St.meld. nr. 35 (1997-98)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 1997

Til innholdsfortegnelse

3 Forsvarssamarbeidet

3.1 ALLIERT SAMVIRKE

Heilt sidan alliansen vart etablert i 1949, har forsvarssamarbeidet vore ein berebjelke i det allierte samvirket. Det landa først og fremst ønskte, var å stå saman for betre å kunne møte ein felles fiende. For å gjere evna til kollektivt forsvar truverdig vart det etablert ei rekkje former for alliert samvirke. Det vart etablert komitear med representasjon frå forsvaret i dei einskilde NATO-landa, og ein sams kommandostruktur. Samstundes tok ein til med å utarbeide felles forsvarsplanar. Her vart det sett mål for kvart land, som så vart bede om å prioritere særskilde tiltak i samsvar med dette. Militære øvingar var ein særs viktig del av det allierte samvirket. På denne måten kunne landa måle kvaliteten på styrkane og gjere endringar i trening, planverk og utstyr. Ei rekkje komitear vart oppretta for å drøfte det allierte forsvarssamarbeidet. Av desse kan nemnast forsvarsplanleggingskomiteen (DPC), den kjernefysiske planleggingsgruppa (NPG) og militærkomiteen (MC).

NATO-rådet spelar ei viktig rolle både for det politiske samarbeidet og for forsvarssamarbeidet. Då Frankrike i 1966 melde seg ut av forsvarssamarbeidet, vart det slutt på forsvarsministermøta i NATO-rådet. Endra fransk politikk gjer at alle dei 16 forsvarsministrane frå 1996 igjen har møtst på rådsnivå.

Innhaldet i samvirket har utvikla seg med dei tryggingspolitiske tilhøva i Europa. I den kalde krigen var verksemda i hovudsak retta mot militære planar, tiltak og øvingar for å kunne møte eit åtak mot NATO-landa frå Sovjetunionen og Warszawapakta. Utviklinga dei siste åra har ført til ei endring i det allierte samvirket. Dei militære planane, tiltaka og øvingane femner ikkje berre om det kollektive forsvaret. Dei same militære strukturane må kunne handtere regionale kriser og konfliktar, hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen, støtte partnarlanda og gjere det mogleg for VEU å nytte allierte militære strukturar, mellom anna ved å synleggjere den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) innanfor NATO.

Samstundes har dei allierte landa redusert innbetalingane til NATO. Det er derfor sett i gang ei omfattande tilpassing av dei militære strukturane og rammene for forsvarssamarbeidet. Målet er å setje NATO i stand til å gjere meir til lågare pris. Den NATO-leidde operasjonen i Bosnia, samvirket med partnarlanda og omforminga av alliansen tok det meste av merksemda i 1997.

3.2 ARBEIDET I FORSVARSPLANLEGGINGSKOMITEEN

Forsvarsplanleggingskomiteen (Defence Planning Committee, DPC) er normalt sett saman av ambassadørane frå NATO-landa, men møtest minst to gonger i året på forsvarsministernivå. Komiteen er det øvste organet for det forsvarspolitiske samarbeidet i NATO, og drøftar dei fleste saker som har med forsvarssamarbeidet å gjere, med særleg vekt på den kollektive forsvarsplanlegginga. Komiteen pålegg militærkomiteen oppgåver, og har innanfor sitt ansvarsfelt same rolla som NATO-rådet. Frankrike er ikkje er med i komiteen.

DPC arbeidde i 1997 vidare med forsvarstilpassinga av alliansen til ein ny situasjon og med å setje i verk dei styringsdokumenta som vart vedtekne i 1991. Vidare har alliansen halde fram med utviklinga av Partnarskap for fred og med ulike aspekt knytte til utvidinga av alliansen. DPC har òg halde fram med å greie ut korleis ein skal kunne løyse nye oppgåver, særleg innanfor krisehandtering og fredsoperasjonar. Forsvarsplanlegginga er no meir retta mot krisehandtering enn situasjonar der allierte land blir truga.

Samstundes var verksemda i DPC prega av at mange av dei spørsmåla som før vart diskuterte i DPC, no i staden blir drøfta i NATO-rådet, der Frankrike er med på line med dei andre. Verksemda i DPC er no derfor meir enn tidlegare prega av spørsmål omkring forsvarsplanlegging og rammene for forsvarsplanlegginga.

Sidan faren for ein omfattande krig i Europa no er særs liten, har dei allierte dei siste åra redusert og omprioritert forsvarsbudsjetta sine. Dei styrkane som nasjonane i dag set av til det kollektive forsvaret, har ikkje lenger det same omfanget som i den kalde krigen. Som ein konsekvens av dei reduserte nasjonale forsvarsbudsjetta og omprioriteringane vil det i framtida kunne bli større konkurranse om dei attverande forsterkingsstyrkane. Dette vil kunne få følgjer for Noreg i ein krise- eller krigssituasjon.

Mot slutten av 1994 varsla Canada at landet ikkje lenger ville bidra til den samansette NATO-styrken (NATO Composite Force, NCF), som er øyremerkt for forsvaret av Noreg. Canada har no trekt tilbake utstyret sitt frå Noreg. Denne avgjerda sa ein seg svært lei for frå norsk side, og i samarbeid med NATO har norske styresmakter arbeidd med å finne ei erstatning. Dette arbeidet vil halde fram.

Etter at toppmøtet i Madrid gjorde vedtak om å invitere Polen, Tsjekkia og Ungarn til drøftingar om medlemskap, har DPC drøfta følgjene for dei allierte forsvarsplanane. Det er alliert semje om at planane no må tilpassast, men at dette ikkje skal påverke behova til dei noverande medlemmer. Medan dei noverande NATO-landa vil bidra til det kollektive forsvaret av dei komande NATO-landa, vil dei nye landa bidra til det kollektive forsvaret av dei noverande.

Ministerial Guidance er utarbeidd innanfor 15-landsramma og var det einaste dokument som vart handsama av forsvarsministrane på vårmøtet i DPC. Dokumentet gir overordna politiske retningsliner for den føreståande plansyklusen. Desse retningslinene blir lagde til grunn når dei militære styresmaktene i NATO skal førebu styrkemål, og i den nasjonale planlegginga i NATO-landa. Det blir utarbeidd nye retningsliner annakvart år med høve til oppdateringar i mellomliggjande år.

For å sikre ein sams alliert styrkestruktur har det vore fremja forslag om at styrkar som er tilgjengelege for fellesforsvaret, òg skal vere tilgjengelege for krisehandtering. Dei fleste NATO-landa ønskjer ikkje å fjerne skiljet mellom dei pliktene som følgjer av artikkel 5 i NATO-traktaten, og spørsmålet om å bidra med styrkar til krisehandtering. Ein har like fullt slutta seg til at NATO for planleggingsføremål kan ta som utgangspunkt at desse styrkane i prinsippet kan gjerast tilgjengelege for ikkje-artikkel 5-operasjonar. Frigiving av styrkar til ein konkret operasjon vil framleis vere ei nasjonal sak og vil bli handsama i tråd med nasjonale prosedyrar. Frå norsk side har ein gjort dei andre NATO-landa merksame på at norsk lovgiving gjer at vi ikkje kan forplikte oss til å stille til rådvelde einingar med norske vernepliktige til ikkje-artikkel 5-operasjonar utanfor Noregs grenser.

Frå norsk side har ein særleg lagt vekt på NATO Composite Force (NCF) og prinsippa for fellesfinansiering. Det er semje om behovet for styrkar med evne til å operere i arktiske strøk, og det er erkjent at det er manglar i dei øyremerkte forsterkingsstyrkane som skal ha slik spesialkompetanse. Noreg har fått forsikringar om at det skal takast omsyn til dette i utforminga av styrkemåla for 1998.

Ministerial Guidance slår fast at fellesfinansiering er eit viktig prinsipp for alliansesamarbeidet, og at fellesfinansieringa skal støtte den nye kommandostrukturen, ESDI, implementeringa av CJTF-konseptet, NATO-utvidinga og PFP, utan at dette skal svekkje evna til å dekkje heile spekteret av oppdrag som NATO kan bli stilt overfor.

Skal tryggingsgarantien til nye medlemsland vere truverdig, må militære styrkar i desse landa kunne operere saman med styrkar frå dei noverande allierte. Det vil også stille krav til eit minimum av infrastruktur i dei nye medlemslanda på område som kommando og kontroll, samband, luftvern og mottakskapasitet for forsterkingar. Dette vil medføre kostnader for nye medlemsland og for fellesbudsjetta i NATO. Utvidinga vil derfor få ressursmessige implikasjonar for alliansen, men ekstrakostnadene ligg på eit rimeleg nivå (jf pkt 2.2.1).

Våren 1997 vart det utvikla eit oppdatert spørjeskjema for forsvarsplanleggingsprosessen (Defence Planning Questionnaire, DPQ). Her vart NATO-landa bedne om å opplyse om status for dei nasjonale forsvarsplanane ut frå tidlegare fastsette målsetjingar, gjere opp status for sine nasjonale bidrag til NATO og opplyse om planar for innkjøp av materiell og forventa budsjettutvikling. Dei såkalla DPQ-svara frå NATO-landa danna grunnlaget for landkapitla. I landkapitla omtalar og vurderer NATO dei einskilde landa. I byrjinga av september vart det halde trilaterale eksaminasjonar. Her drøfta kvart land dei respektive landkapitla med representantar for dei sivile og militære styresmaktene i NATO. På grunnlag av desse eksaminasjonane vart det utarbeidd nye landkapittel, som vart distribuerte til alle landa i den integrerte militære strukturen. I november følgde multilaterale eksaminasjonar. Her kunne alle landa i den integrerte strukturen stille kritiske spørsmål til dei enkelte landkapitla. Etter dei multilaterale eksaminasjonane vart det utarbeidd ein General Report , som samla opp dei vurderingane som var gjorde i denne prosessen.

Rapporten viste at dei fleste NATO-landa har nullvekst som målsetjing. Innanfor desse stramme rammene prioriterer ein omstrukturering i retning av lettare, mobile reaksjonsstyrkar med kort reaksjonstid. Det er ein klar tendens i retning av å leggje vekt på profesjonelle styrkar framfor vernepliktsforsvar.

For ei rekkje allierte har det oppstått ei spenning mellom planmål og budsjettrammer. Ein har langt på veg makta å løyse dette ved ytterlegare effektivisering på områda infrastruktur og drift. Samstundes er nokre meir langsiktige investeringsprosjekt utsette eller reduserte. Dette kan om nokre år få konsekvensar for NATO si evne til å handtere heile spekteret av militære oppgåver. Det blir derfor peika på at det er viktig å finne balansepunktet mellom investeringar og drift.

Rapporten har ei detaljert gjennomgåing av status for dei enkelte forsvarsgreinene. Eit gjennomgåande tema er om styrkane vil vere tilgjengelege for ikkje-artikkel 5-operasjonar og VEU-leidde operasjonar. VEU er vigd særskild merksemd i rapporten, som har ei gjennomgåing av behov VEU har identifisert, og NATO si handtering av desse behova.

Rapporten omtalar òg beredskapsnivå, fredsoperasjonar og strategisk mobilitet. Av særleg interesse for Noreg er omtalen av forsterkingsplanlegginga, der det står om status i arbeidet med å utvikle allierte forsterkingsplanar. Omsynet til dei tre inviterte landa blir framheva, samstundes som det blir understreka at utviklinga av forsterkingsplanar for desse landa ikkje må gå utover forsterkingsplanane til noverande NATO-land. Det er innarbeidd ein omtale av behovet for styrkar som er i stand til å operere under klimatisk vanskelege tilhøve, likeins omtalar dokumentet manglar i den samansette NATO-styrken (NCF). Det blir peika på at dette spørsmålet skal ein ta opp under arbeidet med allierte styrkemål i 1998.

3.3 ARBEIDET I NATO-RÅDET

Frå Frankrike trekte seg frå forsvarssamarbeidet i 1966 og fram til 1996 arbeidde NATO-rådet i første rekkje med reint politiske saker. Forsvarssamarbeidet vart handtert av forsvarsplanleggingskomiteen (DPC) eller av gruppa for kjernefysisk planlegging (NPG). Etter at NATO i 1992 opna for deltaking i fredsoperasjonar med mandat frå KSSE (no OSSE) eller FN, er dette endra. På utanriksministermøtet hausten 1992 sa den franske utanriksministeren at fredsoperasjonar var ei sak for alle dei 16 medlemslanda. I januar 1993 gjekk den franske ambassadøren inn for at den franske militærmisjonen til NATO måtte ha fulle rettar i militærkomiteen når fredsoperasjonar vart debatterte. Seinare deltok Frankrike på lik line med dei andre NATO-landa i militærkomiteen når situasjonen i det tidlegare Jugoslavia vart diskutert. På utanriksministermøtet i desember 1995 opna den franske utanriksministeren for at Frankrike kunne ta del i forsvarssamarbeidet i heile si breidd.

Dette har ført til to endringar. For det første blir fleire saker i forsvarssamarbeidet no drøfta i NATO-rådet. For det andre kan også forsvarsministrane no møtast i rådet og ikkje berre i DPC og NPG. NATO-rådet har med andre ord igjen fått ein eigen forsvarsministersesjon i tillegg til utanriksministersesjonen.

Frankrike har likevel førebels ikkje slutta seg til det integrerte militære samarbeidet i NATO, slik dei andre NATO-landa hadde vona. Sidan Frankrike ikkje er med i forsvarsplanleggingsprosessen, blir allierte forsvarsplanar ikkje diskuterte i NATO-rådet, men i DPC. Den nye situasjonen gjer det vanskelegare å trekkje eit klart skilje mellom det utanrikspolitiske samarbeidet og det forsvarspolitiske samarbeidet i NATO, og forsvars- og utanriksministrane drøftar langt på veg dei same sakene.

Fem tema dominerte forsvarsministermøta i 1997: prosedyrane for den allierte forsvarsplanlegginga, NATO-operasjonen i Bosnia, arbeidet med ein ny kommandostruktur, NATO-utvidinga og gjennomgåinga av NATO sitt strategiske konsept.

Sjølv om den allierte forsvarsplanlegginga går føre seg innanfor DPC i ei 15-landsramme, blir prosedyrane godkjende av NATO-rådet og handsama av forsvarsministrane i alle dei 16 NATO-landa. Etter at det vart semje i VEU om tilhøvet til dei europeiske NATO-allierte, kunne NATO våren 1997 sluttføre arbeidet med ei endring av prosedyrane for forsvarsplanlegginga. Dokumentet vart godkjent av forsvarsministrane i juni 1997. Særleg av kapasitetsomsyn skal ein redusere gjennomgåinga av dei ulike plandokumenta i NATO. I staden blir det etablert eit system med rutinebundne oppdateringar av dei samme dokumenta. Ein held fast ved ein sams planstruktur. Heile spekteret av militære oppdrag blir handtert og dei ulike tiltaka prioriterte. Forutan det kollektive forsvaret, skal plandokumenta vurdere krisehandtering, utviklinga av ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet, samarbeidet med VEU, spreiing av masseøydeleggingsvåpen og samarbeidet med partnarlanda. VEU får høve til å komme med bidrag til utforminga av dei overordna, politiske styringsdokumenta og til utforminga av styrkemål for kvart av NATO-landa. Ei rekkje allierte nøkkeldokument blir dessutan oversende til VEU, men berre for VEU-land som òg er med i NATO.

På forsvarsministermøtet om våren sa ministrane seg nøgde med innsatsen til NATO-styrkane i Bosnia, men dei var samstundes uroa over at partane hadde lita evna til å føre fredsprosessen vidare. Ministrane streka under at det var viktig å samordne arbeidet mellom dei militære og politiske sidene i Dayton-avtalen. Om hausten vart drøftingane om Bosnia ei klar understreking av det ønsket europeerane hadde om at også USA heldt fram med sitt bidrag i Bosnia utover SFORs mandatperiode. Fleire forsvarsministrar gjekk inn for auka støtte til den internasjonale politistyrken (IPTF) og var urolege for at SFOR skulle bli pålagd oppgåver styrken ikkje hadde mandat for eller ressursar til å meistre. Dei vart samde om at det i perioden fram mot mars 1998 måtte bli utarbeidd opsjonar for eit vidare militært engasjement i Bosnia utover mandatperioden. Dei la vekt på å sikre samsvar mellom oppdrag og styrkesamansetjing. Fleire forsvarsministrar ønskte å gå bort frå tidsavgrensa mandat og i staden utvikle kriterium som skal leggjast til grunn i vurderinga om når operasjonen skal avsluttast.

I den indre tilpassinga har spørsmålet om ny kommandostruktur hatt ein sentral plass, og i desember kunne det endeleg gjerast vedtak i saka. Den nye kommandostrukturen skal ha tre ulike kommandonivå: strategisk, regionalt og subregionalt, mot fire nivå i dag. Det er blir to strategiske kommandoar, ein Europa-kommando og ein Atlanterhavs-kommando, begge leidde av amerikanarar. Atlanterhavskommandoen blir inndelt i tre regionale kommandoar.

Europakommandoen blir inndelt i to regionale kommandoar. AFNORTHWEST og hovudkvarteret i High Wycombe blir nedlagt. Det regionale hovudkvarteret i nord skal leggjast til Brunssum, og det regionale hovudkvarteret i sør til Napoli.

På subregionalt nivå blir det ei blanding av funksjonelle (ei forsvarsgrein) og fleirfunksjonelle (alle forsvarsgreiner) hovudkvarter. I nord blir det funksjonelle hovudkvarter i Northwood og Ramstein og fleirfunksjonelle hovudkvarter i Heidelberg, Karup og Stavanger. I sør blir det to funksjonelle hovudkvarter i Napoli, dessutan fleirfunksjonelle hovudkvarter i Madrid, Verona, Larissa og Izmir.

Frankrike blir stående utanfor det integrerte militære samarbeidet i NATO, medan Spania sluttar seg til.

Vedtaket om ny kommandostruktur skil mellom vedtak om struktur og iverksetjing av strukturen. Ein implementeringsplan skal handsamast av forsvarsministrane i 1998. Målet er at iverksetjinga av den nye strukturen skal ta til seinast innan toppmøtet i Washington i 1999. Det er ikkje fastsett noko tidspunkt for når iverksetjingsarbeidet skal vere ferdig.

Noreg vil behalde eit alliert fleirfunksjonelt hovudkvarter på subregionalt nivå (Stavanger). Det skal høyre til nordkommandoen og liggje under det regionale hovudkvarteret i Brunssum. Dette vil gi ei sterkare tilknyting til det kontinentale Europa enn i dag. Samstundes blir det ei utfordring å sikre at det framleis blir fokusert på nordområda i eit hovudkvarter som til no ikkje har hatt norsk personell. Dette hovudkvarteret vil òg ha ein stor del av merksemda si retta mot NATO-utvidinga, CJTF-konseptet, Baltikum, Russland og etablering av eit robust kommando- og kontrollapparat i nord.

Eit viktig mål med den nye kommandostrukturen er å utvikle ESDI innanfor alliansen, basert på utskilbare, men ikkje skilde kommando-ordningar. Hovudsiktemålet er å gjere det mogleg for VEU å nytte NATO-ressursar til ein operasjon der ein ikkje ønskjer å nytte NATO. Det er semje om mekanismar som opnar for at NATO kan stille med både øvstkommanderande, brorparten av stabselementa, og planleggingskapasiteten i ein VEU-operasjon. Det er semje om gi Deputy SACEUR, nestkommanderande i Europakommandoen (som er europear), eit særskilt ansvar for planlegging og trening for moglege VEU-operasjonar. Deputy SACEUR vil også vere ein naturleg kandidat til stillinga som øvstkommanderande for ein eventuell VEU-operasjon som nyttar NATO-ressursar. Innan den nye kommandostrukturen er på plass, vil dei ordningane det rår semje om ikkje bli sette ut i livet, sjølv om det formelle rammeverket er på plass og dei nødvendige rådsvedtaka er gjorde.

Skulle det bli aktuelt med ein VEU-leidd operasjon som nyttar NATO-ressursar, vil mykje basere seg på fleksible ad hoc-løysingar. Deputy SACEUR vil få eit fast ansvar i høve til ESDI frå den tid den nye kommandostrukturen er på plass, og vil innanfor NATO-ramma både planleggje og øve for moglege VEU-leidde operasjonar. Dette blir kanskje den største umiddelbare utfordringa for Noreg, fordi vi kan bli vitne til aukande konkurranse om den allierte øvingsverksemda, både med omsyn til lokalisering av øvingane og med omsyn til dei elementa som NATO skal trene.

Drøftingane om utvidinga av alliansen på vårmøtet knytte seg særleg til kven ein skulle invitere, og korleis ein skulle førebu alliansen militært på NATO-utvidinga. På haustmøtet drøfta forsvarsministrane særleg dei militære førebuingane til NATO-medlemskapen i dei tre inviterte landa. Forsvarsministrane vart òg samde om eit førebels overslag over venta kostnader. Dei rekna med at utvidinga over ein tiårsperiode ville koste om lag 1,5 milliardar dollar. Om hausten vart forsvarsministrane frå Polen, Tsjekkia og Ungarn inviterte til eit særskilt ministermøte. Dette var første gongen desse landa deltok på eit formelt ministermøte i NATO.

3.4 ARBEIDET I GRUPPA FOR KJERNEFYSISK PLANLEGGING

Gruppa for kjernefysisk planlegging (Nuclear Planning Group, NPG) drøftar spørsmål knytte til kjernevåpenstyrkane og kjernevåpenstrategien i alliansen, inkludert kjernefysisk rustingskontroll. Alle NATO-landa med unntak av Frankrike er med i NPG-samarbeidet (Island er observatør). Det kontinuerlege samarbeidet mellom deltakande land går føre seg i NPG-stabsgruppa, dessutan i høgnivågruppa til NPG (HLG), som i hovudsak førebur meir langsiktige politiske retningsliner.

Det er normalt to forsvarsministermøte i året i NPG. Desse møta har dei siste åra vore korte og har vorte haldne i samband med møta i DPC. Dette er eit uttrykk for at omfanget av kjernevåpenplanlegginga i alliansen har vorte sterkt innskrenka, og for at kjernevåpenpolitikken og styrkestrukturen i hovudtrekk ligg fast.

Arbeidet i NPG dreidde seg i 1997 særleg om tiltak for å sikre overlevingsevna til kjernevåpen og leveringsmiddel i fred og konflikt. Utviklinga innanfor dei russiske kjernevåpenstyrkane var òg eit viktig tema. Ikkje minst er ein frå alliert side oppteken av den vekt Russland legg på taktiske kjernevåpen, og det forhold at øydelegginga av slike våpensystem går seint. Den store mengda attverande taktiske kjernevåpen i Russland, ikkje minst i høve til dei sterkt reduserte allierte styrkane, og den politiske og fysiske kontrollen over stridshovuda deira, er viktige saker dei allierte ønskjer å drøfte med russarane.

USA og Russland er samde om ei utsetjing av iverksetjingstida for START II, og det er von om at dette vil auke utsiktene til ei snarleg russisk ratifisering av avtalen, slik at forhandlingar om ein START III-avtale kan kome i gang. NATO-landa er nøgde med at USA, Russland, Kviterussland, Kasakhstan og Ukraina i september vart samde om at ABM-avtalen frå 1972 om forbod mot antiballistiske missil framleis skal gjelde, og samstundes ikkje vere til hinder for utvikling av forsvarssystem mot kortrekkande missil.

3.5 DET UFORMELLE FORSVARSMINISTERMØTET I MAASTRICHT

Kvar haust sidan 1993 har dei allierte forsvarsministrane hatt eit uformelt møte. I 1997 vart møtet halde i Nederland. Møta har ikkje nokon fast dagsorden, men ministrane kjem med framlegg om saker dei ønskjer å innleie om. På møta blir desse sakene drøfta, men det blir ikkje gjort vedtak. Ministrane kan likevel nå fram til ei felles forståing av ei sak, som kan bli følgd opp av andre NATO-organ. På møtet i Nederland drøfta dei den indre og ytre tilpassinga av alliansen og NATO-operasjonen i Bosnia. Forsvarsministrane hadde òg møte med forsvarsministrane frå Polen, Tsjekkia og Ungarn og med den russiske forsvarsministeren. Det var semje blant ministrane om å halde fram med det nære militære samarbeidet med Frankrike, sjølv om Frankrike ikkje har slutta seg til det integrerte militære samarbeidet i NATO.

3.6 ARBEIDET I MILITÆRKOMITEEN

Militærkomiteen er samansett av forsvarssjefane i dei medlemslanda som er med i det integrerte militære samarbeidet, og er den øvste militære styresmakta i NATO. I 1996 tok Frankrike sete i komiteen, etter at landet igjen slutta seg nærare til den integrerte militære strukturen i alliansen. I det daglege er forsvarssjefane representerte av ein fast militær representant. Militærkomiteen spelar ei sentral rolle i forsvarsplanlegginga og i det generelle militære samarbeidet. Han gir militære råd til NATO-rådet og forsvarsplanleggingskomiteen og tek imot direktiv frå desse politiske organa.

Hovudområda for verksemda i militærkomiteen var i 1997 den internasjonale fredsstyrken i Bosnia-Hercegovina (SFOR). Vidare har komiteen arbeidd med ulike spørsmål knytte til den indre og ytre tilpassinga av NATO. Her har langtidsmeldinga om ny kommandostruktur og utgreiinga om utvidinga av alliansen vore hovudtema. Militærkomiteen har òg arbeidd med vidareutviklinga av det militære samarbeidet i Partnarskap for fred, CJTF-konseptet, ESDI og tilhøvet til VEU. Militærkomiteen - medrekna stabar og underkomitear - hadde omfattande konsultasjonar med partnarlanda i ulike fora, både samla og enkeltvis.

I sin rapport til forsvarssjefane i desember 1997 stadfesta øvstkommanderande i Europa (SACEUR) at trass i at SFOR er mindre enn IFOR, har SFOR vore i stand til å ta på seg eit større spekter av oppgåver. Hovudoppgåva for dei militære styrkane er framleis å hindre valdsbruk, men SACEUR meinte at auka innsats på den sivile sida ville vere ein føresetnad for å kunne redusere storleiken på den internasjonale fredsstyrken.

Militærkomiteen har teke aktivt del i arbeidet med CJTF-konseptet. Utarbeidinga av ein doktrine for CJTF-hovudkvarter har stått særleg sentralt, etter at komiteen i januar vedtok direktivet for militær implementering av konseptet til hovudkvartera for CJTF. Utprøvinga av konseptet tok til i 1997 og vil halde fram i 1998.

Eit anna element som har kravd mykje arbeid, er utforminga av den nye kommandostrukturen. Drøftingane om den nye strukturen var lenge hemma av usemja om inndelinga i Egearhavet. Framdrifta i arbeidet vart mykje betre etter at forsvarssjefane vart samde om ikkje å ha deleliner innanfor regionane i den nye strukturen. Som det går fram av pkt 3.3, vart denne saka løyst i desember.

Før den nye strukturen kan setjast i verk, er det ei rekkje detaljspørsmål som må avklarast. Ei førebels skisse av iverksetjingsplanen skal godkjennast av forsvarssjefane i mai 1998. Det er grunn til å tru at planlegginga vil gå føre seg i heile 1998.

Det blir viktig å sikre at Noreg får posisjonar i strukturen, slik at ein får overført militær kunnskap om Noreg til ein meir sentralisert kommando. Av interesse for Noreg er òg tilhøvet mellom funksjonelle og fleirfunksjonelle kommandoar i regionen. Her er det særs viktig for Noreg at alliansen held ved like kapasiteten i dei fleirfunksjonelle hovudkvartera til å planleggje og leie operasjonar slik det er lagt opp til i planverket.

På haustmøtet i Brussel vart dei nye møtefora mellom forsvarssjefane i NATO, partnarlanda, Russland og Ukraina innvigde. Medlemmene i desse nye fora møtest to gonger i året i samband med dei vanlege NATO-møta, og blir kalla EAPMC (Euro-Atlantic Partnership Military Committee), PJC-PC (Permanent Joint Council - Chiefs of Staff) og NUMC (NATO - Ukraine Military Committee).

Det militære samarbeidet i EAPMC er i grove trekk den praktiske oppfølginga av dei politiske målsetjingane som blir vedtekne av ministrane. Militærkomiteen arbeidde i 1997 med iverksetjinga av PFP-programma, og har hatt eit særleg ansvar for å leggje tilhøva til rette slik at partnarlanda kan arbeide ved allierte hovudkvarter (såkalla Partner Staff Elements, sjå også pkt 3.8). Det er no semje om at slike stabselement skal etablerast ved IMS (International Military Staff) og på dei to øvste nivåa i den nye kommandostrukturen. Etablering på det tredje nivået skal vurderast og ei tilråding skal leggjast fram for NATO-rådet i juni 1998.

Russisk deltaking i PFP-aktivitetar har så langt vore avgrensa. Ein viktig del av samarbeidet med Russland er derfor utforminga av eit russisk partnarskapsprogram, noko som frå russisk side i hovudsak vil omhandle militære aspekt, til dømes russisk deltaking i partnarskapsøvingar.

Som ein del av samarbeidet har russarane skipa ein militærmisjon ved NATO-hovudkvarteret i Brussel. Det vil òg bli skipa ein alliert militærmisjon på tilsvarande nivå i Moskva.

3.7 FORSVARSRELATERT SAMARBEID MED RUSSLAND

Med underskrivinga av grunnakta mellom NATO og Russland i mai gjekk det forsvarsrelaterte og militære samarbeidet med Russland inn i ein ny og meir intensiv fase. Slikt samarbeid utgjer ein sentral del av arbeidsprogrammet for NATO - Russland-samarbeidet i 1998. Fellesrådet kjem saman to gonger i året også på forsvarsminister- og forsvarssjefsnivå, medan det jamne arbeidet går føre seg i ulike faste komitear under NATO-rådet og militærkomiteen, dessutan i nyoppretta ekspertgrupper. Det første fellesrådsmøtet i forsvarsministerformat vart halde i desember.

Det forsvarsrelaterte og militære samarbeidet i fellesrådet byggjer på dei prinsippa som er nedfelte i grunnakta. Til dei viktigaste elementa høyrer samarbeidet i Bosnia, fredsoperasjonar, tiltak mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen, forsvarspolitikk, militære doktrinar og strategiar, kjernevåpenspørsmål og forsvarsrelatert miljøsamarbeid. Ved sida av dei breiare sakene knytte til tryggleik og stabilitet i Europa har vi frå norsk side lagt særleg vekt på forsvarsrelatert miljøvern, der vi med tida tek sikte på å trekkje inn fleire land i det eksisterande tresidige samarbeidet mellom Noreg, USA og Russland. På grunn av Noregs geografiske nærleik til Russland og det store talet russiske substrategiske (taktiske) kjernevåpen i våre nærområde er drøfting av kjernevåpenreduksjonar og tryggleiken til kjernevåpna av særleg interesse for oss.

Frå norsk side har vi lagt vekt på at samarbeidet med Russland bør baserast på resiprositet, til dømes i spørsmålet om oppretting av militære liaisonordningar. Slike ordningar kan få mykje å seie for utviklinga av dei militære relasjonane mellom NATO og Russland. Noreg har derfor understreka at liaisonordningane på sikt bør utvidast, slik at dei ikkje berre omfattar det strategiske kommandonivået, men òg det regionale.

3.8 FORSVARSRELATERT SAMARBEID MED PARTNARLANDA

I Det euroatlantiske partnarskapsrådet skal det kvart år også haldast to forsvarsministermøte. Hovudsakene på forsvarsministermøta i 1997 var utviklinga i Bosnia, samarbeid om fredsoperasjonar, regionalt samarbeid, miljøtryggleik, spreiingsproblematikken og regionalt samarbeid. Det har i stor grad lukkast å avgrense diskusjonen på ministermøta til einskilde utvalde emne og såleis gjere dei meir fokuserte. Møta vart òg prega av at Russland på dei fleste saksfelt har valt å halde ein låg profil i EAPC.

Etter NATO-toppmøtet i juli har arbeidet i EAPC i hovudsak vore retta mot gjennomføringa av grunnlagsdokumentet for EAPC frå mai 1997 (sjå vedlegg 1.12), som gir retningsliner for det vidare samarbeidet mellom NATO og partnarlanda. Jamvel om det sidan toppmøtet i Madrid har vore relativt svak framdrift i dette arbeidet, har det etablerte samarbeidet mellom NATO og partnarlanda vorte vidareført på ein tilfredsstillande måte. Ikkje minst har styrkinga av forsvarsplanleggingsprosessen for partnarlanda (PARP) vore vellukka.

Ei av årsakene til den relativt svake framdrifta i PFP-samarbeidet er at NATO-landa førebels ikkje har greidd å kome fram til sameinte modalitetar for deltakinga til partnarlanda i allierte militære strukturar, såkalla PFP Staff Elements (PSE). Når det gjeld permanent deltaking, går ein frå norsk side inn for å avgrense denne deltakinga til det strategiske og regionale kommandonivået. Ei slik tilnærming er tufta på praktiske omsyn og på omsynet til å sikre ei koordinert utvikling av samarbeidet med partnarlanda.

Etter norsk syn må det vere skilje mellom rettane og pliktene til medlemslanda og partnarlanda. Vi har derfor gått mot å gi partnarlanda tilgang til generell planlegging innanfor alliansen av såkalla ikkje-artikkel 5-operasjonar. Sjølv om det ikkje er usemje i alliansen om at partnarlanda på eit relativt tidleg tidspunkt bør trekkjast inn i planlegginga av NATO-leidde operasjonar dei ønskjer å ta del i, bør dette etter norsk syn baserast på eit vedtak av dei allierte.

3.9 ALLIERT ØVINGS- OG TRENINGSAKTIVITET

Omfanget av alliert trening i Noreg i 1997 var om lag som tidlegare år, men trening i større forband auka. I 1997 trena 8 bataljonsgrupper frå Storbritannia og Nederland i Noreg. Trening av utanlandske spesialstyrkar vart òg gjennomført. For første gong deltok spesialstyrkar frå Portugal på øving i Noreg.

Øvingssyklusen i NATO fører til at nivået på alliert øving i Noreg kan variere frå år til år. I 1997 var det eit relativt høgt øvingsnivå samanlikna med føregåande år. Tre store allierte øvingar vart lagde til Noreg. Den største øvinga var Adventure Express 97, der det deltok om lag 16 500 soldatar på felttenestedelen. I Sør-Noreg vart Partnarskap for fred-øvinga, Cooperative Banners 97, gjennomført. Dette var den største PFP-øvinga nokon gong i nordvestregionen. Avdelingar frå 8 allierte land og 10 partnarland deltok. NATO Air Meet, som er ei øving av flystyrkar og luftvernavdelingar, gjekk føre seg på Ørlandet. Om lag 100 fly frå 7 allierte nasjonar deltok.

Med bakgrunn i den kritikken som vart reist frå medlemslanda i NATO om det skeive forholdet mellom øvingsnivå og tilgjengelege ressursar, vart det sett i gang eit arbeid for å vurdere retningslinene for den allierte øvingsverksemda. NATO Exercise Policy and Mix Study (EPMS) vart gjort ferdig og vedteken av militærkomiteen i mai 1997. Blant dei allierte er det brei semje når det gjeld dei generelle konklusjonane, men det er reist kritikk mot at øvingsverksemda ikkje er redusert som eit resultat av studien. Hausten 1997 starta ein prosess for å setje i verk konklusjonane i EPMS, der ein skal ta omsyn til at medlemslanda ønskjer ein reduksjon av øvingsnivået. I den samanhengen kan det nemnast at NATO har redusert øvingsbudsjetta med 18 prosent. Innanfor området til nordvestkommandoen vil øvingsprogramma bli reduserte ved at ein reduserer talet på forsvarsgreinvise øvingar og PFP-øvingar. Konsekvensen av EPMS ser ut til å bli at Noreg får færre store NATO-øvingar i framtida. Øvinga Battle Griffin, som øver konseptet for førehandslagring i Trøndelag, ser ut til å halde fram med ein treårsfrekvens.

NATO-operasjonen i Bosnia prega øvingsverksemda i NATO i 1997, dels fordi avdelingar som skulle delta i NATO-øvingar, vart sende til det tidlegare Jugoslavia, dels fordi finansieringa av SFOR gjekk utover andre aktivitetar.

3.10 SAMARBEIDET OM DEI FELLESFINANSIERTE RESSURSPROGRAMMA

NATO-rådet godkjende i 1997 ressursplanen for NATO i åra 1998-2002. Planen omfattar dei tre militære ressursområda personell, det militære budsjettet, som finansierer drifta av den militære delen av alliansen, og investeringsprogrammet for tryggleik. Planen set eit øvre tak for militærbudsjettet tilsvarande om lag 5 milliardar kroner for 1998 og åra etter. På investeringsprogrammet for tryggleik vart det sett eit øvre tak tilsvarande om lag 5,2 milliardar kroner for 1998 og om lag det same for åra etter.

Noreg har uttrykt uro over at militærbudsjettet ikkje har fått kompensasjon for prisauken sidan byrjinga på 90-talet. Det har alltid vore viktig for Noreg at det finansielle grunnlaget for kjernefunksjonane i alliansen er godt. Dét er naudsynt for at ein skal kunne gjennomføre både dei tradisjonelle oppgåvene som er knytte til den kollektive forsvarsgarantien, og dei nye oppgåvene NATO har teke på seg dei seinare åra. I rapporten om ressursimplikasjonane ved utvidinga av alliansen vart det avdekt fleire ressursbehov som NATO vil måtte ta omsyn til i dei framtidige prioriteringane, og som vil danne grunnlaget for ressursallokeringane i alliansen.

3.11 FORSVARSMATERIELLSAMARBEIDET

Konferansen til dei nasjonale materielldirektørane (CNAD) sette i 1997 i gang ei gjennomgåing av organiseringa og arbeidsmåten til konferansen. Siktemålet er i første rekkje å gjere forsvarsmateriellsamarbeidet meir effektivt. Arbeidet vil halde fram i 1998. CNAD arbeidde i 1997 også vidare med eit mogleg felleskjøp av eit system for luftboren overvaking av aktivitet på bakken. Systemet kan sjåast som ein parallell til den allierte flåten av AWACS-fly, som utfører luftromsovervaking og -kontroll. Konferansen har vidare engasjert seg i arbeidet for å styrkje evna til forsvar mot langtrekkande rakettar og missil. CNAD har gitt høg prioritet til arbeidet med å utvikle modellerings- og simuleringsverktøy til bruk i planlegging, øvingar, trening og operasjonar. Slike verktøy vil venteleg spele ei stadig viktigare rolle i arbeidet med å redusere kostnadene og auke effektiviteten i verksemda til dei allierte militære styrkane. Samarbeidet innanfor Partnarskap for fred blir tillagt stor vekt, og fleire arbeidsgrupper under konferansen blir no opna for interesserte partnarland.

Til forsiden