St.prp. nr. 24 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 7. påfyllinga i Det afrikanske utviklingsfondet, AfDF

Til innholdsfortegnelse

2 Bakgrunn

Den afrikanske utviklingsbanken oppretta i 1972 Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF) for å kunne gje lån på rimelege vilkår til dei fattigaste landa i regionen. Noreg har vore medlem frå starten av. Stortinget gav si tilslutning til medlemskap 6. juni 1973, jf St.prp. nr. 104 (1972-73).

I avtalen om opprettinga av fondet er det føresett at fondet jamleg vert fylt på, og det er til no gjennomført 6 påfyllingar. Den siste påfyllinga av fondet vart gjort i 1991 for perioden 1991-93. Den samla påfyllinga var på 20,5 milliardar kroner, og det norske tilskotet var på til saman 784 mill. kroner, jf St.prp. nr. 76 (1990-91) og Innstilling S.nr. 198 (1990-91).

Den afrikanske utviklingsbanken og Det afrikanske utviklingsfondet, som ofte vert omtala som Afrikabankgruppa, har felles styre og administrasjon. Banken finansierer sine utlån ved låneopptak i internasjonale kapitalmarknader på grunnlag av aksjeinnskot (i form av garantidel og faktisk innskot) frå medlemene. Fondet finansierer derimot sine utlån gjennom bidrag frå gjevarland og no etter kvart tilbakebetalingar på gamle lån. Banken låner ut på marknadsbaserte vilkår, men lånevilkåra er vanlegvis monaleg betre enn det einskilde afrikanske låntakarlandet kunne oppnådd på kapitalmarknadene på eiga hand. Lån frå fondet er rentefrie og har avdragsfritak dei første 10 åra, og har opp til 40 års tilbakebetalingstid. Det vert berre betalt eit mindre administrasjonsgebyr.

Det øvste vedtaksorganet i bankgruppa er guvernørstyret, med guvernørar frå kvart medlemsland som møtest årleg ved årsmøtet. Mellom årsmøta vert banken leia av eit styre på 18 eksekutivdirektørar - 12 frå afrikanske land og 6 frå ikkje-regionale medlemsland. Røystevekta er ulik mellom bankdelen og fondsdelen. I fondsdelen har den ikkje-regionale gruppa halvparten av røystene, i bankdelen ca. 1/3 av røystene. Saman med Sveits og India utgjer dei nordiske landa ei valgruppe som har felles eksekutivdirektør i styret for fondet. Dei nordiske landa samarbeider tett om oppfølginga av drifta og utlånspolitikken i bankgruppa.

Virkefeltet for Afrikabanken er å gje lån for å fremje økonomisk og sosial utvikling, å tilby teknisk rådgjeving til låntakarlanda i samband med prosjekt og sektorlån og å arbeide for å fremje private og offentlege investeringar på kontinentet. Dei fleste av bankgruppa sine lån går til utviklingsprosjekt i offentleg regi, men det vert òg gjeve lån til privat sektor, førebels i liten skala. I avgrensa omfang vert det gjeve tilpassingslån, som har fungert meir som direkte betalingsbalansestøtte.

Den største sektoren for fondet sine utlån har tradisjonelt vore landbruk, som utgjer rundt 30 prosent. Deretter følgjer transportsektoren som ligg på om lag 20 prosent. Rundt 17 prosent av låna har gått til sosial sektor. Industri utgjer ein relativt liten del med rundt 3 prosent. Fordi påfyllingsforhandlingane vart avslutta seinare enn det opphavleg var tenkt, har fondet ikkje kunna gje tilsegner om nye lån sidan desember 1993. Aktiviteten dei siste par åra har vore retta mot betre oppfølging av eksisterande låneprosjekt.