4 Bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar
I dette kapitlet blir det først gitt ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modell), forvaltningsplanar, rådgiving og dei såkalla referansepunkta. Deretter blir det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd TAC, avtalt TAC og fangstar. Til sist omtalast dei langsiktige forvaltningsplanane som Noreg har vedteke saman med andre land.
4.1 Bestandsutrekning og rådgiving
4.1.1 Bestandsutrekning
Bestandsutrekning («assessment») inneber å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangst-statistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje frå dei individa som har døydd på grunn av fiske og naturleg død (blitt etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er:
fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er blitt fiska i løpet av året av dei forskjellige årsklassane)
toktdata (fortel om endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i forhold til året før)
Fangststatistikk
Det er viktig å halde oversikt over kor mange individ som blir tekne ut av ein bestand. I nokre tilfelle kan ein sjå om bestanden veks eller minkar ved å samanlikne kor stor fiskeinnsats som ligg bak kvart tonn med fanga fisk frå år til år. Fisket gir forskarane opplysningar om når, kva, kor og kor mykje det blir fiska, viktig informasjon som blir mata inn i modellane til forskarane. Desse opplysningane må derfor vere så nøyaktige som mogleg. Fiskarane kan oppnå ein kortsiktig gevinst ved å gi opp unøyaktige fangstdata. På den andre sida vil dette kunne slå tilbake på fiskarane etter ei tid i form av unødig stor reduksjon i fiskebestandane, som det tek lang tid å byggje opp att.
Toktdata
Havforskingsinstituttet brukar vanlegvis fleire ulike metodar for å måle mengda av fisk i havet:
ekkolodd/akustikk
trål
måling av eggproduksjon
merking av fisk
Akustisk mengdemåling
Metoden baserer seg på at objekt i havet reflekterer lyd (ekko). Styrken og tidslengda på ekkoet frå ein fisk eller fiskestim er avhengig av art og størrelse på fisken, og av tettleiken og volumet til stimen. Desse samanhengane er etter kvart blitt rimeleg godt fastlagde gjennom eksperimentelle og kontrollerte målingar. Ved å måle og lagre ekkostyrke og ekkotidslengd langs kurslinjene og observere kva slags artar og størrelser som medverkar til dei akustiske målingane ved å ta prøver (trålfangstar), kan ein rekne ut kva slags fisketettleik, art og størrelse ekkomålingane svarar til. Dei akustiske målingane og analysane blir utførte i BEI («Bergen Echo Integrator»), eit system som er utvikla av Havforskingsinstituttet og er i omfattande bruk rundt om i verda.
Botntrål
Talet på fisk i kvar botntrålfangst blir rekna om til fisketettleik (talet per flateeining) ved å dividere på det arealet botntrålen har fiska over. Ved å ta eit stort tal trålstasjonar fordelt i heile utbreiingsområdet til bestanden, får ein fram ei fordeling basert på trålfangst per arealeining.
Måling av eggproduksjonen
Metoden her kan kortfatta skisserast slik: når ein veit kor mange egg som er gytt og kor mange egg ein hofisk gyt, kan ein finne ut kor mange hofisk som har gytt. Feltdelen, eller eggtalfestinga i metodikken, er i hovudsak lik botntrålmetodikken. Med planktonhåv tek ein eit stort tal håvtrekk fordelt i heile gyteområdet. Fangstane av egg blir rekna om til eggtettleik (tal per flateeining). Multiplisert med tilhøyrande areal og justert for alderen til egga, får vi så totalt tal på egg gytt per dag. Gyteområdet blir dekka fleire gonger i løpet av gytesesongen. Når eggmengdene frå kvar dekking blir summerte over heile gytesesongen, får ein det totale talet på gytte egg.
Talet på egg som eit individ gyt er avhengig av art og størrelse. Store hoer gyt fleire (og større) egg enn små hoer. Samanhengen er fastlagt, og talet på egg per gram hofisk er talfesta. Total mengd gytte egg, dividert med talet på egg per gram hofisk, gir til slutt vekta eller biomassen til gytebestanden av hofisk. Prøvetaking syner kor mykje hannfisk og hofisk det er i gytebestanden. Vanlegvis er dette forholdet nær 1:1.
Merkeforsøk
I si aller enklaste form kan formelverket som blir nytta skisserast slik:
Talet på fisk i bestanden/talet på merkte fisk = Talet på fisk i fangst/talet på merka fisk i fangst
Dersom ein held greie på kor mange merker som blir sette ut, kor mange merker som blir funne att og kor mange fisk som blir fanga, kan ein ved hjelp av denne formelen rekne ut mengda av fisk i bestanden.
4.1.2 Metodar for utrekning av bestandsstørrelse
Bestandsutrekning inneber som nemnt å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fisket, data frå tokt der størrelsen på bestanden blir fastsett og utnyttingsgraden (fisketrykket). Utfallet er grunnlag for rådgiving om fiskekvotar, og er elles viktig for meir grunnleggjande forsking på tilhøve som avgjer størrelsen på bestanden, rekruttering osv.
For dei fleste bestandar av interesse for Noreg blir desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innanfor ICES (Det internasjonale råd for havforsking). Utrekningsverktøyet er matematiske modellar. Det finst ei rekkje slike modellar, og dette er eit forskingsfelt i rask utvikling. Valet av modell vil avhenge av eigenskapane til bestanden og kva slags data som er tilgjengelege. I Noreg brukar ein hovudsakleg modellar der føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som talet på fisk fordelt på alder. Det gjer at målingane kan knytast til årsklassar, og at kvar årsklasse kan følgjast over tid.
VPA (Virtuell PopulasjonsAnalyse)
Dette er ein metode for å rekne ut kor stor ein årsklasse må ha vore bakover i tid og kor høg fiskedøyinga (andelen av bestanden som er hausta i fiskeria) har vore ved hjelp av opplysningar om fangst ved alder over ein del år. Dette er ikkje nok for ei fullstendig bestandsutrekning, men mange utrekningsverktøy tek utgangspunkt i denne metoden.
Om ein veit kor mange fisk som har vore fanga av ein årsklasse gjennom ein del år, veit ein også at det må ha vore minst så mange fisk i årsklassen frå starten av. Faktisk må det ha vore endå fleire, fordi ein også må rekne med eit fråfall av andre årsaker enn fiske (naturleg døying). Når ein skal sette opp ein slik rekneskap, startar ein i praksis med den mengda fisk ein trur framleis er til stades og legg til det som blei fanga og det som gjekk tapt siste år på grunn av naturleg døying. Då får ein den mengda fisk som må ha vore i årsklassen året føre. Slik held ein fram bakover i tid. Den naturlege døyinga reknar ein som eit fast relativt (prosentvis) tap kvart år. Fiskedøyinga får ein ved å samanhalde fangst og bestand år for år.
VPA fortel altså ikkje kor stor bestanden er i augneblinken. Om ein derimot kan gå ut frå at det no er lite att av ein årsklasse, kan ein rekne ut ganske presist kor stor årsklassen har vore i tidlegare år. Utrekninga byggjer på fangststatistikken og blir villeiande om fangsttala ikkje er riktige.
4.1.3 Forvaltningsplanar og rådgiving
Det er naturen som set grenser for kor mykje som kan haustast av ein fiskebestand. Innanfor denne avgrensinga er det like fullt mange alternative måtar å nytte ressursen på, avhengig av kva slags mål ein har. Ein snakkar her om ulike forvaltningsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. Ein permanent plan kan for eksempel vere å fiske med ein gitt utnyttingsgrad. Ein tidsavgrensa plan kan for eksempel ta sikte på å byggje opp att ein bestand til eit visst nivå. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.
Dei forvaltningsplanane som har eksistert fram til no har som regel vore enkle og ufullstendige. Det er derfor eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter at forvaltninga skal baserast på meir heilskaplege forvaltningsplanar enn dei vi har i dag, der det ikkje berre blir teke omsyn til biologiske, men også til økonomiske og andre relevante faktorar.
I ein forvaltningsplan vil berekraft vere ei grunnleggjande norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterium det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad og bestand i forhold til slike kriterium, er det utvikla biologiske referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore brukt i forvaltningsrådgiving både som grenseverdiar og målverdiar. Nedanfor er det gitt ei oversikt over dei vanlegaste referansepunkta og kva dei tyder, men først er det naudsynt å forklare enkelte vanlege, faglege omgrep.
Døyingstal
Totalt døyingstal (Z) i ein fiskebestand blir delt opp i naturleg døyingstal (M) og fiskedøyingstal (F). Fiskedøyingstalet skal omfatte den del av døyingstalet som skuldast fisket. I praksis vil det like fullt vere vanskeleg å få mål på utkast og døyingstal som skuldast kontakt med fiskereiskap, slik at fiskedøyingstalet i bestandsutrekningar som regel berre omfattar det som blir registrert som ilandført fangst. Naturleg døyingstal omfattar då all annan døying, og er «momentan». Ettersom talverdien som oftast ligg mellom 0 og 1, til dømes 0,5, blir dette lett oppfatta som prosentar, slik at 0,5 skulle bety 50 % døying. I praksis er tilhøvet slik at døyingstalet ofte kan overstige 1 utan at dette betyr 100 % døying. Samanhengen er vist i tabell 4.1.
Tabell 4.1
Døyingstal | 0,1 | 0,2 | 0,3 | 0,4 | 0,5 | 0,6 | 0,7 | 0,8 | 0,9 | 1,0 | 1,5 | 2,0 |
% | 9,5 | 18,1 | 25,9 | 33,0 | 39,3 | 45,1 | 50,3 | 55,1 | 59,3 | 63,2 | 77,7 | 86,5 |
I forvaltningssamanheng er det som regel berre fiskedøyingstalet som blir presentert. Naturleg døying kjem i tillegg til dette. Ein fordel ved å bruke «momentant» døyingstal, er at dette ofte er tilnærma proporsjonalt med fangstinnsatsen. Ei dobling av fangstinnsatsen tilsvarar omtrent ei dobling av fiskedøyingstalet.
Eit utnyttingsmønster syner korleis utnyttinga er fordelt på kvar aldersgruppe. Dette vil mellom anna vere avhengig av reiskapsseleksjon. Som regel vil utnyttinga vere lågare for ung fisk enn for eldre. Utnyttingsmønsteret er uavhengig av utnyttingsgrad (fiskedøyingstal), og refererer berre til dei relative forholda mellom aldersgruppene. Endringar i utnyttingsmønsteret kan ha stor innverknad på langtidsutbytet.
Referansepunkt som dannar grunnlag for rådgiving om fiskekvotar
Føre-var-regelen (eller føre-var-tilnærminga) i forvaltning av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Sidan 1998 har ICES med tida definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Referansepunkta omfattar både utnyttingsgrad (fiskedøyingstal) og størrelse på gytebestanden.
Berekraftige fiskeri er eit sentralt omgrep i dei før nemnde internasjonale konvensjonane. Ut frå det langsiktige aspektet som ligg i dette, og ut frå den historiske erfaringa med forvaltning av fiskebestandar, er fiskedøyingstalet rekna som eit viktig kriterium for føre-var-forvaltning. Ein vil sikre seg mot at bestanden blir utsett for ei fiskedøying som på lengre sikt kan føre til samanbrot i bestanden. Ut frå historiske bestandsdata og enkle føresetnader om samanhengen mellom gytebestand og rekruttering, har ein for kvar bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestanden (Blim), der det er stor sjanse for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for fiskedøyingstalet (Flim) som, dersom ho blir overskriden over lengre tid, svært sannsynleg vil føre bestanden ned på eit nivå der rekrutteringa er venta å bli dårleg.
Når ein tek omsyn til uvisse i bestandsvurderingane, vil ei føre-var-forvaltning krevje at det blir lagt inn ein sikkerhetsmargin i forhold til desse «absolutte» grensene. Ei føre-var-grense for gytebestanden (Bpa) 1 må derfor vere noko høgare enn Blim, og ei føre-var-grense for fiskedøyingstalet (Fpa) må vere noko lågare enn Flim. Denne tryggleiksmarginen vil altså avhenge av presisjonen i bestandsutrekninga og graden av naturleg variasjon i bestanden. Fpa kan sjåast som det høgaste fiskedøyingstalet som vil vere i samsvar med ei føre-var-forvaltning, men er også knytt til om den er berekraftig. Bpa er først og fremst ei tiltaksgrense. Dersom gytebestanden er lågare enn Bpa, bør ein ta det som ei åtvaring og setje inn ekstra tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå.
ICES har definert dei «absolutte» grensene (Blim og Flim) ut frå historiske bestandsdata og teori om dynamikken i fiskebestandar. Når det gjeld føre-var-grensene (Bpa og Fpa), vil verdien på desse mellom anna avhenge av kor stor risiko forvaltninga er villig til å ta. ICES kjem derfor berre med framlegg om føre-var-grenser, og det krevst ein dialog med forvaltninga for å fastsetje føremålstenlege verdiar.
Det er verdt å merke seg at ICES’ definisjon av føre-var-referansepunkta er grenseverdiar som tek sikte på at det er svært sannsynleg at bestanden skal halde seg over nivået der rekrutteringa kan svikte. Grensene er altså ikkje tenkt å vere mål for forvaltninga. For dei fleste bestandar, spesielt av botnfisk, er den føreslåtte føre-var-grensa for fiskedøyingstalet høgare enn fiskedøyingstalet som gir maksimalt langtidsutbytte, og forvaltninga kan fritt stile mot eit høgare langtidsutbytte ved å setje eit mål for fiskedøyingstalet som er lågare enn føre-var-grensa.
Bruken av føre-var-tilnærminga er komen gradvis til syne i ICES’ rådgiving. Frå og med hausten 1996 blei det i større grad enn tidlegare argumentert mot høge fiskedøyingstal også for ein del bestandar som var godt innanfor trygge biologiske grenser. Hausten 1997 gav ICES ei åtvaring om kva slags fangstopsjonar som ikkje blei rekna for å vere føre-var for dei fleste bestandane, og frå 1998 blei føre-var-referansepunkta innførte. Ei anna omlegging hausten 1998 var at ein definerte trygge biologiske grenser ut frå både størrelsen på gytebestanden og fiskedøyingstalet, medan dei tidlegare i hovudsak berre blei definert ut frå størrelsen på gytebestanden. Denne omlegginga gjorde at mange bestandar som før blei klassifisert som innanfor trygge biologiske grenser no hamna utanfor, sjølv om det ikkje utan vidare hadde skjedd ei vesentleg endring i bestandssituasjonen. Det er sidan reist innvendingar mot ei slik inndeling, i og med at det kan verke ulogisk at ei høg utnytting er uansvarlig så lenge gytebestanden er på eit forsvarlig nivå. ICES har ei meir langsiktig grunngiving for dette: høgt uttak er ein fare for bestanden på sikt, utan omsyn til noverande størrelse på bestanden. Historia stadfestar i høg grad at dette argumentet er relevant. Frå 2004 har ICES endra omgrepa og snakkar no om å « hauste på ein ikkje berekraftig måte » i dei tilfella der fiskedøyingstalet er for høgt. I dei tilfella der fiskedøyingstalet er over Fpa, men under Flim, seier vi no at « det er risiko for at bestanden ikkje er hausta berekraftig ». Når fiskedøyingstalet er under Fpa, seier vi no at « haustinga er berekraftig ». Vidare, når det gjeld gytebestanden, seier vi no at om bestanden er i god forfatning og over Bpa, har den « god reproduksjonsevne ». Om bestanden er under Bpa, men over Blim, heiter det at den har « risiko for sviktande reproduksjonsevne », og til sist, om bestanden er i dårleg forfatning og under Blim, har den « sviktande reproduksjonsevne ».
Ei ytterlegare nyansering i høve til reproduksjonsevna kan illustrerast i eit diagram over fiskedøyingstal og gytebestand med referansepunkta teikna inn (figur 4.1). Graden av risiko aukar altså nedover og mot høgre i diagrammet. I det grøne feltet er begge kriterium innanfor føre-var-verdiar, og det er rom for ein viss valfridom i kvotefastsetjinga. Innanfor det gule feltet vil, i dei fleste tilfelle, ein moderat reduksjon i fisket vere tilstrekkelig for å kome raskt tilbake til ei føre-var-forvaltning, medan det i det raude feltet krevst kraftige tiltak. For tida går det føre seg ein fagleg diskusjon om å ta i bruk fleire og meir nyanserte formuleringar, og dermed også fleire fargenyansar i diagrammet i figur 4.1.
4.1.4 Rådgiving frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES)
Rådgivinga frå ICES utarbeidast av Den rådgivande komiteen for fiskeriforvaltning (ACFM). ACFM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 19 medlemslanda i ICES i tillegg til leiaren. ACFM møtest to gonger i året, i juni og oktober. Avhengig av til kva tid dei årlege bestandsutrekningane gjennomførast for dei ulike fiskebestandane, blir desse utrekningane kvalitetssikra og råd til forvaltninga gitt enten om våren eller hausten. Dei siste åra har derfor dei viktigaste botnfiskbestandane nord om 62°N, i tillegg til sild og kolmule, blitt behandla av ACFM under vårmøtet, medan råda når det gjeld botnfiskbestandane i Nordsjøen, i tillegg til lodde og makrell, har kome om hausten. Råda frå ICES inneheld ei skildring av tilstanden til bestanden, forvaltningsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgiving og dessutan tabellar og figurar som illustrerer historia til bestanden. Råda er offentlege og kan lesast på ICES’ internettside www.ices.dk . Havforskingsinstituttet omsetjer rådgivinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der det er naudsynt, og legg alt ut på Havforskingsinstituttets internettside www.imr.no. Dette for at det ikkje skal vere tvil om kva som er ICES’ vurdering og kva som er Havforskingsinstituttets offisielle vurdering av bestandssituasjonen og råd til dei forvaltande styresmakter.
Noreg haustar i alt 2-3 millionar tonn årleg frå om lag 90 ulike bestandar til ein førstehandsverdi av 15 milliarder kroner. I neste avsnitt blir dei økonomisk viktigaste bestandane omtalte.
4.2 Tilstandsrapportar og rådgiving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn
4.2.1 Nordaustarktisk torsk
Bestanden har si utbreiing i heile Barentshavet opp til polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør til Stad.
Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 660.000 tonn. Dei siste fem åra har fangsten variert mellom 415.000 og 535.000 tonn (figur 4.2). Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 % av total internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaustarktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket blir 65-70 % av fangsten teken med andre reiskap.
I åra 1998-2004 var det avtalt høgare kvoter enn tilrådd frå ICES (tabell 4.2). For 2002 og 2003 er det berekna eit urapportert overfiske på om lag 90.000 tonn kvart år.
Tilrådde reguleringar og avtalar for 2005
Ved siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha god reproduksjonsevne, men peikte på at det er risiko for at den ikkje blir hausta bærekraftig. I samsvar med den sameinte haustingsregelen tilrådde ICES ein kvote for 2005 på 485.000 tonn og peika på at all fangst må reknast mot kvoten. Uregistrert overfiske vil undergrave dei målsetjingane som ligg bak haustingsregelen.
Eitt år tidlegare tilrådde ICES ein lågare kvote enn det som kom ut av haustingsregelen. Dette fordi haustingsregelen då ikkje var tilstrekkeleg vurdert i høve til føre-var-prinsippet. Slike vurderingar er no gjennomførte, og ICES har konkludert med at regelen er i samsvar med føre-var-prinsippet. Det er eit viktig framsteg at forvaltninga no har fått på plass ein haustingsregel som er godkjend av ICES.
Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fastsette kvoten for 2005 på 485.000 tonn i samsvar med haustingsregelen og tilrådinga frå ICES.
Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av nordaustarktisk torsk sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangstar | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen gevinst ved å auke F | 681 | 700 | 740 | 501 |
1996 | Ingen gevinst ved å auke F | 746 | 700 | 732 | 579 |
1997 | Godt under Fmed | < 993 | 850 | 762 | 565 |
1998 | F < Fmed | 514 | 654 | 593 | 388 |
1999 | Minka F til under Fpa | 360 | 480 | 485 | 252 |
2000 | Auka SSB til over Bpa i 2001 | 110 | 390 | 414 | 222 |
2001 | Høgt sannsyn for SSB > Bpa i 2003 | 263 | 395 | 426 | 321 |
2002 | Minka F til under 0.25 | 181 | 395 | 445 | 505 |
2003 | Minka F til under Fpa | 305 | 395 | 653 | |
2004 | Minka F til under Fpa | 398 | 486 | 652 | |
2005 | Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer | 485 | 485 | 794 |
4.2.2 Nordaustarktisk hyse
Nordaustarktisk hyse gyt på djupt vatn nordover langs kysten. Det viktigaste gyteområdet er vestkanten av Tromsøflaket. Andre viktige gytefelt er Eggakanten utanfor Møre og Romsdal og områda utanfor Røstbanken og Vesterålsbankane. Oppvekstområda finst langs kysten og i Barentshavet. Ulike årsklassar har ulik utbreiing, noko ein må ta spesielt omsyn til i bestandsutrekningane.
I utrekningane av størrelsen til hysebestanden har ein brukt same reknemodell som for nordaustarktisk torsk. I utrekningane inngår, forutan fangststatistikken, tre seriar av indeksar (relative mål) frå forskingstokt. Toktindeksane som inngår er botntrålindeks og akustisk indeks frå det norske toktet i Barentshavet i februar og botntrålindeks frå det russiske toktet i Barentshavet i november/desember. I 2002 blei det utført ei ekstra hysedekning i forlenginga av det norske toktet. Denne undersøkinga avdekka rikelege mengder av hyse utanfor det tradisjonelle toktområdet. Andre undersøkingar støttar opp om dette og avdekkjer at graden av underdekning varierer frå årsklasse til årsklasse. Konkret gir dette seg utslag i at enkelte årsklassar har ein langt meir vestleg og sørleg (kystnær) fordeling enn andre årsklassar. Denne endringa i fordeling kan også knytast til kor stor årsklassen er. Den sterkaste endringa i fordeling har vore observert for 1996-årsklassen, noko det blir teke spesielt omsyn til ved dei siste bestandsanalysane. Bestandsutrekningane tek også omsyn til den mengda hyse som blir eten av torsk. Dette reknar ein ut frå mageprøver av torsk. Tendensen til å overvurdere størrelsen på bestanden har vore større enn for torsk. Ein mulig årsak til dette kan vere ein varierande grad av utkast og ikkje-bokførte landingar.
Bestanden av nordaustarktisk hyse var nede på eit svært lågt nivå i 1983-1984 (figur 4.3). Etter dette gav årsklassane 1982 og 1983 ein auke i bestanden, men dei svake årsklassane 1985-1987 førte til ein ny nedgang fram til 1990. Rekrutteringa blei seinare sterkt forbetra. Spesielt var 1990-årsklassen svært sterk, og den er, saman med 1950-, 1969- og 1983-årsklassane, ein av fire svært sterke årsklassar etter 1945. Frå 1998 ser det ut til at vi har kome i ein ny situasjon med meir stabilt god rekruttering. Alle årsklassane etter 1998 ser ut til å ha rekruttert minst 200 millionar 3-åringar. Grunnlaget for ei svært positiv bestandsutvikling er til stades.
Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av nordaustarktisk sei sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangstar | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen auke i F | 221 | 165 | 168 | 300 |
1996 | Ingen auke i F | 158 | 163 | 171 | 352 |
1997 | Minka F til Fmed eller lågare | 107 | 125 | 144 | 414 |
1998 | Minka F til Fmed eller lågare | 117 | 1451 | 153 | 511 |
1999 | Minka F under Fpa | 87 | 1442 | 150 | 486 |
2000 | Minka F under Fpa | <89 | 1253 | 136 | 498 |
2001 | Minka F under Fpa | <115 | 135 | 136 | 537 |
2002 | Minka F under Fpa | <152 | 1624 | 155 | 533 |
2003 | Halde F under Fpa | < 1684 | 164 | 160 | 448 |
2004 | Halde F under Fpa | < 186 | 169 | 162 | 511 |
2005 | Halde F under Fpa | < 215 | 215 | 544 |
1 TAC først sett til 125.000 tonn, auka i mai 1998 etter ekstraordinære bestandsanalysar.
2 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1998.
3 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1999.
4 TAC først sett til 152.000 tonn, auka til 162.000 tonn etter bestandsanalysane i april 2002, opphavleg råd frå ICES for 2003 på 168.000 tonn følgjeleg redusert til 164.000 tonn.
4.2.3 Nordaustarktisk sei
Fisket
Utbytet av seifisket nord for 62°N var om lag 136.000 tonn i 2001, 155.000 tonn i 2002 og 160.000 tonn i 2003 (figur 4.4). Kvoten for 2004 blei fastsett til 169.000 tonn, men førebels ser utbytet ut til å bli litt lågare (162.000 tonn). Noreg dominerer fisket (ca. 95 %), og det gjennomsnittlege norske utbytet i perioden 1960–2003 var på 132.000 tonn.
Bestandsgrunnlaget
I april 2004 gjennomførte ICES-arbeidsgruppa nye bestandsutrekningar (figur 4.4). Gytebestanden auka frå eit botnnivå i 1987 til opp mot dei høgaste nivåa i tidsserien i 1998. Den har sidan lege på dette nivået, og er også venta å gjere det dei nærmaste åra dersom fiskedøyingsraten held seg på dagens nivå. Analysane viste at fiskedøyingsraten er under føre-var-grensa, og at den avtalte kvoten for 2004 også ville gi ein fiskedøyingsrate under dette nivået. Eit uttak på føre-var-nivå er venta å føre til ein viss reduksjon i gytebestanden dei nærmaste åra. Dei siste åra har det vore ein tendens til å overvurdere fiskedøyingsraten og undervurdere størrelsen på bestanden i siste utrekningsår.
4.2.4 Lodde i Barentshavet
Utrekningsmetodar
Totalbestanden av lodde blir målt akustisk kvar haust. Toktet er eit samarbeid mellom Noreg og Russland. Desse undersøkingane gir eit overslag over mengda av lodde som er eitt år og eldre. Eit loddelarvetokt i juni og undersøkingar av 0-gruppe under eit økosystemtokt i august–september gir tilleggsinformasjon om rekruttering.
Bestandsutrekningane for lodda i Barentshavet blir frå og med 2005 utarbeidde av ei undergruppe av «Arctic Fisheries Working Group» i ICES. Gruppa møtest etter økosystemtoktet i august–september, der størrelsen på loddebestanden blir estimert. Bestandsestimatet frå dette toktet brukast direkte som mål for bestandsstørrelsen, og prognosar og kvotetilrådingar blir rekna ut i spesielle modellar der også modning, vekst og naturleg døyingstal inngår. Estimata for naturleg døyingstal tek omsyn til mellom anna mengda og størrelsessamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden ein meiner at denne torsken kjem til å ete. I prognosane blir det teke omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadane som inngår.
Bestandsgrunnlaget
Figur 4.5 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2004. Biomassen til loddebestanden blei betydeleg redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. I 2004 var han på same nivået som i 2003. Rekrutteringa har svikta dei siste åra, og det er no berre svake årsklassar i bestanden. Dette kjem både av at desse årsklassane var svakare i utgangspunktet, og at dei har hatt eit auka naturleg døyingstal.
Reguleringar
Med den uvissa ACFM reknar med knyter seg til prognosen, vil det, sjølv utan eit fiske vinteren 2005, vere svært stor risiko for at gytebestanden blir mindre enn 200.000 tonn, som ACFM har valt å nytte som Blim. Med bakgrunn i bestandssituasjonen og desse utrekningane, tilrådde ACFM hausten 2004 at det ikkje burde opnast for eit loddefiske i Barentshavet vinteren 2005. Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok på sitt møte i november 2004 å forby fiske på Barentshavslodde vinteren 2005, men opna for eit forskingskvantum til kvar av partane på 1000 tonn (sjå tabell 4.5).
Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av lodde i Barentshavet sidan 1998.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangstar | Modnande bestand |
---|---|---|---|---|---|
1998 | Ikkje fiske | 0 | 0 | 1 | 932 |
1999 | SSB> 500.000t | <79 | 80 | 105 | 1718 |
2000 | 5 % sannsyn for SSB< 200 000 t | <435 | 435 | 410 | 2097 |
2001 | 5 % sannsyn for SSB< 200 000 t | <630 | 630 | 575 | 2019 |
2002 | 5 % sannsyn for SSB< 200 000 t | <650 | 650 | 659 | 1291 |
2003 | 5 % sannsyn for SSB< 200 000 t | <310 | 310 | 282 | 279 |
2004 | Ikkje fiske | 0 | 0 | 0 | 294 |
2005 | Ikkje fiske | 0 | 21 |
1 forskingskvote
Tabell 4.5 Fangst (tusen tonn) av norsk vårgytande sild 1993–2003.
1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 20041 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Færøyane | 2,9 | 57,1 | 52,8 | 60,0 | 68,1 | 55,5 | 64,2 | 34,4 | 54,8 | 23,0 | 43,0 | |
Island | 21,1 | 174,1 | 165,0 | 220,2 | 197,8 | 203,4 | 186,4 | 77,6 | 126,3 | 102,6 | 100,7 | |
Noreg | 199,8 | 380,8 | 529,8 | 699,2 | 861,0 | 743,9 | 740,6 | 716,6 | 495,0 | 485,0 | 433,1 | 474,5 |
Russland | 32,6 | 74,4 | 102,0 | 119,3 | 168,9 | 124,0 | 157,3 | 158,3 | 110,9 | 109,7 | 100,6 | 113,1 |
EU | 40,1 | 180,4 | 116,4 | 89,2 | 78,5 | 93,4 | 67,9 | 54,8 | 29,1 | 65,9 | ||
Total | 232.4 | 479,2 | 903,1 | 1216,7 | 1426,5 | 1223,0 | 1235,3 | 1218,9 | 785,8 | 830,6 | 688,3 | 802 |
Fastsett kvote | 200,0 | 2 | 2 | 2 | 1500,0 | 1300,0 | 1300,0 | 1250,0 | 850,0 | 850,02 | 710,02 | 8252 |
1 Førebelse tal
2 Ikkje internasjonal semje om totalkvote
4.2.5 Norsk vårgytande sild
Den vaksne bestanden av norsk vårgytande (NVG) sild gjennomfører årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhav. Gytinga i februar går føre seg på Norskekysten frå Stad til Vesterålen, beitevandringa frå mai til august er i havområda mellom Noreg, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard, medan overvintringa frå september til januar har skjedd i Vestfjorden, Ofotfjorden og Tysfjord frå tidleg på 90-talet. Dei siste tre åra har det meste av bestanden overvintra i havet nord og nordvest for Vesterålen. Mykje tyder på at silda har endra sitt vandringsmønster, og at den vil overvintre ute i havet i åra som kjem. Sildebestanden blir fiska på av Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er også største fiskerinasjon.
Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 60-tallet blei bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske nivå (figur 4.6). Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2005 er gytebestanden berekna å vere om lag 6 millionar tonn og er forventa å vere nokolunde stabil fram til 2006, då den sterke 2002-årsklassen vil rekruttere for fullt og heve gytebestanden.
Dei norske fangstane (figur 4.7 og tabell 4.6) blir tekne i overvintringsområda og på gytefeltet med varierande fordeling mellom dei to områda frå år til år. Russland fiskar det meste av sin kvote i norske farvatn: på gytefelta i februar og i havet mellom Svalbardsona og Troms i august–oktober. Island fiskar i mai og juni i internasjonalt farvatn i Norskehavet, med enkelte fangstar i eige havområde når bestanden er tilgjengeleg der. EU og Færøyane har fiska på gytefelta og i Norskehavet. I år der ei sildeavtale har vore inngått har Island, Færøyane og EU også fiska i Jan Mayen- og Svalbardsona. I 2004 avsette Noreg ein kvote på 80.000 tonn til den internasjonale flåten i Svalbardsona, sjølv om det ikkje var inngått nokon kvoteavtale mellom partane.
Tabell 4.6 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og størrelsen på gytebestanden (1000 tonn) av norsk vårgytande sild sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen auke i F | 513 | Ikkje avtalt | 906 | 4873 |
1996 | Hald SSB over 2,5 millionar tonn | 1 | Ikkje avtalt | 1217 | 6522 |
1997 | Hald SSB over 2,5 millionar tonn | 1 | 1500 | 1420 | 7778 |
1998 | Ikkje gå over haustingsregelen | 2 | 1300 | 1223 | 7038 |
1999 | Ikkje gå over haustingsregelen | 1263 | 1300 | 1235 | 6583 |
2000 | Ikkje gå over haustingsregelen | 1500 | 1250 | 1207 | 5293 |
2001 | Ikkje gå over haustingsregelen | 753 | 850 | 770 | 4577 |
2002 | Ikkje gå over haustingsregelen | ? | 850 | 830 | 4594 |
2003 | Ikkje gå over haustingsregelen | 710 | Ikkje avtalt | 688 | 5787 |
2004 | Ikkje gå over haustingsregelen | 825 | Ikkje avtalt | 802 | 6300 |
2005 | Ikkje gå over haustingsregelen | 890 | Ikkje avtalt | 63653 |
1 Gytebestanden må haldast større enn 2,5 millionar tonn
2 Må haustast innafor haustingsregelen
3 Framskriving
Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av Nordsjøsild sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Langsiktig gevinst forventa med lågare F | 429 | 440 | 566 | 456 |
1996 | 50 % reduksjon av avtalt TAC | 200 | 200 | 265 | 449 |
1997 | F = 0.2 | 186 | 186 | 234 | 536 |
1998 | F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1 | 276 | 276 | 329 | 707 |
1999 | F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1 | 296 | 296 | 336 | 815 |
2000 | F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1 | 301 | 301 | 329 | 810 |
2001 | F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1 | 301 | 301 | 323 | 1276 |
2002 | F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1 | 301 | 301 | 353 | 1583 |
2003 | F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.12 | 452 | 452 | 450 | 1731 |
2004 | F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.1 | 498 | 498 | 533 | 1892 |
2005 | F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.12 | 585 | 585 |
Situasjonen våren 2005
ICES har tilrådd eit fiske på 890.000 tonn for 2005. Grunnlaget for kvotetilrådinga er ein utnyttingsgrad som kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) blei einige om i 1999 (F = 0.125). Det er ikkje oppnådd semje om å føre vidare denne utnyttingsgraden i 2005 eller om ei fordeling av kvotar. Noreg sette 1. mars 2005 ein kvote for det norske fisket som motsvarar 65 % av tilrådd TAC, ein auke på 8 % utover dei 57 % som var Noregs part i dei tidlegare fempartsavtalane. Island og Færøyane har signalisert at også dei vil auke sitt uttak utover det dei hadde i dei siste avtalane. Det er derfor uvisst kor stort det totale uttaket av NVG-sild vil bli i 2005.
4.2.6 Nordsjøsild
Nordsjøsilda forvaltast av Noreg og EU i fellesskap. Ein finn nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk). Den norske kvoten blir fiska av ringnotfartøy, trålarar og kystfartøy, dels i eit direkte fiske og dels som bifangst i industritrålfisket. Utviklinga i fisket frå 1960 er vist i figur 4.8. Fangsttala er henta frå sildearbeidsgruppa til ICES i 2005, og vil ikkje vere heilt i samsvar med offisielle tal. Etter eit kollaps i bestanden og stopp i fisket på midten av 1970-tallet, auka fangstane jamt utover 1980-talet og nådde ein topp på 770.000 tonn i 1989. Tidleg på 1990-talet var årleg oppfiska kvantum på 500.000-600.000 tonn. Dette førte til ei negativ utvikling i bestanden, og det blei tilrådd å avgrense fisket. Kvoten blei derfor redusert. I 1996 blei det teke vel 265.000 tonn, av dette var ca. 38.000 tonn ungsild fiska som bifangst i industritrålfisket. I 2003 var fangstane auka til 450.000 tonn, og uttaket av småsild var redusert. I 2004 var fangsten 550.000 tonn.
Noreg og EU inngjekk ein avtale om forvaltning av nordsjøsilda i 1998. I følgje avtalen har Noreg 29 % av totalkvoten for direkte fiske av sild. Eventuelle bifangstar i det norske industritrålfisket blir trekte frå denne kvoten. EU innførte i 1997 ein eigen bifangstkvote for industrifisket. Denne bifangstkvoten har ikkje blitt oppfiska i åra etter 1997.
Den avtalte kvoten for vaksen sild til konsum i Nordsjøen (tabell 4.8) har lenge vore lågare enn kvantumet som blir fiska. Dette skuldast hovudsakleg utstrekt feilrapportering. Det vil seie at det blir fiska nordsjøsild som rapporterast som fangstar tekne i andre område. Bifangstane av småsild var tidlegare på eit svært høgt nivå (100-200.000 tonn). Dette fisket var i prinsippet uregulert. Etter innføringa av den nye ordninga blei bifangstane av småsild i 2000-2002 reduserte til 20.000 tonn årleg. Feilrapportering i 2002 blei estimert til ca. 31.000 tonn og utsleppa estimert til ca. 17.000 tonn. Ein er med andre ord framleis usikker på fangststatistikken, noko som også gjer bestandsvurderinga usikker.
Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av nordaustatlantisk makrell sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Råd gitt for kvar gytekomponent | 645 | 756 | 2418 | |
1996 | Betydeleg reduksjon av F | 452 | 564 | 2377 | |
1997 | Betydeleg reduksjon av F | 470 | 570 | 2438 | |
1998 | F = 0,15-0,2 (Noreg-EU- avtalen) | 498 | 549 | 667 | 2361 |
1999 | F = 0,15 | 437 | 562 | 616 | 2443 |
2000 | Fpa = 0,17 | 642 | 612 | 675 | 2282 |
2001 | Fpa = 0,17 | 665 | 670 | 687 | 2317 |
2002 | Fpa = 0,17 | 694 | 683 | 727 | 1897 |
2003 | Fpa = 0,17 | 542 | 593 | 617 | 1854 |
2004 | Fpa = 0,17 | 545 | 532 | 542 (estimat) | 1969 |
2005 | F = 0,20 | 420 | 2188 |
Bestandsgrunnlag
Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til at gytebestanden av nordsjøsild blei kraftig redusert i perioden 1989-1993: frå ca. 1,2 million tonn til ca. 470.000 tonn (figur 4.8). Fiskepresset på den vaksne delen av bestanden auka kraftig utover i 90-åra, og det blei fiska store mengder småsild i industrifisket. Kvotane låg på eit jamt nivå, samtidig som bestandsnivået gjekk kraftig nedover. Dette førte til ei vesentleg dårlegare rekruttering til den vaksne bestanden enn det som skulle til for å halde størrelsen på bestanden oppe med eit slik fiskepress. Strenge reguleringar av både bifangstfisket og fangstar av vaksen sild blei innført i midten av 1990-åra (EU-Noreg avtalen). Dette førte til ein auke i gytebestanden til ca. 800.000 tonn i 1998–2000. I dei neste åra steig gytebestanden til ca. 1,9 million tonn i 2004. Gytebiomassen har auka som følgje av reduserte fangstar, sterk rekruttering og oppfølging av strenge forvaltningstiltak som har redusert uttaket av både ungsild og vaksen sild.
Rådgiving
Etter innføringa av eit strengt forvaltningsregime (Noreg-EU) i 1998 er bestanden av Nordsjøsild no i god vekst. Først i 2002 blei den estimerte gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere innanfor sikre biologiske grenser. Forvaltningsstrategien Noreg og EU er einige om seier at F for vaksen sild ikkje skal overstige 0,25. For ungsild skal F ikkje overstige 0,12. EU og Noreg har dei siste åra vedteke kvotar som tilsvarar ein F på 0,2. I 2004 er den avtalte kvoten 500.000 tonn for vaksen sild og 52.000 tonn for ungsild.
Rådgivinga for 2004 var i stor grad basert på at to sterke årsklassar (1998 og 2000) var på veg inn i fisket. Observasjonar frå ulike tokt indikerer at desse årsklassane er av dei sterkaste i perioden 1960-2002. Sterke årsklassar har tidlegare vist tendens til lågare modningsrate enn gjennomsnittleg, og dette vil kunne føre til negativ effekt på den estimerte gytebiomassen. Det er indikasjonar på at både 2002-, 2003- og 2004-årsklassane er svært svake. Ein må derfor vente at dei tilrådde kvotane vil bli lågare i åra som kjem. Bestandsberekningane er i stor grad avhengige av kvaliteten på fangsttala (feilrapportering, utslepp). Det er avgjerande for om forvaltningsstrategien for nordsjøsild skal lukkast at ein har presise mål for kor stor bestanden er. Likeeins er det avgjerande at kvotane ikkje blir overfiska.
4.2.7 Makrell
Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg-, vestleg- og nordsjømakrell. Vestleg og sørleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå. Bestandsmålingar utførast kvart tredje år, og i 2002 blei det observert teikn til vekst i Nordsjøbestanden for første gong på meir enn 25 år. Sidan 2001 har makrellfisket vore regulert i heile utbreiingsområdet.
Fisket
Fisket etter makrell føregår hovudsakleg i eit direkte fiskeri med snurpenot og trål. I Biscaya og utanfor Portugal blir makrell stort sett teke som bifangst av trålarar. Det norske fisket føregår hovudsakleg med snurpenot, men trål og tradisjonelle reiskapar som garn og snøre blir også brukt.
I begynnelsen av 90-åra auka dei internasjonale makrellfangstane frå ein stabil årsfangst på 600.000–650.000 tonn til over 800.000 tonn i 1993 og 1994. Dette førte til nedgang i bestanden, og fangstnivået måtte ned. Strenge reguleringar med lågare kvotar førte til at fangstane fall til høvesvis 563.000 og 570.000 tonn i 1996 og 1997 (figur 4.9). Dei viktigaste fangstområda er Nordsjøen (område IV), Norskehavet (område IIa) og vest av 4ºV (områda VI og VII).
Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av sei i Nordsjøen sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand** |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen auke i F | 107 | 107 | 113 | 134 |
1996 | Ingen auke i F | 111 | 111 | 110 | 155 |
1997 | Ingen auke i F | 113 | 115 | 103 | 194 |
1998 | Reduser F med 20 % | 97 | 97 | 100 | 193 |
1999 | Reduser F til Fpa | 104 | 110 | 107 | 202 |
2000 | Reduser F med 30 % | 75 | 85 | 87 | 190 |
2001 | Reduser F med 20 % | 87 | 87 | 90 | 212 |
2002 | F < Fpa | 135 | 135 | 117 | 201 |
2003 | F < Fpa | <176 | 165 | 112 | 221 |
2004 | F < Fpa | <211* | 190 | 260 | |
2005 | F < Fpa | <150* | 145 | 271 |
*Forvaltninga av sei må sjåast i samanheng med tilstanden til bestanden av torsk.
**Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og vest av Skottland.
4.2.8 Sei i Nordsjøen og vest av Skottland
I dei siste åra har landingane lege rundt 110.000 tonn, bortsett frå i 2000 og 2001, då landingane var rundt 95.000 tonn. (figur 4.10). Fangstane frå vest av Skottland har i dei seinere åra utgjort ca. 9 % av totalfangstane. Ein reknar med at landingane frå Nordsjøen for 2003 er 102.000 tonn, som er 18.000 tonn mindre enn avtalt TAC. På grunn av lave kvotar og utkastpåbudet i EU-sona var det i 2000 og 2001 eit omfattande utkast av sei. For 2000 reknar ein med at det var eit utkast på meir enn 20.000 tonn, og for 2001 på 15.000 tonn. Den norske delen av totalfangsten i denne perioden har vore over 48 %. Mellombelse oppgåver for 2004 tyder på at norsk fangst, inkludert bifangst til oppmaling, har vore ca. 66.000 tonn. Dette er om lag 28.000 tonn mindre enn kvoten på 93.800 tonn. Av det norske fisket er det trålarflåten som tek mesteparten (om lag 80 %). Notfisket inkluderer også ungsei nær kysten. Noreg disponerer 52 % av totalkvoten.
Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av torsk i Nordsjøen sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Betydeleg reduksjon i innsatsen | 120 | 120 | 73 | |
1996 | 80 % av F(94) = 0.7 | 141 | 130 | 107 | 77 |
1997 | 80 % av F(95) = 0.65 | 135 | 115 | 102 | 83 |
1998 | F(98) burde ikkje overstige F(96) | 153 | 140 | 122 | 72 |
1999 | F = 0.60 for å byggje opp att SSB | 125 | 132 | 78 | 59 |
2000 | F mindre enn 0.55 | < 79 | 81 | 59 | 45 |
2001 | Lågast mogleg fangst | 0 | 48,6 | 41 | 33 |
2002 | Lågast mogleg fangst | 0 | 49,3 | 44,2 | 39 |
2003 | Ikkje fiske | 0 | 27,3 | 25,8 | 43 |
2004 | Ikkje fiske | 0 | 27,3 | Under Blim | |
2005 | Ikkje fiske | 0 | 27,3 |
4.2.9 Torsk, hyse og kviting i Nordsjøen
I botntrål- og snurrevadfisket til konsum tek ein ei blanding av torsk, hyse og kviting. Industritrålfisket og bomtrålfisket etter flatfisk medfører ein auke i døyingstala, særleg for dei yngre årsklassane.
Torskelandingane har falle frå 300.000 tonn i 1981 til ca. 26.000 tonn i 2003 (figur 4.11). Norsk fiske i 2003 var på 4.545 tonn, og landingane i 2004 ser ut til å bli noko meir enn 4.000 tonn. Dette er om lag det same som den norske kvoten på 4.114 tonn. Noreg disponerer 17 % av total TAC.
Årsfangstane (inkludert utkast) av hyse låg på omkring 200.000 tonn i åra 1980–1987 og fall gradvis til 86.700 tonn i 1990 (figur 4.12). I 2002 blei det fanga 101.000 tonn, der 45.000 tonn blei kasta ut, medan det i 2003 blei fanga 67.000 tonn, der 23.500 tonn blei kasta ut. Norsk fangst i 2003 var 3.941 tonn inkludert bifangst i industritrålfisket. Prognosen for 2004 er vel 1.500 tonn, medan den norske kvoten var 15.391 tonn. Noreg disponerer 23 % av total TAC.
Fangstane av kviting er viste i figur 4.13. Utbytet har vore stabilt dei siste ti åra, men er betydeleg lågare enn i perioden 1960–1980. Skottland tek om lag ein tredjedel av totalfangsten. Dei norske landingane er hovudsakleg bifangst i industritrålfisket. Noreg hadde ein kvote på 1.600 tonn i 2004. Mellombelse fangsttal indikerer at fangsten vil bli rundt 340 tonn. Noreg disponerer 10 % av total TAC.
Bestandsutrekningane er baserte på ein kombinasjon av fiskeriavhengige data og toktdata. Noreg medverkar med totalfangst og toktdata. Frå og med 1996 blir det laga ei felles utrekning for torskebestandane i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen, for hysebestandane i Nordsjøen og Skagerrak og for kvitingbestandane i Nordsjøen og Kanalen. Ein kan derfor ikkje samanlikne tala frå tidlegare år med noverande utrekningar. Bestandane i Nordsjøen er i alle høve svært store i forhold til dei to andre områda, slik at alle utrekningar blir styrte av data frå Nordsjøen. I 2004 hadde alle tre bestandane såkalla «benchmark assessment», som tyder at ein går gjennom alle data og nyttar mange forskjellige utrekningsmetodar.
Gytebestanden av torsk blei redusert frå ca. 277.000 tonn i 1970 til langt under Blim, som er 70.000 tonn, i 2001 (figur 4.11). ICES var ikkje i stand til å rekne ut størrelsen på bestanden fordi fangsttala for dei seinare åra er svært usikre, men alle metodar tilseier at gytebestanden framleis er godt under Blim. Grensa for god reproduksjonsevne (Bpa) er vurdert å vere 150.000 tonn. Dagens fiskemønster medfører høg døying på eitt- og toåringar, slik at berre ca. 15 % av eittåringane overlever til dei er tre år. 1996-årsklassen har vore sterk, men på grunn av stort fiskepress har den ikkje fått bygd opp att gytebestanden. Sidan 1997 har alle årsklassar vore svake eller middels, og årsklassane 1997, 2000 og 2002 er dei svakaste som er registrert. Det er derfor ikkje venta at gytebestanden vil auke over 150.000 tonn i nærmaste framtid, sjølv om fiskedøyingstala blir kraftig reduserte.
Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av hyse i Nordsjøen sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst m/utkast | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Betydeleg reduksjon i innsats; blanda fiskeri | 120 | 140 | 147 | |
1996 | Må ta omsyn til blanda fiskeri | 120 | 154 | 176 | |
1997 | Må ta omsyn til blanda fiskeri | 114 | 138 | 190 | |
1998 | Ingen auke i F | 100,3 | 115 | 128 | 160 |
1999 | Reduser F(95–97) med 10 % | 72 | 88,6 | 111 | 112 |
2000 | F mindre enn Fpa | < 51,7 | 73 | 100 | 88 |
2001 | F mindre enn Fpa | < 58 | 61 | 165 | 241 |
2002 | F mindre enn Fpa | < 94 | 104 | 101 | 399 |
2003 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 52 | 76 | 250-380 |
2004 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 85 | 250-380 | |
2005 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 66 |
Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av kviting i Nordsjøen sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst m/utkast | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Betydeleg reduksjon i innsats; blanda fiskeri | 81 | 98 | 249 | |
1996 | Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk | 67 | 69 | 222 | |
1997 | Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk | 74 | 54 | 194 | |
1998 | Ingen auke frå 1996-nivået | 54 | 60 | 40 | 163 |
1999 | Minst 20 % reduksjon av F(95–97) | 40,4 | 44 | 55 | 162 |
2000 | Lågast mogleg fangst | 0 | 30 | 55 | 200 |
2001 | 60 % reduksjon av F(97–99) | 19,4 | 30 | 43 | 218 |
2002 | F ikkje større enn 0.37 | <33 | 32 | 40 | 210 |
2003 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 16 | 38 | |
2004 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 16 | ||
2005 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 28 |
4.2.10 Kolmule
Kolmulebestanden i Det nordaustlege atlanterhav består truleg av to hovudkomponentar: ein nordleg som har si utbreiing i Norskehavet og sørover til sørvest av Irland, og ein sørleg som held til i Biscaya og vidare sørover mot Gibraltar og Nord-Afrika. Det er uklart kor mykje desse komponentane blandar seg under gyting og beiting, derfor blir all kolmule betrakta som ein felles bestand i bestandsberekningane og rådgivinga i ICES. Fisket føregår om våren på gytefelta langs eggakanten vest av Dei britiske øyer og ved Færøyane. Noreg opererer her med ringnotsnurparar utstyrt for flytetråling. Fangst av kolmule føregår også på beiteområda i Norskehavet om sommaren og hausten, også då med flytetrål, og elles gjennom heile året i Norskerenna i industritrålfisket.
Internasjonal fangststatistikk frå 2004 er enno ikkje ferdig, men ein ventar at totalfangsten er på same nivå som i rekordåret 2003: rundt 2,3 millionar tonn. Året 2004 var dermed det sjuande i rekkja med fangstar på over ein million tonn. Dette skuldast manglande internasjonal semje om fordelinga av TAC på soner. Høg utnyttingsgrad har vore mogleg fordi årsklassene frå og med 1995 har vore mykje større enn vanleg.
Fotnotar
pa = «precautionary approach» = «føre-var»