St.prp. nr. 24 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 7. påfyllinga i Det afrikanske utviklingsfondet, AfDF

Til innholdsfortegnelse

3 Forhandlingsprosessen (AfDF 7)

Første forhandlingsmøtet vart halde i mai 1993, og forhandlingane vart endeleg avslutta i Osaka i juni 1996. Til saman vart det halde 12 møte. I forhandlingane deltok representantar for 24 gjevarland saman med presidenten og eit sekretariat frå banken. Sentrale tema var utlånspolitikken, reformer internt i banken, samla påfyllingsnivå og byrdefordeling gjevarlanda imellom. Forhandlingane varte vesentleg lengre enn venta, og var ei tid avbrotne. Årsaka til dette var ei generell og stigande misnøye med drifta av banken og usemje mellom gjevarsida og dei afrikanske landa om viktige element i utlånspolitikken. Uvisse om USA sitt bidrag og påfølgjande diskusjonar om korleis reduksjonen i USA sitt bidrag skulle taklast, tok òg mykje tid i siste fasen av forhandlingane.

Dei nordiske landa har samarbeidd tett og saman spela ei viktig rolle i tingingane. Utgangspunktet har vore å få AfDF, som den einaste pan-afrikanske finansieringsinstitusjonen av noko omfang i, til å fungere etter føresetnadene slik at banken kan spele ei viktig rolle både som finansieringskanal og for å medverke til kapasitetsoppbygging og kompetanseheving på kontinentet. Ved to høve har dei nordiske landa lagt fram felles posisjonsnotat om sentrale tema for forhandlingane. Desse dokumenta har hatt ein klar innverknad på forhandlingsresultatet.

Sentrale forhandlingsspørsmål

Det var brei semje mellom gjevarlanda om dei politiske prioriteringane for verksemda i fondet, og tre prioriterte område vart peika ut: Fattigdomsreduksjon, vern av miljøet og betring av levekåra for kvinner. Desse områda heng nær saman med kvarandre, og det vil bli ei utfordring for banken å identifisere og prioritere prosjekt der ein betre kan utnytte desse samanhengane. Ein viktig del av strategien for fattigdomsreduksjon vil vere å prøve å medverke til at låntakarlanda set av nok offentlege ressursar til primærhelsetenester og grunnskuleutdanning. Fattigdomsaspektet må reflekterast i alle aktivitetar i fondet, og skal vere ein sentral del av landstrategidokumenta som vert utarbeidde for långjevinga til dei einskilde medlemslanda. For å styrkje banken sin innsats på desse områda vart det òg vedteke å setje i gang eit program for støtte til mikrokreditt-prosjekt og småindustriføretak. Programmet skal fokusere på långjeving til grupper som elles ikkje har tilgang på kreditt, og det vil bli lagt spesiell vekt på å leggje tilhøva til rette for kvinnelege entreprenørar. Ressursane til denne typen tiltak vil m.a. bli kanaliserte gjennom frivillige organisasjonar som har tilstrekkeleg lokal grasrotkontakt. Når det gjeld tiltak retta inn mot kvinner, vil det bli lagt vekt på å styrkje utdanningstilbodet for jenter og å gje kvinner betre tilgang til kreditt. Både miljø- og kvinneaspektet skal elles integrerast i alle operasjonelle aktivitetar i banken på ein meir systematisk måte enn hittil. Som ein konsekvens av dei politiske prioriteringane vil fondet måtte engasjere seg meir i landbruks- og matproduksjon og i grunnleggjande offentlege tenester innan grunnskuleutdanning, primærhelseteneste og befolkningskontroll. Målsetjinga for AfDF 7-perioden er at 20-25 prosent av utlåna skal gå til dei omtala offentlege tenestetilboda, slik at desse områda til saman vil utgjere størstedelen av fondet sitt engasjement.

Eit sentralt tema først i forhandlingsperioden var utlånspolitikken i banken. Gjevarlanda, inklusive Noreg, ønskte å få slutt på at fattige og gjeldstyngde land tok opp lån på kommersielle vilkår i banken. Bakgrunnen for dette standpunktet var at desse landa ikkje ville klare betalingsvilkåra for denne typen lån. Av omsyn til sin eigen nasjonaløkonomi, men òg av omsyn til banken si finansielle stilling, bør desse landa avgrense sine låneopptak til fondsdelen. Dei afrikanske landa på si side meinte på prinsipielt grunnlag at alle medlemsland måtte ha rett til å ta opp lån i sin "eigen" bank, og at fondsmidlane heller ikkje på nokon måte var tilstrekkelege for dei lånebehov desse landa hadde. Usemja førte til at forhandlingane vart avbrotne i eitt år, til partane i 1985 vart samde om at Afrikabanken inntil vidare skulle følgje Verdsbanken si landgruppering for tilgang til lån frå høvesvis banken og fondet. I praksis medfører dette at 39 medlemsland berre har høve til å ta opp lån i fondet, tre medlemsland kan i prinsippet få lån både frå fonds- og bankdelen, og 11 medlemsland kan berre ta opp lån i bankdelen.

Etter valet av ny president i Afrikabanken i mai 1995 vart det sett i gang eit omfattande reformprogram. Hovudelementa er omstrukturering av organisasjonen, som m.a. inneber ein stor reduksjon av staben og utskifting av leiarar, tiltak for å betre kvaliteten på den operasjonelle verksemda i banken og betre økonomisk styring. Gjevarlanda ser på utviklinga i banken som positiv, og den gode implementeringstakten for interne reformer i banken var eit viktig element for at forhandlingane kunne takast opp att og avsluttast.

Innbetalingane til AfDF er normalt delte opp i tre transjar. Under forhandlingane kom ein til semje om å knyte nærare spesifiserte vilkår til utbetaling av den einskilde transje. Etter inngåande drøftingar vart partane samde om at det skulle stillast krav med omsyn til tilfredsstillande forbetring av kvaliteten på dei operasjonelle aktivitetane i banken, betre økonomisk styring og gjennomføring av reformer i den institusjonelle styringa av banken. Mekanismen gjer at gjevarane har ein viss garanti for at midlar ikkje blir utbetalte dersom utviklinga i banken ikkje skulle vise seg å bli tilfredsstillande dei næraste åra.

Samla nivå på påfyllinga og byrdefordeling mellom gjevarane viste seg å vere særleg kompliserte tema under forhandlingane. Då forhandlingane starta, blei det lagt opp til ei relativt stor påfylling, om lag på same nivå som for den føregåande (AfDF 6). Men etter som bistandsbudsjetta i ei rekkje land vart reduserte under forhandlingsperioden, blei det etter kvart klart at dette nivået var urealistisk. Relativt seint i forhandlingane kom det så fram at USA, som tradisjonelt har vore den største bidragsytaren, ville redusere sitt bidrag vesentleg meir enn venta, til berre 200 mill. dollar. Dette førte til lange og vanskelege drøftingar om korleis eit slikt avvik frå den tradisjonelle byrdefordelinga skulle taklast. Canada og Japan ønskte òg å redusere sine tilskot på grunn av innanlandske budsjettproblem. I tillegg reduserte Sverige sin del frå 4,5 til 4,0 prosent under tilvising til at dei ikkje ønskte å stå for ein høgare prosentdel enn noko G7-land (både Storbritannia og Italia har under 4 prosent). Nederland og Sveits var villige til å gå noko opp. Frå norsk side var ein villig til å halde på den tradisjonelle parten på 3,54 prosent, men stilte krav om at ei rimeleg byrdefordeling med brei deltaking vart oppnådd.

Denne løysinga, der USA beheldt ein formell part på 10 prosent i det som vert omtala som kjernepåfyllinga, gav ei samla påfylling i fondet på 1,6 milliardar dollar.

Mange land meinte at denne løysinga ville gje for låg påfylling av fondet, ettersom flesteparten av låntakarlanda no må avgrense sine låneopptak til fondsdelen og på bakgrunn av dei behov dei fattigaste landa har for bistand. Nokre få land, mellom dei USA, gav på førehand signal om at dei ikkje ville vere med på ei ekstraordinær tilleggspåfylling. Elles var det relativt stor semje om å freiste å komme fram til ei tilleggspåfylling basert på den tradisjonelle byrdefordelinga. Byrdefordelinga frå kjernepåfyllinga vart stort sett ført vidare, bortsett frå at Tyskland i protest mot nokre av dei andre G7-landa sine reduksjonar i kjernepåfyllinga reduserte sin part i tilleggspåfyllinga. Forhandlingane resulterte i ei tilleggspåfylling på 420 mill. dollar.

På same måten som for kjernepåfyllinga vart det vedteke at innbetalinga av tilleggspåfyllinga skulle gjerast avhengig av tilfredsstillande utvikling i banken. Resultatet vart at 35 prosent av tilleggspåfyllinga vert innbetalt samtidig med andre transjen av kjernepåfyllinga og dei resterande 65 prosent saman med tredje og siste transjen av kjernepåfyllinga.