St.meld. nr. 39 (2004-2005)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2005 og fisket etter avtalane i 2003 og 2004

Til innhaldsliste

6 Fisket etter avtalane i 2003 og 2004

I omtalen av fisket etter avtalane for 2003 og 2004 er det lagt hovudvekt på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område faktisk utnyttar desse kvotane. Først presenterast norske kvotar i sonene til andre statar og utnyttinga av desse, jf. pkt. 6.1 nedanfor. Deretter, i punkt 6.2, presenterast kvotane til andre statar i norske område og utnyttinga av desse. Kommentarane med omsyn på kvoteutnytting omfattar berre åra 2003 og 2004.

I dei neste avsnitta blir omgrepet «felles forvaltning» nytta om ein del sentrale fiskeartar. Felles forvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein art saman, fordi arten opptrer i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane avtalast ein totalkvote for arten, og total tillaten fangst (TAC) fordelast på dei aktuelle avtalepartane.

6.1 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 6.1 og 6.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Med mindre noko anna er sagt, er fangsttala baserte på kva fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i 3. land, dvs. styresmaktene i kyststaten. Desse rapporterte fangsttala frå fartøy på fiskefelta kan avvike frå dei tala i sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

6.1.1 Noreg – Russland

6.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av artane torsk, hyse og lodde. Noregs kvotar (etter overføringar til 3. land) og fangstar 1 av desse bestandane går fram av tabell 6.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 6.2. Forskingsfangst er inkludert.

Tabell 6.1 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

  Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
Område/art 2003 2004 2003 2004
RØS:
Torsk 140.000 140.000 3.468 1.919
Hyse 20.000 20.000 5.282 3.978
Haneskjel - - - -
Reker 3.000 3.000 2.492 1.802
Grønlandssel 10.000 10.000 - -
Lodde 186.000 - 66.715 -
Steinbit 1.500 1.500 593 1.053
Flyndre 1.000 1.000 0 4
Bifangstkvote 500 500 483 254

Tabell 6.2 Oversikt over norske kvotar (etter over­føring til 3. land) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

  Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
Art 2003 2004 2003 2004
Torsk 195.435 224.600 210.440 226.065
Hyse 57.500 71.500 56.440 61.868
Lodde 183.000 - 179.375 -

6.1.1.2 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone går fram av tabell 6.2. Av dei norske fangstane nord om 62°N i 2003 fiska Noreg 1,7 % av torskefangstane og 9,4 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2004 var 0,8 % for torsk og 6,2 % for hyse. Noreg tek altså små fangstar av torsk og hyse i RØS sett i høve til dei totale norske fangstane.

I 2003 deltok 19 reketrålarar i fisket etter reker i RØS, medan 11 deltok i 2004. Noregs haneskjellkvote var ikkje talfesta i 2003 og 2004. Fisket skal vere eit prøvefiske i eit nærmare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærmare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår blei ikkje fastlagde verken i 2003 eller 2004, grunna manglande interesse frå næringa.

6.1.2 Noreg – EU

6.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell i Nordsjøen, sjå tabell 6.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EUs sone av Nordsjøen, sjå tabell 6.4.

Tabell 6.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar1 på fellesbestandane i Nordsjøen

Art Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
2003 2004 2003 2004
Torsk 4.114 4.114 4.517 3.222
Hyse 9.580 15.391 2.178 2.207
Sei 80.800 93.800 61.690 62.378
Kviting 1.600 1.600 38 22
Raudspette 2.469 2.111 1.961 1.760
Makrell 159.556 148.728 158.727 157.357
Nordsjøsild 114.930 131.624 115.042 137.635

1 Desse tala er førebels statistikk frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

Kvotane og fangstane av sei og makrell omfattar Skagerrak i tillegg til Nordsjøen.

Noregs kvotar av torsk, raudspette, makrell og sild blei godt utnytta dei to åra. Dei store makrellfangstane i Nordsjø-området må sjåast i samanheng med at Noreg hadde høve til å overføre inntil 100.000 tonn av makrellkvoten nord om 62°N i 2003 og i 2004 til fiske i Nordsjøen (ICES-område IVa). Likeins kunne makrellkvoten vest av 4°V på 12.020 tonn i 2003 og 11.100 tonn i 2004, fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen. Dette forklarer også den låge utnyttinga av Noregs makrellkvote vest av 4°V (sjå tabell 6.4).

Tabell 6.4 Oversikt over Noregs kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar i EUs farvatn, og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

  Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
Område/art 2003 2004 2003 2004
EUF, Nordsjøen:
Torsk1 4.114 4.114 1.329 566
Hyse1 6.291 14.435 470 589
Sei1 80.800 93.800 19.896 22.273
Kviting1 1.410 1.410 1 1
Raudspette1 2.469 2.111 1.584 1.287
Makrell1 40.135 37.032 210 111
Sild1 50.000 50.000 45.782 28.440
Augepål 5.000 5.000 3 8
Tobis 75.000 45.000 5.696 25.571
Brisling 15.000 15.000 - -
Reker 100 100 - -
Hestmakrell 1.600 1.600 130 220
Andre artar 5.000 5.000 3.753 1.541
EUF, vest om 4°V:
Makrell 12.020 11.100 210 111
Kolmule 120.000 120.000 122.047 120.652
Blålange 500 300 116 45
Lange 9.500 9.500 5.452 4.699
Brosme 5.000 5.000 2.315 2.186
Pigghå 200 200 2 0
Håbrann 100 100 2 2
Kombinert kvote 600 600 - -
Blåkveite 950 950 80 60
Andre artar 3.000 3.000 2.159 3.023
EUGRL, Vestgrønland:
Blåkveite 920 800 800 800
Kveite 200 200 26 9
Skolest/Isgalt o.a. 715 315 25 19
EUGRL, Austgrønland:
Reker 2.500 2.830 2.372 2.848
Blåkveite 1.055 800 800 800
Kveite 200 200 192 200
Uer 1.000 5.230 3.405 1.151
Lodde 6.700 7.035 6.700 7.035
Skolest/isgalt o.a. 285 285 89 164

1 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg størrelsen på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

2 Omfattar ikkje overføringar til Nordsjøen frå andre område. Overføringar til 3. land er heller ikkje trekte frå.

Noreg fiska ikkje norsk vårgytande sild (NVG-sild) i Nordsjøen verken i 2003 eller 2004.

Makrell- og sildekvotane fordelast mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i størrelse og art.

6.1.2.2 Norske kvotar i EUs farvatn (EUF) og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk i 2003 og 2004 tildelt kvotar av blåkveite, kveite og uer for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. For desse artane er det ein føresetnad at EU-kvoten skal utnyttast først. Noreg nyttar desse kvotane i så stor grad at med denne føresetnaden kan talet for fangst i enkelte tilfelle vere lik kvotetala slik dei er viste i tabell 6.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane blir avrekna mot Noregs kvotar tildelt av Grønland (sjå tabell 6.6).

6.1.2.3 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar i EUs farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 6.4. I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy til saman fiske 80.000 tonn av industriartane augepål og tobis i 2003 og 50.000 tonn i 2004. Det er den norske industritrålarflåten (omlag 60-70 fartøy) som fiskar på denne kvoten. Inntil 5.000 tonn augepål kunne fiskast i EU-farvatn vest av 4°V i 2003 og 2004. Dette skulle avreknast den samla industrikvoten for augepål og tobis. Det blei ikkje fiska augepål vest av 4°V, verken i 2003 eller i 2004.

Norske fartøy kunne i tillegg fiske på desse artane utan avgrensingar i norsk økonomisk sone. Samla fiska dei norske industritrålarane i følgje sluttsetelstatistikken 145.342 tonn augepål/kolmule og 29.641 tonn tobis i Nordsjøen i 2003. Tilsvarande sluttseteltal for 2004 var 111.840 tonn augepål/kolmule og 48.528 tonn tobis. Fisket av tobis i EU-sona utgjorde i 2004 ein større del av totalfangsten av tobis enn året før, medan det ikkje blei fiska augepål/kolmule i EU-sona av norske industritrålarar verken i 2003 eller i 2004.

Av Noregs kolmulekvote vest av 4°V kunne opptil 40.000 tonn fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa) både i 2003 og 2004. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 500 tonn vassild i 2003 og 2004. I tillegg fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane, i færøysk sone og i eit direkte fiske av mindre omfang i NØS nord om 62°N. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya 851.395 tonn i 2003 og 957.689 tonn i 2004 i desse områda. Fangsttala inkluderer også kolmule som er fiska av industritrålarane i Nordsjøen.

Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange i 2003 og 2004. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4°V (ICES område Vb, VI og VII). I dette fisket kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25 % til kvar tid. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var i 2003 og 2004 avgrensa til 3.000 tonn, og den blei rekna mot den totale kvoten av lange, blålange og brosme, som var på 14.800 tonn både i 2003 og 2004.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten gjaldt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest.

50 % av uerkvoten blei overført til og fiska i internasjonalt farvatn. Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar det ikkje er fastsett kvotar for til Noreg i EU-sona. Eit unntak er sjøtunge, som norske fartøy berre kunne ha som bifangst.

Blåkveitekvoten kunne fiskast i EUs farvatn nord om 62°N og vest av 4°V. Fisket vest av 4°V kunne berre utøvast med line. Norske fartøy fiska 80 tonn i 2003 og 60 tonn i 2004.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/Grønland omtalast nærmare i punkt 6.1.6.

6.1.3 Noreg – Færøyane

6.1.3.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 6.5. I 2003 blei botnfiskkvoten splitta på dei enkelte artane. Noreg fekk tildelt ein kvote på 2.350 tonn lange/blålange. I tabell 6.5 er kvoten og fangsten av lange/blålange ført på lange. I 2003 hadde Noreg ein botnfiskkvote for lange, brosme, sei og blålange på til saman 5.222 tonn i færøysk sone. Fisket kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål. Kvoten av andre artar kunne berre fiskast som bifangst. Samla blei det fiska 5.147 tonn botnfisk i færøysk sone i 2003. Direkte fiske etter blåkveite og breiflabb skal ikkje avreknast kvotane for botnfisk.

Tabell 6.5 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i færøysk sone

  Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
Art 2003 2004 2003 2004
Lange 2.350 2.234,5 2.350 2.330
Brosme 1.950 2.114,5 1.919 2.084
Blålange
Sei 100 110 56 93
Blåkveite 75 75 6 11
Håbrann/Pigghå 300 300 - -
Breiflabb 25 25 1 1
Makrell 6.100 5.612 6.100
Hest­makrell 230 230 - -
Kolmule 36.200 36.200 37.740 35.265
Andre artar 822 921 822 881

I 2003 og 2004 hadde norske fartøy høve til å fiske 75 tonn blåkveite og 25 tonn breiflabb med garn i eit prøvefiske i færøysk sone. Ingen fartøy var lisensierte for dette fisket verken i 2003 eller i 2004. I 2003 blei det til saman fiska 6 tonn blåkveite, og i 2004 blei det fiska 11 tonn. Norske fartøy fiska eitt tonn breiflabb som bifangst i 2003 og 2004. Det blei heller ikkje starta prøvefiske etter håbrann/pigghå i desse åra, slik det er løyve til.

Norske ringnotfartøy plar fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 37.740 tonn kolmule i 2003 og 35.265 tonn i 2004.

6.1.4 Noreg – Grønland

6.1.4.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2003 og 2004 går fram av tabell 6.6. Fisket etter blåkveite med trål ved Vestgrønland måtte skje sør om 64°30"" N eller nord om 68°N, og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Det deltok 5 trålarar i fisket i 2003 og 2004. I fisket etter blåkveite ved Austgrønland deltok 2 linefartøy og 5 trålarar i 2003, medan 8 linefartøy og 5 trålarar deltok i 2004.

Tabell 6.6 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone

  Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
Område/art 2003 2004 2003 2004
Vestgrønland:
Blåkveite 600 650 580 548
Austgrønland:
Blåkveite 525 525 124 242
Kveite 393 350 - 158
Uer 400 825 - -
Vest- og Austgrønland:
Torsk 600 600 114 358

I 2003 og i 2004 var det 17 reketrålarar som tilfredsstilte krava til deltaking i dette fisket ved Austgrønland (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 6.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. Totalt 13 fartøy deltok i rekefisket i 2003, mot 9 fartøy i 2004.

I 2003 blei det fiska 3.045 tonn uer av ei kvote på til saman 3.975 tonn. I 2004 blei det fiska 1.152 tonn uer av ei kvote på til saman 6.055 tonn. Av kvota på 825 tonn uer kunne 725 tonn fiskast i internasjonalt farvatn (sjå punkt 6.1.9).

I fisket etter kveite ved Austgrønland er det berre høve til å fiske med line. I 2003 fiska 7 linefartøy, og i 2004 fiska 6 linefartøy. I 2003 og 2004 fekk dei fritt fiske innanfor totalkvoten.

I åra før 2003 har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland (Aust- og Vestgrønland). I 2003 var det eit betre fiske enn i tidlegare år, og i 2004 blei over halve kvoten utnytta. Om situasjonen for bestanden betrar seg, vil dette kunne bli ein viktig kvote for norske fartøy. I 2003 blei bifangstkvoten avgrensa til 150 tonn av andre artar.

6.1.5 Noreg – Island, om fisket etter botnfisk og lodde i islandsk sone

6.1.5.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 6.7. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25 % bifangst av andre artar. Loddekvotane er inkluderte i dei norske loddekvotane for sesongane 2003/2004 og 2004/2005.

Tabell 6.7 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i islandsk sone

  Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
Art 2003 2004 2003 2004
Brosme, lange, blålange 500 500 490 504
Kveite - - 12 5
Uer - - 21 14
Anna - - 84 107
Lodde ­(Smottholet) 13.982 17.213 13.982 17.213

6.1.6 Noreg-Grønland-Island; lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

I følgje den gjeldande trepartsavtalen (fiskeriavtalen) for lodde varar sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillate for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone. I sesongen 2003/2004 fiska berre 10 norske fartøy om vinteren, i motsetnad til sesongen 2004/2005, då 71 fartøy fiska om vinteren.

6.1.6.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2003/2004 og 2004/2005 går fram av tabell 6.8.

Tabell 6.8 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2003/04 og 2004/05

  Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
Art 2003/2004 2004/2005 2003/2004 2004/2005
Lodde 86.682 103.047 84.212 99.800

På grunn av at endeleg TAC for sesongen 2003/2004 blei justert ned frå 1.040.000 tonn til 990.000 tonn, trekte ein 50.000 tonn lodde frå TAC for å balansere overfisket frå fjoråret mellom forhandlingspartane før loddekvoten for sesongen 2003/2004 blei fordelt. For sesongen 2003/ 2004 blei det fastsett ein førebels kvote på 83.282 tonn (((832.500 tonn – 50.000 tonn) x 8 %) + 6.700 tonn (EU) + 13.982 tonn («Smottholsavtalen«)). TAC blei i løpet av sesongen auka til 875.000 tonn, slik at norsk kvote etter trepartsavtalen for sesongen 2003/2004 blei 86.682 tonn.

I sesongen 2004/2005 blei det ikkje opna opp for fiske 20. juni slik avtalen føreset, fordi ein hadde problemer med å berekne størrelsen på bestanden. I eit brev frå Fiskeriministeriet på Island av 5. juli blei det føreslått at det skulle opnast for fiske med ein førebels kvote på 335.000 tonn, dvs. 26.800 tonn til Noreg. I kvoteavtalen med EU fekk Noreg overført 15.000 tonn lodde i Grønlands farvatn, men på grunn av den biologiske situasjonen for bestanden og lav TAC, blei kvoten redusert til 7.035 tonn. Frå starten av sesongen 2004/2005 hadde Noreg dermed ein førebels kvote på 51.047 tonn lodde ((335.000 x 8 %) + 7.035 tonn (EU) + 17.213 tonn («Smottholsavtalen»)). TAC blei i løpet av sesongen auka til 985.000 tonn, slik at norsk totalkvote for sesongen 2004/2005 til sist utgjorde 103.047 tonn.

Trepartsavtalen gjaldt for sesongen 2003/2004, og dei 13.982 tonna frå «Smottholsavtalen» kunne også fiskast i sesongen 2003/2004. EU-kvoten på 6.700 tonn skulle derimot fiskast i kalenderåret 2003. Dei same vilkåra gjeld for sesongen 2004/2005. Mellom anna på bakgrunn av dette forutset ein at det først blir fiska på EU-kvoten og deretter «smottholskvoten» og kvoten etter trepartsavtalen.

Til saman blei det fiska 84.212 tonn i sesongen 2003/2004 av totalt 70 ringnotfartøy. Dei tilsvarande tala for sesongen 2004/2005 var 99.800 tonn og 76 deltakande ringnotfartøy.

6.1.7 Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat.

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

6.1.7.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 6.9. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fiske utanfor grunnlinja. I 2003 blei det fiska 569 tonn innanfor grunnlinja, medan det tilsvarande talet for 2004 var 673 tonn.

Tabell 6.9 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar1 i Skagerrak/Kattegat

  Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
Art 2003 2004 2003 2004
Torsk 127 127 193 133
Hyse 133 200 183 151
Kviting 27 27 20 16
Raudspette 266 190 71 76
Sild 10.670 9.336 8.586 1.401
Makrell - - 188 789
Brisling 3.750 3.750 861 1.098
Reker 4.730 4.991 3.733 4.636

1 Fangsttala er førebels tal frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

For sei og makrell blei kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU. I 2003 og 2004 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak. Det var norske kystfartøy som fiska makrell i Skagerrak.

I 2003 blei sildekvoten delt med 3.000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga gjaldt i 2004. Brisling blei fiska av kystbrislingflåten, mens rekekvoten blei fiska av kystreketrålarane.

6.1.8 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet.

6.1.8.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 6.10. Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske. I 2000 fiska norske fartøy for første gong uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har også høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Tabell 6.10 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar1 i det nordvestlege Atlanterhavet

  Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
Art 2003 2004 2003 2004
Torsk - - - -
Lodde - - - -
Uer - - - -
Reker 3M - - 22.911 10.743
Reker 3L 145 145 145 148

1 Fangsttala er innmeldte tal til Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet.

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har utvikla seg til å bli eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland. Rekefisket blei innsatsregulert i 1996. Både i 2003 og 2004 hadde norske fartøy høve til å fiske reker i 1.985 døgn i NAFO-underområde 3M. Dette fisket kunne utøvast med opptil 32 fartøy. I begge åra hadde eitt norsk fartøy i tillegg høve til å fiske 145 tonn i område 3L. I 2003 fiska i alt 11 reketrålarar i 3M med til saman 1.855 fangstdøgn. Totalfangsten blei då 22.925 tonn. Tilsvarande tal for 2004 var 5 fartøy som fiska til saman 5.275 tonn i løpet av 813 døgn. I 2003 fiska eitt norsk fartøy heile kvoten på 145 tonn i 3L, tilsvarande blei det fiska 148 tonn i 2004.

6.1.9 Norsk fiske i Irmingerhavet

6.1.9.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 6.11. Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før i 1996. I 2003 og 2004 tok høvesvis 8 fartøy og 6 fartøy del i uerfisket. I kvoten for 2004 inngår ei overføring på 725 tonn av kvoten frå Grønland til eit fiske i grønlandske farvatn, og ei overføring av halve kvoten frå EU til eit fiske i grønlandske farvatn.

Tabell 6.11 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i Irmingerhavet

Art Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
  2003 2004 2003 2004
Uer 4.261 7.675 3.199 7.650

6.1.10 Norsk vårgytande sild

Frå og med 1997 blei firepartsavtalen frå 1996 (Færøyane, Island, Russland og Noreg) ein fempartsavtale ved at EU også blei inkludert i prosessen med å fastsetje totalkvote og fordele denne, i tillegg til at EU fekk delta i fisket saman med dei fire andre partane.

6.1.10.1 Kommentarar til oversikta (tabellane 6.12, 6.13 og 6.14):

Partane blei ikkje samde om ein fempartsavtale verken i 2003 eller i 2004. Noreg inngjekk tosidige avtalar med alle dei respektive landa i 2003, og med Russland i 2004.

Tabell 6.12 Oversikt over kvotar og fangstar etter overføringar.

Nasjon Kvote (tonn) Fangst (tonn)
  2003 2004 2003 20042
EU 48.493 71.542 43.510 52.982
Færøyane 30.609 45.055 27.538 42.771
Grønland1 2.795
Island 103.234 128.207 102.580 100.424
Noreg 433.100 470.250 436.399 473.800
Russland 96.702 112.336 130.039 112.717
Totalt 712.138 827.390 742.861 782.694

1 Grønland er i 2003 i bilateral avtale med Færøyane gitt kvote på 2.800 tonn

2 Fangsttala er førebelse og er dels innrapporterte frå deltakande land under Kyststatsmøtet i London i november 2004, og dels henta frå førebelse sluttseteltal.

Tabell 6.13 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2003

Nasjon/Soner Int. farvatn EU Færøyane Island Jan Mayen Svalbard NØS Totalt
EU 8.713 1.489 9.514 2.247 21.547 43.510
Færøyane 4.187 300 370 5.296 3.620 13.765 27.538
Grønland 2.795 2.795
Island 70.144 499 10.284 168 17.301 4.184 102.580
Noreg 160 436.239 436.399
Russland 16.873 74 484 26.275 86.327 130.0331
Totalt 102.872 1.789 943 10.284 15.462 49.443 562.062 742.855

1 I tillegg har Russland fiska 6 tonn i Russisk økonomisk sone

Tabell 6.14 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2004

Nasjon/Soner Int. farvatn EU Færøyane Island Jan Mayen Svalbard NØS Totalt
EU 41.411 7.419 4.152 52.982
Færøyane 17.575 50 25.146 42.771
Grønland
Island 36.468 7.910 48.223 100.4242
Noreg 720 473.080 473.800
Russland 26.409 385 2.941 82.982 112.717
Totalt 122.583 7.419 435 7.910 80.462 556.062 782.694

1 Fangsttala er førebelse og er dels innrapporterte frå deltakande land under Kyststatsmøtet i London i november 2004, og dels henta frå førebelse sluttseteltal.

2 Inkludert fangst på 7.823 tonn i oktober som ikkje har blitt fordelt på soner.

Noreg opna for eit fiske på inntil 80.000 tonn i Svalbardsona i 2004.

Noreg har i dei siste åra nytta kvoten sin fullt ut. Både i 2003 og 2004 blei kvoten stort sett fiska i NØS, medan eit lite kvantum blei fiska i internasjonalt farvatn og i Svalbardsona.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone i 2003 og 2004. I tillegg fiska Russland ein del sild i internasjonalt farvatn og i Svalbardsona. Russland hadde til saman eit kraftig overfiske av NVG-sild i 2003.

Island fiska meir i internasjonalt havområde i 2003 enn i 2004. Fordi det mangla ein fempartsavtale, blei dei islandske fangstane i Jan Mayen-sona reduserte frå ca. 3.600 tonn i 2003 til 0 tonn i 2004. I 2003 fiska islendingane ca. 7.700 tonn i si eiga sone, medan dei fiska ca. 8.000 tonn i 2004.

Det færøyske fisket har føregått i dei fleste sonene i 2003, og i internasjonalt farvatn og Svalbardsona i 2004.

EU utnytta ca. 90 % av kvoten i 2003 og ca. 75 % av kvoten i 2004.

6.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2003 og 2004

6.2.1 Russland – Noreg

6.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har som nemnt felles forvaltning av artane torsk, hyse og lodde. Oversikta for 2003 og 2004 viser Russlands kvotar og fangstar av desse artane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til 3. land. (Sjå tabell 6.15). Russisk forskingsfangst går ikkje fram av tala.

Tabell 6.15 Russiske kvotar og fangstar1 på fellesbestandane i Barentshavet etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

  Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
Art 2003 2004 2003 2004
Torsk 143.550 192.600 163.119 189.720
Hyse 43.500 57.500 35.263 52.493
Lodde 124.000 - 92.794 -

1 Tala er førebelse tal rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter.

6.2.1.2 Kommentarar til oversikta

Russlands kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.16. Av torskekvoten i NØS i 2003 blei 40 % fiska. Tilsvarande tal for 2004 var 39 %. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 31 % i 2003, og på 60 % i 2004.

Tabell 6.16 Oversikt over Russlands kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
  2003 2004 2003 2004
NØS N 62°N:
Torsk 140.000 140.000 56.088 54.415
Hyse 20.000 20.000 6.146 11.964
Sei 5.000 10.000 3.108 7.624
Blåkveite - - 169 348
Steinbit 2.000 2.000 1.120 1.974
Uer 1.000 1.000 367 524
Snabeluer 1.000 1.000 386 691
Kolmule 41.542 50.000 17.486 8.946
Lodde 124.000 - 55.755 -
Andre artar 3.000 3.000 192 278
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Reker - - - -
Sild - - - -
Kolmule - - - 3.566

Sei-, snabeluer- og uerkvotane kunne berre nyttast til bifangst i 2003 og 2004, medan steinbitkvotane skulle dekkje både direkte fiske og bifangst. Kolmulekvoten kan også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. Russland fiska ikkje kolmule i fiskerisona ved Jan Mayen i 2003, medan dei fiska 3.566 tonn i 2004.

Kvoten av andre artar for 2003 og 2004 er ikkje spesifisert.

6.2.2 EU – Noreg

6.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU som nemnt felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EUs kvotar på konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 6.18. EUs kvotar og fangstar 2 av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til 3. land i 2003 og 2004, går fram av tabell 6.17.

Tabell 6.17 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU, og før overføring til tredjeland

Art Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
  2003 2004 2003 2004
Torsk 22.659 22.659 20.984 20.371
Hyse 44.655 61.609 39.222 44.892
Sei 79.200 91.200 38.822 39.081
Kviting 14.400 14.400 10.887 9.317
Raudspette 70.782 58.889 63.095 59.015
Makrell 22.063 20.485 26.184 22.145
Nordsjøsild 284.000 326.600 224.592 321.999

Kvotane for sei og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak. I 2003 og 2004 blei makrellkvoten fullt utnytta. Også sildekvoten blei godt utnytta i 2004. EUs fangstar av makrell blir kommenterte i punkt 6.2.2.2.

Som nemnt i punkt 6.1.2.2 om norske kvotar på fellesbestandane merka (*) i EU-sona, syner tabell 6.18 på tilsvarande måte kor mykje EU og Noreg er samde om at EU-fartøy kan fiske i NØS.

6.2.2.2 Kommentarar til oversikta

EUs kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 6.18. Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62°N som tilsvarer 4,14 % av TAC for norsk-arktisk torsk. I åra 2003 og 2004 har EU nytta torsk-, sei-, hyse- og blåkveitekvotane nord om 62°N svært godt.

Tabell 6.18 Oversikt over EUs kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/art Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
  2003 2004 2003 2004
NØS, N 62°N:
Torsk 16.355 20.120 16.188 20.022
Hyse 2.200 2.000 1.386 1.960
Sei 3.600 3.600 3.556 2.941
Blåkveite 100 100 27 36
Uer 500 250 142 105
Snabeluer 500 250 70 118
Makrell 12.020 11.100 - -
Andre artar 450 450 54 32
NØS, Nordsjøen1 :
Torsk2 20.120 20.210 6.001 4.736
Hyse2 32.146 46.784 10.528 10.788
Sei2 80.182 92.390 10.995 14.273
Kviting2 9.946 9.946 340 339
Raudspette2 30.000 30.000 2.429 2.567
Makrell2 22.323 18.834 24.178 24.957
Nordsjøsild2 50.910 51.076 9.998 18.440
Augepål3 50.800 50.800 3.712 3.621
Kolmule4 19.000 19.000 17.877 9.421
Tobis 131.000 131.000 6.090 6.781
Reker 1.040 1.051 829 1.035
Andre artar 11.000 11.000 8.302 6.815
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule 1.000 1.000 21 -

1 EUs kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2003 og 2004 sett saman av to kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg og avtalen mellom Sverige og Noreg. Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert under 6.2.7.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg størrelsen på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 EU kan fiske 40.000 tonn av denne kvoten som tobis

4 Bifangst i augepålfisket

EUs makrellkvote nord om 62°N kunne også fiskast sør om 62°N i ICES-område IVa i 2003 og 2004. Dette forklarer avvika mellom kvote og fangsttal for Nordsjøen. EUs kvote av blåkveite og samlekvoten for andre artar nord om 62°N er bifangstkvotar.

EUs fangstar i NØS sør om 62°N som del av EUs samla fangstar, utgjer i 2003 og 2004 desse prosentane: for torsk 29 % og 23 %, for hyse 27 % og 24 %, for sei 28 % og 36 %, for kviting 3 % og 4 % og for raudspette 4 % og 4 %.

EUs samla makrellkvote i NØS var på 34.343 tonn i 2003 og 29.934 tonn i 2004. EU utnytta 70 % av denne kvoten i 2003 og 83 % i 2004. EUs fangstar av sild i NØS i Nordsjøen utgjorde 5 % av dei samla fangstane i 2003 og 8 % i 2004.

I 2003 og 2004 fekk EU ein eigen kvote på kolmule i NØS sør om 62°N. EU fekk samstundes rett til å fiske 40.000 tonn av kvoten på augepål som tobis. EU utnytta kvoten på kolmule godt: utnyttingsprosenten var 94 % i 2003 og 50 % i 2004. Kvoten på augepål og kvoten på tobis blei utnytta med høvesvis 7 % og 5 %, både i 2003 og 2004.

EU utnytta 75 % av kvoten på andre artar i Nordsjøen i 2003 og 62 % i 2004.

6.2.3 Færøyane – Noreg

6.2.3.1 Kommentarar til oversikta

Færøyanes kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.19. Færøyanes kvotar på torsk, hyse og uer nord om 62°N var samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av Færøyanes kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2003 utgjorde kvotane frå Noreg 1.700 tonn torsk, 400 tonn hyse, 450 tonn sei og 50 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg i 2004 var på 2.175 tonn torsk, 770 tonn hyse, 632 tonn sei og 50 tonn andre artar. Differansen mellom kvotane i oversikta i tabell 6.19 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane fekk fiske i NØS av kvotane dei hadde i russisk økonomisk sone

Tabell 6.19 Oversikt over Færøyanes kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
  2003 2004 2003 2004
NØS, N 62°N:
Torsk 4.300 5.175 4.310 5.188
Hyse 528 870 528 870
Sei 450 632 561 708
Blåkveite - 6 31
Uer - 8 29
Kolmule 500 500 1 -
Lodde 9.000 - 8.760 -
Makrell 11.175 11.057 - -
Andre artar 180 200 9 -
NØS, Nordsjøen:
Sei 1.400 1.100 487 596
Nordsjøsild 700 700 770 531
Augepål 8.000 8.000 2.469 1.057
Kolmule 8.000 8.000 5.040 6.483
Tobis 3.000 3.000 47 50
Brisling 500 500 130
Makrell - - 11.248 11.072
Hestmakrell 1.000 1.000 59 102
Håbrann/pigghå 300 300 - 0
Andre artar 280 280 74 87
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule 100 100 - -
Reker 50 50 - -

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra blitt fiska i Nordsjøen.

Færøyanes seikvote sør om 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. Færøyane fiska 130 tonn brisling i 2003 og 0 tonn i 2004.

Kvotane på hestmakrell og håbrann/pigghå kan også fiskast nord om 62°N.

Både i 2003 og 2004 har Færøyane fiska kvotane av torsk og hyse i NØS nord om 62°N. Makrellkvoten blei nytta fullt ut både i 2003 og 2004. Det stod att ein del av seikvoten sør for 62°N både i 2003 og 2004.

6.2.4 Grønland – Noreg

6.2.4.1 Kommentarar til oversikta

Grønlands kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.20. Grønland har nytta torske, hyse- og seikvotane godt i 2003 og 2004. I 2003 overførte Grønland torske- og hysekvotar tildelte frå Russland til NØS på høvesvis 2.660 tonn og 520 tonn. I 2004 var netto overføringar høvesvis 3.140 tonn torsk og 690 tonn hyse frå RØS til NØS.

I NØS sør om 62°N hadde Grønland i 2003 ein kvote på 1.100 tonn torsk, hyse og sei samla. Av dette kunne torsk og sei utgjere høvesvis maksimalt 100 tonn og 1000 tonn. I 2003 og 2004 fiska eitt fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen. Sjå tabell 6.20.

Tabell 6.20 Oversikt over Grønlands kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
  2003 2004 2003 2004
NØS, N 62°N:
Torsk 4.360 5.040 4.363 5.048
Hyse 850 1.010 847 1.003
Sei 950 925 939 891
Andre artar 150 150 68 60
NØS, Nordsjøen:
Torsk 100 - 19 42
Sei 1000 1.000 736 799
Andre artar - 100 25 36

6.2.5 Island – Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord om 62°N på 3.660 tonn i 2003 og 4.506 tonn i 2004 som eit resultat av «Smottholsavtalen». Sjå tabell 6.21.

Tabell 6.21 Oversikt over Islands kvotar og fangstar i 2003 og 2004

Art Kvotar (tonn) Fangst (tonn)
  2003 2004 2003 2004
Torsk 3.660 4.506 3.561 4.391
Hyse1 - - 274 548
Sei1 - - 76 302
Anna1 - - 57 52

1 Bifangst inntil 30 %

6.2.6 EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

6.2.6.1 Kommentarar til oversikta

EUs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 6.22. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.

Tabell 6.22 Oversikt over Sveriges kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
  2003 2004 2003 2004
NØS, Nordsjøen:
Torsk 426 516 211 185
Hyse 789 956 249 160
Sei 982 1.190 944 1.313
Kviting 190 190 38 1
Industrifisk 800 800 781 508
Makrell 260 214 2.760 2.747
Nordsjøsild 910 1.076 2.346 1.682
Reker 140 151 134 148
Andre artar - - 104 108

Tabell 6.22 syner at EU nyttar dei fleste kvotane i Skagerrak/Kattegat godt. På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU også andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse bestandane er tunge, lysing og sjøkreps.

6.2.7 Sverige – Noreg

Kommentarar til oversikta

Sveriges kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.23. I oversikta er fangstane av kviting og lyr samla under kviting. Fangstane av lyr utgjorde 31 tonn i 2003 og 15 tonn i 2004. Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell, av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2003 fiska svenske fartøy 781 tonn industrifisk, medan dei i 2004 fiska 508 tonn. I 2003 og 2004 blei det ikkje fiska hestmakrell i NØS.

Tabell 6.23 Oversikt over EUs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Område/art Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
  2003 2004 2003 2004
Torsk 3.773 3.773 3.726 3.683
Hyse 3.017 4.555 2.101 1.342
Kviting 1.473 1.473 164 162
Raudspette 13.014 9.310 6.344 7.358
Nordsjøsild 69.330 60.664 66.955 55.310
Brisling 46.250 46.250 33.630 29.825
Reker 5.420 5.719 4.826 5.138

I samband med at Sverige blei medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EUs kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige. Sveriges kvotar tildelte av EU forklarer kvifor Sverige tilsynelatande har overfiska nokre av kvotane som er presenterte i tabell 6.23.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

6.2.8 Polen – Noreg

6.2.8.1 Kommentarar til oversikta

Polens kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 6.24. Kvoten av andre artar nord om 62°N gjeld bifangst i fiske etter kolmule. Grunna den uavklarte situasjonen i kyststatsforhandlingane om kolmule blei det ikkje gitt kolmulekvote til Polen i 2003.

Tabell 6.24 Oversikt over Polens kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/art Kvotar (tonn) Fangstar (tonn)
  2003 2004 2003 2004
NØS, N 62°N:
Kolmule - - - -
Andre artar - - - -
NØS, Nordsjøen:
Torsk - - 33 -
Sei 750 - 717 -
Andre artar 75 - 42 -
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule - - - -

Frå og med 1995 blei Polens kvotearrangement i Nordsjøen endra. Botnfiskkvoten blei då omgjort til ein seikvote, der det var tillate med inntil 10 % bifangst av andre artar i fisket etter sei. Polske fartøy har primært vore interesserte i sei. Polakkane utnytta seikvoten godt i 2003.

I 2004 blei det ikkje gitt kvote til Polen, då fiskeriavtalen mellom Noreg og Polen var ei utfasingsavtale som opphørte samstundes med at Polen blei medlem av EU.

Fotnotar

1.

Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

2.

Fangsttala er innmeldte til Fiskeridirektoratet.

Til forsida av dokumentet