St.meld. nr. 3 (1998-99)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998

Til innholdsfortegnelse

4 Særskilte område

4.1 Eldresatsing

Ved handsaminga av St meld 50 (1996-97) Handlingsplanen for eldreomsorga, vedtok Stortinget ein fireårig handlingsplan for eldreomsorga for perioden 1998-2001. Målet for satsinga er å auke kapasiteten i den kommunale pleie- og omsorgstenesta for å møte det veksande talet på eldre over 80 år dei næraste åra. Til saman skal handlingsplanen gje rom for 24 400 nye sjukeheimsplassar/omsorgsbustader og 12 030 nye årsverk. Til saman er dette kostnadsrekna til 4 mrd kroner i drift og vel 19 mrd kroner i investeringar.

I samband med statsbudsjettet for 1999 vedtok Stortinget at kommunar som trengte lenger tid på investeringane kan få investeringsstøtte i to år til (til 2003), og at tilsegn til einingar per år vert redusert til 3 700 (mot 5 800 som opphavlege vedtatt).

I 1998 vart det løyvd i alt 1 321 mill kroner til drift av tenestene (i dette ligg og ei vidareføring av tilskotet på 500 mill kroner i 1997) , og ei tilsagnsramme for investeringane på 5 800 einingar.

Dei rapportane og planane departementet har fått inn frå kommunane viser at handlingsplanen så langt har utløyst stor aktivitet i kommunane. Resultata for 1998 viser at det er gjeve tilsagn til 5 616 sjukeheimsplassar/omsorgsbustadar og at kommunane har oppretta om lag 3 000 nye årsverk i pleie- og omsorgstenesta.

Kommunane sine planar for perioden (1998-2001) viser at dei planlegg å ferdigstille 28 500 sjukeheimsplassar/omsorgsbustadar og å oppretta i underkant av 12 000 nye årsverk.

4.2 Helsesatsing

Handlingsplan for helse- og sosialpersonell 1998-2001

Denne handlingsplanen vart lagt fram av regjeringa i august 1997 og fekk tittelen ”Rett person på rett plass”. Bakgrunnen var opprinneleg eit ønskje frå Stortinget om ein meir koordinert og systematisk innsats frå regjeringa for å sikre god tilgang på helsepersonell i åra framover. Stortinget løyvde 91 mill kroner til handlingsplanen i 1998. Løyvingane er fordelte på ei rad tiltak for å auka tilgangen på personell, både auka utdanningskapasitet, rekruttering frå utlandet og utløysning av arbeidskraftreservar blant pleiargruppene. Av di Noreg alt har mykje spesialutdanna helsepersonell i høve til folketalet, rettar planen òg søkelyset på korleis ein brukar og held på dei som i dag arbeidar innan helse- og omsorgstenestene. Spesialutdanna personell må i større grad kunne bli avlasta av personell med fagutdanning på videregåande nivå, m a ved at desse får særskilt opplæring og vidareutdanning. For å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å kvalifisere dei personellgruppene det er god tilgang på, vart det i 1998 utbetalt tilskot til kvalifisering av ufaglærte i pleie- og omsorgssektoren og innan psykisk helsearbeid samt til etterutdanning av personell med videregåande opplæring på samla 29 mill kroner innanfor ramma på 91 mill kroner i handlingsplanen. Handlingsplanen er gjeve i ny utgåve i 1998 og vil bli rullert gjennom planperioden.

Psykiatri

Styrking av tilbodet til menneske med psykiske lidingar har også i 1998 vore eit satsingsområde. Samla øyremerka løyving til dette formålet auka med 483 mill kroner frå 1997.

Førebels rapportar frå kommunar og fylkeskommunar tyder på at den positive utviklinga frå 1997 held fram og vert forsterka i 1998. Dei øyremerka midla som er løyvd til kommunesektoren frå og med 1995 ser ut til å vere ein viktig stimulans til å styrke og utvikle dette feltet, sjølv om det fortsatt kan vere ein del variasjonar både fylkeskommunar og kommunar i mellom.

Enkelte investeringsprosjekt er ferdigstilt, medan igangsettinga av nye tiltak vil kome med full tyngd i 1999. Det er eit jamt tilsig av nye tenestetilbod og institusjonsplassar som fører til behov for å rekruttere personell. Personellbehovet omfattar alle kategoriar, fra psykiatarar til personar med tverrfagleg helsebakgrunn.

Slik er det lagt eit grunnlag for satsingane som Regjeringa har lagt opp til i opptrappingsplanen for psykisk helse 1999 – 2006 (St prp nr 63 (1997-98)) som vart lagt fram våren 1998.

Kreftbehandling m m

Stortinget løyvde på statsbudsjettet for 1998 195 mill kroner for å styrke innsatsen innanfor kreftproblematikken. Målet var mellom anna å auka kapasiteten innanfor stråleterapi, utvide mammografiscreeningprosjektet og setje sjukehusa i stand til å behandle fleire pasientar gjennom auka løyvingar til røntgenutstyr. Midlane gjekk mellom anna til å ruste opp medisinsk teknisk utstyr knytt til kreftbehandling ved regionsjukehusa, utprøvande behandling, auka strålekapasitet, auka poliklinisk behandling og forebygging. I tillegg vart det løyvd 45 mill kroner til ei utviding av mammografiscreeningprosjektet, medisinsk teknisk utstyr og eit nytt melde- og overvakingssystem ved Kreftregisteret.

Utstyr

Stortinget løyvde først 165 mill kroner til utstyr i sjukehus ved handsaminga av St prp nr 1(1997-98). I samband med St prp nr 61(1997-98 ). Om Nasjonal kreftplan og plan for utstyrsinvesteringer ved norske sjukehus, vart det i tillegg løyvd 300 mill kroner. Målet med planen er å skifte ut gammalt utstyr og å kjøpe inn nytt utstyr som ein tidligare har mangla. På dette viset skal flaskehalsproblem i pasientbehandlinga reduserast og behandlingskapasiteten på sjukehusa aukast og betrast. I tillegg til å finansiere medisinsk teknisk utstyr i sjukehusa, gjekk midlane til å finansiere IT-tiltak i samband med departementet sin IT-plan ”Mer helse for hver bit. Informasjonsteknologi for en bedre helsetjeneste. Handlingsplan 1997-2000.”

Innsatsstyrt finansiering

I 1998 vart Innsatsstyrt finansiering (ISF) vidareført som ei finansieringsordning for sjukehusa i Noreg. ISF tek vare på dei gode sidene med rammefinansieringa, samstundes som ein innfører ei stykkprisfinansiering. Finansieringsordninga byggjer på DRG-metoden (ein refusjon etter pasientaktivitet). I 1998 vart den aktivitetsavhengige delen av finansieringsordninga auka til 45 pst. Det samla budsjettet for ISF i 1998 var på om lag 8,3 mrd kroner. Det vart i statsbudsjettet for 1998 løyvd 802 mill kroner i nye midlar for å auke pasientbehandlinga, og det vart overført om lag 5,3 mrd kroner frå dei fylkeskommunale rammene. Målsetjinga for 1998 var å auke pasientbehandlinga med 6,5 pst frå 1995 til 1998. Plantal frå fylkeskommunane viste ein planlagt auke på 5,2 pst samanlikna med basisåret 1995. Pasienttal frå alle sjukehusa i landet for dei åtte første månadene viste ein auke som var høgare enn 6,5 pst. Ordninga ser ut til å virka etter intensjonane.

4.3 Auka minstepensjon

Frå 1. mai 1998 auka minstepensjonen med 1 000 kroner per månad for einslege og om lag 940 kroner per månad for gifte pensjonistar og visse grupper sambuande pensjonistar.

Etter auken er minstepensjonen 81 360 kroner for einslege, 70 020 kroner for minstepensjonist som er gift/sambuar med minstepensjonist, og 67 608 kroner for minstepensjonist som er gift med tilleggspensjonist.

Auken i minstepensjonen vart skattlagt på vanleg måte, slik at auken fekk ein god fordelingsprofil. Det er berre dei som ikkje har særleg andre inntekter enn minstepensjon, som er fritekne for skatt.

Auken av minstepensjon med ein ekstraordinær auke av særtillegget, førte til at dei med samordningspliktige tenestepensjonar i offentleg sektor, stort sett fekk tenestepensjonen redusert med same beløp som auken i folketrygda sitt særtillegg.

For dei som bur i alders- eller sjukeheim, vart auken stort sett borte ved auka skatt og betaling av vederlag til institusjonen.

Som forutsett i framlegget i St prp nr 76 (1997-98), var det såleis mange minstepensjonistar i folketrygda som ikkje fekk full fordel av auken. Men dei som trong det mest, dei heimebuande eldre utan særlege andre inntekter fekk full nytte.

Om lag 284 000 pensjonistar som hadde minstepensjon i folketrygda før auken frå mai 1998, fekk auka minstepensjonen med kr 1000/kr 940 per månad.

I tillegg fekk om lag 46 250 tilleggspensjonistar med pensjonar mellom gammalt og nytt nivå for minstepensjon, auka sin pensjon i større eller mindre grad opp til det nye nivået på minstepensjonane. Av desse var 34 580 alderspensjonistar, vel 9 100 uførepensjonistar og om lag 2 560 etterlatnepensjonistar.

Ved utgangen av 1998 var talet på minstepensjonistar om lag 326 040.

4.4 Internasjonal bistand

I 1998 vart det utgiftsført 10 183,6 mill kroner under budsjettet for utviklingshjelp, tilsvarande 0,93 pst av bruttonasjonalinntekta (BNI) for 1998. BNI for 1998 er førebels utrekna til 1 093,4 mrd kroner. Vedteke budsjett for utviklingshjelp for 1998 vart rekna til 0,88 pst av anslaget på BNI for 1998 i St meld nr 1 (1997-98) Nasjonalbudsjettet 1998.

Utgiftene under utviklingshjelpa fordeler seg på følgjande områder:

Administrasjon (kap. 0140, kap. 0141, kap. 0142 og kap. 0143):443,4 mill kroner
Prioriterte land og regionar (kap. 0150, 0151 og 0152 som omfattar bilateral utviklingshjelp til Afrika, Asia og Mellom-Amerika)2 033,1 mill kroner
Utvida samarbeid (kap. 0154, 0155, 0156, 0157, 0158, 0159 og 0160 som omfattar utviklingshjelp til opplysningsarbeid, frivillige organisasjonar, forsking, miljøtiltak, kvinner, næringsliv og faglege tiltak)2 132,8 mill kroner
Utviklingshjelp via internasjonale organisasjonar (kap. 0161, 0163, 0164 og 0165)3 187,6 mill kroner
Naudhjelp, menneskerettar, fred og demokratibygging (kap. 0190, 0191, 0192, 0194 og 0195)2 386,7 mill kroner
Sum10 183,6 mill kroner

På bakgrunn av ein omfattande revisjon av den norske nasjonalrekneskapen er m a nivået på bruttonasjonalinntekta (BNI) justert i høve til tidlegare. Endringa har medført ei oppjustering av BNI, og dette betyr at utviklingshjelpa som del av BNI blir ca 0,12 prosentpoeng lågare når ein brukar ny målemetode. Endringa vart gjennomført frå 1995.

Tabell 4.1 Utbetalingane til utviklingshjelp og overførde beløp for perioden 1990 - 1998

ÅrUtbetaltUtbet. i pst. av BNIOverført neste terminOverført i pst av disp. løyving
19907 576 mill kr1,16421 mill kr6 pst
19917 649 mill kr1,13249 mill kr3 pst
19927 921 mill kr1,16158 mill kr2 pst
19937 203 mill kr1,01503 mill kr6 pst
19948 033 mill kr1,05479 mill kr6 pst
19957 923 mill kr0,87415 mill kr5 pst
19968 492 mill kr0,85481 mill kr5 pst
19979 327 mill kr0,87375 mill kr4 pst
199810 184 mill kr0,93203 mill kr2 pst

Utbetalingane under utviklingshjelpa auka nominelt med 856 mill kroner (9 pst) frå 1997 til 1998.

Overført beløp frå 1998 til 1999 på 203 mill kroner utgjer 2 pst av løyvinga for 1998. Dette er det lågaste overførte beløpet sidan 1992.

4.5 Kontantstøtte

Kontantstøtte til småbarnsforeldre var eit av hovudsatsingsområda for Regjeringa i 1998. Lov om kontantstøtte vart vedteken 24. juni 1998, og sett i kraft 1. august same år. Kontantstøtta vart innført gradvis slik at ho omfatta 1-åringar frå 1. august 1998 og 2-åringar frå 1. januar 1999. Trygdeetaten forvaltar kontantstøtta, og kommunane er pålagde å føre register over barn i barnehage for kontrollformål.

Hovudvilkåret for rett til kontantstøtte er at barnet ikkje gjer bruk av full barnehageplass med statleg driftstilskot.

Ordninga med kontantstøtte til småbarnsforeldre er utforma med sikte på å nå følgjande mål:

  • familiane skal sikrast meir tid til sjølve å ta omsorgen for eigne born.

  • familiane skal ha reell valfridom når det gjeld kva slags omsorgsform dei ønskjer for barna sine.

  • overføringane til barneomsorg som kvar familie får frå staten, må bli meir likeverdige.

På statsbudsjettet for 1998 vart det løyvt 760 mill kroner til kontantstøtteordninga. Rekneskapstala for 1998 viser at dei samla utbetalingane av kontantstøtte for 1998 var på 773 mill kroner. Tal frå Rikstrygdeverket viser at det var 61 969 mottakarar av kontantstøtte hausten 1998. Utbetalinga vart omlag 1,7 prosent høgare enn ein rekna med. Auken kjem av at bruken av barnehage var lågare enn forventa, og at dei som hadde rett på kontantstøtte, hadde rett på full støtte i større grad enn forventa.

Det vart starta opp to prosjekt knytta til evaluering av kontantstøtta i 1998. Forutan førebuande arbeid til evaluering av ordninga, vart ein del middel brukt til å utvikle eit dataverktøy som vart tilbode alle landets kommunar og bydelar. Dataverktøyet er eit hjelpemiddel i kommunane si oppgåve med å etablere kontrollregister over bruken av barnehage i kvar kommune. Desse opplysningane vert sende over til trygdeetaten som nyttar opplysningane i samband med sakshandsaming og utbetaling av kontantstøtte. Kommunane har til saman fått løyvt 21 mill kroner for det administrative meirarbeidet dei fekk i 1998 knytt til innføringa av kontantstøtta.