St.meld. nr. 3 (1998-99)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998

Til innholdsfortegnelse

2 Utval av inntekter

2.1 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 1998 viser at samla skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 357,4 mrd kroner. Sterkare auke i den økonomiske aktiviteten og i sysselsettinga enn lagt til grunn hausten 1997, har ført til at skatte- og avgiftsinntektene vart 11,3 mrd høgare enn i vedteke budsjett for 1998. Skatte- og avgiftsinntektene vart knapt 0,7 mrd høgare enn lagt til grunn i Nysaldert budsjett for 1998.

Tabell 2.1 viser at dei samla skatte- og avgiftsinntektene i statsrekneskapen har auka frå 325,0 mrd kroner i 1997 til 357,4 mrd kroner i 1998, ein auke på 32,4 mrd kroner eller 10 pst.

Tabell 2.1 Statens inntekter 1994 - 1998 (tal i mill kroner)

  RekneskapBlå bokNysald. budsjettRekneskap
  1994199519961997199819981998
Skattar på formue og inntekt*)32 44341 25648 74166 77776 91080 60081 158
Arbeidsgivaravgift og trygdeavgift81 41985 46891 53198 192103 020106 300107 297
Tollinntekter1 8112 6472 4552 4372 6172 4472 589
Meirverdiavgift og avgift på investeringar79 32487 59294 691102 902106 100110 000110 615
Avgifter på alkohol6 2806 5196 8887 4058 4778 2087 687
Avgifter på tobakk5 0415 3165 4305 9886 9276 7506 558
Avgifter på motorvogner23 01424 84126 97229 35030 69031 10430 963
Andre avgifter9 57410 10211 10911 93411 38011 33210 538
Sum skattar og avgifter238 906263 741287 817324 985346 122356 741357 405
Renter av statens forretningsdrift1 093484520170198180171
Avskrivingar, avsettingar til investeringsformål og inntekter av statens forretningsdrift9 8963 1133 3492 6892 8782 9333 337
Sum inntekter av statens forretningsdrift10 9893 5973 8692 8593 0763 1133 508
Renter frå statsbankane16 89814 85113 1649 4197 6828 0477 946
Renter av statskassens kontantbehaldning og andre krav5 5547 1646 9785 6835 3324 5434 118
Utbytte ekskl. Statoil1 0491 4802 9244 1973 2003 2483 303
Renteinntekter og utbytte ekskl. statens forretningsdrift og Statoil23 50123 49523 06619 29916 21415 83815 367
Inntekter under departementa17 30210 03218 83018 01114 36015 64918 205
Overføring frå Noregs Bank9 54514 3407 2394 2363 8113 8113 811
Tilbakeføring av middel frå Statens banksikringsfond2606 9694 2169753 367382382
Sum andre inntekter27 10731 34130 28523 22221 53819 84222 398
Sum inntekter ekskl. oljeskattar, petroleumsverksemd og tilbakebetalingar300 503322 174345 037370 365386 950395 534398 678
Inntekter frå statleg petroleumsverksemd18 44620 93326 18223 32666 40042 43042 109
Skatt og avgift på utvinning av petroleum24 49727 63733 07844 89842 90027 65027 600
Aksjeutbytte frå Statoil1 0751 6141 8501 6002 9402 9402 940
Sum petroleumsinntekter44 01850 18461 11069 824112 24073 02072 649
Tilbakebetalingar50 16742 11954 78946 13144 92745 67343 119
Overføring frå Statens petroleumsfond25 57636 52925 67322 78918 26017 05917 059
Sum inntekter420 264451 006486 609509 109562 377531 286531 505

*) Overføring frå Skattefordelingsfondet til statsbudsjettet er inkludert i tala fram til 1996. Frå 1997 er fellesskatt inkludert.

Skattar på formue og inntekt utgjorde 81,2 mrd kroner i 1998, ein auke på 21,5 pst eller 14,4 mrd kroner frå året før. Auken skuldast i stor grad utviklinga i fellesskatten, som steig med 23,7 pst til 66,1 mrd kroner i 1998. Auken kjem mellom anna av ein reduksjon i skattøyren for kommunar og fylkeskommunar og motsvarande auke i satsen for fellesskatt. Satsen for fellesskatt for forskottspliktige skattytarar vart auka frå 9,75 i 1997 til 11,0 pst i 1998. Satsen for fellesskatt frå etterskottspliktige skattytarar vart auka frå 20,75 pst til 21,25 pst.

Skatt og avgift til folketrygda, trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift, utgjorde 107,3 mrd kroner i 1998, og svarar til ein auke på 9,3 pst frå året før.

Inntektene frå meirverdi- og investeringsavgifta utgjer ei av dei viktigaste inntektskjeldene til staten og steig med 7,5 pst til 110,6 mrd kroner i 1998.

Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde til saman 58,3 mrd kroner i 1998, som svarar til ein auke på 2,1 pst frå 1997.

2.2 Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda i 1998, utanom CO2avgifta, vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 24 450 mill kroner. Det faktiske rekneskapstalet for 1998 er 24 372 mill kroner. Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart om lag som rekne til i nysalderingsproposisjonen, mens betalt produksjonsavgift vart om lag 250 mill kroner lågare. Betalt arealavgift vart om lag 200 mill kroner høgare enn rekne til. Innbetalingane dei ti første månadene av 1998 og overslag for innbetalingane dei to siste månadene vart brukt til utrekningane.

Inntektene frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda var i nysalderingsproposisjonen rekne til 3 200 mill kroner. Rekneskapstalet for 1998 er 3 229 mill kroner.

2.3 Inntekter frå Statens direkte deltaking i petroleumsverksemda

Inntektene frå Statens direkte deltaking i petroleumsverksemda er i hovudsak renter og avskriving på kapitalen og vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 22 145 mill kroner. Det tilsvarande rekneskapstalet for 1998 er 23 115 mill kroner. Avviket kjem i all hovudsak av at avskrivingane vart høgare enn rekna med.