St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram for Stortinget melding om friluftsliv, med undertittelen «Ein veg til høgare livskvalitet». Meldinga er utarbeidd på bakgrunn av følgjande vedtak i Stortinget, som vart fatta i samband med behandlinga av statsbudsjettet i desember 1998 (St. prp. nr. 1 for 1998–99):

«Stortinget ber Regjeringen foreta en gjennomgang av friluftspolitikken og fremme en ny friluftsmelding i løpet av inneværende periode».

St.meld. nr. 40 (1986–87) «Om friluftslivet», vart behandla hausten 1988, jf. Innst. S. nr. 235 (1987–88) av 24. mai same år. Den førre meldinga definerte friluftsliv som «opphold og fysisk aktivitet i friluft i fritiden med sikte på miljøforandring og naturopplevelse». Målsetjinga med friluftslivspolitikken var å fremje det enkle friluftslivet – for alle, i dagleglivet og i harmoni med naturen. Den verdien friluftslivet har for både helse og miljøvern vart sterkt poengtert. Vidare heitte det at friluftslivspolitikken bør leggje hovudvekta på ein kjerne av ikkje konkurranseprega, ikkje motoriserte fritidsaktivitetar som går føre seg på allment tilgjengelege, naturprega område.

Friluftsliv blir utøvd av store delar av befolkninga, har lite preg av organisert konkurranse, har få negative miljøkonsekvensar og krev som regel ikkje store, private investeringar. Friluftslivet er eit velferdsgode som skal sikrast og fordelast jamt i befolkninga som eit bidrag til god livskvalitet, auka trivsel, betre folkehelse og ei berekraftig utvikling. Å utøve friluftsliv skaper interesse for kvaliteten i våre utandørs omgivnader. Slik auka miljømedvit er ein føresetnad for ei berekraftig forvaltning av den norske natur- og kulturarven.

Dei statlege oppgåvene blir i dag i det alt vesentlege utførte av Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning, mens fylkesmennene, fylkeskommunane og kommunane utgjer forgreininga av det offentlege arbeidet. Ved sidan av dette kan paraplyorganisasjonane Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) og Friluftsrådenes Landsforbund (FL) mønstre eit mangfald av råd, lag og foreiningar med brei kompetanse og store frivillige ressursar. Den sterke oppslutninga norsk friluftsliv har i befolkninga hadde vore utenkjeleg utan den innsats organisasjonane gjer for å tilretteleggje og stimulere til aktivitet på lokalplanet. Gjennom si organisering på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå medverkar dei også til at det offentlege når sine mål ved at dei er diskusjonspartar, pådrivarar og korrektiv til politikken på dette feltet.

Lov om friluftsliv av 28. juni 1957 nr. 16 ligg til grunn for dette arbeidet. Lova vart sist endra i juni 1996 (jf. Ot.prp. nr. 27 (1995-96) og fekk då m.a. ein føremålsparagraf. Stortinget har uttalt seg om friluftslivspolitikken fleire gonger under behandlinga av ulike meldingar og proposisjonar frå Miljøverndepartementet dei siste åra. Som ei oppfølging av St.meld. nr. 58 (1996–97) «Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling» er dei nasjonale miljømåla på resultatområdet «Friluftsliv» oppdatert. I arbeidet er det lagt vekt på at dei nye nasjonale måla skal brukast av dei sektorane dei er relevante for. Ein presentasjon av mål og utfordringar for friluftslivet er å finne i St.meld. nr. 8 (1999-2000): «Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand». Stortinget slutta seg til dei nye nasjonale måla då meldinga vart sluttbehandla hausten 2000.

Boks 1.1 Nasjonale mål for friluftslivet

Strategisk mål:

Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

Nasjonale resultatmål:

  1. Friluftsliv basert på allemannsretten skal haldast i hevd i alle lag av befolkninga.

  2. Barn og unge skal få høve til å utvikle dugleik i friluftsliv.

  3. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at det fremjar miljøvennleg ferdsel, opphald og hausting, og at naturgrunnlaget blir teke vare på.

  4. Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grøntstruktur med gode samband til omkringliggjande naturområde.

Dei to første, nasjonale måla er aktivitetsorienterte og vil fremje sjølve utøvinga av friluftsliv , mens dei to neste skal medverke til å dekkje dei arealbehov friluftslivet har. Målgruppa barn og unge er gitt særleg prioritet. Den aktivitetsskapande verksemda blir teken hand om av dei frivillige organisasjonane, skulen og barnehagane, mens det å sikre arealbehovet til friluftslivet i hovudsak er sett på som ei reint offentleg oppgåve.

I samband med behandlinga av «Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand» uttalte energi- og miljøvernkomiteen følgjande om friluftslivspolitikken i Innst. S. nr. 256 (1999-2000):

«Komiteen viser til betydningen friluftslivet har for flere sider av samfunnet – som kilde til rekreasjon, folkehelse og en positiv fritid, samt den store betydningen friluftsliv har for at barn skal kunne utvikle motoriske ferdigheter. Videre noterer komitéen seg den store betydningen friluftslivet har for opplevelse av og forståelse for naturen, miljøet og menneskets plass og innbyrdes avhengighet. Komitéens flertall (minus representantene fra Høyre og Fremskrittspartiet) mener det er viktig å styrke friluftslivet og sikre allmennhetens rett til fri ferdsel i utmark og strandsoner. Tilgangen til jakt og fiske må også bli bedre. Flertallet forutsetter en sterk fokusering på disse områdene når regjeringen legger fram sin friluftsmelding våren 2001. Flertallet slutter seg til de mål som trekkes opp i St.meld. nr. 8 (1999–2000).»

Friluftslivet har klare grenseflater mot landbrukspolitikken, reiselivspolitikken, idrettspolitikken og helsepolitikken slik det kjem til uttrykk i:

– «Idrettslivet i endring», St.meld. nr. 14 (1999–2000)

– «Om norsk landbruk og matproduksjon», St.meld. nr. 19 (1999–2000)

– «Lønnsomme og konkurransedyktige reiselivsnæringer», St.meld. nr. 15 (1999–2000)

– «Det er bruk for alle – Styrking av folkehelsearbeidet i kommunene», NOU 1998: 18 og «Handlingsplan miljø og helse» (2000).

Spørsmål som kjem inn på desse områda av politikken er behandla i dei respektive kapitla i denne meldinga.

Til forsida