St.prp. nr. 24 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 7. påfyllinga i Det afrikanske utviklingsfondet, AfDF

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

Proposisjonen gjeld forhandlingane om den 7. påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet, AfDF. AfDF er ein del av Afrikabankgruppa og gjev utlån på mjuke vilkår til afrikanske land. Fram til og med den sjette påfyllinga av AfDF vart fondet fylt på med gåvemidlar om lag tredje kvart år etter føregåande tingingar mellom gjevarlanda om mellom anna storleik, byrdefordeling og utviklingspolitiske målsetjingar for fondet. Problem med drifta av banken og usemje mellom dei ikkje-afrikanske medlemslanda og låntakarlanda om viktige element i utlånspolitikken førte til at forhandlingane om den 7. påfyllinga drog ut. Men striden om utlånspolitikken vart tilfredsstillande løyst, og hausten 1995 sette den nyvalde presidenten i gang omfattande reformer i banken. Både innhaldet i og gjennomføringa av reformene vert hittil vurderte som lovande, og tingingane vart på bakgrunn av denne positive utviklinga tekne opp att og seinare endeleg avslutta i juni 1996. Resultatet vart ei samla påfylling på 2,02 milliardar dollar, og Noreg sin del av dette er på 613 millionar kroner fordelt over 3 år. Dette utgjer 3,54 prosent av påfyllinga, som òg har vore Noreg sin del i tidlegare påfyllingar. Tilskot til AfDF går over kap. 0163, post 72 «Innskudd i Den afrikanske utviklingsbank og fond (AfDF)».