St.prp. nr. 24 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 7. påfyllinga i Det afrikanske utviklingsfondet, AfDF

Til innholdsfortegnelse

4 Sluttresultat av forhandlingane

Forhandlingane om den sjuande påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet vart avslutta i juni 1996 med tilråding om ei kjernepåfylling på 1,6 milliardar dollar og ei tilleggspåfylling på 420 millionar dollar, noko som til saman gjev ei påfylling på 2,02 milliardar dollar for perioden 1996-1998. Banken disponerer òg frigjorde ressursar frå tidlegare påfyllingar (kansellerte lån o.l.), slik at dei samla ressursane som banken kan låne ut i perioden blir i overkant av dette. Dei einskilde landa sine bidrag til kjernepåfyllinga og tilleggspåfyllinga går fram av den vedlagde tabellen.

Retningslinene for utlåna er nedfelte i to resolusjonar, som guvernørstyret har tilrådd skal leggjast fram for medlemslanda til godkjenning. Hovudinnhaldet i resolusjonane er at fondet skal konsentrere seg om tre målsetjingar: Fattigdomsreduksjon, vern om miljøet og betring av levekåra for kvinner. Banken skal førebels følgje verdsbanken si landgruppering for tilgang til lån frå høvesvis banken og fondet, slik at dei fattige og gjeldstyngde landa berre kan ta opp lån i fondet, mens dei relativt rikare landa berre har høve til å ta opp lån frå banken på tilnærma kommersielle vilkår. Mange av låntakarane i fondet er sterkt forgjelda. Med tanke på å betre likviditetssituasjonen for desse vert det gjeve høve til at ein avgrensa del av fondet sine ressursar kan brukast til å gje lån, som igjen kan brukast til å betale ned gamle banklån, som er på marknadsvilkår. I praksis er dette ein måte å konvertere «harde» lån frå banken til «mjuke» lån frå fondet på. Resolusjonane slår òg fast at utbetalingane frå gjevarane til AfDF 7 skal gjerast avhengige av at banken oppfyller nærare fastsette krav til forbetringar i si operasjonelle verksemd og i den institusjonelle styringa av banken. I tråd med tidlegare praksis vert det utarbeidd ein rapport halvveges i perioden, som evaluerer drifta av banken og bruken av midlane så langt.

Vurdering

Afrikabanken har vore gjennom ein kritisk periode, og er framleis i ein omstillingssituasjon. Men banken har sidan september 1995 gjennomført omfattande reformer i tråd med ønske frå medlemslanda, og er for ein heilt ny organisasjon å rekne samanlikna med eitt år tidlegare. På bakgrunn av dette meiner regjeringa at banken igjen kan spele ei viktig rolle som finansierings- og bistandskanal i Afrika. Men reformprosessen er ikkje risikofri. Oppdeling av bidraget i transjar med spesifikke krav om forbetringar i drifta av banken gjev ein viss tryggleik for at midlar ikkje vil bli innbetalte dersom utviklinga skulle bli mindre positiv enn venta.

I dagens situasjon, der banken framleis er inne i ein reformprosess, må nivået for påfyllinga på 2 milliardar dollar reknast som akseptabel. Vår part på 3,54 prosent er isolert sett relativt høg, men regjeringa meiner at dette reflekterer det generelt sterke fokuset som norsk bistand set på Afrika sør for Sahara, og at det difor er rimeleg at vi yter like mykje som i dei tidlegare påfyllingane.

Ved vurderinga av Afrikabanken og deltaking i fondspåfyllinga er det lagt til grunn at banken opererer i ein vanskelegare region enn dei andre utviklingsbankane. Porteføljen i banken må nødvendigvis reflektere den vanskelege økonomiske situasjonen som dei fleste av låntakarlanda er i. Dette er ikkje det same som at gjevarane ikkje skal stille krav til banken, men at ein må ta høgd for dei særleg vanskelege arbeidstilhøva banken har.

AfDF har òg ein eigenverdi utover rolla som rein finansierings- og bistandskanal. Det faktum at det eksisterer ein stor finansieringsinstitusjon basert i Afrika med ein profesjonell, hovudsakleg afrikansk stab, vert rekna som potensielt viktig både for politisk integrasjon og kapasitetsoppbygging og kompetanseheving på kontinentet.

I høve til norske bistandspolitiske målsetjingar er det auka fokuset på fattigdomsreduksjon, miljø og kvinner som det vert lagt opp til i AfDF 7, svært positivt. Frå norsk side vil det bli lagt særleg vekt på å følgje opp banken si verksemd på desse områda, og det vil òg bli vurdert støtte via samfinansiering o.l. dersom utviklinga elles er tilfredsstillande.