St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 — Utgiftskapitler: 1000–1070, 2415 og 2540 Inntektskapitler: 4000–4070 og 5575

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

8 Sektorovergripande miljøpolitikk

Miljøpolitikken til Regjeringa tek sikte på å fremme ei berekraftig samfunnsutvikling basert på ei langsiktig og forsvarleg forvaltning av naturressursane. Omsynet til ei berekraftig utvikling vert innarbeidd i all samfunnsplanlegging og sektorpolitikk.

Dette kapitlet presenterer Fiskeri- og kystdepartementets samla arbeid med å innpasse miljøvernpolitikken i eige ansvarsområde. Presentasjonen er laga med utgangspunkt i departementet sin reviderte miljøhandlingsplan som vart lagd fram i 2005. Miljøhandlingsplanen inneheld ein gjennomgang av status og utfordringar, mål og tiltak innanfor regjeringas åtte miljøvernpolitiske resultatområde. Rapporteringa er lagd opp i høve til desse resultatområda.

Vi viser elles til omtale av mål, resultat og prioriteringar under dei respektive kapitla i proposisjonen. For rapportering som gjeld ressursforsking og forvaltning av fiskebestandane viser vi til omtalen i kapitla 1020, 1023 og 1030.

8.1 Resultatområde "Vern og bruk av biologisk mangfald"

Fiske og fangst

Mål og prioriteringar

Fiskeri- og kystdepartementet har som mål å fremme berekraftig hausting av marine ressursar og bruk av kyst- og havområda, og å ta vare på det biologiske mangfaldet.

I forvaltninga av havområda våre vert det arbeidd med å utvikle ein ny strategi basert på vitskaplege råd som tek omsyn til heile økosystemet. Dette krev ei betydeleg utvikling av det operative forvaltningsrammeverket samstundes som det inneber klare utfordringar for forskinga. Det må mellom anna utviklast indikatorar som kan spegle tilstanden i økosystemet og vise prosessane på ein måte som gjer det mogleg for forvaltninga å vurdere ressursutnytting og andre aktivitetar i eit heilskapleg økosystemperspektiv.

Det er viktig å ha god kjennskap til dei kommersielle fiskeria og fritidsfiske for å kunne seie noko om verknaden dei har på økosystemet. Fiskeria er i stadig endring, og fangstkapasiteten er større enn det som er nødvendig for ei berekraftig hausting av ressursane i havet. Ny kunnskap om utøving av fisket i tid og rom og om dei einskilde økosystema er viktig for å kunne seie meir både om kva fisket er og korleis sjølve fisket påverkar økosystema. Slik kunnskap vil sikre eit betre grunnlag for konkrete råd til forvaltninga. Det er nødvendig å forbetre metodane for å gje meir realistiske bestandsoverslag.

Arbeidet med å utvikle reiskapar og metodar som haustar ressursar på ein berekraftig og miljøvenleg måte er prioritert. Denne forskinga er vesentleg for ressursforvaltninga.

Vidare vert det arbeidd med å definere referanseområde for å kunne kartleggje eventuelle endringar i mangfaldet av artar.

Verknadane av fiske og fangst på det marine miljøet elles er og eit viktig tema. Tre hovudområde peikar seg ut; verknaden på botnhabitat, på artar som vert tekne som bifangst og på samansetjinga av genar i ein bestand.

Forsking på kysttorsk er prioritert.

Noregs forskingsråd sitt program Havet og kysten kombinerer forsking på marine økosystem og bestandar med forsking på økosystempåverknader og forvaltning. Forsking gjennom dette programmet er ei verdfull støtte til den forvaltningsretta forskinga.

Innsatsen for å komme det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket (UUU-fisket) i Barentshavet til livs held fram. Det skal arbeidast breitt nasjonalt og i samarbeid med andre land og regionale organisasjonar for å få slutt på denne type kriminalitet.

Fiskeridirektoratet vil drive garnopprydding i regi av ordninga for fiskeforsøk og utviklingstiltak.

Resultat 2006-2007

Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet har eit hovudansvar for overvakingsaktivitetar og kartleggingsoppgåver under Fiskeri- og kystdepartementet.

I dei årlege rapportane ”Havets ressursar og miljø” og ”Kyst og havbruk” rapporterer Havforskingsinstituttet om tilstanden i dei norske hav- og kystområda. Mellom anna har dei gjennomført fors­kingsprosjekt innan områda havklima, verknader på økosystema og operasjonell oseanografi. Studia prøver å identifisere, forstå og kvantifisere prosessane som styrer klimasvingingane i havet, og utvikle metodar for å lage klimaprognosar. Vidare arbeider instituttet med å forstå kva verknad klimaet har på økosystema. Undersøkingane omfattar rekruttering, vekst og utbreiing av plankton, krepsdyr og fisk, overgjødsling, skadeleg algeblomstring og spreiing av forureining.

Det er etablert langsiktige overvakingsprogram for Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og kysten for viktige grupper av kjemisk forureining: Organiske miljøgifter, olje, metall og radioaktivitet. Målet er å dokumentere utviklingstrekk og korleis forureining påverkar livsvilkåra for og kvaliteten på dei marine ressursane. Oljeselskapa er pålagde å drive tilstandsovervaking, og som ein del av dette har Havforskingsinstituttet i oppgåve å overvake om olje- og gassutvinninga til havs fører til kvalitetsforverring og har verknader på fisk. Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatfors­king (NIFES) har ei viktig oppgåve i overvaking av sjømat, og deira utvida innsats for overvaking av villfisk skjer i nært samarbeid med Havforskingsinstituttet.

Kunnskap om dei lågare trinna i næringskjeda er avgjerande for å kunne utvikle ei heilskapleg forståing og forvaltning av havområda. Difor overvaker forskarane systematisk sesongvariasjonar og geografisk utbreiing av plante- og dyreplankton. Havforskingsinstituttet har overvaka nordområda sidan rundt år 1900. Frå 2005 føregår overvakinga gjennom økosystemtokt. Her samarbeider instituttet med det russiske havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk. Økosystemtokta dekkjer områda frå kysten til iskanten og omfattar over 1000 prøvestasjonar der dei samordna overvaker alle vesentlege komponentar i det marine økosystemet for å gje ei heilskapleg tilstandsvurdering.

I 2006 starta eit samarbeid om å kartleggje botndyr. Prosjektet har tilgang til russiske dataseriar som strekkjer seg tilbake til 1926.

I oppfølginga av St. meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten er det oppretta tre faggrupper; ei overvakingsgruppe leia av Havforskingsinstituttet, ei risikogruppe leia av Kystverket og eit fagleg forum leia av Norsk polarinstitutt. Overvakingsgruppa som har medlemmer frå 21 institusjonar skal samordne all overvaking av dei marine økosystema i nordområda. Gruppa la fram sin første rapport i mars 2007.

Som eit ledd i utviklinga av økologiske kvalitetsmål for Barentshavet, har Havforskingsinstituttet sett i gang eit prosjekt for å forstå korleis biomangfaldet (biodiversiteten) i eit fiskesamfunn varierer i tid og rom, og korleis denne variasjonen står i høve til klimasvingingar og fiske. Det er påvist at artsmangfaldet av botnfisk har variert lite over tid, men at det er eit romleg mønster som kan kome av at det er mindre mangfald der det er mykje fiskeriaktivitet, og/eller at mykje torsk og hyse gjer at andre botnfiskartar står mindre tett. Samla vil miljøkvalitetsmåla og tilstandsindikatorane gje forvaltningsstyresmaktene eit godt grunnlag for økologisk baserte forvaltningsråd om menneskelege aktivitetar i Barentshavet.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har bedt om å få ei vitskapleg utgreiing om kva som kan vere eit realistisk langtidsutbytte av dei viktigaste kommersielle artane i Barentshavet når ein tek omsyn til vekselverknader mellom bestandane og påverknader frå miljøet. Dette er eit langsiktig forskingsarbeid der ein i første omgang analyserer og modellerer dei biologiske prosessane. Arbeidet vil gje Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen eit grunnlag for ytterlegare å inkludere økosystembaserte vurderingar i arbeidet sitt.

Havforskingsinstituttet samarbeider med Norsk reknesentral for å utvikle berekningsmodellane slik at dei kan handtere usikkerheit. Det er utvikla handlingsreglar for torsk, sei og lodde, og handlingsregel for hyse er i arbeid. For Norskehavet er det også handlingsreglar for norsk vårgytande sild og kolmule. I Nordsjøen er det utvikla handlingsreglar for torsk, sei, hyse og sild.

Ved fastsetjing av kvotar prøver ein å berekne usikkerheit knytt til naturlege svingingar i bestanden, berekningsmåten og sjølve fangststatistikken. Havforskingsinstituttet utviklar system som reduserer usikkerheita, og har ekstra innsats knytt til forvaltningsmessig utfordrande bestandar, til dømes kysttorsken. I 2007 tok dei genetiske metodar i bruk for å skilje kysttorsk og skrei i Henningsværboksen under lofotfisket. Usikkerheita i fangststatistikken er konsentrert om å talfeste omfanget av uregistrert fiske av norskarktisk torsk i Barentshavet. Dette er følgt opp i samarbeid med Fiskeridirektoratet og forskarar frå PINRO og gjennom arbeidet i Det internasjonale råd for havforsking, ICES.

Forvaltning av eit økosystem krev heilskapleg overvakingsinnsats også på andre artar enn dei som vert overvaka regelmessig. Det må skaffast fram meir kunnskap om djuphavsressursar som lange, brosme, blålange og breiflabb bl.a. gjennom analyse av landingsdata, og gjennom utbygging av ein referanseflåte for hav og kyst. Referanseflåten er eit verdfullt supplement til Havforskingsinstituttet si eiga overvaking.

Eit viktig ledd i forvaltninga er overvaking av fiskefelta slik at fiskefelt kan stengjast om yngelinnblandinga vert for stor eller om bifangsten vert for stor. I 2006 var innsatsen i denne tenesta på same nivå som året før når det gjaldt feltkontroll.

Fiskeridirektoratet gjennomførde i 2006 garnopprydding i fangstområda langs kysten. Til saman 560 garn vart henta opp, i tillegg til fleire tusen meter vaier og line, snurrevadnøter og ein komplett pelagisk trål. Opptak av tapte garn reduserer faren for skjult uttak av fiskeressursane, såkalla spøkelsesfiske.

Noreg reviderte eller inngjekk i 2006 kontrollsamarbeidsavtalar med Irland, Færøyane, Island, Sverige, Litauen, Marokko, Portugal og Grønland.

Gjennom Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) har norske fiskeristyresmakter bl.a. arbeidd med etablering av prosedyrar og kriterier for stenging av fangst på sårbare habitat.

Arbeidet i ICES har ført til tilråding om at det ikkje skal tillatast nytt fiske av djuphavsartar i område der det tidlegare ikkje har vore slikt fiske, utan at det vert gjennomført ei bestandskartlegging.

I Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er det arbeidd med å tilpasse NAFO-konvensjonen til nye føresetnader og krav, særleg med omsyn til biomangfaldet, innarbeiding av økosystembasert forvaltning og føre-var-prinsippet.

Det vart gjennomført tråltokt i 2006 for å samanlikne seleksjonseffektiviteten i enkeltrist og i fleksirist. Det vart også gjort forsøk for å finne ut kvar i vassøyla seleksjonen i torsketrål føregår.

Norsk rødliste 2006 vart lansert av Artsdatabanken 6. desember 2006. I motsetnad til tidlegare år inkluderer raudlista 2006 marine artar. Forenkla kan det seiast at artar som har kraftig tilbakegang i tal, som har små bestandar eller som berre finst innanfor små område, reknast som trua og blir raudlista.

Fiskeriforvaltninga vil bidra til å betre raudlista fram mot 2010, og ta med seg informasjonen frå Norsk rødliste 2006 i forvaltninga av marine ressursar.

I forskinga for å sikre eit mest mogleg ansvarleg og berekraftig fiske medverkar Noregs fors­kingsråd gjennom programmet Havet og kysten som starta i 2006. Programmet førde vidare prosjekt frå dei avslutta programma Marine ressursar, miljø og forvaltning (MARE) og Fiskeriteknologi. Det ligg føre fleire viktige resultat frå desse programma, bl.a. gjeld det eit prosjekt for å lokalisere grønlandskval og ta hudprøver for genetiske analysar, i tillegg til å dra ut DNA frå beinprøver frå grønlandskval funnen på Svalbard. Resultata av analysane syner at det er liten genetisk skilnad mellom bestandane ved Spitsbergen og i Beringhavet, noko som viser at det har vore ei utveksling av dyr mellom bestandane.

Ein viktig del av programmet Havet og kysten er å få fram kunnskap om det marine biologiske mangfaldet med særleg vekt på artar og bestandar som det vert hausta av eller som er direkte eller indirekte påverka av hausting.

Eit anna sentralt tema innanfor programma MARE og Havet og kysten er ei meir realistisk berekning av fiskebestandane. Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF) har vore med i finansieringa av prosjekt for å fremme usikkerheitsanalysar i bestandsoverslag og bestandsprognosar. Prosjekta har lagt vekt på å auke kunnskapen om kommersielle artar på individ- og bestandsnivå for å forbetre bestandsberekningane.

Havbruk

Mål og prioriteringar

Hovudmål: Havbruksforvaltninga skal sikre at omsynet til miljøet vert ein grunnleggjande premiss for den vidare utviklinga og veksten i næringa.

Delmål:

  • Setje inn tiltak for å redusere talet på rømte oppdrettsfisk.

  • Overvake, førebyggje og bekjempe lakselus.

  • Vidareutvikle sjukdomsførebyggjande arbeid.

  • Leggje til rette for at utslepp av næringssalt og organisk materiale frå havbruk ikkje overstig naturens toleevne.

Miljøomsyn vert prioritert i havbruksforskinga. Forskinga skal leggje større vekt på problemstillingar i havbruksnæringa som kan vere ein miljørisiko. Dette femner om verknader av havbruksaktivitetane på miljøet ikring, sjukdom og smittespreiing.

Arbeidet knytt til rømt oppdrettsfisk er høgt prioritert, og målet er at rømming skal haldast på eit absolutt minimum. Fiskeridirektoratets tiltaksplan Visjon nullflukt vert følgd opp i 2008.

Utfordringane med å få ned rømmingstala i havbruket vert følgde opp på mange frontar, bl.a. ved å kartleggje årsakene til rømming, forsking og utvikling, forbetringar av regelverket, driftskrav og kontroll. Rømmingskommisjonen har ei sentral rolle i å kartleggje årsaksforhold og byggje opp kunnskapsbase om havari. Kommisjonen arbeider systematisk for å redusere risiko for rømming og havari.

Det vert arbeidd for å sikre betre statistikkgrunnlag og meir pålitelege rømmingstal. Mengde og vandring av rømt oppdrettslaks og regnbogeaure i ulike soner skal også kartleggjast for å utvik­le gode overvakingsrutinar som grunnlag for forvaltningsråd. Det skal også skaffast meir kunnskap om verknadane av tiltak mot rømming.

Utprøvingsprosjektet om merkemetodar i Hardangerfjordregionen vert følgt opp i nært samarbeid med næringa, forskingsmiljøa og miljøvernstyresmaktene. Målet er bl.a. å kunne bruke slike metodar til å førebyggje rømming ved å spore rømt fisk tilbake til lokaliteten han kjem frå. Det gjenstår likevel noko meir praktisk og vitskapleg utprøving i ein periode på to til tre år før metoden kan takast i bruk. Dette arbeidet vert høgt prioritert, og målet er at metoden skal vere operativ for bruk så snart han er ferdig utprøvd.

Risikobasert akvakulturkontroll (Akvarisk) vert innarbeidd i den vanlege drifta til Fiskeridirektoratet.

Den nye reaksjonsforskrifta gjev nærare reglar om utmåling av brotsgebyr (overtredelsesgebyr) og tvangsmulkt. Målet er at forskrifta skal virke preventivt slik at det vert færre regelbrot som kan føre til rømming og andre skadar på miljøet.

Det vert arbeidd vidare med å utvikle, modifisere og tilpasse gode styringssystem som fastset bereevne – kor mykje ein kan produsere utan å passere grenser for tillaten påverknad – og sikrar at denne bereevna ikkje vert passert. Føresegnene om miljøundersøkingar og miljøovervaking ved oppdrettsanlegga vil bli vidareutvikla.

Fiskeridirektoratet vil samarbeide med miljøstyresmaktene om felles miljøovervaking, MOM, og saman med Havforskingsinstituttet medverke til ei faglig oppgradering av miljøovervakinga.

Bereevna til havbruksanlegg, plasseringa av anlegga, avgrensinga av storleiken, utforming og drift er vesentlege for ei berekraftig næring.

Fiskeridirektoratet skal arbeide for at restane etter havbruk som heilt eller delvis har opphøyrt, ikkje er til sjenanse eller skade i dei område der aktiviteten er driven.

Noregs forskingsråds program HAVBRUK – ei næring i vekst prioriterer prosjekt som siktar mot å redusere risikoen for rømming frå oppdrettsanlegg. Ein prøver å finne tekniske og biologiske løysingar der drift, oppdrettsartas åtferd, operasjonelle problemstillingar og fleirfagleg tilnærming er viktige føresetnader.

I arbeidet med å førebyggje spreiing av smitt­same sjukdommar vert det lagt betydeleg vekt på å forbetre det biologiske og tekniske grunnlaget for utvikling av nye og betre vaksinar.

Potensialet for nye etableringar i havbruksnæringa er høgare i nord enn i resten av landet, noko som blant anna inneber spesielle miljøutfordringar. Forskingsrådets nordområdesatsing er høgt prioritert i 2008.

Havforskingsinstituttet skal intensivere studia av korleis tilførsel av organisk materiale påverkar villfisk og botndyr når det gjeld kvalitet og mengde.

Økosystemretta forsking er viktig for å få innsikt i kva følgjer hausting av marine råvarer til fôrproduksjon for havbruk har for interaksjonar og ressursar i marine økosystem.

Resultat 2006-2007

Miljøprofilen i den nye akvakulturlova som tredde i kraft 1. januar 2006 er sterkare og klarare enn i den tidlegare oppdrettslova. Lova fangar opp heilskapen og sikrar dei overordna styringsbehova når det gjeld miljøregime og miljøutfordringar framover. Miljøomgrepet i lova er vidt og dekkjer både forureining og økologiske verknader, og føresegnene i lova skal sikre at omsynet til miljøet vert teke vare på i alle trinn i produksjonskjeda.

Rømming er den største miljøutfordringa havbruksnæringa har. Fiskeri- og kystdepartementet oppnemnde sommaren 2006 ein fast kommisjon for rømming av oppdrettsfisk. Fiskeridirektoratet stiller sekretariat til rådevelde for kommisjonen, som skal rapportere til direktoratet. I tillegg til arbeidet i rømmingskommisjonen utfører Fiskeridirektoratets regionkontor raske synfaringar for å kartleggje årsaksforholdet og vurdere om oppdrettaren har handla tilstrekkeleg forsvarleg.

Fiskeridirektoratets tiltaksplan mot rømt oppdrettsfisk – Visjon nullflukt – inneheld 30 tiltak mot rømt oppdrettsfisk. Føresegner om dobbel sikring av avløp frå settefiskanlegg er nedfelt i forskriftsverket og trer i kraft frå 1. januar 2008. Føresegner om maskevidde i notposen i høve til storleiken på fisken er også forskriftsfesta, med verknad frå 2007. For å kunne vurdere verknaden av rømt oppdrettsfisk på villfiskpopulasjonane, har direktoratet utgreidd moglege effektindikatorar/sårbarheitsindikatorar. Samhandling med andre offentlege etatar som politi og påtalemakt, Kystverket og Statens Naturoppsyn er styrka.

Oppdrettstorsk som gyt i merdane, kan representere ei utfordring mot villtorskens genetiske eigenart ved utslepp av befrukta egg. Havforskingsinstituttet har vist at laksens kjønnsmogning kan stoppast ved lysstyring, og hos torsk har ein klart å forsinke mogninga til sommarmånadane – utan heilt å stoppe mogninga.

Sidan 2005 har det vore arbeidd med risikobasert akvakulturkontroll, Akvarisk. I 2007 vert systemet testa ut i alle regionane til Fiskeridirektoratet.

Den 1. april 2007 vart det fastsett ny reaksjonsforskrift som inneber skjerpa reaksjonar ved brot på regelverket som påverkar miljøet, blant anna rømming. Det er nær dialog med Riksadvokaten og Økokrim om korleis brot på forskrifta skal følgjast opp. Fiskeridirektoratet starta våren 2007 med å offentleggjere rømmingslistene.

Det vert no stilt strenge tekniske krav til oppdrettsanlegg i tillegg til omfattande krav til drift. Alle etablerte anlegg skal ha dugleiksbevis, jf. NYTEK-forskrifta.

I 2006 vart det gjennomført ein spesiell kontrollkampanje mot rømming, der 60 matfiskanlegg for laks og aure og 15 matfiskanlegg for torsk vart kontrollerte. I 2007 vert det gjennomført eit spesielt prosjekt for å kartleggje risikoen for smoltrømmingar i lakseoppdrettsnæringa. Eksisterande rømmingsinstruks er planlagt revidert og utvida etter innspel frå eit samarbeidsutval oppnemnt av Økokrim.

Fiskeridirektoratets kontrollarbeid i 2007 legg særleg vekt på å kontrollere at anlegg oppfyller dei tekniske krava i NYTEK-forskrifta i tillegg til drift. Dette gjeld både for anlegg med laks, regnbogeaure og torskeanlegg.

Kontrollane i 2007 vert utførde med fleire verktøy enn tidlegare for å oppnå større effekt i arbeidet. Dette omfattar bruk av revisjonskontrollar og tekniske kontrollar som dekkjer eit breitt spekter av kontrollparameter. Hovudområdet er særleg rømming og faktorar som påverkar risiko for rømming, og rømming av smolt er spesielt fokusert, i tillegg til at krava til maksimalt tillaten biomasse skal haldast. Dei nemnde kontrollane skal bl.a. omfatte alle lokalitetar av laksefisk, både matfisk og settefisk, innanfor dei nasjonale laksefjordane og laksevassdraga.

Det er i gang arbeid med å revidere dei tekniske krava til anlegg. Målet er å justere krava i høve til ny kunnskap og nye erfaringar hos næring, utstyrsleverandørar, inspeksjonsorgan og forvaltning.

Det endelege vedtaket om nasjonale laksevassdrag (NLV) og nasjonale laksefjordar (NLF) vart gjort av Stortinget 15. mai 2007. Vedtaket inneber at det vert oppretta 15 nye nasjonale laksevassdrag og 8 nye nasjonale laksefjordar i tillegg til dei som kom i runde 1 i 2003. Det vil seie at ordninga med dette består av totalt 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar.

I samarbeid med Miljøverndepartementet har Fiskeri- og kystdepartementet etablert eit nasjonalt overvakings- og evalueringsprogram for å følgje opp ordninga med NLV og NLF. Overvakingsprogrammet skal gje tilstrekkeleg kunnskap om bestandsutviklinga, følgje utviklinga av dei enkelte påverknadsfaktorane både i vassdrag og fjordar og etablere gode rapporteringsrutinar som sikrar ei heilskapleg oversikt.

Fiskeri- og kystdepartementet har eit ansvar for å overvake rømmingssituasjonen, ansvar for å skaffe tilstrekkeleg kunnskap om verknadene av tiltak mot rømming, ansvar for å overvake sjukdomssituasjonen og for å kartleggje verknader av tiltak mot lakselus og annan sjukdom. I oppdrettsanlegg kjem dette i tillegg til den regelmessige helsekontrollen som akvaveterinærar eller fiskehelsebiologar gjennomfører i alle anlegg. Det er sett i gang eit arbeid for å samanstille og systematisere data frå privat og offentleg overvaking av sjukdoms- og helsetilstanden til oppdrettsfisk.

Ved hjelp av legemidlar kan lakselus på fisk i oppdrett no haldast under kontroll. I tillegg til legemidlar brukast også artar av leppefisk som beiter bort lus på laks. Det er vidare gjennomført koordinering av tiltak mot lakselus som har vist at infeksjonsintensiteten kan reduserast. Det viser seg likevel at lus kan utvikle resistens mot stoff som vert nytta i kampen mot lusa, noko som er bekymringsfullt. I Hardangerfjorden vert det gjennomført eit prosjekt med brei internasjonal deltaking. Meininga med prosjektet er å komme fram til ein basis for å nedkjempe lakselus, som også kan nyttast i andre norske fjordsystem.

Det er gjort forsøk som viser at det kan vere mogleg å avle fram ein laks som er motstandsdyktig mot lakselus.

Det vert lagt stor vekt på sjukdomsførebyggande tiltak og krav til næringsutøvarane i samband med etablering og drift av oppdrettsanlegg. Ved alle nyetableringar og utvidingar av anlegg utfører Mattilsynet ei konkret vurdering av smittefaren for det omsøkte anlegget og miljøet ikring. Også i samband med transport og slakting av fisk er det krav om smitteførebyggande tiltak. Krava er ekstra strenge i samband med handtering, transport og slakting av fisk som er ramma av ein smittsam sjukdom.

Sjølv om helsesituasjonen hos laks er vurdert som god har arbeidet med å førebyggje og nedkjempe sjukdommar hatt høg prioritet i perioden. Det finst tapsbringande sjukdommar der kunnskapen er mangelfull, og auken i oppdrett av torsk fører til veksande sjukdomsproblem hos denne arten. Det er oppretta eit samarbeid mellom Noreg og India om fiskevaksinar. Det kan gje mange interessante resultat som kan medverke til betre og meir effektive vaksinar. Samarbeid med programmet NANOMAT – Nanoteknologi og nye materialer kan gje interessante resultat i vaksineutviklinga.

Havforskingsinstituttet arbeider med problem som forårsakar stress, smerte og sjukdom hos fisk, og prøver å utvikle fysiologiske og åtferdsmessige velferdsindikatorar. Lakselus og lusspreiing er eit problem både i høve til miljø og til fiskehelse/-velferd. Havforskingsinstituttet har utarbeidd teknologi for å utvikle vaksine mot lakselus.

Det store forskingsprogrammet HAVBRUK – Ei næring i vekst kom i gang med eigne løyvingar frå 2006. Programmet byggjer på det tidlegare Havbruksprogrammet og havbruksretta verksemd frå andre program som vart avslutta i 2005. Miljøstudie er klart prioritert også i det nye programmet.

Det har sidan 2005/2006 vore i gang eit stort tverrfagleg utprøvingsprosjekt om merkemetodar i Hardangerfjordregionen i samarbeid med havbruksnæringa og miljøvernstyresmaktene. Metoden er eit alternativ til obligatorisk fysisk merking av oppdrettsfisk, og tek i bruk kjemiske og biokjemiske parameter, medrekna DNA-markørar, stabile isotopar, sporstoff og feittsyreprofilar. Prosjektet er svært lovande, og så langt synest metoden å vere godt eigna til å identifisere kvar den rømde fisken kjem frå.

Avgrensingssystemet med maksimal tillaten biomasse fisk i oppdrettsanlegga, kombinert med innføring av miljøundersøkingar ved tildeling og miljøovervaking under drifta, ser ut til å ta vel vare på omsynet til berekraftig og miljøtilpassa produksjon og omsynet til fiskehelse og fiskevelferd.

Det vert arbeidd med å standardisere metodikk for registrering av miljøpåverknad frå havbruk (MOLO). Havforskingsinstituttet har intensivert studia av korleis tilførsel av organisk materiale påverkar villfisk og botndyr.

Det er gjennomført forsking om korleis fiskens behov for ulike næringsstoff varierer gjennom livssyklusen. Dette er viktig kunnskap for å unngå forureinande og uøkonomisk overdosering. Eit prosjekt i Hardangerfjorden ville avklare når overgjødsling frå havbruk kan verte et miljøproblem, og korleis det skal handterast. Prosjektet har medverka til at ein modell er utarbeidd for Hardangerfjorden. Modellen inkluderer utslepp frå alle oppdrettsanlegg i området. Miljøverknaden av desse utsleppa er vurdert. Modellen viser at dagens utslepp har lite eller ingen ting å seie for overgjødsling. Simuleringar er også gjort med tidobla utslepp frå havbruk. Sjølv med ein slik auke vil problema med overgjødsling vere avgrensa, men det er store lokale skilnader mellom oppdrettsanlegga i fjorden. Det er også gjort forsøk der utsleppa er konsentrerte til ulike område i fjorden.

Havforskingsinstituttet har frå 2007 intensivert arbeidet med samanhengar mellom klimautvikling og produksjon i havbruk.

Sjukdommar hos ville akvatiske organismar med moglege konsekvensar for artas eksistens

Mål og prioriteringar

Måla med arbeidet innanfor dette området er å

  • ha oversikt over sjukdomsproblem hos ville bestandar som kan true artas eksistens i Noreg

  • ha planar for effektive og realistiske tiltak mot slike sjukdommar i Noreg

  • ha god samhandling med miljøstyresmaktene i denne sjukdomsforvaltninga.

Dei mest aktuelle sjukdommane som kan true eksistensen til ville akvatiske artar i Noreg er krepsepest som er ein alvorleg trussel for edelkrepsen, parasitten Gyrodactylus salaris som angrip lakseungar i elvane, og lakselus som trugar utvandrande smolt.

Planlegging og gjennomføring av overvaking og tiltak mot Gyrodactylus salaris, lakselus og krepsepest må gjerast i nært samarbeid med miljøvernstyresmaktene, som har sektoransvar for forvaltning av akvatiske ferskvatnsartar.

Vi kan ikkje sjå den forvaltningsmessig handteringa av krepsepest, signalkreps og edelkreps uavhengig av kvarandre, og handteringa krev god koordinering mellom veterinær- og miljøstyresmaktene. I løpet av 2008 er det planlagt å setje i verk ein heilskapleg strategi for forvaltninga av krepsepest og signalkreps. Strategien er utarbeidd av Mattilsynet og Direktoratet for naturforvaltning i fellesskap.

Regelverket for handtering av lakselus skal gjennomgåast med sikte på å komme fram til løysingar som tek vare på ulike behov i ulike delar av landet.

Resultat 2006-2007

Krepsepest har tidlegare trua edelkrepsbestanden på Austlandet, men det lukkast då å nedkjempe pesten ved å innføre forbod mot krepsing og andre tiltak for å hindre smitten i å spreie seg. Krepsepest er nært knytt til signalkrepsen. Signalkreps er ein framand art i norsk fauna. Etter ulovleg utsetjing har han spreidd seg på svensk side, og kan truleg kome inn på norsk territorium i felles grensevassdrag. Signalkrepsen kan bere sjukdommen krepsepest utan sjølv å verte sjuk, men han smittar edelkreps. I 2006 vart det påvist krepsepest på ulovleg utsett signalkreps i Dammane landskapsvernområde i Nedre Telemark. Mattilsynet og Direktoratet for naturforvaltning har utarbeidd ein felles tiltaksplan for å nedkjempe sjukdommen og den uønska arten signalkreps i landskapsvernområdet.

I samband med det nasjonale overvakingsprogrammet for Gyrodactylus salaris er parasitten påvist på lakseungar frå elvene Hestdalselva i Vefsn kommune i Nordland og Ranelva i Leirfjord kommune i Nordland. I 2006 vart det gjennomført ei avsluttande behandling av Lærdalselva, og ei fullskala behandling av Steinkjervassdraga med surt aluminium som hovudkomponent. Erfaringane frå forsøka varierer noko. Førebels resultat frå forsøket i Lærdalselva er lovande.

Lakselus er framleis ein alvorleg trussel både mot villaks og laks i oppdrett. Den nasjonale handlingsplanen mot lakselus vert difor følgd opp vidare. I oppdrettstette område formeirar lusa seg hovudsakeleg i oppdrett. Avlusing av oppdrettsfisk ved lusepåslag over definerte grenser er difor viktig. I Hardangerfjorden har næringa i samarbeid med styresmakter og fiskehelsetenesta sett i verk eit eige tiltaksregime, som utløyser tiltak på et tidlegare stadium enn elles i landet.

Fellesoppgåver for fiskeri og havbruk

Mål og prioriteringar

Sporing og merking av oppdrettsfisk og villfisk er blitt meir aktuelt dei siste åra. Det heng mellom anna saman med behovet for å kunne verne folks helse betre, sikre dyrehelse og miljø, og omsynet til forbrukarpolitikk og næringspolitikk.

Fiskeri- og kystdepartementet vil også i 2008 vere ein pådrivar overfor den norske sjømatnæringa for å komme fram til samverkande sporingssystem. Sporing skal kunne nyttast når mat som er ein helserisiko for forbrukarane må trekkjast attende, og som eit verktøy i kampen mot ulovleg fanga fisk. Departementet vil også følgje utviklinga i bruk av private miljømerke nasjonalt og internasjonalt. Departementet vil hjelpe næringa med nødvendig informasjon for å kunne nytte slike private merkeordningar.

Innanfor forskingsrådets program Norsk mat frå sjø og land er det sett i gang arbeid som kan gje ny kunnskap om verknadane av matvarer og kosthald på human helse og sjukdomsutvikling og om faktorar som påverkar folks val av matvarer. Det er framleis behov for meir kunnskap om skadelege helseverknader av at folk vert utsette for uønska framandstoff, stoff som finst naturleg i omgjevnadane og sjukdomsframkallande mikroorganismar som finst i fôr- og matkjeda.

Resultat 2006-2007

Fiskeri- og kystdepartementet har vore ein pådrivar for å få gode sporingssystem i verdikjeda for sjømat. Fiskeri- og kystdepartementet har eit særleg ansvar for å sikre at dei sporingssytema som vert utvikla også kan brukast i kampen mot omsetning av ulovleg, urapportert og uregulert fisk (UUU-fisk). Innovasjon Noreg har saman med næringa sett i gang fleire prøveprosjekt for sporing, der også sporing i tilknyting til UUU-fiske er ein del av mandatet. Fiskeridirektoratet har ei viktig rolle i dette arbeidet, og Fiskeri- og kystdepartementet følgjer arbeidet nøye.

Innkjøparar i Europa har dei siste åra lagt meir vekt på at sjømaten dei kjøper skal vere frå berekraftige bestandar, og mange ønskjer at dette skal stadfestast gjennom bruk av Marine Stewardship Council (MSC) si miljømerkeordning. Næringa har difor samla seg om å søkje om MSC-sertifisering av sei. Enkeltaktørar har også søkt om sertifisering av torsk, og næringa diskuterer om det er ønskjeleg at ei samla næring står bak søknad om sertifisering av fleire fiskeslag.

Forskingsprogrammet Norsk mat frå sjø og landhar i 2006 lagt vekt på å løyse forskingsutfordringar i verdikjeda, og gjerne i prosjekt der sjømat og mat frå landbruket har felles utfordringar. Når det gjeld utlysing av midlar for 2007 innanfor den forvaltingsretta forskinga har mellom anna motteke innspel frå vitskapskomiteen for mattryggleik.

8.2 Resultatområde: ”Introduksjon av framande organismar”

Mål og prioriteringar

Hovudmålet med arbeidet innanfor dette området er å unngå spreiing og skadelege verknader av framande organismar og genmodifiserte organismar.

Utfordringane knytt til framande artar er samansette. Dei fleste framande artar vil ikkje klare å overleve og spreie seg i naturen. Nokre vil etablere seg i naturen utan å skade økosystema. Men nokre artar kan både etablere seg og føre til vesentleg skade på økosystema. Dei kan til dømes fortrengje naturleg førekommande artar eller smitte dei med sjukdom.

Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot framande skadelege artar slår fast at forvaltning av framande organismar skal følgje grunnleggande prinsipp som føre-var-prinsippet, økosystemtilnærming og at miljøpåverkar skal betale. Fiskeriforvaltninga vil blant anna gjennomføre tiltak innanfor utbetring av regelverk, forsking og informasjon.

Artsdatabanken la fram Norsk svarteliste våren 2007. Dette er ei liste over dei framande artane som utgjer ein trussel mot det stadeigne biologiske mangfaldet. Fiskeriforvaltninga vil ta med seg informasjonen frå svartelista i forvaltninga av marine ressursar.

Resultat 2006-2007

I mai 2007 vart det lagt fram ein tverrsektoriell nasjonal strategi mot framande skadelege artar. Ti departement sto bak arbeidet med strategien, under leiing av Miljøverndepartementet. Strategien er den første i sitt slag i Noreg. Viktige mål og tiltak er med dette arbeidet felt ned i dei ulike sektorane.

Regjeringa la i september 2007 fram ei stortingsmelding om forvaltninga av kongekrabbe. Meldinga går gjennom utviklinga frå kongekrabben kom inn i norske farvatn og fram til i dag og kjem med konkrete forslag til korleis vi skal forvalte kongekrabben framover.

Havforskingsinstituttet har prioritert å kartleggje utbreiinga av kongekrabben. Det er så langt ikkje påvist alvorlege skadar på økosystem i våre havområde som følgje av kongekrabba sin inntreden.

Den nye akvakulturlova som gjeld frå 1. januar 2006 forbyr å gje løyve til å setje ut framande artar i havbruksanlegg i Noreg. Dette gjeld også for havbeite. Kystverket deltek i ei arbeidsgruppe som Direktoratet for Naturforvaltning oppretta for å utarbeide tilrådde soner for utskifting av ballastvatn. Gruppa skal vurdere behovet for slike soner, kriteria for utveljing og om det er område langs kysten der risikoen for spreiing av framande organismar er så stor at utskifting av ballastvatn bør forbydast.

I forskinga arbeider bl.a. Havforskingsinstituttet med introduserte artar gjennom å samle inn data over førekomst og utbreiing og ved å delta i internasjonale arbeidsgrupper. I gruppene utvekslar dei informasjon om strategiar for å hindre introduksjonar med skipslast og om situasjonen i dei ulike verdsdelane. Instituttet har også gjeve innspel om introduserte artar og skipsfart til forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten. Eitt prosjekt har studert den nyleg introduserte raudalgen japansk sjølyng, som på få år er vorte ein av dei vanlegaste raudalgane langs kysten frå svenskegrensa til Trondheimsfjorden, utan at artsrikdommen i området hittil ser ut til å vere påverka.

Forskingsprogrammet Biologisk mangfald vart avslutta i 2007. Forsking på introduksjon av artar i det marine miljøet er vidareført i forskningsrådets program Havet og kysten.

Forskingsprogrammet Miljø, gen og helse omfattar grunnleggande forsking om genmodifisert mat.

8.3 Resultatområde: ”Bruk og vern av kyst- og havområde”

Mål og prioriteringar

Hovudmålet med arbeidet innanfor dette området er å ta vare på det rike mangfaldet av marine naturtypar og artar i norske kystområde.

Fiskeri- og kystforvaltninga deltar aktivt i arbeidet med oppfølginga av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten. Det er og sett i gang arbeid med å utvikle ein forvaltingsplan for Norskehavet. I samband med arbeidet med Forvaltningsplan Norskehavet legg Kystverket fram eit felles faktagrunnlag om skipstrafikk i Norskehavet.

Fiskeri- og kystforvaltninga vil framleis delta aktivt i aktuelle prosessar innan kystsoneforvaltning, medrekna kommuneplanar, konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova, fylkesplanar og verneplanar etter naturvernlova og plan for marine beskytta område.

Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet vil delta i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av marint biologisk mangfald i kommunane.

Det vert arbeidd vidare for å få på plass reviderte forskrifter for tarehausting i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Den nasjonale forvaltingsplanen for tarehausting skal og reviderast.

Forsking om bruk og vern i kystsona og optimalisering av arealbruk vert framleis prioritert. I 2008 vil forskingsrådets AREAL-program spesielt ta føre seg tema som er mest relevante for den nord-norske kystsona. Risiko for forureining frå petroleumsutvinning og transport må reduserast til eit minimum. Kunnskapsbasert forvaltning og nærings­verksemd er sentrale føresetnader her.

Kystverket vil vidareutvikle ein nasjonal database for farvatnsdata. Databasen skal knytast til programverktøy for handtering av geografiske data (GIS-data). Databaseoppbygging, dataetablering og publisering av kvalitetssikra geografisk informasjon på intranett og internett vert prioritert.

I MAREANO-programmet (Marin arealdatabase for norske kyst- og havområde) vert det arbeidd for å få på plass eit kartgrunnlag med omtale av habitat og natur- og fiskeressursar på havbotnen. Programmet starta for fullt i 2006.

Resultat 2006-2007

Fiskeridirektoratet og Kystverket har delteke i aktuelle planprosessar innan kystsoneforvaltning, medrekna fylkesplanar, kommuneplanar og reguleringsplanar, konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova og verneplanar etter naturvernlova, marine verneplanar og nasjonalt program for biomangfald.

Havforskingsinstituttet deltek i arbeidet med å etablere marine verneområde langs kysten, blant anna med framlegg om referanseområde innan dei større verneområda. Instituttet har også auka aktiviteten knytt til kartlegging av naturtypar og naturverdiar for kommunar langs kysten.

Fiskeristyresmaktene har utarbeidd retningslinjer for arealbruk i kystsona bl.a. av omsyn til interesseavvegingar mellom havbruk og tradisjonelt fiske. Når det gjeld taretråling, er reviderte forskrifter snart på plass for heile området frå Rogaland til Sør-Trøndelag.

Kystverket deltek i ei direktoratsgruppe saman med Fiskeridirektoratet, Oljedirektoratet, Riksantikvaren og fylkeskommunane. Gruppa skal utarbeide konsekvensutgreiingar for verknadane av verneforslaget på miljø, naturressursar og samfunn for område over 500 km2, og område mellom 250 km2 og 500 km2 der vernet vesentleg endrar dagens bruk for primærnæringar, havbruk og reiseliv.

Det vert arbeidd med framlegg til utgreiingsprogram for dei ulike områda. Direktoratsgruppa vil gå gjennom programma før dei vert sende ut på høyring. Etter høyringa skal direktoratsgruppa komme med tilråding til eit verneforslag.

Kystverket har laga ein rettleiar om planmedverking til eige bruk. Målet er å få ei einskapleg behandling ved høyringar av ulike typar planar i kystsona. Gjennom kurs og seminar har Fiskeridirektoratet drive kunnskapsformidling til andre offentlege aktørar innan integrert kystsoneforvaltning og bruk og vern av kystsona. I 2006 skipa direktoratet eit planforum som på første samling hadde NIBR-rapporten ”Vurdering av norsk kystsoneplanlegging og fiskerinæringas interesser” som hovudtema.

I løpet av perioden har Kystverket hatt beredskapssituasjonar knytt til forlis, grunnstøytingar, algeoppbløming, manetinvasjon, atomulukker og oljeutslepp. Personell frå Kystverket har delteke i diverse oljevernøvingar og beredskapsseminar.

Havforskingsinstituttet har dei seinare åra styrka kompetansen sin for å auke kunnskapsgrunnlaget om naturtypar på havbotnen. Forskinga på ulike habitat sin økologi og kva dei har å seie for biologisk mangfald er styrka, med vekt på sårbare habitat og nøkkelartar som for eksempel korallrev. Gjennom eit EU-prosjekt om biodiversitet er nye korallar utanfor Vesterålen kartlagde.

MARECO-ekspedisjonen på den midtatlantiske ryggen har ført til intensivert innsats for fiskesystematikk, bl.a. gjennom to internasjonale arbeidsgrupper.

I samband med forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten har Havforskingsinstituttet vore ein sentral aktør i arbeidet med konsekvensanalysar og faktagrunnlag. Instituttet har i 2007 særleg styrka arbeidet med olje/fisk-problemstillingar. Gjennom den ordinære toktverksemda og datafangsten samlar Havforskingsinstituttet også informasjon til andre institusjonar, bl.a. om framandstoff i norsk sjømat. Instituttet deltek i Nasjonalt råd for operasjonell marin overvaking og varsling, der ein samordnar havmiljøovervakninga.

Kystverket deltek i fagleg forum og overvakingsgruppa i samband med forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, og er leiar og sekretariat for risikogruppa.

Kystverket vil i samband med forvaltningsplanen for Norskehavet gjere ferdig eit program for utgreiing av konsekvensar av skipstrafikken i Norskehavet.

Forskningsrådets program Marknad og samfunn som avslutta i 2005 medverka til at forsking knytt til kystsona vart eit prioritert tema. I 2006 vart det vidareført fleire prosjekt knytt til kystsona. Prosjekta tek dels opp areal­konfliktar og brukarkonfliktar, og dels tek dei for seg planmodellar for berekraftig forvaltning og harmonisering av dei institusjonelle prosessane. Det har også vore arbeidd for å utvikle meir kompetanse om rettslege problemstillingar innanfor kystsoneforvaltninga knytt til havbruk/havbeite og til rettsstillinga for private rettar i møte med offentlege reguleringar. Prosjekta er no ein del av porteføljen til programmet Areal- og naturbasert næringsutvikling (AREAL).

Under Forskingsrådets program Havet og kysten er det sett i gang forsking for å studere effekten av hausting i dei lågare trinna i næringskjeden, produktverdi frå berekraftig fiskeri og eit bioprospekteringsprosjekt.

Genetiske analysar av bl.a. kysttorsk viser ein samansett bestandsstruktur, med mange lokale bestandar. Ein førebels studie av gyteområde peikar mot at terskelbasseng i dei indre delane av mange fjordar er viktige gyteområde for lokal kysttorsk.

Kystverket vil i løpet av 2007 innføre ein ny datamodell og database for deira geografiske data . Databasen vert utgangspunktet for all publisering av Kystverkets geografiske informasjon, både gjennom tenester på nettet og gjennom kart trykte i rapportar og utgreiingar. Kystverket arbeider vidare med publisering av data gjennom tenesta Kystinfo (http://kart.kystverket.no). Tenesta vert jamleg utvida med meir informasjon og funksjonalitet.

Prioriteringane for forskingsrådets AREAL-program er utforma i nær kontakt med Fiskeri- og kystdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet. Bruk og vern i kystsona og optimalisering av arealbruk, for eksempel kunnskap om konsekvensar/verknader av ulik arealbruk er framleis prioritert. I tillegg vert innsatsen spissa inn mot arealplanlegging og vil vedkome både land og sjø;

  • plan - og bygningslova, samverke med sektorlover og næringsutvikling

  • prosess, medverknad, målkonfliktar, konfliktavveging - differensiering i høve til sjøareal som er/ikkje er omfatta av privat eigedomsrett

  • heilskapleg planlegging der ein ser utfordringar på land og sjø i samanheng

8.4 Resultatområde "Friluftsliv"

Mål og prioriteringar

Hovudmålet med arbeidet innanfor dette området er å ta vare på sjøområda som verdfulle rekreasjonsområde.

Fiskeri- og kystforvaltninga vil følgje opp igangsette prosjekt for å kartleggje omfanget og verknadane av turistfiske, med særleg vekt på omsynet til bestandane og evaluering av i verksette tiltak.

Noregs forskingsråds program Areal- og naturbasert næringsutvikling (AREAL) vil prioritere arbeidet med bruk og vern og arealplanlegging i kystsona. Slik vil ein leggje til rette for meir naturbasert reiseliv. Innanfor nordområdesatsinga vil større vekt på det nordnorske kystkulturlandskapet stå sentralt. Det trengst meir kunnskap som kan medverke til betre planleggings­metodar og planprosessar i kystsona. Meir kunnskap er også viktig for å kunne dempe konfliktar knytt til bruk og vern. Det er nødvendig for å skape betre klima for ny næringsutvikling. Generelt må programmet prioritere kunnskap som kan stimulere berekraftig samarbeid mellom reiseliv og fiskerinæring.

AREAL-programmet og programmet Havet og kysten vil i 2008 kunne samfinansiere prosjekt innanfor tema med vekt på naturbasert reiseliv og turistfiske.

Resultat 2006-2007

Fisketurisme er ein viktig del av reiselivsnæringa, og skaper både sysselsetting og verdiar langs kysten. Denne måten å nytte fiskeressursane på må til liks med anna utnytting skje innanfor ansvarlege og berekraftige rammer. Det er difor innført ein utførslekvote som avgrensar den mengda fisk kvar person kan ta med seg ut av landet.

Innanfor forskingsrådets program Havet og kysten vart det i 2006 sett i gang eit prosjekt om grunnlaget for turistfiske i kystnære område.

I AREAL-programmet er naturbasert reiseliv ei prioritert satsing. Eit stort prosjekt som fekk støtte i 2006 gjeld optimal verdiskaping av villaksen i Trondheimsfjorden og i elvane rundt Trondheimsfjorden. Det er store nasjonale ringverknader av prosjektet allereie, og det styrkjer grunnlaget for meir turisme.

8.5 Resultatområde "Kulturminne og kulturmiljø"

Mål og prioriteringar

Hovudmålet med arbeidet innanfor dette området er å auke innsatsen for å ta vare på kulturverdiar på land og i sjø som er typiske for ulike tidsepokar, ulike område på kysten og ulike drifts- og produksjonsformer i fiskeri- og kystnæringa.

Fiskeri- og kystdepartementet vil starte arbeidet med å etablere eit etatsmuseum for Kystverket etter ein nettverksmodell i løpet av våren 2008.

Fiskeri- og kystforvaltninga skal medverke til vern, bruk og formidling av kulturminne og kulturmiljø slik at allmenta kan få innsikt i og oppleve kulturverdiane i kystsona.

Samarbeidet mellom Fiskeridirektoratet, Kystverket, Riksantikvaren og ABM-utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum) skal utviklast vidare gjennom ein felles handlingsplan for kystkultur.

Kystverket vil utarbeide ein verneplan for maritim infrastruktur med sikte på eit representativt utval av kulturminne innan heile Kystverkets verkeområde.

Kystverket vil arbeide med å få til ein tenleg fredingsprosess i samarbeid med Riksantikvaren, på bakgrunn av verneplan for maritim infrastruktur.

Fiskeri- og kystdepartementet har ei tilskotsordning for kystkultur, jf. omtale under programkategori 16.10.

Resultat 2006-2007

Fiskeri- og kystdepartementet utviklar ein strategi for fremme av kulturarven på kysten, gjennom bruk av kulturminna og ved å skape kunnskaps- og formidlingsarenaer i form av museumsverksemd. Samstundes har Fiskeridirektoratet og Kystverket i fleire år delteke i eit tverrsektorielt samarbeid for å fremme og utvikle kystkulturen i eit heilskapleg perspektiv.

Det er laga ein verneplan for fyrstasjonar, som resulterte i at 83 fyreigedomar og fem tåkeklokker vart freda etter kulturminnelova.

Kystverket har avslutta avhendinga av fyrstasjonar etter at Stortinget vedtok at staten skal eige dei attverande fyrstasjonane. Fyrstasjonane vert forvalta og haldne ved like av Kystverket sjølv, eller heilt eller delvis av leigetakarar. Det er ein føresetnad at leigetakarane har eit allmennyttig formål, slik at fyreigedomane vert tilgjengelege for folk flest. Kystverket har, ved leigekontraktar og samarbeid med andre aktørar, sikra at vernet av kulturminna skjer gjennom aktivt bruk, samstundes som ein legg til rette for at fyreigedomane kan fremme næringsutvikling.

Kystverket har fleire objekt som har bevaringsverdi. Etaten deltek difor i arbeidet med verneplan for maritim infrastruktur. Det er ein del av prosjektet Statens Kulturhistoriske Eigedomar. Målet er å få ein samla verneplan for heile sektoren, for å dokumentere kulturhistorisk verdi knytt til all eigedom og alle anlegg og installasjonar innan den maritime infrastrukturen. Det er i tillegg laga ei historisk framstelling av utviklinga til Kystverket.

Fiskeri- og kystdepartementet utviklar ein strategi for arbeidet med bevaring av kystkultur og kulturminne som er basert på tverrsektorielt samarbeid. Andre statlege, regionale og lokale styresmakter og friviljuge lag og organisasjonar er med. Slike prosjekt kan vere baserte på spleiselag og delansvar, og målet er å dokumentere, formidle og bevare kulturverdiar slik at dei vert tilgjengelege for allmenta.

Det tverrsektorielle kystkultursamarbeidet mellom Riksantikvaren, ABM-utvikling, Fiskeridirektoratet og Kystverket er vidareført i 2007. Nettverket har arrangert det årlege kystkulturseminaret og lagt fram ein felles handlingsplan for kystkultur for å samordne innsatsen og resursbruken.

Kystverket har delteke i ei rekkje større og mindre samarbeidsprosjekt med både offentlege og friviljuge aktørar, der målet er å fremme kystkulturinteressene innan Kystverkets verkefelt og ta vare på sektoransvaret på området.

8.6 Resultatområde "Forureining av kyst- og havområde"

Mål og prioriteringar

Hovudmål: Hindre forureinande utslepp til kyst- og havområde som kan gjere det marine miljøet ringare på kort og lang sikt.

Delmål:

  • Redusere utslepp til miljøet frå sjømatnæringa, spesielt frå havbrukssnæringa.

  • Redusere verknaden av forureining av miljøgifter mv. i produksjonskjeda for å sikre sjømattryggleik.

  • Minimalisere utslepp av organisk materiale frå fiskefartøy og fiskeindustri i område der konsentrasjonen er så høg at det kan ha skadeverknader.

  • Stimulere til at biprodukt, vatn og anna avrenning får nytteverdi.

  • Leggje til rette for at utslepp av næringssalt og organisk materiale frå havbruk ikkje overskrid naturens toleevne.

  • Medverke til reduksjon av utslepp og anna ekstern forureining, og unngå at forureining fører til negative verknader på levande marine organismar.

  • Hindre og avgrense skadelege konsekvensar av akutt forureining.

  • Overvake kyst- og havområda for å kunne dokumentere miljøtilstanden der fisken vert hausta.

Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet vil i samarbeid med næringa styrkje arbeidet med å stimulere til vidare reduksjon av kjemikaliebruken og bruken av kopar i oppdrett. Arbeidet omfattar forskingsprosjekt som vurderer korleis kopar kan nyttast meir effektivt og optimalt og prosjekt for utvikling av meir miljøvenlege impregneringsmiddel. Prosjekta vert gjennomførde i samarbeid med Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond.

For å sikre ei mest mogleg miljøvenleg sjukdoms- og parasittnedkjemping skal det leggjast vekt på å utvikle alternative miljøvenlege metodar der det er råd å få til. Kunnskapsoppbygginga og forskingsprosjekt skjer i samarbeid med næringa.

Det viktigaste tiltaket for å sikre lågast mogleg nivå av framandstoff i sjømat er å redusere utsleppa til naturen av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Restriksjonar på utslepp vil først etter lang tid ha verknad på villfanga fisk og annan sjømat. Oppdrettsfisk og tran/kosttilskot kan derimot påverkast innan rimeleg tid og det vil innverke på tilførslene av organiske miljøgifter som dioksinar og dioksinliknande PCB til befolkninga.

Grenseverdiane for dioksinar og dioksinliknande PCB i mat er senka dei siste åra. Det er venta at desse grenseverdiane vert senka kraftig innan 2008, ned mot verdiar som det då er teknisk mogleg å oppnå ved å reinse fiskeolje og fiskemjøl som vert brukt i fôr til oppdrettsfisk.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar vert spreidde i det marine miljøet, og nokre stoff kan verte oppkonsentrerte i næringskjeda og overstige fastsette grenseverdiar for trygg mat. Skal norsk sjømat styrkje og stadfeste renommeet sitt som kvalitetsprodukt må Noreg kunne vise til ein dokumentasjon for framandstoff som er tilfredsstillande i alle samanhengar. Ved å overvake havmiljøet må ein kunne dokumentere nivåa av eventuelle forureiningskomponentar slik at det er mogleg å avgrense fiske i område der det kan vere forureining utover det som er internasjonalt akseptert.

Det er difor viktig også å kartleggje korleis slike stoff vert akkumulerte i matproduksjonskjeda og skaffe kunnskap om nivået av framandstoff i norsk sjømat. Kunnskapsoppbygginga skjer både ved forsking og gjennom overvakingsprogram. Resultata vert publiserte i Sjømatdata på www.nifes.no.

NIFES vil prioritere metodearbeid knytt til relevante PAH-sambindingar for beredskap mot oljesøl.

Forureina botnsediment som vert tekne opp ved mudring i fiskerihamner eller fjerning av sediment i farleiene vert handsama i tråd med retningslinjer frå miljøvernstyresmaktene.

Fiskeri- og kystforvaltninga held fram med arbeidet med implementeringa av EUs rammedirektiv for vatn, bl.a. ved å delta aktivt i karakteriserings- og overvakingsprosessane.

Fiskeri- og kystdepartementet prioriterer å styrkje tryggleiken til sjøs for å redusere risikoen for miljøforureining frå sjøtransporten. Det er difor viktig å sørgje for tilstrekkeleg maritim trafikkontroll og overvaking, sørgje for drift og vedlikehald av maritim infrastruktur og oppretthalde beredskapsnivået knytt til miljørisiko gjennom utskifting av beredskapsmateriell, gjennomføring av kurs og øvingar og sørgje for at det vert sett i verk beredskapstiltak ved fare for akutt forureining.

Det vert planlagt aktivitet i samarbeid med programmet NANOMATfor å finne løysingar som kan redusere tilgroing og bruk av kopar.

Resultat 2006-2007

I havbruksnæringa vert det i dag nytta kjemikaliar og kopar som kan ha uønska miljøverknader. Det vert difor arbeidd med å utvikle og ta i bruk alternative metodar som kan hindre tilgroing og erstatte kjemikaliar og kopar i reingjering, vask og impregnering av oppdrettsnøter. Notvaskeria er pålagde å reinse avløpsvatnet. Stadig fleire anlegg nyttar mekaniske metodar som spyling og tørking av nøter.

Det vert no forska med sikte på å få fram kunnskap og innsikt som kan redusere bruken av koparbaserte impregneringsmiddel i havbruksnæringa. Forskinga skal auke innsikta i mekanismar og samanhengar for impregnering og reingjering av not og prøve ut impregnering som ikkje er koparhaldig.

Medisinering av oppdrettsfisk gjennom fôr påverkar miljøet ved utslepp av antibiotikarestar. Det vert difor satsa mykje på å førebyggje sjukdom gjennom drift, rutinar, vaksinar og vaksinasjonsstrategiar. Dette avgrensar bruken av legemidlar. Det samla antibiotikaforbruket for havbrukssnæringa sett under eitt er svært lågt. Det har likevel vore ein svak auke den siste tida, delvis på grunn av produksjonsauken i torskeoppdrett.

Matregelverket inneheld maksimalverdiar for framandstoff i mat som skal omsetjast i marknaden. Det er Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) som har ansvaret for å risikovurdere miljøgifter i norsk mat, inkludert sjømat. Grenseverdiane i regelverket vert harmoniserte internasjonalt, både gjennom EØS-regelverket og gjennom råd frå Codex Alimentarius, FNs globale organisasjon for matvarestandardar.

Mattilsynet har fått VKM til å risikovurdere eit utval nye forureiningar i matvarer. Stoffa irgarol, diuron, BHT og dikofol vart i ei kartlegging hos Statens forureiningstilsyn påvist i blåskjel og fiskelever. Konklusjonen er at inntaket av alle dei fire stoffa frå blåskjel eller fiskelever utgjer ein ubetydeleg del av det akseptable inntaket av stoffa gjennom ei veke. VKM meiner difor ikkje at irgarol, diuron, dikofol eller BHT i blåskjel eller fiskelever vil vere nokon risiko for konsumentar av sjømat.

I tillegg til å fastsetje regelverk med grenseverdiar for miljøgifter har den norske matforvaltninga i ei årrekkje også gitt kosthaldsråd for mat som folk fangar sjølve (fisking, jakt av vilt, sanking av skjel osb.). Slike kosthaldsråd omfattar også ulike typar sjømat frå forureina hamner og fjordar langs norskekysten. Det har stadig vorte fleire slike kosthaldsråd, fordi fleire hamner vert undersøkte, fordi kunnskapen om giftstoff aukar og fordi verktøyet for å vurdere risiko endrar seg med åra.

For å betre arbeidet med risikovurderinga knytt til forureina hamner og fjordar oppdaterer VKM no risikovurderingane for dei enkelte miljøgiftene og matvarene som det er gitt kosthaldsråd for. Dokumentet ”Grunnlag for å vurdere sjømat frå forureina hamner og fjordar” skal vere eit verktøy og hjelpemiddel for Mattilsynet i handteringa av slike saker. Dokumentet er nyleg oppdatert med nye risikovurderingar av PAH, kadmium og bly i skjel og kvikksølv i torskefilet.

Trafikksentralane (VTS - Vessel Traffic Services) er det sentrale verktøyet for koordinering av trafikkovervaking og trafikkontroll i Noreg. VTS er ei internasjonal teneste sett i verk av nasjonale styresmakter for å betre tryggleiken i sjøtrafikken og for å beskytte miljøet. Tenesta opererer i samverke med trafikken og reagerer på trafikksituasjonar som utviklar seg i området. Systema byggjer på internasjonale standardar og avtalar, og Kystverket samarbeider spesielt med EU og andre land i Norden. AIS-systemet, som inneber automatisk identifikasjon av skip, er ein viktig del av teknologien knytt til trafikksentralane.

Sjøtransport er i stor grad ei miljøvennleg og sikker transportform med lågt energiforbruk per tonnkilometer. Sjøtryggleik og oljevernberedskap er viktig for regjeringa sitt arbeid med å leggje til rette for sjøtransport som ei moderne, miljøvennleg og effektiv transportform. Oljevernberedskapen må sjåast i nær samanheng med førebyggjande sjøtryggleik. Fiskeri- og kystdepartementet har ansvaret for å førebyggje ulukker til sjøs. Verkemidla er utbygging og drift av navigasjonsinnretningar og elektroniske navigasjonshjelpemiddel, utbetring av farleiene (djupne, breidde, kurvatur), losteneste, maritime trafikksentralar og slepebåtberedskap.

Fiskeri- og kystdepartementet har også ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt forureining. Beredskapen er døgnkontinuerleg. Staten har utstyr på 16 hovuddepot og ni mellomdepot klart til innsats, og utstyr om bord i åtte kystvaktfartøy. I tillegg opererer Kystverket fire fartøy som er særleg godt eigna for arbeid nær land og i strandsona. Det vert stilt store krav til alle desse tenestene på grunn av geografien og dei harde klimatiske tilhøva langs norskekysten.

Den internasjonale karakteren sjøtransporten har gjer at rammevilkåra for ein sikker, effektiv og miljøvennleg sjøtransport langt på veg vert regulerte av internasjonal rett og internasjonale rammevilkår elles. Fiskeri- og kystdepartementet arbeider difor aktivt innanfor FNs sjøfartsorganisasjon IMO og overfor EU.

Eit viktig grunnlag for arbeidet med sjøtryggleik og oljevernberedskap er St.meld. nr. 12 (2001- 2002) Rent og rikt hav (Havmiljømeldinga) og St.meld. nr. 14 (2004-2005) På den sikre siden – sjøsikkerhet og oljevernberedskap. I St.meld. nr. 14 (2004-2005) vart det lagt fram ein risikoanalyse utarbeidd av Det Norske Veritas og Norconsult. I risikoanalysen samanliknar dei situasjonen i dag med utviklinga fram mot 2015 som følgje av den venta veksten i skipstrafikken. Analysen inneheld vurderingar av dei samla behova og forslag til prioriteringar for å møte dagens og morgondagens utfordringar knytt til skipstrafikken langs kysten. Analysen viser at risikoen for miljøskade innanfor nokre geografiske område vil auke i åra som kjem, dersom det ikkje vert sett inn tiltak.

I stortingsmeldinga vart det også lagt fram eit oversyn over kva tiltak innan sjøtryggleik og oljevernberedskap som bør følgjast opp for å møte den venta auken i risiko. I tillegg gir meldinga oversyn over det arbeidet som er gjort og dei tiltaka som alt er sette i verk når det gjeld sjøtryggleik og oljevernberedskap.

Kystverket bidrar aktivt til å utvikle system og løysingar for det europeiske meldings- og informasjonssystemet SafeSeaNet. Systemet omfattar alle skip over 300 bruttotonn samt alle skip, uavhengig av storleik, som har farleg og eller forureinande last. Meldingar i det norske SafeSeaNet-systemet inneheld opplysningar om anløp, farleg og forureinande last og informasjon knytt til tryggleik.

Botnsedimenta i hamner og farleier kan innehalde miljøgifter som for eksempel TBT, PCB, PAH og ulike tungmetall. I samband med utdjuping i fiskerihamner og farleier undersøkjer Kystverket botnsedimenta etter krav frå fylkesmennenes miljøvernavdelingar. Dei forureina sedimenta vert tekne opp i kontrollerte former, og den vidare handteringa skjer i tråd med løyve frå fylkesmennenes miljøvernavdelingar.

Ein av hovudoppgåvene til Kystverket er å gjennomføre tiltak for å førebyggje uønskja hendingar med fare for akutt forureining. Dersom akutt forureining likevel skjer, må de setjast i verk konsekvensreduserande tiltak. Konsekvensreduserande verkemiddel omfattar både privat, kommunal og statleg beredskap mot akutt forureining. Kystverket har ansvar for at det blir sett i verk risikoreduserande tiltak ved skipsuhell med fare for akutt forureining av betydning. Beredskapen til Kystverket er dimensjonert i høve til miljørisiko for skipsuhell. Kystverket har til ansvar å sørgje for at den nasjonale beredskapen, med bistand frå privat og kommunal beredskap, er koordinert under aksjonar. Vidare har Kystverket tilsynsansvar knytt til at ansvarleg forureinar sett i verk tilstrekkelege tiltak for å hindre og redusere miljørisiko.

Det er gjennomført ein analyse av slepeberedskapen langs norskekysten og Svalbard. Det er også utført ein levetidsanalyse for statleg oljevernmateriell. For å vedlikehalde beredskaps- og miljøvernkompetansen arrangerer Kystverket kurs og øvingar og deltek i opplæringsaktivitetar arrangerte av andre. Det er etablert ei operativ kartløysing – Kystinfo – der ein samlar all aktuell tilgjengeleg informasjon i samband med handteringa av akutt forureining. Det er også teke i bruk ulike operative verktøy til støtte når avgjerder skal takast i planlegging og gjennomføring av oljevernaksjonar.

Gjennom ei vakt- og beredskapsordning mottek og behandlar Kystverket meldingar om fare for akutt forureining og sørgjer for at det vert sett i verk tiltak for hindre og avgrense miljøskadar.

Forskingsrådets program Langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda (PROOF) vart avslutta i 2005, og er frå 2006 eit eige delprogram i programmet Havet og kysten. Fleire prosjekt med vekt på identifisering av østrogenliknande sambindingar i produsert vatn og verknadane av desse stoffa, har fått støtte. Utvikling av metodar og standardar har medverka til at effektive og sikre analysar kan gjennomførast ved identifikasjons­arbeid av denne stoffgruppa. Det vert også lagt vekt på verknader olje og kaks kan ha bl.a. på botnfauna. Desse spørsmåla er særleg viktige i arktiske område der det er lite informasjon om moglege verknader.

Havforskingsinstituttet overvaker førekomst av radioaktive komponentar i samarbeid med Statens strålevern gjennom prøvetaking av vatn, fisk og botnsediment. Mellom anna overvaker dei den havarerte sovjetiske atomubåten ”Komsomolets” som ligg på om lag 1800 meters djup sørvest av Bjørnøya. Nivåa av cesium-137 og technetium-99 er lågt både i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.

NIFES samla for tredje år på rad inn fisk rundt den torpederte ubåten U-864 vest for Fedje. Ubåten hadde truleg ei last på mellom 60 og 70 tonn kvikksølv då han gjekk ned, og ein del av dette finst no i sedimenta rundt vraket. NIFES samanliknar utviklinga i sjømatkvaliteten over tid og i ulike avstandar til vraket. Innsamlinga viser ein viss grad auka konsentrasjon av kvikksølv i fisk nær vraket, spesielt i dei stasjonære artane. Vi viser til St.prp. nr. 48 (2005-2006) Om endringar i løyvingar for 2006 under Fiskeri- og kystdepartementet sitt område mv. for nærare omtale av saka.

Det var fleire oppdrettsanlegg i nærleiken av oljeforureininga etter at lasteskipet ”MS Server” gjekk på grunn nær Hellesøy fyr 12. januar 2007. Det vart analysert muskelprøver frå oppdrettsfisk, villfisk og skjel for å sjå om oljen frå ”MS Server” påverka mattryggleiken. Innhaldet av PAH-sambindinga benzopyren (BaP) i oppdrettslaks var i alle prøvene mindre enn kvantifiseringsgrensa på 1 g/kg fiskekjøt og under halvparten av EUs grenseverdiar.

Fiskeri- og kystforvaltninga deltek også i arbeidet med å setje i verk EUs rammedirektiv for vatn, medrekna prosjekt for karakterisering av norske vassførekomstar og prosjekt for overvaking av norske vassførekomstar. Forskrift om rammer for forvaltninga av vatn gjeld frå 1. januar 2007. Hovudmålet med EUs rammedirektiv for vatn er å oppnå god økologisk tilstand i vassførekomstane på land og langs kysten. Det regionale arbeidet med direktivet starta for fullt i 2007. Havforskingsinstituttet driv ei omfattande overvaking langs kysten til støtte for innføringa og praktiseringa av dette direktivet. Kystverket deltek i arbeidet med implementeringa i ei direktoratsgruppe leia av Direktoratet for naturforvaltning.

Barentsregionen har betydelege naturressursar som dannar grunnlag for eksportretta aktivitet. Petroleumsverksemda i Barentsregionen utgjer ein stor del av denne aktiviteten. Sjøtransporten dominerer i transporten av ressursane til marknadane. Men Barentshavet er eit sårbart område, og difor er ein sikker og effektiv sjøtransport ein føresetnad for å kunne utnytte ressursane i Barentsregionen. Difor prioriterer Fiskeri- og kystdepartementet arbeidet for å fremme tryggleiken og beredskapen i nordområda. Det er også viktig å sørgje for effektive transportløysingar som medverkar til at næringslivet i regionen er konkurransedyktig i internasjonal samanheng. Fiskeri- og kystdepartementet arbeider difor med å knyte Barentsregionen til internasjonale transportkorridorar.

I oppfølginga av St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av havmiljøet i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten er det nedsett eit forum for samarbeid om risiko knytt til akutt forureining. Kystverket leiar forumet og skal bl.a. koordinere overvaking som er relevant for risikohandtering, særleg i høve til sjøtransporten. Forumet skal også medverke til god kommunikasjon og informasjonsutveksling om risiko mellom dei ulike etatane med ansvar innan miljøforvaltning, petroleumsverksemd og sjøtransport. Forumet skal vere med å finne dei mest kostnadseffektive risikoreduserande tiltaka på tvers av administrative ansvarsområde.

Det sårbare økosystemet i Barentshavet må beskyttast både gjennom nasjonalt og internasjonalt arbeid. Departementet vidarefører samarbeidet med russiske styresmakter om sjøtryggleik og oljevernberedskap i nordområda. Ein intensjonsavtale (MoU) mellom Noreg og Russland om å etablere eit felles overvakings-, meldings- og informasjonssystem for skipstrafikken vart underskriven våren 2006.

Innanfor samarbeidet om oljevernberedskap er det laga ein beredskapsplan for Murmansk-området, og det vert arbeidd med tilsvarande planverk for Arkhangelsk. Samtidig vert det arbeidd med opplæringstiltak for russisk oljevernberedskap, og det vert haldne felles øvingar. Det er i tillegg sett fokus på utvikling av nytt og betre oljevernutstyr og betre utveksling av informasjon.

Navigasjonstilhøva rundt Svalbard er krevjande. Samtidig er skipstrafikken i farvatna rundt Svalbard vorten stor, jf. omtale i St.meld. nr. 14 (2004-2005). Fiskeri- og kystdepartementet forbereder innføring av havne- og farvannsloven på Svalbard.

Det er ønskjeleg å flytte den aukande sjøtransporten frå Russland lenger ut frå norskekysten, både av omsyn til sjøtryggleik, miljø og viktige fiskeri i nordområda. Det er særleg viktig å flytte oljetankarane lenger frå land, men også bunkersolje frå lasteskip kan gjere stor skade ved et uhell. IMOs sjøtryggleikskomité, MSC, vedtok i desember 2006 på grunnlag av eit norsk framlegg til skipsruting på strekninga frå Vardø til Røst, eit samanhengande system av åtte nye trafikkseparasjonssystem, med sju tilrådde ruter. Ordninga gjeld alle fartøy med farleg last, medrekna olje og gass, og lasteskip over 5000 bruttotonn. Ordninga tredde i kraft 1. juli 2007. På denne måten vert skipstrafikken flytta ut til rundt 30 nautiske mil frå land. For at det skal vere sikker AIS-dekning i området er det etablert tre nye AIS-basestasjonar på strekninga.

Det vert arbeidast med tilsvarande framlegg til IMO om seglingsleier og rutetiltak utanfor Vestlandet og utanfor Sør- og Austlandet (Skagerrak). Farvatna i Skagerrak og nærleiken til nabolanda gjer at Noreg og nabolanda i samarbeid må kome fram til kva som er høvelege tiltak. Trafikksentralen for Nord-Noreg (Vardø trafikksentral) kom i drift 1. januar 2007. Den statlege slepebåtberedskapen i Nord-Noreg er vidareført.

8.7 Resultatområde "Avfall og gjenvinning"

Mål og prioriteringar

Hovudmålet med arbeidet innanfor dette området er å medverke til betre utnytting av utkast og biprodukt frå fiskeri- og havbruksæringa.

Auka utnytting og høgre verdiskaping av biprodukt føreset at ein satsar på forsking for bl.a. å dokumentere ernærings- og helseeigenskapar. Felles prosjekt som har som mål å dokumentere verknader av ei rekkje marine råstoff vert koordinerte og støtta gjennom stiftinga RUBIN (Resirkulering og utnytting av organiske biprodukt i Noreg). RUBIN har som overordna mål å sikre større lønsemd og høgre verdiskaping av biprodukt frå fiskeri- og havbruksnæringa og betre totalutnyttinga av fiskeråstoff, for å medverke til ei berekraftig utvikling av fiskeri- og havbrukssektoren.

RUBINs strategi for å få realisert måla er å ta initiativ til og gjennomføre prosjekt og marknadstiltak, og medverke til ein samordna innsats på biproduktsektoren innanfor og på tvers av næringar, styresmakter, finansieringsinstitusjonar og fors­king.

RUBINs handlingsplan for 2005-2009 legg vekt på

  • utvikling av norsk biomarin ingrediensindustri retta mot dei internasjonale marknadane. RUBIN legg vekt på å optimalisere strukturen i verdikjeda

  • generisk og produkt- og marknadsretta dokumentasjon av marine ingrediensar når det gjeld helse og ernæring

  • auka eksport av konsumprodukt

  • utvikling og tilrettelegging for auka uttak av ferske, sorterte biprodukt i flåte og landindustri

  • utvikling av teknologi for prosessering og utnytting av biprodukt

  • informasjon og overvaking av varestraumar

  • utvikling av regelverk.

Fiskeri- og kystdepartementet tek sikte på å gi eit tilskot på 3 mill. kroner til RUBIN i 2008.

Forskingsrådets program Havbruk prioriterer forsking på alternative fôrressursar og ernæringsmessige behov for 2008.

Det vert investert store summar for å avgrense lekkasjar av miljøgifter og anna forureining frå avfall og deponi på land til det marine miljøet. Kunnskap for å setje inn dei rette tiltaka er viktig i den samanhengen.

Etterlatte oppdrettsanlegg utgjer eit forureiningsproblem, og er eit trugsmål mot sjøtryggleiken. Fiskeridirektoratet vil sørgje for at eigarar av forlatte anlegg blir pålagt å rydde opp. For eigarlause anlegg vil Fiskeridirektoratet i størst mogleg grad leggje til rette for at andre næringsaktørar kan overta utstyret mot å rydde opp.

I samband med iverksetjinga av kravet til å stille sikkerheit, har det vore ein tett dialog med næringa for å finne løysingar som gir minst mogleg belastning for den enkelte utøvar. Fiskeri- og kystdepartementet vil som ei oppfølging av dette gå i dialog med næringa sine organisasjonar om eit næringsfinansiert oppryddingsfond.

Resultat 2006-2007

Fangstvolumet i torskefiskeria auka noko i 2006. Biproduktmengda frå torskefisk har difor også auka litt. I følgje eksportstatistikken har vidareforedling av sild auka, medan overslaget over mengda biprodukt frå pelagisk sektor faktisk er noko lågare enn året før. Biprodukt frå havbruk har auka i 2006 pga. større mengder slakta laks og aure, og fordi oppdrettstorsken gjer seg meir gjeldande. Mengda skal frå skaldyr er omtrent på same nivå som året før.

Den samla biproduktmengda frå fisk og skaldyr i 2006 er rekna til 625 000 tonn. Av dette er rundt 450 000 tonn utnytta. Det gir ein utnyttingsgrad på 72 pst., omtrent på nivå med året før. Det som ikkje vert utnytta vert dumpa på sjøen, hovudsakleg frå torskeflåten.

Det meste av biprodukta vert ensilerte og frosne for å brukast til dyrefôr og oppdrettsfôr. Ei aukande del av biprodukta vert nytta av ingrediensindustrien, ein industri som er i sterk vekst her i landet og i verda elles. Det vert utvikla stadig nye produkt og ingrediensar til human ernæring, medisinar og spesialfôr til husdyr og kjæledyr. Utviklinga av desse nye produkta gir høgre verdiskaping enn den tradisjonelle fôrproduksjonen, og gjer det mogleg i framtida å mangedoble verdiskapinga frå marine biprodukt.

Den totale bruken av biprodukt til konsum og andre høgverdige produkt var på om lag 55 000 tonn i 2006, ein auke på 5 000 tonn frå året før.

Det er ikkje så mange miljøproblem knytt til biprodukt frå villfisk. Det som har kome til land av biprodukt har stort sett vorte utnytta, men det skjer framleis mykje dumping i samband med sløying om bord. Sløyebiprodukt som vert kasta over bord langt frå land har liten negativ miljøverknad.

Biprodukt frå havbruk vert i hovudsak teke hand om og skaper få miljøproblem.

Når det gjeld skaldyr har både rekeskal og krabbeskal vorte dumpa. Dette har truleg ikkje ført til miljøproblem, sidan dumpinga har skjedd på godkjente dumpeplassar til havs.

Fleire utgreiingar har konkludert med at det kan bli mangel på dei tradisjonelle fôrmidla fiskemjøl og fiskeolje i løpet av få år, og at det vert vanskelegare å nytte fiskeressursar som kan brukast direkte til mat, til fôrråvarer. For å kunne ha nok fôrråvarer med tilstrekkeleg god kvalitet er det behov for både å utnytte betre dei tilgjengelege fôrråvarene, auke utnyttinga av biprodukt og vurdere alternative fôrråvarer. Frå havet dreiar det seg om betre utnytting av marine biprodukt og om fangst på lågare nivå (krill og plankton). Marine biprodukt går inn i fiskefôr som ensilerte biprodukt, råstoff til fiskemjølfabrikkane eller som råstoff til lokalt produsert fôr.

8.8 Resultatområde "Klimaendringar, luftforureining og støy"

Mål og prioriteringar

Hovudmål for arbeidet innanfor dette området er å

  • vidareføre deltakinga i det internasjonale arbeidet med å avgrense luftforureining, støy og utslepp av klimagassar

  • medverke til å unngå unødig støy knytt til hamneverksemd.

Havforskingsinstituttet vil vidareføre innsatsen knytt til å studere verknader av klima på det marine økosystemet, medrekna verknader på rekruttering, vekst og utbreiing hos fisk.

Havklimaet er ein vesentleg faktor for biologiske ressursar. Kunnskap om klimaendringar er også avgjerande for forvaltning av marine økosystem og ressursar i nordområda, og Forskingsrådets program NORKLIMA prioriterer dette området.

Kystverket set i gang arbeid med nye retningslinjer for behandling og berekning av støy frå hamner og skal vere med å utvikle ein berekningsmodell for støy i hamner.

Kystverket skal ha ei aktiv rolle i kommunale planprosessar for arealbruk i hamner og områda nær hamnene.

Resultat 2006-2007

Innanfor Forskingsrådets store program NORKLIMA er det ein omfattande forskingsinnsats for å få meir kunnskap om havets rolle i klimasystemet og konsekvensar av klimaendringar for marint miljø og marine ressursar. Marint miljø, fiskeri og havbruk er venta å verte sterkt råka av klimaendringane. Fleire prosjekt er no i avslutningsfasen. Prosjekta viser at ei rekkje ulike klimafaktorar vil påverke marine organismar både på individ- og bestandsnivå. Blant anna vil torskestammane truleg flytte seg nordover som følgje av klimaendringane, og sørlege gyteområde får mindre verdi. Vekstforholda i sildestammen vert også påverka. Det er ein indirekte følgje av at klimaendringane påverkar raudåta, den viktigaste maten til silda.

I 2006 utarbeidde eit utval oppnemnt av Forskingsrådet ein nasjonal handlingsplan for norsk klimaforsking.

Hamneområde nær bustadområde og bysentra kan gje støyproblem. Når slike problem oppstår, hjelper Kystverket hamnene med informasjon om støyregelverket og gir råd om korleis slike saker best kan handterast.

Prosjektet ”Nytt felles støyregelverk” har ført til revidert støyforskrift og planretningslinjer for støy, og rettleiarar til desse to dokumenta. Retningslinjer for behandling og berekning av støy frå hamner er ein del av dette arbeidet, likeeins berekningsmodellen for støy i hamner.

8.9 Resultatområde "Internasjonalt miljøsamarbeid"

Mål og prioriteringar

Fiskeri- og kystdepartementet skal arbeide internasjonalt for å sikre ei berekraftig utnytting av marine ressursar, medrekna ei berekraftig forvaltning og betre totalutnytting av sjøpattedyr, og medverke til redusert forureining av havområda.

Noreg er ein stor havnasjon, og har viktige interesser i og ansvar for forvaltning av havet i internasjonal samanheng. Det er difor viktig å utvikle ein samordna politikk for det marine og maritime området, og målbere den effektivt i internasjonale fora.

Noreg skal medverke til at global og regional forvaltning av marine ressursar skjer i tråd med godtekne prinsipp som bl.a. berekraftig bruk, føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning. Vidare er det ei viktig oppgåve å vere med å sikre at det folkerettslege grunnlaget for berekraftig forvaltning av levande marine ressursar vert følgt, både i forvaltninga i våre eigne fiskerisoner, på det opne havet og i andre nasjonars fiskerisoner. Noreg deltek difor i internasjonale fora og prosessar som er viktige for utviklinga av kyst- og havpolitikken på globalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Dei siste åra har det vore ei utvikling der prosessar og vedtak i internasjonale miljøfora i aukande grad får innverknad på fiskerispørsmål. Fiskeriforvaltninga vil vidareføre innsatsen sin på dette feltet. Målet er å sikre ei berekraftig utnytting av marine ressursar, medrekna ei berekraftig forvaltning og betre totalutnytting av sjøpattedyr, og å medverke til mindre forureining av havområda. Det er eit grunnleggjande prinsipp for norsk forvaltning av marine ressursar at utnyttinga skal baserast på tilstanden i bestanden, dvs. at utnyttinga skal skje på best mogleg vitskapleg grunnlag. Dette prinsippet vert lagt til grunn i arbeidet i dei aktuelle internasjonale fora.

Viktige arenaer er Konvensjonen for biologisk mangfald (CBD), havdebatten i FNs generalforsamling og FNs matvareorganisasjon (FAO). I 2008 er det møte i samband med ad hoc-prosess i FN om biomangfald på det opne hav.

Eit viktig tema for fiskeriforvaltninga er drøftingane i internasjonale miljøfora om etablering av marine verneområde, både innanfor og utanfor nasjonal jurisdiksjon.

I dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane vil Noreg arbeide for at økosystemvurderingar og omsynet til biomangfaldet vert innarbeidd i verksemda og mandata til organisasjonane.

Listing av truga marine artar er også eit sentralt tema for fiskeriforvaltninga. Listing av artar er no framme i mange miljøvernfora, for å regulere internasjonal handel som i CITES eller for å markere behov for særleg beskyttelse.

Kystverket vil utvikle og ta i bruk internasjonale avtalar innan akutt forureining om gjensidig bistand og samarbeid, slik at det gir optimal utnytting av tilgjengelege ressursar.

Internasjonalt forskingssamarbeid får stadig meir å seie. Noreg er i dag ein stor aktør i internasjonal marin forsking. Det er likevel nødvendig å styrkje det internasjonale samarbeidet om forvaltning av marine ressursar globalt og i høve til nabostatar og EU. Noreg må vidare vere ein betydeleg aktør i havforskinga med problemstillingar knytt til miljø, klima og forureining og berekraftig utnytting av fiskebestandane. Noreg må også vere ein aktør når det gjeld utvikling av kunnskap som basis for næringsutvikling og politikkut­forming. Alle aktørgruppene i Noreg må medverke til dette, saman med allierte i andre europeiske land. Det er innleia eit havbrukssamarbeid med Canada og USA på fleire område, og det er venta at fleire samarbeidsprosjekt vil komme ut av dette.

I 2007 vart det sett i gang eit forskingssamarbeid med India om fiske- og dyrevaksinar som vert vidareført i 2008. Forskingssatsinga skal styrkje havbruksnæringa og betre dyrehelsa i India og i Noreg. Samarbeidet legg også til rette for at oppdagingar og produkt kan utviklast vidare og marknadsførast i produksjonssamarbeid mellom dei to landa.

Resultat 2006-2007

Fiskeri- og kystdepartementet, Fiskeridirektoratet og forskingsinstitusjonane deltek i ei rekkje internasjonale og regionale organisasjonar som arbeider med forvaltning av fiskeressursane.

Det er eit viktig utviklingstrekk i internasjonal hav- og fiskeripolitikk dei siste åra at fiskeripolitikk og miljøpolitikk vert meir integrerte. Eit konkret døme på integrering av fagfelta er innføring av nye forvaltningsprinsipp som økosystemtilnærming og føre-var-prinsippet. Viktige retningslinjer og prinsipp med store verknader for dei marine næringane vert fastlagde i internasjonale miljøfora. Fiskeriforvaltinga og Havforskingsinstituttet deltek difor aktivt i internasjonalt miljøsamarbeid i skjeringsflata mellom ressursforvaltning og miljøpolitikk.

Noreg har på fleire område vore ein pådrivar i dette arbeidet, og har lagt vekt på å utvide mandatet til dei regionale fiskeriorganisasjonane til også å innarbeide omsynet til biologisk mangfald.

Generelt har vern av sårbare område som korallrev og djuphavsfjell både innanfor og utanfor lands økonomiske soner vekt stor merksemd i internasjonale miljøfora dei siste åra. FNs fiskeriresolusjon frå 2006 stilte krav til dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane og kyststatane om å beskytte slike habitat mot botnfiske.

Fiskeriforvaltninga deltek også i arbeidet i fleire fora innanfor FN-systemet. Den uformelle konsultative prosessen om havretten la i 2007 særleg vekt på marine genetiske ressursar. Også innanfor biodiversitetskonvensjonen vert det arbeidd med temaet marine verneområde. Dette var eit sentralt tema på statspartsmøtet i 2006.

I NEAFC har Noreg vore aktiv i arbeidet med å få til eit forvaltningsregime for djuphavsressursar, og spørsmål knytt til oppfølging av FAOs aksjonsplan mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske er behandla. Forholdet til internasjonale miljø- og fiskeriprosessar, medrekna botntråling og marine verneområde, er også tekne opp i organisasjonen. Noreg har fått gjennomslag for eit forslag om eit regime for hamnestatskontroll som skal sikre kontroll med ressursuttaket i området. Forslaget er implementert av NEAFC-landa med verknad frå 1. mai 2007. Noreg har fremma eit tilsvarande forslag i NAFO.

Det er eit stadig aukande press i CITES, også under statspartsmøtet i 2007, for å liste marine organismar, inkludert kommersielle fiskeslag. Det er oppretta eit ekspertpanel under FAO som skal gi råd om listing under CITES-konvensjonen. På norsk side er det lagt vekt på at behandlinga av kommersielle akvatiske artar og utforminga av listekriteria i CITES er baserte på vitskapleg dokumentasjon og følgjer råda frå FAOs ekspertpanel. Vedtaka om listing av marine artar på partsmøtet i 2007 vart gjort i samsvar med råda frå FAOs ekspertpanel.

Fiskeriforvaltninga har spelt ein aktiv rolle i internasjonalt miljøarbeid, bl.a. knytt til biodiversitetskonvensjonen (CBD), konvensjonen for vern av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren (OSPAR) og tekniske arbeidsgrupper under desse organisasjonane. Sentrale tema har vore vern av korallrev, marine verneområde, miljøkvalitetsmål i Nordsjøen og EUs marine strategi.

Kystverket forvaltar ei rekkje avtalar med andre land om gjensidig bistand ved akutt forureining.

Det er årlege møte mellom Hovudredningssentralen i Nord-Noreg, Kystverket og russiske rednings- og oljevernstyresmakter. Tilsvarande er det årlege møte for landa som er knytte til København-avtalen om gjensidig bistand og samarbeid ved akutt forureining. Her møter Noreg, Sverige, Finland, Island og Danmark inkl. Færøyane og Grønland. Partane utvekslar informasjon og drøftar felles arbeid med vidareutvikling og forbetring av utstyr og overvaking I tillegg er det under København-avtalen utvikla ein regional beredskapsavtale mellom Sverige og Noreg som regulerer dei same tilhøva, og det er årlege felles øvingar mellom Noreg og Sverige.

EUs handlingsprogram mot akutt oljeforureining til sjøs regulerer samarbeidet mellom EUs medlemsland og EFTA-land ved forureining til det marine miljøet og vidareutvikling av utstyr og overvaking av kyst og hav. Etableringa av EMSA (European Maritime Safety Agency) er ein viktig del av dette. EMSA er EUs ekspertorgan for sjøtryggleik, og er bl.a. teknisk, vitskapleg og kunnskapsmessig kompetansesenter for oljevernberedskap i Europa. Dette inneber bl.a. at EMSA skal kunne ha nødvendig kunnskap og ressursar til å gi støtte til medlemslanda dersom medlemslanda ber om det. Kystverket har delteke på møte i EMSA innan ansvarsfeltet sitt.

Samarbeidet mellom norske og russiske styresmakter om sjøtryggleik og oljevernberedskap i nord er vidareført. Det vert bl.a. arbeidd med å utvikle eit gjensidig varslings- og informasjonssystem for oljetransporten i Barentshavet og langs norskekysten. For å koordinere arbeidet er det nedsett ein styringskomité og to arbeidsgrupper. Den eine arbeidsgruppa legg vekt på overvaking av oljetransport, etablering av varslingssystem og koordinering av taubåtkapasiteten i regionen. Den andre arbeidsgruppa arbeider bl.a. med å revidere og vidareutvikle den eksisterande oljevernavtalen mellom Noreg og Russland, utvikle beredskapsplanar og gjennomføre opplæring i oljevernberedskap i Nordvest-Russland. Det er også innleia eit samarbeid for å utvikle ulike typar oljeutstyr. Kystverket deltek også i arbeidet i havmiljøgruppa under den norsk - russiske miljøvernkommisjonen.

Bonn-avtalen er ein internasjonal avtale mellom kyststatane rundt Nordsjøen og EU. Avtalen inneber ei forplikting om gjensidig assistanse og samarbeid mot forureining og bruk av miljøovervaking for å oppdage og handtere forureining og hindre miljøkriminalitet.

Havforskingsinstituttet har eit betydeleg nettverk og deltek i ei rekkje internasjonale fora. Instituttet har vore ein pådrivar i å ta i bruk eit økosys­tembasert forvaltningskonsept.

Havforskingsinstituttet hjelper Miljøverndepartementet og Statens forureiningstilsyn med faglege råd i oppfølginga av internasjonale avtalar om forureining, bl.a. gjennom OSPAR.

Dei norske marine forskingsmiljøa har generelt eit tett internasjonalt samarbeid. Norske forskarar har også i 2006 hatt ein sterk posisjon i ICES og har hatt mange verv i dei ulike komiteane. Dette har mykje å seie for arbeidet med å løyse forvaltningsoppgåver. Fleire av prosjekta som er støtta vert nytta som grunnlag for søknader til EU.

8.10 Oppfølging av grøn stat

Fiskeri- og kystdepartementet skal gjennomføre oppgåvene sine med minst mogleg negative verknader på miljøet. Det skal takast omsyn til miljøet i planlegging og gjennomføring av alle innkjøps-, drifts- og produksjonsaktivitetar. Den miljøfaglege kompetansen skal aukast. Tiltaka som er gjennomførte, og skal gjennomførast, siktar mot meir bruk av videokonferansar framfor reiseaktivitet, utvida og effektiv bruk av fellestenester for regjeringskvartalet så som felles post, bod, distribusjon og trykkeritenester, og meir vekt på bruk av IKT-system i sakshandsaminga og i kommunikasjonen med andre. Eit anna viktig tiltak er kompetanseheving blant innkjøparane og blant dei andre tilsette.

Alle etatane under Fiskeri- og kystdepartementets ansvarsområde tek i bruk miljøleiing i verksemda si.

8.11 Oversikt over den samla miljøpolitiske satsinga under Fiskeri- og kystdepartementet

Tabell 8.1 Fordeling på programkategori av utgifter som fullt ut vert brukte til miljøforbetringar, eller der omsynet til miljøet er avgjerande for at tiltaket vert gjennomført

Programkategori

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

16.10 Administrasjon

4,3

4,4

16.20 Forsking, innovasjon og regional utvikling

369,6

389,7

16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning

152,1

179,4

16.60 Kystforvaltning

194,4

225,2

Sum programområde 16

720,4

799,7

9 Likestilling

9.1 Handlingsplan for større kvinnedel i marin sektor

Tilstandsvurdering – utfordringar

Kvinnedelen i fiskeri- og havbruksnæringa er gjennomgåande låg. I overkant av 2 pst. av dei som har fiske som hovudyrke er kvinner. Om lag 10 pst. av dei tilsette i havbruksnæringa er kvinner. I fiskeindustrien er kvinnedelen i overkant av 40 pst.. Prosentdelen av kvinnelege leiarar er gjennomgåande låg i dei ulike delane av fiskerinæringa.

Alle offentlege styre, råd og utval innanfor Fiskeri- og kystdepartementets ansvarsområde følgjer no likestillingslovas krav.

Kvinnedelen i styre, råd og utval i den private delen av fiskeri- og havbruksnæringa er låg. Lovreglane med krav om kjønnsrepresentasjon i styre i allmennaksjeselskap tredde i kraft 1. januar 2006. Per 1. januar 2007 oppfylte 3 av 17 allmennaksjeselskap i fiskeri- og havbruksnæringa kravet. Fristen for å fylle krava til kjønnsrepresentasjon er 1. januar 2008.

Mål og strategiar – tiltak

Handlingsplan for større kvinnedel i fiskeri- og havbruksnæringa

På bakgrunn av den skeive kjønnsfordelinga i fiskeri- og havbruksnæringa generelt og i styre, råd og utval spesielt, vart det sett ned ei arbeidsgruppe for å lage ein handlingsplan for større kvinnedel i marin sektor. Arbeidsgruppa hadde representantar frå Norges Fiskarlag, Fiskesalgslagenes samarbeidsråd, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, Norske Sjømatbedrifters Landsforening, Landsorganisasjonen, Norges Fiskarkvinnelag, Fiskeri- og kystdepartementet og Barne- og familiedepartementet. Handlingsplanen omfattar alle delar av næringa og forvaltninga, og inneheld forslag til å

  • auke kvinnedelen i næringa generelt

  • auke representasjonen av kvinner i statlege styre, råd og utval

  • auke representasjonen av kvinner i styra i fiskerisamvirket

  • auke kvinnedelen i leiinga i fiskeri- og kystforvaltninga.

Arbeidsgruppa meiner det er viktig at marine verksemder meir enn før brukar kvinners kompetanse, og at næringa står fram som attraktiv for både kvinner og menn. Handlingsplanen foreslår konkrete mål og presenterer aktuelle tiltak som verksemdene kan setje i verk for å auke kvinnedelen i marin sektor.

Arbeidsgruppas forslag til handlingsplan vart overlevert fiskeri- og kystministeren og likestillingsministeren i august 2007. Fiskeri- og kystdepartementet har sendt handlingsplanen på høyring, for å få ei brei forankring i næringa og for å involvere dei verksemder og organisasjonar som ikkje har delteke direkte i arbeidet.

For å lukkast i arbeidet for høgre kvinnedel i marin sektor er det viktig at verksemdene sjølve har eit eigarforhold til dette arbeidet. For Fiskeri- og kystdepartementet vert ei vesentleg oppgåve å ta vare på dette breie eigarforholdet også etter høyringa.

9.2 Likestilling i Fiskeri- og kystdepartementet og underliggjande etatar

Fleire av etatane under Fiskeri- og kystdepartementet har yrkesgrupper som tradisjonelt har vore, og framleis er, mannsdominerte. Arbeidet med å betre kjønnsbalansen i underliggjande etatar generelt, og spesielt blant leiarane, er viktig og tidkrevjande. Dette er ei sak som departementet legg særleg vekt på.

Nedanfor gjer vi greie for statusen i departementet og fortel kort om situasjonen i underliggjande etatar. I tillegg gjer vi greie for i gangsette og planlagde tiltak i departementet.

Fiskeri- og kystdepartementet

Kjønnsfordeling

I Fiskeri- og kystdepartementet er 50 pst. av dei tilsette kvinner. I toppleiargruppa er kvinnedelen 20 pst. og på mellomleiarnivå er kvinnedelen 45 pst. Av dei nytilsette i 2006 var 58 pst. kvinner. Åtte av ti deltidstilsette er kvinner.

Løn

På mellomleiar-, seniorrådgjevar- og rådgjevarnivå er lønsnivået noko høgare blant menn enn blant kvinner. Skilnadene er ikkje store. Den største forskjellen finn ein på seniorrådgjevarnivå, kor gjennomsnittsløna er fire lønstrinn høgare blant mannlege tilsette.

I gangsette og planlagde tiltak

Departementet vil vurdere nærare bakgrunnen for lønsforskjellane mellom kvinner og menn på mellomleiar-, seniorrådgjevar- og rådgjevarnivå.

Med unntak av arkiv- og kontortenesta, der det hovudsakleg er kvinnelige tilsette, er kjønnsfordelinga i departementet tilfredsstillende. Ved rekruttering til arkiv- og kontortenesta vil departementet leggje vekt på å betre kjønnsbalansen.

Departementet vil vidareføre ordninga med heimearbeid/fjernarbeid og elles leggje til rette for fleksible arbeidsordningar for tilsette med behov for tilpassing av arbeidstida. Departementet legg vidare vekt på at det skal være moglegheiter for alle tilsette til eigenutvikling og kompetanseheving gjennom både interne og eksterne kompetansetiltak. Arbeidet med å leggje til rette for karriere- og eigenutviklingsprogram for tilsette som i mindre grad har fått dekt sine kompetansehevingsbehov, vidareførast. Kvinner utgjer fleirtalet her.

Fiskeridirektoratet

I Fiskeridirektoratet er kvinnedelen totalt på 46 pst. Delen kvinnelige leiarar er 28 pst.

Kystverket

I Kystverket er det ein kvinnedel totalt på 15 pst. Også på toppleiarnivå og mellomleiarnivå er kvinnedelen 15 pst.

Havforskingsinstituttet

På Havforskingsinstituttet er kvinnedelen totalt på 36 pst. Av leiarane er 13 pst kvinner. Kvinnedelen er lågast blant leiarar og forskarar, og høgast i adminsitrasjonen.

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking

På Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking er kvinnedelen totalt på 65 pst., mens delen kvinnelige leiarar er på 64 pst.

10 Tryggleik og beredskap

Fiskeri- og kystdepartementet har beredskapsansvar som sektormynde bl.a. knytt til trygg sjømat, fiskehelse, hamnetryggleik, sikker sjøtransport og akutt forureining i sjø. I dette ansvaret ligg at departementet må gjennomføre beredskapstiltak ved hendingar og truslar på området. Departementet skal heile tida vurdere risiko og sårbarheit i sektoren, og ha eit system som sikrar at beredskapen er dimensjonert i høve til risiko og truslar. Departementets underliggjande verksemder er operative einingar som skal sikre at det vert gitt korrekt informasjon, at tiltak vert sette i verk og at resultata vert evaluerte. Dette gjeld alt frå miljøtruslar mot norsk sjømat til oljeverntiltak på kysten.

10.1 Mattryggleik og omdømme

Noreg er ein av dei største sjømateksportørane i verda. Det er eit internasjonalt fokus på mattryggleik, med aukande krav til dokumentasjon.

Det konstitusjonelle ansvaret etter matlova er fordelt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet. Ansvaret for alt som har med innsatsvarer og primærproduksjon å gjere er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, avhengig av om produksjonen er akvatisk eller knytt til landbruket. Når det gjeld ledda etter primærproduksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for alle reglar som er fastsette av omsyn til folkehelsa.

Det oppstår ofte situasjonar knytt til sjømattryggleik, marknadstilgang og omdømet til sjømatnæringa. Situasjonane vert handterte på bakgrunn av ei avtalt rollefordeling mellom departmentsnivået, Mattilsynet, Vitskapskomiteen for mattryggleik og dei aktuelle forskingsinstitusjonane som gir faglege råd til Mattilsynet. I tillegg samlar Eksportutvalet for fisk informasjon frå heile verda om korleis slike situasjonar påverkar dei ulike marknadane. Vitskapskomiteen og kunnskapsinstitusjonane vurderer risiko og gir uavhengige faglege råd til Mattilsynet, som har eit operativt ansvar for å setje i verk konkrete tiltak.

10.2 Helse- og miljøberedskap i havbruk

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for regelverket som skal ivareta helse-, velferds- og miljøtilhøve knytt til etablering og drift av havbruksanlegg. Etter regelverket pliktar alle anlegg alltid å ha ein oppdatert beredskapsplan. Planen skal ha oversikt over smittehygieniske tiltak og dyreverntiltak som er aktuelle å setje i verk for å hindre og eventuelt handtere akutte utbrot av smittsame sjukdomar og massedød, medrekna opptak, behandling, transport, maksimum opphaldstid for fisk i røyrsystem ved systemsvikt, slakting og destruksjon av sjuke og døde dyr.

Beredskapsplanen skal også ha oversikt over tiltak for å hindre og eventuelt handtere fiskedød ved skadelege alge- og manetførekomstar, skadeleg vasstemperatur og akutt forureining. Planen skal vidare innehalde oversikt over korleis rømming skal oppdagast og talfestast og korleis gjenfangst skal effektiviserast, medrekna tiltak ved sleping av merdar og handtering av fisk og merdar under lasting og lossing.

10.3 Sjøtryggleik og oljevernberedskap

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for statens beredskap mot akutt forureining og for førebyggjande sjøtryggleik gjennom trygging av farvatna og drift av maritim infrastruktur og tenester for sikker sjøverts ferdsel. Kystverket er operativ etat på området, og er delegert mynde etter forureiningslova. Ein god sjøtryggleik og god handtering av ulukker er avhengig av god samhandling mellom fleire etatar.

St.meld. nr. 14 (2004-2005) inneheld ein analyse av risiko som følgjer med sjøtransporten i norske farvatn. Det er sett i verk og under planlegging ei rekkje tiltak for å førebyggje ulukker.

Terrorberedskap i hamner

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvaret for regelverket knytt til terrorberedskap i hamner. Dette er forankra i regelverk i IMO (FNs maritime organisasjon) og EU-regelverk, og er innført i norsk rett ved forskrifter. Tilsynsansvaret er delegert til Kystverket, som skal sjå til at hamnene og dei offentleg godkjente tryggleiksorganisasjonane opererer i samsvar med regelverket. Det er gjennomført ein nasjonal sårbarheitsanalyse for å vurdere behovet for utvida verkeområde for regelverket om betre hamnetryggleik. Det vil bli teke avgjerd i dette spørsmålet i løpet av hausten 2007.

Det operative ansvaret for handtering av konkrete hendingar ligg til politiet, naudetatane osv. Kystverket har ansvaret for handtering av eventuell akutt forureining, regulering av farvatn og stenging av hamner.

Til forsiden