St.meld. nr. 35 (1997-98)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 1997

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

1997 vart eit merkeår i arbeidet med å tilpasse NATO til ein ny tryggingspolitisk situasjon. Det vart gjort viktige vedtak med omsyn både til samarbeidet med partnarlanda og i utviklinga av organisasjonen sjølv.

Vedtaket om å invitere Polen, Tsjekkia og Ungarn til drøftingar om medlemskap og underskrivinga av eit samarbeidsdokument med Russland, var dei to sakene som framfor alt sette sitt preg på alliansesamarbeidet i 1997. Utvidingsvedtaket på toppmøtet i Madrid var førebudd gjennom inngåande drøftingar mellom dei allierte heilt frå prinsippvedtaket om saka på toppmøtet i Brussel i januar 1994. Frå norsk side hadde ein heile tida støtta tanken om å ta opp interesserte land i Mellom- og Aust-Europa som medlemmer i alliansen. I Madrid gjekk Noreg inn for å avgrense første runde til tre land. Vi såg dette som eit naturleg kompromiss mellom ulike omsyn. Vi ønskte å komme i møte dei etter kvart 12 landa som hadde søkt medlemskap, men vi måtte òg ta omsyn både til NATO sjølv og til dei landa vi visste ikkje ville komme med i første runde, eller som ikkje hadde medlemskap som mål.

Utvidinga av NATO er ein naturleg del av alliansen si nyorientering. Medlemskap for Polen, Tsjekkia og Ungarn vil styrkje tryggleiken og stabiliteten i Europa. Medlemskapen vil òg bidra til å styrkje NATO politisk og militært. Han vil koste om lag 1,5 milliardar dollar til saman over 10 år. Beløpet skal delast mellom 19 allierte land etter dei prosentdelane desse landa har i dei fellesfinansierte budsjetta. Frå norsk side har ein meint at kostnadene i første rekkje må dekkjast ved å auke budsjetta. Dette gjeld særleg budsjettet for fellesfinansierte infrastrukturinvesteringar i medlemslanda.

Madrid-toppmøtet slo fast at utvidinga vil halde fram når fleire søkjarland er kvalifiserte, og når ei ny utviding vil tene tryggleiken i Europa. Frå norsk side har ein lagt vekt på at erklæringa frå stats- og regjeringssjefane inneheldt eit signal til dei baltiske landa om deira framtidige tilhøve til alliansen.

Frå norsk side har ein samstundes lagt vekt på at utvidinga skulle inngå i ein brei strategi for nedbygging av dei tryggingspolitiske skiljelinene på vårt kontinent. Noreg har derfor understreka at alle interesserte land måtte ha høve til å etablere eit nært praktisk og politisk tilhøve til NATO. Av omsyn til mellom anna Sverige og Finland har ein frå norsk side streka under at parnarskapssamarbeidet må utviklast slik at kvart land kan tilpasse si deltaking til eigne føresetnader og interesser. Berre slik kan ein nå den overordna målsetjinga om å få til auka tryggingspolitisk integrasjon i Europa. Frå norsk side var ein derfor særs nøgd med vedtaka i mai 1997 om at Partnarskap for fred skulle styrkjast og at Det nordatlantiske samarbeidsrådet, som vart etablert i 1991, skulle erstattast av eit nytt forum, Det euroatlantiske partnarskapsrådet. Desse vedtaka har gitt partnarlanda meir å seie i utforminga og styringa av dei ulike samarbeidsaktivitetane og skapt nærare politiske band mellom dei allierte og partnarlanda.

For Noreg har det vore naturleg å leggje særleg vekt på samarbeidet med Russland. Allereie hausten 1996 la vi fram for dei andre allierte tankar om korleis eit tosidig samarbeidsdokument med Russland kunne utformast. Teksten til den grunnakta generalsekretær Solana og utanriksminister Primakov kom fram til i byrjinga av mai, var i samsvar med norske prioriteringar. Det vart oppretta eit fellesråd for tryggingspolitiske konsultasjonar med Russland, knesett dei prinsippa samarbeidet skulle byggje på, og utarbeidd eit oversyn over dei saksområda som skulle prioriterast. Her fekk også saker som forsvarsrelatert miljøvern og sivil beredskap ein sentral plass. I grunnakta fekk russarane forsikringar frå NATO om at dei allierte ikkje ville stasjonere kjernevåpen eller troppar i nye medlemsland. Grunnakta gir ikkje Russland veto i interne NATO-saker. Samarbeidet i fellesrådet gir likevel russarane høve til å vere med på påverke den tryggingspolitiske utviklinga i Europa. Det er no lagt eit godt grunnlag for ein nær tryggingspolitisk partnarskap mellom NATO og Russland.

I dag tek nesten alle europeiske land del i det tryggingspolitiske samarbeidet NATO har utvikla etter den kalde krigen. 43 land samarbeider praktisk og militært i Partnarskap for fred, og dei same landa møtast kvar månad til konsultasjonar i Det euroatlantiske partnarskapsrådet. Denne verksemda byggjer opp tillit og fører i aukande grad til tryggingspolitisk samordning. Frå norsk side har ein derfor sett det som riktig å leggje stor vekt på å bidra til utviklinga av samarbeidet mellom NATO-landa og partnarane.

Den NATO-leidde SFOR-operasjonen i Bosnia har vore ein suksess for alliansen. Styrken har effektivt stogga krigshandlingane og lagt grunnlaget for gjenoppbygging av landet. Operasjonen har òg fått mykje å seie for utviklinga av det praktiske militære samarbeidet på tvers av gamle skiljeliner. I tillegg til dei 16 allierte deltek Russland og 19 andre ikkje-allierte land. Operasjonen har på eit vis dermed også vore ei øving av den typen praktisk samarbeid og politisk samråd som blir utvikla i Partnarskap for fred, Det euroatlantiske partnarskapsrådet og fellesrådet for NATO og Russland.

Mandatet til SFOR går ut i juni 1998. Frå norsk side streka ein tidleg under at uttrekking av styrken allereie då kunne føre til alvorlege tilbakeslag i arbeidet med å skape varig fred i Bosnia. Vi var derfor særs nøgde med at alle allierte seinhaustes 1997 vart samde om at operasjonen skulle halde fram også etter sommaren 1998. Det var likeins positivt at deltakande ikkje-allierte, mellom dei Russland, gjorde det klart at også dei ville delta i ein etterfølgjarstyrke.

Arbeidet med å tilpasse NATO- strukturane og -prosedyrane (den såkalla indre tilpassinga) har vore innfløkt. Dei ulike sakene har gripe inn i kvarandre og gjort at vanskar innanfor eitt felt har skapt vanskar på andre. I praksis var det ikkje mogleg å skilje utviklinga av ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet (ESDI) frå arbeidet med lage ein ny kommandostruktur. Konseptet med kombinerte og fleirnasjonale hovudkvarterselement (CJTF) skulle innpassast i den nye strukturen, og er også eit viktig element i utviklinga av ESDI og tilhøvet mellom NATO og VEU.

Sjølv om det kunne vere usemje mellom dei allierte, ikkje minst når det galdt spørsmål i tilknyting til ESDI, gjekk arbeidet med den indre tilpassinga framover i 1997, og i desember kunne ministermøta endeleg gjere vedtak i spørsmålet om utforming av den nye kommandostrukturen. Frankrike var ikkje nøgd med den rolla dei europeiske landa skulle få i den nye strukturen, og blir førebels ikkje med i det integrerte allierte militære samarbeidet. Spania fekk gjennomslag for sine hovudprioriteringar og blir no full medlem av det militære samarbeidet. Også norske hovudprioriteringar vart innfridde i vedtaket om ny kommandostruktur.

Vedtaka om utvikling av ESDI innanfor alliansen føreset eit nært praktisk og politisk samarbeid mellom NATO og VEU. Eit slikt samarbeid er òg ein føresetnad for at VEU skal få operasjonell kapasitet. På norsk side er det lagt vekt på at VEU blir utvikla i tettast mogleg politisk og militært samarbeid med NATO. Våren 1997 vart det endeleg løysing i striden om kva slag status dei assosierte medlemmene skulle ha i VEU i situasjonar der VEU skulle nytte NATO-ressursar i eigne operasjonar. Løysinga var fullt ut tilfredsstillande for Noreg. I dei seinaste åra har VEU meir og meir arbeidd i 18-landsramma, og skilnaden mellom fulle medlemmer, assosierte medlemmer og observatørar har vorte mindre. På norsk side har ein støtta denne utviklinga, og ein har understrekea at verksemda i VEU mest mogleg bør forankrast i 18-landsramma (alle europeiske NATO-land og EU-landa).

NATO er fundamentet i norsk tryggingspolitikk. Noreg har derfor arbeidd aktivt for å ta seg av norske interesser i den omfattande reformprosessen NATO no er inne i. Frå norsk side er det lagt særleg vekt på to sentrale forhold. For det første må kjernefunksjonane i NATO-samarbeidet førast vidare i ein tilpassa allianse: det kollektive forsvaret, dei sterke transatlantiske banda og NATO som tryggingspolitisk konsultasjonsforum for medlemslanda. For det andre må NATO gjere sitt til å byggje ned skiljelinene i etterkrigstidas Europa. NATO må spele ei sentral rolle i ein tryggingspolitisk integrasjon som femner om heile Europa. Frå norsk side har ein òg lagt til grunn at NATO må tilpassast slik at organisasjonen på ein god og effektiv måte kan ta på seg krisehandteringsoperasjonar med mandat frå FN eller OSSE. Mellom anna som ledd i arbeidet med å styrkje dei transatlantiske banda må den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten og tilhøvet til VEU vidareutviklast.

NATO har etter den kalde krigen fått nye oppgåver, særleg i form av fredstryggjande verksemd utanfor sitt eige ansvarsområde. Samarbeidet med partnarlanda og utvidinga er ressurskrevjande. Vi kan ikkje leggje til grunn at alle allierte er villige til å tilføre nye ressursar i takt med auken i oppgåvene. I åra framover må ein frå norsk side derfor vere budd på at organisasjonen blir nøydd til å gjere prioriteringar ein frå norsk side helst hadde sett annleis. Det er likevel brei semje om hovudlinene i reformarbeidet, og alliansen står sterkt, både politisk og militært. Trass i at NATO har handsama saker som har vore særs kompliserte og politisk vanskelege, har samhaldet mellom dei allierte vore godt.

1.1 DET POLITISKE SAMARBEIDET

NATO-samarbeidet vart i 1997 sterkt prega av førebuingane til toppmøtet i Madrid i juli, og deretter av oppfølginga av dei vedtaka som vart gjorde før og under dette møtet. Ved inngangen til 1997 såg ein for seg at arbeidet med ei lang rekkje saker i reformprosessen til NATO skulle sluttførast til toppmøtet. Dette galdt både ulike spørsmål knytte til utviklinga av samarbeidet med partnarlanda (den såkalla ytre tilpassinga), og spørsmål knytte til reformene av NATO-organisasjonen og til utviklinga av tilhøvet til Den vesteuropeiske unionen (den indre tilpassinga).

Av ulike årsaker vart nokre av sakene avslutta før toppmøtet (grunnakta med Russland, styrkinga av Partnarskap for fred og opprettinga av eit nytt partnarskapsforum, Det euroatlantiske partnarskapsrådet). I andre spørsmål viste det seg å vere uråd å nå fram til semje før toppmøtet (til dømes i spørsmålet om utforminga av ny kommandostruktur). Sjølve toppmøtet vart derfor i høgare grad enn planlagt prega av spørsmålet om kva for land som skulle inviterast til drøftingar om medlemskap i NATO.

Då allierte stats- og regjeringssjefar møttest i Madrid 8. juli, var det enno ikkje semje om kor mange land som skulle bli med i første utvidingsrunde. Fleire gjekk inn for fem land (Polen, Tsjekkia, Ungarn, Romania og Slovenia), medan USA, støtta av mellom andre Storbritannia, Tyskland, Danmark og Noreg, ville avgrense første runde til dei tre første av desse. Amerikanarane, som òg måtte ta omsyn til at mange senatorar var skeptiske til utvidinga, var ikkje innstilte på kompromiss. I september tok drøftingane med Polen, Tsjekkia og Ungarn til, og allereie i desember kunne dei allierte utanriksministrane skrive under protokollane om framtidig medlemskap for desse tre. Medlemskapen kan først ta til å gjelde når alle allierte land har ratifisert protokollane. Drøftingane stadfesta at dei tre var godt kvalifiserte til medlemskap, og at dei var budde på å ta på seg dei pliktene medlemskapen fører med seg. Drøftingane var også viktige i arbeidet med å førebu integreringa av dei tre i det allierte samarbeidet. NATO har som mål at ratifikasjonsprosessen skal vere ferdig til toppmøtet i Washington i april 1999, som blir halde i samband med markeringa av 50-årsjubileet til Atlanterhavspakta.

Toppmøtevedtaket om utvidinga stadfesta at alliansen vil vere open for fleire søkjarland. Ønsket om medlemskap frå Romania, Slovenia og dei tre baltiske landa vart nemt særskilt i toppmøteerklæringa. Dette såg desse fem landa som eit teikn på at NATO vurderte positivt det arbeidet dei hadde gjort for å kvalifisere seg. Utvidingsprosessen skal vurderast på Washington-toppmøtet i april 1999.

Då arbeidet med å førebu toppmøtet i Madrid og vedtaket om utvidinga tok til i desember 1996, la dei allierte stor vekt på at utviklinga av tilhøvet til også dei andre partnarlanda, inkludert Russland og Ukraina, måtte forserast. Det var brei semje om at ein berre kunne nå målet om auka tryggleik og stabilitet i Europa dersom alle interesserte land kunne ta del i den tryggingspolitiske integrasjonen NATO hadde sett i verk.

Partnarskap for fred hadde vore ein stor suksess sidan starten i 1994, men tida var no inne for ei meir grunnleggjande reform av partnarskapen. Partnarlanda vart trekte inn i drøftingar med dei allierte om dette, og på utanriksministermøtet i mai vart det mellom anna vedteke å gi partnarlanda ei større rolle i styringa og utforminga av samarbeidsaktivitetane, samstundes med at talet på samarbeidsfelt vart utvida.

Både dei allierte og partnarlanda hadde lenge sakna eit høveleg politisk motstykke til det praktiske samarbeidet i PFP. Det nordatlantiske samarbeidsrådet (NACC) hadde stivna i forma, og ein måtte finne ei ny plattform for den politiske konsultasjonsprosessen med partnarane. Drøftingar i NATO og med partnarlanda førte i mai fram til vedtaket om å opprette Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC). NACC vart nedlagt og oppgåvene overtekne av EAPC. Det nye rådet fekk meir fleksible ordningar for konsultasjonsverksemda, partnarlanda fekk meir å seie, og rådet fekk ei viktig rolle i utforminga av det praktiske samarbeidet i PFP.

Den viktigaste saka ved sida av utvidinga vart likevel tilhøvet mellom NATO og Russland. Dei allierte var samde om at Russlands stilling og politikk hadde særs mykje å seie for tryggleiken i Europa, og at Russland derfor stod i ei særstilling blant partnarlanda. Landet måtte ikkje isolerast, men trekkjast inn i eit tett politisk og praktisk samarbeid med NATO. Dei allierte hadde lenge ønskt å få russarane med på drøftingar om eit særskilt samarbeid mellom dei to, men Russland var lenge nølande. I desember 1996 gjekk utanriksministrane i NATO ut med eit tilbod om å inngå eit tosidig samarbeidscharter.

Etter intense drøftingar våren 1997 mellom generalsekretær Solana og utanriksminister Primakov kunne eit samarbeidsdokument ("grunnakta") med Russland underskrivast på eit eige toppmøte i Paris i mai. Det vart oppretta eit fellesråd for månadlege konsultasjonar på ambassadørnivå, for halvårlege konsultasjonar på ministernivå og for regelbundne ekspertdrøftingar. Samarbeidsdokumentet definerer dei saksfelta som skal prioriterast, og strekar opp korleis dei formelle samarbeidsstrukturane skal byggjast opp. Dokumentet inneheld også dei einsidige NATO-erklæringane frå månadene før om at dei allierte ikkje såg noko behov for å utplassere kjernevåpen eller stasjonere troppar i nye medlemsland.

Arbeidet i fellesrådet kom i gang tidleg om hausten. Det var møte på ambassadørnivå kvar månad, og mellom anna to møte på utanriksministernivå og eitt på forsvarsministernivå. Russland tok til med å byggje opp ein delegasjon til NATO-hovudkvarteret. Delegasjonen har også militære representantar.

Frå NATO si side har ein òg lagt stor vekt på tilhøvet til Ukraina, og på toppmøtet i Madrid vart det skrive under eit samarbeidscharter. Det er på eit vis ein parallell til grunnakta med Russland, men mindre ambisiøst. På toppmøtet vart det òg gjort vedtak om utviklinga av samarbeidet med land i Nord-Afrika og Midtausten (den såkalla Middelhavsdialogen).

Arbeidet med å utforme ein ny kommandostruktur har vore blant dei viktigaste i den indre tilpassinga av NATO. I denne saka måtte ein ta mange og ulike omsyn. Ein ny struktur skulle reflektere ei ny og utvida rolle for NATO, utviklinga av CJTF-konseptet og utviklinga av den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor NATO og tilhøvet til VEU. Den nye strukturen skulle òg vere billigare enn den gamle, og han skulle ta omsyn til tilhøvet til Frankrike og Spania. Arbeidet vart vanskelegare enn ein først hadde trudd. Målet om å få til semje om den nye strukturen til toppmøtet i Madrid vart ikkje nådd, men saka kunne endeleg avsluttast på ministermøta i desember. Vedtaket om hovudtrekka i den nye strukturen førte til at Spania går med som full medlem i det integrerte militære samarbeidet i NATO, medan Frankrike førebels blir ståande utanfor. Frankrike var ikkje nøgd med den rolla dei europeiske allierte var tiltenkte i den nye kommandostrukturen, men ønskte ikkje å blokkere saka. Frå fransk side var ein særleg misnøgd med at det regionale hovudkvarteret for dei allierte styrkane i Sør-Europa (AFSOUTH) framleis skulle leiast av ein amerikanar.

Vedtaket om å etablere eit opplegg for fleirnasjonale og utskilbare styrkeeiningar (Combined Joint Task Forces - CJTF) vart gjort på toppmøtet i 1994. Også denne saka greip inn i mange ulike aspekt ved arbeidet med den indre tilpassinga av NATO, og viste seg derfor å vere meir tidkrevjande enn ein først hadde tenkt. Vedtaka på utanriksministermøtet i juni 1996 om mellom anna ESDI skapte eit nytt grunnlag for arbeidet, som i 1997 kom så langt at ein kunne ta til med den praktiske utprøvinga av konseptet.

Arbeidet med å styrkje den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) prega samarbeidet mellom NATO og VEU også i 1997. NATO vedtok på ministermøtet i Berlin i juni 1996 at VEU kunne trekkje på NATO-ressursar i visse krisehandteringssituasjonar når NATO sjølv ikkje ønskte å engasjere seg. Slik kan sameinte ressursar nyttast på meir fleksibelt vis. VEU-rådet vil ha politisk kontroll og strategisk leiing med slike operasjonar, og VEU har utarbeidd døme på militære operasjonar ein kan tenkje seg å gjennomføre med bruk av NATO-ressursar. NATO vil planleggje på grunnlag av desse døma, inklusive for «utlån» av ressursar til VEU. I samarbeid med NATO skal VEU òg leggje fram eit innspel til retningsliner for forsvarsplanlegginga i NATO når det gjeld ikkje-artikkel 5-operasjonar. Arbeidet på desse områda held fram.

Deltaking i VEU-samarbeidet er Noregs einaste formelle tilknyting til det spesifikt europeiske tryggings- og forsvarssamarbeidet. Den assosierte medlemskapen gir Noreg høve til å delta aktivt i arbeidet med å auke det europeiske tryggingspolitiske ansvaret. Han gir likeins høve til å ta del i VEU-operasjonar innanfor fredstrygging, humanitære aksjonar og krisehandtering. Spørsmålet om kva slags rettar dei assosierte medlemmene skal ha i VEU når det gjeld planlegging og gjennomføring av VEU-operasjonar som nyttar NATO-ressursar, vart avklart våren 1997. Frå norsk hald vart det understreka at i slike tilfelle må alle europeiske NATO-allierte ha høve til å ta del i verksemda i VEU på like fot med dei fulle medlemmene av organisasjonen. Resultatet vart ei styrking av rettane til dei assosierte medlemmane og høve til medverking i avgjerdsprosessen i VEU om handsaming av kriser i regi av VEU. Amsterdam-traktaten styrkjer EU si rolle andsynes VEU og legg opp til eit nærare samarbeid mellom dei to organisasjonane.

Samarbeid om fredstryggjande verksemd er eit viktig emne innanfor både Det euroatlantiske partnarskapsrådet og fellesrådet NATO - Russland. Innanfor begge er det skipa eigne ad hoc-grupper som studerer korleis ein kan førebu felles fredsoperasjonar for FN eller OSSE. SFOR-operasjonen i det tidlegare Jugoslavia er eit konkret døme på den nye typen krisehandteringsoppgåver NATO er budd på å utføre.

Den NATO-leidde IFOR-operasjonen «Joint Endeavour» i Bosnia vart 20. desember 1996 avløyst av ein ny NATO-leidd operasjon. Denne operasjonen fekk namnet «Joint Guard» og blir gjennomført av ein styrke kalla SFOR (Stabilization Force). Joint Guard var i praksis ei vidareføring av Joint Endeavour, og ein la i like høg grad som tidlegare vekt på at partnarland og Russland skulle vere med i operasjonen. I tillegg til dei 16 allierte er 20 land med i operasjonen. SFOR omfattar om lag 35 000 mann, blant dei 800 frå Noreg.

Mandatet til SFOR går ut i juni 1998, men det vart i 1997 klart at forholda ikkje ville liggje til rette for ei uttrekking allereie då. Alle dei europeiske allianselanda streka under at operasjonen måtte halde fram også etter dette. I november stadfesta også USA at dei la til grunn at alle NATO-landa ville bli verande på bakken i Bosnia etter juni 1998.

Det er semje om at også ein etterfølgjarstyrke skal organiserast og leiast av NATO, og at han skal ha mandat frå Tryggingsrådet i FN. Denne styrken må vidare ha ei einskapleg kommando- og kontrollordning med SACEUR som øvste militære ansvarlege. Dei ordningane som gjeld for dei ikkje-allierte landa i SFOR, skal vidareførast. SFOR-reglane for arrestasjon av krigsforbrytarar skal òg vidareførast.

Eitt av hovudspørsmåla har vore om etterfølgjarstyrken skal ha mandat til å ta seg av ro og orden når det lokale politiet i Bosnia sjølv ikkje maktar eller ønskjer å løyse denne oppgåva. Dette gjeld særleg i situasjonar som kan oppstå når flyktningar kjem attende til område der dei vil vere i etnisk mindretal, og når folkevalde representantar som er i etnisk mindretal i den krinsen dei er valde i, skal utføre sine funksjonar. Det er fremja forslag om å opprette spesialstyrkar som skal ha til oppgåve å halde ro og orden, og som skal stå under kommando og kontroll av etterfølgjarstyrken. Ved årsskiftet 1997-98 var det enno ikkje gjort vedtak i dette spørsmålet.

Avtalen om konvensjonell nedrusting i Europa, CFE, står heilt sentralt i det arbeidet NATO gjer på rustingskontrollfeltet. Sidan 1996 har ein arbeidd med å tilpasse CFE-avtalen til den nye situasjonen i Europa. Det er no semje om å endre blokk-til-blokk-tilnærminga i avtalen til eit system bygd på nasjonale og territorielle styrketak. Noreg har prioritert arbeidet med å føre vidare ei god ordning for flanken i CFE-området, der mellom anna Noreg og Norvest-Russland inngår. Arbeidet med detaljane i tilpassinga av CFE-avtalen held fram i 1998.

I kommunikea frå utanriks- og forsvarsministermøta i desember vart det vist til Ottawa-konvensjonen om forbod mot antipersonellminer. Det vart vedteke at konsekvensane av konvensjonen for NATO skulle vurderast. Samstundes ville ein syte for at nasjonale skyldnader i høve til konvensjonen kunne sameinast med skyldnadene under Atlanterhavspakta. Det var semje om å starte arbeidet med ei militær utgreiing med vekt på ulike aspekt knytte til interoperabilitet.

1.2 FORSVARSSAMARBEIDET

Som ei naturleg følgje av dei endra tryggingspolitiske tilhøva i Europa har allianselanda halde fram med å redusere og omprioritere forsvarsbudsjetta sine. Som ein konsekvens av dette vil det i framtida kunne bli større konkurranse om dei gjenverande forsterkingsstyrkane. Dette vil kunne få konsekvensar for Noreg i ein krise- eller krigssituasjon. Såleis varsla Canada på slutten av 1994 at landet ikkje lenger ville bidra til den samansette NATO-styrken (NATO Composite Force - NCF), som er øyremerkt for forsvaret av Noreg. Ein arbeider framleis med å finne erstatning for det kanadiske bidraget.

Forsvarsministrane har sidan våren 1996 hatt møte på rådsnivå med fransk deltaking. Sjølv om Frankrike sommaren 1997 gjorde vedtak om ikkje å slutte seg til det integrerte militære samarbeidet i NATO, er det semje om å halde fram med det nære militære og forsvarspolitiske samarbeidet.

Ein har arbeidd vidare med iverksetjinga av CJTF-konseptet, særleg når det gjeld tal, storleik og struktur på hovudkvartera. Ei første øving av konseptet viste at ressurskrava er større enn ein hadde rekna med, både med omsyn til samband, logistikk og personell. Det er opna for at stabsoffiserar frå partnarlanda kan få høve til å delta i planlegging og øving av CJTF.

Forsvarsministrane vedtok i desember 1997 dei overordna rammene for den nye kommandostrukturen. Semja omfattar tal, type og lokalisering av hovudkvarter i den nye strukturen. Dei var dessutan samde om å endre prosedyrane for forsvarsplanlegginga i NATO. Ei av målsetjingane var å setje NATO betre i stand til å støtte VEU-leidde operasjonar.

Forsvarsministrane møttest òg i forsvarsplanleggingskomiteen (DPC), der Frankrike ikkje er med. Her vart ulike sider ved forsvarsplanlegginga debatterte. Planlegginga hadde vist seg vellukka i den NATO-leidde operasjonen i Bosnia, og PFP-samarbeidet hadde forenkla arbeidet med å innlemme partnarland i operasjonen. Dei politiske retningslinene for utforminga av styrkemål for 1998 vart vedtekne.

Også innanfor ramma av den kjernefysiske planleggingsgruppa (NPG) møttest forsvarsministrane i 15-landsformat i juni og desember. Ved sida av det meir rutinebundne arbeidet med sikring av overlevingsevna til dei allierte kjernevåpna vart det særleg fokusert på dei russiske kjernevåpenstyrkane og dei planlagde konsultasjonane i fellesrådet NATO - Russland om kjernevåpenspørsmål. Forsvarsministrane streka på nytt under den plassen kjernevåpna skal ha i allianseforsvaret og deira grunnleggjande politiske rolle. Mengda allierte kjernevåpen er no på eit lågt nivå. Ministrane oppmoda Russland til å ratifisere START II-avtalen slik at forhandlingar om ein START III-avtale kan setjast i gang.

Nederland arrangerte hausten 1997 eit uformelt forsvarsministermøte i Maastricht. Ministrane vart samde om å halde fram med det nære militære samarbeidet med Frankrike. Kommandostrukturen, tilhøvet til Russland og NATO-utvidinga vart også drøfta.

Forsvarsministermøta hausten 1997 var prega av semja om ny kommandostruktur, førebuingane til NATO-utvidinga og framtida til NATO-operasjonen i Bosnia, men òg av manglande semje om ressursimplikasjonane ved utvidinga. Frå norsk side vart det understreka at vi var nøgde med vedtaket om ny kommandostruktur, og det vart peika på at den nye strukturen måtte bli billegare enn den gamle. For å sikre ei vellukka implementering av den nye strukturen la ein frå norsk side vekt på at dei fleirfunksjonelle hovudkvartera på subregionalt nivå måtte få ein balansert planleggings-, kommando- og kontrollkapasitet for fredstidsoperasjonar og krisesituasjonar. Ein støtta ideen om at stabsoffiserar frå partnarlanda på permanent basis kunne knytast til kommandostrukturen på strategisk og regionalt nivå. Det vart vist til at hovudkvarterskonseptet når det gjeld CJTF, ville vere kjernen i det framtidige militære samarbeidet med partnarlanda. Med etableringa av CJTF kunne slik deltaking vere kjernen i integreringa av partnarlanda i kommandostrukturen. På denne måten kunne partnarlanda få eit verkeleg ansvar for planlegging av alliert verksemd.

Dei allierte forsvarsministrane hadde to møte med den russiske forsvarsministeren. Det siste vart halde innanfor ramma av fellesrådet NATO - Russland. Sentrale tema på desse møta var praktiske tiltak for å styrkje samarbeidet og russisk deltaking i PFP, men òg den russiske motstanden mot utvidinga av NATO.

Den franske liaisonordninga til militærkomiteen er no endra til ein vanleg militærmisjon til NATO, og Frankrike deltek på lik line med dei andre medlemslanda. I 1997 har militærkomiteen vore særleg aktiv i samband med den rolla NATO har i det tidlegare Jugoslavia og i arbeidet med utforming av ny kommandostruktur.

Samarbeidet i PFP har i dei siste fire åra vorte særs omfattande både i talet på deltakarland og i aktivitetsnivå. Både Russland og alle dei nordiske og baltiske landa er med i samarbeidet. Dette gjer det mogleg å etablere nye samarbeidsrelasjonar i nord, og PFP kan dermed bli ei plattform for utvida nordisk tryggingspolitisk samarbeid. PFP-øvingar med nordisk deltaking på nordisk territorium vil vere eit viktig signal om vilje og evne til nytenking på dette området. Det blir lagt vekt på russisk deltaking i slike øvingar.

Til forsiden