naudsynt at musea:

  • klårgjer dei vala dei gjer ved innsamling, bevaring og formidling av gjenstandane,

  • er kritiske til presentasjonane sine av historiske prosesser på bakgrunn av ny kunnskap og nye problemstillingar, og

  • legg vekt på autentisitet i formidlinga slik at originale gjenstandar vert sette i rett samanheng.

Viktige verkemiddel for å møta utfordringane vil vera å betra kompetansen hjå dei museumstilsette, arbeida planmessig for å betra kvaliteten i alle delar av museumsverksemda og samarbeida med andre museum og relevante institusjonar. I tillegg til samarbeid med arkiv og bibliotek er det ei utfordring for musea å få til eit betre samarbeid med kulturminne- og naturvernet, skuleverket og reiselivet.

Museumssektoren har både ressursmessige og strukturelle problem. Dei tiltaka som vert skisserte i kap. 8, tek sikte på å gripa fatt i nettopp dette, slik at musea i neste venda skal verta betre skikka til å ivareta den viktige samfunnsmessige rolla dei kan og bør fylla.

6.11.1 Den fleirkulturelle utfordringa

Noreg har alltid vore eit fleirkulturelt samfunn. På den tida den norske nasjonale identiteten vart odla fram i førre hundreåret, var det både nordmenn, samar, jødar, kvenar, skogfinnar, rom (sigøynarar) og romanifolket (taterar/dei reisande) som budde her. Dei tidlege kulturhistoriske musea avspegla i liten grad dette mangfaldet. Dei siste tiåra har innvandring frå mange kantar av verda gjeve landet eit endå meir pluralistisk preg. For dei kulturhistoriske musea inneber dette eit utvida og meir komplekst virkefelt. Dei skal for det første vera objektive dokumentasjonssenter for pågåande endringar. Dinest skal dei vera ei referanseramme for den eldre kulturen og gje svar til dei som leitar etter identitet som følgje av den uvissa omskiftet fører med seg. Musea skal vera ein arena for kunnskap og forståing, der kvar og ein kan utvikla positive haldningar til både eigne og andre sine røter.

Dei siste tiåra er det gjort mykje for å gje den samiske kulturarven ein rettvis plass i den samla formidlinga av dei historiske utviklingslinene i Noreg. Jamvel om det alt er gjort monalege investeringar i samiske museumsbygningar og utstillingar, vil det vera aktuelt å vurdera nye prosjekt i åra framover. I denne samanhengen skal særleg nemnast planen om eit samisk kunstmuseum som ei ny avdeling ved De Samiske Samlinger i Karasjok. Det vil vera verdfullt å få skipa til ein permanent formidlingsarena for kunstverk skapte av kunstnarar som har arbeidd med tematikk og materiale med tilknyting til samiske kulturtradisjonar. I ei fråsegn frå Sametinget er det særleg streka under desse ynskemåla for dei samiske musea:

  • å styrkja arbeidet med samisk naturkunnskap, natur- og landskapsterminologi,

  • å utvikla dialogen om samisk kulturell sjølvforståing og samiske språktiltak,

  • å dokumentera samiske kulturminne, kulturmiljø, tradisjonskunnskap og handverksteknikkar,

  • å byggja opp forskingsarbeidet,

  • å få eit samla oversyn over det samiske gjenstandsmaterialet,

  • å kartleggja trongen for trygging og teknisk konservering av samlingane,

  • å auka innsatsen for språk, nomenklatur og register for samisk gjenstandstilfang.

Den kvenske minoriteten har derimot ikkje vore nemnande påakta i kulturvernsamanheng. Rett nok har Vadsø museum - Ruija kvenmuseum kvenkultur som ansvarsfelt, men elles er lite gjort. Kvæntun-prosjektet i Porsanger er viktig, av di det er knytt til eit lokalsamfunn der kvensk språk og kultur framleis er levande.

Eit heilt forsømt område er taterane og deira kultursoge i Noreg. Prosjektet ved Glomdalsmuseet på Elverum som tek sikte på å byggja opp eit permanent dokumentasjons- og formidlingssenter for denne minoritetskulturen, er såleis eit både banebrytande og viktig tiltak.

Internasjonalt kultursenter og museum(IKM) i Oslo har laga utstillingar med utgangspunkt i nyare innvandrargrupper og den fleirkulturelle situasjonen i Noreg. I åra framover må det leggjast til grunn at ei rekkje museum vil gripa fatt i spørsmål som gjeld innvandrarar og deira situasjon. Eit viktig siktemål vil i denne samanhengen vera å medverka til konstruktiv dialog mellom innvandrarar og innfødde i kongeriket. Innanfor rammene av dei prosjektmidlane som vert stilte til rådvelde for ABM-utvikling - Kulturdepartementets samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum,vil tiltak innanfor dette saksområdet måtta få høg prioritet.

6.11.2 Kystkultur

På slutten av 1800-talet og dei første tiåra av 1900-talet var museumspionerane meir opptekne av å dokumentera innlandskultur enn kystkultur. I ettertid framstår dette som heller merkeleg i eit land der den lange kystlina med tilhøyrande folkesetnad og mangslungne næringsliv er eit viktig særkjenne. Dei siste tiåra er det bygd opp mange gode museum med kystkultur, fiskeri og sjøfart som sentrale dokumentasjonsområde, men det vil likevel framleis vera naturleg å framheva dette temaområdet særskilt.

I det arbeidet som vert skissert i kapittel 8 for å konsolidera og styrkja m.a. distrikts- og regionmusea, vil det vera naturleg å prioritera fleire institusjonar med fagleg tyngdepunkt innanfor dette saksfeltet. Her må ein òg sjå nærare på den nasjonale samordninga, slik at ein kan få til ei funksjonell og fagleg arbeidsdeling mellom konsoliderte regionale museumseiningar. Departementet vil leggja opp til å få fortgang i arbeidet med regional konsolidering og nasjonal samordning innanfor museumsområdet kystkultur, fiskeri og sjøfart. Dette vil såleis ha særleg høg prioritet i den restruktureringsprosessen som vert skissert i kap. 8.2.3.3.

Likeins vil det mellom dei tilrådde prosjekta om fylkestusenårsstader vera grunn til å nemna særskilt NORVEG-prosjektet i Vikna i Nord-Trøndelag. Dette senteret skal etter planen verta hovudsete og ein viktig formidlingsarena for eit alt vel fungerande kystkulturmuseum, Kystmuseet i Nord-Trøndelag - Woxengs Samlinger .

6.11.3 Industri og sørvisnæringar

Det norske samfunnet har gjennomgått store omskifte i løpet av 1900-talet. Medan samlingane og formidlingsarbeidet ved musea i stor grad dokumenterer liv og arbeid knytt til primærnæringane, er brorparten av folket i dag sysselsett i industri- og sørvisnæringar i privat og offentleg sektor. Åtte prioriterte industriminne er tidlegare gjevne eit budsjettmessig løft, men i det store og heile står dokumentasjonen av industri og tenesteytande næringar veikt innanfor museumssektoren. Musea har difor ei særskild utfordring i å knyta verksemda sterkare til desse områda, og dette vil vera ein naturleg lekk i ei sterkare prioritering av dokumentasjonen av samtida og den nære fortida. Saksfeltet er likevel overlag vidfemnande, og det vil vera trong for ei arbeidsdeling på nasjonalt nivå innanfor desse områda. For store industrigreiner kan det òg vera aktuelt å samarbeida på nordisk nivå.

6.11.4 Økologi og miljøvern

I vid tyding kan omgrepet miljøvern femna om både natur- og kulturvern. Musea har til oppgåve å forvalta kulturarven og formidla kunnskapar om menneskeskapte spor i det samfunnet som var. Dei skal gjera synleg korleis menneske og natur har utvikla seg i dialog eller konflikt med kvarandre, syna samanhengar i tid og rom og vera bindeledd mellom fortid, notid og framtid. Slik skal dei syna korleis kvar generasjon ikkje er eineståande, men lekkjer i ein kjede. Gjennom samlingane sine og metodar for dokumentasjon, forsking og formidling har musea særlege føresetnader både i kunnskapsproduksjonen om desse samanhengane og i formidlinga av kunnskapane. Musea kan medverka til erkjenning og stimulera til ettertanke.

Handlingsplanen for miljø og utvikling som FN tok stilling til på Rio-konferansen i 1992, vert i Noreg m.a. følgd opp gjennom Lokal Agenda 21. Musea er ikkje særskild nemnde i denne samanhengen, men det er likevel berrsynt at det desentraliserte nettverket som desse institusjonane representerer, er eit eigna utgangspunkt for at dei kan spela ei rolle i det medvitsskapande arbeidet og som premissleverandør for lokale og regionale styresmakter. Likevel må det strekast under at med unnatak av universitetsmusea finst naturvitskapleg kompetanse berre ved eit fåtal av dei regionale musea. Det vil såleis vera naudsynt å styrkja denne kompetansen, dersom musea skal kunna spela ei utvida rolle innanfor økologi og miljøvern.

6.11.5 Handlingsboren kunnskap

Mange museum har mykje informasjon om gamle handverk og handverkstradisjonar. Dei har reiskapane som vart nytta, og dei har produkta, men den heile og fulle kunnskapen om handverket vil dei ikkje ha utan den kvalifiserte handverkaren med dei dugleikane som ligg i sjølve handlaget utvikla gjennom lang læretid og praksis. Viktige delar av kulturarven vil gå tapt, dersom vi ikkje tek vare på den handlingsborne kunnskapen knytt til hustømring, tekstile tradisjonar, båtbygging, skinnarbeid, smiing, saum, tradisjonsborne dyrkingsmåtar i jordbruket og mange andre fag og kunnskapsfelt.

Dei meir enn 5 000 verneverdige bygningane som vert forvalta av musea, krev årvisst vedlikehald. Utan gode kunnskapar om korleis bygningen i si tid vart oppført, kan ein lett koma i skade for å gjera feil som reduserer verdet av bygningen som kulturminne. Tilsvarande behov for handverksmessige dugleikar vil melda seg ved til dømes vøling av gamle båtar, reparasjon av tekniske kulturminne, innretningar eller gjenstandar m.m.

Men det er ikkje berre bevaringsoppgåvene som tilseier at musea bør ha omfattande handverkskompetanse. I formidlingssamanheng vil mykje kunna gjerast meir levande og forståeleg gjennom personar som utøver og demonstrerer eit handverk eller ein handverksdugleik. Båtbyggjaren eller ljåsmeden i arbeid gjev tilskodaren mykje meir enn det ferdige produktet passivt presentert i ei utstilling.

I kjølvatnet av NOU 1986: 15 Dokumentasjon, vern, vidareføring og atterreising av gamle handverkvart Handverksregisteret skipa. Organisatorisk er dette knytt til Maihaugen, men det omfattande dokumentasjonsarbeidet i regi av dette tiltaket har vore spreidd over heile landet. Mykje er likevel framleis ugjort på dette området. Eit nettverk av museum som prioriterer ulike bitar av dette oppgåvefeltet kan vera ein tenleg måte å løfta viktige delar av dette arbeidet vidare fram på.

Det er vidare berrsynt at husflidsrørsla spelar ei viktig rolle i vidareføringa av mange handverksdugleikar. Eit nærare samkvem mellom dei mange husflidslaga og musea vil i mange samanhengar vera ei tenleg utvikling.

6.11.6 Utfordringar i formidlingsarbeidet

Samanlikna med andre land har ideen om såkalla science centeri liten grad materialisert seg i konkrete formidlingstiltak i Noreg. Unnataket er Teknoteket i Norsk Teknisk Museum i Oslo, Vitensenteret i Trondheim og Energiforsyningens Informasjonssenter ved Hunderfossen i Øyer. Fleire universitet og museum arbeider likevel med planar eller ideskisser til tiltak på dette området.

Eit science centerbyggjer på interaktive utstillingar. Publikum skal læra ved å gjera. Born og vaksne vert engasjerte i enkle eksperiment eller utprøving av tekniske innretningar. I somme aktivitetar vil det dreia seg om å meistra eller løysa oppgåver; i andre tilfelle er det fyrst og fremst tale om å hausta røynsler ved å prøva seg fram. Siktemålet er å skapa undring hjå den einskilde over korleis og kvifor noko fungerer slik det gjer. Tema vert henta frå teknologiske og naturvitskaplege fag som fysikk, kjemi, zoologi, botanikk og geologi. I Sverige har utvikling av science centervore ein del av strategien for å få fleire unge, og ikkje minst fleire jenter, til å søkja seg mot naturvitskaplege og tekniske fag. I ei fråsegn frå Norsk museumsutvikling heiter det m.a.:

«I de landene hvor det er flere science senter har senterne etter hvert fått en sentral og viktig rolle i samfunnet. Særlig for skolene er sentrene blitt viktige. De underviser elever, driver med opplæring av lærere og utvikling av lærermateriale. ...

Familiegrupper er en stor andel av besøkende i uformelle læringsmiljø som museer og science sentre. Flere forskere mener at læring i en familiesammenheng er det mest avgjørende for læring senere i livet. Da blir det viktig at tilbudet i de uformelle læringsmiljøene virkelig bidrar til læring. Undersøkelser gjort på familiegrupper i uformelle læringsmiljø viser at utstillinger med interaktive oppgaver stimulerer til større samhandling og deling av opplevelser knyttet til utstillingsatemaet sammenlignet med tradisjonelle utstillinger. $006 Både barn og voksne stiller flere spørsmål, diskuterer seg imellom og bruker mer tid på utstillingen sammenlignet med tradisjonelle utstillinger. ...

Museene har ansatte med faglig kompetanse både innen vitenskap og formidling som science sentrene kan dra nytte av. Museene har store samlinger, med et mangfold av objekter som kan være viktig for å sette aktivitetene på et science senter inn i en større sammenheng.

Manglende sammenheng har vært noe av kritikken mot science sentre. Kritikere mener det er fokusert for mye på opplevelse og aktivitet og for lite på kunnskapsformidling. En kombinasjon av science senter formidling og museumsformidling kan kanskje bidra til å heve kvaliteten både på museet og science senteret.»

På denne bakgrunn strekar Norsk museumsutvikling under det verdfulle ved å ha teknotekliknande aktivitetar integrert i Norsk Teknisk Museum. Dette er òg Norsk museumsutvikling si faglege grunngjeving for å framheva utstillingsplanane i det føreståande nybygget ved Jærmuseet som eit viktig prosjekt, jf. kapittel 9. Jærmuseet har formulert det overordna målet for formidlingsarbeidet sitt slik:

«Å formidla brei og allsidig kunnskap om og forståing for samanhengane mellom natur, kultur, landskap, teknologi og miljø. Me vil understreka museet si samfunnsrolle med utgangspunkt i ein region der sentrale natur- og kulturverdiar er under sterkt press, og der informasjon og refleksjon om slike problemstillingar er svært nødvendig.»

6.11.7 Magasin og bevaring

Både museumsutgreiinga og andre undersøkingar dokumenterer at oppbevaringstilhøva for samlingane ved mange museum ikkje er så gode som dei bør vera. Det er m.a. stor mangel på klimaregulerte magasin i eldfaste bygningar. I mange tilfelle vil det vera naturleg og praktisk at fleire museum går i lag om å dekkja magasinbehovet gjennom fellesløysingar.

I denne samanhengen er det naturleg å framheva dei planane som Maihaugen, Norsk Folkemuseum og Norsk Teknisk Museum har utarbeidd for eit fellesmagasin. Dette er tre institusjonar med særs omfattande samlingar. Når dei no går inn for ei samla løysing, som òg vil innebera ei samla forvaltning av det magasinerte tilfanget, er dette eit banebrytande prosjekt. Jf. elles oversynet over investeringsprosjekt i kapittel 9.

Departementet er elles kjent med at det vert arbeidd med planar om fellesmagasin for fleire museum på Salhus i Hordaland.

Til forsiden