St.prp. nr. 24 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 7. påfyllinga i Det afrikanske utviklingsfondet, AfDF

Til innholdsfortegnelse

5 Det norske bidraget til AfDF 7

Kvart lands bidrag til AfDF 7 vert fastsett i UA (Units of Accounts), som svarar til SDR (Special Drawing Rights). Bidraget er fastsett til 47.038.876 UA for kjernepåfyllinga og 17.700.000 UA for tilleggspåfyllinga. For AfDF 7 er omrekningskursen for Noreg sett til 1UA lik 9.469.718 kroner. Det norske bidraget til AfDF 7 vil dermed utgjere 445.444.892 kroner for kjernepåfyllinga og 167.614.009 kroner for tilleggspåfyllinga. Til saman blir det norske bidraget på 613.058.901 kroner.

Før AfDF 7-forhandlingane vart endeleg avslutta, vart det i samband med førehavinga av statsbudsjettet for 1996 løyvd 190 mill. kroner over Kap. 163, post 72 «Innskudd i Den afrikanske utviklingsbank og fond» til eventuell deltaking i fondspåfyllinga. Løyvinga dekkjer den første av tre årlege innbetalingar. Resten av det norske AfDF 7-bidraget vil bli innbetalt dei kommande åra, og dei respektive løyvingsframlegga vil bli fremja for Stortinget i budsjetta for 1997 og 1998.