St.meld. nr. 9 (2005-2006)

Om overgangsordningane for arbeidstakarar frå dei nye EØS-landa mv.

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

I samband med utvidinga av EØS-området med ti nye medlemsland 1. mai 2004 innførte Noreg overgangsordningar for arbeidstakarar frå åtte av dei nye medlemslanda. Som følgje av føresegnene i EØS-utvidingsavtala må Noreg innan 1. mai 2006 avgjere om vi skal vidareføre desse overgangsordningane. Dersom dei skal vidareførast, må vi melde frå om det til EFTAs overvakingsorgan (ESA) før 1. mai.

EØS-utvidingsavtala gjev EØS-landa frå før utvidinga 1. mai 2004 høve til å avgrense den frie rørsla som elles gjeld i EØS-området, overfor arbeidstakarar frå åtte av dei nye medlemslanda. Det gjeld ikkje Kypros og Malta, som har hatt fri rørsle sidan 1. mai 2004. Det er ikkje høve til å innføre tiltak som er meir restriktive overfor arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda enn dei som gjaldt då EØS-utvidingsavtala vart underteikna. Utvidingsavtala gjev ikkje høve til å ha overgangsordningar for mellom anna tenesteytarar, sjølvstendig næringsdrivande og bedriftsetableringar.

Overgangsordningar kan nyttast i opptil sju år, og overgangsperioden er delt inn i ein periode på først to år, så tre år og så to nye år att, og tek sikte på gradvis å opne arbeidsmarknaden og retten til fri rørsle for personar frå dei nye medlemslanda i EU/EØS-området. Vidareføring i den neste treårsperioden kan skje utan nærare vilkår, og det er opp til kvart enkelt medlemsland å avgjere om ein vil vidareføre ordningane. EU-landa må melde frå til Kommisjonen kva dei vel å gjere innan 1. mai 2006, medan EFTA/EØS-landa må melde frå til ESA innan den tid. ESA kan ikkje overprøve ei avgjerd om eventuell vidareføring. Dei nasjonale overgangsordningane kan opphevast når som helst i den komande treårsperioden.

Noreg innførte to typar overgangsordningar frå 1. mai 2004. For det første vart det innført eit krav om opphaldsløyve for individuelle arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda før dei begynner å arbeide, i tillegg til krav om norske lønns- og arbeidsvilkår og som hovudregel heiltidsstilling. I tillegg vart det gjeve ein særskild heimel i utlendingslova for ein såkalla vernemekanisme. Den gjev Kongen i statsråd heimel til ved forskrift å gjere unntak frå dei rettane arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda får. Vilkåra er at arbeidet som desse arbeidstakarane gjer i Noreg, skaper eller er venta å skape forstyrringar på den norske arbeidsmarknaden som vil kunne utgjere ein alvorleg risiko for levestandarden eller sysselsetjinga i ein bestemt region eller eit bestemt yrke. Vernemekanismen kan nyttast i heile overgangsperioden på 7 år.

1.1 Samandrag

Meldinga gjer for det første greie for utviklinga i Noreg og i andre europeiske land (kapittel 2). Når det gjeld Noreg, er det gjort greie for tilgangen til arbeidskraft, tenesteleveransar, arbeidsløyse og velferdsordningar. For dei andre europeiske landa er mellom anna rapportar frå prosjekt finansiert av Nordisk Ministerråd og rapport frå Europakommisjonen sentrale. Ein går også inn på situasjonen i dei ulike landa når det gjeld vurdering av ei eventuell vidareføring av overgangsordningane.

Eit sentralt moment i avgjerda om overgangsordningane skal vidareførast eller ikkje, er problemstillingane omkring sosial dumping. I kapittel 3 gjer vi greie for dei tiltaka for å hindre sosial dumping som anten er sette i verk, som er under arbeid, eller som ein vurderer å gå vidare med.

I spørsmål som dette, som har så mykje å seie for forholda på arbeidsmarknaden, er det sjølvsagt at også partane i arbeidslivet har vore med i drøftingane. Kapittel 4 omtalar kontakten og drøftingane som har vore mellom styresmaktene og organisasjonane i arbeidslivet i arbeidet med denne saka.

Kapittel 5 konkluderer med at regjeringa etter ei samla vurdering meiner at overgangsordningane skal vidareførast i si noverande form, med verknad frå 1. mai 2006. Arbeidsmarknaden er i betring og ein ventar auka etterspørsel etter arbeidskraft i tida framover. I utgangspunktet blir overgangsordningane vidareførte for ein treårsperiode. Det foretas ei ny vurdering i løpet av treårsperioden mellom anna på bakgrunn av utsiktene til ein strammare arbeidsmarknad og eventuelle endringar i overgangsordningar i andre nordiske land. Arbeidet med å sikre ordnede lønns- og arbeidsvilkår styrkjast gjennom andre tiltak. Dersom overgangsordningane i lys av dette ikkje er ønskjelege eller nødvendige, vil dei kunne fasast ut.

Kapittel 6 tek for seg dei økonomiske og administrative konsekvensane.