St.meld. nr. 23 (2008-2009)

Bibliotek— Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid

Til innhaldsliste

Del 2
Utviklingstrekk, rammevilkår og internasjonale perspektiv

3 Overordna utviklingstrekk

Figur 3.1 Frå publikumsarealet ved Nasjonalbiblioteket

Figur 3.1 Frå publikumsarealet ved Nasjonalbiblioteket

Kjelde: Foto: Nasjonalbiblioteket

3.1 Innleiing

Biblioteksektoren er forma etter dei behova som eksisterer til ei kvar tid, men er også eit resultat av lange bibliotekfaglege og forvaltningsmessige tradisjonar. Til liks med andre kunnskaps- og kulturinstitusjonar vert også biblioteka påverka av samfunnsutviklinga og av ei rekkje ytre faktorar. Dette set biblioteka i ein utfordrande og spanande posisjon.

I biblioteksektoren kan det vere ein tendens til at gårsdagens løysingar i for stor grad vert brukte på morgondagens utfordringar. Biblioteka kan ofte verke for statiske og for lite opne for impulsar, samstundes som ein også kan sjå både sterk endringsvilje og endringsevne, men ofte på eigne premissar. I dag vert det teke mange gode initiativ og nytta mykje ressursar på å styrkje og utvikle biblioteka. Samstundes ser ein at mange initiativ vert for fragmenterte og at det i for liten grad vert teke eit samla grep om utfordringane.

Det tredelte forvaltningsansvaret på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå og det delte departementsansvaret skaper utfordringar for å få til samordning og samarbeid i biblioteknettverket. Desse strukturane krev sterkare samordning på nasjonalt plan, og betre evne til å konkretisere og å løyse felles utfordringar på tvers av heile biblioteknettverket. Det er ei utfordring for alle forvaltningsnivå å utvikle framtidsbibliotek som møter krava til fornying. Det er også ei utfordring å skape bibliotek som møter behova brukarane har for tilgjenge til kjelder, kunnskap og kultur, oppleving, sosial interaksjon og aktiv medverknad. I dag ser vi at biblioteka vert utfordra på område som til dømes samarbeid og struktur, effektiv ressursutnytting, kompetanse, behov for fornying og nye formidlingsformer.

3.2 Globalisering og teknologisk utvikling

Globaliseringa og utviklinga av Noreg som fleirkulturelt samfunn påverkar biblioteka. Det er ein tendens til at kjelder vert monopoliserte og at internasjonalisering krev tettare samarbeid og strukturar. Brukarane er globale, den nasjonale kulturen vert utfordra samstundes som kravet til eit meir mangfaldig tilbod i biblioteka aukar.

Den teknologiske utviklinga er ein viktig faktor for innovasjon og fornying og ho har ført til at nesten alle former for informasjon i form av tekst, lyd og bilete no kan lagrast og formidlast i digital form. Den teknologiske utviklinga utfordrar biblioteka samstundes som ho også opnar for innovasjonar. Utviklinga går samstundes raskt og ofte i uventa retningar, og framtidige teknologiske nyvinningar kan sprengje dei referanserammene vi har i dag.

Kjeldene til kunnskap og kultur er i aukande grad digitale. Det er forventningar om breitt tilgjenge til digitalt materiale, noko som utfordrar det tradisjonelle utlånet av trykte kjelder og verkemiddelapparatet som er bygt opp kring tradisjonelt utlån. Dette fører til spørsmål om prioriteringar og strategiar. Kva skal digitaliserast, kva skal omfattast av lisensar, kven tek avgjerdene og korleis skal ein utnytte ressursane best mogeleg? Utviklinga av nye teknologiar, brukarskapt innhald og aktiv medverknad skaper også utfordringar for det tradisjonelle bibliotektilbodet.

Eit sentralt utviklingstrekk i biblioteka er ein sterk auke i digitale abonnement særleg i universitets- og høgskulesektoren. Nedlasting av elektroniske dokument som universiteta abonnerer på, erstattar i aukande grad fysiske lån av papirdokument. Bibliotekstatistikken viser at tendensen er særleg sterk etter 2001. Etterspurnaden etter digitalt materiale i folkebiblioteksektoren er også venta å auke.

I Noreg er e-boka framleis berre i startfasen, men internasjonalt ser vi at e-boka er på frammarsj. Det er utvikla fleire ulike lesebrett, som til dømes Amazon Kindle og Sonys digitale papir. Internasjonalt er det eit aukande tilbod om å laste ned e-bøker, og rapportar frå USA og Japan viser at etterspurnaden også aukar. Det vert hevda at 10 prosent av boksalet i USA i dag er e-bøker, og at Amazon Kindle er seld i fleire eksemplar det første året på marknaden enn Ipod gjorde i sitt første år. Dei amerikanske e-bøkene er også billigare enn dei trykte, og dei kan lastast ned på lesebrettet i løpet av kort tid 1.

Nye formidlingskanalar vil etter kvart kunne føre til nye lesemønster og lesevanar også i Noreg, noko som kan verke inn både på bransjen og på biblioteka. Dei fleste vanlege bibliotekbrukarane i Noreg må enno besøkje biblioteket in persona for å låne bøker eller andre fysiske informasjonsberarar. I framtida kan ein tenkje seg løysingar der ein kan tinge alle typar dokument sjølv, og få dei leverte direkte heim til seg, uansett om det er fysiske eller elektroniske dokument, digitale lydfiler, filmar eller e-bøker. Per i dag er ikkje desse løysingane på plass.

Når stadig meir informasjon vert å finne i same grunnleggjande form, den digitale, snakkar vi òg om ei samansmelting av tidlegare skilde bransjar og produktkategoriar, ikkje minst innanfor dei teknologitunge data-, tele- og mediesektorane. Dette fører til at tidlegare skilje mellom telefoni, multimedia, TV, film- og musikkmedium vert viska ut både innhaldsmessig og fysisk. Denne utviklinga pressar fram produksjon av multifunksjonelle teknologiske apparat, og det fører til ein stadig lågare teknologisk terskel for publisering av stoff på Internett med eit stort mangfald av bodskapar og former.

I prinsippet er det slik at alle no kan publisere kva dei måtte ønskje på Internett. Omfanget vil i framtida verte endå større, samstundes som behovet for kvalitetskontroll og betre gjenfinningsverktøy vert påtrengande. Dette aukande og komplekse informasjonstilfanget krev teknologiske løysingar som gjer det enkelt å analysere, strukturere, gruppere og presentere informasjon. Tradisjonelt er dette kjerneoppgåver for biblioteka, og i eit teknologisk komplekst samfunn vil desse kjerneoppgåvene ikkje verte mindre sentrale, jf. Nasjonalbibliotekets digitale sikringsmagasin som kan lagre trykt materiale, musikk, radio- og TV-opptak, film og foto som digitale filer.

I dag ser vi at semantisk teknologi er under stadig utforsking og utvikling, og representerer eit potensial for meir sofistikerte bibliotektenester som kan ta steget vidare frå det tradisjonelle dokumentfokuset til å analysere informasjonen som dokumenta inneheld. Ein nærliggjande bruk av slik teknologi er å utvikle meir «intelligente» og treffsikre søkjetenester med til dømes automatisk kategorisering og tekstgjenkjenning. Men også andre og meir avanserte tenester er innanfor rekkjevidde, til dømes automatiske «spørsmål-svar-tenester». Den semantiske teknologien kan kome til å revolusjonere vitskapleg publisering og kunnskapsforvaltning.

Omgrepet sosiale teknologiar vert nytta om nettbaserte tenester der brukarane i samspel skaper og held ved like innhaldet. Opplegg for deling av data og samhandling i sann tid er også vanlege trekk ved slike tenester. Døme på bruk av slike teknologiar er chat, blogging, podcasting, wikiar, sosial tagging og andre. Nett-tenester med slike samhandlingstrekk vinn meir og meir fram, og er dermed med på å setje ein ny standard for kommunikasjon.

Uansett kva utviklinga framover vil vise, må vi leggje til grunn at teknologiske nyvinningar kan verke inn både på biblioteket som fysisk møteplass, på dei tenestene biblioteket må utvikle, på brukarane og deira kompetanse og på samspelet og samarbeidet i biblioteksektoren. Medan fag- og forskingsbiblioteka er på full fart inn i ein digital røyndom, er folke- og skulebiblioteka berre i startfasen av å ta inn over seg denne spanande teknologiske utviklinga.

Overgangen frå fysiske til digitale informasjonsberarar utfordrar også offentlege styresmakter som skal utforme konkrete verkemiddel for ei digital tid. I dag er til dømes både innkjøpsordningane, bibliotekvederlaget og nullsatsen for moms på bøker retta mot fysiske eksemplar. Med ei venta auka utvikling i retning digital distribusjon av informasjonsberarar vil ein måtte vurdere verkemidla.

3.3 Kunnskapsutvikling og informasjonsbehov

I dagens kunnskapssamfunn skjer endringane raskt og krava til omstilling og kompetanseutvikling er store. Kunnskap og kreativitet står fram som sentrale drivkrefter for verdiskaping i samfunnet og er stadig viktigare for at enkeltmennesket skal kunne realisere seg sjølv. Mange har behov for å oppdatere seg, studere og tileigne seg ny kompetanse. Dette fører til behov for lett tilgjenge til studiemateriale, arbeidsplass med breiband og tilgjenge til nettbaserte utdanningstilbod. Dette er utviklingstrekk som også verkar inn på dei tenestene som biblioteka kan tilby.

Samstundes ser ein større skilnader mellom dei som har ressursar til å oppretthalde og utvikle kunnskapen sin, og dei som fell utanfor. I ei tid der informasjonsmengdene er store og av og til ugjennomtrengelege, er det difor avgjerande å kunne utvikle evne og kompetanse til å analysere, vurdere og sortere ut relevant og kvalitativt god informasjon.

Informasjonskompetanse

Skulen har eit grunnleggjande og sjølvsagt ansvar for å styrkje kjeldekritikk og informasjonskompetanse blant barn og unge, men biblioteka vil også kunne ha ein spesiell føresetnad for å utvikle informasjonskompetanse, både på individnivå og i samfunnet generelt. Særleg vil dette kunne gjelde grupper som av ulike årsaker er utanfor skule- og utdanningssituasjonar.

Den engelske rapporten Information Behaviour of the Researcher of the Future, gjennomført av University College London for British Library og Joint Informastion Systems Committee (JISC) i januar 2008, syner at sjølv om unge fødde etter 1993 (Google-generasjonen) tilsynelatande kan handtere ei datamaskin lett, så stolar dei tungt på søkjetenestene, gløttar i staden for å lese, og tileignar seg informasjonen dei finn utan kritisk sans eller analytiske innfallsvinklar. Rapporten viser også at alle aldersgrupper, frå unge elevar til studentar og professorar, har lite tolmod og liten toleranse for forseinkingar når dei søkjer etter informasjon på Internett.

Rapporten peikar særleg på at informasjonskompetanse meir enn nokon gong er nødvendig på alle nivå for at folk verkeleg skal kunne nyttiggjere seg fordelane ved eit kunnskaps- og informasjonssamfunn. Det vert også vist til amerikansk forsking om at denne kompetansen må verte utvikla alt i dei formative barneåra. Rapporten legg til grunn at biblioteka kan vere ein viktig aktør for å styrkje både informasjonskompetansen og den digitale kompetansen til brukarane. I denne samanhengen er det viktig at bibliotek har stor tillit som informasjonshandterar og -tilbydar, jf. boks 3.1.

Boks 3.1 Stor tillit til bibliotek i informasjonssamanheng

Den føderale institusjonen Institute of Museum and Library Services i USA publiserte i februar 2008 ei undersøking der dei mellom anna har kartlagt bruken av bibliotek og museum som informasjonskjelder.

Undersøkinga viset at bibliotek og museum har stor tillit som informasjonstilbydar samanlikna med andre informasjonstilbydarar. På ein skala frå 1 – 5 fekk biblioteka ein tillitskarakter på 4,58 og museum 4,33. I andre enden av skalaen var private heimesider med ein karakter på 2,14 og kommersielle heimesider med 2,54.

Brukarane vart også spurde om kvifor dei valde å nytte biblioteka som informasjonskjelde. Brukarar av heimesidene til biblioteka viste til følgjande grunnar: lett å bruke (93,9 prosent), ein kunne lite på informasjonen (74,5 prosent), det gjekk med lita tid og kosta lite pengar (69,4 prosent), den beste informasjonskjelda (64,3 prosent).

Brukarar som besøkte biblioteket, hadde følgjande grunnar for å bruke biblioteket: lett å bruke (80,1 prosent), den beste informasjonskjelda (76,2 prosent), det gjekk med lita tid og kosta lite pengar (75,6 prosent), ein kunne lite på informasjonen (68,8 prosent).

Eit anna spørsmål galdt i kva grad bruk av Internett har erstatta besøk på og bruk av bibliotek og museum. Resultatet er eintydig: det er ingen ting som tyder på at brukarane erstattar bibliotek med Internett. Derimot viser undersøkinga ein tendens til at brukarar som aukar bruken av heimesider i bibliotek og museum, utviklar ein høgare frekvens for konkrete besøk i bibliotek og museum.

Rapportane frå undersøkinga er å finne på www.imls.gov.

I denne samanhengen kan det også vere interessant å syne til ei amerikansk undersøking utført av professor James Evans ved Universitetet i Chicago (The Economist, juli 2008). Undersøkinga viste at dess fleire artiklar som vert publiserte digitalt, dess færre vert siterte. I første rekkje er det dei nyaste artiklane som vert siterte. Undersøkinga gjev ikkje noko svar på kvifor dette skjer.

Digital kompetanse

VOX, ein etat under Kunnskapsdepartementet, kartlegg den digitale kompetansen blant vaksne i Noreg. Rapporten frå undersøkinga Borgar og brukar viser at om lag kvar tredje vaksne har svak digital kompetanse. I denne undersøkinga nyttar VOX tre dugleiksnivå. 36 prosent hamnar på nivå 3, som er det høgste dugleiksnivået. Samanlikna med til dømes Danmark er dette eit godt resultat. Undersøkinga viser at dugleiksnivået minkar i takt med auka alder, medan dugleiksnivået aukar i takt med auka utdanning. Undersøkinga viser elles at 17 prosent av befolkninga er på nivå 1 og at 10 prosent ikkje nyttar PC.

Det er vanskeleg å trekkje presise konklusjonar av undersøkinga, men det er grunn til å merke seg at 27 prosent av innbyggjarane anten ikkje nyttar PC, eller har svak PC-dugleik. Det kan vere grunn til å tru at dagens digitale skilje i mindre grad handlar om tilgang til PC og i større grad om evna til å meistre den.

Ettersom stadig fleire offentlege og private tenester er tilgjengelege digitalt, er det ei utfordring å motverke at store grupper fell utanfor. VOX-rapporten peikar på at ulikskap i bruk av digitale verktøy på jobben ser ut til å forsterke det digitale skiljet. Det kan difor vere grunn til å vurdere korleis folkebiblioteka kan fungere som verkemiddel til å motverke dette.

Lesekompetanse

Den internasjonale ALL-undersøkinga (Adult Literacy and Life Skills) viser nivået på lesekompetansen hos vaksne i alderen 16 – 65 år i 6 land. Dei norske funna i undersøkinga viser at 8 prosent av innbyggjarane har ei svært svakt utvikla leseforståing. Ein av fire vaksne skårar på nivå 2, noko som vert rekna for å vere svakt sett i samanheng med OECD-mål. Undersøkinga viser også at ikkje-vestlege innvandrarar utgjer ei særs svak lesargruppe. 28 prosent av denne gruppa skårar på det lågaste meistringsnivået.

Det store fleirtalet av norske elevar lærer å lese godt, og det finst knapt analfabetisme i Noreg. Det finst likevel mange menneske som ikkje les godt nok til å forstå det dei les, eller godt nok til å oppfatte samanhengar og viktige poeng. Undersøkingane PISA og PIRLS 2007 viser ein nedgang i lesekunnskapane i norsk skule samanlikna med liknande undersøkingar i 2000. Undersøkingane dekkjer ikkje alle måla for den norske skulen, men representerer likevel eit utval heilt sentrale mål. Lesing er grunnleggjande for vidare læring og det er alvorleg når undersøkingar viser at mange norske barn ikkje utviklar tilstrekkelege lesekunnskapar til å kunne delta i vidare utdanning og yrkesliv.

Den obligatoriske kartlegginga av elevar i andre klasse viser at lesekunnskapane blant gutane har betra seg noko frå 2006–2007, men prosentdelen av gutar som er på eller under bekymringsgrensene, er framleis signifikant høgare enn for jentene. Det er viktig å styrkje innsatsen for å betre kunnskapane hjå elevane. Elevar som ikkje lærer å lese tidleg, må fangast opp og ein må setje i verk tiltak raskt.

3.4 Demografiske og strukturelle utviklingstrekk

Biblioteka fungerer på mange måtar som fellesgode i samfunnet. Slike fellesgode er avhengige av både politiske prioriteringar og i stor grad av offentleg finansiering. I kva grad det offentlege vil satse på biblioteka i framtida vil mellom anna kunne vere avhengig av dei funksjonane biblioteka kan fylle, og dei tenestene biblioteka kan forme sett i samanheng med brukarbehov og etterspurnad. For folkebiblioteka vil kommuneøkonomi, bibliotekpolitikken i kommunane og eventuelle endringar i kommunestrukturen vere viktig.

Eit viktig utviklingstrekk som kan ha innverknad på biblioteka, er den aukande migrasjonen som har ført til at Noreg har fått eit større innslag av menneske med bakgrunn i andre kulturar og med andre språk. Biblioteket har med dette fått brukargrupper som etterspør og forventar andre typar tenester. Andre utviklingstrekk som spelar inn, er velstandsutviklinga, aukande sentralisering og ei forventa eldrebølgje.

Stjernø-utvalet gjorde framlegg om å redusere talet på universitet og høgskular i Noreg. Dette framlegget vart rett nok avvist av Kunnskapsdepartementet, men fleire institusjonar vurderer no samanslåingar, og fleire høgskular ønskjer å verte universitet. Slike endringar kan ha verknad også for biblioteka, på den måten at forskarar og studentar har forventingar om at større administrative einingar vil gje tilgjenge til fleire lisensierte ressursar for alle. Nokre fagbibliotek og spesialbibliotek står såleis også overfor strukturelle endringar. Samanslåingar til større einingar kan gje stordriftsfordelar når det gjeld tilgjenge til lisensiert materiale, men skaper også geografisk avstand til det fysiske biblioteket.

Betre digitale bibliotektenester, nasjonale lisensar og ei utvikling av opne institusjonelle arkiv vil betre tilgjenget til forskingslitteratur. Dette kan ha innverknad på den demografiske utviklinga på den måten at det vil vere mogeleg å forske, studere og arbeide kvar som helst frå sin eigen PC.

4 Det nasjonale biblioteknettverket – oppgåver og ansvarsfordeling

Figur 4.1 Buskerud fylkesbibliotek kasserte over 3000 bøker
 i fylket og samarbeidde med ein kunstnar frå Arena Vestfossen
 som skulle bruke bøkene i eit kunstprosjekt

Figur 4.1 Buskerud fylkesbibliotek kasserte over 3000 bøker i fylket og samarbeidde med ein kunstnar frå Arena Vestfossen som skulle bruke bøkene i eit kunstprosjekt

Kjelde: Foto: Buskerud fylkesbibliotek

4.1 Innleiing

Det nasjonale biblioteknettverket omfattar Nasjonalbiblioteket, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, om lag 210 fagbibliotek og om lag 110 avdelingar (til saman om lag 322 einingar), 431 folkebibliotek med 807 faste avdelingar, om lag 3000 skulebibliotek i grunnskulen, 388 skulebibliotek i vidaregåande skule, 18 fylkesbibliotek og 34 mobile einingar (bokbuss/bokbåt). Det finst også bibliotek i 15 fengsel. 2

I tillegg må det understrekast at også private utdanningsinstitusjonar, private og offentlege forskingsinstitusjonar, arkiv, museum og helseinstitusjonar og ein del private bedrifter har eigne bibliotek. Dette gjeld også Stortinget, departementa og andre forvaltningsorgan. Dette er viktige ressursar for det samla biblioteknettverket.

Forvaltningsansvaret for biblioteknettverket er delt mellom stat, fylkeskommune og kommune. På statleg nivå er ansvaret delt mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet. Biblioteka vert finansierte gjennom statlege rammeoverføringar til kommunane, fylkeskommunane, statlege verksemder og andre tilskotsinstitusjonar. I tillegg er ei rekkje statlege støtteordningar og prosjektmidlar viktige økonomiske verkemiddel i biblioteksektoren.

Dette kapitlet omhandlar det nasjonale biblioteknettverket strukturert gjennom eigarskap på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå. Ansvaret for skulebibliotek i grunnskulen ligg i kommunane og ansvaret for skulebibliotek i vidaregåande skule ligg i fylkeskommunane. Av praktiske årsaker er omtalen av skulebibliotek i denne framstillinga plassert under omtalen av det kommunale ansvarsområdet. Likeins er mobile bibliotektenester i dag eit delt ansvar mellom kommunalt og fylkeskommunalt nivå. I denne framstillinga er mobile bibliotektenester omtala under det fylkeskommunale ansvarsområdet. Samiske bibliotektenester, fengselsbibliotek og bibliotek i helseinstitusjonar er det gjort nærare greie for i kap. 12 og 13.

4.2 Statleg ansvar

Hovudoppgåva på statleg nivå er å leggje til rette for at alle bibliotek kan handle saman på ein slik måte at brukarane får best mogelege bibliotektenester. Dette omfattar i første rekkje ansvaret for eit velfungerande og oppdatert lov- og regelverk på bibliotekområdet, og at desse lovene vert handheva på ein slik måte at brukarane får dei bibliotektenestene dei har krav på.

Vidare er det eit statleg ansvar å syte for at aktørane som har nasjonale oppgåver, t.d. Nasjonalbiblioteket, ABM-utvikling og Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, har rammevilkår som set dei i stand til å utføre oppgåvene sine. Staten har også hovudansvaret for dei fleste fag- og forskingsbiblioteka, og det er statens ansvar å gje retningsliner og føringar for universitet og høgskular slik at biblioteka fungerer best mogeleg innanfor eigarstrukturane sine, samstundes som dei har eit aktivt og målretta samarbeid med andre bibliotek.

Kultur- og kyrkjedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementets samla ressursbruk til bibliotek-, språk- og litteraturføremål i 2009 er på om lag 831 mill. kroner. I perioden 1999–2009 er løyvingane til desse føremåla nær dobla, jf. tab. 4.1.

Tabell 4.1 Tilskot til bibliotek-, språk- og litteraturføremål over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett 1999–2009 (mill. kroner)

Tiltak 1999 2001 2003 2005 2007 2009 Auke 1999–2009 Auke i prosent
Innkjøpsordningar/støtte –litteratur og tidsskrifter 1 85,2 91,4 95,7 101,6 112,9 139,1 53,9 63,3
Diverse bibliotek-, litteratur- og språkføremål 2 65,2 78,0 84,3 100,7 124,4 157,3 92,1 141,3
Bibliotekvederlag 3 51,0 57,5 64,0 67,5 72,2 82,1 31,1 60,9
Statlege forvaltningsorgan 4 216,9 232,3 265,5 355,1 378,5 453,1 236,2 108,9
Sum 418,3 459,2 509,6 624,9 688,0 831,6 413,4 98,8
Tilskot til mobil bibliotekteneste og biblioteklokale under kap. 326, post 60 vart avvikla som øyremerkt ordning frå 2001, og er ikkje teke med for 1999 i oversynet.

1 Kjelde: Norsk kulturråds årsmeldingar. For 2009: Saldert budsjett, kap. 326, post 55. I 2009 er også inkludert tilskot til publikasjonar/ymse tidsskrifter som før 2008 vart løyvt under kap. 335 Pressestøtte, post 76. For å kunne samanlike utviklinga er desse tilskota lagt inn for åra 1999–2007. Tala er henta frå dei årlege budsjettproposisjonane.

2 Saldert budsjett for kap. 326, postane 73, 74, 75, 76, 78 og kap. 325, post 78. For kap. 325, post 73 er det nytta rekneskapstal for reine bibliotekprosjekt og felles ABM-prosjekt. Tala for 2009 er estimert ut frå tildeling – opplyst frå ABM-utvikling.

3 Utbetalt vederlag under kap. 321 Kunstnarføremål, post 75. For 2009: estimat.

4 Saldert budsjett, kap. 326, postane 01 og 45: Nasjonalbiblioteket, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, Språkrådet og Statens bibliotektilsyn. Frå 2002 gjekk Statens bibliotektilsyn saman med Norsk museumsutvikling og Riksbibliotektenesta inn i nytt forvaltningsorgan, ABM-utvikling. Det er lagt inn den delen av drifta av ABM-utvikling som gjeld bibliotek frå 2003 ut frå tal frå ABM-utvikling. Det er også lagt inn tal for løyvingane til Riksbibliotektenesta i 1999 – ut frå tal frå Kunnskapsdepartementet.

Kjelde: Kultur- og kyrkjedepartementet

Nasjonalbiblioteket er den budsjettmessig største statsinstitusjonen med ei løyvingsramme over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett på 353,3 mill. kroner i 2009.

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) er ein statsinstitusjon underlagd Kultur- og kyrkjedepartementet. Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek får eit samla tilskot på 44,6 mill. kroner i 2009.

ABM-utvikling forvaltar i 2009 ei samla budsjettramme på 204,8 mill. kroner. Dette omfattar både drift, forvaltningsoppgåver, prosjektmidlar og oppdragsverksemd. Utan oppdragsverksemda er ABM-utviklings budsjett på 169,8 mill. kroner. Estimert del av ABM-utviklings drifts- og prosjektmidlar over post 01 som gjeld bibliotek i 2009, er om lag 30 mill. kroner.

Dei fleste faste tilskotsmottakarane til bibliotek, språk- og litteraturføremål på Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett er samla på kap. 326, post 78 Ymse faste tiltak. Ein del av dei faste tiltaka mottek tilskot direkte frå departementet medan resten av forvaltningsansvaret er delegert til ABM-utvikling. I 2009 er den samla ramma på tilskotspostane over kap. 326, post 78 på om lag 102,1 mill. kroner. 53,1 mill. av desse vert forvalta av ABM-utvikling. I tillegg forvaltar ABM-utvikling også midlar over kap. 325, post 73, jf. tabell 4.2.

Tabell 4.2 Fordeling av midlar til bibliotek-, språk- og litteraturføremål over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett i 2009

(Løyving i mill. kroner)  
Innkjøpsordning for ny norsk skjønnlitteratur for vaksne 41,9
Innkjøpsordning for ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge 27,6
Innkjøpsordning for omsett skjønnlitteratur. for barn, unge og vaksne 12,7
Innkjøpsordning for ny norsk faglitteratur for barn og unge 7,7
Produksjonsstøtte til biletbøker for barn og unge 1,4
Produksjonsstøtte til klassikarar 0,9
Produksjonsstøtte til nynorsk litteratur 2,5
Produksjonsstøtte til teikneseriar 1,9
Innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa 13,9
Støtte til litteraturfestivalar 1,6
Støtte til tidsskrifter/ymse publikasjonar 22,7
Andre tiltak 4,5
Innkjøpsordningar og støtte til litteratur og tidsskrifter 139,1
Noregs Mållag 3,0
Det Norske Samlaget 13,1
Ordbokprosjekt 17,0
Ibsenprisen m.m. 4,8
Tilskot til diverse føremål 1 119,4
Diverse bibliotek-, litteratur og språkføremål 157,3
Bibliotekvederlag – estimert løyving 82,1
Nasjonalbiblioteket (drift og investering) 353,3
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek 44,5
Språkrådet 25,3
ABM-utvikling – estimert del som gjeld bibliotek 2 30,0
Statlege forvaltningsorgan 453,1
Samla løyving 831,6

1 Av denne løyvinga forvaltar ABM-utvikling til saman 64,9 mill. kroner fordelt med 53,1 mill. kroner over kap. 326/78 og 11,8 mill. kroner over kap. 325/73.

2 Dette gjeld driftsposten (post 01)

Kjelde: Kultur- og kyrkjedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet overførte forvaltningsansvaret for samiske kulturinstitusjonar og tiltak til Sametinget frå 2002. Sametinget forvaltar i 2009 ei rammeløyving til kulturføremål over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett på om lag 62 mill. kroner.

Statlege støtteordningar forvalta av Norsk kulturråd på bibliotek-, språk- og litteraturfeltet utgjer i 2009 om lag 139 mill. kroner.

Ei rekkje museum og arkivinstitusjonar i Noreg har fagbibliotek. Dette vil seie at dei statlege løyvingane til arkiv og museum også har ein bibliotekfunksjon.

Kunnskapsdepartementet

Dei statlege universitets- og høgskulebiblioteka under Kunnskapsdepartementet er, saman med Nasjonalbiblioteket, landets viktigaste kjelder til fagleg og akademisk dokumentasjon og litteratur. Dei statlege universitets- og høgskulebiblioteka omfattar bibliotek ved sju universitet, 24 høgskular, to kunsthøgskular og fem vitskaplege høgskular. Biblioteka er underlagde universitets- og høgskulestrukturen, og held seg til dei lover og reglar som gjeld for eigarinstitusjonen.

Biblioteka i universitets- og høgskulesektoren vert finansierte av den enkelte utdanningsinstitusjonen, som igjen får si årlege rammeoverføring frå staten ved Kunnskapsdepartementet. Bibliotek inngår som ei av oppgåvene utdanningsinstitusjonane skal ta hand om. Sentrale løyvingar til det enkelte universitetet og den enkelte høgskulen er baserte på førre års rekneskap og produksjon.

I den nye finansieringsmodellen for universitet og høgskular er resultatbasert finansiering eitt av elementa, noko som mellom anna inneber at forskingsaktiviteten verkar inn på inntektene til institusjonen. Biblioteka har ofte ansvaret for å registrere vitskapelege publikasjonar som dannar grunnlaget for den resultatbaserte finansieringa frå staten.

Kunnskapsdepartementet løyver også midlar til det nasjonale forvaltningsorganet BIBSYS som etter vedtektene skal stille til rådvelde og levere kostnadseffektive informasjonstenester av høg kvalitet primært for institusjonar i universitets- og høgskulesektoren, og dessutan å skaffe, drive og utvikle fellesløysingar etter behov.

4.2.1 Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbibliotekets mandat og oppgåver er forankra i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelige dokumenter av 9. juni 1989 nr. 32, jf. nærare omtale i pkt. 5.2.2. Trykt materiale har vore avlevert i Noreg sidan 1815. Universitetsbiblioteket var ansvarleg for pliktavlevert materiale fram til 1989 då Nasjonalbiblioteket vart etablert.

Dei siste åra har Nasjonalbiblioteket gått gjennom ein større endringsprosess, der hovudelementa har vore strategiutvikling, gjennomgripande omorganisering av dei tidlegare geografiske einingane i Oslo og i Rana og store investeringar i bygningsfasilitetar begge stader.

Roller og oppgåver

Nasjonalbiblioteket er Noregs fremste instans for innsamling, oppbevaring og formidling av materiale produsert i Noreg, og det som vert publisert om Noreg eller av nordmenn i utlandet. Nasjonalbiblioteket er den største institusjonen i det norske biblioteklandskapet, både i kraft av forvaltningsfunksjonane institusjonen har ansvaret for, og som ei sentral ressurseining for alle andre bibliotek. Institusjonen er lokalisert både i Oslo og i Rana.

Nasjonalbibliotekets visjon er å vere nasjonens minne og eit multimedialt kunnskapssenter, vere kjernen i eit digitalt bibliotek, tilby kunnskap og oppleving, tilby teknologikunnskap og kulturforståing og vere ein omstillingsdyktig institusjon.

Den viktigaste oppgåva for Nasjonalbiblioteket er å forvalte for samtid og ettertid den norske produksjonen av allment tilgjengeleg informasjon i form av bøker, aviser, tidsskrifter og andre grafiske reproduksjonar, musikk, kringkasting, foto, film og andre digitale medium som til dømes det norske internettdomenet .no som vert lasta ned regelmessig. I tillegg tek Nasjonalbiblioteket vare på privatarkiv frå forfattarar og kulturpersonar, og arbeider systematisk for å supplere samlingane på område og for tidsrom som tidlegare ikkje var omfatta av dagens pliktavleveringslov.

Funksjonane som Nasjonalbiblioteket skal fylle i relasjon til samlingane, kan grovt sett delast i to.

For det første har institusjonen ein bevaringsfunksjon, som omfattar all aktivitet som er knytt til innsamling, sikring og bevaring og det å gjere samlingane tilgjengelege. Viktige aspekt ved bevaringsfunksjonen er sikringsmagasinet i fjellet i Rana og det nybygde sikringsmagasinet i tilknyting til Nasjonalbibliotekets bygning i Oslo. Det digitale sikringsmagasinet og dei omfattande medielaboratoria i Rana, m.a. for å kunne utføre restaureringsoppgåver på film-, video- og lydmedium, høyrer også med til grunnføresetnadene for at Nasjonalbiblioteket kan fylle bevaringsfunksjonen på ein god måte.

For det andre har institusjonen ein formidlingsfunksjon som inneber at Nasjonalbiblioteket stiller samlingane sine til disposisjon for ulike brukargrupper innanfor dei rammene som pliktavleveringslova og åndsverklova set.

Fellesressurs for biblioteka

I tillegg til at Nasjonalbiblioteket stiller kjernesamlingane sine til rådvelde for forsking og dokumentasjonsføremål og for andre brukarar, utfører institusjonen ei rekkje funksjonar som kjem særleg andre bibliotek til gode. Samstundes utgjer dette fellesressursar i form av kompetanse, system og utstyr for heile biblioteksektoren.

Dei viktigaste av desse områda er

  • nasjonale standardar for produksjon av metadata for dei media som er omfatta av pliktavleveringslova.

  • definisjon av standardar for digitalt materiale i samarbeid med internasjonale aktørar

  • samkatalogen, som er eit oversyn over alle bøker i alle norske bibliotek. Dette er ei teneste som vil moderniserast og utvidast til å omfatte søk og tinging i det norske biblioteknettverket

  • depotbiblioteket for bøker og andre trykte publikasjonar med tanke på gjenbruk

  • digitalt og fysisk sikringsmagasin for materiale frå andre institusjonar

  • produksjon av bibliografiar

  • innlån av utanlandsk litteratur

  • digitalisering og digital formidling

  • juridisk kompetansesenter for abm-området

  • ei fagleg utvikling som kjem forskarar, fag- og forskingsbibliotek og andre bibliotek til gode som ein del av forskingsinfrastrukturen i Noreg

Formidling og bevaring

I dei seinare åra har institusjonen òg satsa på ein meir aktiv formidlingspolitikk både på nett og gjennom eit omfattande utstillings- og formidlingsprogram. Frå 2006 er institusjonen tildelt det nasjonale ansvaret for forfattarjubileum og frå 2008 er det nasjonale filmarkivet lagt til Nasjonalbiblioteket.

Det aller meste av det som vert publisert som fysiske dokument, vert i dag produsert digitalt. Nasjonalbiblioteket arbeider difor tett med institusjonar som produserer innhald med tanke på mest mogeleg effektiv oppfølging av utfordringane i den digitale tidsalderen. I samarbeid med NRK er det utvikla eit digitalt sikringsmagasin for kringkastingsmateriale og det digitale sikringsmagasinet i Rana er NRKs og Nasjonalbibliotekets fellesarkiv for dette materialet. Det same gjeld løysingar for pliktavlevering i digitalt format av sendeflatene til tv og radio.

Nasjonalbiblioteket samarbeider også med mediehus og forlag for å etablere avlevering av det digitale grunnlaget for publikasjonane, både for å sikre digital bevaring og for å leggje til rette for digital formidling. Radio- og fjernsynsprogram vert i dag pliktavlevert som digitale filer. Nasjonalbiblioteket arbeider også med avtaler for å få avlevert aviser i eit digitalt bevaringsformat, og for samstundes å kunne utnytte det digitale formatet i formidlinga. Vidare har Nasjonalbiblioteket inngått ei rammeavtale med Den Norske Forleggerforening om digital avlevering av bøker og tidsskrifter. Per 1. januar 2009 har tre forlag slutta seg til denne avtalen. Det vert også arbeidd med liknande løysingar å på avisområdet. Avtaler om digital pliktavlevering er ein viktig milepæl som veldig få andre land førebels har nådd.

Frå 2006 fekk Nasjonalbiblioteket eit ansvar for pop- og rockarkiv, og for 2009 er det løyvt midlar til å byggje opp dette i Nasjonalbiblioteket. Innsamling av materiale vil bli gjort i nært samarbeid med Rockheim og dei andre regionale rocksentra som er under planlegging, mellom anna Popsenteret på Schous plass i Oslo og Sølvberget Stavanger bibliotek og kulturhus. Gjennom ei slik organisering kan dei viktigaste samlingane av musikkrelatert materiale verte samla inn av fleire aktørar og tekne vare på for ettertida av ein nasjonal samordnar.

Digitalisering

Nasjonalbiblioteket har starta ei storstilt digitalisering av samlingane sine. Målet er å digitalisere heile samlinga innan ein periode på 20 år. Sidan oppstarten av programmet våren 2006 er kring 85 000 av totalt 450 000 bøker digitaliserte. Tabell 4.3 viser Nasjonalbibliotekets samling per mars 2009. Nasjonalbibliotekets satsing på digitalisering er nærare drøfta i kap. 7.

Tabell 4.3 Nasjonalbibliotekets samling per mars 2009

Materialtype Totalt Vil bli digitalisert Digitalisert per mars 2009
Bøker 1 900 0001 400 000 90 000
Bilete 1 800 000 1 100 000 420 000
Kart 55 000 50 000 -
Arkivmateriale 3 000 hyllemeter 4 000 000 einingar 23 000 (handskrift)
Film/fjernsyn 450 000 band/rullar 2 3 100 (fysiske einingar)
Radio 1 200 000 timar 1 200 000 timar 250 000 timar
Lydopptak 150 000 band/plater/rullar 150 000 4 500 (fysiske einingar)
Notetrykk 73 000 73 000 -
Aviser 5 000 000 hefte 5 000 000 hefte 194 000 hefte
Plakatar 95 000 80 000 1 400
Postkort 240 000 200 000 -
Småtrykk 2 300 000 1 900 000 -
Tidsskrifthefte 3 700 000 2 000 000 -

1 Av dette er om lag 400.000 unike norske titlar. 15 000 av desse har falle i det fri

2 Ikkje utrekna, men i prinsippet alt unikt innhald

Kjelde: Nasjonalbiblioteket

4.2.2 Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek

Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek(NLB) er ein statsinstitusjon underlagd Kultur- og kyrkjedepartementet. NLB er ein leiande leverandør av informasjons- og litteraturtenester til synshemma og andre med lesehemmingar, og medverkar slik til å gje likt tilgjenge til litteratur for alle. Biblioteket produserer og låner ut folkebiblioteklitteratur i blindeskrift og som lydbøker. I tillegg produserer og formidlar NLB studielitteratur for studentar ved universitet, høgskular og fagskular. Frå 2003 har NLB administrert og utført utskriftsteneste for døvblinde.

Filialane til NLB i Bergen og Trondheim vart formelt nedlagde 1. januar 2008. Oppgåvene som tidlegare vart utførte ved avdelingskontora er no overførte til Oslo. Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek har ei samla løyving på 44,6 mill. kroner i 2009. Dette er ein auke på 4,5 mill. kroner frå 2008.

NLB legg vekt på å byggje opp ein variert og god bokstamme som i stor grad speglar det norske litterære landskapet og det tilbodet som finst i norske folkebibliotek. Bibliotekets lyd- og blindeskriftsamling har eit breitt utval av skjønnlitteratur og sakprosa for barn, ungdom og vaksne. NLB produserer også tidsskrifter og tilbyr abonnement på Aftenposten i lydversjon.

Synshemma studentar har rett til å få produsert studielitteratur ved NLB. Studentar med andre lesehemmingar, i tillegg til andre lånarar, har tilgang til å låne alle eksisterande produksjonar i NLBs samlingar.

I 2007 hadde NLB vekst i både samlingar, utlån og låntakarar. Totalt utlån i 2007 av lyd- og blindeskriftbøker var 281 991, og talet på lånarar var 14 433. Frå 2006 til 2007 hadde NLB ein vekst i utlånet av lydbøker på 17 prosent, medan auken i utlån av blindeskriftbøker var på 39 prosent. Utlånsveksten har samanheng med auka produksjon, nye tilbod og effektivisering av utlånsrutinar. NLB hadde i 2007 ei lydboksamling på i alt 10 052 titlar. 1 539 av desse titlane var studielitteratur. Blindeskriftsamlinga var i 2007 på 5895 titlar.

Lyd- og blindeskriftbøker vert produserte ved NLBs produksjonsavdeling, medan avdelinga for utlån og formidling tek hand om dei bibliotekfaglege oppgåvene. All lyd- og blindeskriftproduksjon og utlån av lydbøker er digitalt basert. Lydbøkene er i DAISY-format (Digital Accessible Information System), som er ein internasjonal lydbokstandard med funksjonalitet og brukargrensesnitt særleg lagt til rette for personar med behov for tilrettelagd litteratur.

NLB produserer lydbøker både ved tradisjonell innlesing, og ved bruk av talesyntese. Talesyntese er ei IKT-løysing som kan gjere tekst om til tale. I 2007 produserte NLB 901 lydbøker og 194 blindeskriftbøker innanfor folkebiblioteklitteratur. Aftenposten og fleirtalet av tidsskriftene vert produserte med talesyntese. Det same gjeld for ein stor del av studielitteraturen. I 2007 var produksjonen av studielitteratur på 356 titlar. 50 prosent av desse titlane vart produserte ved bruk av talesyntese. Dette er ei dobling frå 2006 til 2007. Bruk av talesyntese gjev kortare produksjonstid og inneber eit vesentleg betre tenestetilbod til studentar. Alle talesyntesebøkene vert produserte som fulltekstbøker. Dette inneber at lyd og tekst er synkroniserte, slik at den opplesne teksten blir markert og kan lesast parallelt. NLB samarbeider med Talboks- och punktskriftsbiblioteket (TPB) i Sverige for å utvikle ein betre norsk talesyntese.

Som omtala i pkt. 5.3.4, underteikna staten og opphavsrettsorganisasjonane ei ny lydbokavtale i 2008. Denne avtala gjev NLB rett til å tilby brukargruppa ei uavgrensa mengde eksemplar av eigenproduserte lydbøker. For brukarane inneber den nye lydbokavtala auka tilgang til boksamlinga og eit betre tenestetilbod.

NLB nyttar biblioteksystemet Bibliofil og tok i 2007 i bruk web-applikasjonen MappaMi. Gjennom MappaMi kan lånarane sjølve søkje i bokbasen og tinge lyd- og blindeskriftbøker tilsende i form av DAISY-CD. NLB er i gang med å leggje til rette for direkte nedlasting eller direkte avspeling (streaming) av alle titlane i bokbasen, men realisering av dette vil liggje noko fram i tid. NLB tilbyr allereie no direkte avspeling og nedlasting av Aftenposten i lydutgåve.

NLB samarbeider med andre produsentar av tilrettelagd litteratur, både i inn- og utland. Samarbeidspartar er til dømes Huseby kompetansesenter, Norges blindeforbund og kommersielle aktørar innanfor digitalisering og lydbokproduksjon. Det er også etablert eit tett samarbeid med NLBs søsterblibliotek i dei andre nordiske landa, og internasjonalt med DAISY Consortium (DC) og den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA. NLB er representert i styret for DC, og leier i tillegg Norsk DAISY Consortium (NDK). NLB har også ein representant i Standing Committee i IFLA-seksjonen Libraries Serving People with Print Disabiblities.

Det digitale masterarkivet til NLB vert lagra i det digitale sikringsmagasinet ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. I Mo i Rana er også NLBs samling av blindeskriftbøker lagra. Samarbeidet mellom NB og NLB er eit døme på god utnytting av statlege investeringar. Utlånet av lydbøker, inkludert brenning av ny DAISY-cd for kvart lån, skjer frå NLB.

NLB har no starta ein prosess med å etablere ei felles digital produksjonsplattform for lyd- og blindeskriftbøker, som vil innebere at all digitalisert litteratur kan gjerast tilgjengeleg for lånarane både som lyd- og blindeskriftbøker. Det er eit mål å kunne gje syns- og lesehemma tilgjenge til alle bokutgjevingar på utgjevingstidspunktet. Dersom NLB får enkelt tilgjenge til alle boktitlar i egna digitalt format, kan det med dagens teknologi etablerast produksjonsliner slik at lyd- og blindeskriftbøker kan produserast på oppmoding. Bruk av talesyntese gjer det mogleg å levere lydbøker på ein rask måte, men skal ikkje erstatte dagens tilbod av lydbokproduksjonar innlesne på tradisjonell måte.

NLB ønskjer også å auke tilbodet av litteratur på andre språk enn norsk og er medlem i The Global Library Project.Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom IFLA og DAISY Consortium som har som hovudmål å gje alle syns- og lesehemma tilgang til litteratur i digital form – frå kvar som helst i verda.

4.2.3 Universitets- og høgskulebibliotek

Roller og oppgåver

Dei statlege universitets- og høgskulebiblioteka under Kunnskapsdepartementet har som si primære oppgåve å tilby bibliotektenester for brukarar ved dei institusjonane dei er ein del av, samstundes som dei også er ein del av kunnskapsallmenningen og det internasjonale og nasjonale biblioteknettverket. Den mest sentrale oppgåva til universitets- og høgskulebiblioteka er å sikre institusjonane best mogeleg tilgjenge til verdas forskingslitteratur slik at norsk grunnforsking kan følgje med i den internasjonale forskingsfronten.

Kvalitetsreforma

Med bakgrunn i Kvalitetsreforma vart det innført ei ny lov om universitets- og høgskular 1. august 2005. Lova gjev eit felles rammeverk for verksemda i institusjonane. Lova stiller ikkje konkrete krav om bibliotek, men i Ot. prp. nr. 79 (2003 – 2004) Om lov om universitet og høgskoler vert det peika på at universitet og høgskular må ha gode bibliotek for å kunne støtte opp om den faglege verksemda i institusjonen.

Kvalitetsreforma har ført til ei markant omstilling og fornying av verksemda til universiteta og høgskolane. Mange fag er delte i modular, og det er etablert nye studiestrukturar, nye grader og nye karakterar. Ei undersøking utført av Universitets- og høgskolerådet frå 2004 viser at Kvalitetsreforma har styrkt biblioteket si stilling i utdanningsinstitusjonane.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har utarbeidd Forskrift om akkreditering, evaluering og godkjenning etter lov om universitet og høgskoler . I §3 – 3f står det at «institusjonen skal ha et tilfredsstillende fagbibliotek». Den meir detaljerte Forskrift om standarder og kriterier for akkreditering av studier og kriterier for akkreditering av institusjoner i norsk høyere utdanning, inneheld meir spesifiserte krav til bibliotek ved universitet og høgskular for å oppnå akkreditering. Her vert det slått fast at utfyllande kriterium for akkreditering er at institusjonane har tenlege lokale med arbeidsplassar, moderne teknologi og kompetent personale. Vidare skal institusjonane ha lett tilgjengelege, relevante digitale og konvensjonelle samlingar og/eller tenester for studentar og vitskapleg personale.

Norsk institutt for studier av innovasjon, forsk­ning og utdanning (NIFU-STEP) har gjennomført ei undersøking av arbeidsvilkåra til dei vitskapleg tilsette ved universitet, vitskaplege høgskular og instituttsektoren 3. Om lag 188 forskarar deltok i undersøkinga. Resultata viser at biblioteka ved institusjonane er dei ressursane og fasilitetane som forskarane er mest nøgde med. Dette viser at fagbiblioteka varetek brukarane sine behov på ein god måte,

Utgifter og årsverk

I perioden 1998–2007 har talet på årsverk i universitets- og høgskulebiblioteka variert ein del, men ligg no på same nivå som i 1998, det vil seie 909 årsverk. I 2007 hadde universitetsbiblioteka i alt 523 årsverk og dei vitskaplege høgskulebiblioteka hadde 41 årsverk. Dei totale utgiftene auka frå 407 mill. kroner til 853 mill. kroner i perioden.

Samlingar og utlån

Universitets- og høgskulebiblioteka har store samlingar av norsk litteratur. I perioden 1998–2007 auka samlingane frå totalt 11,2 til 13,2 mill. einingar. Universitetsbiblioteka i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø mottek i dag også eksemplar av pliktavlevert materiale.

Utlånet frå universitets- og høgskulebiblioteka auka frå 3,1 mill. til 3,6 mill. einingar i perioden 1998–2007. Universitets- og høgskulebiblioteka er aktive og store netto bidragsytarar til lånesamarbeidet i biblioteknettverket. Samla sett er det universitetsbiblioteka som medverkar mest til fjernlånet i Noreg, sjølv om deira del har minka dei siste åra, jf. nærare omtale i kap. 7.

Digitale abonnement

I motsetnad til mange andre bibliotek vil ein stor del av samlingane ved universitets- og høgskulebiblioteka vere materiale på andre språk enn norsk. Eit viktig utviklingstrekk er at i staden for å kjøpe inn papirtidsskrifter, går mange no over til å abonnere på databasar med tidsskriftartiklar. Det er ein sterk tendens til at nedlasting av elektroniske filer som universiteta abonnerer på, i aukande grad erstattar fysiske lån av papirdokument.

Dei siste åra viser statistikken ein sterk vekst i omfanget av digitale abonnement ved universitets- og høgskulebiblioteka. Tendensen er særleg sterk etter 2001. Dersom ein ser på alle fag- og forskingsbiblioteka under eitt, ser ein ein kraftig auke i utlån og nedlastingar av elektroniske dokument. I 2007 var det samla talet for utlån og nedlastingar i fag- og forskingsbibliotek over 10 millionar, jf. figur 4.2.

Figur 4.2 Fag- og forskingsbibliotek: Samla utlån og nedlastingar
 av elektroniske dokument

Figur 4.2 Fag- og forskingsbibliotek: Samla utlån og nedlastingar av elektroniske dokument

Kjelde: ABM-utvikling, Bibliotekstatistikken 2007

Statistikken viser også at fag- og forskingsbiblioteka i løpet av dei fire siste åra har auka bestanden av e-bøker frå om lag 100 000 til i underkant av 700 000. I perioden 1998–2007 steig innkjøpsutgiftene i universitets- og høgskulebiblioteka frå 123,9 mill. (170 mill. 2007-kroner) til 259 mill. kroner. Talet på periodika (trykte og digitale) auka frå 187 000 til 503 000 i same perioden.

Som døme på utviklinga ved eit par av institusjonane kan det visast til Universiteta i Bergen og i Oslo. Bibliotekstatistikken viser at det fysiske utlånet ved Universitetet i Bergen gjekk ned med 23 prosent i perioden 2002–2007. Ved Universitetet i Oslo gjekk det fysiske utlånet opp i same periode. Når det gjeld nedlasting, viser statistikken at dette har auka både i Bergen og i Oslo, men i Oslo har det blitt nærare 20-dobla. Talet på trykte abonnement ved Universitetet i Bergen minka frå 7 130 til 6 669 frå 2006 til 2007. I same perioden auka talet på elektroniske abonnement frå 11 770 til 13 100.

Overgangen frå fysisk til digitalt materiale inneber potensielt betre og raskare tilgjenge til materialet. Men denne endringa har også ein økonomisk dimensjon. Medan innkjøp av eit papirbasert eksemplar som regel vil ha same pris for ulike institusjonar, vil eit digitalt abonnement ofte ha ein prismodell basert på kor mange potensielle brukarar det er. Store institusjonar med mange brukarar betaler difor ein høgare pris for eit digitalt abonnement enn ein liten institusjon med få brukarar. Elektroniske tidsskrifter har dessutan meirverdiavgift.

Spørsmål om tilgjenge

Prisen på digitale abonnement og avgrensingar i forhold til talet på brukarar er ei utfordring når det gjeld å utvikle saumlause bibliotektenester. Ein institusjon kan i utgangspunktet ikkje gje tilgjenge til dei digitale abonnementa sine for andre enn eigne brukarar. Ein må også rekne med at det vil vere ulikt tilgjenge til ein del ressursar for ulike interne grupper. Til dømes vil ein forskar kunne få tilgjenge til nokre ressursar, utan at ein student får det. Mange av avtalene biblioteka gjer med leverandørar av digitale ressursar, opnar likevel for det som kallast «walk-in-use». Dette inneber at biblioteket kan gje tilgjenge til ressursane i eigne lokale, for alle som kjem dit.

Ved universitet og høgskular er det særleg viktig at brukarane får tilgjenge til dei elektroniske innhaldsressursane i biblioteka, ikkje berre ved å oppsøkje dei fysiske biblioteka for å studere desse på skjerm i lokalet. Forskarar og studentar må få tilgjenge til ressursane på sine eigne PCar anten dei er på kontora, laboratoria, lesesalane eller studenthyblane. Det er også viktig at det vert lagt til rette for enkelt tilgjenge til relevant litteratur i dei elektroniske læringssystema som studentane nyttar. Dette skjer ved at forskarar og studentar vert klarerte gjennom IP-adresser som er knytte til datasystema til universiteta og høgskolane.

Gjennom tilgangssystemet Feide i Uninett og i BIBSYS er det lagt til rette for at ein forskar kan gå direkte frå treff i eit artikkelsøk i til dømes Google, til ein elektronisk fulltekstversjon av artikkelen dersom den inngår i moderinstitusjonens abonnement. BIBSYS har lagt til rette for slik klarering som skjer gjennom store internasjonale klareringsinstitusjonar.

Nye oppgåver for biblioteka

Biblioteka i høgare utdanning har dei siste åra gjennomgått store endringar. Biblioteka har fått nye oppgåver og har utvikla og straumlineforma tenestene sine etter eigarinstitusjonen sine behov. Målet har vore å utvikle eit heilskapleg læringsmiljø med relevante og kompetente støttetenester. Læringssentermodellen har dei siste åra vore eit førebilete for utvikling av biblioteka innanfor høgare utdanning. Læringssenteret er ein kombinasjon av arbeidsplassar, informasjonsressursar og informasjonskompetanse, og IKT-retta og pedagogiske støttefunksjonar.

Ei av dei mest sentrale oppgåvene ved universitets- og høgskulebiblioteka har vore å medverke til å utvikle informasjonskompetansen til studentane. Informasjonskompetanse omfattar evne til å erkjenne behovet for informasjon og evne til å søkje, lokalisere og vurdere informasjon på ein effektiv måte. Dette er ein samansett kompetanse som stiller krav til grundig, systematisk og progressiv opplæring og rettleiing i nær tilknyting til fag og tema. Røynsler viser at informasjonskompetansen ofte er dårlegare utvikla gjennom grunnopplæringa enn ein kunne forvente.

Figur 4.3 Netto driftsutgifter til kultursektoren i kommunane. Prosentvis
 auke 2004 – 2007

Figur 4.3 Netto driftsutgifter til kultursektoren i kommunane. Prosentvis auke 2004 – 2007

Kjelde: KOSTRA

Eit anna viktig utviklingstrekk er at biblioteka har fått oppgåver knytte til den vitskaplege publiseringa i institusjonane. Biblioteka har i fleire tilfelle ansvar for å gjere vitskapleg arbeid tilgjengeleg i dei opne institusjonsarkiva som mange universitet og høgskular har etablert. Døme på slike opne institusjonsarkiv er DUO ved Universitetet i Oslo, BORA ved Universitetet i Bergen, DIVA ved NTNU og Munin ved UiTø. I tillegg tilbyr BIBSYS forskingsarkivering i BRAGE. Ved utgangen av 2008 hadde 33 institusjonar i universitets- og høgskulesektoren opna institusjonelle arkiv hos BIBSYS.

Med støtte frå Kunnskapsdepartementet og ABM-utvikling har universiteta og høgskolane utvikla ei nasjonal søkjeteneste for vitskapleg informasjon i opne institusjonelle arkiv (NORA). NORA haustar regelmessig frå universitetsarkiva og frå BRAGE.

Registrering i Fellessystemet for forskingsdokumentasjon (FORSKDOK) har også vore ei viktig oppgåve for biblioteka ved dei til saman 49 institusjonane som no brukar dette systemet. Det er no gjort framlegg om å slå saman FORSKDOK og universiteta sitt fellessystem (FRIDA) til ein felles database for vitskapleg publisering under namnet Norsk vitskapsindeks. Dersom dette vert realisert, er det ikkje lenger biblioteka, men forskarane sjølve som vil leggje inn forskingsdata.

På den andre sida er biblioteka involverte i sjølve publiseringa, gjennom å gjere vitskaplege arbeid tilgjengelege i dei opne institusjonsarkiva. Elektronisk publisering, e-læring, lisensiering og tilgangsproblematikk er emne som det vert arbeidd aktivt med.

4.3 Kommunalt ansvar og løyvingar

Kommunane har ansvaret for den faglege og økonomiske drifta av folkebiblioteka og skulebiblioteka i grunnskulen. Lovgrunnlaget definerer ikkje kor store ressursar den enkelte kommunen skal nytte for å etterleve påbodet om bibliotekdrift.

Den samla økonomiske innsatsen i den kommunale kultursektoren er generelt omfattande. I 2007 var netto driftsutgifter til kultur i kommunane totalt 6,95 milliardar kroner. Den samla auken frå 2004 til 2007 var i underkant av 1,6 milliardar kroner. Kommunane nytta om lag 1,13 milliardar kroner til folkebibliotek i 2007. Samanlikna med andre kulturområde er det berre idrett og andre kulturaktivitetar som får meir, jf. tabell 4.4. Samanlikna med andre kulturområde er det likevel folkebiblioteksektoren som har lågast prosentvis auke i løyvingane i perioden 2004–2007, jf. figur 4.3.

Tabell 4.4 Kommunale løyvingar til kulturføremål i perioden 2004–2007 (1000 kroner)

  2004 2005 2006 2007 Auke 2004–2007
Aktivitetstilbod barn og unge 734 285 726 600 796 155 836 998 102 713
Folkebibliotek 1 045 907 1 059 702 1 104 489 1 132 199 86 292
Kino 50 148 55 076 58 800 77 810 27 662
Museum 243 882 259 348 279 734 316 187 72 305
Kunstformidling 300 284 295 452 313 290 358 416 58 132
Idrett 1 414 807 1 566 471 1 730 080 1 952 819 538 012
Kommunale musikk- og kulturskular 739 715 817 912 873 763 945 054 205 339
Andre kulturaktivitetar 847 462 991 418 1 180 047 1 337 906 490 444
Samla netto driftsutgifter kultursektoren 5 376 490 5 771 979 6 336 358 6 957 389 1 580 899

Kjelde: KOSTRA

Økonomien i skulebiblioteka i grunnskulen er ein del av skulens totale budsjett for stillingar og læremiddel og vert ikkje skilt ut systematisk.

Økonomien i skulebiblioteka i grunnskulen er ein del av skulens totale budsjett for stillingar og læremiddel og vert ikkje skilt ut systematisk.

4.3.1 Folkebibliotek

Roller og oppgåver

Lov 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek regulerer både folke- og fylkesbiblioteka i Noreg. Noreg har hatt lover om folkebibliotek sidan 1935. Medan dei tidlegare lovene gav staten heimel for å gje reglar for og stille ei rekkje krav til standard, drift og organisering av folkebiblioteka, er nogjeldande biblioteklov fyrst og fremst ei rammelov utan føresegner om kommunalt løyvingsnivå, statstilskot og vilkår for slikt.

I folkebiblioteklova står det at alle kommunar skal ha eit folkebibliotek som vert drive av kommunen åleine, eller i heilt eller delvis driftsfellesskap med annan kommune, fylkeskommune eller statleg institusjon. Kommunen fastset reglementet for folkebiblioteket på grunnlag av retningsliner som departementet gjev for bibliotekdrifta. Det skal vere eit organisert samarbeid mellom folkebiblioteket og dei kommunale skulebiblioteka.

Føremålsparagrafen i folkebiblioteklova § 1 seier at

Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet. Virksomheten skal være utadrettet, og tilbudene skal gjøres kjent.

Føremålsparagrafen har stått uendra sidan 1985. Den rommar på mange vis dei viktigaste elementa som skal til for at folkebiblioteka skal ta hand om samfunnsoppdraget sitt – å sikre alle fritt tilgjenge til informasjon, kunnskap og kultur. Formidlingsoppgåvene og rolla biblioteka har som møtestad, er likevel i liten grad synleggjorde i den noverande folkebiblioteklova, men denne oppgåva er til gjengjeld grunnfesta i fleire stortingsmeldingar om bibliotek og kultur.

I lov om folkebibliotek er det fastsett at den offentlege bibliotekverksemda også skal omfatte bibliotektenester for pasientar i statlege helseinstitusjonar, og for andre som har særskilde vanskar med å bruke biblioteket. Det er fastsett i lova at det kan gjevast statstilskot til visse bibliotekføremål som ikkje naturleg høyrer inn under ansvarsområdet til kvar enkelt kommune, eller som er særleg viktig for å halde ved lag eit nasjonalt biblioteksystem.

Folkebibliotekavdelingane

Bibliotekstatistikken viser at folkebiblioteksektoren er i rask endring. I perioden 1998–2007 har talet på folkebibliotekavdelingar minka frå 1077 til 807. Over 40 prosent av bibliotekfilialane er lagde ned i løpet av 10 år. Medrekna hovudbiblioteket er det no om lag to avdelingar per kommune, og det er i hovudsak dei minste avdelingane som vert lagde ned.

Figur 4.4 Folkebibliotekavdelingar1998–2007

Figur 4.4 Folkebibliotekavdelingar1998–2007

Kjelde: ABM-utvikling

272 av dei 807 folkebibliotekavdelingane var etter statistikken kombinasjonsbibliotek i 2007. Heile 92 prosent av desse var kombinasjon av grunnskule- og folkebibliotek, medan 8 prosent (23 bibliotek) var kombinasjon av bibliotek i vidaregåande skule og folkebibliotek.

I 51 norske kommunar er kombinasjonsbibliotek det einaste biblioteket i kommunen. Tre av desse kommunane hadde om lag 15 000 innbyggjarar, medan ingen av dei andre kommunane hadde over 8 000 innbyggjarar. I gjennomsnitt hadde kommunane som valde denne løysinga for kommunens einaste folkebibliotekavdeling, om lag 3 500 innbyggjarar. Til saman var det 227 kommunar som berre hadde ei folkebibliotekavdeling. Dei 176 kommunane som ikkje har valt ei løysing med kombinasjonsbibliotek, hadde i gjennomsnitt om lag 6 300 innbyggjarar.

Utgifter og årsverk

Dei totale driftsutgiftene i folkebiblioteksektoren i 2007 var på om lag 1,2 milliardar kroner. Løn og sosiale utgifter var den største utgiftsposten på om lag 766 mill. kroner.

Folkebiblioteka hadde 1 796 årsverk fordelte på 2 546 tilsette. Tala inkluderer også stillingar som reinhald, vaktmeister osv. Dei fagutdanna bibliotekarane stod for 943 årsverk fordelte på 1 077 tilsette.

I 367 kommunar hadde folkebiblioteket under 5 faglege årsverk i 2007. Totalt 108 kommunar hadde mindre enn eitt fagleg årsverk i biblioteket, og 56 prosent av landets kommunar hadde mindre enn to faglege årsverk. 72 kommunar hadde meir enn 5 årsverk, og av desse hadde 31 kommunar meir enn 10 årsverk. I desse 72 kommunane bur 64 prosent av innbyggjarane i Noreg.

Som figur 4.5 viser bur 48 prosent av landets befolkning i kommunar med bibliotek som har 10 årsverk eller meir. 4 prosent av innbyggjarane bur i kommunar med mindre enn eitt årsverk i biblioteket, og 11 prosent av innbyggjarane bur i kommunar med mindre enn to årsverk i biblioteket.

Figur 4.5 Innbyggjarar i kommunane etter årsverk i biblioteka,
 2007

Figur 4.5 Innbyggjarar i kommunane etter årsverk i biblioteka, 2007

Kjelde: ABM-utvikling

Denne strukturen gjev mange små bibliotek i kommunar med lågt folketal, mange mellomstore bibliotek og nokre få store bibliotek. Bibliotek med få faglege årsverk vil ha store utfordringar med å kunne klare omstillinga til å fornye tenestene, slik at innbyggjarane i desse kommunane kan ta del i den digitale utviklinga og fornyinga av dei tenestene som vil og må kome.

Kompetansekravet

Dagens folkebiblioteklov stiller krav til kommunane om å tilsetje fagutdanna biblioteksjef, jf. folkebiblioteklova § 5, og tilsvarande krav til fylkeskommunen om fagutdanna fylkesbiblioteksjef, jf. folkebiblioteklova § 8. Det er høve til å søkje om dispensasjon frå kravet om fagutdanna folkebiblioteksjef.

I 2007 hadde 124 kommunar (29 prosent) ikkje fagutdanna biblioteksjef. I 2004 var talet 141 kommunar. Talet på kommunar med fagutdanna biblioteksjef dei siste ti åra har variert mellom 60 og 70 prosent. Det at det ikkje vert stilt krav til storleiken på stillinga, kan ha ført til at det er vanskeleg å rekruttere fagutdanna søkjarar til dei mange deltidsstillingane i kommunane.

Om lag 10 prosent av innbyggjarane bur i kommunar utan fagutdanna biblioteksjef, jf. tabell 4.6. Tre av kommunane utan fagutdanna biblioteksjef er så store at det er godt med bibliotekarkompetanse blant dei tilsette. Dette gjeld Tromsø, Bodø og Drammen. Om lag 40 prosent (169 000) av dei som bur i kommunar utan fagutdanna biblioteksjef, er heimehøyrande i desse tre kommunane. Dersom ein held Bodø, Tromsø og Drammen utanfor, bur om lag 266 000 innbyggjarar (om lag 6 prosent) i kommunar utan fagutdanna biblioteksjef. Desse kommunane er også relativt store i utstrekning. Kravet til fagutdanna biblioteksjef og dispensasjonsordninga er nærare gjort greie for og drøfta i kap. 9.

Figur 4.6 Innbyggjarar i kommunar med fagutdanna biblioteksjef, 2007

Figur 4.6 Innbyggjarar i kommunar med fagutdanna biblioteksjef, 2007

Kjelde: ABM-utvikling

Medietilbod og utlån

Alle folkebibliotek har eit basistilbod. Mediesamlingane omfattar utlånseiningar som fag- og skjønnlitteratur, aviser, tidsskrifter, musikk, lydbøker, film på video/dvd og digitale dokument. Biblioteka tilbyr også lettlesen litteratur.

I tillegg til bøker som biblioteka sjølve kjøper inn, mottek dei bøker frå dei ulike innkjøpsordningane til Norsk kulturråd. Dette utgjer ein viktig del av tilveksten av nye bøker i dei mindre biblioteka.

I 2007 vart det brukt om lag 145 mill. kroner til medieinnkjøp. Medieløyvingane til folkebiblioteka gjekk tilbake frå 156 mill. i 1998 til 138 mill. kroner i 2005. I perioden frå 2005 til 2007 har løyvingane til medieinnkjøp auka med 7 mill. kroner. Samstundes har både prisen på bøker og talet på utgjevingar auka.

Samlingane i folkebiblioteka var på i underkant av 22 mill. einingar i 2007, og samla utlån var på 24 mill. einingar. Dette tilsvarte i gjennomsnitt 5,1 lån per innbyggjar. Fram til 2004 auka det totale låneomfanget, men dette har sidan gått ned med 5,2 prosent. For dei siste åra har tala for bokutlån gått ned og utlån av andre media gått opp. Det er generelt folkebibliotek i dei største og i dei minste kommunane som har flest utlån per innbyggjar.

Besøksstatistikk

Statistikken viser også at besøket per innbyggjar går attende på landsbasis. I 2005 besøkte kvar innbyggjar biblioteket i gjennomsnitt 5,1 gonger. I 2007 var talet 4,7, jf. figur 4.7. Med seks besøk per innbyggjar er Sør-Trøndelag fylket med flest besøk. I Troms har talet på besøk auka frå 3,1 til 5,5 i perioden 2004 – 2007. Årsaka er det nye hovudbiblioteket i Tromsø der besøkstala har auka frå 3,1 i 2004 til 8,1 besøk per innbyggjar i 2007. Dei fem største biblioteka i landet hadde 5,4 besøk per innbyggjar i 2007. Tala på besøk var høgare per innbyggjar i dei større kommunane enn i dei små. Fleire av dei nye folkebiblioteka som er bygde dei siste åra, som til dømes Drammensbiblioteket, trekkjer også til seg lånarar frå omkringliggjande kommunar.

Figur 4.7 Utlån av bøker og andre medium frå folkebibliotek
 (1000)

Figur 4.7 Utlån av bøker og andre medium frå folkebibliotek (1000)

Kjelde: ABM-utvikling/Bibliotekstatistikk 2007

Statistisk sentralbyrås rapport 14/2006 Undersøkelse om bibliotekbruk4, viste at bibliotekbrukarane er nøgde med folkebiblioteket. Dei er aller mest nøgde med utvalet av bøker og med lokalet. Tre av fire meiner at det er viktig med eit godt folkebibliotek i eigen kommune. I valet mellom eit lite og nært eller eit stort og sentralt folkebibliotek, føretrekkjer dei fleste det siste. Dei aller fleste synest det passar best å besøkje biblioteket om ettermiddagen og kvelden på kvardagar. Tre av fire synest også det passar å gå på biblioteket på laurdag og godt over halvparten kunne tenkje seg å besøkje biblioteket på søndagane. Statistikken viser at litt over halvparten av hovudbiblioteka (220) hadde laurdagsope i 2007. Berre nokre få bibliotek hadde søndagsope.

Møtestad, lærings- og kulturarena

Folkebiblioteka er særleg viktige for utviklinga av uformell læring gjennom fritt tilgjenge til kunnskap og informasjon. Dei fleste biblioteka tilbyr lese- og arbeidsrom eller sittegrupper. I stadig fleire bibliotek kan brukaren kople seg til Internett med eigen PC. Alle hovudbiblioteka har PC-ar for publikum med Internett tilgjengeleg. Fleire folkebibliotek opprettar også meir organiserte læringstilbod, ikkje minst gjennom samarbeid med andre aktørar. Eit slikt tilbod er studieplassar og tilhøyrande utstyr til studentar som følgjer fjernundervisning. Mange folkebibliotek fungerer i dag både som møtestader, kulturarenaer og læringssentra i lokalsamfunnet, men ulikskapane mellom biblioteka er store, og evna til tenesteyting varierer.

Figur 4.8 Folkebibliotek. Besøk per innbyggjar 1998–2007

Figur 4.8 Folkebibliotek. Besøk per innbyggjar 1998–2007

Kjelde: ABM-utvikling/Bibliotekstatistikk 2007

Bibliotektilbodet til barn

Barn får bibliotektilbod både gjennom folkebiblioteket og skulebiblioteket. Folkebibliotektilbodet til barn er lovfesta gjennom biblioteklova. FN-konvensjonen om barnets rettar og IFLA/UNESCOs Manifest om folkebibliotek er viktige referansedokument i utviklinga av bibliotektilbodet til barn, jf. boks 4.1.

Barn og unge er ei stor og viktig brukargruppe og folkebiblioteka legg stor vekt på tilbodet til dei yngre. God formidling krev både gode kunnskapar om barnelitteratur og kunnskap om formidling. Ei viktig målgruppe for biblioteka er difor også dei vaksne formidlarane som foreldre, lærarar og førskulelærarar.

Rapporten Undersøkelse om bibliotekbruk viste at 69 prosent av barn opp til 12 år brukte folkebiblioteka dei siste 12 månadene. Både gutar og jenter brukar biblioteket mykje. I aldersgruppa 10 – 11 år hadde heile 93 prosent besøkte folkebiblioteket det siste året. Ein tredel hadde vore på biblioteket ti gonger eller meir. Barn les og låner bøker, teikneseriar og DVD, dei høyrer på musikk eller brukar PC, og dei brukar biblioteket som ein stad å vere.

Barn og unge med minoritetsspråkleg bakgrunn nyttar folkebiblioteka ekstra mykje. Dei nyttar samlingane på dei ulike morsmåla og på norsk. Dei nyttar også Internett-tilbodet og dei andre tilboda, og dei nyttar ikkje minst biblioteket som ein møtestad med vener. Biblioteka er difor eit godt utgangspunkt for tilbod til minoritetsspråklege barn.

Mange bibliotek tilbyr levande formidling i form av eventyrstunder, dokke- og barneteater, konsertar og forfattarbesøk. Dette gjer biblioteket til ein sentral kulturarena for barn. Utprøving av dataspel i bibliotek er også ein aktivitet som kan gje dei unge nye opplevingar i biblioteket, åleine eller saman med andre.

4.3.2 Skulebibliotek

Skulebiblioteka står i ei særstilling som bibliotek på grunn av si nære tilknyting til skulen som eigarinstitusjon, og fordi læreplanane er styringsdokumentet. Skulebiblioteket er ein del av den pedagogiske verksemda og skal medverke til å realisere verdiar, læringsmål og innsatsområde i skulen. Samstundes er skulebibliotek eit bibliotek med krav til profesjonell behandling av materiale, formidling og samarbeid med andre offentlege bibliotek. Slik som for universitets- og høgskulebiblioteka krev dette eit aktivt og systematisk samarbeid mellom bibliotekar, administrasjon og undervisningspersonale.

Kommunen har ansvaret for skulebiblioteka i grunnskulen, og fylkeskommunen har ansvaret for skulebiblioteka i vidaregåande opplæring. Det faglege oppfølgingsansvaret for skulebiblioteka både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen ligg i Utdanningsdirektoratet. ABM-utvikling har ansvaret for å innhente og formidle skulebibliotekstatistikk i samband med den årlege bibliotekstatistikken.

Boks 4.1 FNs konvensjon om barnets rettar og IFLA/UNESCOs manifest om folkebibliotek

FNs konvensjon om barnets rettarunderstrekar dei rettane barn har til å ytre seg fritt, til å søkje, få og spreie informasjon både munnleg, i skrift og på trykk, i kunstnarisk form eller gjennom anna medium. Staten skal sikre barn tilgjenge til informasjon frå eit mangfald av nasjonale og internasjonale kjelder. Omsynet til minoritetsbarn skal takast hand om. Staten skal også oppmuntre produksjonen og spreiinga av bøker for barn. Barn har rett til leik og fritid. Partane skal vidare respektere og fremje barnets rett til fullt ut å delta i det kulturelle og kunstnarlege livet og skal leggje til rette for rekreasjons- og fritidsaktivitet.

I IFLA/UNESCOs Manifest om folkebibliotek står det at folkebiblioteket byggjer på prinsippet om at alle skal ha det same tilbodet, uansett alder, rase, kjønn, religion, nasjonalitet, språk eller sosial status. Alle aldersgrupper skal kunne finne materiale som passar for dei. Ei av folkebiblioteket sine oppgåver er å skape og styrkje gode lesevanar hos barn heilt frå dei er små. Folkebiblioteka skal dessutan gjere sitt til å stimulere fantasien og kreativiteten hos barn og unge. Folkebiblioteka skal støtte og delta i aktivitetar og program for å utvikle lese- og skrivekunnskapane for alle aldersgrupper, og ta initiativ til slike aktivitetar.

Roller og oppgåver

På lik linje med andre bibliotek har skulebiblioteka eit ansvar for å forvalte informasjonen i samfunnet, og gje elevar og lærarar fritt tilgjenge til ulike fysiske og digitale kjelder. Grunnverdiar som ytringsfridom, demokrati og kulturelt mangfald skal sikrast. Tilgjenge inneber eit ope bibliotek i funksjonelle og lett tilgjengelege lokale, dessutan ressursar som omfattar skjønn- og faglitteratur og andre læringskjelder i trykt, digitalisert eller anna medieform som til dømes aviser, tidsskrifter og lydbøker. Basisoppgåver for alle skulebibliotek er å stimulere til auka leselyst, formidle litteratur, stille litteratur gratis til disposisjon og utlån, og å utvikle informasjonskompetansen til elevane. I lys av resultat frå PIRLS og PISA 2006 vil det vere nødvendig å styrkje og vidareutvikle denne oppgåva ytterlegare. Samstundes skal skulebiblioteka også vere i front på det digitale området.

Lovverket

Opplæringslova med forskrift og Læreplanverket for Kunnskapsløftet (gjeld som forskrift) styrer verksemda i grunnskulen og vidaregåande opplæring. I forskrift til opplæringslova heiter det at skulen skal ha skulebibliotek, med mindre tilgjenget til skulebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i same lokale som skulen, skal vere tilgjengeleg for elevane i skuletida, slik at det kan brukast aktivt i opplæringa. Biblioteket skal også vere særskilt tilrettelagt for skulen. Lova stiller ikkje krav til kompetanse i biblioteket.

I lov om folkebibliotek § 6 heiter det at det skal vere eit organisert samarbeid mellom folkebiblioteket og dei kommunale skulebiblioteka. Det er utarbeidd retningsliner for dette samarbeidet. Tilsvarande vert det stilt krav i lov om folkebibliotek § 10 om at det skal vere eit organisert samarbeid mellom fylkesbiblioteket og skuleleiinga i fylkeskommunen. Samarbeidet mellom fylkesbiblioteket og dei statlege skulestyresmaktene i fylket skal sikrast ved avtaler, slik at den faglege kompetansen til fylkesbiblioteket vert stilt til rådvelde for skulestyresmaktene. Det er ikkje stilt tilsvarande krav om samarbeid frå skulen si side.

Årsverk, samlingar og medieløyving

Det er i dag 3220 grunnskular og 450 vidaregåande skular i Noreg, og biblioteka ved skolane representerer om lag 650 årsverk. Dette er i gjennomsnitt 0,17 årsverk i biblioteket per skule. Det er noko auke sidan 2000. Årsverka er fordelte med 280 i grunnskulen og 360 i vidaregåande skule.

Bibliotekstatistikken viser at i 2007 var det i gjennomsnitt 19 bøker per elev i samlingane i grunnskulen, fordelt på om lag 63 prosent skjønnlitteratur og 37 prosent faglitteratur. Gjennomsnittleg storleik på samlingane i grunnskulen varierte frå 12 per elev i Oslo til 28 bøker per elev i Troms. Gjennomsnittleg utlån per elev i grunnskulen var 13 bøker i året.

I dei vidaregåande skulane vart det i 2007 nytta 183 kroner til medieløyvingar per elev mot 235 kroner i 1998 (2007-kroner). Gjennomsnittleg bokbestand i dei vidaregåande skolane variererte frå 11 bøker per elev i Hordaland til 32 bøker per elev i Finnmark. Gjennomsnittleg bokutlån per elev i vidaregåande skule var 3,9 bøker i 2007.

Nasjonal kartlegging av skulebibliotek

Møreforsking i Volda har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet gjennomført ei nasjonal kartlegging av skulebibliotek i grunnskulen og vidaregåande opplæring 2006–2007 5.

Kartlegginga viser at 98 prosent av skulane har skulebibliotek på eller i tilknyting til skulen. Om lag 84 prosent av alle skulebiblioteka i grunnskulen ligg i eigne lokale, noko som er ein auke på 44 prosent sidan 1997. Nesten alle skulebiblioteka i vidaregåande skule ligg i eigne lokale eller er integrerte i felleslokala.

Vidare viser kartlegginga at berre 30 prosent av skuleeigarane har ein eigen plan for skulebiblioteka, at det er store ulikskapar i tilbodet til elevane, og at det er mangel på kompetanse både hos lærarar og skulebibliotekarar. I vidaregåande opplæring er bemanninga og ressursane gjennomgåande betre enn i grunnskulen. Dette er også i samsvar med årleg statistikk, som viser at personar med ei bibliotekfagleg utdanning på ei halvårseining eller meir, står for om lag 35 prosent av personalressursane i grunnskulebibliotek, medan nærare 60 prosent av personalressursane ved bibliotek i vidaregåande skule er bibliotekarar med full fagutdanning. Statistikken for 2007 viser også at det årleg vert sett av i gjennomsnitt 7 timar per veke ved den enkelte grunnskulen til skulebibliotek, og i gjennomsnitt 36 bibliotekartimar per veke i vidaregåande skule. Fagutdanna bibliotekarar stod for 21 av desse.

Kartlegginga viste at skular som har ein eigen plan for skulebiblioteket, er meir nøgde med tilboda. Dette kan tyde på at ein viktig føresetnad for eit velfungerande skulebibliotek, er at tilbod og tenester er ein integrert del av skulens samla planlegging. Skolebiblioteket er i større eller mindre grad integrert i planarbeidet ved om lag 70 prosent av skulane.

Kartlegginga viste elles at 72 prosent av grunnskuleelevane og 65 prosent av elevane i vidaregåande skule nyttar biblioteket ein eller fleire gonger i veka. 26 prosent av biblioteka i grunnskulen har ein personalressurs på meir enn 7 timar. På vidaregåande skule med 300 elevar eller meir er gjennomsnittet 39,5 timar.

75 prosent av lærarane seier at elevane får opplæring i å bruke biblioteket, men opplæringa er oftast ikkje knytt til verkeleg problemløysing. Dei fleste skulane er i dag oppkopla mot Internett. Bibliotekarane overlet ofte IKT og søking på nett til datalærarane.

Kartlegginga av skulebibliotek viste elles at 88 prosent av lærarane og 51 prosent av bibliotekarane meiner at det i høg grad er viktig å samarbeide med lærarane om å bruke skulebiblioteket som læringsarena. 82 prosent av lærarane og 50 prosent av bibliotekarane meiner det same om å drive litteraturformidling og å stimulere til leselyst. Det er noko uvisst kva som kan vere årsaka til den store ulikskapen i svara frå lærarane og bibliotekarane, men det er mogeleg at bibliotekarane meiner at dei ikkje har kapasitet og ressursar til å nytte skulebiblioteket aktivt som lærings- og kulturarena.

Gi rom for lesing!

Gjennom strategiplanen Gi rom for lesing! Stimulering av leselyst og leseferdighet 2003–2007vart det sett i gang ei rekkje tiltak for å styrkje rolla til skulebiblioteka og samarbeidet mellom skule- og folkebibliotek. Samstundes vart det identifisert område som det er behov for å utvikle vidare, som samarbeid mellom lærarar og bibliotek, kompetanseutvikling og systematisk planarbeid. Evalueringa av strategiplanen 6 viser at skulebibliotek har vore eit sentralt satsingsområde og folkebiblioteket har vore den viktigaste samarbeidspartnaren. I prosjektrapportane frå 2005 og 2006 er bibliotek og forfattarbesøk trekte fram mellom dei viktigaste områda. I mykje av samarbeidet har også Den kulturelle skulesekken medverka.

4.4 Fylkeskommunalt ansvar og løyvingar

4.4.1 Fylkesbibliotek

Roller og oppgåver

Fylkesbiblioteket er ei lovpålagd kulturoppgåve for fylkeskommunane og oppgåvene er fastsette i folkebiblioteklova. Målgruppene for fylkesbiblioteka er kommunane, fylkeskommunane og statlege styresmakter. Etter lova skal fylkesbiblioteket ta hand om fjernlånet i fylket, organisere lånesamarbeid for folkebiblioteka og ha ansvaret for sin del av den felles planen for å skaffe og oppbevare litteratur. Fylkesbiblioteket skal vidare gje råd til lokale styresmakter, yte bibliotekfagleg rettleiing og assistanse og arrangere møte og kurs om bibliotekspørsmål. Fylkesbiblioteket kan drive direkte utlån frå bokbuss/bokbåt, anten åleine eller i samarbeid med andre fylkes- og folkebibliotek. Fylkesbiblioteka skal også ta del i organisert samarbeid med skuleleiinga i fylkeskommunen. Samarbeidet mellom fylkesbiblioteket og dei statlege skulestyresmaktene i fylket skal sikrast ved avtaler, slik at den faglege kompetansen ved fylkesbiblioteket kan stillast til rådvelde for skulestyresmaktene.

Utgifter og årsverk

Den årlege rammeløyvinga frå stat til fylkeskommune utgjer det økonomiske grunnlaget for å gjennomføre fylkesbibliotekets oppgåver. I 2007 nytta fylkeskommunane om lag 122 mill. kroner til drift av fylkesbibliotek. I perioden 2004–2007 har fylkeskommunane sine netto driftsutgifter til bibliotekføremål auka svakt. Det er særleg utgiftene til museumsføremål som har auka i fylkeskommunane, noko som har samanheng med museumsreforma i perioden.

Figur 4.9 Netto driftsutgifter til kulturføremål i
 fylkeskommunane, 2004–2007 (1000 kroner)

Figur 4.9 Netto driftsutgifter til kulturføremål i fylkeskommunane, 2004–2007 (1000 kroner)

Kjelde: KOSTRA

Alle fylke utanom Oslo har eit eige fylkesbibliotek. Til saman disponerte desse 161 årsverk i 2007. Dette er ein liten nedgang frå 2006 og det varierer mellom 2 i Vest-Agder og 19,5 årsverk i Nordland.

Utgiftene til fylkesbiblioteka har stige frå 108 mill. kroner i 1998 til 122 mill. kroner i 2007. I 2007 nytta fylkesbiblioteka om lag 18 mill. kroner til mobile bibliotektenester. Driftsutgiftene per innbyggjar varierte i 2007 frå 11 kroner i Rogaland og Hordaland til 133 kroner i Finnmark.

Samlingar og utlån

Samlingane i fylkesbiblioteka utgjorde i overkant av 800 000 einingar i 2007, men varierte mellom 0 og 160 000. Nokre fylkesbibliotek har ikkje lenger eigne samlingar og fungerer difor ikkje som utlånsbibliotek. Samla utlån i fylkesbiblioteka på landsbasis i 2007 var om lag 640 000 einingar. Til samanlikning var samla utlån i folkebiblioteka i 2007 om lag 24 mill. einingar.

3 av 4 utlån via fylkesbiblioteket var i 2007 direkte utlån, og det meste av dette var utlån frå bokbåt eller bokbuss. Om lag 25 prosent av utlåna gjekk til klassesett, depot i fengsel og andre institusjonar. 94 prosent av utlåna skjedde innan fylket. Statistikken viser ein kraftig nedgang i tinging av fjernlån gjennom fylkesbiblioteket.

Variasjonar

Det er stor variasjon mellom fylkesbiblioteka, både med omsyn til talet på tilsette, storleiken på budsjetta og løyvingar per innbyggjar. Variasjonane har dels samanheng med ulike prioriteringar av bibliotekområdet og økonomiske rammevilkår, og at enkelte fylkesbibliotek sjølve sit med driftsoppgåver knytte til bokbuss og IKT. Enkelte fylkesbibliotek er dessutan samorda med anna fylkeskommunal verksemd og kan trekkje på felles interne ressursar. I tillegg vert dei ulike oppgåvene vektlagde ulikt.

Bibliotekstatistikken viser at fylkesbiblioteka nyttar meir ressursar til kompetanseutvikling og mindre til mediesamlingar og utlån enn tidlegare. Fylkesbibliotekets oppgåver er i dag i hovudsak knytte til rådgjeving og kompetanseutvikling, samordning og utviklingsarbeid. To tredelar av fylkesbiblioteka har enno eigne mediesamlingar, medan resten kjøper medie- og fjernlånstenester frå eit kommunalt bibliotek i regionen. Fleire vurderer å gå over til ein slik modell. I tida framover vil ein nok sjå ei vidare utvikling på dette området. Fylkesbiblioteka har også på ulike måtar teke ansvar for dei mobile bibliotektenestene.

4.4.2 Mobile bibliotektenester

Det har vore mobile bibliotektenester i Noreg i over 50 år. I 2007 var det 31 bokbussar og ein bokbåt i Noreg. I perioden 1998–2007 har talet gått ned frå 48 bokbussar og ein bokbåt. Nedgangen har vore på om lag 35 prosent

I 2007 hadde 194 kommunar eit bokbusstilbod og i alt hadde bokbussane 1633 stoppestader. Det totale utlånet var 702 000, og av dette var 502 000 utlån til barn. Utlånet ved dei mobile einingane utgjorde om lag 3 prosent av det totale utlånet i folke- og fylkesbiblioteka. Dei siste ti åra har det vore ein nedgang i utlån på 27 prosent.

Drifts- og finansieringsmodellane for dei mobile bibliotektenestene i Noreg er ulike. Nokre er både drivne og finansierte av fylkeskommunen. Dette gjeld til dømes bokbussane i Akershus. I Buskerud er modellen at fylkeskommunen driv bussane og at kommunane betalar eigendelar. I Rauma kommune i Møre og Romsdal og i fleire kommunar i Hordaland er bokbussane kommunalt eller interkommunalt drivne. I Nordland er bokbussane kommunalt/interkommunalt drivne, men med driftstilskot frå Nordland fylkeskommune.

6 av dei 31 bokbussane er samiske bokbussar og nokre av desse vert drivne i samarbeid med Sverige og Finland. Staten gav tidlegare tilskot til både investeringar og drift av mobile bibliotektenester, men i 2001 vart tilskotsordninga innlemma i rammetilskotet til kommunane. I dag er det berre dei samiske bokbussane som får øyremerkte drifts- og investeringstilskot via Sametinget.

Kultur- og kyrkjedepartementet har opna for å gje investeringsstøtte til kjøp av bokbussar over kulturbyggordninga, men det er opp til den enkelte fylkeskommunen om dei ønskjer å prioritere bokbussane.

4.5 Biblioteksystem og systemleverandørar

Så og seie alle bibliotek i Noreg har elektronisk mediekatalog, realisert gjennom eit biblioteksystem. I tillegg til katalog- og søkjefunksjon har slike system gjerne modular for utlån, fjernlån, fornying av lån og tinging av materiale. I dag er det også vanleg å tilby eit sluttbrukargrensesnitt på Internett, slik at brukarane sjølve kan administrere låna og tingingane sine. Systema byggjer på internasjonale standardar for katalogisering, klassifisering og registrering, og fleire tilbyr tenester som gjer det mogeleg å søkje på tvers av katalogar, til dømes i ein region.

Det er særleg fem leverandørar som dominerer marknaden for biblioteksystem i Noreg. Desse er BIBSYS, Bibliotekenes IT-senter AS, Bibliotek-Systemer AS, Bibliotekservice AS og Reindex.

Hovudmønstret er at BIBSYS dekkjer fag- og forskingsbiblioteka, medan kundane til dei andre leverandørane for det meste er folke-, fylkes- og skulebibliotek. I 1999 danna leverandørane eit samarbeidsforum med eiga nettside (http://www.biblev.no/). Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling er også med i forumet, og det vert halde regelmessige møte der saker av felles interesse blir drøfta.

4.5.1 BIBSYS

BIBSYS er eit statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet, organisert i Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i medhald av lov om universitet og høgskoler §1 – 4, nr. 4.

BIBSYS skal etter vedtektene stille til rådvelde og levere kostnadseffektive informasjonstenester av høg kvalitet, primært for institusjonar i universitets- og høgskulesektoren, og dessutan skaffe, drive og utvikle fellesløysingar etter behov. BIBSYS skal fremje samarbeids- og integrasjonsløysingar mellom institusjonane og skal medverke til at biblioteksystem og informasjonstenester vert best mogeleg integrerte med andre datasystem og tenester ved institusjonane.

Vidare skal BIBSYS etter vedtektene skaffe, utvikle og drifte ein felles bibliotekkatalog og eit felles biblioteksystem for deltakarane, utføre dataforvaltning og andre aktivitetar knytte opp mot desse produkta og tenestene. Bibliotekkatalogen og andre databasar skal så langt det er mogeleg vere fritt tilgjengelege for søk over Internett for alle.

Tilskotet frå Kunnskapsdepartementet var 3 mill. kroner i 2008, medan dei totale utgiftene til BIBSYS er nær 40 mill. kroner. Deltakarane i BIBSYS-samarbeidet, særleg universitet og høgskular, står såleis for det meste av finansieringa. Nasjonalbiblioteket betalar for sin del om lag 3 mill. kroner i året.

Ei arbeidsgruppe utnemnd av styret for BIBSYS, fekk hausten 2008 i oppdrag å greie ut kva for bibliotektenester som universitets- og høgskulesektoren vil trenge i tida framover, og kva endra brukaråtferd vil ha å seie for BIBSYS framtidige tilbod. Konklusjonen var mellom anna at BIBSYS må ha ein tenesteorientert arkitektur, og byggje tenestetilbodet på ein kjerne av kommersielt tilgjengeleg programvare. Rapporten har no vore ute på høyring med frist 15. mars 2009. BIBSYS kontakt med dei brukarane som nyttar dei enkelte tenestene, vil i løpet av 2009 vere basert på ei konsortieorganisering. Dette vil sikre god brukarmedverknad.

4.5.2 Kommersielle biblioteksystem

I motsetnad til BIBSYS er dei andre biblioteksystemleverandørane kommersielle føretak som tilbyr biblioteksystem/søkjesystem i marknaden. Kundane er først og fremst folke- og skulebibliotek, men også mindre fagbibliotek som ikkje er med i BIBSYS. Systema vert også nytta i andre institusjonar med behov for registrering av katalogdata. Dei vanlegaste kommersielle biblioteksystema er Aleph, Bibliofil, MetaLib, Micromarc, Reindex og Tidemann.

Systema byggjer på internasjonale standardar for katalogisering, klassifisering og registrering. Systema inneheld til dømes reserverings- og tingingsfunksjonar for fysisk materiale som kan lånast frå biblioteka, litteratursøk og tidsskrifthandtering. Data vert innlemma i felles, eventuelt lokale, databasar som det enkelte bibliotek kan koplast opp mot. Dette gjer det mogeleg med raskare registrering og rask lokalisering av dokumenta. Målet er kommunikasjon mellom dei ulike biblioteksystema.

4.5.3 Frie biblioteksystem

Også i biblioteksektoren er det dei siste åra aukande interesse for fri programvare. Når det gjeld frie biblioteksystem er det Koha som har mest aktivitet i Noreg. Koha er utvikla på New Zealand, og programmet er no i ferd med å verte omsett til norsk (bokmål og nynorsk). Andre frie biblioteksystem er Evergreen og OpenBiblio. Førebels veit vi ikkje om nokon av desse er tekne i bruk i norske bibliotek, men dette er truleg eit spørsmål om tid. Vi må rekne med at trenden mot aukande bruk av fri programvare i biblioteksektoren vert sterkare i tida som kjem.

4.6 Oppsummering av utviklingstrekk

Overgangen frå trykt til digitalt materiale er eit sentralt utviklingstrekk i biblioteka. På mange måtar er vi no inne i ei brytningstid der utviklinga går raskt og der løysingane ikkje alltid er openberre. Ein lyt leggje til grunn at biblioteka enno i mange år må forvalte også fysiske informasjonsberarar, men for fagbiblioteka ser vi at overgangen frå trykt til digitalt materiale går raskt, og at behovet for tilgjenge til digitalt forskingsmateriale er stort.

Utfordringane i framtida vil vere å kunne gje allment tilgjenge til materiale med opphavsrettsleg vern og finne ordningar som gjev betre tilgjenge til forskingsmateriale på tvers av institusjonar. Nasjonalbibliotekets satsingar på det digitale området vil på sikt kunne føre til at den vanlege brukaren kan ha direkte tilgjenge på sin eigen PC til store delar av den norske kulturarven. Dette vil i stor grad vere eit økonomisk spørsmål og eit spørsmål om prioriteringar.

I universitets- og høgskulesektoren ser ein tendensar til at biblioteka vert ein sterkare og meir integrert del av sine moderinstitusjonar. Dette gjer at biblioteka vert meir sentrale kompetansesentra og får ei viktigare rolle både med omsyn til å styrkje informasjonskompetanse og å ta på seg andre oppgåver i læringsmiljøet.

Utviklinga viser også at folkebiblioteka får oppgåver som lokal kultur- og læringsarena. Folkebiblioteka kan, dersom dei vert satsa på og sett inn i ein større samfunnsmessig samanheng, knytast tettare saman med lokale og regionale lærings-, utdannings- og kulturstrategiar. Det er framleis etterspurnad etter fysisk materiale gjennom folkebiblioteka, men folk låner færre bøker og tek heller med seg anna type materiale til heimlån. Statistikken viser likevel at besøkstala ved dei nye folkebiblioteka aukar, og at biblioteket som ein ikkje-kommersiell offentleg møtestad får auka verdi. Mange folkebibliotek har likevel behov for eit løft, både når det gjeld innhald og kvalitet på tenestene og når det gjeld kompetanse. I ei digital tid vil det vere nødvendig å skape sterkare og meir robuste bibliotek og partnarskap på tvers av andre samfunnssektorar. Folkebiblioteka må tilby noko som er attraktivt og som folk etterspør. Folkebiblioteka som møtestad og kulturarena er difor sentral.

5 Juridiske rammevilkår og statlege støtte- og vederlagsordningar

Figur 5.1 Lydbok, kokebok, barnebok, Bibelen
 m.fl.

Figur 5.1 Lydbok, kokebok, barnebok, Bibelen m.fl.

Kjelde: Foto: Nasjonalbiblioteket

5.1 Innleiing

Dette kapitlet gjev eit oversyn over juridiske verkemiddel og statlege støtte- og vederlagsordningar som verkar inn på biblioteksektoren. Lovverket som regulerer folkebibliotek, skulebibliotek og bibliotek i universitets- og høgskulesektoren, er gjort nærare greie for i gjennomgangen av desse bibliotektypane i kap. 4. Dette vert ikkje gjenteke her.

5.2 Juridiske rammevilkår

5.2.1 Åndsverklova

Lov 12. mai 1961 nr. 2 om opphavsrett til åndsverk m.v. (åndsverkloven) gjev i § 2 einerett til å råde over verket til den som har skapt det. Denne eineretten gjeld eksemplarframstilling ( å lage ein kopi) og å gjere verket tilgjengeleg for ålmenta. Eksemplarframstilling eller spreiing utanfor det private området krev klarering med opphavmannen. Til dømes er framføring av litteratur i eit bibliotek, og å leggje eit åndsverk ut på Internett omfatta av eineretten. Opphavsretten og åndsverklova er i stor grad bygde på internasjonale konvensjonar som m.a. Bernkonvensjonen og Romakonvensjonen og ei rekkje EØS-direktiv.

Åndsverklova skal balansere mellom opphavsmannens rett til sitt eige arbeid og samfunnets interesse av bruk og spreiing av informasjon og kulturarv. Det finst difor ei rekkje reglar om avgrensing av eineretten i åndsverklova. For bibliotek er særleg reglane om framstilling av eksemplar og avtalelisens i § 16 og 16a aktuelle, og dessutan spreiing av eksemplar etter § 19.

Arkiv, bibliotek og museum har mellom anna rett til å framstille eksemplar av verk til konserverings- og sikringsføremål, jf. forskrift med heimel i åndsverklova § 16. Forskrifta gjev løyve til å digitalisere åndsverk frå eiga samling. Dette gjeld i alle tilfelle der marknaden ikkje tilbyr eit digitalt eksemplar for sal som kan oppfylle institusjonens behov for konservering og sikring av åndsverket.

Nasjonalbiblioteket har ein særleg heimel til å digitalisere samlingane sine av kulturarvomsyn. Det er også mogeleg for andre abm-institusjonar å søkje Kultur- og kyrkjedepartementet om utvida løyve til digitalisering. Departementet har fram til no ikkje motteke slike søknader.

Forskrifta inneheld også reglar for å gjere eksemplara (kopiane) som abm-institusjonane har framstilt, tilgjengelege. Abm-institusjonane kan gjere digitalisert materiale frå si eiga samling tilgjengelege på skjerm for publikum i sine eigne lokale. Publikum kan ta papirutskrift til privat bruk etter reglane i åndsverklova § 12. Digitale kopiar kan også bli «fjernlånt» til ein bestemt brukar i eit anna bibliotek, som kan studere det på skjerm eller ta ei papirutskrift.

Når det gjeld å gjere materialet tilgjengeleg utanfor institusjonens eigne lokale eller i ei anna framstilling, har åndsverklova sidan 2005 hatt ein heimel til avtalelisens i § 16a. Denne gjer det mogeleg at partane kan avtale tilgjengeleggjering i langt vidare utstrekning enn den opninga som finst i fribruk/gratisføresegna i åndsverklova §§ 12 og 16, ved å inngå avtale med rettshavar eller representative organisasjonar.

Dette kan til dømes gjelde tilgjengeleggjering av digitalisert materiale eller ein generell avtale for framføring av verk. Det er hittil ikkje inngått nokon avtale etter denne føresegna. Åndsverklova § 38a opnar for at ein organisasjon som representerer ein vesentleg del av rettshavarane, kan inngå avtaler på vegner av alle rettshavarane på eit område. Til dømes vil Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening kunne gjere ein avtale på vegner av alle faglitterære skribentar, også dei som ikkje er medlemmer av organisasjonen. Dette gjer at ein kan finne fram til ordningar for vidare bruk av verk utan å klarere kvart enkelt tilfelle.

Åndsverklova gjev vidare rett til fri framføring av verk i undervisning og ved tilstellingar der framføringa ikkje er det vesentlege, tilhøyrarane ikkje betalar og tilstellinga ikkje er inntektsgjevande, jf. åvl § 21. Dette gjeld ikkje for filmar eller scenisk framføring av verk. Det vil seie at framføringar i skulebibliotek som ein del av undervisninga kan skje utan klarering med opphavsmannen.

Løyve til å låne ut åndsverk i bibliotek er heimla i åndsverklova § 19, som seier at eit eksemplar av eit verk kan spreiast vidare om det er selt med opphavsmannens samtykke. Dette er i samsvar med EØS-forpliktingane, jf. direktiv 92/100/EEC av 19. november 1992 om utleige- og utlånsrettar (utleigedirektivet), som gjer utleige og utlån til ein del av opphavsmannens einerett. For utlån kan eineretten fråvikast. Føresetnaden er at opphavsmannen får vederlag. I Noreg er dette oppfylt ved at opphavsmennene får vederlag frå staten, jf. lov om bibliotekvederlag.

I juli i år gav EU-kommisjonen ut ei såkalla grønbok om opphavsrett i kunnskapsøkonomien 7. Grønboka drøftar mellom anna om reglane om bibliotek innanfor EØS (opphavsrettsdirektivet m.m.) er klare nok, og om det bør gjerast presiseringar eller endringar i gjeldande direktiv. Mellom anna spør grønboka om det bør opprettast lisensieringsordningar mellom utgjevarane (forlag) og offentlege bibliotek for å auke tilgjenget til åndsverka.

Åndsverklova er under revisjon, i første rekkje for å gjere den lettare tilgjengeleg. Det skal også vurderast endringar som følgje av utviklinga både her til lands og innanfor EØS. Grønboka og oppfølginga av denne vil bli vurdert i samband med revisjonen av åndsverklova.

5.2.2 Pliktavleveringslova

Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument av 9. juni 1989 nr. 32 pålegg alle som gjev ut informasjon å avlevere trykte dokument til staten ved Nasjonalbiblioteket. Lova omfattar alle typar medium og tilgjengeleggjering i alle former. Dette vert regulert i § 4 som seier at følgjande dokument som er gjorde tilgjengelege for ålmenta skal avleverast:

  • dokument av papir eller papirliknande medium, mikroformer og fotografi i sju eksemplar

  • lydfesting, film, videogram, edb-dokument og kombinasjonar av desse dokumenttypane i to eksemplar

  • opptak av kringkastingsprogram i eitt eksemplar

Dokument laga i utlandet skal berre avleverast dersom det er laga for norsk utgjevar eller særskilt er tilpassa ålmenta i Noreg.

Føremålet med lova (jf. § 1) er å sikre avlevering av dokument med allment tilgjengeleg informasjon til nasjonale samlingar, slik at desse vitnemåla om norsk kultur og samfunnsliv kan verte bevarte og gjorde tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon. Lova skal tryggje kontinuerleg supplering av Nasjonalbibliotekets samling ved at utgjevarar sender inn nye bøker, tidsskrifter, lydfestingar med meir. Det er Nasjonalbiblioteket som er mottaksinstitusjon for alle typar pliktavlevert materiale etter ei endring av forskrifta som vart sett i verk 18. januar 2008.

Lov om avleveringsplikt er ei kortfatta fullmaktslov, og dei fleste fullmaktene som i lova er tillagde Kongen, er ved kgl. res. 25. mai 1990 delegerte til departementet. Meir detaljerte føresegner om kven som har avleveringsplikt og kvar dokumenta skal sendast, er fastsette i forskrift 25. mai 1990, med endringar av 18. januar 2008.

Fordelinga av dei pliktavleverte trykte dokumenta vert regulerte av instruks av 9. juni 1989 nr. 32 for institusjonar som forvaltar dokument innkomne etter pliktavleveringslova. Etter instruksen skal trykte dokument avleverast i sju eksemplar. Det første eksemplaret er eit sikringseksemplar, det andre er eit presenseksemplar som er tilgjengeleg på Nasjonalbibliotekets lesesal i Oslo. Dei neste fire går til universitetsbiblioteka i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Sametingets bibliotek mottek publikasjonar på samisk. Det sjuande eksemplaret vert innlemma i Depotbibliotekets samlingar.

Pliktavleveringslova er ei spesiallov i forhold til åndsverklova, og den gjev heimel for bruk av pliktavleverte dokument. Sidan det ikkje vert betalt vederlag for dei pliktavleverte trykte dokumenta, kan åndsverklova § 19 ikkje nyttast som heimel for utlån.

Pliktavleveringslova § 1 seier at føremålet med lova mellom anna er å sikre avlevering av dokument med allment tilgjengeleg informasjon, slik at dette kan bli «gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.» Ut over dette har ikkje lova nokon presis heimel som seier noko om bruken av det pliktavleverte materialet. Denne utlånsheimelen er relativt vag og skaper ein del tolkingsproblem som heimel for utlån av pliktavlevert materiale.

Så lenge materialet er under opphavsrettsleg vern, dvs. i 70 år etter opphavsmannens død, jf. åndsverklova § 40, må det liggje føre særleg heimel for å framstille eksemplar av det pliktavleverte materialet eller nytte det på annan måte. Ein slik heimel gjev åndsverklova § 16 med tilhøyrande forskrifter som seier at ein abm-institusjon som er omfatta av reglane, kan digitalisere åndsverk, men berre til konserverings- og sikringsføremål (jf. omtalen av åndsverklova). Nasjonalbiblioteket har heimel til å digitalisere heile samlinga si, også det pliktavleverte materialet.

I hovudsak skal bruk av digitalisert pliktavlevert materiale regulerast av pliktavleveringslova. Åndsverklova har heimel for å gjere materialet tilgjengeleg på skjerm i eigne lokale. Ut over dette regulerer ikkje åndsverklova eller forskrifta tilgjenge til digitalisert materiale, og eventuell fjernaksess eller utlån av digitalisert pliktavlevert materiale må difor regulerast i pliktavleveringslova. Departementet vil ta initiativ til å revidere lova i nær framtid.

5.2.3 Lov om bibliotekvederlag

Lov av 29. mai 1987 nr. 23 om bibliotekvederlag regulerer vederlag til opphavsmenn til norske verk som vert stilte til disposisjon for utlån i offentlege bibliotek, inkludert forskings- og spesialbibliotek. Ordninga skal kompensere forfattarar og andre opphavsmenn for bruken av verka deira i norske bibliotek. Vederlaget er kulturpolitisk grunngjeve, og målet er å fremje norsk språk og litteratur. Bibliotekvederlaget er ein av føresetnadene for at det kan lånast ut bøker gratis i bibliotek, jf. åndsverklova § 19 og direktiv 92/100/EEC av 19. november 1992 om utleige- og utlånsrettar.

Etter lova skal opphavsrettsorganisasjonane få vederlag gjennom årlege løyvingar over statsbudsjettet. Vederlaget vert gjeve kollektivt, og det vert utbetalt til eit eige fond som vert forvalta av dei aktuelle organisasjonane. Midlane vert i all hovudsak fordelte etter søknad frå rettshavarane til arbeids- og reisestipend. Ordninga omfattar ikkje forlag eller andre utgjevarar.

Det samla bibliotekvederlaget er tufta på statistikk over kor mange fysiske einingar som er tilgjengelege for utlån i alle offentlege bibliotek, folke-, skule- og fag- og forskingsbibliotek. Vederlaget vert rekna ut frå ein vederlagssats per verk.

Vederlagssatsen vert bestemt gjennom forhandlingar mellom departementet og ei felles samanslutning av organisasjonar som organiserer opphavsmenn. Det er departementet som avgjer om ein organisasjon har rett til vederlag og såleis har rett til å delta i samanslutninga som har forhandlingsrett med departementet. I dag er 23 ulike organisasjonar part i avtala. 8

Avtala om satsen på bibliotekvederlaget gjeld vanlegvis for fire år om gongen. Avtala vart sist forhandla i 2007 og gjeld for perioden 2008–2011. Det samla bibliotekvederlaget i 2008 er på 78,6 mill. kroner.

Norsk Skuespillerforbund har i brev og i møte med departementet argumentert for at deira medlemmer bør innlemmast i bibliotekvederlagsordninga, sidan videogram og lydbøker der skodespelarane medverkar i aukande grad vert lånte ut i biblioteka. I dag finst det ikkje noko rettsleg grunnlag for eit slikt krav. Lov om bibliotekvederlag er utforma i samsvar med åndsverklova og er retta mot opphavsmenn. Skodespelarane er ikkje opphavsmenn, men utøvande kunstnarar og har såleis ikkje krav på bibliotekvederlag slik lova er utforma i dag.

5.2.4 Anna lovgjeving

Også personvernlovgjevinga og internasjonale retningsliner frå IFLA og UNESCO har innverknad på bibliotekverksemda. Bibliotek behandlar personopplysningar til dømes i låneregister, utlånsregister og bokbasar. I tillegg kan bibliotek ha andre samlingar som kan innehalde personopplysningar, til dømes biletbasar, klippsamlingar frå aviser, lokalhistoriske samlingar og liknande. Tilfang som vert lagt ut på Internett, kan også innehalde personopplysningar.

5.3 Statlege støtte- og vederlagsordningar

5.3.1 Innkjøpsordningar for litteratur og støtte til litteratur og tidsskrifter

Norsk kulturråd forvaltar i 2009 om lag 139 mill. kroner til innkjøpsordningar og støtte til litteratur og tidsskrifter , jf. nærare oversyn i tabell. 4.2. Det vert gjeve støtte anten til innkjøp av bøker under ein av dei fem innkjøpsordningane eller som produksjonstilskot. I tillegg vert det gjeve støtte til ulike litteraturprosjekt. Her vert det lagt vekt på litteraturformidling, nye lesegrupper og nye litterære uttrykksformer.

Vi har i dag fem ulike innkjøpsordningar for litteratur:

  • ny norsk skjønnlitteratur for vaksne (ca. 200 titlar i 1 000 eksemplar)

  • ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge (ca. 100 titlar i 1 550 eksemplar)

  • ny norsk faglitteratur for barn og unge (ca. 20 titlar i 1 550 eksemplar)

  • omsett skjønnlitteratur for barn, unge og vaksne (ca. 65 titlar i 500 eksemplar)

  • ny norsk sakprosa (ca. 50 titlar i 1000 eksemplar).

I tillegg finst det ei prøveordning for innkjøp av kulturtidsskrifter. Dei innkjøpte boktitlane og tidsskriftene vert sende vidare til norske folke- og skulebibliotek og til nokre undervisningsstader, sjømannskyrkjer og bibliotek i utlandet.

St.meld. nr 35 (2007–2008) Mål og meining understreka at innkjøpsordningane er viktige kulturpolitiske verkemiddel som i første rekkje stimulerer produksjonen av norskspråkleg litteratur, men som også verkar inn på tilbodet i biblioteka. Dei innkjøpte eksemplara kjem i tillegg til det som biblioteka sjølve kjøper inn over eigne budsjett. Etter bibliotekstatistikken for 2007 utgjer bøkene i innkjøpsordningane om lag 30 prosent av nytilfanget i folkebiblioteka.

Innkjøpsordningane er anten automatiske, det vil seie at alle bøkene som er godkjende vert kjøpte inn, eller dei er selektive, noko som inneber at bøkene vert rangerte og at det vert kjøpt inn så mange bøker som ordninga gjev rom for. Dette krev prosessar som må ta noko tid. Dei fleste innkjøpte bøkene kjem difor til biblioteka ei stund etter lansering. Det er registrert kritikk av dette.

I utgangspunktet har alle bibliotek ansvaret for sjølve å ha eit tilfredstillande mediebudsjett slik at brukarane får best mogeleg tilbod. Det vil likevel alltid vere eit mål å gje best mogeleg sørvis og informasjon til biblioteka som mottek bøker gjennom innkjøpsordningane. Innkjøpsordningane skal halde fram, men dei må også utviklast i takt med den teknologiske utviklinga og med framtidige endringar i etterspurnad og forbrukarmønster. I 2009 vil Norsk kulturråd starte ei prøveordning med innkjøp av e-bøker.

Lydboka er også eit digitalt medium som no har slått rot i den norske bokmarknaden. Lydboka er ikkje omfatta av dei eksisterande innkjøpsordningane. Lydboka er i utgangspunktet ei tilrettelegging av tekst til lyd, men det siste året har Kulturrådet også fått enkelte søknader der lydboka er den primære utgjevinga, og der det ikkje finst ein papirbasert versjon som er gjeven ut først. For slike utgjevingar vil det vere ein aktuell diskusjon om det er ei betre løysing å etablere ei eiga tilskotsordning for lydbøker enn å inkludere desse i dei etablerte tilskotsordningane.

5.3.2 Innkjøpsordninga for musikk

Innkjøpsordninga for musikk (tidlegare innkjøpsordning for fonogram) skal medverke til å auke kjennskapen om og spreiinga av norske fonogram. Ordninga skal stimulere til eit mangfaldig og kreativt produksjonsmiljø for musikk i Noreg. Innkjøpsordninga for musikk er i 2009 på 16,4 mill. kroner.

For 2007 vart det kjøpt inn 157 fonogram (i starten LP-plater, no CD-ar). Dei fleste fonogramma vert kjøpte inn i 582 eksemplar, og 400 av desse vert fordelte til mottakarar i Noreg. Nokre fonogram vert berre sende til norsk- eller nordiskspråklege mottakarar og har såleis ikkje full internasjonal distribusjon. Desse vert kjøpte inn i 462 eksemplar. Ein del av dei innkjøpte fonogramma går også til å promotere norsk musikk i utlandet.

Til liks med dei endringane som er gjorde for å starte med ei prøveordning for innkøp av e-bøker under innkjøpsordningane for litteratur, skal innkjøpsordninga for musikk no også omfatte innkjøp og distribusjon av digitalisert musikk, jf. St.meld. nr. 21 (2007–2008) Samspill – et løft for norsk musikk.

5.3.3 Nye innkjøpsordningar

Dataspel

I St.meld. nr. 14 (2007–2008) Dataspill er det sett som mål at det skal satsast på gode norske dataspel i ulike sjangrar tufta på norsk språk og innhald. I meldinga vert det varsla at den norske tilskotsordninga for utvikling av dataspel skal vidareførast og styrkjast. Departementet vil vidare vurdere å innføre ei ordning med tilskot til lansering av dataspel og greie ut ei utlånsordning for norske dataspel gjennom folkebiblioteka.

Både PC-spel og spel for konsollar som Nintendo, PlayStation eller Xbox er rekna som programvare etter åndsverklova. Det er ikkje lov å låne ut dataspel ved biblioteka i dag utan at det vert inngått ein avtale med opphavsmannen eller –organisasjonane, eller at det vert innført ei innkjøpsordning for norske spel.

Det er i dag likevel lov å låne ut dataspel til bruk i biblioteklokalet. Fleire bibliotek, til dømes Drammensbiblioteket og Trondheim folkebibliotek har kjøpt inn konsollar til bruk i bibliotekets lokale. Denne bruken av dataspel er svært populært ved desse biblioteka. Drammensbiblioteket har også eigne arrangement der det vert spela ulike dataspel heile natta i biblioteket.

Tilbod om dataspel kan vere med på å gjere biblioteka attraktive for nye grupper. Spel er eit sosialt medium, det gjev gode felles kulturopplevingar og er eit kulturuttrykk som alle bør få tilgjenge til. Regjeringa vil greie ut dei opphavsrettslege problemstillingane knytte til ei innkjøps- og utlånsordning for norske dataspel gjennom den pågåande revisjonen av åndsverklova.

Film

I St.meld. nr. 22 (2006–2007) Veiviseren vart det gjort framlegg om å etablere ei innkjøpsordning for norske kort- og langfilmar til folkebiblioteka etter modell frå ordningane for litteratur og musikk. Det skulle vurderast nærare om ordninga skal leggjast til Norsk film etter omorganiseringa, eller til Norsk kulturråd, og om ei slik innkjøpsordning skal gjelde alle norske filmar som vert utgjevne på dvd, eller om eit uavhengig råd bør vurdere kva for filmar som skal kjøpast inn. Ei slik ordning kan prøvast ut gjennom digital formidling i nettverk, der filmane ikkje er avhengige av fysiske kopiar. Ei innkjøpsordning kan auke tilgjenget til norsk film for alle. Innkjøpsordning for norske filmar var eitt av framlegga i Bibliotekreform 2014.

5.3.4 Lydbokavtala

Staten produserer lydbøker for synshemma med heimel i åndsverklova § 17. Staten skal etter dette betale vederlag for produksjonen. Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) produserer skjønnlitteratur, sakprosa, barne-, ungdoms- og studielitteratur, og Huseby kompetansesenter produserer skulebøkene.

I juni 2008 vart staten og opphavsrettsorganisasjonane einige om ei ny vederlagsavtale. 9 Avtala inneber at produsentane berre skal betale vederlag per mastertime, altså for produksjonen av nye titlar målt etter kor lange bøkene er. Det er ikkje sett ei grense for kor mange eksemplar som kan produserast av kvar tittel. Dette betyr at ventelistene vert fjerna og at brukarane får tilgang til litteratur mykje raskare enn tidlegare. Tidlegare var det eit problem at produsentane ikkje kunne dekkje etterspurnaden etter dei mest populære skjønnlitterære titlane. Dei tilrettelagde lydbøkene skal vere gratis tilgjengelege for brukarane og er difor ikkje tilgjengelege for sal.

Avtala opnar også for online-distribusjon, noko som gjer at produsentane sparer portoutgifter. På den andre sida skal produsentane innan to år utstyre dei digitale filene med vannmerker, slik at dei kan sporast tilbake til låntakar dersom dei digitale filene vert misbrukte.

5.3.5 Filmavtala

I perioden 1999–2001 eksisterte det ei avtale mellom staten og Norsk filmforbund om vederlag til Filmforbundet for statens bruk av norsk kortfilm og norske biblioteks bruk av videogram utgjevne i Noreg. Seinare vart det forhandla fram ei ny avtale, der Norske filmregissørar òg vart part. Det vart mellom anna lagt rammer for kor mykje av midlane i fondet som kan gå til administrasjon.

Avtala inneber at eit årleg vederlag vert overført frå staten til Norsk filmvederlagsfond, administrert av Norsk filmforbund. I dag kompenserer vederlaget først og fremst for utlån av filmar frå biblioteka. Filmvederlagsfondet er eit kollektivt vederlagsfond, og fondsmidlane skal nyttast til tiltak som kan fremje bruken av audiovisuelle produksjonar. Hovuddelen av midlane skal etter vedtektene gå til stipend.

Noverande avtale skal reforhandlast i løpet av inneverande år. Samstundes ligg det føre søknader frå andre organisasjonar om å bli part i avtala. Dette er under vurdering, og må avklarast før ein kan inngå ei ny avtale. Ei mogeleg innkjøpsordning for film kan verke inn på storleiken på vederlaget. I 2008 var vederlaget om lag 4 mill. kroner.

5.3.6 Momsfritaket på bøker og tidsskrifter

Etter meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 8, skal det ikkje reknast utgåande meirverdiavgift på bøker i siste omsetningsledd (nullsats). Nullsatsen er nærare avgrensa i forskrift nr. 19 til meirverdiavgiftslova. Eit grunnleggjande krav er at boka må trykkjast, men i forskrifta er det uttrykt at nullsatsen også gjeld ved omsetning av parallellutgåver av bøker utgjevne som lydbøker. Det er også nullsats på omsetning av tidsskrifter som hovudsakeleg vert omsette til faste abonnentar eller tidsskrifter med i hovudsak politisk, litterært eller kulturelt innhald.

Digitale produkt sende over Internett vert behandla som tenester og ikkje varer, jf. Ot.prp. nr. 2 (2000–2001) Om lov om endringar i lov 19. juni 1969 nr. 66 om meirverdiavgift (Meirverdiavgiftsreforma 2001) punkt 6.1.3.3. Avgiftsfritaket må difor avgrensast mot elektroniske tenester. Dette får den konsekvens at trykte bøker og tidsskrifter ikkje er pålagde meirverdiavgift, medan dei elektroniske versjonane av dei same tidsskriftene og e-bøker vert pålagde ei slik avgift. Også lydbøker som ikkje vert utgjevne som parallellutgåver, får meirverdiavgift.

For biblioteka som ikkje har momsrefusjon, vert det dyrare å abonnere på elektroniske tidsskrifter enn å kjøpe dei trykte. Dette får særleg konsekvens for dei statlege biblioteka utan momsrefusjon. For desse vert elektroniske ressursar ein relativt stor utgiftspost. Meirverdiavgift på digitale kultur- og kunnskapskjelder vart innført i 2001, med meirverdiavgiftsreforma som utvida grunnlaget til å omfatte tenester. Dette var akkurat i den perioden då universitets- og høgskulebiblioteka for alvor starta overgangen frå trykte til digitale informasjonskjelder.

Frå 1. januar 2004 vart det innført ei generell ordning med kompensasjon for meirverdiavgift til kommunesektoren. Ordninga er heimla i lov 12. desember 2003, nr. 108 om kompensasjon av meirverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. Kompensasjonsordninga gjeld både varer og tenester, inkludert elektroniske tenester. Dette inneber at kommunane og fylkeskommunane må lage detaljerte momsrekneskap og krevje momsen attende. I desse tilfella er utfordringa heller å syte for at momsrefusjonen kjem attende til biblioteket.

Nasjonale skatte- og avgiftsreglar er ikkje omfatta av det direkte bruksområdet for EØS-avtala. Meirverdiavgiftsreglane i Noreg er likevel i stor utstrekning i samsvar med reglane på dette området i EU, som gjennom hovuddirektivet for meirverdiavgift (Rådsdirektiv 2006/112/EØF) opnar for fritak eller låg sats på trykte publikasjonar. Etter direktivet vert også elektroniske versjonar av dei same publikasjonane rekna som elektroniske tenester.

Noreg er likevel bunde av andre regelsett i EØS-avtalen, som kan verke inn på utforminga av skatte- og avgiftsreglar. Dette gjeld både regelverket om dei fire fridomane og forbod mot offentleg støtte. ESA (kontrollorganet til EØS-avtalen) behandlar no ei klage på tilsvarande momsfritak for aviser, der påstanden er at eit slikt fritak ikkje er kompatibelt med EØS-reglane om ulovleg offentleg støtte i art 61 (1). Norske styresmakter følgjer også retningsliner gjevne av OECD, som slår fast at digitale produkt ved handel over landegrenser skal behandlast som tenester og ikkje varer i ein meirverdiavgiftssamanheng.

Meirverdiavgiftsbehandlinga av trykte og elektroniske publikasjonar er ein del av Regjeringa sine løpande vurderingar av meirverdiavgiftsregelverket. Departementet vil arbeide vidare med dette spørsmålet, men legg til grunn at dette må vurderast i eit større perspektiv og i forhold til internasjonale føringar.

5.3.7 Spelemidlar

Spelemidlar til bygg

Av den delen av overskotet frå statlege spel som går til kulturbygg, blir i dag om lag 50 mill. kroner per år forvalta av fylkeskommunane. Etter eigne prioriteringar kan fylkeskommunane nytte dei overførte summane til mellom anna biblioteklokale. Frå 2010 vil den delen av spelemidlane til kulturbygg som i dag blir forvalta av departementet, verte fasa inn i den desentraliserte ordninga for kulturhus. Desse midlane utgjer no 75 mill. kroner per år. Med desse utvida rammene vil dei regionale forvaltningseiningane ha større rom for finansiering av kulturbygg etter eigne prioriteringar.

Spelemidlar til den kulturelle skolesekken

Den kulturelle skolesekken er eit nasjonalt tiltak for å styrkje kulturformidlinga til barn og unge i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Den kulturelle skolesekken vert gjennomført lokalt og regionalt og årleg vert kommunane og fylkeskommunane tilførte om lag 167 mill. kroner til ordninga. St.meld. nr. 8 (2007–2008) Kulturell skulesekk for framtida er styringsdokumentet for Den kulturelle skolesekken.

5.4 Utdanning, kompetanseutvikling

Utdanning og kompetanseutvikling i biblioteksektoren skjer i mange former og på mange ulike nivå. Det kan skje individuelt, eller ha ei målsetjing som er meir institusjonelt orientert.

Innanfor norsk høgare utdanning er tilbydarane av utdanning og kompetanseutvikling innanfor bibliotek- og informasjonsfag desse:

  • Høgskolen i Oslo, avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag tilbyr utdanning som bibliotekar. Høgskolen har tilbod om bachelor (180 studiepoeng) og master (120 studiepoeng) i bibliotek- og informasjonsfag.

  • Universitetet i Tromsø gjev utdanning i bachelor, master og doktorgrad i dokumentasjonsvitskap som gjev kompetanse til å arbeide i alle typar bibliotek.

  • Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim underviser om digitale bibliotek.

  • Høgskolen i Bergen har tilbod om Bibliotek, dokumentasjons- og informasjonsstudium

  • Høgskolen i Agder gjev tilbod om skulebibliotekkunnskap.

Høgskolen i Oslo førebur no ein søknad til NOKUT om eit eige doktorgradsprogram i bibliotek- og informasjonsvitskap. Skulen har også utvikla ein master i bibliotekleiing i samarbeid med nordiske partnarar. Studiestart er planlagd til hausten 2009. Grunnutdanninga ved Høgskolen i Oslo vart sist evaluert i 1997.

Ved Pedagogisk utviklingssenter ved Høgskolen i Oslo vert det planlagt eit nytt førstebibliotekarprogram frå 2009. Føremålet er å medverke til å få utført viktige forskings- og utviklingsoppgåver i biblioteksektoren, og å heve bibliotekarane sin kompetanse.

Dei høgare utdanningsinstitusjonane tilbyr også korte kurs og seminar. Også dei fleste fylkesbiblioteka arrangerer gjennom året ei rekkje kurs for dei bibliotektilsette i sitt fylke. Tema og opplegg varierer. Ifølgje bibliotekstatistikken for 2007 var kvar fagtilsett i norske folkebibliotek i gjennomsnitt til stades på tre kurs eller møte arrangerte av fylkesbiblioteket dette året. 10

For bibliotektilsette uansett fagleg bakgrunn kan det ofte vere nyttig å orientere seg mot etter- og vidareutdanningstilbod også på andre område enn dei reint bibliotekfaglege, til dømes innan leiing, marknadsføring eller IKT.

Kompetanseutvikling skjer også i mindre organiserte og meir uformelle former på arbeidsplassen. Døme på dette er intern opplæring, arbeidsseminar, kunnskapsdeling, jobbrotasjon osv. I stor grad handlar det om å leggje til rette for læring og gode læringsarenaer på arbeidsplassen og å utvikle ein intern kultur for kunnskapsutvikling. Dels er dette eit leiaransvar, og dels er det eit ansvar for den enkelte. På bibliotekområdet ligg det også eit potensial for kompetanseutvikling i å delta i ulike digitale tenester på bibliotekfeltet. Læring på arbeidsplassen føreset bibliotekeiningar med eit minimum av arbeidskollegaer og ei grunnbemanning som frigjer tid til kompetanseutvikling. Dette er ikkje sjølvsagt i dagens bibliotek-Noreg.

Avtaleverk og lovverk styrer den retten dei tilsette har til å delta i kompetanseutvikling. Det er ulike reglar for etterutdanning i form av korte kurs og poenggjevande vidareutdanning. Regelverket er også ulikt for arbeidstakarar i stat og kommune. Hovudavtala for arbeidstakarar i staten og hovudavtala for tilsette i kommunar og fylkeskommunar regulerer tilgjenget til etterutdanning. Arbeidsmiljølova § 12 – 11 regulerer tilgjenget til vidareutdanning.

6 Bibliotek i eit internasjonalt perspektiv

Figur 6.1 Deichmanske bibliotek, Oslo

Figur 6.1 Deichmanske bibliotek, Oslo

Kjelde: Foto: Anders Ericson

6.1 Innleiing

Utviklinga og utforminga av norske bibliotek er påverka av internasjonale forhold. Biblioteka har også internasjonale forgreiningar, og det er viktig å dele kompetanse og ressursar. Arbeid, avgjerder og tilrådingar i internasjonale, europeiske og nordiske interesseorganisasjonar, fagorganisasjonar og samarbeidsorgan verkar også inn på aktiviteten og utviklinga i norsk biblioteksektor. På bibliotekfeltet finst det også mange nettverk, prosjekt og samarbeidstiltak, og norske bibliotek må heile tida vurdere kva for aktivitetar det vil vere tenleg å involvere seg i. Internasjonalt samarbeid er generelt viktig for å møte utfordringane også nasjonalt.

Det kan vere vanskeleg å skilje ut klare tendensar i den internasjonale utviklinga, men eit viktig utviklingstrekk er overgangen frå det tradisjonelle biblioteket til blandingsbiblioteket med både digitale og trykte kjelder. Også utviklinga innanfor opphavsrett og nye regime for distribusjon og tilgjenge påverkar heile den internasjonale biblioteksektoren. Viktige utviklingstrekk for fagbiblioteka er bevaring og formidling av forskingsdata, forskingsdokumentasjon og forskingsresultat, mellom anna gjennom opne institusjonelle arkiv og Open Access-tidsskrifter.

Målsetjinga for det utanrikskulturelle arbeidet er etter St.prp. nr. 1 (2008–2009) Utenriksdepartementet å skape arenaer og møteplassar som legg til rette for dialog, utveksling og samarbeid med andre land. Kulturutveksling og andre former for internasjonalt kultursamarbeid er med på å skape gjensidig innsikt. Dette er viktig som grunnlag for alt internasjonalt samarbeid og for å fremje forståing og tillit i det internasjonale samfunnet. Regjeringa sitt kulturløft vert følgt opp internasjonalt, og det vert arbeidd for å styrkje biletet av Noreg som ein interessant samarbeidspartnar og ein moderne kultur- og kunnskapsnasjon.

6.2 Internasjonalt biblioteksamarbeid

Biblioteksektoren har lang tradisjon for internasjonalt samarbeid. Det verdsomspennande samarbeidet skjer både gjennom formelle organisasjonar, gjennom ulike former for institusjonssamarbeid og gjennom uformelle nettverk. Norske bibliotek og bibliotekinstitusjonar er aktive i ei rekkje nordiske, europeiske og internasjonale organisasjonar. Utvikling og prosjekt kjem ofte i gang som resultat av faglege internasjonale møte og seminar, konferansar og arbeidsgrupper. Det er difor viktig å stimulere til at norske aktørar får høve til å delta i slike samanhengar.

6.2.1 Det verdsomspennande biblioteksamarbeidet

Den største og viktigaste internasjonale bibliotekorganisasjonen er IFLA (International Federation of Library Associations and Institutions). IFLA er ein uavhengig organisasjon som arbeider for å fremje bibliotek- og informasjonstenester, og den har medlemmer i 155 land. Organisasjonen er samansett av ei rekkje komitear med ulike spesialområde. I mange av komiteane er det norske representantar. Gjennom deltaking får Noreg tilgjenge til informasjon om kva som skjer på den internasjonale bibliotekfronten, og høve til samarbeid over landegrensene. Noregs støtte til IFLA gjennom ABM-utvikling medverkar også til at utviklingsland, som elles ikkje ville hatt høve til å delta i internasjonale fora, kan vere ein del av fellesskapen.

For gjenfinning og utnytting av dei samla bibliotekressursane er det viktig at internasjonale standardar og regelverk vert lagde til grunn for registreringsarbeidet, slik at utveksling av data er mogeleg. ISO (International Organization for Standardization) er ein sentral aktør i dette arbeidet. Noreg er representert i fleire av ISO-komiteane. Dei tradisjonelle standardane som er brukte i biblioteka, er ISBN, ISSN og ISSMN. Desse vert haldne ved like av ISO og administrerte i Nasjonalbiblioteket.

Noreg følgjer også opp arbeidet med ISBD (International Standard Bibliographic Descriptions), som regulerer form og innhald i bibliografiske postar. Kommunikasjon mellom maskiner aukar og nye standardar vert stadig viktigare for bibliografisk arbeid. 11 Nasjonalbiblioteket ved Den norske Katalogkomité er sentralt i dette arbeidet.

UNESCO arbeider med informasjon, kommunikasjon og ytringsfridom i eit globalt perspektiv, og har mellom anna utarbeidd eit manifest om folkebibliotek, jf. boks 4.1.

Lyd- og punktskriftbibliotek og tilsvarande organisasjonar frå heile verda har danna eit konsortium, Daisy-konsortiet. Daisy er eit akronym for Digital Accessible Information SYstem, eit system for å strukturere informasjon slik at den er tilgjengeleg for alle, også personar med ulike typar funksjonshemmingar. Føremålet med konsortiet er å skape ein internasjonal standard for lydbøker og for at ulike land skal kunne låne av kvarandre. Eit internasjonalt samarbeid er også ein føresetnad for ein verdsmarknad for digitale lydbokspelarar. Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek er aktiv i Daisy-konsortiet, og har mellom anna ansvar for å leie utviklingsprosjekt.

6.2.2 Det europeiske biblioteksamarbeidet

Det er ikkje utvikla ein eigen bibliotekpolitikk innanfor ramma av EU, men fleire av dei europeiske stønadsprogramma er også opne for biblioteka. Til dømes vert det gjeve stimuleringsmidlar til bibliotekutvikling og -forsking gjennom IKT- og forskingsprogramma, prosjektmidlar gjennom Kulturprogrammet og stønad til læring for vaksne gjennom programma for livslang læring. Også initiativ på andre område, til dømes opphavsrett, har konsekvensar for norske bibliotek.

Til no har enkelte bibliotek av ein viss storleik vore aktive i prosjekt under programma. Norsk biblioteksektor har likevel eit stort potensial for å delta meir aktivt i europeisk samarbeid gjennom desse programma.

I 2008 vart Europeana lansert som ein felles inngang til europeisk kulturarv på nettet. Nettstaden er ei omfangsrik samling med innhald frå arkiv, bibliotek og museum. Delprosjekt for å vidareutvikle Europeana får stønad frå EU gjennom EUs rammeprogram for konkurranseevne og nyskaping (CIP-programmet). CIP-programmet vidarefører fleire tidlegare program som også støtta utviklinga av Europeana, mellom anna eContentPlus.

Det finst òg fleire biblioteksamanslutningar på europeisk nivå som ikkje er direkte knytte til EU. Dette er mellom andre

  • LIBER (Ligue des Bibliothèques Européennes de Recherche) representerer og fremjar interessene til dei europeiske forskingsbiblioteka.

  • EBLIDA (European Bureau of Library, Information, and Documentation Associations) er ein paraplyorganisasjon for bibliotek, arkiv og andre institusjonar som arbeider med dokumentasjon i Europa. Organisasjonen arbeider mellom anna med opphavsrett, utdanning, kultur og digitalisering.

  • NAPLE (National Authorities on Public Libraries in Europe) er den europeiske organisasjonen for nasjonale bibliotekstyresmakter på folkebibliotekområdet.

Boks 6.1 Stepping Stones into the Digital World

Oppland fylkesbibliotek har i perioden 2006–2008 delteke i eit europeisk samarbeidsprosjekt mellom åtte land for å vidareutvikle biblioteka som arena for grunnleggjande dataopplæring. Prosjektet Stepping Stones into the Digital World tok utgangspunkt i at biblioteka er viktige for digital ytrings- og informasjonsfridom i eit demokratisk samfunn. Prosjektet fokuserte på biblioteket som arena for digital kompetanse, som tilbydar av digital informasjon og som rettleiar i bruk av digitale verktøy. For Oppland fylkesbibliotek var det eit mål at EU-prosjektet skulle byggje opp om og vidareutvikle lokale tiltak. Prosjektet fekk støtte frå EUs Grundtvig-program.

6.2.3 Det nordiske biblioteksamarbeidet

Nordisk Ministerråd har fleire stimuleringsprogram som kan vere relevante for biblioteksektoren. Mobilitets- og residensprogrammet skal medverke til å byggje nordiske nettverk, og auke utveksling mellom organisasjonar på kulturfeltet. Programmet for nordisk kunst- og kultursamarbeid gjev tilskot til kulturprosjekt med ein nordisk dimensjon.

Biblioteka kan søkje midlar gjennom Nordisk kulturfond, til dømes til kulturformidlingsprosjekt. Forskingsbiblioteka kan søkje midlar gjennom Nordbib til prosjekt knytte til Open Access og forskingsdistribusjon.

NORON er eit kontakt- og samarbeidsforum for dei nordiske nasjonalbibliotekarane og leiarar av nasjonale organisasjonar på bibliotekfeltet. I tillegg finst det også faglege samarbeidsorgan som NORSIB (Nordisk samarbeidskomité for idrettsbibliotek).

Dei nordiske bibliotekdirektørane på folkebibliotekområdet har eit fast samarbeid med årlege møte som går på omgang mellom dei fem landa. I møta vert samarbeid om utvikling av dei nordiske folkebiblioteka drøfta, og det vert utveksla røynsler på aktuelle område. Direktørgruppa er også styringsgruppe for det engelskspråklege tidsskriftet SPLQ (Scandinavian Public Library Quarterly).

6.3 Bibliotekpolitikk i nokre andre land

6.3.1 Sverige

Sverige har til saman 290 kommunar og 9,1 mill. innbyggjarar. Det skal vere folkebibliotek i alle kommunar. Bokutlånet var 6 per innbyggjar i 2006, og samla utlån for alle medium var 70 mill. Kvar innbyggjar besøkte folkebiblioteket åtte gonger i året. Til saman hadde folkebiblioteka 71 mill. besøk. Svenske folkebibliotek hadde 4 878 årsverk i 2006.

Ansvaret for folkebiblioteka ligg under Kulturdepartementet, medan forskingsbiblioteka sorterer under Utbildningsdepartementet. Skolverket og Myndigheten för skolutveckling har ansvaret for skulebiblioteka.

I 1996 fekk Sverige ei eiga biblioteklov som omfattar alle dei offentlege biblioteka. Biblioteklova er ei rammelov som bestemmer at alle kommunar skal ha folkebibliotek, og at det skal finnast länsbibliotek i alle län og bibliotek i alle grunnskular, gymnas og høgskular.

Folkebiblioteka skal fremje lesing og litteratur, informasjon, opplysning og utdanning, og kulturell verksemd. Dei skal medverke til at databasert informasjon vert tilgjengeleg for alle innbyggjarane. Tilbodet til barn og ungdom, funksjonshemma, innvandrarar og andre minoritetar skal ha spesiell merksemd. Boklån på folkebiblioteka skal vere avgiftsfrie. I 2004 kom det eit tillegg til lova som pålegg dei offentlege biblioteka å samarbeide. Kommunane og landstinga skal dessutan vedta planar for bibliotekverksemda.

Länsbiblioteka/regionbiblioteka har eit regionalt ansvar for utvikling, rådgjeving, informasjon og etterutdanning. Länsbiblioteka i Västra Götaland og i Skåne er dei to største biblioteka.

Statens kulturråd har ansvaret for å fordele statleg kulturstøtte, informere om kultur og kulturpolitikk og samle inn kulturstatistikk. Kulturrådet arbeider med å betre og utvikle biblioteka som tenesteytarar, og driv også ulike former for utvik­lingsarbeid på bibliotekfeltet. Kulturrådet har til dømes eit særleg ansvar for å støtte det arbeidet som folkebiblioteka gjer for å utvikle lesleyst hos barn og unge.

Kungliga biblioteket (KB) er Sveriges nasjonalbibliotek. I tillegg til nasjonalbibliotekoppgåvene arrangerer KB også kurs, konferansar og samarbeider med forskingsbibliotek, folkebibliotek, arkiv og museum. KB arbeider mellom anna med lisensiering av forskingsdatabasar og vitskaplege publikasjonar. KB gjev også støtte til ulike prosjekt og har ansvaret for den nasjonale bibliotekkatalogen LIBRIS og tenesta Samsök. KB har også eit program for Open Access (openaccess.se), dei forvaltar og utviklar eit nettverk av ansvarsbibliotek og støttar fjernlånsamarbeidet mellom biblioteka.

Kvart tredje år publiserer KB ein analyse av fag- og forskingsbiblioteka. Den siste analysen frå 2005 viser tendensar til at fag- og forskingsbiblioteka får ansvaret for nye oppgåver som til dømes publisering, intern pedagogisk verksemd og fjernundervisning. Det er ein markert overgang frå trykt til digital informasjon og ei utvikling i retning læringssentermodellen. 12

6.3.2 Danmark

Danmark har etter kommunereforma i 2007 i alt 98 kommunar og 5 regionar. Reforma har ført til ei omfattande omlegging av folkebiblioteksektoren der talet på hovudbibliotek er redusert. I 2007 var det i alt 97 hovudbibliotek, 422 bibliotekfilialar og 31 bokbussar i Danmark. Dei fleste av dei nedlagde hovudbiblioteka held fram, men har endra status til filialar. Fleire nye bibliotekbygg er under planlegging. Folkebiblioteka er eit kommunalt ansvar. Innan universitetssektoren er det også gjennomført ei omfattande reform som har verka inn på fag- og forskingsbiblioteka.

Folkebiblioteka er eit ansvar under Kulturministeret, medan dei fleste forskingsbiblioteka er underlagt Ministeriet for Videnskab, Teknologi og Udvikling. Skulebiblioteka og nokre bibliotek i høgare utdanning sorterer under Undervisningsministeriet.

Kulturministeriets sakkyndige organ Styrelsen for Bibliotek og Medier vart oppretta i 2008 etter ein fusjon mellom Bibliotekstyrelsen (oppretta 1997) og Mediesekretariatet. Styrelsen skal vere eit strategisk organ for bibliotekutvikling, auke samarbeidet mellom ulike bibliotektypar, initiere og støtte forsøk og utvikling, fordele midlar til ulike utviklingsprosjekt og gje råd til regjeringa og kommunane i bibliotekpolitiske spørsmål. Styrelsen tek mange initiativ til å utforme bibliotekpolitikken i Danmark, og arbeider for å forankre bibliotekpolitikken på andre samfunnsområde. Gjennom partnarskapsavtaler finansierer Styrelsen ei gruppe Sentralbibliotek med kommuneoverskridande oppgåver. Talet på sentralbibliotek er frå 2009 redusert frå ni til seks.

I 2000 kom ei ny dansk biblioteklov som seier at biblioteka skal fremje opplysning, utdanning og kulturell aktivitet ved hjelp av ulike medium. Lova fastset at ulike bibliotektypar skal samarbeide, at kommunane skal drive bibliotek, at lån skal vere gratis, men at biblioteka kan ta betalt for andre tenester som konsultasjonar og kurs. Den danske biblioteklova er meir detaljert enn den norske. Lova er revidert fleire gonger sidan 2000. Styrelsen for Bibliotek og Medier forvaltar lova.

Danmarks elektroniske fag- og forskingsbibliotek (DEFF) er ein samarbeidsorganisasjon for danske fag- og forskingsbibliotek. DEFF-sekretariatet er plassert i Styrelsen for Bibliotek og Medier. DEFFs øvste ansvarlege instans er eit koordineringsutval med representantar for Kulturministeriet, Ministeriet for Videnskab, Teknologi og Udvikling og Undervisningsministeriet.

Bibliotekstyrelsens strategi for dansk bibliotekutvikling er presentert i rapporten Fra information til viden. Bakgrunnen for den nye strategien er eit tiår prega av digitale medium, internettutviklinga og viktige milepælar i dansk bibliotekutvikling som ny biblioteklov, nettportalen bibliotek.dk, nasjonal transportordning og etableringa av Danmarks elektroniske fag- og forskingsbibliotek (DEFF). Strategien er utforma med særleg tanke på dei visjonane den danske regjeringa har om utdanning i verdsklasse og Danmark som leiande kunnskapsnasjon.

6.3.3 Finland

Finland har 416 kommunar og 5,2 millionar innbyggjarar. I 2006 hadde landet 858 folkebibliotek inkludert hovudbibliotek. Utlånet av bøker per innbyggjar var 10 og lånet per innbyggjar inkludert andre medium var 14. Det totale utlånet var 73 mill. Totalt besøk var 60 millionar. Til samanlikning hadde norske folkebibliotek 22 mill. besøk same året. Finland hadde 4 780 årsverk i biblioteka i 2006, noko som inneber 1 090 innbyggjarar per årsverk. Finske bibliotekbrukarar er mellom dei ivrigaste i EU.

Det finske biblioteklandskapet omfattar kommunale folkebibliotek, vitskapelege bibliotek, Nasjonalbiblioteket, spesialbibliotek og bibliotek ved skular og yrkesskular. Finland er kjent for bibliotekbygg, for høgt utlån per innbyggjar og for gode leseresultat for skulebarn i PISA-undersøkingane.

I Finland ligg forvaltningsoppgåvene på bibliotekområdet i Undervisningsministeriet som har ansvaret for Nasjonalbiblioteket, depotbiblioteket, universitetsbiblioteka og yrkeshøgskulebiblioteka. Nasjonalbiblioteket har ansvaret for å utvikle tenester for biblioteka. I kommunane samarbeider bibliotek og skular om skulebibliotektenester. Undervisningsministeriet har delegert skulebibliotekoppgåvene til Utbildningsstyrelsen.

Den finske biblioteklova gjeld primært bibliotek- og informasjonstenestene ved folkebiblioteka. For å fremje desse tenestene både på regionalt og riksomfattande nivå har lova også føresegner om sentralbibliotek og landskapsbibliotek. Dette er kommunale bibliotek som er tillagt tilleggsfunksjonar som staten betalar for. Det er kommunane som finansierer folkebiblioteka. I lova er det uttrykt ei plikt til å samarbeide i eit nasjonalt og internasjonalt nett av bibliotek- og informasjonstenester. I denne samanhengen er vitskapelege bibliotek og bibliotek ved lærestader spesielt nemnde. Verksemda ved dei vitskaplege biblioteka er nemnd i lover som Universitetsloven (1998) og i Lov om finansiering av undervisnings- og kulturvirksomhet (1998). Finlands vitskapelege bibliotek står overfor store endringar i åra framover som følgje av at fleire institusjonar skal slåast saman til større administrative einingar.

Då den nye biblioteklova var på plass i 1999, vart det sett ned ei bibliotekpolitisk arbeidsgruppe som skulle kartleggje utfordringar for biblioteka i informasjonssamfunnet og peike på nokre konkrete løysingar. Dette resulterte i 2003 i Biblioteksstrategi 2010som identifiserte utfordringar som kompetanse, leiarutdanning og behov for eit system der statsfinansierte bibliotek sentralt og regionalt er pålagde å yte tenester til små folkebibliotek. Det vart også peika på behovet for ein nasjonal instans som kan gjennomføre sektoroverskridande prosjekt, og behovet for å utvikle bibliotektilbodet til skulane.

Biblioteksstrategi 2010 vart følgt opp av Utvecklingsprogram för bibliotek som kom i 2006. Som resultat av strategien og utviklingsprogrammet er det løyvt fleire midlar til bibliotek over statsbudsjetta, og biblioteka har fått utviklingsmidlar til mellom anna digitale tenester og til oppdatering av biblioteksystem i små kommunar. Ein del kommunar har tilsett personar med både bibliotekfagleg og pedagogisk kompetanse for å utvikle bibliotektenestene i skulen. Eit nytt utviklingsprogram for 2015 er no under arbeid.

Med den nye finske universitetslova som vart sett i verk 1. august 2006, skifta Helsingfors universitetsbibliotek namn til Nasjonalbiblioteket, og vart ein frittståande institusjon under Helsingfors universitet. Målet var å styrkje biblioteksektoren og utvikle Nasjonalbiblioteket som felles sørviseining for heile biblioteknettverket. Nasjonalbiblioteket har også ansvaret for Det nasjonale elektroniske biblioteket (FinELib), som er eit nasjonalt konsortium av dei finske universiteta, yrkeshøgskulane, fleire forskingsinstitutt og folkebibliotek.

Det finske undervisningsministeriet har starta prosjektet Nationellt digitalt bibliotek (2008–2011). Målet med prosjektet er å gje betre tilgjenge til elektronisk materiale i biblioteka, arkiva og musea og å utvikle ein strategi for langtidsbevaring av materialet. Gjennom prosjektet skal det utviklast ei felles søkjeteneste for arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet.

6.3.4 Nederland

I Nederland er det dei siste åra gjennomført ei konsolidering av folkebiblioteka. Folkebiblioteka i dei 447 kommunane er samla i 157 organisatoriske einingar kalla basisbibliotek. Basisbiblioteka dekkjer område med i snitt 104 000 innbyggjarar. Talet på avdelingar i basisbiblioteka er på om lag på same nivå som tidlegare. Dei regionale bibliotekorganisasjonane i Nederland har hatt ansvaret for å gjennomføre endringane under leiing av ei nasjonal styringsgruppe. Konsolideringa var forankra i ei avtale mellom nasjonalt nivå (Ministeriet for utdanning, kultur og vitskap) og kommunalt nivå (tilsvarande KS) og provinsane. Kompetanseutvikling i biblioteka har vore eit satsingsområde i arbeidet. 13

Den nederlandske folkebibliotekforeininga (Vereniging Openbare Bibliotheken) arbeider for å utvikle folkebiblioteka innanfor område som opphavsrett, digitalt innhald og tenester, forsking og utvikling. Foreininga gjennomfører ulike bibliotekkampanjar og utviklar nasjonale digitale tenester for bibliotekportalen www.bibliotheek.nl. Det vert også arbeidd med å utvikle eit standard kvalitetssystem som inkluderer kvantitative og kvalitative indikatorar. Foreininga utfører enkelte nasjonale oppgåver på vegner av ministeriet, og er finansiert av både medlemsavgifter og av statlege tilskot.

Kvart fjerde år legg ministeriet fram eit politisk rammedokument med mål og satsingsområde for biblioteka som vert omsett i eit årleg handlingsprogram. Programmet The Guideline for Basic Library Organisationstrekkjer opp linene for den framtidige utviklinga i biblioteka innanfor kunnskap og informasjon, kunst og kultur, utvikling og utdanning, lesing og litteratur, samfunn og debatt.

Koninklijke Bibliotheek (KB), som langt på veg svarar til det norske Nasjonalbiblioteket, vert saman med dei akademiske biblioteka finansierte direkte av ministeriet. KB leier det nasjonale nettverket av fag- og forskingsbibliotek.

SURF er fellesorganet for IKT innanfor høgare utdanning og forsking. Stiftinga vart etablert i 1987 og representerer over 60 forskings- og utdanningsinstitusjonar. SURF arbeider med e-læring, vitskapleg publisering, informasjonsprosessar, autentisering og autorisasjon, standardisering og opphavsrett, og samarbeider nært med andre aktørar i det nederlandske biblioteknettverket.

6.3.5 England

Museums, Libraries and Archives Council (MLA) vart etablert i 2000 som eit offentleg organ finansiert av Department for Culture, Media and Sports. MLA er eit strategisk organ som skal arbeide for og med abm-sektorane og fremje samarbeid mellom dei. MLA var ein modell for opprettinga av ABM-utvikling (2003). Organisasjonen har fram til no vore organisert med eit hovudkontor i London og med 9 regionkontor. Frå 2009 vert dette endra. Hovudkontoret i London skal halde fram, men regionkontora vert reduserte til tre, eitt i North East, eitt i North West og eitt i Yorkshire. MLA arbeider nasjonalt og regionalt med regjeringa, lokale styresmakter og viktige organ og organisasjonar innanfor og på tvers av sektorane. MLA arbeider også særskilt med å utvikle folkebiblioteka.

Framework for the Future – MLA Action Plan for Public Libraries – «towards 2013», er ein handlingsplan for folkebiblioteksektoren publisert i mai 2008. Planen er delt inn i satsingsområda forsking og kunnskapsinnhenting, gode døme, innovasjon og digital endring. Det er laga ein tiltaksplan for kvart område.

For å realisere planen skal MLA arbeide i partnarskap med lokale styresmakter, nasjonale organ og andre organisasjonar. Føremålet med planen er å vise korleis folkebiblioteka er relevante for lokalmiljøet, fremje gode døme og støtte satsingar innanfor læring, informasjon og lesing. Det er planlagt å etablere kompetanseprogram for dei bibliotektilsette, og det skal utviklast nasjonale digitale ressursar.

Universitets- og høgskulesektoren i England er langt framme når det gjeld strategiar for bruk av IKT i læringa. Den mest sentrale aktøren på dette området er The Joint Information Systems Committee (JISC) (www.jisc.ac.uk), som er organisert i eit system av komitear støtta av eit sekretariat. JISC skal støtte, rettleie og gje råd til høgare utdanningsinstitusjonar. JISC er ikkje avgrensa til bibliotekverksemd, men arbeider også med felles IKT-utvikling ved forskings- og utdanningsinstitusjonane.

Fotnotar

1.

Aftenposten, 22.01.2009

2.

Per i dag er det inngått avtaler om å levere tenester i 30 fengsel. Ikkje alle er i drift enno.

3.

NIFU-STEP, rapport 9/2009

4.

Buskoven, 2007

5.

Barstad med fleire, 2007

6.

Buland 2007

7.

Opphavsrett i kunnskapsøkonomien, COM 2008 final, 16.07.2008

8.

Partane i avtala er Den norske Forfatterforening, Den norske fagpresseforening, Forbundet Frie Fotografer, Foreningen for Norske Komponister og Tekstforfattere, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Norsk Filmkritikerlag, Norsk Fotografforbund, Norsk Journalistlag, Norsk Komponistforening, Norsk kritikerlag, Norsk Oversetterforening, Norsk Redaktørforening, Norske Barne- og Ungdomsboksforfattere, Norske Billedkunstnere, Norske Dramatikeres Forbund, Norske Grafikere, Norske Grafiske Designere og Illustratører, Norske Kunsthåndverkere, Ny Musikks Komponistgruppe, Samisk Faglitterær Forfatter- og Oversetterforening, Samisk Forfatterforening, Samiske Kunstneres Forbund, Tegnerforbundet.

9.

Den norske Forfatterforening, Norsk Oversetterforening, Norske Dramatikeres Forbund, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Norsk kritikerlag, Den norske Forleggerforening, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening.

10.

Fagutdanna bibliotekar med eksamen frå Høgskolen i Oslo, avd. for bibliotekfag eller tilsvarande utdanning, jf. forskrift om personale i kommunalt folkebibliotek (med endringar av 16. juni 1999). Anna personale i kontor- eller fagstillingar: Alt merkantilt personale, bibliotekassistentar, avdelingsleiarar og andre fagtilsette utan bibliotekarutdanning.

11.

Døme på slike nye standardar er ISTC (International Standard TextCode), ISNI/ISPI (International Standard name/Part identifier), NBN (National Bibliography Number).

12.

Jönsson, 2005

13.

Frank Huysmans & Carlien Hillebrink, 2008.

Til forsida av dokumentet