St.meld. nr. 3 (1998-99)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998

Til innholdsfortegnelse

7 Statens petroleumsfond

Inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond er definerte i lov 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond. Inntektene er summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som blir overført frå statsbudsjettet, og avkastninga på formuen i fondet. Utgiftene til fondet er definerte som ei årleg overføring frå fondet til statskassa som skal dekkje det oljekorrigerte underskottet på statsbudsjettet. Tabellane 7.1 og 7.2 syner balansen og resultatrekneskapen for Statens petroleumsfond. Rekneskapen for fondet er ikkje ein del av statsrekneskapen, men tala blir her presenterte til orientering.

I 1998 hadde Statens petroleumsfond inntekter utanom omvurderingar på til saman 51 223 mill kroner. Kontantstraumen frå petroleumsverksemda til staten utgjer den største delen av desse inntektene med 45 041 mill kroner. Dei bokførde renteinntektene og utbyte frå selskapa i porteføljen mv utgjorde til saman 6 183 mill kroner i 1998. Etter vedtak i Nysaldert budsjett 1998 vart det overført 17 059 mill kroner frå petroleumsfondet til statsbudsjettet i 1998. Overskotet i fondet vart dermed 34 164 mill kroner.

Statens petroleumsfond hadde netto vinstar frå m.a. omvurderingar på til saman 15 312 mill kroner i 1998, og størstedelen av dette var valutakursvinstar på 13 149 mill kroner. Overskotet i fondet medrekna omvurderingar i 1998 vart dermed totalt 49 476 mill kroner.

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda minus overføringa til statsbudsjettet utgjer netto avsetninga til fondet over statsbudsjettet. Denne netto avsetninga var 27 982 mill kroner i 1998. I tråd med omtalen i St meld nr 1 (1997-98) Nasjonalbudsjettet 1998 er overføringane frå statskassa til fondet frå og med 30. juni 1998 blitt gjorde ved utgangen av kvart kvartal. Fondet vart tilført 10 000 mill kroner ved utgangen av både 2. og 3. kvartal. I tillegg overførte ein ved utgangen av 2. kvartal 1 837 mill kroner som svarte til mellomrekninga med statskassa ved utgangen av 1997, jf at overføringa til fondet i 1997 var mindre enn den rekneskapsførde netto avsetninga på statsbudsjettet.

I 4. kvartal vart tidspunktet for overføring sett til 30. november i staden for 31. desember av omsyn til innføringa av fellesvalutaen euro i Europa, jf omtale i St prp nr 30 (1998-99) Ny saldering av statsbudsjettet for 1998. Overføringa 30. november vart sett til 11 000 mill kroner, som på det tidspunktet svarte til skilnaden mellom den forventa netto avsetninga til fondet i 1998 og dei 20 000 mill kronene frå 1998-budsjettet som var overførte tidlegare same året.

Til saman overførde ein altså 31 000 mill kroner til fondet over statsbudsjettet 1998, noko som var 3 018 mill kroner høgare enn netto avsetning til petroleumsfondet etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 1998 er denne differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at denne mellomrekninga ikkje vert betalt tilbake til statskassa, men kjem til frådrag når ein gjer den fyrste overføringa til fondet i 1999.

Når ein korrigerer for mellomrekninga med statskassa, syner rekneskapen at den bokførde verdien av fondet ved utgangen av 1998 var på 164 626 mill kroner. På grunn av omvurderingsvinstar som ikkje kjem med i den bokførde avkastninga, var marknadsverdien av fondet høgare enn den bokførde verdien per 31. desember 1998. Korrigert for mellomrekninga med statskassa var marknadsverdien 168 768 mill kroner ved utgangen av 1998.

I 1998 vart det for fyrste gong opna for at ein kunne plassere midlane i petroleumsfondet i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Ved starten av 1998 vart ansvaret for forvaltninga av fondet overført til den nystarta eininga Noregs Bank Kapitalforvaltning. Det har vore ei krevjande oppgåve for Noregs Bank å forvalte fondet gjennom eit år med omfattande endringar av portefoljen og uro i finansmarknaden. Utvidinga av talet på verdipapir Noregs Bank kan investere fondet i, gjorde det naudsynt å etablere nye verktøy for risikostyring. I den nye forskrifta om forvaltninga av fondet som tok til å gjelde frå 1. januar 1998, heiter det at Finansdepartementet skal definere ein såkalla referanseportefølje som dannar grunnlaget for risikostyringssystemet. Referanseporteføljen er sett saman slik at den representerer ein nøytral investeringsstrategi innanfor dei retningslinjene Finansdepartementet har gitt. Vidare har Finansdepartementet fastsett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som det forventa standardavviket til avkastninga til den såkalla differanseporteføljen som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf nærare omtale i St meld nr 1 (1997-98) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har vore 1,5 pst i 1998.

Ved byrjinga av 1998 var det berre obligasjonar i referanseporteføljen. På det tidspunktet var referanseporteføljen sett saman av dei ulike nasjonale indeksane i Salomon Brothers World Government Bond Index med visse vekter for kvart land. (Indeksen har seinare endra namn til Salomon Smith Barney World Government Bond Index). Ved kvart månadsskifte frå og med 1. februar til og med 1. juni vart aksjedelen i referanseporteføljen auka med 8 prosentpoeng til den nådde 40 pst i juni. Aksjedelen av referanseporteføljen er sett saman på same vis som obligasjonsindeksen med utgangspunkt i ei viss fordeling mellom dei ulike nasjonale indeksane i Financial Times/Standard & Poor’s Actuaries Index. Dei faktiske investeringane til Noregs Bank følgde i stor grad den same gradvise auken i aksjedelen som referanseporteføljen fram til 1. juni.

Den 15. mars 1999 offentleggjorde Noregs Bank årsrapporten for Statens petroleumsfond. Årsrapporten følgjer også denne meldinga som utrykt vedlegg. Regjeringa varsla m a i St meld nr 3 (1997-1998) Statsrekneskapen for 1997 at ein frå og med 1998 ville leggje fram oversikter over fondet sine eigendelar m m med den årlege statsrekneskapen. Ein viser i denne samanhengen til dokumentasjonsdelen i den vedlagde årsrapporten for fondet. Der er det gitt ei komplett liste over fondet sine eignelutar, fordelt på aksjar, aksjefutureskontraktar, obligasjonar, obligasjonsfutureskontraktar, bankinnskot, tredjepartsavtaler, valutaterminkontraktar, gjenkjøps- og gjensalsavtaler og andre fordringar. For alle aksjeinvesteringane er det oppgitt namn på selskapet, marknadsverdi av aksjeposten og eigarandel i selskapet. For dei andre eigendelane er det oppgitt namn på utferdaren eller motparten og marknadsverdi av plasseringa. Alle investeringane er fordelte etter land.

Noregs Bank sin årsrapport for petroleumsfondet skildrar korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir som svarar til fondet sin konto i banken er forvalta i 1998. Den bokførde verdien av den særskilde porteføljen vart 167 644 mill kroner ved utgangen av 1998. Målt etter marknadsverdi var verdien av porteføljen på same tid 171 786 mill kroner 1.

Avkastninga på dei utanlandske investeringane i fondet vart på 9,25 pst for heile 1998 når ein måler i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetninga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastninga på aksje- og obligasjonsporteføljane, syner tala at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 12,86 pst og obligasjonsinvesteringane 9,31 pst. Det at avkastninga for kvar aktivaklasse er høgare enn totalavkastninga, kjem av at utrekninga av avkastninga for kvar enkelt aktivaklasse, i motsetning til totalavkastninga, ikkje tek omsyn til at fordelinga mellom aksjar og obligasjonar har endra seg gjennom året. Verdien av den norske krona svekte seg med nesten 10 pst mot valutakorga til petroleumsfondet i 1998. Dette førte til at fondet sine utanlandske eigendelar vart tilsvarande meir verdt målt i norske kroner. Difor steig verdien av fondet i 1998 meir når ein måler avkastninga i norske kroner enn i utanlandsk valuta. For heile året var totalavkastninga 19,75 pst målt i norske kroner. Det er likevel avkastninga i utanlandsk valuta som er mest relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Det var til dels stor variasjon i avkastninga mellom kvartala i 1998. I 1. kvartal var totalavkastninga 3,73 pst målt i utanlandsk valuta. Aksjeinvesteringane i 1. kvartal hadde særs god avkastning med 11,38 pst avkastning i februar og mars, men sidan aksjedelen i fondet var låg på denne tida, fekk aksjeinvesteringane berre ein moderat innverknad på totalavkastninga. I 2. kvartal vart totalavkastninga redusert til 2,07 pst. Dette heng saman med lågare avkastning på både aksjar og obligasjonar samanlikna med kvartalet før. 3. kvartal var det fyrste kvartalet etter at aksjedelen var komen opp på det tilsikta nivået. Difor fekk det stor innverknad på totalavkastninga at utviklinga i aksjekursane internasjonalt var svært dårleg i dette kvartalet. Totalavkastninga vart -3,58 pst, og avkastninga på aksjane i fondet vart -15,57 pst. Dette vart berre til ein viss grad oppvegd av at avkastninga på obligasjonar vart 4,62 pst i 3. kvartal. Fondet hadde høgst avkastning i 4. kvartal, då totalavkastninga var 7,02 pst. Dette har bakgrunn i den gode avkastninga på aksjar på 17,51 pst i dette kvartalet, medan obligasjonsavkastninga vart 0,38 pst.

Tala for avkastning er bruttotal i den forstand at forvaltningskostnadene ikkje er trekte ifrå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 7.2 er forvaltningskostnadene trekte ifrå. Dei samla kostnadene med forvaltninga blir dekt av fondet si avkastning i samsvar med forvaltningsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 1998 var satsane for godtgjøring 0,105 pst av den kapitalen som etter referanseporteføljen kunne plasserast i eigenkapitalinstrument, og 0,065 pst av den kapitalen som kunne plasserast i renteberande verdipapir. Totalt mottok Noregs Bank 77,4 mill kroner som godtgjøring i 1998. Ein viser til den vedlagde årsrapporten for fondet for nærare omtale.

Ei viktig oppgåve for Finansdepartementet er å evaluere korleis Noregs Bank forvaltar midlane i fondet. Departementet nyttar det britiske konsulentselskapet Bacon & Woodrow til å utarbeide kvartalsvise rapportar om forvaltninga av fondet. Desse rapportane er offentlege. Årsrapporten frå Bacon & Woodrow er også tilgjengeleg på Finansdepartementet sine sider på internett (www.finans.dep.no).

Bacon & Woodrow si evaluering tek utgangspunkt i referanseporteføljen for fondet. Selskapet analyserer kor stor del av den samla avkastninga til fondet som har samanheng med samansetninga av referanseporteføljen, og kor mykje som kjem av Noregs Bank si forvaltning. Generelt oppstår skilnaden i avkastning fordi fondet ikkje til ein kvar tid inneheld nøyaktig dei same verdipapira som referanseporteføljen. Slikt samsvar ville vere både praktisk vanskeleg og ville medføre høgare transaksjonskostnader.

Bacon & Woodrow splittar opp og analyserer skilnaden i avkasting mellom den faktiske porteføljen og referanseporteføljen. I årsrapporten for 1998 finn dei at fondet i 1998 hadde ei totalavkastning på 19,23 pst målt i norske kroner, medan avkastninga til referanseporteføljen er målt til 19,06 pst. Bacon & Woodrow si utrekning av totalavkastninga i norske kroner gir eit tal som er 0,52 prosentpoeng lågare enn det tilsvarande talet frå Noregs Bank. Hovudårsaka til denne skilnaden er at dei har lagt til grunn andre valutakursar i utrekninga av marknadsverdien av fondet ved byrjinga av året enn dei Noregs Bank har brukt. Noregs Bank har nytta banken sine eigne midtkursar ved utrekninga av marknadsverdien fram til og med 31. desember 1997. Den 31. desember 1997 nytta Bacon & Woodrow derimot dei valutakursane som WM Reuters fastset. Dette gav ulike utrekningar av inngangsverdien av fondet. Frå og med januar 1998 har Noregs Bank også gått over til å nytte WM Reuters sine valutakursar i verdivurderinga. Ein viser i denne samanhengen til årsrekneskapen frå Noregs Bank. Etter januar 1998 er kjelda til avvik på grunn av ulike valutakursar dermed borte.

Tala frå Bacon & Woodrow viser at petroleumsfondet i 1998 hadde ei avkastning som var 0,17 prosentpoeng høgare enn referanseindeksen. Det var meiravkastninga på 0,49 prosentpoeng i 1. kvartal som sikra ein positiv differanse til referanseporteføljen for året samla sett. Dette heng m a saman med at Noregs Bank i 1. kvartal bygde opp aksjeporteføljen noko raskare enn aksjedelen av referanseporteføljen. Dette viste seg lønsamt fordi avkastninga på aksjar var særs god i dette kvartalet. I dei tre seinare kvartala vart skilnaden respektive -0,06, -0,19 og -0,07 prosentpoeng. Desse avvika må likevel kunne seiast å vere relativt små.

Noregs Bank si forvaltning av petroleumsfondet vert revidert av Noregs Banks revisjon. Den er underlagt representantskapet, som er oppnemnt av Stortinget. Alle viktige rapportar som Noregs Bank sender ut om petroleumsfondet, er stadfesta av Noregs Banks revisjon. Den overordna revisjonen av petroleumsfondet er lagd til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer sin revisjon på det arbeidet som blir utført av Noregs Banks revisjon.

Tabell 7.1 Balanse for Statens petroleumsfond (tal i mill kroner)

Aktiva   Passiva  
Konto i Noregs Bank 1) 2)167 644Eigenkapital164 626
Mellomrekning med statskassa 3)3 018
Sum167 644Sum167 644

1) I samsvar med forskrifta for forvaltning av Statens petroleumsfond av 3. oktober 1997 er fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskott i Noregs Bank. Noregs Bank skal plassere desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Denne særskilde porteføljen fordelte seg på desse instrumenta per 31.12.98 (i mill kroner):

Bankinnskot/utlån i utlandet5 891
Utanlandske statskassevekslar492
Utanlandske ihendehavarobligasjonar97 836
Aksjar i utlandet64 246
Utlån i utlandet8 001
Opptente, ikkje forfalne renter2 362
Opptent dividende99
Kildeskatt17
Terminkontraktsreguleringar-8
Innlån utanlandske bankar*-11 215
Påløpne, ikkje forfalne renter0
Diverse gjeld**-77
Sum167 644

*  Tryggleik for verdipapir som er lånte bort

** I hovudsak påløpt forvaltningsgodtgjering for Noregs Bank

  Renterisikoen for fondet sine plasseringar, målt ved den modifiserte durasjonen, var 5,1 per 31.desember 1998.

2) Per 31.12.98 hadde fondet kjøpskontraktar i futuresmarknaden med ein samla marknadsverdi på 2 493 mill kroner. På same tid hadde fondet futureskontraktar for sal av verdipapir på 3 532 mill kroner. Ved utgangen av 1998 hadde fondet vidare kontraktar om kjøp av valuta på termin for til saman 3 135 mill kroner og kontraktar om sal av valuta av same storleik.

3) Statsrekneskapen syner at netto avsetninga til petroleumsfondet i 1998 vart 3 018 mill kroner lågare enn dei 31 000 mill kronene som blei overførte til fondet frå statens foliokonto i 1998. Denne differansen utgjer ei fordring for statskassa som blir innløyst etter utløpet av budsjetterminen, i form av eit frådrag i den fyrste overføringa til fondet i 1999.

Tabell 7.2 Resultatrekneskap for Statens petroleumsfond (tal i 1 000 kroner)

KapPostTekst19981997
INNTEKTER:
5507Skatt og avgift på utvinning av petroleum:
71Ordinær skatt på formue og inntekt9 089 10415 489 078
72Særskatt på oljeinntekter11 001 06619 528 393
73Produksjonsavgift3 754 9096 220 276
74Arealavgift mv526 548617 064
Sum kap 550724 371 62641 854 811
550870Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen3 228 9463 043 371
5440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda:
24Driftsresultat18 993 8600
30Avskrivingar14 443 22114 092 148
50Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond182 298118 084
80Renter8 535 8518 983 521
81Renter mellomrekneskapen-46 554132 085
Sum kap 544042 108 67523 325 838
565580Utbyte STATOIL2 940 0001 600 000
244024SDØE. Driftsresultat038 019 321
30Investeringar-27 250 755-20 341 944
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond-285 984-600 000
2442Fjerning av innretningar på norsk kontinentalsokkel:
21Spesielle driftsutgifter-1 767-258
70Tilskot-69 888-93 471
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda:
Overført til Statens petroleumsfond frå statsbudsjettet45 040 85486 807 668
Renteinntekter og utbyte m.v. 4)6 182 5273 342 455
Sum inntekter Statens petroleumsfond51 223 38190 150 123
UTGIFTER:
Overført frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet-17 059 000-22 788 600
Overskott i Statens petroleumsfond34 164 38167 361 523

4) Dette talet utgjer i 1998 summen av desse postene (tusen kroner):

Renteinntekter5 566 546
Utbyte705 588
Kurtasje- 12 245
Forvaltningsgodtgjøring- 77 362
Sum6 182 527

    Tekst19981997
MEMO:
Overskot34 164 38167 361 523
Valutakursvinst13 149 3141 688 979
Urealiserte verdipapirvinstar-60 96936 660
Realiserte verdipapirvinstar857 559-204 500
Resultat terminhandel valuta-4 1580
Vinst på futures-kontraktar1 369 86410 332
Overskot inkl. omvurderingar49 475 99168 892 994
Inngåande saldo115 149 63046 256 637
Saldo i Statens petroleumsfond per 31.12.164 625 621115 149 631

Fotnoter

1.

Marknadsverdien er basert på valuteringsdato, og ikkje handledato slik som den marknadsverdien som er oppgitt i årsrapporten for Statens petroleumsfond. Prinsippet om valuteringsdato samsvarer med det som vert nytta i den øvrige rekneskapen til Noregs Bank.