St.prp. nr. 18 (1996-97)

Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån

Til innholdsfortegnelse

3 Statens lån i utlandet

3.1 Forvaltninga av utanlandsgjelda

Finansdepartementet har for 1996 fullmakt til å ta opp nye statslån i utlandet for eit beløp som motsvarer 10 000 mill. kroner rekna etter valutakursane 30. september 1995. Det er ikkje tatt opp lån under denne ramma hittil i 1996.

Som rapportert for tidlegare år, har Finansdepartementet også i 1996 inngått rente- og valutabyteavtalar for å få den rente- og valutaeksponeringa ein finn ønskjeleg. Avtalane som er inngått det siste året har alle vore transaksjonar for å betre avkastninga på Noregs Banks immuniseringsportefølje samtidig som sikringa av staten utanlands blir oppretthalden, jf. pkt. 3.2. Finansdepartementet vurderer løpande bruken av ulike instrument i kapital- og valutamarknadene for å oppnå den samansetjinga av porteføljen som ein til ei kvar tid finn mest høveleg.

Det vil kunne vere ein viss risiko for at motparten i desse avtalane ikkje vil vere i stand til å oppfylle sine skyldnader. Sjølv om skyldnader og tilgodehavande på avtaletidspunktet balanserer, vil utviklinga i valutakursane og i rentenivået kunne føre til at det byggjer seg opp relativt betydelege skyldnader eller tilgodehavande på ein enkelt motpart. Finansdepartementet gjer derfor berre avtalar med velrenommerte finansinstitusjonar som blir vurderte som særleg kredittverdige av dei største kredittvurderingsselskapa. Skyldnader under rente- og valutabytteavtalar blir avrekna mot Finansdepartementets fullmakter for utanlandslån.

Tabell 3.1 Statens utanlandsgjeld pr. 30. september 1996. Skyldnader i dei ulike valutaene*)

Pålydande i mill.Omrekna til mill. kronerAndel i prosent
Tyske mark5 245,822 352,942,9
Amerikanske dollar1 775,811 555,822,1
Japanske yen157 017,09 167,317,6
ECU (den europeiske pengeeininga)107,4873,21,7
Pund sterling297,13 018,85,8
Franske franc2 074,42 613,15,0
Belgiske franc5 510,61 140,62,2
Kanadiske dollar300,01 431,52,7
Svenske kroner2,82,80,0
Totalt52 156,0100,0

*) Omsyn tatt til gjennomførde valutabyteavtalar.

Tabell 3.1 viser statens utanlandsgjeld fordelt på valutaslag. Rekna etter valutakursane 30. september 1996 utgjer denne porteføljen motverdien av 52 156 mill. norske kroner. Renta for 75,4 pst. av gjelda var fast for heile løpetida medan resten var knytt til utviklinga i interbankrenta. Staten har berre tatt opp lån med 5 til 10 års løpetid.

Ein reknar med at det framleis vil vere føremålstenleg å ha fullmakt for opptak av nye statslån i valuta. Det synest uaktuelt å ta opp nye utanlandslån av pengepolitiske årsaker, men av reint forretningsmessige årsaker vil det også i 1997 vere føremålstenleg å ha høve til å ta opp nye lån i situasjonar der dette kan føre til lågare kostnader eller mindre risiko samla sett for statens gjeldsforvaltning. På denne bakgrunnen foreslår ein at Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp inntil 10 mrd. kroner i nye lån i utlandet. Under denne ramma vil ein også rekne eventuelle lån frå Den europeiske investeringsbanken (EIB). Under EØS-avtalen har banken reservert ei ramme for EFTA-land på 1 mrd. ECU som står til disposisjon for statlege og ikkje-statlege prosjekt. Statlege prosjekt som kan oppnå EIB finansiering er norske investeringar under programmet for det transeuropeiske transport- og energinettverket (TEN). Lån frå EIB vil bli vurdert og utnytta i den grad desse er like gunstige som vanlege låneopptak i utanlandsmarknaden.

Som eit ledd i forvaltninga av låneporteføljen vurderer ein tilbakekjøp av obligasjonar i uteståande lån med tanke på å redusere nettokostnadene når ein ser statens utanlandsgjeld og Noregs Banks immuniseringsportefølje under eitt. Tilbakekjøp blir rekna som ekstraordinære avdrag, men det kan vere aktuelt å sitje med dei oppkjøpte obligasjonane som ei eigenbehaldning. I den grad det er føremålstenleg tek ein likevel sikte på å nedskrive dei tilbakekjøpte obligasjonane mot lånet. I mars 1995 kjøpte Finansdepartementet tilbake eit mindre privatplassert lån med ein marknadsverdi på 66,6 mill. amerikanske dollar. Dei tilbakekjøpte obligasjonane vart nedskrivne 31. desember 1995. I tillegg til dei obligasjonane Finansdepartementet har kjøpt tilbake, har Noregs Bank for eiga rekning kjøpt norske statsobligasjonar denominert i utanlandsk valuta. Samla pålydande verdi for Noregs Banks behaldning av slike obligasjonar pr. 30. september i år motsvarde 647,7 mill. norske kroner.

Oppstillinga i tabell 3.2 viser utviklinga i statens utanlandsgjeld dersom foreslått fullmakt for nye lån i 1997 blir nytta fullt ut.

Tabell 3.2 Statens uteståande gjeld i utanlandsk valuta*)

Mill. kroner
Gjeld pr. 31. desember 1995**)61 409
-berekna endring på gamle lån i 1996***)15 885
+låneopptak i 19960
=Gjeld pr. 31. desember 1996****)45 524
-avdrag i 1997****)24 134
+forslag til fullmakt for nye lån i 199710 000
=Maksimal gjeld pr. 31. desember 1997*****)31 390

*) Berekningane er gjorde på grunnlag av faktiske skyldnader, dvs. at ein har tatt omsyn til gjennomførde valutabyteavtalar.

**) Netto gjeld under separate valutabyteavtalar som er inngått i tilknyting til dei ulike låna er 2 956 mill. kroner.

***) Av dette skriv 14 953 mill. kroner seg frå avdrag og 932 mill. kroner frå gevinst som følgje av valutakursendringar rekna på grunnlag av kursane 30. september 1996

****) Utrekna på grunnlag av valutakursane 30. september 1996.

*****) Ved full utnytting av ramma for 1997.

3.2 Samordninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar

Ved sida av rentene som blir betalte på låna, vil kostnadene ved opplåning i utanlandsk valuta vere sterkt avhengig av utviklinga i valutakursane. Normalt ventar ein at valutaer med høg rente vil falle i verdi, medan lågrentevalutaer vil stige i verdi. Over tid kan ein vente at lånekostnadene i ulike valutaer vil vere om lag like store når ein tek omsyn til valutakurstap/-gevinst. Det er likevel stor uvisse knytt til kursutviklinga, og lånekostnadene kan derfor variere sterkt.

For å minimere denne uvissa for statsforvaltninga har Noregs Bank og Finansdepartementet sidan utgangen av 1994 samordna forvaltninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar. Som omtalt i lånefullmaktsproposisjonen for 1996, St prp nr 14 (1995-96), skilte Noregs Bank ut ein del av valutareservane (kalla «immuniseringsporteføljen») svarande til storleiken på statens utanlandsgjeld, og plasserte denne med ei samansetjing som om lag svarer til eksponeringa på gjelda. I praksis er dette ordna slik at det for kvart utanlandslån staten har, finst eit motsvarande tilgodehavande i immuniseringsporteføljen i same valuta og med om lag same durasjon og løpetid. Rente- og valutakursrisikoen ved statens utanlandsgjeld er dermed langt på veg nøytralisert gjennom Noregs Banks plasseringar. Denne sikringa vil kunne bli redusert dersom det skulle bli aktuelt å nytte større deler av Noregs Banks valutareservar til intervensjonar.

Den rekneskapsmessige samordninga vart gjennomførd 1. januar 1995 ved at staten oppretta ein valutainnskotskonto i Noregs Bank svarande til verdien av immuniseringsporteføljen. Valutainnskotskontoen vart oppretta ved ompostering under statens konsernkonto (statens kontantbehaldning i Noregs Bank). Noregs Banks avkastning på immuniseringsporteføljen blir godskriven/belasta 1 staten, og Noregs Bank har dermed ikkje lenger nokon risiko i eiga rekning knytt til den delen av valutareserven som er avsett til sikring av statens utanlandsgjeld.

Figur 3.1 gjev eit bilete av samordninga mellom Noregs Banks immuniseringsportefølje og statens utanlandsgjeld pr. 30 september i år. Valutafordelinga i dei to porteføljane er nesten identisk, medan det er enkelte marginale avvik når det gjeld durasjon. Sett under eitt er valutarisikoen såleis nær eliminert og renteriskoen svært liten.

Figur 3.1 Immuniseringsporteføljen og gjeldsporteføljen pr. 30. september 1996.

Figur 3.1 Immuniseringsporteføljen og gjeldsporteføljen pr. 30. september 1996.

Kilde: Kjelde: Noregs Bank og Finansdepartementet.

Fotnoter

1.

Pga. kurstap kan denne avkastninga i perioder bli negativ.