St.prp. nr. 1 (2008–2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 1300–1380 Inntektskapittel: 4300–4380, 5611, 5619 og 5624

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Innleiing og oversikt

1 Overordna utfordringar og hovudmål

Regjeringa vil føre ein samferdselspolitikk som legg til rette for næringsutvikling og busetnad over heile landet. Noreg er eit land med store avstandar og spreidd busetnad. Gode transport- og kommunikasjonsløysingar er derfor eit vilkår for å skape vekst og utvikling i næringslivet og oppretthalde livskraftige lokalsamfunn i heile landet. Eit overordna mål er å bygge ut og leggje til rette for ein tidsmessig infrastruktur.

Transportinfrastruktur er først og fremst eit offentleg ansvar. Regjeringa vil leggje vekt på langsiktige investeringar for å byggje landet vidare. Transporttid, regularitet og transportkostnader er svært avhengig av infrastrukturen. Utbygging og modernisering av transportinfrastrukturen er derfor avgjerande for vekst og utvikling både i næringsliv og lokalsamfunn. I eit moderne samfunn må det også vere lagt til rette for gode og rimelege elektroniske kommunikasjonsløysingar over heile landet. Dette gjeld m.a. gode og likeverdige post- og teletenester, og breiband til alle.

Regjeringa sin samferdselspolitikk er forankra i Soria Moria-erklæringa. St.meld. nr. 24 (2003–2004) Nasjonal transportplan 2006–2015 og handsaminga av meldinga i Stortinget er ei viktig ramme for Regjeringa sin transportpolitikk. I St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk, foreslår Regjeringa offensive mål og tiltak for å møte klimautfordringane, m.a. i transportsektoren. I Nasjonal transportplan 2010–2019, som er planlagt lagt fram i januar 2009, vil det bli lagt vekt på signala frå St.meld. nr. 34 (2006–2007).

Klimaendringar som skriv seg frå menneskeleg aktivitet, er kanskje den største utfordringa for verda i dag. Regjeringa vil føre ein politikk som tek fatt i dei store klimautfordringane både globalt og nasjonalt. I St.meld. nr. 34 (2006–2007) er det foreslått sektorvise klimahandlingsplanar og mål for dei viktigaste utsleppssektorane i Noreg. Desse handlingsplanane skal m.a. identifisere dei verkemidlane som gir kostnadseffektive utsleppsreduksjonar for den einskilde sektor, men som med noverande verkemiddelbruk ikkje blir gjennomført.

Regjeringa har lagt fram ein klimahandlingsplan for transportsektoren. Klimagassutslepp frå transportsektoren utgjorde i 2005 om lag 25 pst. av dei samla utsleppa i Noreg. Om ikkje nye tiltak blir sette i verk, er det venta at veksten i CO2-utsleppa vil halde fram både frå landtransport og luftfart. Sjølv om dei fleste transportmidlane har blitt meir energieffektive, er det nær samanheng mellom veksten i klimagassutsleppa og transportveksten. Økonomisk vekst aukar behovet for både person- og godstransport. Auka velstand aukar samstundes den einskilde si verdsetting av tid, noko som favoriserer raske transportmiddel som personbil og fly. Personbilen er det dominerande transportmiddelet med ein marknadsdel på om lag 80 pst. av persontransportarbeidet, mens vegtransport står for om lag halvparten av det innanlandske godstransportarbeidet.

Regjeringa meiner det i samferdselspolitikken er nødvendig med ei sterkare differensiering mellom dei større byområda og resten av landet. I byområda må forholda leggjast betre til rette for at folk kan reise kollektivt, gå eller sykle. Dette må kombinerast med meir restriktive tiltak når det gjeld bruken av privatbil. Døme frå m.a. Stockholm og London viser at restriktive tiltak mot biltrafikken gir raske og gode resultat. I resten av landet er utbetring og utbygging av vegstandarden det viktigaste verkemiddelet.

Hovudmåla for transportpolitikken er knytt til framkomsttilhøva og inkluderer regional utvikling, trafikktryggleik, miljø og eit meir effektivt og tilgjengeleg transportsystem for alle. Nullvisjonen om at ingen skal bli drepne i trafikken må vere med i vurderingane av alle tiltaka ein gjer for transportsystemet. Trafikkulykker med dødeleg utgang skjer i hovudsak i vegtrafikken.

Regjeringa ser klart behovet for å styrkje innsatsen på vedlikehald av transportinfrastrukturen. Store delar av både jernbanenettet og vegnettet er prega av mange år med utilstrekkeleg vedlikehald. Regjeringa har allereie styrkt innsatsen på vedlikehald monaleg samanlikna med nivået dei føregåande åra. Styrkinga av vedlikehaldsinnsatsen blir eit av dei viktigaste spørsmåla som må vurderast i arbeidet med Nasjonal transportplan 2010–2019.

Det er viktig å ha rasjonell og effektiv framdrift på alle veg- og jernbaneprosjekt som er sette i gang. Dette er god samfunnsøkonomi og sikrar at nytten av prosjekta blir tilgjengeleg for trafikantane så raskt som mogleg.

Vegnettet er avgjerande for samferdselstilbodet i heile landet, men kanskje enda meir for distrikta enn byområda. Stamvegnettet må halde ein gjennomgåande god standard med to køyrefelt og gul midtstripe samt tre- og firefelts vegar med midtdelar i dei mest trafikksterke områda. Her er det framleis store utfordringar. Regjeringa vil leggje vekt på strategien med lengre samanhengande utbyggingar. Dessutan ønskjer Regjeringa i tråd med Soria Moria-erklæringa å satse meir offensivt på det sekundære vegnettet. Riksvegane er svært viktige for utviklinga i store delar av landet. Det er òg eit stort behov for opprusting av både fylkesvegnettet og det kommunale vegnettet. Regjeringa har lagt til rette for dette gjennom ei styrking av kommuneøkonomien.

Rassikring er eit særleg prioritert område for Regjeringa fordi dette aukar den daglege tryggleiken i mange lokalsamfunn.

Riksvegferjene er ein viktig og integrert del av vegnettet i mange lokalsamfunn utan alternative transportvegar. Regjeringa har som mål å redusere transportutgiftene for folk som er avhengige av ferjetilbodet. Rabattane for storbrukarar er auka monaleg. Ivaretaking av kvalitet og omfang på ferjetilbodet saman med høge oljeprisar har vore med på å auke kostnadene for riksvegferjene, slik at dei ligg høgt over nivået i Nasjonal transportplan 2006–2015.

Regjeringa ser det som svært viktig å leggje til rette for å overføre endå meir av godstrafikken frå veg til bane og sjø. Dette er viktig både av omsyn til miljøet og trafikktryggleiken, og er ein politikk som heile Europa er oppteken av. Regjeringa gjennomfører ei historisk satsing på jernbanen. Løyvingane til jernbaneinfrastruktur (ekskl. tre år med statlige lån til Gardermobanen) har aldri vore høgare i moderne tid. Gjennom tiltak som m.a. nye godsterminalar, kryssingsspor, profilutvidingar av tunnelar, fritak for el-avgift og forsøk med fritak for køyrevegsavgift for vognlast opp til 25 tonn, har Regjeringa lagt til rette for meir godstransport på bane.

Styrkinga av jernbanen vil halde fram. Størstedelen av den auka jernbaneinnsatsen vil bli kanalisert til strekningar der passasjerpotensialet er stort, og på strekningar med mykje godstransport.

Regjeringa har fått gjennomført ei utgreiing som gir eit grovt bilete av kostnadene og effektane ved å byggje høgfartsjernbane mellom dei største byområda. Nye utgreiingar på særskilde tema er sette i gang. Dei vil bli vurderte i Nasjonal transportplan 2010–2019. Planlagde nye dobbeltsporutbyggingar på strekningar i InterCitytriangelet Lillehammer–Oslo–Skien og Lillehammer–Oslo–Halden vil bli tilrettelagt slik at dei kan inngå i evt. seinare utbygging av høgfartsjernbane. På lang sikt vil høgfartsjernbane kunne bli eit alternativ til fly på enkelte trafikksterke strekningar.

I byar og område nær byane må kollektivtrafikken i større grad enn til no bli eit reelt alternativ til bruk av privatbil. Regjeringa meiner det er nødvendig å styrkje kollektivtrafikken og kombinere dette med restriksjonar på bruken av bil. Nært samarbeid mellom statlege og lokale styresmakter er nødvendig for å få til den ønskte utviklinga, m.a. ved vurdering av tiltak som restriktiv parkeringspolitikk og vegprising. Ansvaret for å vedta slike tiltak ligg lokalt.

Regjeringa ønskjer også at det skal vere eit godt kollektivtilbod i distrikta. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2007 blei det oppretta ei ordning med forsøk for å betre kollektivtransporttilbodet i distrikta. Formålet er å stimulere til ei betre samordning av ulike typar av transport med offentleg tilskot og å utvikle nye og betre kollektivtilbod i distrikta. Tilbringartenester og bestillingsruter med drosje koordinert med buss, båt og tog langs hovudtrafikkårene kan vere døme på slike løysingar. Regjeringa vil for 2009 foreslå eit prøveprosjekt med samordning av bestillingstransport og TT-transport.

Meir utbygging av gang- og sykkelvegar er eit satsingsområde for Regjeringa. Det er eit mål at fleire arbeidsreiser skal skje med sykkel eller til fots, særleg i dei store byområda.

Biltransport vil alltid vere omfattande og dominerande i eit langstrakt og spreiddbygd land som Noreg. Regjeringa ser det derfor som svært viktig å satse på tiltak som vil stimulere til at alt fleire vel miljøvennlege køyretøy. I forliket på Stortinget om St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk, blei partane m.a. samde om å opprette Transnova-prosjektet, som skal arbeide med å utvikle meir miljøvennleg transport. Regjeringa har foreslått eit introduksjonsprogram for biodrivstoff med omsetnadskrav. Det vil også bli satsa meir på å utvikle såkalla andregenerasjons biodrivstoff, og innblanding av dette i fossilt drivstoff.

Regjeringa vil halde fram med omlegging til meir såkalla grøne avgifter for å få folk til å velje transportformer og køyretøy som er minst skadeleg for miljøet.

I slutten av 2005 og første del av 2006 var det uro i norsk luftfart. M.a. med bakgrunn i denne uroa, la Regjeringa i juni 2008 fram ein strategi for norsk luftfart. Strategien er eit viktig innspel til arbeidet med Nasjonal transportplan 2010–2019, men er også eit sjølvstendig dokument som gir høve til å drøfte luftfarten meir inngåande enn i Nasjonal transportplan. Dette gjeld m.a. tema som utdanning, arbeidsmiljø og arbeidsmarknad.

Luftfart er ein sentral del av transporttilbodet i eit land som Noreg med store avstandar og lite folk. Både regionalnettet og stamrutenettet er ein viktig del av transportinfrastrukturen. Ordninga med at dei få flyplassane som går med overskot, finansierer dei mange bedriftsøkonomisk ulønsame flyplassane er ein berebjelke i det godt utbygde norske lufthamnsystemet. Regjeringa ønskjer å behalde dagens flyplasstruktur, men opnar for endringar der det er ønske om det lokalt. Ordninga med statleg kjøp av flyruter gjer det mogleg å oppretthalde eit godt flytilbod til mange stader i heile landet der det ikkje er eit kommersielt grunnlag.

Gode posttenester er viktig for å tryggje busetjing og næringsliv i heile landet. I St.meld. nr. 12 (2007–2008) Om verksemda til Posten Norge AS, er det stadfesta at Regjeringa gjennom offentleg regulering og konsesjonsvilkår vil sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester. Post i Butikk sikrar dette tilbodet når trafikknedgang på postkontora gjer det nødvendig å leggje ned postkontor. Regjeringa vil sikre likeverdige kvalitetstenester til same pris over heile landet. Det inneber m.a. framleis grunnleggjande banktenester, seksdagars omdeling av post og einskapsporto. Framsendingskvaliteten skal rapporterast også på regionalt nivå.

Regjeringa skal også sikre at heile landet har tilgang til likeverdige og rimelege teletenester. Det er ei sentral oppgåve å sikre verksam konkurranse i marknaden. Stimulans til betre mobildekning over heile landet er også ei viktig oppgåve. Regjeringa skal verkeleggjere den digitale allemannsretten. Målet om at alle husstandar i Noreg skal ha tilgang til eit høghastigheitsnett til rimeleg pris ligg fast.

2 Oversikt over budsjettforslaget

Utgifter fordelt på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

Administrasjon m.m.

1300

Samferdselsdepartementet

144 750

151 400

159 000

5,0

1301

Forskning og utvikling mv.

161 394

169 900

238 200

40,2

Sum kategori 21.10306 144321 300397 20023,6

Luftfartsformål

1310

Flytransport

474 037

501 400

519 900

3,7

1311

Tilskudd til regionale flyplasser

14 374

13 400

13 400

0,0

1313

Luftfartstilsynet

167 020

149 200

167 500

12,3

1314

Statens havarikommisjon for transport

34 085

47 000

50 200

6,8

Sum kategori 21.20689 516711 000751 0005,6

Vegformål

1320

Statens vegvesen

15 569 109

15 425 000

17 035 700

10,4

1322

Svinesundsforbindelsen AS

10 386

Sum kategori 21.3015 579 49515 425 00017 035 70010,4

Særskilte transporttiltak

1330

Særskilte transporttiltak

459 957

521 700

727 900

39,5

Sum kategori 21.40459 957521 700727 90039,5

Jernbaneformål

1350

Jernbaneverket

5 660 943

5 812 100

7 073 200

21,7

1351

Persontransport med tog

1 599 948

1 676 400

1 724 700

2,9

1354

Statens jernbanetilsyn

30 527

35 600

37 300

4,8

Sum kategori 21.50

7 291 418

7 524 100

8 835 200

17,4

Sum programområde 2124 326 53024 503 10027 747 00013,2

Post og telekommunikasjoner

1380

Post- og teletilsynet

234 501

208 000

205 100

-1,4

Sum kategori 22.10

234 501

208 000

205 100

-1,4

Sum programområde 22

234 501

208 000

205 100

-1,4

Sum utgifter

24 561 031

24 711 100

27 952 100

13,1

Inntekter fordelt på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

Administrasjon m.m.

4300

Samferdselsdepartementet

2 945

2 300

2 300

0,0

Sum kategori 21.102 9452 3002 3000,0

Luftfartsformål

4312

Oslo Lufthavn AS

388 824

388 800

388 800

0,0

4313

Luftfartstilsynet

113 730

101 300

115 800

14,3

4314

Statens havarikommisjon for transport

466

5619

Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

301 580

257 000

257 000

0,0

5622

Aksjer i Avinor AS

324 500

398 000

-100,0

Sum kategori 21.201 129 1001 145 100761 600-33,5

Vegformål

4320

Statens vegvesen

756 284

438 000

461 200

5,3

4322

Svinesundsforbindelsen AS

20 000

24 000

25 000

4,2

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

35 206

38 000

40 000

5,3

Sum kategori 21.30811 490500 000526 2005,2

Jernbaneformål

4350

Jernbaneverket

528 720

477 300

510 300

6,9

4354

Statens jernbanetilsyn

510

4355

Baneservice AS

38 300

-100,0

5611

Aksjer i NSB AS

380 000

349 000

221 000

-36,7

5623

Aksjer i Baneservice AS

5 703

200

-100,0

Sum kategori 21.50

914 933

864 800

731 300

-15,4

Sum programområde 212 858 4682 512 2002 021 400-19,5

Post og telekommunikasjoner

4380

Post-og teletilsynet

172 107

174 500

170 600

-2,2

5618

Aksjer i Posten Norge AS

488 000

506 000

-100,0

Sum kategori 22.10

660 107

680 500

170 600

-74,9

Sum programområde 22

660 107

680 500

170 600

-74,9

Sum inntekter

3 518 575

3 192 700

2 192 000

-31,3

Regjeringa foreslår eit samferdselsbudsjett for 2009 på om lag 28 mrd. kr, ein auke på om lag 3,2 mrd. kr eller 13,1 pst. frå saldert budsjett 2008. Forslaget til samferdselsbudsjett for 2009 er utan tvil blant dei beste i moderne tid.

Samferdsel er noko folk flest er oppteken av. Svært mange er opptekne av utfordringar knytt til standarden på transportinfrastrukturen i Noreg. Viktige stikkord er m.a. trafikktryggleik, rassikring, transportkostnader for næringslivet og at det er mogleg for folk både i by og land til å delta aktivt i samfunnslivet. Regjeringa sitt forslag til samferdselsbudsjett for 2009 inneber eit nytt stort lyft for staten sin innsats både på veg- og jernbaneinfrastruktur. Budsjettforslaget inneber at løyvingane til Statens vegvesen og Jernbaneverket etter fire år ligg om lag 1,9 mrd. kr over rammene i Stortingets vedtak om Nasjonal transportplan 2006–2015. Forslaget til løyvingar for 2009 til Statens vegvesen og Jernbaneverket ligg samla om lag 2,4 mrd. kr over det årlege rammenivået i Nasjonal transportplan 2006–2015.

Samanlikna med Regjeringa Bondevik II sitt forslag til statsbudsjett for 2006 er nivået på løyvingane til Jerbaneverket auka med 2 675 mill. kr eller 60,8 pst., investeringsnivået er løfta med 1 864 mill. kr eller 139,6 pst. Samanlikna med Regjeringa Bondevik II sitt forslag til statsbudsjett for 2006 er nivået på løyvingane til Statens vegvesen auka med 3 658 mill. kr eller 27,3 pst., investeringsnivået er løfta med 1 474 mill. kr eller 24,4 pst.

Foreslått samferdselsbudsjett for 2009 har ein klar klima- og miljøprofil. Dette er i samsvar med signala i St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk. Jernbanen og kollektivtransporten er kraftig styrkt i budsjettforslaget. Foreslått budsjett for Jernbaneverket inneber ein auke på nesten 1,3 mrd. kr eller 21,7 pst. frå saldert budsjett 2008, mens foreslått budsjett for jernbaneinvesteringane inneber ein auke på heile 850 mill. kr eller 36,2 pst. frå saldert budsjett 2008. Budsjettet for drift og vedlikehald av jernbanen sin infrastruktur er foreslått styrkt med 411,3 mill. kr eller 12,1 pst. frå saldert budsjett 2008, m.a. for å sikre full framdrift på nødvendige oppgraderingar av jernbanetunnelen gjennom Oslo. Det er sett av om lag 580 mill. kr for 2009 til tiltak for å styrkje godstrafikken på jernbana. Dette er viktige tiltak for å få meir gods over frå veg til bane.

Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bruk av bil i byområda er foreslått dobla frå 161,7 mill. kr i 2008 til 323,4 mill. kr i 2009. Regjeringa har foreslått løyvd om lag 300 mill. kr meir til klimaforsking samanlika med i 2008, av dette 15 mill. kr under Samferdselsdepartementets ansvarsområde, som skal gå til RENERGI-programmet i regi av Norges forskingsråd.

Også foreslått budsjett for Statens vegvesen har ein klima- og miljøprofil. I tillegg er forslag om tiltak og prosjekt på vegbudsjettet fordelt over heile landet med ei god distriktsprofil. Trafikktryggleik, inkl. rassikring, er blant dei viktige områda som har fått størst auke for 2009. Foreslått budsjett for Statens vegvesen inneber ein auke på om lag 1,6 mrd. kr eller 10,4 pst. frå saldert budsjett 2008. Budsjettet til trafikktilsyn, drift og vedlikehald er styrkt med 688 mill. kr eller 9,7 pst. frå saldert budsjett 2008. Styrking av vegkroppen, inkl. m.a. grøfting, drenering og asfalt er viktig av omsyn til trafikktryggleik, framkomst og miljø. Foreslått budsjett til rassikring inneber ein auke på 113,5 mill. kr eller 34,5 pst. frå saldert budsjett 2008. Budsjettet til riksveginvesteringar (inkl. post 60 Forsøk) aukar med 656,3 mill. kr eller 11,3 pst. frå saldert budsjett 2008. Trafikktryggleikstiltak som midtdelarar er særleg prioritert. Også avsette beløp til gang- og sykkelvegar og tiltak for kollektivtransporten innanfor vegbudsjettet, inneber ei kraftig styrking av innsatsen samanlikna med 2008.

Samla budsjettframlegg til administrasjon m.m., som m.a. omfattar Samferdselsdepartementets driftsbudsjett og departementet si satsing på forsking og utvikling mv., er på 397,2 mill. kr, ein auke på 75,9 mill. kr eller 23,6 pst. frå saldert budsjett 2008. I framlegget for 2009 inngår 50 mill. kr til etableringa av Transnova-prosjektet, som er i samsvar med forliket i Stortinget om St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk. Også klimaforskinga under Samferdselsdepartementet er auka med 15 mill. kr.

Til drifta av Samferdselsdepartementet er det foreslått avsett 113,6 mill. kr, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2008. Det er foreslått 19,3 mill. kr i tilskot til internasjonale organisasjonar.

I tilskot til trafikktryggleiksformål mv. er det foreslått avsett 23,6 mill. kr, ein auke på 2,6 mill. kr eller 12,4 pst. frå saldert budsjett 2008. Det er lagt opp til at 21,4 mill. kr går til Trygg Trafikk, ein auke på 1,9 mill. kr eller 9,7 pst. samanlikna med saldert budsjett 2008, medan 1,2 mill. kr vil gå til ITS Norge, ein auke på 0,2 mill. kr eller 20 pst. frå saldert budsjett 2008. Til Syklistenes Landsforening er det foreslått avsett 1 mill. kr, ei dobling av beløpet frå 2008.

Det er avsett 2,5 mill. kr til Samferdselsdepartementets arbeid med samferdselsberedskap, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2008.

Til Samferdselsdepartementets innsats på forsking og utvikling mv. er det budsjettert med 238,2 mill. kr, ein auke på 68,3 mill. kr eller 40,2 pst. frå saldert budsjett 2008. Årsaka til auken er forslaget om 50 mill. kr til ei ny tilskotsordning for miljøvennleg transport, Transnova-prosjektet, samt 15 mill. kr meir til klimaforsking som skal gå til RENERGI-programmet i regi av Norges forskningsråd.

Til Samferdselsdepartementets utgreiingar mv. er det foreslått avsett 18 mill. kr, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2008. Det er budsjettert med 170,2 mill. kr til samferdselsforsking, ein auke på 17,6 mill. kr eller 11,5 pst. frå saldert budsjett 2008. Av forskingsmidlane er om lag 80 mill. kr tenkt å gå til teleforsking og om lag 90 mill. kr til transportforsking og ulike program i regi av Norges forskingsråd. Klima, miljø og trafikktryggleik er stikkord for transportforskinga, medan utvikling og utnytting av IKT er stikkord for teleforskinga. Det er særleg klimaforskinga som vil bli styrkt i 2009.

Samla budsjettframlegg for luftfartsformål er på 751 mill. kr, ein auke på 40 mill. kr eller 5,6 pst. frå saldert budsjett 2008.

Til kjøp av flyruter er det budsjettert med 519,9 mill. kr, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2008. Budsjettforslaget er basert på kostnadsnivået i gjeldande anbodsruter. Det er usikkerheit om kostnadene for nye anbudsruter som skal gjelde frå 01.04.2009.

Det er foreslått 13,4 mill. kr i tilskot til regionale flyplassar, same beløp som for 2008. Heile tilskotet går til ikkje-statlege flyplassar. Det er også for 2009 lagt opp til at overskotet frå Avinors lønsame stamrutelufthamner blir nytta til å finansiere underskotet på dei statlege regionale lufthamnene.

Til Luftfartstilsynet er det foreslått eit budsjett på 167,5 mill. kr, ein auke på 18,3 mill. kr eller 12,3 pst. frå saldert budsjett 2008. Forslaget om å styrke Luftfartstilsynets budsjett har samanheng med at tilsynet har fått fleire nye oppgåver, m.a. opp mot internasjonalt regelverk og på miljøområdet.

For Statens havarikommisjon for transport er budsjettforslaget på 50,2 mill. kr, ein auke på 3,2 mill. kr eller 6,8 pst. kr frå saldert budsjett 2008. Årsaka til auken er i hovudsak heilårsverknad av at ansvarsområdet for kommisjonen frå 01.07.2008 blei utvida til også å omfatte ulykker og alvorlege hendingar i sjøfarten. Kommisjonen har no ansvaret for å undersøkje ulykker og alvorlege hendingar i alle transportsektorane.

Til vegformål/Statens vegvesen er det foreslått eit budsjett på 17 035,7 mill. kr, ein auke på 1 610,7 mill. kr eller 10,4 pst. frå saldert budsjett 2008. Samla budsjettframlegg for 2009 for Statens vegvesen ligg om lag 1,2 mrd. kr over årleg nivå i Stortingets vedtak om Nasjonal transportplan 2006–2009. For 2009 ligg forslaget til løyvingar til drift og vedlikehald og investeringar (inkl. rassikring) høvesvis om lag 520 mill. kr og om lag 320 mill. kr over nivået i Nasjonal transportplan.

Det er budsjettert med 7 749,5 mill. kr til trafikktilsyn, drift og vedlikehald, ein auke på 688 mill. kr eller 9,7 pst. frå saldert budsjett 2008. Nivået på vedlikehald, inkl. asfalt, aukar monaleg samanlikna med saldert budsjett 2008. Midlar til asfalt aukar med 245 mill. kr eller om lag 30 pst. frå 2008 slik at det kan bli lagt om lag 1 500 km nytt vegdekke.

Tiltak med verknad for trafikktryggleiken vil bli særleg prioritert. Dette gjeld m.a. vinterdrifta og tiltak retta mot delar av vegnettet som er særleg utsett for ulykker. Innsatsen på føraropplæring og køyretøytilsyn vil også bli prioritert.

Som vederlag til OPS-prosjekt er det avsett 380,1 mill. kr i samsvar med skyldnadene til staten for desse prosjekta. To av dei tre OPS-prosjekta som Stortinget tidlegare har vedteke å gjennomføre, er opna for trafikk. Utbygginga av det tredje prosjektet er godt i gang. Delparsellar er allereie opna.

Det er for 2009 budsjettert med 7 130,1 mill. kr til ulike veginvesteringar (summen av postane 30, 31, 35 og 60), ein auke på 599 mill. kr eller 9,2 pst. frå saldert budsjett 2008. Det er samstundes lagt til grunn at bompengeselskapa vil stille til disposisjon om lag 5,7 mrd. kr til investeringstiltak i 2009.

I vegbudsjettet må post 30 Riksveginvesteringar, og post 60 Forsøk, vurderast samla. Budsjettframlegget er på 6 458,6 mill. kr, ein auke på 656,3 mill. kr eller 11,3 pst. frå saldert budsjett 2008. Med budsjettforslaget for 2009 er alle større investeringsprosjekt som var planlagde starta opp i Statens vegvesens handlingsprogram for 2006–2009, starta opp. Unntaket er nokre få prosjekt pga. manglande planavklaring eller uavklart finansieringsopplegg.

Det er lagt stor vekt på å sikre rasjonell framdrift for anlegga som er under bygging, både når det gjeld stamvegar og øvrige riksvegar. Store delar av investeringsbudsjettet er disponert for å vareta dette.

Investeringstiltak retta mot dei alvorlegaste ulykkene vil bli høgt prioritert, likeins tiltak for å skjerme dei mjuke trafikantane. Regjeringa vil trappe opp innsatsen på trafikktryggleiktiltak monaleg frå 2008.

I 2009 er det lagt opp til anleggstart på følgjande større prosjekt (kostnadsoverslag over 100 mill. kr):

Stamvegnettet:

  • E6 Øyer – Tretten, Øyer kommune i Oppland (forutsatt tilslutning til delvis bompengefinansiering)

  • E39 Vigeland – Osestad, Lindesnes kommune i Vest-Agder

  • E39 Vågsbotn – Hylkje, Bergen kommune i Hordaland

  • E39 Torvund – Teigen, Høyanger kommune i Sogn og Fjordane

  • Rv 70 Brunneset – Øygarden, Tingvoll kommune i Møre og Romsdal (vedtatt delvis bompengefinansiert)

  • E6 Majavatn, Grane kommune i Nordland.

Øvrig riksvegnett:

  • Rv 47 T-forbindelsen, Haugesund, Karmøy og Tysvær kommuner i Rogaland (forutsatt tilslutning til delvis bompengefinansiering)

  • Rv 510 Solasplitten, Sola kommune i Rogaland (forutsatt tilslutning til revidert opplegg for Nord-Jærenpakken)

  • Rv 609 Dalsfjordsambandet, Askvoll og Fjaler kommuner i Sogn og Fjordane

  • Rv 616 Bremangersambandet (Langesjø – Kolset), Bremanger kommune i Sogn og Fjordane

  • Rv 60 Hellesylt – Strekanetunnelen, Stranda kommune i Møre og Romsdal

  • Rv 717 Sund – Bradden, Rissa kommune i Sør-Trøndelag

  • Rv 78 Toventunnelen med tilknytninger i Vefsn og Leirfjord kommuner i Nordland (forutsatt tilslutning til delvis bompengefinansiering)

  • Rv 858 Ryaforbindelsen, Tromsø kommune i Troms (forutsatt tilslutning til delvis bompengefinansiering).

Rassikring er eit område som Regjeringa er særleg oppteken av. Over post 31 Rassikring, er det budsjettert med 442,5 mill. kr, ein auke med 113,5 mill. kr eller 34,5 pst. frå saldert budsjett 2008. Samla i 2009 er det planlagt å nytte om lag 650 mill. kr (inkl. ekstern finansiering) til prosjekt/tiltak med rassikringsgevinst. Dette er ein auke på om lag 130 mill. kr eller 25 pst. frå i 2008.

I 2009 er det budsjettert med 229 mill. kr til Bjørvika-prosjektet, som er i samsvar med samla finansieringsopplegg for prosjektet.

Til riksvegferjedrifta er det budsjettert med 1 776 mill. kr, ein auke på 228,6 mill. kr eller 14,8 pst. frå saldert budsjett 2008. Regjeringa har sidan ho tiltredde auka rabattsatsane på sone- og verdikort med 10 prosentpoeng. Auka rabattsatsar og m.a. høg oljepris har auka kostnadene i riksvegferjedrifta. Budsjettet til riksvegferjedrifta ligg derfor betydeleg over nivået i Nasjonal transportplan 2006–2009. Samferdselsdepartementet legg til grunn at rutetilbodet i 2009 skal oppretthaldast om lag som i 2008. Det er lagt opp til ein takstauke på 4,4 pst. frå 01.01.2009.

Det er foreslått eit samla budsjett på 727,9 mill. kr til særskilde transporttiltak, ein auke på 206,2 mill. kr eller 39,5 pst. frå saldert budsjett 2008. Av dette er 415,8 mill. kr avsett til særskilt tilskot til kollektivtransport, ein auke på 182 mill. kr eller 77,8 pst. frå saldert budsjett 2008.

Til belønningsordninga er det avsett 323,4 mill. kr, ei dobling frå saldert budsjett 2008 i samsvar med forliket på Stortinget om St.meld. nr. 34 (2006–2007). Nytt for 2009 er forslaget om å setje av 10 mill. kr til eit prøveprosjekt med samordning av bestillartransport og TT-transport. Til m.a. tilgjengetiltak og forsøk med kollektivtransport i distrikta er det foreslått sett av beløp som gir om lag same realnivå som i 2008, høvesvis 56 mill. kr og 21 mill. kr.

Til kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes er det budsjettert med 312,1 mill. kr, som er basert på ei teknisk vidareføring og prisjustering av kontrakten mellom staten og Hurtigruten ASA om trafikken på strekninga i perioden 2005–2012. I statsbudsjettet 2007 blei det innført ei NOx-avgift for m.a. innanlands sjøtransport. Samstundes blei ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift innført på nytt. Frå 01.07.2007 blei i tillegg tryggleiksbemanninga på skipa som betener strekninga teken inn under nettolønsordninga for sjøfolk. Staten og Hurtigruten ASA forhandlar om verknaden av dei nemnde endringane. Forhandlingane er ikkje avslutta. Departementet vil kome tilbake til Stortinget om situasjonen for hurtigruta på eigna måte.

Budsjettforslaget til jernbaneformål er på til saman 8 835,2 mill. kr, ein auke på 1 311,1 mill. kr eller 17,4 pst. frå saldert budsjett 2008. Jernbanesektoren er blant dei områda som ut frå sin relative storleik har fått klart størst auke i løyvingane i dei fire åra Regjeringa Stoltenberg II har lagt fram statsbudsjettet.

Som budsjett for Jernbaneverket er det avsett 7 073,2 mill. kr, ein auke på 1 261,1 mill. kr eller 21,7 pst. frå saldert budsjett 2008. Regjeringa har sidan ho tiltredde gjennomført ei historisk satsing på jernbanen etter mange år med for låge løyvingar. Foreslått jernbanebudsjett for 2009 er eit nytt stort lyft i opptrappinga.

Budsjettforslaget for Jernbaneverket er det beste jernbanebudsjettet i moderne tid (ekskl. dei åra der statlege lån til utbygging av Gardermobanen var på det høgaste). Samla budsjettframlegg for Jernbaneverket ligg om lag 1,2 mrd. kr over det årlege nivået i Stortingets vedtak om Nasjonal transportplan 2006–2015. For 2009 ligg forslaget til løyvingar både til drift og vedlikehald og investeringar høgt over nivået i Nasjonal transportplan, høvesvis om lag 510 mill. kr og om lag 670 mill. kr.

Til Jernbaneverkets drifts- og vedlikehaldsbudsjett er det avsett 3 800,9 mill. kr, ein auke på 411,3 mill. kr eller 12,1 pst. frå saldert budsjett 2008. Samanlikna med 2008 er vedlikehaldsbudsjettet styrkt monaleg, i hovudsak for å halde fram med det viktige vedlikehalsarbeidet i Oslo-tunnelen og på strekninga mellom Etterstad og Skøyen som er sett i gang i 2008, jf. St.prp. nr. 59/Innst. S. nr. 270 (2007–2008).

Når det gjeld investeringar i lina, er det budsjettert med 3 199,1 mill. kr, ein auke på heile 850 mill. kr eller 36,2 pst. frå saldert budsjett 2008. Regjeringa legg stor vekt på å gjennomføre jernbaneprosjekt som er sette i gang med rasjonell framdrift.

Det er for 2009 m.a. avsett til viderføring av store igansette prosjekt:

  • 840 mill. kr til nytt dobbeltspor på strekninga Lysaker – Sandvika

  • 260 mill. kr til Lysaker stasjon

  • 761 mill. kr til dobbeltspor på strekninga Sandes – Stavanger

  • 144 mill. kr til fjernstyring på Nordlandsbanen, strekningane Grong – Mosjøen og Mosjøen – Bodø

  • 100 mill. kr til nytt dobbeltspor Bergen stasjon – Fløen

Det er avsett høvesvis 52,4 mill. kr og 8 mill. kr til sluttfinansiering av prosjekta Ganddal godsterminal og Brattøra godsterminal, jf. Nordre avlastingsveg.

Det er for 2009 m.a. avsett midlar til oppstart av følgjande nye store prosjekt:

  • 160 mill. kr til nytt dobbeltspor på strekninga Barkåker – Tønsberg på Vestfoldbanen

  • 150 mill. kr til nytt Gevingsåsen tunnel på Nordlandsbanen

Det er innanfor Jernbaneverkets budsjett for 2009 avsett om lag 580 mill. kr til prosjekt og tiltak med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar m.a. midlar til godsterminalane i Ganddal, Brattøra og Alnabru godsterminal (nord), midlar til kryssingsspor, m.a. Berg kryssingsspor på Østfoldbanen, Jensrud kryssingsspor på Gjøvikbanen, og kryssingsspora Nodeland og Ualand på Sørlandsbanen, forutan fleire mindre kapasitetsaukande tiltak på jernbanenettet.

Det er òg avsett midlar til planlegging av m.a. Alnabru godsterminal (containerterminal sør), dobbeltspor Eidsvoll – Hamar, dobbelspor Holm – Holmestrand – Nykirke og dobbeltspor Oslo S – Ski (inkl. Ski stasjon).

Til persontransport med tog er det avsett 1 724,7 mill. kr. Av dette beløpet er 10,2 mill. kr avsett som mellombels avtalt kompensasjon til Buskerud fylkeskommune for overføring av ansvaret for lokaltog mellom Geilo og Oslo (Vøgne) og overføring av ansvaret for togtrafikken på Bratsbergbanen til Telemark fylkeskommune.

Det er budsjettert med 1 714,5 mill. kr til kjøp av persontransport med tog, om lag same realnivå som saldert budsjett 2008. Dette er i samsvar med den rammeavtalen som er inngått for perioden 2007–2010 om kjøp av persontransport med tog mellom NSB AS og Samferdselsdepartementet, og avtalen med NSB Gjøvikbanen AS om persontogtilbodet på Gjøvikbanen. Departementet legg opp til at togtilbodet i 2009 skal styrkjast innanfor avsett kjøpsbeløp.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått eit budsjett på 37,3 mill. kr, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2008.

Samla budsjettforslag for post og telekommunikasjonar på 205,1 mill. kr er det same som budsjettforslaget for Post- og teletilsynet. Budsjettframlegget inneber ein reduksjon på 2,9 mill. kr eller 1,4 pst. frå saldert budsjett 2009.

Det er som i dei siste åra heller ikkje for 2009 foreslått løyving til statleg kjøp av posttenester inkl. banktenester. Det vil bli arbeidd med å finne fram til ein modell som betre reknar ut nettotapet for Posten Norge ved ulønsame post- og banktenester.

Det er foreslått eit driftsbudsjett for Post- og teletilsynet på 169,1 mill. kr, medan det er avsett 11,5 mill. kr til større utstyrskjøp og vedlikehald. Driftsbudsjettet er om lag nominelt uendra frå 2008. Budsjettet til større utstyrskjøp mv. inneber ein reduksjon på 2,3 mill. kr frå saldert budsjett 2008. Til tilsynet sitt arbeid med teletryggleik og –beredskap er det budsjettert med 24,5 mill. kr, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2008.

I tråd med Regjeringa sin utbyttepolitikk er det budsjettert med eit utbytte på 221 mill. kr frå NSB AS, medan det ut frå resultatanslaga for 2008 ikkje er budsjettert med utbytte i 2009 frå Avinor AS, Posten Norge AS og Baneservice AS.

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak frå sesjonen 2007–2008

På Samferdselsdepartementets område vedtok Stortinget i sesjonen 2007–2008 to oppmodingsvedtak – vedtak nr. 402, 13. mars 2008 og vedtak nr. 450, 6. mai 2008. Oppfølginga av vedtaka er omtalt nærmare i del III i proposisjonen.

4 Diverse tabellar

Garantiordningar og -fullmakter

(i 1000 kr)

Dato siste St.vedtak

Ansvar pr. 31.12.2007

Totalramme (tak) for nytt og gammalt ansvar i 2008

Totalramme (tak) for nytt og gammalt ansvar i 2009

Restverdigaranti for togmateriell, bokførte verdiar

06.12.2007

0

2 700 000

2 974 000

Restverdigaranti for togmateriell, oppgraderingar og nyinvesteringar

06.12.2007

0

4 425 000

3 525 000

Lån til ferjer i riksvegsamband

07.12.2004

543 162

750 000

650 000

Drift av øvingsbaner for motorvognførarar

03.06.1981

3 000

3 000

3 000

AS Fastlandsfinans

10.06.1988

19 000

0

0

Sum

565 162

7 878 000

7 152 000

Det har aldri vore utbetalingar (tap) under nokon av garantiordningane.

Bestillingsfullmakter

(i mill. kr)

Kap.

Nemning

Fullmakt

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

1350

Jernbaneverket

Materiell

700

700

1380

Post- og teletilsynet

Materiell

4

4

Bruk av stikkordet «kan overførast» på andre postar enn postgruppe 30–49

       

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2008

Forslag 2009

1301

50

Samferdselsforsking

4 082

170 200

1310

70

Kjøp av innanlandske flyruter

22 630

519 900

1311

71

Tilskot til ikkje-statlege flyplassar

12 488

13 400

1320

23

Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

95 985

7 749 500

1320

29

Vederlag til OPS-prosjekt

39 346

380 100

1320

60

Forsøk

77 014

17 700

1320

72

Kjøp av riksvegferjetenester

30 283

1 776 000

1330

60

Særskilt tilskudd til kollektivtransport

9 729

415 800

1350

23

Drift og vedlikehald

85 862

3 800 900

1350

25

Drift og vedlikehald av Gardermobanen

31 426

73 200

1351

70

Kjøp av persontransport med tog

2 552

1 714 500

1380

70

Tilskot til teletryggleik og -beredskap

141

24 500

For kap. 1301, post 50 kan ein forklare stikkordet med at prosjekt/tiltak som får tilskot frå løyvinga over posten, går over fleire år. Tilskot blir i hovudsak utbetalt etter framdrift. For kap. 1310, post 70, kan stikkordet forklarast med at endringar i rammevilkår som gir grunnlag for reforhandlingar, og kostnadsendringar som følgje av nye kontraktar, gjer at det kan vere vanskeleg å budsjettere utbetalingane presist for det einskilde år. Løyvinga på kap. 1311, post 71 er gjort overførbar fordi delar av tilskotet blir utbetalt på etterskot.

For kap. 1320, postane 23, 29, 60 og 72 og kap. 1350, postane 23 og 25, er årsaka til stikkordet at løyvingane heilt eller delvis blir nytta til byggje- og anleggsarbeid som går over fleire år, og/eller materiellinnkjøp. Innanfor budsjetta til Statens vegvesen og Jernbaneverket er det dessutan i stor grad mogleg å omdisponere midlar mellom dei ulike postane. Det er derfor naturleg at også postar utover 30-postane er gjort overførbare.

Når det gjeld BRA-programmet på kap. 1330, post 60, blir halvdelen av tilskota til bykommunar og/eller fylkeskommunar utbetalt ved prosjektstart og resten når prosjektet er ferdig. Dette medfører at siste utbetalinga ikkje finn stad før året etter prosjektstart.

Ein del av løyvinga på kap. 1351, post 70, gjeld resultatavhengig tilskot/bonusutbetaling som blir utbetalt etterskotsvis, noko som ikkje alltid skjer i budsjettåret.

Post- og teletilsynet pålegg leverandørar av elektroniske kommunikasjonsnett og –tenester som tilsynet har inngått avtale med, å kjøpe beredskapsmateriell. For å sikre at leverandørane får betalt, dersom materiellet blir forseinka, er kap. 1380, post 70, gjort overførbar.

Budsjettendringar på utgiftskapittel etter saldert budsjett 2008

(i 1000 kr)

Kap.

Post

St.prp. nr.

Innst. S. nr.

Saldert budsjett 2008

Endring

Revidert budsjett

1300

72

59

270

2 400

-200

2 200

1301

50

59

270

152 600

5 000

157 600

1320

72

59

270

1 547 400

115 000

1 662 400

1350

23

59

270

3 389 600

100 000

3 489 600

1350

30

59

270

2 349 100

23 800

2 372 900

1351

70

59

270

1 660 600

-60 000

1 600 600

Budsjettendringar på inntektskapittel etter saldert budsjett 2008

(i 1000 kr)

Kap.

Post

St.prp. nr.

Innst. S. nr.

Saldert budsjett 2008

Endring

Revidert budsjett

4350

37

59

270

0

23 800

23 800

5611

85

59

270

349 000

53 000

402 000

5618

85

59

270

506 000

91 000

597 000

5622

85

59

270

398 000

-1 000

397 000