St.meld. nr. 3 (1998-99)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998

Til innholdsfortegnelse

5 Folketrygda for 1998

Sjukepengar

Dei samla utgiftene til sjukepengar frå folketrygda auka med 12,3 pst frå 1997 til 1998 (nominelle kroner). For arbeidstakarar m v (post 70) vart auken på 13,0 pst (nominelle kroner). Om arbeidsgjevarperioden ikkje hadde blitt utvida 1. april 1998, hadde auken truleg vore om lag 15 pst for sjukepengar i alt og om lag 16 pst for post 70.

I åra frå 1994 til 1998 var auken i talet på sjukepengedagar betalt av folketrygda per sysselsett arbeidstakar noko sterkare for kvinner enn for menn, 39 pst mot 29 pst. For menn var auken størst i aldersgruppa 40-49 år, medan auken for kvinner var størst i aldersgruppene 40-49 og 50-59 år.

Veksten i sysselsetjinga er ei viktig forklaring på at sjukefråværet i Noreg har auka dei siste tre åra. Auken i sysselsetjinga har til ein viss grad kome i næringar som har eit noko høgare fråværsnivå enn gjennomsnittet for alle næringar.

Vidare fører ein strammare arbeidsmarknad mellom anna til at menneske med høgare sjukdomsrisiko kjem ut i arbeidslivet. Mange av dei vert gjengangarar på sjukepengar. Ein gjengangar er ein person med fleire enn eitt sjukepengetilfelle når tida mellom avslutning og start i to påfølgjande tilfelle er mindre enn 6 månader. Førebels tal viser at gjengangarane sto for om lag 47 pst av auken i talet på sjukepengedagar frå 1997 til 1998.

Analyser viser at dei som er nye på arbeidsmarknaden i ein konjunkturoppgang, har høgare sjukefråvær enn dei som har vore i arbeid i lengre tid. Nye analyser som Rikstrygdeverket (RTV) har gjort styrkar teorien om at gjengangarane sin del av det samla talet på sjukmelde aukar når sysselsetjinga aukar, og at gjengangardelen aukar mest i dei kommunane som hadde høg sysselsetjing frå før. (Analysene byggjer på tal frå einskildkommunar for åra 1991 til 1995.)

Det er òg grunn til å tru at endringar i andre velferdsordningar på 1990-talet har hatt innverknad på sjukefråværet. Det gjeld mellom anna innstrammingar i uførepensjonsordninga og i særleg grad innskjerpinga av vilkåra for rett til stønad frå 1991, maksimaltid for rehabiliteringspengar og opptrapping av tiltak innafor yrkesretta attføring. Langtidssjuke som utan desse tiltaka truleg ville ha fått uførepensjon, er i aukande grad kanaliserte inn i medisinsk rehabilitering og yrkesretta attføring og vidare ut i arbeid for ei kortare eller lengre tid, før dei evt kjem attende på sjukepengar.

Det ligg føre eit opplegg for ein ny samla sentral sjukefråværsstatistikk som mellom anna vil gje betre høve til å vurdere effekten av ulike tiltak for å redusere behovet for sjukmeldingar. Ein kan ikkje seie sikkert når denne statistikken kjem i gang, av di RTV ventar på løyve frå Datatilsynet.

Talet på personar som brukte opp retten til sjukepengar auka frå 23 400 i 1994 til 38 500 i 1998. Analyser frå RTV syner at denne auken er med på å forklare den sterkare tilgangen på personar på rehabiliteringspengar og uførepensjon.

Uførepensjon

Utgiftene til uførepensjon har auka dei siste åra. Dette har samanheng med auke i talet på uførepensjonistar, at nye uførepensjonistar har stadig betre pensjonsopptening som følgje av oppbygging av tilleggspensjonssystemet og høgare yrkesdeltaking.

I 1998 auka talet på uførepensjonistar med 4,5 pst til 258 100. Tilgangsraten, dvs talet på nye uførepensjonistar pr 1 000 ikkje-uføre personar, var 12,5 promille i 1998, og 10,7 promille året før. Utgiftene gjekk opp med 12,8 pst (nominelt).

Auken sidan 1997 er påverka av veksten i sysselsetjinga på 1990-talet. Mellom anna som følgje av auka sysselsetjing på 1990-talet, har sjukefråværet auka dei seinare åra. Ei viktig forklaring på dette er at personar med helseproblem lettare kan få innpass på arbeidsmarknaden når det er høg sysselsetjing. På kort sikt kan det føra til redusert tilgang til uførepensjonsordninga. Men med tida vil ein del av desse likevel få uførepensjon, men då på eit seinare tidspunkt enn dei elles ville ha gjort. Mange av desse har hatt fleire periodar med sjukepengar i tida før dei fekk innvilga uførepensjon. Delen av nye uførepensjonistar som kom direkte frå sjukepengar steig frå 25 pst i 1996 til 31 pst i 1997, og auken ser ut til å halde fram i 1998.

Ein annan grunn til at talet på nye uførepensjonistar veks, er at dei store etterkrigskulla no er komne opp i aldersgrupper der tilgangsratane til uførepensjon relativt sett er høgast.

I 1998 har det òg vore ei nedbygging av restansar og raskare handsaming av uførepensjonssaker i trygdeetaten. Analyser utførte av RTV tyder på at om lag 20 pst av auken i talet på uførepensjonistar frå 1997 til 1998 skriv seg frå endringar i saksbehandlingstid.

Det har vore fleire regelendringar som gjeld uførepensjonistar i 1997 som òg er viktige for utviklinga i 1998. Dei fleste av regelendringane søkjer å motivere uførepensjonistar til å nytte restarbeidsevna si betre. Av dei viktigaste endringane finn ein at friinntektsgrensa er heva frå ½ G til 1 G, innføring av ei prøveordning med lågare gradering av uførleik enn 50 pst, og utviding av "kvilande pensjonsrett" frå maks. 1 år til maks. 3 år om ein prøver seg i arbeidslivet. Kvilande pensjonsrett inneber at dersom ein ikkje lukkast i arbeidslivet, får vedkomande attende den tidlegare uførepensjonen utan å måtte søkje på nytt.

Det er enno for tidleg å seie noko om kva slag verknad desse endringane har hatt.

Medisinsk rehabilitering

Attføring omfattar både yrkesretta attføring (under Arbeids- og administrasjonsdepartementet) og medisinsk rehabilitering (under Sosial- og helsedepartementet).

Utgiftene til rehabiliteringspengar (post 70) steig med 22,5 pst (nominelt) til 2 968 mill kroner. Veksten i utgiftene kjem av ein sterk auke i talet på rehabiliteringsmottakarar. I tillegg vart post 70 og post 71 Attføringspengar i påvente av attføring, slegne saman frå 1. mai 1997. Utgiftsveksten for rehabiliteringspengar og attføringspengar i påvente av attføring under eitt, steig med 18,8 pst (nominelt) frå 1997 til 1998. Trenden med nedgang i utgiftene til rehabiliteringspengar som ein såg i 1994 og 1995, er altså snudd.

Ved slutten av 1998 fekk 26 523 personar rehabiliteringspengar, 13,3 pst fleire enn året før. I tillegg kjem 1 112 personar på attføringspengar i påvente av attføring. Den kraftige auken dei siste åra kjem særleg av auke i sysselsetjinga, ein strammare arbeidsmarknad og vekst i talet på langtidssjukmelde. Andre grunnar kan vere auke i talet på attendeførde saker frå arbeidsmarknadsetaten.

Auken av personar som har vore sjuke fleire gonger siste året og motteke sjukepengar frå folketrygda ("gjengangarar") gjer òg sitt til at talet på mottakarar av rehabiliteringspengar veks. Dei som mottok rehabiliteringspengar og som før dette hadde vore langtidssjukemelde, eller "gjengangar" på sjukepengar, steig frå 55 pst til 64 pst frå 1994 til 1997.

Auken i talet på stønadsmottakarar kjem i alle aldersgrupper så nær som aldersgruppa 65-66 år, og sterkast er auken blant personar i 30-åra. Om lag 70 pst av dei som får rehabiliteringspengar er yngre enn 50 år, og meir enn 60 pst av dei er kvinner. Berre i aldersgruppa over 60 år er det fleire menn enn kvinner.

Sidan 1993 har ein aukande del av stønadsmottakarane som avslutta rehabiliteringspengeperioden vorte uførepensjonistar. Delen som etter eitt år på rehabiliteringspengar får dagpengar, sjukepengar eller er i arbeid, har gått ned i same periode.

Auken til uførepensjon kan ha fleire grunnar, mellom anna at stønadstida har vorte innskrenka til maksimalt 52 veker.

Alderspensjon

Talet på alderspensjonistar ved utgangen av 1998 var 630 500 personar. Dette er vel 2 000 fleire enn på slutten av 1997. Alderspensjonistane utgjer no 14,2 pst av folket i Noreg. Utgiftene er gått opp med 9,7 pst (nominelt) og har primært si årsak i at fleire av alderspensjonistane no har rett til tilleggspensjon, og at minstepensjonen vart auka med 12 000 kroner i året frå 1. mai 1998.

Einsleg mor eller far

Talet på einslege forsørgjarar med overgangsstønad og særtillegg var ved utgangen av 1998 snaut 44 700, om lag 300 færre enn året før.

Frå 1997 til 1998 auka delen “aktive” einslege forsørgjarar frå 71,9 pst til 74,9 pst. Med aktive einslege forsørgjarar meiner vi dei som er heilt sjølvforsørgjande (berre stønad til barnetilsyn), dei som er delvis sjølvforsørgjande (redusert overgangsstønad pga forventa inntekt) og dei som er under utdanning (full overgangsstønad og stønad til barnetilsyn). Til samanlikning var delen aktive einslege forsørgjarar 63,5 pst og 66,4 pst i 1993 og 1995 respektive. Frå 1. januar 1998 er stønadsordninga for denne gruppa lagt om. Siktemålet med omlegginga er å betre økonomien til einslege forsørgjarar med små barn, og å stimulere til auka sjølvforsørgjing etter ein overgangsperiode. Auka krav til aktivitet har gitt auka utgifter til utdanningsstønad, og høgare satsar for stønad til barnetilsyn har og gitt auka kostnader. Ved utgangen av 1998 var 17,3 pst av stønadsmottakarane under utdanning, medan 57,1 pst hadde redusert stønad av di dei hadde arbeidsinntekt over 1 ½ G, eller 68 055 kroner.

Helsestønader

Utgiftene til legemiddel på blå resept auka med omlag 12 pst frå 1997 til 1998. Dei viktigaste årsakene var auke i talet på døgndoser, nye og dyrare legemiddel og at nye legemiddel vart omfatta av blåreseptordninga.

Utgiftene til refusjon til legespesialistar auka med 2,1 pst (nominelt) det siste året. I samband med lovendringa 1. juli 1998 som inneber at berre legar med driftsavtale får refusjon frå trygda, er det blitt oppretta mange driftsavtalar med statlege tilskot. Det har difor skjedd ein kraftig auke i refusjon til spesialistar med driftsavtale, noko som er vege opp av ein nesten like stor nedgang i refusjonane til spesialistar utan driftsavtale. Utgiftene til refusjon til allmennlegar auka med 2,3 pst frå 1997 til 1998.

Etter ein nedgang i 1995 og 1996, auka utgiftene til høyreapparat med 14 pst i 1997 og nesten 30 pst i 1998. Grunnen til dette er særleg at digitale apparat har kome på marknaden, og at prisgrensa for digitale apparat har vore høgare enn for analoge apparat sidan 1. januar 1998.

Mellom anna fordi stadig fleire får diabetes, aukar utgiftene til sjukepleieartiklar. Auken i utgiftene til diabetesutstyr heng òg saman med oppheving av mengderegulering og utvida foreskrivingspraksis. Trygdeetaten har dei siste åra forhandla fram prisavtalar som har gjeve noko lågare prisar på ein del produkt.

Refusjonsutgiftene ved sjuketransport auka med 9,8 pst i 1998, fyrst og fremst på grunn av auka volum. Det var klar auke for alle transportmiddel, men sterkast for drosjetransport.