St.prp. nr. 18 (1996-97)

Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån

Til innholdsfortegnelse

2 Innanlandske lån

2.1 Langsiktige lån

Opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden har sidan 1991 hovudsakleg skjedd gjennom auksjon av obligasjonar. Ein har lagt vekt på å skape ein oversiktleg og likvid marknad, og ein har derfor konsentrert opplåninga om eit fåtal lån som gradvis blir bygde opp til relativt store beløp. Ein kan derfor få store forfall i enkelte år og små eller ingen forfall i andre år. Desse låna tener som referanselån i den norske obligasjonsmarknaden. Det er for tida fem slike statslån i marknaden, jf. tabell 2.1.

Tabell 2.1 Statsobligasjonar. Uteståande i referanselån pr. 30. september 1996

VerdipapirnummerFørste gang utlagtForfallNominelt pålydande beløp (mill. kroner)Rentekupong (pst.)Effektiv marknadsrente*) (pst.)
100462jan. 199231.01.9930 0009,005,62
100466mai 199531.05.0119 0007,006,14
100463okt. 199231.10.0220 0009,506,40
100465nov. 199330.11.0420 0005,756,68
100467jan. 199615.01.0714 0006,756,86

*) Gjennomsnittleg salsrente notert av primærhandlarane 30. september 1996.

Salet av statsobligasjonar skjer hovudsakleg ved auksjonar som blir annonserte på førehand i ein auksjonskalender. I perioden frå og med november 1995 til og med 11. november 1996 har ein avvikla seks auksjonar. I november 1995, og i mars og november 1996 vart 5-årslånet (vnr. 100466) utvida. I januar i år vart det opna eit nytt 11-års lån (vnr. 100467), som vart utvida i mai og september. Auksjonar av statsobligasjonar er opne for alle, og kvar enkelt budgjevar kan gje fleire bud. Kursen på obligasjonane blir fastsett etter prinsippa for såkalla hollandsk auksjon, dvs. at alle som har gitt aksepterte bud, får tildelt obligasjonar til eins pris.

Tabell 2.2 Opptak av innanlandske obligasjonar frå og med 1. november 1995 til og med 11. november 1966

AuksjonsdatoVerdipapirnr.Kupong (pst.)Auksjonert beløp (pålydande mill. kr)Effektiv rente (pst.)
27.11.951004667,003 0005,98
08.01.961004676,757 0006,71
11.03.961004667,004 0006,27
06.05.961004676,754 0007,08
02.09.961004676,753 0007,16
11.11.961004667,003 0005,56

Endringar i rentenivået kan gje over- eller underkurs når ein utvidar eksisterande lån. To av auksjonane i 1996 vart teikna til underkurs, medan tre vart teikna til overkurs. Samla underkurs var 190 mill. kroner, medan samla overkurs var 313 mill. kroner. Samla netto lånebeløp ved auksjonane hittil i 1996 er 21 123 mill. kroner.

Overkurs blir i samsvar med Stortingets vedtak i juni 1993, jf. St prp nr 78 og Innst S nr 240 for 1992-93, fordelt over attståande løpetid på dei aktuelle låna. På grunnlag av omtale i Finansdepartementets budsjettproposisjon for 1994 (St pr nr 1(1993-94)) praktiserer ein eit tilsvarande opplegg for underkurs, men ein har her valt å ta underkursen til utgift i statsrekneskapen over ein 3-års periode, eller raskare dersom lånet har kortare løpetid.

Finansdepartementet tek i 1997 sikte på å dekkje ein vesentleg del av statens lånebehov på 38,9 mrd. kroner ved opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden. For å oppretthalde den nødvendige handlefridomen i finansieringa av staten, vil Finansdepartementet be om at fullmakta til å ta opp nye langsiktige lån innanlands blir sett til 50 000 mill. kroner.

Som eit ledd i forvaltninga av eksisterande lån kan det bli aktuelt å kjøpe tilbake obligasjonar. Eventuelle tilbakekjøp vil bli rekna som ekstraordinære avdrag. Eventuelle tilbakekjøpte obligasjonar kan bli haldne som ein eigenbehaldning, eller ein kan nedskrive dei mot det aktuelle lånet. I 1995 kjøpte Noregs Bank tilbake obligasjonar for vel 5 mrd. kroner i et lån på 20 mrd. kroner med forfall 28. februar 1996, og selde seinare obligasjonar for 5 mrd. kroner vidare til Finansdepartementet. Tilbakekjøpet vart gjort dels for å redusere likviditetseffekten i marknaden ved forfall og dels fordi obligasjonane vart kjøpte til kursar som var lønnsame for staten og Noregs Bank samla. Den 7. mars i år sette Noregs Bank på vegne av Finansdepartementet fram tilbod om å kjøpe tilbake obligasjonar i tre av statens eldre og mindre likvide avdragslån. Kursane vart fastsette av Finansdepartementet på grunnlag av kursane i andrehandsmarknaden på statens referanselån med fråtrekk av ein liten margin. Tilbodet sto fast ein time, men det viste seg ikkje å vere interesse for dette i marknaden.

Opptak av nye lån i 1997 er i hovudsak tenkt å skje etter dei same linjene som føregåande år, med eventuelle justeringar i salsmetoden. Det kan bli aktuelt å vurdere nye låneinstrument i tillegg til dei instrumenta ein nyttar i dag.

Langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet blir avrekna under ramma for langsiktige lån. Sidan september 1991 har ein hatt ei ordning for Folketrygdfondet med plassering av midlar i form av kontolån på vilkår som, så langt det er mogeleg, tilsvarar vilkåra for nyare statslån som blir omsette i marknaden. Pr. 30. september 1996 var uteståande i slike lån 26 500 mill. kroner.

Tabell 2.3 viser uteståande beløp dersom fullmakta for nye langsiktige lån på 50 000 mill. kroner i 1997 blir nytta fullt ut.

Tabell 2.3 Uteståande langsiktige statslån innanlands*) Mill. kroner

Uteståande 31. desember 1995156 385
- avdrag i 199631 274
+ berekna låneopptak i 199630 000
= Uteståande 31. desember 1996155.111
+ forslag til fullmakt for nye lån i 199750 000
- avdrag i 19973 262
= Maksimalt uteståande 31. desember 1997**)201.849

*) Inkl. tidlegare utlagde premieobligasjonslån og spareobligasjonslån samt kontolån frå Folketrygdfondet.

**) Ved full utnytting av ramma for 1997.

2.2 Grunnkjøpsobligasjonar

Ordninga med bruk av grunnkjøpsobligasjonar ved offentleg overtaking av grunn vart foreslått i St prp nr 38 (1964-65), Om fullmakt til å utferde spesielle grunnkjøpsobligasjonar. Ordninga er avvikla, men det kan framleis utferdast grunnkjøpsobligasjonar for oppgjer som vart avtalte før 31. desember 1991.

Den gjeldande fullmakta til å utferde grunnkjøpsobligasjonar er på 3 400 mill. kroner (jf. St prp nr 14 og Innst S nr 39 for 1995-96). Denne fullmakta omfattar etter det innarbeidde opplegget summen av dei grunnkjøpsobligasjonane som har vorte utferda sidan ordninga vart innførd. Pr. 31. desember 1995 var statens gjeld under grunnkjøpslån på 570,6 mill. kroner. Ein har då tatt omsyn til avdrag og andre tilbakebetalingar på desse låna. Ved utgangen av 3. kvartal 1996 var 3 322 mill. kroner av fullmakta nytta, dvs. at 78 mill. kroner stod unytta. Dei siste 12 månadene fram til 30. september 1996 har det ikkje vore utferda grunnkjøpsobligasjonar, men ein kommune har søkt og fått løyve til kjøp av grunnkjøpsobligasjonar for om lag 2 mill. kroner.

Ein foreslår at fullmakta blir halden uendra på 3 400 mill. kroner og at ein under denne ramma også kan utferde grunnkjøpsobligasjonar i 1997 for oppgjer som vart avtalte før 31. desember 1991.

2.3 Kortsiktige lån

2.3.1 Kortsiktige marknadspapir

Fullmakta under kortsiktige marknadspapir omfattar opplåning i form av statssertifikat og andre kortsiktige verdipapir. Folketrygdfondets kontolånsplasseringar til statskassen som er knytt til avkastninga på konkrete kortsiktige statspapir, blir også avrekna under denne fullmakta. Sal av kortsiktige statspapir utgjer eit vesentleg element i den pengepolitiske styringa. Fullmaktene under kortsiktige lån er utforma som ei ramme for maksimalt uteståande beløp og ikkje som ei ramme for nye låneopptak. Ved Stortinget sitt vedtak i 1995, jf. St prp nr 14 og Innst S nr 39 for 1995-96, vart Finansdepartementet si fullmakt til å ha slike lån sett til 100 000 mill. kroner. Pr. 30. september 1996 hadde staten 34 mrd. kroner uteståande i statssertifikat under denne fullmakta. I tillegg var det kontolånsplasseringar for 12,3 mrd. kroner og statskassevekslar for om lag 0,7 mill. kroner. Salet av statssertifikat skjer no hovudsakleg gjennom månadlege auksjonar i samsvar med eit fast program som er annonsert gjennom ein auksjonskalender.

Kortsiktige marknadspapir blir nytta i den pengepolitiske styringa og det er derfor behov for romslege rammer. Ein foreslår såleis at fullmakta til å ha kortsiktige lån blir halden uendra på 100 000 mill. kroner.

2.3.2 Andre kortsiktige lån

Fullmakta for andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond saman med eventuelle kontolån frå institusjonar med statleg finansiering som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Pr. 30. september 1996 var dei totale plasseringane under fullmakta 46,3 mrd. kroner.

Postbanken (Postgirodelen), som er den største plasseraren, hadde pr. 30. september 1996 plassert 47,8 mrd. kroner under denne ordninga. Postbankens plasseringar har i hovudsak sitt grunnlag i likviditetsoverskotet på inn- og utbetalingar til og frå staten (m.a. skattar). Ordninga med at Postbanken plasserer ein del av sin likviditet som kontolån til staten er nedtrappa, og banken kan ikkje lenger plassere midlar som skriv seg frå vanleg bankverksemd under denne ordninga. Konsernkontoordninga for staten, som er under innføring, vil dessutan føre til at inn- og utbetalingar som tidlegare har blitt ståande ein eller fleire dagar i betalingssystemet (Postbanken og andre bankar), skal overførast statens konto i Noregs Bank med valutering same dag som betalinga skjer. Postbanken er etter dagens ordning pålagd å plassere den likviditeten banken får ved statlege betalingar som uforrenta kontolån til staten.

På bakgrunn av at Postbanken har store plasseringsbehov rundt skatteinnbetalingane foreslår ein at fullmakta til å ha andre kortsiktige lån blir auka til 90 000 mill. kroner. Ramma for inneverande år på 70 000 mill. kroner har ved eitt tilfelle vore fullt utnytta, og med vekst i statlege betalingar reknar ein med at plasseringsbehovet rundt skatteterminar kan bli større enn 70 mrd. kroner.