St.prp. nr. 1 (2008-2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapitler: 1800–1870, 2440 og 2490 Inntektskapitler: 4800–4860, 5440, 5490, 5582, 5680 og 5685

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

4 Prosjekt under utbygging

Olje- og energidepartementet gir ein gong i året ei samla utgreiing om kostnads- og lønsemdsutviklinga for dei prosjekta der samla plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) er blitt lagt fram for styresmaktene, og der prosjekta framleis er under utbygging eller har kome i produksjon etter 1. august året før, jf. St.meld. nr. 37 (1998-1999). Som bakgrunn for utgreiinga har departementet innhenta opplysningar frå operatørselskapet for dei ulike prosjekta.

Det er ingen oppdatering av investeringsoverslaget for Snøhvit i denne proposisjonen. Det skuldast at StatoilHydro, i etterkant av ein revisjonsstans gjennomført på Snøhvit i perioden 8. mai til 10. juli, arbeider med ei investeringsavgjerd for dei framtidige utbetringane som må gjerast for å bringe anlegget opp til full kapasitet. StatoilHydro tek sikte på å ha ei slik investeringsavgjerd klar i løpet av hausten. Departementet vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget med ei utgreiing om kostnadsutviklinga for prosjektet når denne er klar.

Tabellen under viser eit oversyn over differansen mellom operatøranes investeringsoverslag på PUD/PAD-tidspunktet og overslaget deira per juli 2008.

Tabell 4.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging

(i mill. 2008-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD- estimat

Nye anslag

Endring

Endring i pst.

Alve

20072 5092 83232312,9

Alvheim

20048 66117 2528 59199,2

Blane

20051 8073 4501 64390,9

Gjøa

200728 95229 7668142,8

KEP2010

20086 3855 925-460-7,2

Morvin

20088 8818 88100,0

Njord gasseksport

20051 1151 29117615,8

Ormen Lange/Langeled (er rapportert samla)

200472 582107 12734 54547,6

Oseberg Delta

20051 9202 40648625,3

Rev

20072 7433 17743515,9

Skarv

200731 62236 4274 80515,2

Statfjord seinfase

200514 49618 4763 98027,5

Tampen Link

20051 5882 21762939,6

Tordis IOR

20051 8732 22635318,9

Tyrihans

200614 46914 8163472,4

Valhall vidareutvikling

200714 27914 202-77-0,5

Vega

20076 2297 7541 52524,5

Vilje

20052 1642 61645120,9

Volund

20072 8683 46259420,7

Volve

20052 0923 06196946,3

Yme

20074 3965 6481 25228,5

Yttergryta

20081 2711 27100,0

Sum

232 902294 28361 38126,4

Kostnadene knytt til større petroleumsprosjekt har auka kraftig over heile verda dei seinare åra. Berekningar utført av konsulentfirmaet IHS/CERA viser til dømes at dei globale utbyggingskostnadene for petroleumsprosjekt er meir enn dobla dei siste fire åra. Denne generelle kostnadsauken for petroleumsprosjekt rammar - som tabellen viser - i stor grad også pågåande utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel.

Auka investeringsnivå på felt under utbygging er ikkje det same som kostnadsoverskridingar. I den grad det høgare investeringsnivået resulterer i auka produksjon vil det medverke til høgare verdiskaping

Forventningane til framtidige prisar på olje og gass er høgare enn tidlegare. Legg ein til grunn dagens forventning til framtidige prisar, er dette ei gruppe svært attraktive prosjekt. Samla verdiskaping (noverdi) for dei omtalte prosjekta i porteføljen er utrekna til 401 mrd. 2008-kroner.

Samla viser dei oppdaterte investeringstala frå operatørane ein auke på om lag 61 mrd. 2008-kroner i forhold til PUD/PAD-tidspunktet, jf. tabell 4.1.

Utbygginga av Ormen Lange står for over halvparten av den totale auken for prosjekta.

Kostnadsendringar på enkeltprosjekt

Siste investeringsoverslag for Alve viser ein auke samanlikna med PUD på 0,3 mrd. kroner. Dette skuldast i hovudsak større kostnader i samband med plattformmodifikasjonar og undervassarbeid.

Investeringsoverslaga på Alvheim auka med nesten 8,6 mrd. kroner, nesten ei dobling samanlikna med PUD. I tillegg til den generelle kostnadsauken i marknaden skuldast dette behov for større modifikasjonar enn venta på produksjonsskipet.

For Blane har investeringsoverslaget auka med om lag 1,6 mrd. kroner samanlikna med PUD. Dette skuldast først og fremst auka kostnader for undervassarbeid og arbeid i samband med tilknytinga til Ula.

Investeringsoverslaget for KEP2010 er om lag 0,5 mrd. kroner lågare enn tidlegare rapportert. Dette er forklart med at prosjektreservar inkludert i PAD no er tekne ut.

Investeringsoverslaga for Njord gasseksport er auka med nærare 0,2 mrd. kroner. Dette skuldast auka kostnader i samband med undervassarbeid. Forventa produksjon av gass og av NGL har auka sidan innleveringa av PUD.

På Ormen Lange har investeringsoverslaget auka med 34,5 mrd. kroner samanlikna med PUD. Kostnadsauken er i hovudsak knytt til fase 2 og skuldast først og fremst auka marknadskostnader på blant anna mannskap og materiell og venta kostnad på kontraktar som enno ikkje er inngått. Kostnadsoverslaga er framleis usikre og avheng òg av om ein vel plattform eller subsea-kompresjon.

Investeringsoverslaget for Oseberg Delta er auka med 0,5 mrd. kroner. Auken skuldast høgare kostnader ved undervassarbeid. Venta produksjon frå prosjektet er noko redusert.

Det nye investeringsoverslaget for Rev viser ein oppgang på 0,4 mrd. kroner. I tillegg til den generelle kostnadsutviklinga, skuldast auken ein noko forseinka oppstart.

Skarv har ein auke i investeringsoverslaget samanlikna med PUD på om lag 4,8 mrd. kroner. Dette skuldast i hovudsak den generelle kostnadsauken i petroleumssektoren.

For Statfjord seinfase har investeringsoverslaget auka med nærare 4 mrd. kroner samanlikna med PUD. Dei auka investeringane er hovudsakleg knytte opp mot boring og komplettering.

Investeringsoverslaget til Tampen Link er auka med 0,6 mrd. kroner. Endringa er forklart blant anna med den generelle kostnadsauken i marknaden og konseptendringar.

Investeringsoverslaget for Tordis IOR vart oppjustert med i underkant av 0,4 mrd. kroner grunna høgare prisar på innsatsfaktorar og konseptendringar.

Bakgrunnen for auken på 1,5 mrd. kroner for Vega er auka utbyggingskostnader som følgje av høgare marknadsprisar for undervassutstyr og installasjon. I tillegg har borekostnadene auka på grunn av endra brønndesign.

For Vilje er investeringsoverslaga auka med nærare 0,5 mrd. kroner samanlikna med PUD. Kostnadsjusteringa skuldast designendringar og auka kostnader på undervassarbeid.

For Volund er investeringsoverlaget oppjustert med 0,6 mrd. kroner. Endringa er forklart med auka borekostnader.

Volve har ein auke i investeringsoverslaget på nesten 1 mrd. kroner samanlikna med PUD. Dette skuldast først og fremst forseinka boreprogram.

Investeringsoverslaget for Yme er auka med nesten 1,3 mrd. kroner samanlikna med PUD. Dette skuldast generell kostnadsutvikling og forseinka oppstart.

For Valhall, Tyrihans og Gjøa er endringane marginale. For Morvin og Yttergryta er det framleis investeringsoverslaget frå PUD som gjeld. PUD for desse prosjekta vart godkjend i respektive april og mai 2008.

5 Førebygging av skredulykker

Departementet viser til St.meld. nr. 22 (2007-2008) Samfunnssikkerhet, der Regjeringa foreslår at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal ivareta statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av skred frå 1. januar 2009. Departementet vil her skissere korleis NVE skal ivareta denne oppgåva og korleis statleg bistand til skredførebygging er tenkt bygt opp og forvalta. Oppbygginga vil ta tid. Omtalen inneheld difor dels generelle prinsipp for NVEs forvaltningsoppgåver innan førebygging av skred, og dels ein omtale av problemstillingar som vil bli prioritert i 2009.

5.1 Bakgrunn

Etter naturskadelova og plan- og bygningslova er kommunane ansvarlege for å sikre innbyggjarane mot naturfarar.

Utfordringane ved skredfare vil i nokre tilfelle vere for store til at kommunane klarer å handtere dei åleine. I følgje undersøkingar gjennomført av DSB og Fylkesmannen har kommunane trong for statleg hjelp både i form av kompetanse om skred og ressursar til kartlegging, overvaking og sikring.

Ei rekkje statlege aktørar har i dag ei rolle knytt til førebyggjande aktivitetar mot skred. Regjeringa meiner det er behov for meir heilskapleg, effektiv og styrkt bistand til skredførebygging. Ei samling av oppgåver i NVE vil forenkle og klargjere oppgåver og ansvaret i staten, og medverke til å effektivisere statens hjelp til skredutsette kommunar. Det vil òg betre høva til samordning ved samansette problemstillingar knytt til flaum og skred.

Regjeringas forslag inneber både ei samling av eksisterande ansvar og oppgåver i staten og ei styrking av det statlege arbeidet med førebygging av skred. Regjeringa legg til grunn at NVEs nye ansvar innan skredførebygging ikkje skal svekkje direktoratets evne til å gjennomføre eksisterande oppgåver og ansvar.

5.2 Om behovet for førebygging av skredulykker

Føremålet med å samle og styrkje statleg innsats innan skredførebygging er å førebyggje tap av liv og skadar på helse, miljø og materielle verdiar.

Risiko uttrykkjer den faren som uønska hendingar representerer for menneske, miljø, økonomiske verdiar og samfunnsviktige funksjonar. Risiko er ein kombinasjon av moglege konsekvensar av ei hending og tilhøyrande uvisse eller kor sannsynleg det er at hendinga inntreff1.

Det er ikkje mogleg å oppnå full tryggleik mot farar og skadar i samfunnet. All aktivitet inneber risiko i ein eller annan forstand. Kva som er akseptabel risiko vil avhenge av type verksemd og aktivitet, kven som utfører aktiviteten og i kva samanhang den føregår2.

Statens Landbruksforvaltning (SLF) har, i samband med utarbeidinga av ny naturskadelov, utgreidd kor sårbart samfunnet er for naturulykker. Velstandsutviklinga gir større skadepotensial ved naturulykker fordi vi eig meir som kan bli skadd og fordi utbygging av areal til bustad, fritidsformål og infrastruktur er stor og aukande. Samstundes gir velstandsutviklinga folk større evne til å bere tap sjølv. SLF meiner at førebyggjande tiltak er det viktigaste verkemiddelet for å unngå auka risiko som følgje av samfunnsendringar og klimaendringar, både hos den einskilde, og særleg ved kommunal arealplanlegging og arealdisponering3.

Vi må rekne med at vêrfenomen som i dag er sjeldne og ekstreme vil skje oftare i framtida. I følgje forsking kan vi vente at klimaendringar vil medføre stadig fleire skred, spesielt langs kysten frå Nord-Noreg til Vestlandet. Særleg kan dette gjelde flaum-/jordskred og snø-/sørpeskred. Noreg er eit langstrakt land med store lokale klimaforskjellar og klimaendringane vil slå forskjellig ut ulike stader i landet 4.

Faren for skred og konsekvensane av skred vil variere mykje mellom dei ulike lokalitetane. Dette får verknader for prioritering av kva tiltak som bør setjast i verk i det einskilde tilfelle og for prioritering i tid mellom ulike lokalitetar. Det er ikkje samfunnsøkonomisk lønsamt eller praktisk mogleg å fjerne all skredfare eller alle konsekvensar. Systematisk innsats på førebyggjande tiltak vil medverke til å redusere skredfare og konsekvensar av skredhendingar.

Det rimelegaste tiltaket for å motverke skadar frå skred er normalt å sikre ein arealbruk der bygningar og infrastruktur blir lagt i område med liten eller ingen skredfare. Dersom det ikkje er tilgang på føremålstenlege areal utan skredfare kan likevel kostnaden ved byggjeforbod bli høg. Det kan då vere behov for å vurdere andre tiltak mot skredfaren, for eksempel overvaking, varsling eller sikring. Det same vil vere tilfelle for eksisterande busetnad i fareområde. Statleg bistand i form av vegleiing og oppfølging av kommunar i tilknyting til arealplanlegging og kartlegging av fareområde vil medverke til å gi eit betre plangrunnlag, og eit betre grunnlag for kommunanes risiko- og sårbarheitsanalysar.

Behov for og kostnader ved tiltak i form av overvaking/beredskap eller fysiske sikringstiltak er vanskeleg å spesifisere før det finst eit godt oversyn over fareområda. For mange skredtypar og geografiske område manglar det kunnskap om skredfare. Eit sentralt element i eit statleg engasjement innanfor skredførebygging er å medverke til kartlegging av fareområde. Dette vil utgjere eit viktig grunnlag for vurdering av kost/nytte for ulike tiltak. For ein del område finst det tilstrekkeleg oversikt og kompetanse til at sikringstiltak kan gjennomførast, til dømes for kvikkleireområde på Austlandet og i Trøndelag.

Det finst ikkje eit samla oversyn over risikoen for skred i Noreg eller ei nærare utgreiing av kor sårbart samfunnet er for skred. Delar av landet er kartlagt for enkelte typar skredfare. Statistisk sett kan det ventast at Noreg vil bli ramma av to til tre store fjellskredulykker, to til tre store leirskredulykker og tre til fire store snøskredulykker i løpet av dei neste 100 åra. I tillegg kjem langt fleire mindre ulykker5. NVE har rekna ut at 36 000 bygningar ligg i identifiserte soner utsette for kvikkleireskred. Av desse er 12 000 bustader. NVE anslår at det vil koste 1-2 mrd. kroner å sikre 200 av sonene med høg risiko. Det er òg gjort ein analyse som viser at 60-70 000 bygningar, av desse 40 000 bustader, ligg i område kartlagt som potensielt utsette for snø- og steinskred. Venteleg vil ein majoritet av bygningane hamne utanfor faresona ved ei nærare kartlegging av skredfaren. I tillegg kjem område som er utsette for jordskred og store fjellskred der det per i dag ikkje finst tilsvarande kartgrunnlag.

Ein overordna og systematisk gjennomgang av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane ved skred og nytten ved ulike førebyggjande tiltak, vil gi eit betre grunnlag for å prioritere mellom dei ulike innsatsområda og val av verkemiddel.

5.3 Ansvar og roller

NVEs ansvar for statleg bistand til førebygging av skred endrar ikkje kommunen og tiltakshavaren sitt ansvar for å ivareta tryggleiken mot skred i arealplanlegging og ved utbygging. Her følgjer ei omtale av ansvar og roller.

Kommunens ansvar

Kommunen er ansvarleg for å sikre innbyggjarane mot naturfarar i følgje plan- og bygningslova og naturskadelova. I tillegg vil ny sivilforsvarslov påleggje kommunen ei beredskapsplikt.

I ny plandel til plan- og bygningslova, som er venta å tre i kraft 1. juli 2009, er kommunen si plikt til å fremje samfunnstryggleik ytterlegare presisert i høve til i gjeldande lov, jf. Ot.prp. nr. 32 (2007-2008). Det heiter mellom anna at kommunen gjennom planlegging skal «fremme samfunnssikkerhet ved å forebygge risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdier mv.» I det nye lovgrunnlaget inngår òg krav om at kommunen skal sjå til at risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) blir gjennomført for planområdet, eller sjølv foreta slik analyse. Kravet til det berre kan byggjast på grunn der det er trygt nok mot fare, er vidareført.

I følgje naturskadelova pliktar kommunen «å treffe forholdsregler mot naturskader slik som bestemt i plan- og bygningsloven §§ 25 - første ledd, nr. 5 og 68, samt ved nødvendige sikringstiltak». I forslag til ny lov om kommunal beredskapsplikt, sivile vernetiltak og Sivilforsvaret som vart send på høyring i juni 2008 er det teke inn eit nytt krav om kommunal beredskapsplikt. Ei slik plikt inneber at kommunen skal arbeide systematisk med samfunnstryggleik med sikte på å betre kommunens evne til å trygge lokalsamfunnet. Den kommunale beredskapsplikta inneber at kommunane utarbeider ein beredskapsplan som skal innehalde tiltak for handtering av krisesituasjonar, basert på ein sektorovergripande ROS-analyse.

Tiltakshavaren sitt ansvar

I den nye bygningsdelen til plan- og bygningslova, jf. Ot.prp. nr. 45 (2007-2008), § 28-1 heiter det at «for grunn som ikke er tilstrekkelig sikker, skal kommunen om nødvendig nedlegge forbud mot opprettelse eller endring av byggverk, eller stille særlige krav til byggegrunn, bebyggelse, uteareal og nødvendige sikringstiltak». Åtgjerda vil bli presisert i ny forskrift til lova.

I forarbeida er det peika på at hovudansvaret for å skaffe dokumentasjon på at byggjegrunnen er trygg nok mot fare eller vesentleg ulempe bør liggje på tiltakshavar.

Statlege fagetatar si rolle

Plan- og bygningslova føreset at sektorane deltek i den kommunale planlegginga på ein forpliktande måte, og gir kommunane naudsynt hjelp i planarbeidet.

Andre statlege fagetatar vil framleis ha ei rolle i samband med skredførebygging. NGU vil som statleg etat for geofaglege spørsmål vere rådgivar for NVE og vil framleis vere sentral i gjennomføringa av skredkartlegginga. Samferdselsetatane har som tiltakshavar eige ansvar for å sikre veg og bane mot skred og innehar mykje kompetanse om førebygging av skred. Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet er sentrale i samband med forvaltninga av plan- og bygningslova. Meteorologisk institutt, som er underlagt Kunnskapsdepartementet, varslar ekstremvêr. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som er underlagt Justisdepartementet, er tillagt ei samordningsrolle for å sikre ein heilskapleg og koordinert beredskap. Statens landbruksforvaltning (SLF), som er underlagt Landbruksdepartementet, er sekretariat for styret for Statens naturskadefond som har til oppgåve å yte erstatning for naturskadar der det ikkje er høve til å forsikre seg mot skaden gjennom ei vanleg forsikringsordning.

5.4 NVE som statleg forvaltningsorgan for førebygging av skredulykker

Ei av NVEs eksisterande oppgåver er å sikre liv og verdiar langs vassdraga mot flaum og vassdragsrelaterte skred. NVEs modell for statleg forvaltning av flaumrisiko og vassdragsrelaterte skred har blitt utvikla til ein effektiv og føremålstenleg forvaltningsmodell for naturfare gjennom fleire tiårs erfaring. Den heilskaplege tilnærminga vart styrkt på bakgrunn av erfaringane frå storflaumen på Austlandet i 1995, jf. St.meld. nr. 42 (1996-1997).

For skred utanfor vassdrag har ikkje Noreg hatt eit tilsvarande system. Statleg organisering har vore oppstykka. Skred utgjør ein betydeleg risiko, og skredfaren er venta å auke med klimaendringar. Ei forsvarleg handtering av skred og skredrisiko krev kompetanse og ressursar.

Regjeringa meiner NVEs heilskaplege modell for førebygging mot flaum og vassdragsrelaterte skred er føremålstenleg for å handtere tilsvarande statlege forvaltningsoppgåver når det gjelde andre typar skred. NVEs eksisterande oppgåver, kompetanse og kontaktflate har synergiar med statlege forvaltningsoppgåver knytte til skredførebygging. Vidare gjer NVEs regionorganisering direktoratet godt eigna til å utføre forvaltningsoppgåver innan skredførebygging. For å sikre ei effektiv oppgåveløysing vil arbeidet med skred i NVE vere tett integrert med eksisterande oppgåver.

Ein heilskapleg modell for NVEs forvaltningsoppgåver innan skredførebygging kan delast inn slik:

  • Kartleggje og informere om skredfare.

  • Gi fagleg bistand og retningslinjer ved arealplanlegging og utbygging.

  • Planleggje og gjennomføre sikringstiltak.

  • Overvake og varsle skredfare.

  • Gi fagleg bistand ved beredskapsplanlegging og under beredskaps- og krisesituasjonar.

Dei ulike verkemidla utfyller kvarandre. Ved at ein etat har det overordna ansvaret, er det lagt til rette for at tiltak kan sjåast i samanheng og at det lettare kan gjerast omdisponeringar mellom innsatsområda.

Kunnskap om utsette områder for skredfare, først og fremst innhenta gjennom kartlegging, er grunnleggjande for alt førebyggjande arbeid. Gjennom arealplanlegging kan ein unngå ny utbygging i fareområde. Som følgje av at det allereie er etablert bygningar og infrastruktur i skredfarlege område, vil det vere aktuelt å gjennomføre sikringstiltak for å betre tryggleiken. Samstundes er det klart at det ikkje er realistisk å gjennomføre sikringstiltak mot skred alle stader, og ein kan heller ikkje sikre seg mot alle hendingar. Difor må samfunnet ha ein beredskap for å handtere hendingar som råkar område som ikkje er sikra og hendingar som går ut over det sikringstiltak er dimensjonert for. Gjennom overvaking og varsling kan ein oppnå forvarsel slik at menneske kan reddast.

Modellen med NVE som statleg forvaltningsorgan for skredførebygging medfører ingen større lovendringar. Det er likevel behov for å avvikle ordninga der naturskadefondets styre gir tilskot til sikring mot naturskadar. LMD vil fremje forslag til endring av naturskadelova som tek omsyn til dette. Det er ikkje trong for at NVEs forvaltningsoppgåver innan skredførebygging blir regulerte ved lov. NVEs bistand til skredførebygging vil bli forvalta innan gitte budsjettrammer og ved føringar gitt i årlege tildelingsbrev.

Avgrensingar

Erstatning og tilbakeføring til tidlegare tilstand etter skred er ikkje omfatta av NVEs bistand. Ordningane med naturskadeerstatning gjennom forsikringsordning etter Naturskadeforsikringslova og Statens naturskadefonds system etter naturskadelova, blir ført vidare.

NVE kan medverke med tiltak eller gi tilskot til tiltak i heile landet innafor rammer fastsette gjennom løyvingar over statsbudsjettet. Bistand gis i utgangspunktet til kommunar eller fylkeskommunar. Også private har høve til å søkje om bistand. NVEs bistand omfattar ikkje tiltak der tiltakshavar er ansvarleg, som ved nybygging eller i samferdselssektoren.

NVE legg ei risikobasert vurdering til grunn for handtering av eksisterande oppgåver innan flaum og vassdragsrelaterte skred. Vurderingar av nytte i høve til kostnader skal liggje til grunn for prioritering av tiltak. Det skal leggjast særleg vekt på tiltak som reduserer faren for tap av menneskeliv.

NVEs arbeid med skredførebygging omfattar i utgangspunktet berre skred i naturlige skråningar. Fare som byggjetiltak i seg sjølv kan medføre, til dømes skred utløyst ved graving, sprenging eller utfylling/belastning fell utanfor.

Kostnadsdeling

Bistand til tiltak kan gis i form av økonomisk tilskot eller ved at NVE planlegg og gjennomfører tiltaket. Ordning med kostnadsdeling blir lagt til grunn i begge tilfelle. Dette sikrar lokal deltaking og prioritering av tiltak og motiverar til å unngå utbygging i fareområde. Ein viser til gjeldande ordning med distriktsdel ved sikring mot flaum og vassdragsrelaterte skred der NVE krev minimum 20 pst. distriktsdel, og naturskadefondets praksis ved tildeling av tilskot til sikring.

Kostnadsdelinga gjeld i utgangspunktet ved statleg bistand til planlegging og gjennomføring av fysiske sikringstiltak mot skred. Det blir òg opna for å kunne krevje kommunal medfinansiering ved eventuell statleg bistand til detaljkartlegging og ved bistand til overvaking og varsling av einskilde objekt. Det sikrar kommunal deltaking og prioritering, og bidrar til at fleire tiltak kan gjennomførast med statleg bistand. Dette vil bli vurdert frå sak til sak etter gitte retningslinjer og blir avgjort med enkeltvedtak av NVE med høve til å anke til OED.

Statleg bistand eller tilskot er avgrensa oppover til 80 pst. av kostnaden, men kan aukast ut over dette ved nærare definerte tilfelle.

NVEs organisering av arbeidet

NVEs organisering av skredarbeidet vil blir bygd opp i løpet av 2009. Det er lagt til grunn at skredarbeidet blir integrert med eksisterande oppgåver og avdelingar for å utnytte eksisterande kompetanse og kontaktflater i størst mogleg grad. NVEs regionkontor vil vere viktige i gjennomføringa av NVEs arbeid med førebygging av skred, og det blir arbeidd for at regionkontora si rolle skal styrkast.

Som statleg forvaltningsorgan innan førebygging av skred må NVE tileigne seg skredfagleg kompetanse for å ivareta sitt ansvar som oppdragsgivar, setje faglege standardar, drive regelverksutvikling, rådgiving og tilsyn. I gjennomføringa av oppgåvene blir det lagt opp til omfattende bruk av eksisterande kompetansemiljø, mellom andre Noregs geologiske undersøking (NGU) og Meteorologisk institutt, i tillegg til Noregs geotekniske institutt (NGI) og andre private aktørar. NVE vil òg ha behov for å samarbeide med statlege etatar innan samferdselsforvaltninga.

Utvidinga av NVEs ansvar inneber behov for oppbygging og utvikling både av kompetanse, rutinar og system for forvaltningsoppgåvene. Dette vil måtte ta tid. I 2009 vil oppbygginga av forvaltningsapparatet vere sentralt for NVE. Skredkartlegginga vil vere ei prioritert oppgåve og vil bli styrkt i 2009. NVE vil òg starte arbeidet med kommunikasjon om skredfare. I tillegg til kartlegging og informasjon vil bistand til arealplanlegging vere eit prioritert område for NVE i 2009. NVE vil ut over dette føre vidare statleg bistand til sikringstiltak som er overført frå Naturskadefondet. Statstilskotet til overvaking i Storfjorden vil òg bli ført vidare. NVEs eksisterande bistand til sikring mot kvikkleireskred blir styrkt i 2009 og skal samordnast med anna skredsikring. Oppbygging av overvakings- og varslingssystem og hjelp til beredskapsarbeid er òg viktige delar av den heilskaplege forvaltningsmodellen. Ein oppbygging på desse områda vil bli vurdert seinare.

Samling og styrking av innsatsen for førebygging av skadar som følgje av skred

Samling av statlege oppgåver knytt til skredførebygging inneber ei overføring av ansvar og midlar frå andre departement. Dette inkluderer bistand til skredkartlegging og forsking frå NHD, bistand til sikring mot naturskadar frå LMD og tilskot til drift av overvakingssenteret i Stranda. I tillegg kjem NVEs eksisterande midlar til administrasjon og førebygging av kvikkleireskred på 44 mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet er ansvarleg for Noregs geologiske undersøking (NGU) som har hatt ansvaret for oversiktskartlegging av skredfare og for nettstaden Skrednett.no. Dette ansvaret er foreslått overført til NVE frå 1. januar 2009. NGU vil som statleg etat for geofaglege spørsmål vere rådgivar for NVE og vil framleis ha ei sentral rolle i gjennomføring av kartlegginga. NHD har òg medverka med midlar til skredforsking til Noregs forskingsråd som blir overførte til OEDs løyving til Forskingsrådet.

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for naturskadelova og er ansvarleg for Statens landbruksforvaltning (SLF). SLF er sekretariat for styret for Statens naturskadefond. Naturskadefondet har mellom anna hatt som oppgåve å yte tilskot til sikringstiltak mot naturskade. Tilskotsordninga og midlar tilsvarande eitt årsverk frå SLF er rammeoverført til OED.

I perioden 2003-2007 har staten gitt tilskot på til saman 64,5 mill. kroner til investeringar i sikringstiltak, undersøkingar og målingar ved to skredfarlege område i Storfjorden i Møre og Romsdal; Åkneset og Hegguraksla. I 2008 medverka staten til å sikre ei døgnkontinuerleg overvaking av skredfarlege område i Storfjorden med eit tilskot på 10 mill. kroner. Løyvinga er ført vidare i budsjettet for 2009.

I tillegg er det foreslått ei styrking av arbeidet med skredførebygging med totalt 27,6 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2008. Styrkinga vil i første rekkje gå til ei oppbygging av NVEs kompetanse og styrking av kapasiteten når det gjeld forvaltningsapparatet for skredførebygging. Vidare er det lagt opp til å styrkje kartlegging og forvaltningsretta FoU for å betre kunnskapsgrunnlaget for skredførebygging, samt auka innsats innan skredsikring.

Tabellen viser ei samla oversyn over statleg bistand til skredførebygging i 2009. Samla statleg bistand til skredførebygging vil i 2009 utgjere om lag 108 mill. kroner (brutto).

Tabell 5.1 Statleg bistand til skredførebygging

Tiltak

Kroner

Førebygging av kvikkleireskred (OED)

41 400 000

Kartleggingsmidlar til NGU (tidlegare over NHDs budsjett)

14 000 000

Tilskot til døgnkontinuerleg overvaking av skredfarlege område i Storfjorden

10 000 000

Sikringsmidlar til Naturskadefondet (tidlegare over LMDs budsjett)

8 500 000

FoU-aktivitetar innan snøskred (tidlegare over NHDs budsjett)

3 500 000

Administrasjon (tidlegare over OEDs og LMDs budsjett)

3 350 000

Sum eksisterande midlar til skredførebygging

80 750 000

Budsjettauke knytt til skredførebygging i 2009

27 600 000

Totalt (brutto)

108 350 000

5.5 Kartlegging og kommunikasjon

Kartlegging og kommunikasjon vil vere prioriterte oppgåver for NVE.

Kartlegging

NVE skal ha ansvaret for statleg skredkartlegging. Kartlegging kan delast i oversynkartlegging, farekartlegging, risikokartlegging og detaljerte undersøkingar. NVE skal føre vidare det statlege programmet for skredkartlegging som i hovudsak består av oversynskartlegging. NVE skal kunne medverke med fare- og risikokartlegging og detaljerte undersøkingar i prioriterte område med høg risiko. NVE vil òg medverke til å utvikle kartleggingsmetodikk og vegleiarar for gjennomføring. Kommunar og tiltakshavarar kan på dette grunnlaget sjølve utføre detaljkartlegging av område som ikkje blir kartlagde i statleg regi.

NVE vil utarbeide ein plan for statleg skredkartlegging i samråd med NGU og andre sentrale aktørar. Planen vil leggje rammene for skredkartlegging i åra framover og klargjere prioriteringane med omsyn til farekartlegging for ulike typar skred. Prioriteringane i kartlegginga kan justerast etter kvart som kartlegginga får fram ny informasjon og metodeutviklinga opnar nye muligheiter. Framdrifta i kartleggingsarbeidet vil avhenge av dei årlege løyvingane. Arbeidet med ein nasjonal kartleggingsplan vil starte i 2009.

Utvikling av betre kartleggingsmetodar vil stå sentralt dei næraste åra.

Som statleg etat for geofaglege spørsmål vil NGU vere rådgivar for NVE og vil framleis ha ei sentral rolle i gjennomføringa av kartleggingsarbeidet.

Kommunikasjon

Kommunikasjon om skredfare, risiko og aktuelle tiltak for å redusere risikoen, er ein viktig del av det førebyggande arbeidet. Det vil bli lagt vekt på god kommunikasjon med skredutsette kommunar og på arbeid for å auke medvitet blant innbyggjarane i utsette område.

Kommunikasjonsarbeidet vil vere integrert i alle delar av NVEs verksemd knytt til førebygging av skadar som følgje av skred og bli koordinert med tilsvarande arbeid knytt til flaum og annen fare i vassdrag. Kommunikasjonen må tilpassast brukarane sine behov og ulike kanalar vil bli nytta.

NVE skal syte for god kvalitet og effektivitet ved innsamling, tilrettelegging og formidling av informasjon om skredfare. Databasar, kart og tilgjengeliggjering gjennom internett, utgjer ein viktig basis i kommunikasjonsarbeidet. NVE vil ha det overordna ansvaret for databasar og formidlingsverktøy knytt til skred.

5.6 Arealplanlegging

Arealplanlegging som tek omsyn til skredfare er det fremste, og normalt det mest effektive verkemidlet for å førebyggje skadar frå skred på ny busetnad. Skredfarekartlegging utgjer eit viktig grunnlag for ei strukturert handtering av skredfaren i arealplanlegginga. NVE skal medverke til at omsynet til skredfare blir tilstrekkeleg teke vare på i planarbeidet.

For NVE vil oppgåvene vere å utvikle retningslinjer for korleis det skal takast omsyn til skredfare i regional og kommunal planlegging, medverke til utvikling av tekniske standardar for utgreiing av skredfare og å gi råd og uttaler i samband med arealplanprosessane.

Plan- og bygningslova føreset at sektorane deltek i den kommunale planlegginga på ein forpliktande måte og gir kommunane naudsynt hjelp og bistand i planarbeidet. Fagorgan har òg høve til motsegn. NVEs nye ansvar medfører at NVE vil vere det statlege fagorganet innan førebygging av skredulykker.

Utvidinga av NVEs ansvar for å førebygge skredulykker inneber ei klargjering og styrking av den statlege bistanden til kommunane. Dette endrar ikkje på ansvaret som kommunane og andre aktører har for at skredfaren er utgreidd og teken omsyn til i plan- og byggjesaker.

NVE skal leggje vekt på å gi innspel på eit tidleg stadium i planlegginga slik at skredfaren blir utgreidd i tilstrekkeleg grad på dei ulike plannivåa.

Bistand til arealplanlegging vil vere ei prioritert oppgåve for NVE ved oppbygginga av det nye ansvaret innan skredførebygging. NVE vil i 2009 styrkje kapasiteten og kompetansen sin innan arealplanarbeid og skredfare, utvikling av retningslinjer og tekniske standardar.

5.7 Sikring

Mange utbygde område i Noreg er skredutsatte. Sikringstiltak kan redusere risikoen for utbygde område med utilfredsstillande tryggleik. Sikring inneber fysiske tiltak som reduserer faren for at skred blir utløyst eller som avgrensar konsekvensane av skred. Tiltaka kan omfatte ulike typar anlegg så som drenering, stabiliserande motfyllingar, vollar som leier eller stoppar skredmassane og så bortetter.

Kommunane er ansvarlege for å sikre innbyggjarane mot naturfarar. NVE vil kunne bistå med kompetanse og finansiering av planlegging og gjennomføring av sikringstiltak. Det kan bli gitt bistand til sikringstiltak for å redusere risikoen for eksisterande verdiar mot skredulykker. NVE skal prioritere sikring av område der risikoen er høg og der investeringa i sikring gir størst samfunnsøkonomiske nytte.

Kommunane og tiltakshavar har ansvaret for naudsynt sikring av ny busetnad. Statlege eigarar av infrastruktur må sjølve syte for naudsynt sikring av både eksisterande og nye anlegg. Tilsvarande vil sikring mot skred både i eksisterande busetnad og i ny busetnad der skredet er ei følgje av sjølve byggjetiltaket, ikkje bli omfatta av NVEs bistand. Det gjeld til dømes skred utløyst ved graving, sprenging eller utfylling/belastning.

Kartlegging og risikoklassifisering dannar grunnlaget for prioritering av objekt som bør bli gjenstand for nærare undersøkingar og eventuell gjennomføring av sikringstiltak. Inntil vidare vil ein for fleire typar skred måtte basere seg på prioritering mellom kjende høgrisikoobjekt.

NVE har ein etablert praksis for bistand til sikring mot flaum og vassdragsrelaterte skred som i utgangspunktet vil bli lagt til grunn ved sikring mot skred generelt. Dette inneber normalt at NVE hjelper til med planlegging, prosjektering og styring av gjennomføringa av prioriterte tiltak. Det kan òg ytast reine tilskot til sikringstiltak som blir gjennomførte i kommunal eller privat regi.

Naturskadefondets midlar til sikring mot naturskadar er foreslått overført til NVE. Ordninga omfattar sikring mot skade som direkte skuldast skred, storm, flaum, stormflod, jordskjelv, vulkanutbrot eller liknande naturulykke. Etter at naturskadelova vart endra i 1994 har naturskadefondets sikringsmidlar i all hovudsak gått til sikring mot skred. Enkelte unntak har vore sikring mot flaum og sikring mot stormflo. Etter 1998 har alle naturskadefondets midlar gått til skred. Det er foreslått å føre vidare gjeldande praksis med hjelp til sikring. Dette inneber at skred i utgangspunktet vil bli prioritert inntil risiko og høve til sikring mot andre naturskadar er nærare utgreidde.

Sikringsprosjekt som allereie har fått tilsegn om støtte frå naturskadefondet vil få tilskot utbetalt i samsvar med tidlegare praksis. Denne ordninga inneber at tilskot blir utbetalt etterskotsvis med ein treårsfrist for gjennomføring av tiltaket. NVE vil i samråd med Statens landbruksforvaltning forvalte gjenståande midlar i samsvar med tidlegare praksis.

I 2009 vil NVE samanstille informasjon om kjende høgrisikoobjekt for ulike typar skred og yte bistand til planlegging og gjennomføring av godt dokumenterte høgrisikoobjekt.

5.8 Overvaking og varsling

Overvaking og påfølgjande varsling av skredfare kan medverke til å redusere konsekvensane av skred. Varsling gjer det mogleg for beredskapsinstitusjonar å auke beredskapen og setje i verk skadeførebyggjande tiltak, mellom anna evakuering. Dette aukar sjansen for å redde liv og flyttbare verdiar. Eit godt varslingsopplegg medverkar òg til å auke medvitet om skredfare generelt. Det er samstundes eit mål å skape tryggleik blant folk.

Met.no har eit operativt system for varsling av den generelle snøskredfaren i eit større geografisk område.

Departementet ser at det kan vere behov for å etablere eit overvakings- og varslingsopplegg for jordskred og snøskred på regionalt nivå tilsvarande NVEs flaumvarslingsteneste. Før ein kan starte ei systematisk oppbygging av overvaking og varsling på statleg nivå, vil det vere naudsynt å utgreie nærare behov, metodar og føremålstenleg omfang for varsling og overvaking av ulike typar skred. Før eit operativt system for varsling kan etablerast må det òg skje eit monaleg utviklingsarbeid. Utvikling av metodar vil ta tid. I 2009 vil NVE prioritere oppbygging av forvaltningsoppgåver, kartlegging og arealplanlegging. Oppbygging av system for overvaking og varsling av skred vil bli vurdert seinare.

Overvaking og varsling på lokalt nivå vil framleis vere lokale styresmakter sitt ansvar. Overvaking og varsling av store fjellskred må skje for det einskilde objekt. Det inneber eit lokalt varslingsopplegg som i utgangspunktet er eit lokalt ansvar. For prioriterte objekt med fare for store fjellskred og høg risiko, vil NVE kunne hjelpe med kompetanse og ressursar.

Det er etablert eit omfattande overvakings- og varslingsopplegg for dei fjellskredutsette objekta Åkneset og Hegguraksla i Storfjorden med eit beredskapssenter på Stranda. Staten har gitt tilskot på til saman 64,5 mill. kroner til geologiske undersøkingar og etablering av overvakingsopplegg. For 2008 vart det gitt tilskot på 10 mill. kroner til drifta av senteret. Regjeringa vil medverke til å sikre ei døgnkontinuerleg overvaking av skredfarlege område i Storfjorden. NVE vil følgje opp statlege tilskot til senteret. Det vil bli gjort ei utgreiing av framtidig omfang og form på den statlege bistanden til beredskapssenteret på Stranda.

Behovet for overvaking av slike høgrisikoobjekt må sjåast i samanheng med kunnskap om skredfare frå kartlegginga.

5.9 Bistand til beredskapsarbeid og krisehandtering

Dei overordna prinsippa om ansvar, nærleik og likskap ligg til grunn for tryggleiks- og beredskapsarbeid og krisehandtering. Desse prinsippa gjeld òg for skred.

Det er eit mål at NVE som forvaltningsorgan innan skredførebygging skal kunne yte bistand til dei lokalt og regionalt ansvarlege i krisesituasjonar. Dette vil vere i form av informasjon og rådgiving både om sjølve situasjonen og handteringa av den. NVE kan mellom anna gi råd om kva slag spesialkompetanse som bør innhentast og undersøkingar som bør gjerast. Dei lokalt eller regionalt ansvarlege må sjølve innhente og dekkje kostnadene til naudsynt geofagleg bistand, tekniske undersøkingar og eventuell gjennomføring av fysiske tiltak.

Etter at den mest kritiske fasen er over, vil det vere aktuelt å vurdere meir permanente sikringstiltak. Slike tiltak vil bli vurderte på linje med andre sikringstiltak med ei prioritering etter risiko og samfunnsøkonomisk nytte av tiltaka.

I 2009 vil NVE prioritere å byggje opp kapasitet innan kartlegging og arealplanlegging. Som del av den heilskaplege modellen for skredførebygging vil NVE på sikt ha kapasitet og kompetanse til å yte skredfagleg bistand til lokal og regional beredskapsplanlegging, delta i beredskapsøvingar og gje rådgiving under kriser.

5.10 Forsking og utvikling

Det er trong for å styrkje kunnskapen om skredprosessar, konsekvensar av skred, metodar for å redusere risikoen knytt til skred samt handteringa av skredrisikoen i forvaltninga.

I dette inngår behov for meir kunnskap om den samla risikoen for skred i Noreg. Kartlegginga av skredfarlege område vil vere viktig for risikovurderinga. Det er òg behov for meir kunnskap om korleis skredrisikoen blir påverka av klimaendringar, og korleis dette varierer i ulike delar av landet.

Forsking og utvikling er viktig for å frambringe auka kunnskap om desse tilhøva. Dette skjer dels gjennom program i regi av Norges forskningsråd, dels gjennom forvaltningsretta forskning og utvikling i regi av NVE. I 2009 vil FoU knytt til snøskred bli vidareført med løyving til Noregs forskningsråd. Vidare vil forvaltningsretta FoU innan skredfeltet bli starta opp i 2009.

6 Handlingsplan for å fremje karbonfangst og lagring som klimatiltak

Ein viser til klimaforliket der partane er samde om at regjeringa skal leggje fram ein handlingsplan for det internasjonale arbeidet for å fremje karbonfangst og lagring som klimatiltak i løpet av 2008. Målsetjinga for handlingsplanen er raskare utbreiing og bruk av fangst og lagring av CO2 internasjonalt. Handlingsplanen inneheld eit sett av aksjonspunkt på kort og lang sikt. Det er sett av 20 mill. kroner over Olje- og energidepartementets budsjett til dette formålet i 2009, jf. kap. 1833, post 22. Støtte til kapasitetsbygging og prosjektplanlegging i utviklingsland vil òg vere aktuelt over bistandsdelen av Utanriksdepartementets budsjett.

6.1 Bakgrunn

Fangst og lagring av CO2 har eit stort potensial for å redusere dei globale klimagassutsleppa. For å realisere dette potensialet, er det viktig å starte implementeringa av teknologi for fangst og lagring av CO2 så raskt som mogleg.

Hovudutfordringane er å få aksept for fangst og lagring av CO2 som eit klimaverkemiddel og forståing for det store potensialet for utsleppsreduksjonar. Internasjonalt er det betydeleg motstand mot fangst og lagring av CO2 som eit klimatiltak. Demonstrering av teknologien vil vere eit viktig verkemiddel for å oppnå auka forståing av teknologien. Det finst ikkje tilstrekkelege insentiv til å utløyse pilot- eller fullskalaprosjekt. Skal slike prosjekt setjast i gang utanfor Noreg i nær framtid, er det nødvendig å etablere insentiv.

Godkjenning av fangst og lagring av CO2 som eit klimatiltak under Den grøne utviklingsmekanismen vil vere eit viktig bidrag til implementering av CO2-handteringsprosjekt i land utan utsleppsforpliktingar under Kyoto-protokollen. På same måten er det nødvendig at fangst og lagring av CO2 blir anerkjent som klimatiltak i eit framtidig klimaregime.

Kompetanseoppbygging i viktige utsleppsland og erfaringsoverføring frå lagringsprosjekta på Sleipner og Snøhvit vil vere viktige bidrag. Etter kvart vil òg erfaringane frå arbeidet med etablering av fangst- og lagringsløysingar tilknytte gasskraftverka på Kårstø og Mongstad vere viktige bidrag i handlingsplanen.

Teknologi for separering av CO2 frå petroleums- og industriverksemd er velkjent og ikkje omstridd internasjonalt. Dei fleste land som har petrokjemisk eller petroleumsindustri skil ut CO2 som ledd i verksemda. Det finst derfor relativt store mengder CO2 i verda som allereie er fanga/separert gjennom denne typen aktivitet. Utskilt CO2 blir sloppe ut i lufta eller selt til industrielle formål. Injisering og lagring av slike utslepp representerer eit godt høve til raskt å kunne oppnå reduksjonar i CO2-utslepp ved bruk av allereie kjent og anvendt teknologi for lagring av CO2 (jf. Sleipner og Snøhvit). Noreg har betydeleg kompetanse på lagring av CO2. Ved å byggje på erfaringane frå Sleipner og Snøhvit, vil Noreg kunne medverke til at det allereie i dag kan realiserast prosjekt for lagring av store volum av allereie utskilt CO2.

Teknologien for fangst av CO2 frå eksosgass frå kraftverk som baserer seg på fossilt brensel er umoden og kostnadskrevjande. Regjeringas målsetjing er at den teknologien som blir utvikla på dette området i Noreg, skal medverke til betydelege reduksjonar av CO2-utslepp også utanfor Noreg. Prosjekta på Kårstø og Mongstad vil vere blant dei første anlegga for fullskala fangst av CO2 frå kraftproduksjon. Først når desse prosjekta er realiserte, vil Noreg ha relevant erfaring innan fangst av CO2 frå kraftproduksjon.

Det er føremålstenleg at ein i ein første fase av det internasjonale arbeidet fokuserer på å auke forståinga av fangst og lagring av CO2 som eit klimatiltak med særleg vekt på å anerkjenne teknologien som eit klimatiltak under Den grøne utviklingsmekanismen og i eit framtidig klimaregime, samarbeid om utvikling av rammer og regelverk for lagring av CO2 og samarbeid om lagring av allereie utskilt CO2.

På mellomlang sikt bør prosjekter for lagring av eksisterende utslipp hvor CO2 allerede er utskilt og pilot-/demonstrasjonsprosjekter for fangst av CO2 fra kraftproduksjon, vurderes.

På lang sikt bør det fokuserast på overføring av teknologi og erfaring frå dei norske prosjekta for fangst av CO2 frå kraftproduksjon.

6.2 Element i handlingsplanen

Kort og mellomlang sikt, 2008-2015:

  1. Arbeide for etableringa av mekanismar for implementering av fangst og lagring av CO2, under dette etablering av rammeverk for godkjenning av fangst og lagring av CO2 som eit klimatiltak under Den grøne utviklingsmekanismen. Gjennom arbeidet må ein søkje å formidle behovet for fangst og lagring av CO2 som eit klimatiltak og at lagring av CO2 berre skal skje under svært sikre miljøvise rammer:

    • Arrangere seminar for styresmaktrepresentantar for partar som er usikre eller negative, i Noreg eller i partanes eigne land.

    • Invitere styresmaktrepresentantar til å besøke StatoilHydro og Sleipner-prosjektet og andre norske CO2-aktørar.

    • Prioritere bilaterale møte på politisk og styresmaktnivå med land som er usikre eller negative.

    • Nytte høvet i alle møte i relevante fora om CO2-handtering der negative partar deltek, til å ta opp kor viktig det er å etablere insentiv for fangst og lagring av CO2. Den grøne utviklingsmekanismen er eit eksempel på ei insentivordning.

    • Auke dialogen med internasjonale miljøvernorganisasjonar, eventuelt i samarbeid med norske miljøvernorganisasjonar.

  2. Arbeide for at fangst og lagring av CO2 skal vere ein del av eit nytt klimaregime etter 2012:

    • Følgje opp Noregs innspel i prosessen med arbeidet med Bali-planen om kor viktig det er med fangst og lagring av CO2 for å redusere dei globale klimagassutsleppa og at det blir fokusert særskilt på denne teknologien i eit framtidig klimaregime.

  3. Samarbeid med EU om utvikling av rammer og regelverk for sikker fangst og lagring av CO2:

    • Arrangere seminar for styresmaktrepresentantar med fokus på sikker lagring av CO2.

    • Arbeide for at det kan tillatast nødvendig statsstøtte til prosjekt for fangst og lagring av CO2.

    • Dialog med relevante komitear i EU-parlamentet.

    • Trappe opp dialog med medlemsland på politisk og embetsnivå.

    • Dialog med medlemsland som er skeptiske til CO2-lagring.

    • Oppmuntre medlemslanda som er positive til å vere sterkare pådrivarar.

  4. Utforming av internasjonale rammer og regelverk for CO2-lagring:

    • Samarbeide med relevante land som Australia, Nederland, Storbritannia med fleire om utforming av internasjonale rammer og regelverk for lagring av CO2, under dette oppfølging av rammeverka vedtekne under OSPAR-konvensjonen og Londonkonvensjonen/-protokollen.

  5. Kartlegging av moglege samarbeidsprosjekt om fangst og lagring av CO2 i til dømes golfstatane (Saudi-Arabia, Kuwait, Qatar og Dei sameinte arabiske emirata), Indonesia, det sørlege Afrika, Indonesia og Kina:

    • Kartlegging av eigna CO2-utslepp og lagringshøve.

    • Gjennomføre forstudiar av moglege samarbeidsprosjekt.

  6. Vurdere prosjektsamarbeid med utgangspunkt i gjennomført kartlegging:

    • Samarbeidsprosjekt om lagring av allereie utskilt CO2 frå petroleumsverksemd og prosessindustri, med det formål å auke forståinga for lagring av CO2 som klimatiltak.

    • Deltaking i pilot-/demonstrasjonsprosjekt for fangst av CO2 frå kraftproduksjon, med det formål å fremje teknologiutviklinga og redusere kostnader ved bruk av teknologien.

Lang sikt, post 2015

  1. Overføring av teknologi og erfaring frå dei norske prosjekta for fangst av CO2 frå kraftproduksjon.

I den grad dei ulike aksjonane og eventuelle prosjekt har rett til støtte gjennom ODA-midlar, vil dette å vere hovudfinansieringskjelde

6.3 Internasjonalt prosjektsamarbeid

Samarbeid om lagring av store CO2-utslepp som allereie er fanga/separerte i samband med industrielle prosessar vil kunne bidra til å demonstrere forsvarleg lagring av CO2 og auke den allmenne forståinga for bruk av teknologien. Eit viktig poeng i dette arbeidet er undergrunnskompetanse (geologisk kompetanse) for å kunne injisere og lagre CO2. Eigarane av store prosessutslepp har ikkje nødvendigvis denne typen kompetanse. Norsk industri har undergrunnskompetanse som det er viktig å nyttiggjere i denne samanhengen.

Under statsminister Stoltenbergs besøk til Sør-Afrika i april 2008 vart ein samde med sørafrikanske styresmakter om å kartleggje høve til transport og lagring av CO2. Sør-Afrika har ei rekkje store punktutslepp av CO2 som kan vere eigna for geologisk lagring. Det har vore gjennomført noko kartleggingsarbeid med omsyn til høve til lagring i geologiske formasjonar i Sør-Afrika, men mykje gjenstår. Ein går ut frå at det finst høve til geologisk lagring basert på erfaring frå leiteaktivitet etter olje og gass, men det er behov for grundigare kartlegging.

Det er fleire positive trekk ved eit samarbeid med Sør-Afrika. Resten av verda er i stor grad vendt mot Kina og India, men også Sør-Afrika er eit viktig land i klimasamanheng. Det er stor merksemd knytt til mangelen på klimaprosjekt i Afrika.

Eit internasjonalt demonstrasjonsprosjekt vil vere eit viktig bidrag til å auke forståinga for CO2-handtering i Afrika og kan styrkje den afrikanske støtta i forhandlingane om regelverk for CO2-handtering i Den grøne utviklingsmekanismen.

Vidare har Noreg inngått ein rammeavtale om klima med Kina. Rammeavtalen opnar blant anna for eit samarbeid om fangst og lagring av CO2. Statsminister Stoltenberg og president Yudhoyono har i ei felleserklæring opna for mogleg samarbeid mellom Indonesia og Noreg. I tillegg blir det vurdert moglege samarbeidsområde med Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata og Qatar.

I løpet av 2009 vil Olje- og energidepartementet i samråd med aktuelle departement konkretisere moglege samarbeidspartnarar og -prosjekt.

7 Kraft frå land til Gjøafeltet

Stortingsproposisjonen om Gjøa-utbygginga vart behandla i Stortinget 14. juni 2007, jf. St.prp. nr. 64 (2006-2007) Utbygging av Gjøa, Vega og Vega sør, og Innst. S. nr. 278 (2006-2007).

Regjeringa er svært oppteken av å få gjennomført tiltak innafor petroleumssektoren som kan medverke til lægre utslepp av klimagassar. Eit tiltak som kan medføre reduserte innalandske CO2-utslepp er å føre elektrisitet i kabel frå land til innretningane. Dette skal derfor vurderast ved alle nye feltutbyggingar. I utbyggingsplanane for Gjøa var det lagt til grunn at Gjøa skulle byggjast ut med kraftforsyning i kabel frå Mongstad. Dette er teknisk krevjande og har nødvendiggjort kvalifisering av ny teknologi.

Energi- og miljøkomiteen viste i si behandling av Gjøa til at NVE hadde bedt Statoil utgreie alternativ energitilknyting frå Lutelandet i Sogn og Fjordane, og understreka at prosjektet måtte sjåast i samanheng med den samla energiforsyningssituasjonen i regionen. Det vart lagt til grunn at Lutelandet vart valt som tilkoplingspunkt dersom dette var teknisk mogleg og forsvarleg ut frå eit miljøsynspunkt. Det vart lagt til grunn at det var mogleg å få fram kraft til Lutelandet tidsnok til at planlagt produksjonsstart kunne gjennomførast utan forseinkingar.

I samband med konsesjonssøknaden vurderte Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) dei tekniske, miljø- og tidsmessige/samfunnsøkonomiske sidene ved dei to alternativa; Mongstad og Lutelandet. NVE konkluderte med at Mongstad er eit betre tilknytingspunkt enn Lutelandet. Vidare har operatøren av Gjøa, StatoilHydro ASA, vurdert dei tekniske, miljøvise og økonomiske sidene ved å endre tilknytingspunkt for kraftforsyning frå Mongstad til Lutelandet. Etter operatøren si vurdering vil ei endring av tilknytingspunkt til Lutelandet medføre betydelege forseinkingar og kostnadsauke for prosjektet.

Det er elles registrert at StatoilHydro har vore i tett dialog med styresmaktene i Sogn og Fjordane om utsiktene for ringverknader i fylket. På bakgrunn av denne dialogen har StatoilHydro inngått ein avtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune og HAFS-kommunane (HAFS er eit samarbeid med kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen for tilrettelegging av industriutvikling i ytre Sogn og ytre Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylkeskommune). Avtalen inneber blant anna at StatoilHydro legg logistikkaktivitetane knytte til røyr til basen i Florø og legg LNG forsyningsfartøy med base i Florø, og medverkar til realisering av infrastruktur for vindkraft på Lutelandet.

Regjeringa har lagt til grunn at Gjøa blir bygt ut med kraftforsyning i kabel frå Mongstad slik det går fram av utbyggingsplanen.

8 Tiltak overfor kraftintensiv industri

Innleiing

Regjeringa er særs oppteken av vilkåra for kraftintensiv industri i Noreg. I tråd med Soria Moria-fråsegna arbeider Regjeringa for at slik industri skal ha langsiktige og konkurransedyktige samla rammevilkår.

I revidert nasjonalbudsjett 2007 gjorde Regjeringa greie for det omfattande arbeidet med å vurdere konkurransesituasjonen for den kraftintensive industrien, inklusive treforedling. Det blei òg vist til arbeidet med å vurdere kva for tiltak styresmaktene kan setje i verk innanfor ramma av EØS-avtala for å betre industriens konkurranseevne. Arbeidet viser at «det innenfor rammen av EØS-avtalen i dag er svært vanskelig å innføre særnorske ordninger som gir den kraftintensive industrien fordeler av betydning». Det har ikkje skjedd vesentlege endringar i EØS-reglane som påverkar dette. Det blei i revidert nasjonalbudsjett kommunisert at det ikkje er mogeleg å få på plass eit tradisjonelt industrikraftregime eller andre myndigheitsbestemte løysingar som inneber lågare prisar enn i marknaden. Det har frå næringen heller ikkje framkome noko forventning om det.

For å nå målet om framleis å ha ein sterk kraftintensiv industri i Noreg, er kraftprisar og andre langsiktige rammevilkår viktige. Tidlegare Statsråd Haga la fram ei skisse til tiltaksplan for kraftintensiv industri under interpellasjonsdebatten i Stortinget 12. februar 2008. Dei åtte punkta er:

God krafttilgang

For Regjeringa er eit overordna mål å leggje til rette for sikker og effektiv energiforsyning med akseptable prisar til hushald og industri, og Regjeringa har difor gitt høg prioritet til arbeidet med å gjere den norske kraftforsyninga mindre sårbar. Satsinga på energieffektivisering, varme og elektrisitet frå fornybare energikjelder er sentrale element i Regjeringa si politikk for utviklinga av ei miljøvennleg energiforsyning.

Det skjer også omfattande utbyggingar av overføringsnettet. Regjeringa er oppteken av å ha eit sentralnett med tilstrekkeleg kapasitet i heile landet. Det er eit mål at overføringsnettet blir utvikla og utbygt på ein samfunnsmessig rasjonell måte både innanlands og mellom dei nordiske landa. Statnett SF er i gong med fleire store prosjekt, og har skissert ei portefølje av investeringar for dei neste ti åra på rundt 18 mrd. kroner.

Langsiktige, kommersielle kraftkontraktar

Fundamentet for ei totalløysning for norsk kraftintensiv industri er langsiktige, kommersielle kraftavtaler. Kraftintensiv industri har inngått kommersielle kraftavtalar i eit stort omfang. I dei fleste av avtalane er Statkraft SF motpart. Statkraft har så langt inngått langsiktige leveringsforpliktingar på mellom 9 og 14 TWh per år fram til 2020 på reint kommersielle vilkår. Også andre selskap, deriblant svenske Vattenfall, har inngått langsiktige, kommersielle kraftkontraktar med industrien. Innan primæraluminium, ferrolegeringar og treforedling er omlag 80 pst. av det totale forbruket fram til 2020 dekt av kraftavtalar på myndigheitsbestemte vilkår, eigenproduksjon og kommersielle kontraktar.

I St.meld. nr. 13 (2006-2007) «Et aktivt og langsiktig eierskap» er det peika på at Statkraft, innanfor EØS sitt rammeverk, skal arbeide for å møte industriens trong for stabil og langsiktig kraftforsyning. Det heiter i meldinga at Nærings- og handelsdepartementet går ut frå at Statkraft blant anna utviser ein høg grad av fleksibilitet ved å setje saman avtalar av fleire element som produktpris, valuta, indeksar, fleksibilitet med omsyn til uttak og energipris som kan knytast til prisutviklinga på andre energiberarar.

Avskrivingssatsar

Når det gjeld spørsmålet om reglane for avskriving av tekniske installasjonar i bygg vert det vist til St.prp. nr 1 (2008-2009) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Enova SF

Regjeringa arbeider målretta for ein meir effektiv energibruk i norsk industri. Enovas verksemd knytt til omlegging av energibruk og energiproduksjon utgjer ein viktig del i dette arbeidet. Enova arbeider for å auke innsatsen i energiomlegging og effektivisering i industrisektoren. Enova har eige stønadsprogram for industrisektoren, og utviklar stadig sine andre tilbod til industrien. Enovas industriprogram er retta mot tiltak for redusert energibruk og/eller omlegging til fornybare energiberarar i norsk fastlandsindustri.

Basert på søknader frå bedrifter kan programmet tilby delvis finansiering gjennom investeringsstønad for å utløyse gjennomføringa av:

  • energieffektive arbeidsopplegg/-prosessar/-prosessavsnitt,

  • energiattvinning /utnytting av spillvarme og

  • konvertering til bruk av fornybare energikjelder.

Dette kan vere enkelttiltak eller ein sum av fleire tiltak som inkluderar både redusert energibruk og produksjon av fornybar energi.

Stønad vil kunne bli gitt til aktivitetar som kartlegging, opplæring og prosjektleiing, i tillegg til investeringar i fysiske tiltak. Innføring av energileiing blir føresett i prosjektperioden.

Eit avgjerande prinsipp for stønad frå Enova er at stønaden skal vere utløysande for prosjektet. Dette inneber at Enova kan gi stønad opp til eit nivå der prosjektet oppnår ei avkastning som er vanleg for kostnadsreduserande prosjekt i bransjen. Prosjekta konkurrerer mot kvarandre, og prosjekt med høgt energiutbytte i forhold til stønadsnivå vil bli prioritert.

Norsk Industri og Enova har nyleg fått i stand ei samarbeidsavtale for ytterlegare å gjere industrien meir energieffektiv og auke bruken av fornybare energikjelder. Den nye avtala med industrien vil innebere ei styrking av utveksling av energifagleg og marknadsfagleg kompetanse og samarbeid om konkrete prosjekt i den einskilde industriverksemd.

Enova rapporterar til departementet om resultatoppnåinga innan dei ulike satsingsområda. For perioden 2001 til 2007 har det blitt rapportert om eit kontraktsfesta resultat på 2,8 TWh/år. Det er for same periode gitt ein total stønad til industrien på om lag 500 mill. kroner.

Enovas stønad til kraftintensiv industri må liggje innanfor regelverket for statsstønad i EØS-avtalen. Regjeringa vil nytte handlingsrommet i regelverket i arbeidet med energieffektivisering av industrien.

Målretta stønad til mindre, kraftintensive verksemder

EØS-regelverket opnar for å gi bagatellmessig stønad til verksemder. Stønaden inneber at det kan tildelast stønad eller økonomiske fordelar med eit stønadselement på opptil 200 000 euro (om lag 1,6 mill. kroner) i løpet av ein treårsperiode. Stønaden kan nyttast til alle formål. Det er likevel ikkje høve til å gi bagatellmessig stønad til innkjøp av køyrety til vegfrakt, til verksemder i vanskar, til eksportretta verksemd eller for å fremje innanlandske produkt framfor importerte. Stønaden skal vere transparent, det vil si at ein på førehand skal kunne berekne nøyaktig stønadselementet. Løyving av bagatellmessig stønad må ikkje notifiserast til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA), men det blir stilt eigne prosedyrekrav, mellom anna skal stønadsgivaren kontrollere om søkaren har fått anna bagatellmessig stønad dei siste tre åra. Dersom ei bedrift mottek bagatellmessig stønad over terskelverdien, eller prosedyrekrava ikkje er tilfredsstilte, kan ein risikere at ESA vil krevje den ulovlege stønaden tilbakebetalt.

All bagatellmessig stønad må kumulerast. Den samla bagatellmessige stønaden til ein verksemd kan ikkje overstige 200 000 euro i ein periode på tre skatteår. Desse grensene gjeld uavhengig av forma på, eller formålet med, den bagatellmessige stønaden. Nokre verksemder som i dag mottek bagatellmessig stønad vil allereie ha fullt utnytta høvet til å motteke bagatellmessig stønad gjennom andre offentlege ordningar. Bagatellmessig stønad kan givast i kombinasjon med annan lovleg offentleg stønad, enn bagatellmessig stønad, til å dekke dei same kostnadene. Det er då berre tillaten å gi stønad opp til det øvre taket for stønaden som ikkje er bagatellmessig. Dette inneber at det vil vera innskrenkingar i å gi bagatellmessig stønad, for dei same kostnadane, til verksemd som allereie mottek annan type offentleg stønad. Eventuell stønad vil derfor vere mest aktuell for verksemder som i liten eller ingen grad mottek annan offentleg stønad.

For å sikre gode rammevilkår for mindre kraftintensive verksemder foreslår regjeringa at høvet til å gi stønad i form av bagatellmessig stønad til mindre kraftintensive verksemder vert nærmare vurdert. På bakgrunn av dette skal regjeringa sjå om mogelegheita for å gi tilskot til verksemder i form av bagatellmessig stønad er fullt utnytta innan eksisterande ordningar innanfor gjeldande budsjettrammer.

Nettleige

Kraftintensiv industri har i dag låg nettleige, mellom anna fordi bedriftene i all hovudsak tek ut kraft direkte frå sentral- eller regionalnettet.

For å fastsetje fordelinga av fastleddet i sentralnettstariffen mellom kraftintensiv industri og anna forbruk, nyttar Statnett i dag den såkalla k-faktormodellen. Forbruk som er produksjonsnært får gjennom k-faktormodellen ein lågare tariffkostnad samanlikna med forbruk som ikkje er det. Modellen tek i tillegg spesielt omsyn til forbruk som er å sjå på som fleksibelt på lang sikt, det vil seie uttak til kraftintensiv industri.

Statnett har vurdert det slik at dagens utforming av sentralnettstariffen bidreg til effektiv utnytting og utvikling av kraftsystemet og tek vare på målet om samfunnsøkonomisk effektivitet. Det er òg viktig å peike på at ein større reduksjon av nettleiga til kraftintensive selskap vil føre til ei tilsvarande auke av nettleiga til dei andre forbrukarane. Regjeringa har ikkje funne grunnlag for å påleggje Statnett å endre k-faktormodellen.

Elektrisitet nytta til kjemisk reduksjon eller elektrolyse i metallurgiske og mineralogiske prosessar er i tillegg friteke frå å betale forbruksavgifta, etter mønster frå EUs energiskattedirektiv. I tillegg er selskap innanfor treforedlingsindustrien som deltek i eit program for energieffektivisering fritekne frå avgifta. Selskap innan treforedlingsindustrien som ikkje deltek, betaler ein redusert sats på 0,45 øre/kWh. Ordinær sats er i 2008 10,5 øre/kWh.

Påslaget i nettleiga på 1 øre/kWh til finansiering av Energifondet vert betalt av kundar tilknytt distribusjonsnettet, og dei aller fleste kraftintensive selskapa er difor fritekne. Departementet vurderer grunnlaget for påslaget og innrettinga av denne.

Innkjøpskonsortium

Boks 8.1 Det franske innkjøpskonsortiet Exeltium

I Frankrike har kraftintensive føretak gått saman om å etablere eit innkjøpskonsortium. Innkjøpskonsortiet tek utgangspunkt i eit opplegg som første gong vart presentert juli 2005. I det franske innkjøpskonsortiet bidreg myndigheitene med tilrettelegginga. Det er føretaka sjølve som har ansvaret for alle kommersielle forhold knytt til etablering, anbodsrunde og funksjon. Dei franske konkurransestyresmaktene aksepterte dette opplegget i desember 2005. Dei franske styresmaktene har gjort nokre endringar i skattelovene. Lovendringane gjeld for selskap som har til formål å kjøpe kraft på lange avtalar for bruk i industriell verksemd. Lova definerer også kva for selskap som kan delta i konsortiet. Samla sikrar kriteria i lova at verksemder som kjøper kraft frå konsortiet, er tilstrekkeleg kraftintensive og at dei er lokalisert i Frankrike. Dei skatterelaterte forholda som blir definert i lova, inneber at innskotskapitalen til konsortiet kan avskrivast raskare enn normalt. Eigarane i konsortiet kan gjere ei ekstraordinær avskriving av eit beløp som tilsvarar maksimalt 50 pst. av denne innskotne kapitalen. Maksimal del innskoten kapital per eigar er 600 000 euro. Dette skal vere ein fordel som ligg innanfor reglane for bagatellmessig statsstønad, som er maksimalt 200 000 euro per bedrift over tre år. Konsortiet Exeltium blei formelt skipa 15. mai 2006 av sju kraftintensive selskap. Exeltium arrangerte sommaren 2006 ein anbodsrunde retta mot europeiske kraftselskap. Fleire kraftselskap leverte tilbod. Industrien hadde ein ambisjon om at kraftprisane skulle tilsvare sjølvkost i kraftproduksjon. Exeltium valde å gå i konkrete forhandlingar med Electricité de France (EdF), og våren 2007 blei partane samde om ei avtale. Kraftprisane Exeltium står overfor har framkome gjennom anbodsrunden som EdF vann. Den spesifikke prismodellen er ikkje offentleg, ettersom Exeltium og EdF har framforhandla den kommersielt. Det er likevel kjent at Kraftkjøpet finansierast gjennom ei førehandsbetaling på om lag 4 mrd. euro, kor av 90 pst. er lånefinansiert. I tillegg kjem ei løpande betaling frå medlemsføretaka som er proporsjonal med kraftvoluma som hentast ut.

Kommisjonen har hatt innvendingar mot den franske ordninga, med utgangspunkt i langsiktige kontraktar og konkurransedempande innlåsingseffektar. Exeltium og EdF har imøtekome merknadene. Dette stadfesta Kommisjonen i pressemelding av 31. juli 2008. Endringane opnar for at konsortiedeltakarane kan seie opp kraftavtalane, og restriksjonar på vidaresal vert også fjerna frå kraftavtalene. Om franske styresmakter endrar dei restriksjonane på vidaresal som står i lovverket, seier Kommisjonen at dei førebels ikkje har fleire motsegner til den franske ordninga. Dei presiserer likevel at kraftavtala mellom Exeltium og EdF vil reknast med i Kommisjonens generelle undersøking om EdFs marknadsposisjon i den franske kraftmarknaden.

Industrien og fagrørsla framhevar innkjøpskonsortiet i Frankrike (sjå boks 8.1) som viktig . Regjeringa stiller seg positiv til eit innkjøpskonsortium for kraftintensiv industri. Ein eventuell norsk konsortiemodell må innebere at kraftavtalene vert forhandla fram av partane gjennom ein anbodsrunde. Dette krev at industrien tek ansvar for skiping av konsortiet og alle kommersielle forhold. Vidare må eit eventuelt norsk konsortium ta omsyn til Noregs plikter etter EØS-avtala og norsk konkurranselovgjeving. Regjeringa utredar lov- og skattespørsmål knytt til konsortiet.

Regjeringa har motteke innspel frå Norsk Industri i denne prosessen og har ein dialog med industrien om dette arbeidet.

Samarbeids- og påverknadsplan

Regjeringa vedgår at det innanfor ramma av EØS-avtala i dag er særs vanskeleg å innføre særnorske ordningar som gir den kraftintensive industrien fordelar av eit visst omfang.

Difor vil vi følgje utviklinga i EU nøye og ta del i og påverke eventuelle prosessar der handlingsrom for å gi norsk kraftintensiv industri gode rammevilkår kan bli skapt. Dette kan til dømes vere prosessar rundt aktuelle ordningar for kraftintensiv industri i einskilde land eller ordningar for heile EØS-området. Regjeringa vil arbeide for at kvotesystemet i EU skal baserast på at det ikkje vert tildela vederlagsfrie kvotar etter 2012. Regjeringa vil også følgje med på arbeidet rundt karbonlekkasje. Karbonlekkasje vil seie at verksemder som slepp ut CO2 og som blir pålagt utslippskrav, flytter til stader der utslippskrava er mindre strenge.

Oppsummering

Fundamentet for Regjeringa si industrikraftløysing er ein god kraftbalanse, langsiktige, kommersielle kontraktar, og dei gode vilkår industrien allereie har hos Enova og i form av låg nettleige og fritak for eller redusert el-avgift. Regjeringa vil i tida framover fortsetje å følgje utviklinga i EU nøye og søkje å påverke eventuelle prosessar slik at det blir skapt handlingsrom for å gi norsk kraftintensiv industri gode rammevilkår. I den samanheng vil Regjeringa lage ein samarbeids- og påverknadsplan ovanfor EU. Når det gjeld spørsmålet om reglane for avskriving av tekniske installasjonar i bygg, vert det vist til St.prp. nr. 1 (2008-2009) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Industrien og fagrørsla framhevar innkjøpskonsortiet i Frankrike (sjå boks 8.1) som viktig. Regjeringa stiller seg positiv til eit innkjøpskonsortium for kraftintensiv industri.

9 Olje- og energidepartementets beredskapsarbeid

Olje- og energidepartementet (OED) har det overordna ansvaret for kraftforsyninga, forvaltninga av vassressursane og for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land. Norsk petroleumsverksemd er svært viktig for ei påliteleg energiforsyning til Europa og departementet er ansvarleg for å utforme eit ressursforvaltningssystem (rammeverk) som blant anna skal ivareta omsynet til leveransetryggleik. Leveransetryggleik er først og fremst knytt til gass.

Det er oljeselskapa og Gassco som har det operative ansvaret for leveransetryggleik for gass. Oljeselskapa si evne til å yte leveransetryggleik knyter seg både til enkeltfelt på sokkelen, selskapa sin samla feltportefølje og evna deira til å sikre seg nedstraums ved kommersielle arrangement, gasslager m.m.

Gassco er operatør for transport- og behandlingsanlegga for gass. Gassco er ansvarleg for kvaliteten på transportnettet og utfører inspeksjonar og vedlikehald.

Ved ei hending med konsekvensar for helse, miljø eller tryggleik (HMS) rapporterer operatøren til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet rapporterer vidare til blant anna Oljedirektoratet. Ved hendingar utan HMS-innslag rapporterer operatøren direkte til Oljedirektoratet. I alle tilfelle er det Oljedirektoratet som varslar og orienterer OED fortløpande om hendingar som inntreff.

Forsyningstryggleik for drivstoff

I situasjonar med større fysisk underskot på drivstoff innanlands har OED ansvar for drivstoffberedskapen. Ved eventuell svikt i tilførslene til OECD-området blir det ytt bidrag til eventuelle IEA-initierte krisehandteringsplanar for å dempe skadeverknadene av underskotet. Aktuelt tiltak for krisehandtering på nedstraumsida er trekk i beredskapslager av petroleumsprodukt. Oljeselskap som produserer (raffinerer) eller importerer petroleumsprodukt er lovpålagt å halde beredskapslager tilsvarande 20 dagars normalforbruk. Ved behov, det vil seie ved ein svikt i leveransane til den norske marknaden eller på verdsmarknaden, kan styresmaktene påleggje selskapa å selje frå desse lagra.

Forsyningstryggleik for elektrisitet

Stabil og effektiv kraftforsyning er rekna som ein sentral del av Noregs kritiske infrastruktur. Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne oppretthalde normal aktivitet i samfunnet. Stabil og sikker elektrisitetsforsyning er òg av stor betydning for å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og for å oppretthalde landets forsvarsevne under beredskap og i krig.

Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskap er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilovas kapittel 6. NVE leier Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der alle einingane i kraftforsyninga deltek.

Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektknappleik) har Statnett, som systemansvarleg, fullmakt til å treffe nødvendige tiltak.

Statnett har vidare ansvaret for å utgreie og utvikle nødvendige verkemiddel for å sikre momentan balanse gjennom periodar med ein svært vanskeleg kraftsituasjon (SAKS) i nær kontakt med energistyresmaktene. Forslag til tiltak skal leggjast fram for NVE for godkjenning. Mobile gasskraftverk og energiopsjonar er døme på SAKS-tiltak. I svært vanskelege kraftsituasjonar har Statnett ansvar for å ta i bruk verkemiddel for om mogleg å unngå rasjonering.

Ved langvarig mangel på evne til å dekkje behovet for elektrisk kraft (energiknappleik) kan styresmaktene innføre rasjonering, det vil si tvangsutkopling av forbruk og rekvirering av produksjon. Rasjonering blir eventuelt vedteke av OED etter råd frå NVE.

Vassdrag

Som overordna vassdragsstyresmakt har Olje- og energidepartementet ansvar og oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av dambrot, flaum og vassdragsrelaterte skred. Den operative gjennomføringa er delegert til Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE)

Vassdragsstyresmakta ved NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv vassdragsanlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir ivareteken, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere unormale hendingar.

NVE utarbeider varsel om flaum. Ved vassdragsulykker og skadeflom gir NVE råd og vegleiing til kommunar, politi- og redningsmannskap, fylkesmenn og andre om skadereduserande tiltak. NVE kan gi pålegg til eigar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan òg sjølv setje i verk tiltak når det er særskilt fare for alvorleg skade. NVE kan yte materiell eller økonomisk bistand i ein krisesituasjon til tiltak som skal avverje skade.

NVE arbeider førebyggjande for å redusere risikoen for skadar ved å kartleggje risiko for flaum og vassdragsrelaterte skred, gi råd og vegleiing til kommunens arealplanlegging og ved å gi bistand til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak mot flaum og vassdragsrelaterte skred.

Skred

Frå 1. januar 2009 skal NVE ivareta statlege forvaltningsoppgåver for førebygging mot alle typar skred. NVE skal bistå kommunane og samfunnet elles med kompetanse og ressursar innan førebygging av skadar som følgje av skred. NVE vil bistå ved kartlegging og informasjon om skredfare, overvaking og varsling, arealplanlegging og sikring, og bistå i beredskapssituasjonar.

Departementet

OED baserer sitt Krisehandteringsplanverk på scenario innan ulike typar kriser som OED kan bli involvert i. Scenarioa viser dei aktuelle departementa sine ansvarsområde og varslingsrutinar mellom departementa.

Koordinering og informasjonsflyt har spesielt fokus. OEDs Kriseinfoplan har teke omsyn til dette. Tilsette i Kommunikasjonseininga inngår i Informasjonsfagleg pool i Regjeringas krisestøtteeining. OEDs Internettsider har ei eiga Kriseinfoside som kan aktiverast på kort tid. Det er utarbeidd standardsvar på dei mest aktuelle krisescenarioa.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gjennomførte tilsyn i 2008 og tilbakemelding er at OED har hatt positiv utvikling av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet sidan førre tilsyn (2004).

OED har gjennomført og delteke i relevante beredskapsøvingar i 2008 og vil føre vidare dette i 2009.

10 Olje- og energidepartementets utgreiing om likestilling og oppfølging av IA-avtalen

10.1 Likestilling

Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter skjerpa aktivitetsplikt for å fremje likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Olje- og energidepartementet (OED) har gjennomgått alle budsjettområda i departementet, og utført ei likestillingsvurdering innanfor departementet sine budsjettområde. Departementet har ikkje funne løyvingar som eignar seg for spesielle kjønns- og likestillingsanalysar.

Kvinner og menns representasjon og innverknad i olje- og energisektoren

OED gjennomførte i 2005/2006 utgreiingsprosjektet «Kvinner og menns representasjon og innflytelse i olje- og energisektoren». Utgreiinga vart ferdigstilt i mai 2006. Prosjektet var eit samarbeid med Oljeindustriens Landsforeining, Norsk Industri og Energibedriftenes Landsforeining.

Formålet med prosjektet var å kartleggje kvinner og menns representasjon på ulike nivå som grunnlag for å utarbeide verkemiddel for å auke delen av kvinner i leiarstillingar og styreverv i sektoren.

Som ei oppfølging av dette prosjektet har OED og samarbeidspartane starta arbeidet med ei ny kartlegging i 2008-2009 for å sjå utviklinga frå utgreiinga i 2005-2006.

Status i departementet og underliggjande etatar

Det er i tabellen nedanfor presentert ein kjønnsdelt statistikk på sentrale personalområde:

Tabell 10.1 Kvinnedelen av talet på tilsette, leiarar og nyrekrutterte

Talet på tilsette

Leiarar

Nyrekrutterte

Totalt1

Talet på kvinner

Del kvinner i pst.

Totalt

Talet på kvinner

Del kvinner i pst.

Totalt 2007

Talet på kvinner

Del kvinner i pst.

Olje- og energidepartementet

130

69

53

26

727

15

8

53

Noregs vassdrags- og energidirektorat

449

161

36

35

5

14

58

21

36

Oljedirektoratet

190

81

43

12

650

15

6

40

Samla

769

311

40

731825

88

35

40

1Kjelde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. mars 2008. Tilsette på leiarlønnskontraktar er ikkje med i denne oversikta.

Oljedirektoratet

Av Oljedirektoratets (OD) personalpolitikk går det fram at OD skal fremje likestilling mellom kjønna. Arbeidet for likestilling skal vere ein integrert del av verksemda som er fokusert ved:

  • tilsetjing,

  • utfordrande oppgåver som inneber større ansvar og eksponering internt i OD og hos næringa og departementet,

  • lagsamansetjing,

  • formelle leiarar - tidsavgrensa tilsetjing/utpeiking,

  • andre leiingsfunksjonar som pådrivar, koordinator og

  • eksterne kontaktpunkt.

I ODs tilpassingsavtale går det fram at:

  • partane er samde om at det er ønskjeleg med mangfald blant dei tilsette i verksemda i forhold til kjønn, alder, etnisitet og funksjonsevne. Dette skal speglast i alle stillingsutlysingar.

  • den enkelte leiaren skal vere særleg merksam på å leggje forholda til rette for at kvinnelege tilsette får kvalifiserande arbeidsoppgåver på lik linje med menn, særleg med tanke på leiingsoppgåver. Dette kan og innebere tilrettelegging for kompetansegivande kurs/utdanning på lik linje med menn.

  • partane er samde om at delen kvinnelege leiarar bør spegle kjønnsfordelinga i verksemda.

  • for å ivareta prinsippet om lik lønn for arbeid av lik verdi, skal lønnsfastsetjing baserast på kjønnsnøytrale kriterium.

I vurderinga av behov for nye medarbeidarar inngår ein analyse av alders- og kjønnssamansetjing i forhold til aktuelt fagområde.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

I Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) personalpolitiske retningslinjer går det fram at likestilling skal praktiserast slik at det medverkar til at alle arbeidstakarar, uavhengig av kjønn, blir gitt same høve til arbeid som fremjar fagleg og personleg utvikling.

I NVEs tilpassingsavtale til Hovudavtalen heiter det blant anna:

  • Det er ei målsetjing å få til ei jamnare kjønnsfordeling i alle stillingsgrupper.

  • Den enkelte leiaren skal vere særleg merksam på å leggje forholda til rette for at kvinnelege tilsette får kvalifiserande arbeidsoppgåver på lik linje med menn. Dette inneber blant anna tilrettelegging for kompetansegivande kurs/utdanning.

  • For å ivareta prinsippet om lik lønn for arbeid av lik verdi, skal lønnsfastsetjing baserast på kjønnsnøytrale kriterium.

  • Ved tilsetjing gjeld følgjande prinsipp: dersom det er mindre enn 40 pst. kvinner i den aktuelle stillingsgruppa, har kvinneleg søkjar med tilnærma like kvalifikasjonar fortrinnsrett, utlysingsteksten for stillingar skal utformast med sikte på å rekruttere kandidatar av begge kjønn. Ved utlysing av stilling innanfor stillingsgrupper der kvinner er underrepresenterte, skal det i utlysingsteksten takast inn oppfordring til kvinner om å søkje stillinga.

  • Ved oppretting av prosjektgrupper og utval bør det vere minst 40 pst. representasjon av begge kjønn.

  • Praktisering av permisjonsreglar og andre rettar som særleg er nytta av kvinner, må ikkje føre til at kvinner får dårlegare vilkår enn menn.

  • Det skal givast jamleg informasjon/opplæring til NVEs leiing om forhold knytte til praktisk likestillingsarbeid i verksemda.

Olje- og energidepartementet

I OEDs tilpassingsavtale er det nedfelt at departementet skal leggje vekt på å stimulere likestillingsarbeidet på dei områda der departementet er berørt som arbeidsgivar, blant anna:

  • Den enkelte leiaren skal medverke til at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling i departementet. Avdelingsleiarane har eit særleg ansvar for at likestillingsarbeidet blir følgt opp i eiga avdeling.

  • Omsynet til likestilling skal vere eitt av kriteria som blir lagt til grunn ved rekruttering til ledige stillingar.

  • Kunngjering av leiarstillingar skal innehalde ei spesiell oppfordring til kvinner om å søkje dersom 40 pst. kvinnerepresentasjon ikkje er oppfylt.

  • Oppfølging av likestillingsrelaterte funn i OEDs årlege personalstatistikkar.

  • Eigen likestillingstillitsvalt som blant anna har som oppgåve å kommentere dei årlege personalstatistikkane og har uttalerett i alle tilsetjingssaker og utnemningar av embete i departementet.

10.2 Oppfølging av IA-avtalen

Olje- og energidepartementet

Det er eit mål for OED at sjukefråvær i størst mogeleg grad skal førebyggjast, og tidleg oppfølging av sjukemelde er ei prioritert oppgåve. I samband med inngåing av IA-avtalen vart det utarbeidd nye rutinar for oppfølging av sjukemelde. Gjennomsnittleg sjukefråværsprosent dei siste fem åra før avtalen vart inngått var på 3,5 pst. Sjukefråværsprosenten åra etter at avtalen vart inngått har variert mellom 3,5 og 4,4 pst.

OED prioriterer ergonomisk tilrettelegging av kontorarbeidsplassar for å førebyggje fysiske plager på arbeidsplassen. For tilsette med kortvarig eller varig redusert funksjonsevne, arbeider OED for å behalde eller få vedkommande tilbake i arbeid raskast mogeleg.

Det er eit overordna mål å stimulere til eit godt arbeidsmiljø og ein god personalpolitikk for å gjere det attraktivt for den einskilde arbeidstakaren å forlengje yrkeskarrieren. Gjennom tiltak i personalpolitikken, slik som medarbeidarsamtale, redusert arbeidstid, heimekontor, mobilt kontor, pensjonistkurs og såkalla seniordagar, blir forholda lagt til rette for at fleire kan stå lenger i arbeid.

Oljedirektoratet

Per i dag har direktoratet eit lågt sjukefråvær på mellom 3 og 4 pst.

Per 1. januar 2007 hadde OD tre medarbeidarar med utanlandsk bakgrunn, det vil seie 1,5 pst. av dei tilsette. Det same gjeld per 1. januar 2008. Fleire kandidatar med innvandrarbakgrunn vart intervjua i løpet av 2007, men ingen vart tilsette. Ved utlysning av ledige stillingar i OD, blir NAV kontakta for å sjekke om det er aktuelle personar med nedsett funksjonsevne. I 2007 hadde OD ein person med nedsett funksjonsevne i praksisplass.

Per i dag er seniorpolitikken integrert i medarbeidarsamtaler med alle aktuelle. Direktoratet tilbyr økonomisk rådgiving for medarbeidarar over 57 år, pensjonistkurs, 12 ekstra fridagar per år frå 62 år, såkalla seniordagar, og vurdering av individuelle lønnstillegg i samband med lokale lønnsforhandlingar.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Resultat etter fem års IA-arbeid i NVE:

  • Sjukefråværet var 4,64 pst. i 2007 mot 3,72 pst. året før.

  • Totalt gjennomsnittssjukefråvær for dei fem siste åra er 4,1 pst.

  • Tilsette har etter sjukdom komme raskare tilbake i arbeid som ei direkte følgje av individuell oppfølging og tilrettelegging.

  • Det er registrert auka fokus frå leiar og medarbeidar på yteevne ved eventuell sjukdom.

  • Eit operativt IA-utval som arbeider for å finne gode individuelle løysingar ved å leggje til rett arbeidsplassen med blant anna tekniske og økonomiske verkemiddel.

  • NVE har engasjert fleire eksterne arbeidssøkjarar som treng arbeidspraksis. Dette gjeld blant anna menneske med minoritetsbakgrunn og/eller redusert funksjonsevne.

11 Sektorovergripande miljøvernpolitikk

11.1 Miljøutfordringar – status og utviklingstrekk

Omsynet til miljøet og berekraftig utvikling har alltid vore ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak for å betre miljøsituasjonen innan begge sektorane, men sektorane vil også i framtida ha verknader i forhold til miljøet.

  • Utslepp til luft frå petroleumssektoren kan blant anna medverke til klimaendringar, forsuring, overgjødsling og danning av bakkenært ozon.

  • Utslepp til sjø ved leiting og utvinning av olje og gass kan påverke det marine miljøet.

  • Utbygging av ny energiproduksjon, for eksempel i form av demningar, vegar og kraftlinjer, kan påverke natur- og kulturmiljøet.

Utslepp til luft

Petroleums- og energisektoren står for ein betydeleg del av dei norske utsleppa til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx) og flyktige organiske sambindingar utanom metan (nmVOC), og partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH).

Noreg har verdas største vasskraftproduksjon per innbyggjar, og har den sjette største vasskraftproduksjonen i verda. Noreg skil seg frå andre land ved at om lag halvparten av det totale innanlandske energiforbruket og 96 pst. av kapasiteten til elektrisitetsproduksjon er dekt av vasskraft. I eit år med normal nedbørsmengde er årleg vasskraftproduksjon på om lag 122 TWh/år. I tillegg til vasskraft har Noreg om lag 1 TWh/år vindkraft og 1 TWh/år varmekraft. Gasskraftverket på Kårstø har 420 MW installert effekt og kan produsere opp mot 3,5 TWh/år. Noregs evne til å produsere elektrisitet med vasskraft medverkar på den eine sida til låge luftutslepp knytte til det innanlandske energiforbruket. På den andre sida inneber det at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Produksjon og forbruk av elektrisk kraft kan variere betydeleg frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperaturforhold. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar, deriblant brensle som fyringsolje, gass og biomasse auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå innanlands stasjonær energibruk varierer frå år til år.

Utsleppa frå stasjonær forbrenning, eksklusiv olje- og gassutvinning, kjem frå fleire ulike energikjelder på mange ulike område. For eksempel blir det nytta søppel, fyringsolje, biomasse og gass i fjernvarmeanlegg. I industrien blir det nytta tungolje, fyringsolje, naturgass, kol og koks, mens blant anna treforedling brukar mye treavfall og avlut i verksemda si.

Dei viktigaste energiberarane som blir nytta til oppvarmingsformål ved sida av elektrisitet er biomasse (ved, treavfall og avlut) og ulike typar fyringsolje. Fyringsolje stod for om lag 7 pst. av dei totale CO2-utsleppa i 2006. Utsleppa av svoveldioksid i 2007 var 6 pst. lægre enn året før. Nedgangen skuldast først og fremst reduserte utslepp frå fyring med olje og annan stasjonær forbrenning, men utsleppa frå industriprosessar gjekk òg ned. Dette går fram av dei førebelse utrekningane gjort av Statistisk sentralbyrå (SSB) og Statens forureiningstilsyn (SFT) frå juni 2008. Frå 1990 er utslepp frå stasjonær forbrenning redusert 55 pst. Nedgangen kan tilskrivast lægre svovelinnhald i oljeprodukt, og lægre forbruk av olje.

Tal frå utsleppsrekneskapen til Statistisk sentralbyrå og Statens forureiningstilsyn viser at totalt 54 600 tonn svevestøv (PM1 0) vart sleppt ut i 2006. Av dette stamma 62 pst., eller 33 700 tonn, frå vedfyring inkludert fritidsbustader. Fordi fire av ti vedkubbar brenn i reintbrennande omnar er utsleppa av svevestøv 14 000 tonn lægre enn dei ville vore om den same veden var brent i gamle omnar. Utan utskifting og innsetjing av reintbrennande omnar ville dei totale utsleppa av svevestøv i Noreg ha vore om lag 25 pst. høgre.

Utslepp frå petroleumssektoren til luft er stort sett avgassar frå forbrenning av gass i turbinar, fakling av gass og forbrenning av diesel. Desse avgassane inneheld blant anna CO2 og NOx. Andre miljøskadelege stoff som blir sleppte ut er nmVOC, metan (CH4) og svoveldioksid (SO2). Utslepp til luft blir i dei fleste tilfella rekna ut frå mengda av brenngass og diesel som har vore brukt på innretninga. I nasjonal samanheng stod petroleumsverksemda for 31 pst. av CO2-utsleppa i 2007. Dei andre store utsleppskjeldene i Noreg er vegtrafikk og utslepp frå industriprosessar. Størstedelen av CO2-utsleppa frå petroleumssektoren er knytte til innretningane til sjøs, og utslepp av CO2 frå kraftproduksjon på kontinentalsokkelen står for om lag 90 pst. av dei totale utsleppa frå offshoreverksemda. Verksemda har òg CO2-utslepp frå gassterminalane på land og indirekte frå nmVOC-utslepp (såkalla prosessutslepp). Produksjonen frå den norske sokkelen er i dag på eit historisk høgt nivå, og CO2-utsleppa frå petroleumsverksemda vil dei næraste åra liggje på rundt 14 mill. tonn CO2 per år. Utsleppa frå verksemda vil nå ein topp i 2012, og mot 2020 vil dei gradvis minke. Årsakene til det er fallande produksjon, teknologiforbetringar og fokus på miljøet.

Det er nær samanheng mellom utsleppa av CO2 og NOx. Som for CO2 er kraftgenereringa i turbinane, fakling av gass og dieselforbruk på innretningane sentrale utsleppskjelder også for NOx. Mengda av utslepp er avhengig både av forbrenningsteknologien og kor mykje drivstoff som blir brukt. For eksempel gir forbrenning i gassturbinar lågare utslepp av NOx enn forbrenning i dieselmotorar. Mobile kjelder frå sjøfart og fiskeri står for størsteparten av dei norske NOx-utsleppa. Petroleumsverksemda bidreg med i overkant av 53 300 tonn i 2007, tilsvarande 24 pst. av dei totale NOx-utsleppa i Noreg. Utsleppa av NOx per produsert oljeekvivalent har vore svakt aukande sidan 1997. Dei totale utsleppa av NOx frå sektoren har også auka frå 1991. Hovudårsaka til veksten er at auka aktivitet har kravt meir energi, og det har bidrege til auka utslepp. NOx-utsleppa blir venteleg reduserte frå 2010. nmVOC er ei nemning på flyktige organiske sambindingar, med unntak av metan, som fordampar frå blant anna råolje. For petroleumssektoren stammar hovuddelen av utsleppa frå lagring og lasting av råolje til havs og frå landterminalane. Petroleumssektoren er hovudkjelda til utslepp av nmVOC i Noreg, med om lag 41 pst. av dei totale utsleppa. Petroleumssektoren utgjer ein stadig mindre del av dei totale nmVOC-utsleppa på grunn av innfasing av utsleppsreduserande teknologi. Utsleppa av nmVOC per produsert oljeeining er òg reduserte dei siste åra. Prognosen for utslepp av nmVOC frå sektoren viser ein sterkt avtakande trend også framover. Dette skuldast i hovudsak krav om implementering av utsleppsreduserande teknologi.

Utslepp til sjø

Utsleppa til sjø frå olje- og gassverksemda stammar i hovudsak frå den regulære drifta. Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekomande stoff frå reservoaret, og restar av tilsette stoff. Det produserte vatnet blir reinjisert i reservoaret eller reinsa før utslepp til sjø. Etter reinsing vil vatnet innehalde små mengder olje, mindre mengder andre organiske sambindingar, nokre tungmetall og restar av tilsette stoff. Oljehaldig borekaks og borevæske som tidlegare sto for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå aktiviteten, vert nå injisert i eigna reservoar, eller teke til land for vidare behandling.

Dei totale utsleppa av olje frå norsk petroleumsverksemd står for ein mindre del av den totale tilførselen til Nordsjøen. Hovudtilførselen kjem frå skipsfart og frå fastlandet via elvar.

Utviklinga av petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel har gradvis ført til auka volum av produsert vatn, og det er venta at voluma vil auke i åra framover. Den viktigaste årsaka til dette er at dei store oljefelta på norsk sokkel blir eldre og at dei produserer meir vatn når oljereservane minkar. Handtering av auka mengder produsert vatn er ei stor utfordring for verksemda.

Olje- og gassverksemda har i dei 40 åra med verksemd på norsk sokkel ikkje vore årsak til store akutte utslepp av olje som har nådd land – og utslepp på over 1 kubikkmeter (m3) er få. I 2006 var totale akutte utslepp til sjø 122 m3. I 2007 vart 4 488 m3 olje slept til sjø som følgje av akutte utslepp. Ei hending ved Statfjordfeltet i Nordsjøen stod for det meste av dette med 4 408 m3 olje sleppt ut til sjø. Dette er det nest største akutte oljeutsleppet frå oljeverksemda. Oljeutsleppet er ei alvorlig påminning om at oljeverksemda inneber risiko for utslepp. Målet for industrien og styresmaktene er å behandle og redusere risikoen for framtidige oljeutslepp frå petroleumsverksemda.

Olje- og gassverksemda er basert på målet om null miljøfarlege utslepp til sjø. Nullutsleppsmåla er føre-var-mål som skal bidra til at utslepp til sjø av olje og miljøfarlege stoff ikkje fører til uakseptabel helse- og miljøskade. Hovudregelen er at det ikkje skal sleppast ut miljøfarlege stoff som er tilsette, eller kjemiske stoff som finst naturleg. For Lofoten og Barentshavet er det fastsette strengare vilkår.

Dei siste åra har verksemda gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere utsleppa av produsert vatn, innhaldet av dispergert olje, andre organiske sambindingar og tungmetall i vatnet som blir sleppt ut til sjø. Implementerte tiltak har ført til betydelege reduksjonar i utslepp av olje per eining produsert vatn. Tiltaka som er sette i verk til no, overstig likevel ikkje auken i utslepp som skriv seg frå at vassproduksjon aukar etter kvart som felta blir eldre, men tiltaka har stabilisert utsleppa på dagens nivå. Industrien implementerer ytterlegare tiltak for å avgrense utsleppa av produsert vatn. Desse tiltaka er venteleg gjennomførte i løpet av 2008. I følgje tal frå Oljedirektoratet har olje- og gassindustrien sidan 2002 investert om lag 6 mrd. kroner i tiltak for å redusere utsleppa til sjø.

Leiting, utbygging og drift av olje og gass medfører bruk av kjemikaliar. Kjemikaliar er ei samlenemning for alle tilsetjingsstoff og hjelpestoff som blir nytta ved bore- og brønnoperasjonar og i produksjon av olje og gass. Hovudregelen er at det ikkje skal bli sleppt ut miljøfarlege stoff, anten dei no er tilsette eller finst naturleg. Om lag 99 pst. av kjemikaliane som blir brukte i olje- og gassverksemda meiner ein har liten eller ingen miljøeffekt, det vil seie at dei er kategoriserte som gule og grøne kjemikaliar i SFTs klassifiseringssystem.

Olje- og gassverksemda har i arbeidet med å nå målet om null miljøfarlege utslepp til sjø redusert utsleppa av miljøfarlege kjemikaliar betydeleg. Utslepp av tilsette miljøfarlege produksjonskjemikaliar (svarte og raude kjemikaliar, jamfør Statens forureiningstilsyns kategorisering) er redusert med 94 pst. for svarte kjemikaliar og 98 pst. for raude kjemikaliar sidan 2000. I hovudsak skuldast dette at industrien har erstatta miljøfarlege kjemikaliar med meir miljøvennlege alternativ, og at forbruk og utslepp av kjemikaliar er redusert. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar.

Det er ei sentral utfordring for olje- og gassverksemda å oppfylle målsetjinga om null miljøfarlege utslepp til sjø og forpliktingane i OSPAR-konvensjonen, samtidig som olje- og gassverksemda er i ein fase av produksjonen der voluma med produsert vatn aukar.

Inngrep

Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar har medført inngrep i natur- og kulturmiljø i Noreg.

Rundt ein tredel av vassdraga i Noreg er berørte av inngrep med kraftproduksjon som formål. Dei siste åra har ein større del av auken i produksjonen av fornybar energi komme frå små vasskraftverk (opp til 10 MW). I tida framover vil ein òg sjå ein auke i bygging av vindkraftverk. Ved utnytting av desse kjeldene, og ved utbygginga av overføringsleidningar, står ein overfor viktige avvegingar med omsyn til miljøet. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturopplevingar og naturverdiar. Utfordringa ved utbygging av ny produksjon og kraftoverføring er å finne dei beste løysingane ut frå ein heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.

11.2 Regjeringas miljøpolitikk på petroleums- og energiområdet

Noreg er ein energinasjon. Landet har stor vasskraftproduksjon, og har rikelig tilgang på olje og gass. Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennlig energinasjon og vere leiande innanfor utviklinga av miljøvennlig energi.

Satsing på energieffektivisering, varme og elektrisitet frå fornybare energikjelder er sentrale element i regjeringas miljøpolitikk på energiområdet. Det er mogleg å auke energiproduksjonen betydeleg, og energien kan brukast meir effektivt. For å styrkje utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår.

Regjeringa vil fremje effektiv og akseptabel energiproduksjon sett ut frå miljøomsyn, og samtidig sikre ei berekraftig forvaltning av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av vindkraftverk og små vasskraftverk skjer utan at naturmangfald, friluftsliv eller store landskapsverdiar går tapt. Forsking og utvikling innanfor fornybar energi er òg viktig for å nå miljømåla til regjeringa.

Kunnskap og kompetanse innanfor energisektoren må brukast til å utvikle teknologi og finne løysingar som reduserer utsleppa av klimagassar. Noreg har eit stort potensiale for nye fornybare energikjelder som vind, bioenergi, sol, bølgje og tidevasskraft. Gjennom satsing på energieffektivisering og nye fornybare energikjelder, kan Noreg få eit variert og miljøvennleg energisystem.

Petroleumsverksemd skal skje med utgangspunkt i at olje og gass er ikkje-fornybare ressursar som må forvaltast i eit langsiktig perspektiv. Petroleumsverksemda er basert på målet om null miljøfarlege utslepp til sjø. I Barentshavet og havområda utanfor Lofoten er det lagt til grunn strengare krav enn for sokkelen elles. Her skal det ikkje førekomme utslepp til sjø ved normal drift. Petroleumsverksemd i Barentshavet og Norskehavet skal vere verdas fremste i forhold til oljevernberedskap og miljøovervaking.

Regjeringa fortsetter å fokusere på å redusere CO2-utsleppene frå norsk sokkel Innanfor Noregs internasjonale klimaforpliktingar må ein større del av naturgassen som blir utvunnen på norsk sokkel takast i bruk innanlands til industri-, energi- og transportformål. Regjeringas mål er at Noreg skal bli leiande i verda på miljøvennleg bruk av gass. Produksjon av gasskraft skal skje innanfor Kyoto-avtalens forpliktingar, og inngå i det internasjonale kvotesystemet som sikrar at dei totale utsleppa ikkje aukar. Gjennom økonomiske verkemiddel og satsing på ny teknologi vil regjeringa syte for at nye konsesjonar til gasskraftverk blir baserte på CO2-fjerning.

Det er Regjeringas syn at Noreg skal bli eit føregangsland i arbeidet for ei berekraftig utvikling. Økonomiske, sosiale og miljømessige omsyn må sjåast i samanheng på tvers av sektorar og avgjerdsnivå. Omsynet til berekraftig utvikling må bli teke vare på innan alle område i politikken.

11.3 Rapport om aktiviteten i 2007

Staten ved Olje- og energidepartementet (OED) inngjekk i juni 2007 avtale med DONG Energy, Hydro, Shell, Statoil og Vattenfall om arbeidet med eit testsenter for CO2-behandling på Mongstad. Avtalen regulerer planlegging og førebuingar av testanlegget for CO2-fangst, og vil vere gjeldande fram til investeringsavgjerda for testsenteret. Frå hausten 2007 er DONG Energy, Gassnova, Shell og StatoilHydro partar i avtalen.

Eit nytt statsføretak, Gassnova SF, vart etablert 3. juli 2007. Statsføretaket skal ta vare på statens interesser knytte til deltaking i CO2-behandlingsprosjekta, og gi råd og medverke til realisering av Regjeringas målsetjingar og politikk knytte til CO2-behandling.

Statens deltaking i testsenteret for CO2-handtering på Mongstad vart godkjent som lovleg statsstøtte av EFTAs overvakingsorgan ESA i juli 2008.

OED gav Gassco, Gassnova, Oljedirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat i oppdrag å gi ei tilråding om kva dei reknar som den beste transport- og lagringsløysinga for CO2 frå Kårstø og Mongstad, når ein tek omsyn til kostnader, reservoarforhold og teknologisk risiko. Det er ein føresetnad at Kårstø og Mongstad blir sett i samanheng. Første rapportering kom sommaren 2007, jf. omtale under kap. 1833.

Ein prosjektdirektør for CO2-renseanlegget på Kårstø vart engasjert våren 2007. Det vart òg etablert ein prosjektorganisasjon som skal gjennomføre forprosjektering, planlegging og førebuing av fullskala CO2-behandling på Kårstø.

CO2-behandling er eit tiltak med eit stort globalt potensial for reduksjon av CO2-utslepp, både frå eksisterande og nye utsleppskjelder. OED har utarbeidd ein handlingsplan for å fremje utvikling og bruk av CO2-behandling internasjonalt. Målsetjinga for arbeidet med ein internasjonal handlingsplan er å få aksept for fangst og lagring av CO2 som eit klimaverkemiddel og forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien, og bidra til at teknologien blir teken i bruk utanfor Noreg. Noreg har med Sleipner-prosjektet lang erfaring med lagring av CO2. Teknologi for fangst av CO2 frå eksosgass frå kraftverk som baserer seg på fossile brensler er til så lenge umoden og kostnadskrevjande. Med Kårstø vil vi få unik erfaring med oppskalering av kjent fangstteknologi, mens målsetjinga med Mongstad Test Senter er å utvikle teknologi som reduserer kostnader og teknologisk risiko ved CO2-fangst frå eksosgass. Med desse prosjekta vil Noreg aktivt kunne bidra til teknologiske løysingar som er viktige for å redusere globale klimagassutslepp. Regjeringas målsetjing er at den erfaring og teknologien som blir utvikla gjennom dei norske prosjekta skal bidra til betydelege reduksjonar av CO2-utslepp også utanfor Noreg. Ein viktig del av det internasjonale arbeidet er å auke den generelle forståinga for teknologien som eit klimatiltak. Innsatsen bør rettast mot dei land og fora der ein i dag møter størst skepsis mot fangst og lagring av CO2. Det er relativt store mengder CO2 i verda som allereie er fanga/separert gjennom industrielle prosessar eller frå gassprosessering. Denne CO2-en blir i dag sleppt ut i atmosfæren. Injisering og lagring av slike utslepp representerer eit godt høve til svært raskt å kunne oppnå reduksjonar i CO2-utslepp ved bruk av allereie kjent og anvend teknologi for lagring av CO2 (jf. Sleipner og Snøhvit). Slik deponering vil òg føre til store reduksjonar av eksisterande utslepp. Realisering av prosjekt for fangst og lagring av CO2 vil bidra betydeleg til å auke merksemda rundt - og den allmenne forståinga av - teknologien som eit forsvarleg klimatiltak. OED vil arbeide aktivt med gjennomføring av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO2-behandling internasjonalt.

I 2006 sette OED i gang eit arbeid med å utarbeide ein heilskapleg strategi for forsking og teknologiutvikling innafor energisektoren; Energi21. I 2007 oppretta OED ei strategigruppe leia av næringa, beståande av representantar frå energiselskap, leverandørindustrien, forskingsinstitusjonar og styresmakter. Strategigruppa skulle komme opp med ein FoU-strategi med tilhøyrande innsatsområde innan utgangen av januar 2008. Strategigruppa har i 2007 hatt ein tett dialog med energisektoren. Strategigruppa overleverte sitt framlegg til strategi til olje- og energiministeren 5. februar 2008. Departementet oppretta i juli 2008 eit styre for Energi21 som skal vidareutvikle og følgje opp strategien. Blant anna skal det etablerast innsatsgrupper innafor dei prioriterte temaområda i strategien. Styret består av representantar for energiselskap, leverandør- og tenesteindustri, organisasjonar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og styresmakter.

OED finansierte i 2007 forsking, utvikling og demonstrasjon av miljøvennleg gasskraftteknologi gjennom CLIMIT-programmet. CLIMIT er administrert av Gassnova og Noregs forskingsråd i samarbeid, og er finansiert dels frå Forskingsrådets midlar til miljøvennleg gasskraftteknologi og dels av avkastninga frå Fondet for miljøvennleg gassteknologi. CLIMIT dekkjer heile kjeda frå langsiktig, kompetanseoppbyggjande forsking til å støtte prosjekt som demonstrerer CO2-handteringsteknologiar. Forskingsrådet har ansvaret for FoU-delen, mens Gassnova har ansvaret for å støtte demonstrasjonsprosjekt. CLIMIT har i 2007 støtta prosjekt som byggjer opp under programmet sine to hovudfokus; teknologiutvikling innanfor fangst av CO2 slik at meirkostnadene ved å fange CO2 vert reduserte, og etablering av metodar, oppfølging og verifisering for lagring av CO2 slik at dette vert ein akseptert måte å redusere verdas CO2-utslepp på.

OED er hovudfinansier av Forskingsrådet sitt RENERGI-program. Programmet samlar det meste av forskinga og teknologiutviklinga innanfor miljøvennleg energiproduksjon og energibruk. I 2007 vert det gjennomført framtidsretta analyser på solceller, havbasert vindenergi, bioenergi og biodrivstoff. 52 nye FoU-prosjekt vert støtta gjennom programmet.

Hydrogenrådet, som vart oppnemnt av OED og Samferdsledepartementet i desember 2005, heldt fram med å følgje opp sitt arbeid i 2007. Rådet består av representantar frå næringslivet, forskingsinstitusjonar, interesseorganisasjonar og styresmakter.

OED løyvde også i 2007 midlar til forskingsprogrammet PROOFNy, som er administrert av Noregs forskingsråd. Forskingsprogrammet er eit delprogram under programmet «Havet og kysten». OED har i 2007 i lag med Miljøverndepartementet og Oljebedriftenes landsforeining (OLF) finansiert forskingsprogrammet SEAPOP, som skal kartleggje og overvake sjøfuglbestandar langs norskekysten, Svalbard og i havområde som høyrer til.

Langsiktige miljøvennlege tiltak i energisektoren er viktige verkemiddel i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Tiltaka som er nemnt skal blant anna leggje til rette for utfasing av oljefyring til oppvarming av bygg, auka produksjon av bioenergi, og utvikling og introduksjon av nye teknologiar for fornybar energi offshore, blant anna vindmøller til havs. Stortingsmeldinga følgjer opp ambisjonane for energipolitikken frå Soria Moria-erklæringa og stadfester Noregs posisjon som ein leiande nasjon innan utvikling av fornybar energi og CO2-behandling.

Avtale om klimameldinga viser at Noreg har vilje til å setje seg ambisiøse mål i klimapolitikken, jf. Innst. S. nr. 145 (2007-2008), («klimaforliket»). Partane meiner det er realistisk å redusere dei norske klimagassutsleppa med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar innan 2020 når skog er inkludert. Dette inneber at om lag 2/3 av Noregs totale utsleppsreduksjonar skjer nasjonalt.

Regjeringa har sett i gang ein prosess for å etablere ein heilskapleg forvaltningsplan for Norskehavet. Forvaltningsplanen er planlagd fremja gjennom ei Stortingsmelding våren 2009. Som ein del av grunnlaget for utarbeiding av forvaltningsplanen blir det gjennomført sektorvise utgreiingar av konsekvensar. Det er utarbeidd fire utgreiingar; Skipstrafikk, Petroleum og energi, Fiskeri og Ytre påverknader. OED er ansvarleg for utarbeiding av sektorutgreiinga Konsekvensar av petroleumsaktivitet og andre energiformer til havs. Viktige tema som konsekvensar av regulære utslepp til sjø og luft, konsekvensar av akuttutslepp, vernebuing mot akuttutslepp, konsekvensar av petroleumsverksemda for andre næringar og samfunnet, konsekvensar av framtidig offshore energiproduksjon i Norskehavet, er blitt utgreidde. Sektorutgreiingar og underliggjande delutgreiingar var på offentleg høyring sommaren 2008. Det blir presisert at Sektorutgreiing Petroleum og Energi verken er ein prosess for å starte opning av nye område, lukking av allereie opna område, eller for å erstatte feltspesifikke konsekvensutgreiingar av verksemda etter petroleumslova. Utgreiingsarbeidet representerer såleis inga tradisjonell og lovpålagt konsekvensutgreiing etter petroleumslova.

Noregs forskingsråd vart i 2006 bede om å etablere eit utval som skulle utrede moglegheiter og risiko knytt til bruken av thorium til energiproduksjon på lang sikt. Rapporten vart overlevert 15. februar 2008, og rapporten var på offentleg høyring våren 2008.

Enova SF har ansvaret for statens arbeid knytt til omlegging av energibruk og energiproduksjon. Enova skal medverke til å utvikle marknadene for effektive energiløysingar og miljøvennlege energikjelder gjennom forvaltninga av midlane frå Energifondet.

I løpet av 2007 har Enova inngått avtalar som gir eit samla energiresultat på om lag 2,4 TWh/år. Gjennom avtalar med industri vart det i 2007 kontraktfesta resultat på til saman 814 GWh/år. For bygg, bustad og anleggssektorane var det kontraktfesta resultatet på 365 GWh/år. Det vart inngått avtalar om fornybar varmeproduksjon på til saman 751 GWh/år i 2007 og vindkraftproduksjon på 260 GWh/år. Det vart òg gitt tilsegn til produksjon av biobrensel med ein produksjon på 163 GWh/år.

Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er teke vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova og forureiningslova. Det har vore ein kraftig auke i talet meldingar og konsesjonssøknadar om kraftleidningar, vindkraft og vasskraft dei siste åra. Innsatsen i konsesjonsbehandlinga er styrkt og det er lagt vekt på å sjå dei mange prosjekta i samanheng. I 2007 fastsette OED og Miljøverndepartementet, nasjonale retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. OED har også fastsett retningslinjer for små vasskraftverk som gir rettleiing til fylkeskommunar om utarbeiding av regionale planar som kartlegg og systematiserer miljøverdiar i forskjellige område. Retningslinene klargjer den vekta styresmaktene legg på omsyn til ulike miljø- og brukarinteresser, og skal nyttast av NVE i konsesjonshandsaminga.

Både i retningslinene for små vasskraftverk og vindkraftverk er det fastsett at konsesjonsbehandlinga av produksjonsanlegg og nettanlegg skal samordnast regionvis. Føremålet med ei slik samordning er både å betre grunnlaget for å kunne vurdere miljø- og samfunnsverknadar av fleire prosjekt i samanheng, og å leggje til rette for ein betre koordinering av nye produksjons- og nettanlegg.

Også i 2007 vart eit omfattande arbeid lagt ned i innføringa av EUs rammedirektiv for vatn i Noreg. Fokus har vore å leggje til rette for ei effektiv og koordinert vassdragsforvaltning.

NVEs miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Det vart gjennomført miljøtilsynsverksemd ved over 250 nye og gamle vassdragsanlegg og eit stort tal andre tiltak i vassdrag i 2007.

OED og NVE medverka til arbeidet til Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og Artsdatabanken.

OED sette i 2007 i gang eit arbeid med å lage ein strategi for auka utbygging av bioenergi (bioenergistrategi) i samarbeid med fleire andre departement. Strategien vart lagt fram 1. april 2008. Målet med bioenergistrategien er å sikre målretta og samordna verkemiddel for auka utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh/år innan 2020.

OED har også i 2007 delteke i arbeidet under Baltic Sea Region Energy Cooperation (BASREC), for å utvikle Austersjøregionen som eit forsøksområde for dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen. Rammene for dette samarbeidet er fastlagde gjennom ei felles rammeavtale (the Testing Ground Agreement) og investeringsfondet for implementering av felles gjennomføringsprosjekt i Austersjøregionen (the Testing Ground Facility). Fondets formål er å stimulere til realisering av felles gjennomføringsprosjekt i energisektoren i Austersjøregionen. Noreg har totalt investert 19 mill. kroner i fondet. Per mai 2008 har fondet inngått kontraktar med sju prosjekt. Det blir arbeidd vidare med ei rekkje konkrete prosjekt innafor blant anna fornybar energi, energiomlegging og energieffektivitet, med sikte på kontraktsinngåing i løpet av 2008.

11.4 Tiltak som er aktuelle på kort og lang sikt for å løyse eksisterande og førebyggje nye miljø- og ressursproblem

Langsiktige miljøvennlege tiltak i energisektoren er viktige element i regjeringas klimamelding (St.meld. nr. 34 (2006-2007)) som vart lagt fram i juni 2007. Tiltaka som er foreslått skal blant anna leggje til rette for utfasing av oljefyring til oppvarming av bygningar, auka produksjon av bioenergi, og utvikling og introduksjon av nye teknologiar for fornybar energi til sjøs, blant anna vindturbinar til havs.

I Avtale om klimameldinga (Innst. S. nr. 145 (2007-2008), «klimaforliket») sett regjeringa av 70 mill. kroner ekstra allereie i 2008 til forsking på fornybar energi og CO2-behandling. I 2009 blir det ei auka satsing på totalt 300 mill. kroner til dette. Innan 2010 skal dei offentlege bidraga til forsking på fornybar energi og CO2-behandling vere på minimum 600 mill. kroner. Det blir sett av 150 mill. kroner til demonstrasjon av nye fornybare energiteknologiar offshore i 2009.

Regjeringa vil leggje fram ein eigen handlingsplan for overgang frå fossile til fornybare energikjelder til oppvarming. Det vil bli innført krav om fleksible energisystemer i alle nye offentlege bygg og ved hovedombygging av offentlege bygg på over 500 kvadratmeter.

Den 27. juni 2008 vart det lagt fram ei forståing med Sverige om utviklinga av ein marknad for el-sertifikat. Under føresetnad av at fornybardirektivet er på plass innan 1. april 2009 er det ein ambisjon at sentrale prinsipp for korleis marknaden skal utformast og andre relevante spørsmål skal vere på plass seinast 1. oktober 2009.

Utslepp frå petroleumsverksemda i Noreg er i stor grad regulert gjennom forureiningslova og petroleumslova. Forureiningslova blir blant anna brukt i høve til utslepp til sjø og utslepp av nmVOC frå lasting av råolje. Anlegga på land står overfor same type verkemiddelbruk som annan landbasert industri.

I petroleumslovgivinga er prosessane knytte opp mot godkjenning av nye utbyggingsplanar av olje- og gassfelt (PUD/PAD) sentrale. Anlegg plasserte på land eller i sjø innanfor grunnlinja er òg underlagde føresegnene i plan- og bygningslova med unntak av røyrleidningar i sjø. I godkjenningsprosessen av PUD/PAD kan det blant anna stillast krav knytt til val av tekniske løysingar som påverkar utslepp av ulike gassar, produsert vatn og kjemikaliar. Eit av krava for alle planar for utbygging og drift av olje- og gassfelt er at planen skal innehalde ein analyse av muligheita for kraftforsyning frå land. Dette gjeld både nye feltutbyggingar og større modifikasjonar på eksisterande installasjonar.

Styresmaktene nyttar forskjellige verkemiddel i dei forskjellige fasane i petroleumsverksemda; frå leitefasen, utbyggings- og driftsfasen til avslutningsfasen. Verkemidla varierer for dei forskjellige utsleppa til luft og sjø.

CO2-avgifta og klimakvotelova er dei sentrale verkemidla for å redusere CO2-utsleppa. CO2-avgift er pålagt brenning av gass og diesel på innretningar til havs som blir nytta i petroleumsverksemda, og mineralolje for drift av supplyflåten. Bruk av gass, olje og diesel i tilknyting til petroleumsaktiviteten på kontinentalsokkelen er i medhald av CO2-avgiftslova med verknad frå 1. januar 1991 pålagt CO2-avgift. I 2007 var CO2-avgifta på sokkelen 80 øre per liter olje og per Sm3 gass (tilsvarar om lag kr 340 per tonn CO2 for naturgass og kr 300 per tonn CO2 for diesel). Regjeringa la 25. mai 2007 fram Ot.prp. nr. 66 (2006-2007) om kvotesystemet 2008-2012. Det norske kvotesystemet vil bli knyt til EUs kvotesystem og kvotedirektivet har blitt teke inn i EØS-avtala. Dette inneber at petroleumssektoren har blitt inkludert i det norske kvotesystemet frå 2008, saman med dei bedriftene som allereie hadde kvoteplikt for perioden 2005-2007. Petroleumsinstallasjonane må kjøpe alle kvotar på marknaden. For ein omtale av CO2-avgifta for petroleumssektoren visast det til omtale i St.prp. nr. 1 (2008-2009) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Brenning av gass i fakkel ut over det som er nødvendig av omsyn til tryggleiken under normal drift, er etter petroleumslova ikkje tillete utan godkjenning frå OED.

I medhald av Protokollen om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon av 1999 (Gøteborg-protokollen), pliktar Noreg å redusere utslepp av NOx til 156 000 tonn og utslepp av nmVOC til 195 000 tonn innan 2010. Dette representerer ein reduksjon på respektive 29 og 35 pst. samanlikna med utsleppsnivået i 1990. Utslepp av NOx frå petroleumsverksemda er regulert ved vilkår i samband med handsaminga av PUD/PAD. Frå 1. januar 2007 ble det òg innført ei NOx-avgift som omfattar utslepp frå turbinar i petroleumsverksemda med innfyrt effekt over 10 MW og maskiner over 750 kW. Avgifta gjeld dessutan utslepp frå fakkel. For ein omtale av NOx-avgifta visast det til omtale i St.prp. nr. 1 (2008-2009) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Det vart etablert eit avgiftsfritak for avgiftspliktige verksemder som inngår avtale med staten om konkrete mål om NOx-reduksjonar.

Utsleppa av nmVOC frå petroleumsverksemda er frå 2001 regulerte gjennom utsleppsløyve heimla i forureiningslova, som stiller krav til at oljen skal lagrast og lastast med best tilgjengeleg utsleppsreduserande teknologi (BAT). Teknologiar som kan tilfredsstille krava skal fasast inn etter ein gitt tidsplan fram til utgangen av 2008.

Oljeselskapa har i fleire år arbeidd for å gjere ny teknologi for gjenvinning av nmVOC tilgjengeleg for skytteltankarar. I dag finst teknologi som reduserer utslepp frå lasting med om lag 70 pst. Fleire fartøy har installert utsleppsreduserande teknologi. Operatørane for felt med bøyelasting på norsk kontinentalsokkel har etablert eit industrisamarbeid for å kunne samordne innfasing av teknologi og oppfylle kravet på ein føremålstenleg og kostnadseffektiv måte. Gjennom industrisamarbeidet ligg det til rette for erfaringsutveksling ved drift av anlegga. Avtalen om industrisamarbeid vart inngått i 2002, og 27 selskap er no med i samarbeidet. Ved utgangen av 2006 var det installert reduksjonsteknologi for nmVOC på 16 bøyelastarar, og i tillegg er det installert anlegg på tre skip. Frå 2005 til 2006 minka utsleppa av nmVOC med om lag 48 494 tonn. Framover vil ein fokusere på tiltak for å oppnå høg driftsregularitet på eksisterande anlegg.

Regulering av utslepp til sjø vil framleis skje gjennom utsleppsløyve. Samtidig blir arbeidet med å nå målet om null miljøfarlege utslepp til sjø frå petroleumsverksemda ført vidare. Operatørselskapa på norsk sokkel arbeider med å oppfylle nullutsleppsmålet, og har sidan 2002 investert om lag 6 mrd. kroner i tiltak for å redusere utslepp til sjø. Vedtak om tiltak for å redusere utsleppa til sjø frå eit felt skal i nullutsleppsarbeidet basere seg på ei feltspesifikk heilskapsvurdering. Denne vurderinga skal omfatte konsekvensar for miljøet, forhold knytte til tryggleiken, reservoartekniske forhold og kostnadsforhold. Fleire av dei tiltaka industrien har vedteke gjennomført har kravd noko lengre tid å gjennomføre enn planlagt. Det endeleg oppnådde resultatet av tiltaka på eksisterande felt vil derfor ikkje kunne bli vurdert før i 2008/2009. Regjeringa vil i 2009 vurdere måloppnåinga nærmare. I St.meld. nr. 38 (2003-2004) Om petroleumsvirksomheten vart det fastsett eigne vilkår for utslepp til sjø frå petroleumsverksemda i området Lofoten - Barentshavet. Lofoten - Barentshavet er definert som eit særleg sårbart område, og det vart derfor sett strengare vilkår for utslepp til sjø enn for resten av norsk kontinentalsokkel. Vilkåra blir følgde opp i forhold til olje- og gassverksemda i området Lofoten - Barentshavet.

OED er støttespelar til programmet MAREANO - «Marin arealdatabase for norske kyst- og havområde». MAREANO-programmet skal kartleggje havbotnen på norsk sokkel, i første fase havbotnen i området Lofoten - Barentshavet. Dette arbeidet skal inngå som ein del av kunnskapsgrunnlaget i forhold til oppdatering av den heilskaplege forvaltningsplanen for Lofoten - Barentshavet i 2010. Innan 2010 vert områda Nordland VII, Troms II og Eggakanten kartlagt.

Den nasjonale teknologistrategien for olje- og gassverksemda i Noreg, OG21, vart etablert i 2001. Med basis i kravet i klimaforliket om å helde eit betydeleg fokus på klima i den offentleg finansierte petroleumsforskinga, er det etablert ei forståing med OG21 om å sikre eit best mogleg fokus på miljø i den nasjonale petroleumsforskinga innan OG21-strategien. OED vil i samråd med Noregs forskingsråd komme nærare tilbake med utfyllande informasjon om dette.

OED står for hovudfinansieringa av Noregs forskingsråd sitt store program RENERGI - Framtidas reine energisystem - der det meste av energiforskinga er samla. I 2008 vart det under OED løyvd 100 mill. kroner til RENERGI. For 2009 er programmet foreslått styrkt med 55 mill. kroner frå OED. RENERGI støttar forsking og utvikling knytt til effektive og nye fornybare energiteknologiar og til effektive energisystem der miljøforhold står sentralt. Det blir òg løyvt midlar til samfunnsfagleg forsking som har som hovudformål å utvikle kunnskapar om energi, miljø og teknologi, for å gi grunnlag for utforminga av ein politikk for berekraftig utvikling på energiområdet.

Regjeringa prioriterer arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa høgt, og har lagt forholda til rette for å utvikle norske prosjekt for fangst og lagring av CO2. Miljøverndepartementets utsleppsløyve av 12. oktober 2006 og gjennomføringsavtalen mellom staten og Statoil av 12. oktober 2006 dannar utgangspunktet for bygging av eit fullskala fangstanlegg for CO2 på Mongstad. Samarbeidet om CO2-behandling på Mongstad er todelt; det skal etablerast eit testsenter for CO2-fangst, og det skal etablerast eit fullskala fangsanlegg for CO2. Føremålet er å utvikle løysingar som kan redusere kostnader og teknisk og økonomisk risiko knytte til fullskala CO2-fangst, og som kan få brei bruk nasjonalt og internasjonalt.

Investeringsavgjerda for testsenteret for CO2-fangst skal etter planen takast i 2008. Dette tyder på oppstart av testsenteret i 2011. Investeringsavgjerda for fullskala CO2-behandling ved kraftvarmeverket på Mongstad skal etter planen takast i 2012, og anlegga skal vere på plass innan utløpet av 2014. I tråd med gjennomføringsavtalen skal det etablerast eit testsenter for kvalifisering og utvikling av teknologi og løysingar for fangst av CO2. Når det gjeld fullskala fanst og lagring av CO2 frå Mongstad, skal det utarbeidast ei gjennomføringsavtale innan første kvartal 2009.

Gassnova SF vil i samarbeid med Noregs forskingsråd føre vidare aktivitetane i det offentlege støtteprogrammet for utvikling av miljøvennlege gasskraftteknologiar, CLIMIT. På kort sikt er verksemda retta mot kvalifisering og reduksjon av kostnader knytte til CO2-fangst frå gasskraftverk, og å etablere metodikk for sikker geologisk lagring av CO2. På lenger sikt vil det vere viktig å kunne utvikle teknologiar med potensial for signifikant betring i verknadsgrad og lønsemd innan kraftproduksjon med CO2-fangst.

I revidert budsjett 2008 vart det sett av 50 mill. kroner over OEDs budsjett for å styrkje satsinga på forsking og utvikling av fornybar energi og karbonfangst og -lagring. Satsinga er ei oppfølging av klimaforliket. Målet er å etablere forskingssenter på prioriterte område innan fornybar energi og CO2-handtering. Etableringa av forskingssenter er ei oppfølging av Energi21. Dei beste forskingsmiljøa vil gå saman om ei satsing på teknologi innanfor eit bestemt tema. Næringslivet vil vere med i sentra. Slik vil ein skape eit aktivt samarbeid mellom eit innovativt næringsliv og framståande forskingsmiljø. Det er sett av 110 mill. kroner til sentersatsinga i 2009. Noregs forskingsråd vil behandle sentersatsinga. Ein søknadsrunde knytt til etablering av Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) er blitt utlyst. Sentersøknader kan komme innafor dei prioriterte innsatsområda i Energi21. Endeleg val av senter vil skje i 2009.

I 2005 vart det inngått eit samarbeid mellom Noreg og Storbritannia om fangst og lagring av CO2. Erklæringa beskriv mellom anna dei to landas ønskje om å etablere felles prinsipp for regulering av transport og lagring av CO2 i Nordsjøbassenget. Eit utfall av erklæringa var at North Sea Basin Task Force vart etablert som ei operativ gruppe med deltaking frå dei to landas styresmakter og industri. I 2008 vart Nederland og Tyskland inkluderte i gruppa. Til no har North Sea Basin Task Force utarbeidd to rapportar. Desse er tilgjengelege på OEDs nettsider. Neste rapport vil etter planen bli lagt fram i 2009. I tillegg samarbeider desse landa i arbeidet med endring av det juridiske rammeverket innanfor OSPAR-konvensjonen om det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet og Londonkonvensjonen om dumping.

Oljedirektoratet (OD), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Statens Forureiningstilsyn (SFT) og Petroleumstilsynet (PTIL) overleverte 4. januar 2008 ein rapport om å elektrifisere norsk sokkel med kraft frå land til regjeringa. Studien var ein fornya gjennomgang av kostnadene ved å forsyne petroleumsverksemda på sokkelen med kraft frå land, og vart varsla i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Dei nye utrekningane viser at tiltakskostnaden for å delelektrifisere eit område med eksisterande innretningar ligg frå kr 1 600 per tonn CO2 og oppover til kr 5 000 per tonn CO2. Auken skuldast i hovudsak betydeleg auka byggekostnader offshore, stor kompleksitet i ombyggingsprosessane og at gjenståande levetid for felta er redusert i forhold til det som tidlegare har vore lagt til grunn. Samtidig viser rapporten at nærare 45 pst. av sektorens utslepp p.t. ikkje kan erstattast med elektrisk kraft frå land (blant anna utslepp frå flytande innretningar og utslepp som knyter seg til gassfakling som eit tryggingstiltak).

I avtale om klimameldinga (klimaforliket) vart partane samde om at arbeidet med utsleppsfri kraft i petroleumsverksemda må intensiverast, og med bakgrunn i tekniske, økonomiske og forsyningsmessige forhold skal kraft frå land/utsleppsfri kraft vurderast ved nye utbyggingar og større utviklingsprosjekt. Det er krav om at alle planar for utbygging og drift av olje- og gassfelt (PUD/PAD) skal innehalde ein analyse av moglegheita for kraftforsyning frå land. Dette gjeld både nye feltutbyggingar og større modifikasjonar på eksisterande installasjonar. Elektrifisering må sjåast i lys av at det er betydelege variasjonar mellom dei ulike installasjonane med omsyn til tekniske eigenskapar, kostnader og ikkje minst den verknaden som blir påført andre brukarar av kraft gjennom tilknyting til den alminnelege kraftforsyninga. Økonomien i ei løysing med kraft frå land er særleg avhengig av varme- og kraftbehov, avstand til land og design på innretninga. Det er per i dag fleire felt som får heile eller delar av kraftforsyninga frå land. Installasjonane på Troll A og Ormen Lange blir i dag forsynte med kraft frå el-nettet, mens Valhall vidareutvikling og Gjøa-feltet er vedtekne utbygd med kraft frå land. Totalt blir nærare 40 pst. av norsk gass produsert med kraft frå land. Kraft frå land erstattar i desse prosjekta gassturbinar som ville ført til utslepp av om lag 3 mill. tonn CO2.

OED har sett i gang ein prosess saman med Oljedirektoratet for å vurdere høvet til ytterlegare reduksjon av klimagassutslepp frå norsk petroleumsverksemd. Departementet har initiert ein dialog med aktørane på norsk sokkel om korleis klimagassutsleppa frå innretningar kan reduserast. Målsetjing med arbeidet er ein breiast mogleg gjennomgang av moglege utsleppsreduksjonar på sokkelen, innafor dei rammer som ligg føre. Samtidig skal utsleppsreduksjonar vere i samsvar med eit mål om optimal ressursutnytting på norsk sokkel.

Gassco utgreier i samarbeid med ei gruppe industri- og energiselskap høvet til å leggje eit gassrør frå Kårstø til Grenland, Sverige og Danmark. Systemet legg til rette for moglege framtidige forgreiningar til Vest-Agder og Vestfold/Østfold. Det er teke sikte på at avgjerd om gjennomføring av transportsystemet blir fatta i 2009, med ei eventuell ferdigstilling i slutten av 2012.

Regjeringa vil byggje vidare på og utvikle vidare satsinga gjennom Enova SF og Energifondet. Det er lagt opp til ein sterk auke i dei økonomiske rammene til tiltak på dette området. I 2007 oppretta regjeringa eit Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet) og det vart sett inn 10 mrd. kroner i fondet 1. januar 2007. Regjeringa foreslår å skyte inn ytterlegare 10 mrd. kroner i 2009. Avkastninga frå Grunnfondet gir ei utbetaling på 431 mill. kroner i 2009. Av avkastninga frå Grunnfondet er foreslått 391 mill. kroner overført til Energifondet. Vidare er foreslått ytterlegare 200 mill. kroner slik at samla overføring til Energifondet blir 591 mill. kroner i 2009. I tilegg kjem inntekter til Energifondet frå eit påslag på nettariffen på 1 øre/kWh som er berekna til 735 mill. kroner og renteinntekter på 100 mill. kroner i 2009.

Avkastninga frå Grunnfondet er venta å bli på meir enn 900 mill. kroner frå 2010. Samla inneber dette at innsatsen frå 2010 vil bli meir enn dobla i forhold til nivået i 2006 og tredoblast i forhold til nivået i 2002. Regjeringas satsing vil gi rom for å auke satsinga på alle område innan fornybar energi og energieffektivisering. Vidare er det i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk, varsla at regjeringa vil foreslå å auke kapitalen i grunnfondet ytterlegare med inntil 10 mrd. kroner innan 2012.

I klimameldinga vart det foreslått å innføre forbod med heimel i plan- og bygningslova mot installering av oljekjel i nye bygningar. Vidare vart det varsla at det vil bli vurdert å innføre forbod mot å erstatte gamle oljekjelar med nye i beståande bygningar. Det blir arbeidd vidare med å sikre at det ikkje blir lagt om frå olje til straum ved utskifting av oljekjel i eksisterande bygningar.

OED forvaltar òg andre tiltak som har ein viktig funksjon for utviklinga i energibruk og -produksjon. Det er etablert ei ordning for opphavsgarantiar for elektrisitet som gir forbrukarane høve til å velje miljøvennlege alternativ. Det er etablert ei eiga ordning for satsing på energieffektivisering i treforedlingsindustri som får fritak for forbruksavgift på elektrisitet. OED arbeider med å etablere ei energimerkeordning for bygningar, og det er eit fortløpande arbeid med energimerking og standardkrav til hushaldsutstyr. Som ei oppfølging av ambisjonane i Soria Moria-erklæringa har regjeringa fastsett eit samla mål på 30 TWh/år auka fornybar energiproduksjon og energieffektivisering i 2016 i forhold til 2001. Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova og forureiningslova.

Regjeringa vil framleis ha som eit viktig mål å sikre tilstrekkeleg tilgang på fornybar energi til ein lågast mogleg miljøkostnad. Regjeringa vil fremje effektiv og miljømessig akseptabel energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvaltning av vass- og arealressursane. Ytterlegare styrking av NVEs miljøtilsyn vil medverke til at miljøkrav fastsett i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. NVEs konsesjonsbehandling har òg blitt styrkt vesentleg dei siste åra, og er foreslått ytterlegare styrkt i 2009. Effektiviserande tiltak er òg gjennomførte, men det eit sentralt prinsipp for Regjeringa at dette ikkje skal svekkje kvaliteten på vurderingane av miljø- og brukarinteresser og avbøtande tiltak. OED fekk våren 2008 utført ei evaluering av dokumentasjonen av biologisk mangfald i konsesjonssøknadar om å byggje små vasskraftverk.

Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande forvaltningsplanar på nedbørfeltnivå er eit viktig tiltak for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED vil saman med NVE medverke aktivt til dette. Ei viktig rolle for NVE vil vere å sikre at handsaming av revisjonar av konsesjonsvilkår for vassdragsanlegg vert gjort i samanheng med utarbeidinga av forvaltningsplanar i vassregionane.

Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Regjeringa arbeider med spørsmål om vern av Vefsna. Regjeringa vil òg leggje fram ei vurdering av vern av Øystesevassdraget, Langvella og Tovdalsvassdraget.

OED vil i samarbeid med Miljøverndepartementet endelig fastsetje rettleiar for utarbeiding av regionale planar for vindkraft.

Olje- og energiministeren har lagt fram hovudpunkt i ein strategi for miljø, estetikk og lokalsamfunn ved planlegging av forsterkningar i kraftnettet. Ein skal i større grad sjå energisystemet i ulike regionar i samanheng. Vidare skal avbøtande tiltak bli greia ut enda grundigare, slik at kraftleidningane som får konsesjon blir bygd så skånsamt som mogeleg. OED og Noregs vassdrags- og energidirektorat vil arbeide vidare med utdjuping og gjennomføring av strategien.

Kunnskap og systematisk oversikt over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av norsk naturmangfald. OED deltek i den interdepartementale gruppa som koordinerer Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Formålet med programmet er å tette kunnskapshol og medverke til at data over biomangfald blir samla i nasjonale databasar.

11.5 Departementets arbeid med klimatilpassingar

Utfordringar – status og utviklingstrekk

Vassdrag og kraftproduksjon vert påverka av klimaendringar. Meir nedbør kan føre til auke i energiproduksjonen. Samtidig kan klimaendringane føre til at sesongetterspørselen etter energi vert endra. Milde vintrar kan gi redusert fyringsbehov, medan varmare somrar kan føre til auka etterspørsel etter avkjøling. Dette er endringar som kan få innverknad på både utforminga og drifta av energisystemet og kraftomsetjinga.

Endringar i nedbørsmønster, vindforhold, skredfrekvens, flaumhyppigheit og havnivå og meir og hyppigare ekstremvêr, kan påverke tryggleiken til samfunnskritiske infrastrukturar som overføringsnettet, damkonstruksjonar og kraftanlegg. Vidare kan det leggje føringar på kor og korleis bygningar og infrastruktur vert bygde og drifta. Areal som er attraktive byggjeområde i dag kan i framtida bli lite eigna. Det ligg store utfordringar i å handtere variasjonane i dei ulike klima- og vassføringsscenarioa. Sjølv om ein veit i kva retning klimaet vil endre seg, er det ikkje mogleg å kvantifisere endringane. Dette er spesielt eit problem når det gjeld ekstrema, til dømes flaum.

Innan sektoren vert det stadig gjort nye investeringar, anten gjennom nybygg eller gjennom rehabilitering av eksisterande anlegg. Departementet styrer ikkje desse avgjerdene direkte, men regulerar rammevilkåra for sektoren gjennom lover, forskrifter og retningslinjer. Anlegg som Noregs vassdrags- og energidirektorat sjølv planlegg og byggjer følgjer dei same retningslinjene. Overføringsnettet, damkonstruksjonar og kraftanlegg har svært lang teknisk levetid og energisystemet er konstruert for å handtere store variasjonar i forbruk, produksjon og overføring.

Petroleumsinstallasjonane skal vere dimensjonerte for å komme uskadde frå ein norsk hundreårsstorm. Installasjonar bygde etter 1984 skal i tillegg tåle ein titusenårsstorm utan at tryggleiksfunksjonane bryt saman og personell vert skada.

Ettersom petroleumsinstallasjonar er dimensjonerte for å tole ekstremt vêr, vil auka frekvens av ekstremt vêr ikkje vere kritisk for petroleumsinstallasjonane.

Likevel kan auka frekvens av ekstremt vêr føre til hyppigare nedstenging av petroleumsproduksjonen, ettersom dei høge bølgjene gjer det vanskeleg å sikre tryggleiken rundt produksjonen på plattforma. Dette gjeld spesielt på petroleumsinstallasjonar der havbotnen har sokke, slik at avstanden mellom havflate og dekk er mindre enn då installasjonen var ny. Ved plattformer der oljen blir frakta bort på skip (bøyelasting), kan ekstremt vêr føre til at bøyelasting ikkje lèt seg gjere og produksjonen må stengjast.

Stans i produksjonen gir auka kostnader og tap av inntekter. Gjeldande regelverk tek omsyn til venta klimaendringar knytte til petroleumssektoren.

Politikk for klimatilpassing på petroleums- og energiområdet

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte vass- og energiressursane i landet. NVE har ei sentral rolle i beredskapen mot flaum og vassdragsulykker og leier den nasjonale beredskapen for kraftforsyninga.

NVE har ansvar for å vurdere kva effekt klimaendringar kan ha på samfunnsområda NVE forvaltar. NVE har òg ansvar for å bidra til å redusere negative konsekvensar av klimaendringar innan direktoratets ansvarsområde.

Rapport om aktiviteten i 2007

NVE arbeider for å framskaffe betre kunnskap om kva slags klimaendringar vi kan vente oss, og korleis dei vil påverke ansvarsområda til NVE, energisystemet og tilhøva i vassdraga. Kunnskapen vil bli nytta i forvaltninga av vassdraga og i energiplanlegginga. I 2007 har NVE gjennomført og delteke i fleire forskingsprosjekt som bidreg til å auke kunnskapen om effekten av klimaendringane på vassdraga våre. NVE er òg med i fleire prosjekt saman med blant anna forskingsmiljøa, bransjeorganisasjonar og andre offentlege etatar for å analysere korleis klimaendringane påverkar produksjon, forbruk og overføring av energi.

NVE har ansvar for eit landsdekkande observasjonsnett for hydrologiske parameterar, så som snø, bre, vassføring, is, sediment og vasstemperatur. Gjennom analysar av desse observasjonane kan ein identifisere og dokumentere klimaendringar og omfanget deira. Denne overvakinga er derfor sentral for forvaltninga.

NVE har sett ned ei tverrfagleg gruppe som arbeider med klima. Gruppa har som føremål å kartleggje og foreslå tiltak for å redusere negative konsekvensar av klimaendringar innan NVEs ansvarsområde, og utarbeide ei strategi for tilpassing til klimaendringar innan NVEs forvaltningsområde.

NVE har i 2007 også gjennomført ei rekkje aktivitetar som er knytte til arbeidet med klimatilpassing. NVE har kartlagt område som er utsette for flaum og kvikkleireskred. Dette er sentrale verktøy for å kunne ta omsyn til risiko og sårbarheit i arealforvaltninga. NVE har i 2007 arbeidd med å revidere forskrift for damtryggleik og utvikling av ny metode for farekartlegging.

Tiltak som er aktuelle på kort og lang sikt for å løyse eksisterande og førebyggje nye miljø- og ressursproblem

NVE vil gjennom arbeidet til klimagruppa utarbeide forslag til endring av regelverket der det er naudsynt for å redusere negative konsekvensar av klimaendringar. NVE vil gjennom eigne aktivitetar ha fokus på å gjere samfunnet meir robust med tanke på klimaendringar. NVE vil òg utarbeide ein strategi for tilpassing til klimaendringar innan NVEs forvaltningsområde, som igjen vil danne grunnlaget for OEDs arbeid med klimatilpassing.

NVE vil frå 1. januar 2009 få det statlege ansvaret for å hjelpe kommunane med å førebyggje skred. I dette ansvaret inngår mellom anna kartlegging, arealplanlegging, og sikring mot skred. NVE vil ta omsyn til klimaendringar i utføringa av oppgåvene knytte til skred, blant anna ved utarbeiding av retningslinjer.

NVE har i 2008 utgitt revidert Rettleiar for planlegging og utbygging i fareområde langs vassdrag. Klimaendringane gir grunn til auka merksemd mot flaum, erosjon og skred og arealplanlegging skal bidra til å redusere klimaendringanes trussel mot liv og helse, materielle verdiar og samfunnsviktige funksjonar og infrastruktur. Rettleiaren er eit viktig hjelpemiddel for kommunane for å styre arealbruken i fareutsette område. Rettleiaren ligg òg til grunn for NVEs medverknad til arealplanar.

EUs Flaumdirektiv (Europaparlamentets og Rådets direktiv 2007/60/EF) kan bli gjort gjeldande i EØS-avtalen frå 2009. Her er det krav om at flaumfare og flaumrisiko vert kartlagt og at det vert laga flaumforvaltningsplanar. Risikovurderingar, kartlegging og forvaltningsplanar skal ta omsyn til klimaendringane. NVE deltek i eit internasjonal prosjekt (SAWA) der ein skal lage flaumforvaltningsplan for eit område med klimaendringar som ein faktor i risikovurderinga. Dette vil gi konkret eksempel på korleis ein kan ta omsyn til klimaendringar i arealplanlegginga.

11.6 OEDs klimagassrapportering

Under følgjer ei oversikt over viktige tiltak med betydning for utslepp av klimagassar på OEDs område året 2007/2008 og som vil bli gjennomførte i Nasjonalbudsjettet 2009.

Forsking og utvikling (FoU)

Satsinga på forsking og utvikling innanfor petroleumssektoren, energisektoren og karbonfangst og -lagring vil ikkje ha nokon direkte effekt på utslepp av klimagassar.

Dei verknadene man i første rekkje kan sjå for seg er at ein gjennom satsinga på FoU vil:

  • byggje opp kunnskap og kompetanse av samfunnsfagleg karakter, eksempelvis om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, vassføring, flaum, snø og bresmelting, vindstyrkar, redusert oppvarmingsbehov, etc.) og konsekvensar av utslepp på energi- og petroleumsområdet (CO2-utslepp, klimagassutslepp etc.).

  • byggje opp kunnskap og kompetanse om nye, meir miljøvennlege teknologiar på energi- og petroleumsområdet.

  • utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar som på sikt kan takast i bruk innafor energi- og petroleumssektoren (fornybare energiteknologiar, CCS-teknologiar, teknologiar for meir miljøvennleg petroleumsutvinning etc.).

Ut over dei meir generelle og overordna, kvalitative resultata av FoU-satsinga, blir det frå år til år rapportert på programnivå meir kvantifiserbare resultat som blant anna:

  • talet på støtta prosjekt,

  • talet på avlagte doktorgrader og støtta doktorgradsstipendiatar,

  • talet på deltakande bedrifter,

  • talet på nye produkt og prosessar og

  • talet på patent.

Karbon fangst og lagring

Det er planlagt å byggje to anlegg for fullskala fangst, transport og lagring av CO2 i Noreg. Dei blir planlagt høvesvis i samband med gasskraftverket på Kårstø og kraftvarmeverket på Mongstad. Totalt vil anlegga føre til ein reduksjon i CO2-utsleppa på 2,3 mill. tonn CO2 frå 2014 og framover (også i 2020), i forhold til om kraftverka hadde produsert på full kapasitet utan fangst og lagring av CO2-utsleppa frå denne produksjonen.

Stasjonær energiforsyning

Utslepp av klimagassar i stasjonær energiforsyning er knytte til bruk av fyringsolje i kombinerte olje- og elektrokjelar i industri, og til oppvarming i næringsbygg i institusjonar. I 2007 var salet av oljeprodukt i stasjonær energiforsyning 897 509 tonn, og dette vil tilsvare eit utslepp på 2,9 mill. tonn CO2. Det ligg ikkje føre tal for forbruk av oljeprodukt i stasjonær energiforsyning for 2007, og det kan vere avvik mellom seld og brukt mengd. Dei seinare åra har bruken av naturgass auka i stasjonær energiforsyning. Naturgass har i stor grad erstatta oljeprodukt. Den samla bruken av naturgass var 259 mill. Sm3 i 2007, og utsleppet av CO2 var 0,6 mill. tonn. Utsleppet av CO2 frå forbrenning av naturgass er om lag 20 pst. lægre per kilo brensel enn ved forbrenning av fyringsolje.

Det er innført CO2-avgifter både på oljeprodukt og gass i stasjonær energiforsyning. Det er òg teke i bruk ei rekkje verkemiddel for å avgrense bruken utover det som følgjer av CO2-avgifta. Forbruket varierer likevel betydeleg frå år til år avhengig av forholdet mellom pris på elektrisitet og olje. Det kan derfor ikkje leggjast for stor vekt på endringar i forbruket frå år til år når ein vurderer effekten av politikken. Frå 1980 og fram til i dag er den generelle trenden at salet av oljeprodukt minskar. Dei viktigaste elementa i politikken for å avgrense bruken av olje i stasjonær energiforsyning generelt, og for å redusere utslepp av CO2 spesielt er:

  • CO2-avgifter på olje og naturgass.

  • Grunnavgift og svovelavgift på fyringsolje.

  • NOx-avgift.

  • Støtteordning til infrastruktur for naturgass legg til rette for overgang frå bruk av olje til naturgass i industri og transport.

  • Støtteordningar til investering i fornybar energi som i stor grad omfattar konvertering frå olje.

  • Støtteordningar til energieffektiviseringstiltak.

  • Administrative verkemiddel gjennom plan- og bygningslova.

Dei viktigaste tiltaka i 2007 og 2008 for å avgrense forbruket av olje er knytte til auken i grunnavgifta på fyringsolje. Grunnavgifta vart auka frå 42,9 øre i 2007 til 84,5 øre i 2008. I tillegg vart satsinga på fornybar energi og energieffektivisering styrkt betydeleg med opprettinga av eit fond på 10 mrd. kroner. Satsinga vart nær dobla i 2008.

I resultatrapporten for 2007 har Enova SF gitt anslag på kor mykje dei har medverka til redusert CO2-utslepp frå olje gjennom sine program. Når dei prosjekta Enova har gitt tilsegn om støtte til i 2007 blir gjennomførte vil dei bidra til ein reduksjon i oljebruken på anslagsvis 66 000 tonn per år. Det er stor uvisse knytt til anslaget. Det er lagt til grunn at resultata vil vere høgre i 2008 og 2009 fordi Enova vil ha nær dobbelt så mykje ressursar som i 2007.

Ved behandlinga av Klimameldinga vart det lagt opp til å vurdere nye administrative tiltak for å fase ut olje. Det omfattar blant anna lovforbod mot installering av oljekjel i nye bygg.

Petroleumsverksemda

Olje- og gassverksemda medfører utslepp til luft av blant anna CO2. Styresmaktene nyttar fleire verkemiddel for å regulere utsleppa, for eksempel CO2-avgifta og teknologikrav i samband med godkjenning av nye utbyggingar. Som følgje av den strenge reguleringa av utslepp til luft, er norsk olje- og gassverksemd langt framme i utvikling av energieffektive løysingar offshore. For eksempel er CO2-utsleppa per produsert eining petroleum låge samanlikna med dei fleste andre land i verda. Noregs utslepp per produsert eining var i 2006 om lag 47 kilo per Sm3 o.e., mens det internasjonale gjennomsnittet låg på om lag 120 kilo per Sm3 o.e.

Petroleumssektoren sto likevel for om lag 31 pst. av CO2-utsleppa i Noreg i 2007. Dette utgjer omtrent 14 mill. tonn CO2. Det er venta at CO2-utstleppa frå petroleumssektoren vil auka fram mot 2012 for sidan å minke.

CO2-utsleppa frå petroleumssektoren stammar hovudsakleg frå turbinar som genererer kraft til offshoreinstallasjonane. Auken framover skuldast at når felta blir eldre, må det til meir energi til å injisere vatn for å erstatte det naturlege trykket i reservoara.

I løpet av 2007 og 2008 har OED godkjent fleire utbyggingsplanar. Ved utarbeiding av planane skal oljeselskapa finne utbyggingsløysingar som gir lite utslepp av CO2 samtidig som omsynet til kostnadseffektivitet må takast vare på. Elektrifisering av installasjonen med kraft frå land skal alltid vurderast.

Her følgjer ei kort oversikt over felta som fekk plan for utbygging og drift godkjent i 2007 og 2008 med berekna CO2-utslepp. Tala er baserte på selskaps overslag ved innlevering av plan for utbygging og drift.

Gjøa

Venta utslepp av CO2 frå produksjonsplattforma på Gjøa-feltet utgjer mellom 118 000 og 142 000 tonn CO2 per år. Produksjonsperioden er rekna til 14 år. Utbygginga er planlagt med delvis dekt kraftbehov frå land, som fører med seg reduksjonar i globale CO2-utslepp tilsvarande 110 000 tonn.

Vega og Vega sør

Vega og Vega sør er planlagt bygt ut med installasjonar på havbotnen knytte opp mot Gjøa-plattforma. CO2-utsleppa frå Vega og Vega sør vil utgjere mellom 35 000 og 43 000 tonn CO2 per år. Levetida for feltet er rekna til tolv år.

Yme

For feltet Yme vil CO2-utsleppa variere mellom 100 000 tonn og vel 120 000 tonn per år. Venta produksjonsperiode er ti år.

Valhall

Utbyggingsplanen for Valhall vidareutvikling inneber at Valhall-feltet får kraftforsyning frå land. Dei årlege CO2-utsleppa frå Valhall er i dag på rundt 300 000 tonn. Med dagens kraftløysing og teknologi har operatøren rekna ut at dei årlege CO2-utsleppa frå Valhall vil komme opp i om lag 450 000 tonn dei neste åra. Som følgje av elektrisk kraft frå land vil dei årlege utsleppa av CO2 bli reduserte med 97 pst., frå 450 000 til 15 000 tonn per år.

Skarv

I produksjonsfasen vil CO2-utsleppa frå Skarv variere mellom 200 000 og 490 000 tonn. Produksjonsperioden er estimert til 18 år.

Morvin

Morvin skal byggjast ut med installasjonar på havbotnen som blir knytte opp mot Åsgard B. Venta produksjonsperiode for Morvin er tolv år, og dei årlege utsleppa av CO2 vil variere mellom 6 000 og 71 000 tonn per år.

Alve

Alve skal byggjast ut med installasjonar på havbotnen som skal knytast opp mot produksjonsskipet på Nornefeltet. Alve har ein venta produksjonsperiode på ti til tolv år med årlege CO2-utslepp som varierer mellom 50 000 og 100 000 tonn CO2.

Yttergryta

Yttergryta skal byggjast ut med ein havbotninstallasjon som blir knytt opp mot Åsgard B. Venta produksjonsperiode er tre år. Utslepp av C02 er rekna til å variere mellom 40 000 og 90 000 tonn CO2 per år.

12 Grøn stat – innføring av miljøleiing i statlege verksemder

Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet fokuserer på miljøgevinstar ved energibruk, innkjøp, transport og handtering av avfall i drifta av departementet. Miljøbelastninga skal reduserast så langt råd, og IKT skal vere eit viktig verktøy for å få dette til.

Arbeidet med Grøn stat er ført vidare som ein integrert del av departementets styringssystem. Som overordna mål skal ein bidra til å skape gode miljøhaldningar hos medarbeidarane i OED.

Oljedirektoratet

Oljedirektoratet (OD) arbeider systematisk for å bidra til Regjeringas miljømål. For 2008/2009 har miljørelevant intern drift i OD fokus på følgjande: Planlegging av nybygg og rehabilitering av eksisterande lokale. OD har utarbeidd ein omfattande miljøplan der vi detaljert stiller krav til utbyggjar/eigar av bygget vi skal flytte inn i. Den dekkjer både byggjefasen og framtidige funksjonar på ein slik måte at miljøtiltak også er framtidsretta.

  • Fokusere på auka bruk av videomøte/telefonmøte.

  • OD har gode rutinar for kjeldesortering, med gjenvinningsgrad i 2007 på 81 pst.

  • Vidareføre arbeidet med ENØK for å redusere energibruk.

  • Innkjøp med fokus på miljøsertifisering.

  • Laboratoriet, fokus på rutinar for oppbevaring, bruk og avhending av farlege stoff. Stoffkartotek finst på alle kjemikaliane våre.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Miljøaspektet inngår som ein del av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sin visjon og strategi. Miljøleiing og miljøomsyn er integrerte i NVEs HMS- og kvalitetssikringssystem. Arbeidet med Grøn stat/miljøleiing er innarbeidd som ein integrert del av organisasjonens styringssystem. NVE legg vekt på miljøleiing ved blant anna ENØK-tiltak og avfallshandtering. Det er innført tiltak for å redusere papirforbruket.

NVE stiller miljøkrav til leverandørar i samband med kjøp av varer og tenester. Det er lagt til rette for tilsette som vil bruke elbil som transportmiddel til jobb. NVE har i dag videokonferanseutstyr på hovudkontoret og våre fem regionkontor, og her er det venta ein reduksjon i både reiseutgifter og CO2-utslepp som følgje av færre tenestereiser.

Fotnoter

1.

NOU 2000: 24 Et sårbart samfunn

2.

St.meld. nr. 22 (2007-2008) Om samfunnssikkerhet

3.

SLF 2008- Utredning ny naturskadelov

4.

Klimatilpasning i Norge - Regjeringens arbeid med tilpasning til klimaendringene

5.

Skrednett.no

Til forsiden