St.prp. nr. 29 (1996-97)

Rettferdsvederlag av statskassa

Til innholdsfortegnelse

3 Klagesaker

I samsvar med Stortinget sine føresetnader er det høve til å bringe avgjerder i Rettferdsvederlagsutvalet inn for Stortinget. 61 klagesaker blir lagt fram.

5 av klagene er frå tidlegare lobotomerte. I St prp nr 44 (1994-95) er det gjort nærmare greie for dei retningsliner som Helsetilsynet, Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet har følgt ved vurderinga av om vederlag bør bli tilkjent. I retningslinene står det mellom anna: "Lobotomi bør ikke i seg selv gi grunnlag for billighetserstatning. Metoden ble ansett som forsvarlig da den var i bruk, i motsetning til den rådende oppfatning i dag." Dette er lagt til grunn sjølv om ein var klar over at det heile tida har vore fleire motstandarar av metoden.

Hovudtrekka i retningslinene er som følgjer:

Dei rettleiande kriteria som har vore lagte til grunn ved vurderinga refererer seg til

  1. A.

    «Uvanlige diagnoser eller indikasjoner for inngrepet eller

  2. B.

    kort observasjonstid eller manglende forsøk på annen behandling eller

  3. C.

    ung alder»

I tillegg er det gjort særskilde vurderingar om kva som er rimeleg, mellom anna ut frå dei faktiske konsekvensane som inngrepet har fått for søkjaren.

Kriteria har fått følgjande utforming for lobotomi utført i tre ulike tidsperiodar:

«Fase 1 (1941-47)

  1. A.

    Uvanlig eller på annen måte diskutabel indikasjon som anorexia nervosa, nevrose, psykopati, psykisk utviklingshemming (oligofreni, imbecilitet). Dessuten schizofreni, manisk depressiv lidelse og konstitusjonell psykose (psych e const, reaktiv psykose) ved sykdomsvarighet under 2 år, eller

  2. B.

    kortvarig observasjon i sykehus (under 1 år) og mangelfulle forsøk på annen behandling, eller

  3. C.

    alder under 20 år, men med unntak for de med alvorlige sinnslidelser (schizofreni, manisk depressiv lidelse og konstitusjonell psykose) av mer enn 3 års varighet.

Fase 2 (1948-56)

  1. A.

    Uvanlige diagnoser eller indikasjoner som under fase 1 a), eller

  2. B.

    som under fase 1 b)

  3. C.

    alder under 20 år, men med unntak for de med alvorlige sinnslidelser av mer enn 2 års varighet.

Fase 3 (etter 1956)

  1. A.

    Uvanlige diagnoser og indikasjoner som under fase 1 a), eller

  2. B.

    kort observasjonstid i sykehus (under 2 år) og manglende forsøk på annen behandling eller

  3. C.

    alder under 20 år, men med unntak for de med alvorlige sinnslidelser av mer enn 6 års varighet.»

Justisdepartementet viser elles til vedtaket i Stortinget 17. juni 1996, om at det skal utbetalast ein generell erstatning på kr 100 000,- til kvar av dei lobotomerte.

SAK NR 2

NN, fødd 1925, lobotomert i 1949 (fase 2)

  1. A.

    Søkjaren blei innlagt på psykiatrisk sjukehus første gong i 1943, 18 år gammal, med diagnosen schizofreni, hebefren form. Helsetilsynet har lagt til grunn at søkjaren var alvorleg sinnssjuk.

  2. B.

    Før inngrepet var søkjaren på sjukehus til observasjon i til saman 4 år og 8 månader. Alternativ behandling blei prøvd utan vesentleg verknad.

  3. C.

    24 år

Det er ikkje dokumentert at søkjaren har fått heilt spesielle skadar etter inngrepet samanlikna med andre lobotomerte.

Etter ei samla vurdering av dei faktiske tilhøva i høve til fastsette retningsliner, fann Helsestilsynet at vilkåra for å yte rettferdsvederlag ikkje var oppfylt. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga, og vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren har klaga over vedtaket. Det blir mellom anna ført fram at det ikkje er lagt tilstrekkeleg vekt på tydinga av mangelfullt samtykke til operasjonen. Det er heller ikkje teken omsyn til at operasjonen kan vere motivert av forpleiingsvanskar, noko som ikkje kan vere medisinsk relevant eller riktig etter journalnotata.

Helsetilsynet viser til NOU 1992:25 kap. 3.3.5 s. 53, kor det går fram at samtykke frå pasienten eller uttrykkeleg samtykke frå verje eller pårørande, ikkje var nødvendig. Helsetilsynet finn ikkje at klagen inneheld nye medisinske opplysningar, og viser til den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 3

NN, fødd 1925, lobotomert i 1956 ( fase 2)

  1. A.

    Søkjaren blei innlagt på psykiatrisk sjukehus i 1948. Det kom da fram tydeleg hallucinose og påverknadsidéar. Helsetilsynet har lagt til grunn at diagnosen schizofreni var godt underbygd.

  2. B.

    Før inngrepet var søkjaren på sjukehus til observasjon i til saman 8 år. Alternativ behandling blei prøvd utan vesentleg verknad.

  3. C.

    31 år

Det er ikkje dokumentert at søkjaren har fått heilt spesielle skadar etter inngrepet samanlikna med andre lobotomerte.

Etter ei samla vurdering av dei faktiske tilhøva i høve til fastsette retningsliner, fann Helsestilsynet at vilkåra for å yte rettfredsvederlag ikkje var oppfylt. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga, og vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren har klaga over vedtaket. Han fører fram at verken Helsetilsynet, Justisdepartementet eller Rettferdsvederlagsutvalet synest å ha lagt vekt på det svake medisinske grunnlaget for inngrepet. Lobotomi blei uført på ein person som var roleg og hadde utvikla ein sjukdomsrelatert sløvleik.

Helsetilsynet finn ikkje at klagen inneheld nye medisinske opplysningar, og viser til den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 4

NN, fødd 1922, lobotomert i 1951 ( fase 2)

  1. A.

    Søkjaren blei innlagt på psykiatrisk sjukehus i 1947. Etter 3 månader blei ho utskriven med diagnosen schizofreni. Helsetilsynet har lagt til grunn at søkjaren hadde ei alvorleg sinnsliding, og at ho var sjuk i knappe 5 år før ho blei lobotomert.

  2. B.

    Før inngrepet var søkjaren på sjukehus til observasjon i ca 3 år. Alternativ behandling blei prøvd utan vesentleg verknad.

  3. C.

    29 år.

Det er ikkje dokumentert at søkjaren har fått heilt spesielle skadar etter inngrepet samanlikna med andre lobotomerte.

Etter ei samla vurdering av dei faktiske tilhøva i høve til fastsette retningsliner, fann Helsestilsynet at vilkåra for å yte rettferdsvederlag ikkje var oppfylt. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga, og vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren har klaga over vedtaket. Ho ber om at saka blir lagt fram for Stortinget.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og rår til at klagen blir avslått.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 5

NN, fødd 1929, lobotomert i 1951 ( fase 2)

  1. A.

    Søkjaren blei innlagt på psykiatrisk sjukehus i 1947, 18 år gammal, med diagnosen schizofrenia. Helsetilsynet har lagt til grunn at diagnosen var godt underbygd.

  2. B.

    Før inngrepet var søkjaren på sjukehus til observasjon i til saman 8 månader. Han hadde truleg vore sjuk i 4 til 6 år. Alternativ behandling blei prøvd utan vesentleg verknad.

  3. C.

    22 år

Det er ikkje dokumentert at søkjaren har fått heilt spesielle skadar etter inngrepet samanlikna med andre lobotomerte.

Etter ei samla vurdering av dei faktiske forholda i høve til fastsette retningsliner, fann Helsetilsynet at vilkåra for å yte rettferdsvederlag var oppfylt. Det blei vist til den korte observasjonstida på sjukehuset. Vederlag blei foreslått sett til kr 80 000,-.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga, og vederlag blei tilkjent med kr 80 000,-.

Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Det er ført fram at søkjaren var ung da inngrepet blei utført. Observasjonstida på sjukehuset var vidare svært kort, og det var ikkje gitt samtykke til inngrepet. Han har utvikla epilepsi og ikkje fått nokon betring av sine levevilkår.

Helsetilsynet opprettheld den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 6

NN, fødd 1934, lobotomert i 1953 ( fase 2)

  1. A.

    Søkjaren blei innlagt på psykiatrisk sjukehus i 1951 med diagnosen Psych e const. Helsetilsynet har lagt til grunn at diagnosen, og dermed indikasjonen for lobotomioperasjonen, synest noko svakt begrunna.

  2. B.

    Før inngrepet var søkjaren på sjukehus til observasjon i til saman 14 1/2 månad. Alternativ behandling blei prøvd utan vesentleg verknad.

  3. C.

    19 år

Det er ikkje dokumentert at søkjaren har fått heilt spesielle skadar etter inngrepet samanlikna med andre lobotomerte.

Etter ei samla vurdering av dei faktiske tilhøva i høve til fastsette retningsliner, fann Helsetilsynet at vilkåra for å yte rettferdsvederlag var oppfylt. Forholdet til søkjaren fall i utgangspunktet like utanfor grensene for å få rettferdsvederlag. Men i tillegg var indikasjonen noko svak. Helsetilsynet fann derfor under noko tvil at det var rimeleg å tilkjenne vederlag, og foreslo eit beløp på kr 75 000,-.

Justisdepartementet slutta seg til vurderinga, mens Rettferdsvederlagsutvalet fann å kunne tilkjenne eit vederlag på kr 100 000,-.

Søkjaren klagar over storleiken på vederlaget.

Helsetilsynet finn ikkje at klagen inneheld nye medisinske opplysningar, og viser til den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 7

NN, fødd 1957, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho har fått store komplikasjonar etter eit beinbrot i 1968. Brotet grodde skeivt, og feilstillinga blei ikkje betre etter ein operasjon i 1970. Søkjaren utvikla skeiv rygg og fekk korsett i 1972. Ho blei operert på nytt i 1974. Korsettbehandlinga blei avslutta i 1976.

Helsetilsynet la til grunn at behandlinga ikkje kunne kritiserast. Sluttresultatet var òg godt. Komplikasjonane låg innanfor kva som er pårekneleg etter slike skadar. Helsetilsynet tilrådde ikkje vederlag i saka.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til tilrådinga, og vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at det eine beinet blei forkorta med 4 cm i samband med behandlinga. Dette har ført til store smerter. Ho har òg vore plaga av smerter i ryggen.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 8

NN, fødd 1952, har søkt staten om rettferdsvederlag som følgje av problem ho har hatt etter at mannen hennar tok livet sitt i 1991. Søkjaren har hatt store økonomiske vanskar etter dødsfallet. Ho ønskte seg bort frå nærmiljøet, og solgte boligen med tap. Elles viser ho til at ho har hatt psykiske problem.

Helsetilsynet førte fram at rettferdsvederlag som hovudregel kun blir gitt til den som sjølv har komme spesielt uheldig ut av sin behandlingssituasjon, og at slikt vederlag berre i unntakstilfelle blir gitt til pårørande/etterlatte. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet fann ikkje at det i saka var ført fram kritikkverdige forhold ved det offentlege. At søkjaren som følgje av at ektefellen døydde hadde fått økonomiske problem, kvalifiserte ikkje til rettferdsvederlag. Sjølv om ho opplevde situasjonen som vanskeleg, kunne ho ikkje seiast å ha komme spesielt uheldig ut i høve til andre som mister ektefelle sin under liknande omstende.

Rettsferdsvederlagutvalget slutta seg til Justisdepartementet si vurdering. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen viser søkjaren til at ho har hatt store psykiske problem, og meiner ho må vere eit unntakstillfelle.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 9

NN, fødd 1950, har søkt staten om rettferdsvederlag på grunn av kroniske ryggsmerter med utstråling til venstre bein. Søkjaren hevdar at smertene skuldast ei epiduralbedøving han fekk i 1983 i samband med ei undersøking av kneet. Søkjaren har blitt varig ufør som følgje av smertene. Han har gått opp i vekt og fått ein redusert livskvalitet.

Helsetilsynet uttalte at det mest sannsynleg ikkje var årsakssamanheng mellom inngrepet og smertene. Søkjaren hadde fått påvist ein skiveprolaps, og det var truleg at denne var årsaken til smertene. Helsetilsynet fann ikkje grunnlag for å kritisere helsestellet. Rettferdsvederlag blei ikkje tilrådd.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at det i den siste tida har komme opp ei rad saker om skadar som følgje av epidural anestesi. Det skal vere statistisk påvist at følgjeskadar snarere er regelen enn unntaket.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilråding si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 10

NN, fødd 1953, har søkt staten om rettferdsvederlag etter at ho i 1983 kutta seg i venstre pekefinger og måtte amputere fingeren. Søkjaren hevdar at det skuldast mangelfull behandling at kuttskaden gjorde amputasjon nødvendig. Ho viser vidare til at ho har smerter i den delen av fingeren som er igjen.

Helsetilsynet fann at søkjaren hadde fått ei forsvarleg og adekvat behandling. Søkjaren hadde motsett seg eit foreslått treningsopplegg som sannsynlegvis ville gitt eit godt resultat. Ho måtte derfor sjølv bere hovudansvaret for at inaktivitetsatrofi (svinn av musklar som følgje av manglande bruk) inntrådte, slik at fingeren måtte amputerast. Helsetilsynet fann på denne bakgrunn ikkje å kunne tilrå rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at ho etter norsk rett har krav på erstatning da skaden blei begått av helsepersonell på sjukehus.

Helsetilsynet kan ikkje sjå at klagen inneheld nye medisinske opplysningar, og viser til den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 11

NN har søkt staten om rettferdsvederlag etter at far hans døydde som følgje av feilbehandling på sjukehus i 1990. Dette har ført til ei økonomisk belastning for søkjaren da han hadde kausjonert for eit lån på kr 380 000,- som faren opptok i 1988. Saka har tidlegare vore behandla i Rettferdsvederlagsutvalet, men blei avvist da saka fall inn under Norsk Pasientskadeerstatning. Norsk Pasientskadeerstatning har i ettertid tilkjent søkjaren kr 90 000,-. Han finn at dette beløpet er for lågt, og søkjer om rettferdsvederlag i tillegg.

Helsetilsynet fann ikkje å kunne tilrå rettferdsvederlag til søkjaren. Det var ikkje dokumentert at han er kommen særskild uheldig ut i høve til andre i same situasjonen.

Justisdepartemtet viste til at rettferdsvederlag ikkje omfattar tap som blir dekt gjennom andre ordningar. Ein kan ikkje ved å søkje om rettferdsvederlag få ei overprøving av Norsk Pasientskadeerstatning si utmåling av vederlaget. Det er alltid er ein risiko for at ein kausjonist må dekkje det kravet han har kausjonert for. For å sikre seg mot ansvar på grunn av dødsfall er det dessutan mogeleg å teikne gjeldsforsikring. Rettferdsvederlag blei ikkje tilrådd.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen har søkjaren bedt om eit vederlag på kr 150 000,-.

Helsetilsynet finn ikkje at klagen inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 12

NN, fødd 1943, har søkt staten om rettferdsvederlag for fysiske og psykiske problem ho har hatt etter ein slankeoperasjon i 1973. Søkjaren har mellom anna vore plaga av kvalme, diaré og søvnproblem. Ho hevdar at det ikkje blei gjort god nok kirurgi ved sjølve operasjonen, og at ho ikkje ville ha latt seg operere dersom ho hadde kjent til biverknadene.

Helsetilsynet viste til at diaré var ein komplikasjon ein må rekne med, og som søkjaren var gjort kjent med før ho samtykte til operasjonen. Ho hadde fått adekvat og forsvarleg behandling, og det var ikkje grunn til å rette kritikk mot behandlande lege og/eller sjukehus. Helsetilsynet fann ikkje at det var grunnlag for å tilkjenne rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen held søkjaren fast ved at ho ikkje fekk tilstrekkeleg informasjon om biverknadene av ein slik operasjon. Ho skal ha blitt fortalt at diaréen ville avta etter nokre veker.

Helsetilsynet held fast ved den tidlegare tilrådinga si og rår til at klagen blir avslått.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 13

NN, fødd 1959, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho blei feiloperert i 1974. Søkjaren blei operert for framoverdreiing av lårhalsen på begge sider. I høgre hofte oppstod forkorting og feilstilling, noko som førte til smerter og vanskar med å gå. Søkjaren er operert på nytt i 1991 og er etter dette kvitt plagene.

Helsetilsynet la til grunn at denne type operasjon var ein akseptert behandlingsform på det aktuelle tidspunktet, og at komplikasjonane var slike som ein måtte rekne med. Søkjaren har nå fått korrigert feilstillinga i hofteleddet. Helsetilsynet fann ikkje at søkjaren har vore uheldig i møtet sitt med det norske helsestellet, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen viser søkjaren til at ho i 20 år har slitt med plager som følgje av operasjonen. Dette kan neppe vere slikt ein må rekne med.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 14

NN, fødd 1959, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho meiner seg feilbehandla for ein medfødd hofteleddsluksasjon.

Helsetilsynet fann ikkje at sjukehuset kunne lastast for at diagnosen ikkje blei stilt ved fødselen. Den seinare behandlinga var i samsvar med gjeldande behandlingsprinsipp. Komplikasjonane var slike følgjer av sjukdommen som ein må rekne med. Dei var ikkje konsekvensar av behandlinga. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga og vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at behandlinga ikkje har vore god nok, og at skaden burde vore oppdaga tidlegare.

Helsetilsynet kan ikkje sjå at klagen inneheld nye medisinske opplysningar, og rår til at klagen blir avslått.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 15

NN, fødd 1932, har søkt staten om rettferdsvederlag for skadar i svelg og slimhinner samt psykiske problem etter strålebehandling av svulst i 1987.

Helsetilsynet la til grunn at strålebehandlinga utan tvil har ført til ein reduksjon av livskvaliteten til søkjaren. Behandlinga var likevel den einaste som kunne redde livet hans, og biverknadene var ein nødvendig konsekvens av behandlinga. Det var grunn til å tru at søkjaren i fullnøyande grad var gjort kjent med biverknadene. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til tilrådinga, og rettferdsvederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at han ikkje blei opplyst om omfanget av biverknadene. Plagene har blitt verre i 1995. I tillegg har han har hatt to mindre slag.

Helstilsynet kan ikkje sjå at saka inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 16

NN, fødd 1956, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho har vore utsett for feilbehandling. Søkjaren fekk i 1980 transplantert ei nyre som seinare blei fjerna. I 1984 fekk ho transplantert nyre frå mor si. Denne operasjonen skjedde utan komplikasjonar. Bukspyttkjertelen til søkjaren blei fjerna i 1982, og i 1983 blei det oppdaga cyster på begge eggstokkane. Cysten på høgre eggstokk sprakk og førte til blødingar og seinare væske i bukhulen. Søkjaren opplyser at ho i 1995 fekk brystkreft.

Helsetilsynet fann ikkje at helsestellet kunne kritiserast. Helsesituasjonen var knytta til søkjaren si kroniske nyresvikt og ikkje til behandlinga av denne. Helsetilsynet viste til at søkjaren no hadde ei nyre som fungerte, og tilrådde ikkje vederlag i saka.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til tilrådinga, og rettferdsvederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at foten hennar blei skadd under operasjonen i 1980.

Helsetilsynet finn ikkje grunnlag for å hevde at søkjaren blei feiloperert i 1980, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 17

NN, fødd 1933, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho fekk for dårleg informasjon da ho fjerna ein ondarta kreftsvulst i andletet i 1984.

Helsetilsynet fann det vanskeleg å avgjere om det var gitt manglande informasjon og viste til at påstand stod mot påstand. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet viste til at sjølv om det er grunn til å seie seg lei for feilinformasjon, skal det heilt spesielle forhold til før ein gir rettferdsvederlag på dette grunnlaget. Den påståtte feilinformasjonen i denne saka hadde ikkje hatt noko å seie for sjølve behandlinga av sjukdommen, som blei gjort med tilfredstillande resultat. Rettferdsvederlag blei ikkje tilrådd.

Rettferdsvedlagsutvalet slutta seg til vurderingane frå Helsetilsynet og Justisdepartementet. Vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar over vedtaket og fører fram at ho har fått unødige utgifter og plager på grunn av smerter etter operasjonen i 1984.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og til at plagene er noko ein må rekne med etter ein slik operasjon. Helsetilsynet rår til at klagen blir avslått.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 18

NN, fødd 1970, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi han meiner han har blitt feilbehandla av helsestellet. Da søkjaren var 7 1/2 månad, fekk han ein poliovaksine mens han var forkjølt. Han meiner at denne førte til ørebetennelse og hjernebløding. Vidare hevdar søkjaren at han blei liggjande for lenge på det lokale sjukehuset. Han har seinare utvikla epilepsi.

Helsetilsynet fann ikkje at det var samanheng mellom hjerneblødinga og den poliovaksinen som var gitt 6 dagar tidlegare. Det var heller ikkje sannsynleg at søkjaren kunne ha fått betre behandling om han hadde blitt overflytta nokre timar tidligare. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at han har fått mangelfullt strukturert fysioterapeuttilbod i samband med funksjonshemminga han fekk som spedbarn.

Helsetilsynet finn det godt dokumentert at søkjaren opp gjennom barne- og ungdomsåra var sikra eit systematisk og godt fysioterapeutopplegg, og rår til at at klagen blir avslått.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 19

NN, fødd 1933, har søkt staten om rettferdsvederlag etter at ho fekk påvist ein kreftsjukdom i tjukktarmen i 1985. Søkjaren meiner at dersom legane ikkje hadde gitt så dårlege livsutsikter, ville ho ha disponert verdiene sine annleis og dermed hatt større økonomisk tryggleik.

Helsetilsynet la til grunn at det var rett av legane å gi søkjaren opplysningar om at framtidsutsiktane var lite positive. Det faktum at pasienten hadde komme uventa godt frå sjukdommen, endra ikkje på dette. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet meinte at søkjaren sjølv måtte bere ansvaret for dei økonomiske disposisjonane ho hadde gjort i sjukdomsperioden. Justisdepartementet slutta seg elles til Helsetilsynet si vurdering.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering. Vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar over vedtaket og fører fram at legane gjorde feil i behandlinga. Det er heller ikkje lagt nok vekt på opplysningane i søknaden og avisutklippa som følgte med han.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og rår til at klagen blir avslått.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 20

NN, fødd 1924, har søkt staten om rettferdsvederlag på grunn av mangelfull diagnose og undersøking i samband med livmorkreft i 1971. NN har tidlegare søkt om rettferdsvederlag på same grunnlag. I avslaget blei det vist til at ho allereie hadde motteke kr 300 000,- gjennom eit rettsforlik.

Helsetilsynet viste til at søkjaren hadde hatt tildels betydelege plager, og at ein del av desse plagene kunne tilskrivast behandlinga i 1971. Helsetilsynet kunne likevel ikkje sjå at det var kommen fram noko nytt i saka, og viste til den tidlegare utbetalinga. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettsferdsvederlagsutvalget slutta seg til vurderinga.

I klagen fører søkjaren fram at ho slit med etterdønningar etter behandlinga med røntgenstrålar.

Helsetilsynet kan ikkje sjå at at det i klagen kjem fram nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 21

NN, fødd 1945, har søkt staten om rettferdsvederlag for påstått mangelfull diagnose av hovudskadar han fekk etter ei bilulykke i 1968. Søkjaren har utvikla angstplager og har fått problem i arbeidslivet med langvarige sjukemeldingar.

Helsetilsynet la til grunn at søkjaren fekk den behandlinga som var aktuell på skadetidspunktet og i åra etterpå. Helsetilsynet fann at søkjaren ikkje hadde komme særskild uheldig ut av møtet sitt med norsk helsestell, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar over vedtaket og fører fram at det ikke er lagt nok vekt på fråsegna frå lege X. Han uttaler vidare at nokre av fråsegna frå Helsetilsynet er krenkande og nedlatande.

Helsetilsynet uttaler: "Statens helsetilsyn er av den oppfatning at søkers helseskader må ses i relasjon til den opprinnelige skaden søker fikk og ikke som følge av den behandling søker fikk av helsevesenet. Søker fikk adekvat behandling av helsevesenet på det aktuelle tidspunkt. Spesielt har Helsetilsynet i sin tilråding til Justisdepartementet vurdert påstandene om uaktsomhet". Helsetilsynet finn ikkje at klagen inneheld nye medisinske opplysningar, og viser til den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 22

NN, fødd 1954, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho har komme særskild uheldig ut av den behandlinga ho har fått for ei medfødd misdanning. Ved fødselsen hadde ho eit større fødselsmerke i ansiktet. Ho har sidan hatt omlag 40 operasjonar.

Helsetilsynet la til grunn at søkjaren fekk adekvat behandling, og at det ikkje var noko som tilsa at det var begått feil ved behandlinga. Det blei vist til at ikkje all medisinsk behandling er fri for komplikasjoner og fører til vellykka resultat. Dei skadane som hadde oppstått, blei sett på som påreknelege. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen held søkjaren fast ved at ho har blitt utsett for feilbehandling.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar, og rår til at klagen blir avslått.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 23

NN, fødd 1950, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho har komme særskild uheldig ut etter at ektemaken var utsett for ei trafikkulykke i 1977. Han fekk store fysiske og psykiske problem etter behandling av eit armbrot han blei påført. Ektefellen tok sitt eige liv i 1992. Han hadde da send inn søknad om rettferdsvederlag.

Helsetilsynet la til grunn at komplikasjonen som ektefellen fekk etter armbrotet, oppstår svært sjeldan. Det var likevel ein pårekneleg følgje, og sjukehuset kunne ikkje klandrast. Rettferdsvederlag til etterlatte blir berre gitt dersom det ligg føre heilt spesielle omstende. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet viste til at den vanskelege livssituasjonen til søkjaren i seg sjølv ikkje gav grunnlag for rettferdsvederlag. Saka var dog spesiell og alvorleg, og den avdøde ektemaken til NN hadde tidlegare søkt om rettferdsvederlag utan at søknaden var blitt behandla før dødsfallet. Justisdepartementet la til grunn at avdøde var kommen særskild uheldig ut av møtet sitt med helsestellet. Komplikasjonane han fekk var ikkje ukjende, men likevel uvanlege og alvorlege. Avdøde hadde fått utbetalt ei forsikring på kr 285 000,- etter trafikkulykka som var årsak til armbrotet. Departementet viste til at rettferdsvederlag blir gitt der det ikkje ligg føre andre grunnlag for erstatning, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Rettferdsvederlagsutvalget slutta seg til Justisdepartementet si vurdering.

I klagen fører søkjaren fram at det ikkje er lagt nok vekt på at avdøde ektefelle pådrog seg alvorlege psykiske lidingar etter at han blei skada i armen.

Helsetilsynet har vurdert saka på ny, men held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 24

NN, fødd 1950, har søkt staten om rettferdsvederlag som følgje av at gangsynet hans skal ha blitt varig svekka etter ein operasjon for netthinneavløysing i 1991. Han blei operert for grå stær på høgre auge i 1989. Han fekk etterkvart etterstær, noko som er normalt etter ein stæroperasjon. I 1991 fekk han ei skugge i synsfeltet på høgre auge, og det blei påvist ein netthinneavløysing. Det lykkast da å få netthinna til å feste seg, men synet blei etter dette varig svekka.

Helsetilsynet la til grunn at den reduserte gangfunksjonen hans ikkje var forårsaka av feil ved operasjonen i samband med netthinneavløysinga. Rettferdsvederlag blei ikkje tilrådd.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Rettferdsvederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at fråsegna om at han i mange år skal ha misbrukt alkohol og medikament, er svært krenkjande. Han har aldri vore nokon rusmisbrukar. Han held fast ved at han har komme særskild uheldig ut av sitt møte med helsestellet. I tillegg til å ha mista synet på det eine auget, har han òg mista konsentrasjonsevnen og delvis hørselen på høgre øyre. Han har vidare hatt fleire beinbrot forårsaka av unøyaktig avstandsbedømming.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar, og rår til at klagen blir avslått.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 25

NN, fødd i 1939, har søkt staten om rettferdsvederlag grunna eit lite drypp (hjerneslag) ho fekk i samband med ei undersøking ved Kvinneklinikken på Å sjukehus i 1980. Ho har i ettertid vore plaga med redusert kjensle i høgre arm og bein samt dårleg syn og smerter i hovudet.

Helsetilsynet la til grunn at søkjaren etter journalane hadde fått korrekt behandling utan særskilde komplikasjonar. Ho hadde ikkje komme særskild uheldig ut i sitt møte med norsk helsestell. Helsetilsynet fann derfor ikkje å kunne tilrå rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at behandlinga ikkje har vore riktig. Det gjekk mellom anna for lang tid før ho blei operert. Det er ikkje rett at ho har hatt mange sjukdommar.

Helsetilsynet legg til grunn at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 26

NN, fødd 1913, har søkt staten om rettferdsvederlag som følgje av smerter etter ein ryggoperasjon i 1988. Søkjaren hadde i fleire år vore plaga av smerter i ryggen. Like etter operasjonen blei han betre, men deretter skal smertene ha blitt verre enn nokon sinne. NN har tidlegare søkt Norsk Pasientskadeerstatning om vederlag, men har fått avslag.

Helsetilsynet fann at ein ikkje kunne kritisere indikasjonen for eller utføringa av ryggoperasjonen. Rettferdsvederlag blei ikkje tilrådd.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen har NN lagt fram eit omfattande materiale og held fast ved at han har krav på rettferdsvederlag.

Helsetilsynet legg til grunn at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 27

NN, fødd 1952, og MN, fødd 1963, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi dei meiner at dei blei utsett for seksuelle tilnærmingar frå ein lege under plastiske brystoperasjonar. Operasjonane har vore ei psykisk belasting for dei. Forholda blei anmeldt til politiet, og tiltalte blei frifunnen både i byretten og lagmannsretten. 12 andre kvinner hadde anmeldt same lege.

Helsetilsynet såg seg bunden av frifinninga til lagmannsretten når det gjaldt det strafferettslege. Helsetilsynet la likevel til grunn at søkjarane ikkje hadde forklart seg usannferdig. Dei hadde reint subjektivt opplevd operasjonane som om overgrep hadde funne stad. Seksuelle fantasiar som følgje av dei medikamenta som blei brukt under operasjonen, var svært sjeldant forekommande. Dei spesielle forholda forbunde med operasjonar i erogene område, og legen sin vane med å kysse og/eller stryke pasientane på kinnet, hadde samla medført at søkjarane hadde opplevd operasjonane som seksuelt krenkjande. Helsetilsynet tilrådde eit vederlag på kr 50 000,- til kvar av søkjarane.

Justisdepartementet slutta seg til vurderinga. Rettferdsvederlag blei tilrådd med kr 50 000,- til kvar.

Rettferdsvederlagsutvalet la til grunn at det oppstod erotiske fantasiar hos søkjarane på grunn av dei bedøvingsmidla som blei nytta under operasjonane. Desse biverknadene er sjeldne. Utvalet ville likevel ikkje gi vederlag fordi inngrepa ikkje var medisinsk indisert. Det blei vist til folketrygdloven kapittel 2, § 1 der det er slått fast at ein ikkje yter medisinsk stønad ved kosmetiske inngrep som ikkje hovudsakleg er medisinsk indisert.

I klagen viser søkjarane til vurderinga frå Helsetilsynet, og til at dei fortsatt slit med psykiske etterverknader av operasjonane.

Helsetilsynet meiner at det ikkje kan bli lagt avgjerande vekt på at inngrepa ikkje var medisinsk indisert. Dei private tilboda er òg ein del av norsk helsestell. Legen er offentleg godkjend og spesialist i plastisk kirurgi. Helsetilsynet held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 28

NN, fødd 1934, har søkt staten om rettfersvederlag for ryggsmerter og skade i venstre arm ho skal vere påført som følgje av feilbehandling. Søkjaren hevdar at ryggsmertene oppstod i 1978 da ho var innlagt på sjukehus med hjernehinnebetennelse, og det blei gjort eit mislykka forsøk på å ta ei spinalpunksjon (ryggmargsprøve). I 1988 brakk ho armen. Armen blei gipsa, men brotet grodde skeivt. Det blei ikkje foreteke nokon undersøking før gipsen blei endeleg fjerna etter 8 veker. Ho har framleis smerter i armen, og den hovnar opp ved belasting.

Helsetilsynet la til grunn som lite sannsynleg at det var årsakssamanheng mellom den mislykka ryggmargsprøven og dei noverande ryggplagene. Ho hadde nokon år tidlegare klaga over ryggsmerter, og det er ikkje kjend at mislykka ryggmargsprøver kan medføre varige ryggplager. Helsetilsynet uttalte vidare at feilstilling ved handleddsbrot ikkje er uvanleg. Sjølv om søkjaren var blitt send til spesialist, var det tvilsamt om feilstillinga ville vore unngått.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar over vedtaket, men har ikkje ført fram nye merknader.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 29

NN, fødd 1970, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi han meiner at han blei feilbehandla i samband med ein lårbeinsoperasjon etter ei trafikkulykke i 1986. Etter operasjonen har han fått feilstilling av foten. Søkjaren er tidlegare tilkjent kr 100 000,- frå eit trygdelag.

Helsetilsynet la til grunn at det ikkje var gjort noko aktlaust under operasjonen. Komplikasjonen som oppstod var heller ikkje upårekneleg. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga, og vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen held søkjaren fast ved at han blei feilbehandla. Han viser til at margnaglen blei satt ned to gonger, og at feilstillinga ikkje er ein pårekneleg følgje av behandlingsmåten. Skadebota han fekk skulle dekkje tapt inntekt, og var ein kompensasjon for trafikkulykka, ikkje for feilbehandlinga. Skaden hemmar søkjaren i den daglege livsutfaldinga.

Helsetilsynet har vurdert saka på nytt og finn det usannsynleg at årsaka til den aukande rotasjonsfeilstillinga skuldast det operative inngrepet i 1986. Helsetilsynet held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 30

NN, fødd 1937, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho meiner at ho blei feilbehandla i samband med ein fødsel i 1967. Barnet fekk cerebral parese og bur no i institusjon. Søkjaren har fått store psykiske problem i ettertid.

Helsetilsynet meinte at det var usikkert, men ikkje usannsynleg at det var årsakssamanheng mellom for tidleg fødsel og cerebral parese hos barnet. Helsetilsynet viste dog til at ein i 1967 ikkje hadde dei same moglegheitane for nøyaktig diagnose for fødsel som ein har i dag, og fann ikkje grunnlag for å tilrå rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen viser søkjaren til at det bare er delvis riktig at ein ikkje hørte hjartelyd før fødselen blei satt i gang. Dette gjeld bare legane. Jordmora som var til stades meiner ho hørte hjartelyd. Det må òg få konsekvensar for saka at Helsetilsynet meiner at det ikkje er usannsynleg at det er årsakssamanheng mellom for tidleg fødsel og cerebral parese.

Helsetilsynet finn ikkje at det er komme fram nye medisinske opplysningar i klagen, og held fast ved den tidligare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 31

NN, fødd 1974, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho blei feilbehandla ved ein operasjon da ho var nyfødd. Ho fekk blodforgifting og beinbetennelse, noko som førte til stygge arr og funksjonsnedsetjing. Ho har i ettertid trunge omfattande behandling og fleire operasjonar. I tillegg har ho blitt mobba på skolen for funksjonsnedsetjinga.

Helsetilsynet la til grunn at søkjaren fekk ei forsvarleg behandling. Under ein viss tvil fann dog Helsetilsynet å kunne tilrå rettferdsvederlag. Det blei vist til at følgjene av blodforgiftinga var alvorlege og sjeldne. Helsetilsynet foreslo eit beløp på kr 20 000,-.

Justisdepartementet viste til at søkjaren blei redda frå ein livstruande situasjon, og at ho i dag fungerer bra i dagleglivet. Under tvil kom departementet til at søkjaren ikkje var kommen spesielt uheldig ut, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen viser søkjaren til tilrådinga frå Helsetilsynet. Ho peiker vidare på at ho har hatt ein livssituasjon som har forhindra ei naturleg livsutfalding.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 32

NN, fødd 1946, har søkt staten om rettferdsvederlag etter at ho i 1967 kom ut for ei trafikkulykke og fekk ein nakkeslengskade. Samanhengen mellom ulykka og skaden blei ikkje klarlagt før i 1990. Søkjaren blei uføretrygda i 1974/75. Ho har vore plaga av nervøsitet, nevropathi og retinophati. I tillegg har ho hatt redusert rørsle i skulder og nakke. Søkjaren har hatt diabetes sidan 5-årsalderen.

Helsetilsynet meinte det var tvilsamt at det var årsakssamanheng mellom skadane etter bilulykka og plagene søkjaren har i dag. Whiplash-omgrepet blei dessutan først kjent i det norske medisinske miljøet på slutten av 1970-åra. Helsetilsynet la til grunn at den behandlinga søkjaren fekk, var adekvat på behandlingstidspunktet. Rettferdsvederlag blei ikkje tilrådd.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga, og vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren hevdar i klagen at det ikkje berre er diabetesen som er årsak til plagene hennar. Ho viser vidare til at nakkeslengskaden blei avdekt over 10 år etter at skadefenomenet var blitt allment kjent.

Helsetilsynet viser til at kunnskap om ytringsformane til nakkeslengskader og prognosane for desse, framleis er lite kjende. Søkjaren har i tillegg sukkersjukekomplikasjonar i nervesystemet. Dette gjør vurderingane særleg vanskelege. Helsetilsynet viser elles til at det ikkje ligg føre nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 33

NN, fødd, 1964, har søkt staten om rettferdsvederlag grunna ein kjeveleddsskade han fekk etter å ha fått operert inn eit proplastinnlegg i 1987. Søkjaren blei utskriven etter tre dagar utan avtale om etterkontroll, da legen meinte at dette ikkje var nødvendig. Etter seks månader fekk søkjaren store smerter som viste seg å stamme frå det innopererte plastinnlegget. Søkjaren meiner sjukehuset skulle ha følgt opp med kontrollar. Han viser til at han har utvikla eit ruspoblem grunna stort inntak av smertestillande medikament.

Helsetilsynet la til grunn at den behandlinga søkjaren fekk var tilfredstillande etter datidas kunnskap. Sjølv om søkjaren hadde vore uheldig med resultatet av operasjonen, var det ikke grunnlag for å rette kritikk mot helsestellet. Helsetilsynet tilrådde ikkje retterferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Verderlag blei ikkje tilkjent.

I klagen blir det mellom anna ført fram at søkjaren har fått ein vesentleg forringa livskvalitet etter innplantasjonen. På bakgrunn av smertene har han sett seg nøydd til å søkje om uførepensjon.

Helsetilsynet finn at søkjaren får nødvendig behandling for plagene sine, og at han ikkje har vore særskild uheldig i sitt møte med helsestellet. Helsetilsynet tilrår ikkje rettsferdsvederlag.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 34

NN, fødd 1957, har søkt staten om rettferdsvederlag for feilbehandling og komplikasjonar i samband med at han fekk diabetes etter BCG-vaksine i 1971. Søkjaren er i dag blind og har psykiske problem.

Helsetilsynet uttalte at det vanskeleg kunne påvisast årsakssamanheng mellom diabetesen og BCG-vaksinen. Det blei lagt til grunn at søkjaren hadde vore suboptimalt behandla dei første 12 åra av sjukdomsperioden, men at resultatet neppe ville ha blitt betre med optimal behandling. Helsetilsynet fann ikkje at søkjaren var kommen særskild uheldig ut i sitt møte med helsestellet i forhold til andre det er naturleg å samanlikne med. Det blei ikkje anbefalt rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar over vedtaket, men har ikkje ført fram nye merknader.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 35

NN, fødd 1984, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi han meiner sjukehuset utviste aktløyse da han ved fødselen blei smitta av ei mikrobe og fekk hjernehinnebetennelse. Søkjaren har utvikla vasshovud og fått ein alvorleg hørselskade. Han er 100 prosent arbeidsufør.

Helsetilsynet la til grunn at søkjaren hadde utvikla vasshovud og hørselskade som følgje av hjernehinnebetennelsen. Dette er kjente komplikasjonar ved denne type hjernehinnebetennelse. Helsetilsynet kunne ikkje sjå at søkjaren hadde komme særskild uheldig ut av møtet med helsestellet samanlikna med andre i tilsvarande situasjon. Rettferdsvederlag blei ikkje tilrådd.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Verderlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar over vedtaket. Vurderingane til Helsetilsynet viser at han har vore særskild uheldig i møtet med helsestellet.

Helsetilsynet finn etter ei ny behandling av saka at det ikkje er grunnlag for å gjere om det tidlegare vedtaket.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 36

NN, fødd 1924, har søkt staten om rettferdsvederlag for medisinsk feilbehandling. Søkjaren fører fram at ho fekk ein brotskade i 7. halsvirvel etter manipulasjonsbehandling hos lege i 1972, og at ho ikkje fekk riktig behandling da det blei påvist ein liten osteoporose (beinskøyre) i 1979. Søkjaren fekk diagnosen langt framskreden osteoporose i 1989. Ho har hatt mange brot og store smerter.

Helsetilsynet uttalte at ein ikkje kunne vite nøyaktig kva slag behandling søkjaren fekk i 1972, da legen er død og arkiva er makulerte. Ein fann det likevel ikkje truleg at feilbehandling var årsak til brotet i halsvirvelen. Når det gjaldt beinskøyra, fann Helsetilsynet at søkjaren blei behandla i samsvar med dei gjeldande medisinske prinsipp. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren viser i klagen til at plagene hennar har forverra seg dei siste åra.

Helsetilsynet kan ikkje sjå at klagen inneheld nye medisinske opplysningar av betydning for saka, og viser til den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 37

NN, fødd, 1962, har søkt staten om rettferdsvederlag grunna påstått feilbehandling etter ei mopedulykke i 1978. Søkjaren har etter hendinga hatt store problem med høgre kne, på tross av operasjonar. Han er idag uførepensjonist.

Helsetilsynet fann at det ikkje var utvist aktløyse ved sjukehuset. Det var uklart om sjukehuset hadde fullt oversyn over skaden og det burde vore gjort grundigare røntgenundersøking. Trass i dette la Helsetilsynet til grunn at plagene til søkjaren først og fremst skuldast sjølve skaden, og ikkje den behandlinga han hadde fått. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet fann på grunnlag av Helsetilsynet si vurdering at det burde skjedd ei grundigare undersøking. Det kunne truleg rettast noko kritikk mot sjukehuset. Det er likevel eit vilkår for å få rettferdsvederlag at det ligg føre årsakssamanheng mellom den mangelfulle behandlinga og skaden. Justisdepartementet viste til Helsetilsynets konklusjon. Rettferdsvederlag blei ikkje tilrådd.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren viser i klagen til at Justisdepartementet fann å kunne rette kritikk mot sjukehuset. Tvil om årsakssamanheng må i eit slikt tilfelle komme søkjaren til gode.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 38

NN, fødd 1953, har søkt staten om rettferdsvederlag for feilbehandling i samband med ei motorsagulykke i 1971. Søkjaren fekk stivkrampe etter behandlinga og har i dag store fysiske og psykiske plager. Han er uføretrygda som følgje av desse lidingane.

Helsetilsynet meinte at sjukehuset hadde gitt søkjaren adekvat og god behandling. Det blei lagt til grunn at det ikkje er mogleg å få reint fysiologiske ettervirkningar av stivkrampe. Helsetilsynet fann det høgst spekulativt å tru at dei fysiske og psykiske plagene skuldast stivkrampeepisoden. Forklaringa på desse plagene måtte søkjast i andre forhold. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen hevdar søkjaren at dei fysiske og psykiske plagene skuldast stivkrampeanfallet i 1971. Det er lite som underbyggjer Helsetilsynets påstand om at forklaringa på desse plagene må søkjast i andre forhold.

Helsetilsynet finn at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og viser til den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 39

NN, fødd 1930, har søkt staten om rettferdsvederlag for feilbehandling i samband med eit lårhalsbrot i 1985. Komplikasjonane etter hofteoperasjonen har ført til svekking av livskvaliteten til søkjaren, og ho meiner sjukehuset har handla aktlaust.

Helsetilsynet la til grunn at søkjaren hadde fått ein sjeldan, men pårekneleg komplikasjon etter operasjonen. Det var ikkje grunn til å kritisere dei operative prosedyrane. Den noverande situasjonen skuldast sjølve lårhalsbrotet, ikkje den behandlinga ho fekk av helsestellet. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren har i klagen bedt om ei grundigare vurdering av forhold som gjeld den medisinske behandlinga.

Helsetilsynet finn ikkje at det ligg føre nye moment i saka, og viser til den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 40

NN, fødd, 1947, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho blei feilbehandla da ho i 1993 fekk påvist galleblærebetennelse og stein i galleblæra. Søkjaren hevdar at sjukehuset har innrømma feil ved operasjonen, og svikt i det tekniske utstyret.

Helsetilsynet fann at det ikkje var grunnlag for å kritisere sjukehuset si behandling av søkjaren. Komplikasjonen som søkjaren fekk, blei sett på som pårekneleg ved den anvendte operative metoden. Den blei oppdaga i tide, og var korrekt medisinsk behandla. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalget slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar over vedtaket og fører fram at sjukehuset har innrømma feil ved behandlinga, noko det ikkje ser ut til at Helsetilsynet har lagt vekt på i si tilråding.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 41

NN, fødd 1946, har søkt staten om rettferdsvederlag for komplikasjonar etter ein operasjon for overvekt i 1983. Operasjonen var mislykka, og søkjaren har store plager med brokk og overvekt. Han er uføretrygda som følgje av desse lidingane.

Helsetilsynet la til grunn at ved ekstrem overvekt er faren for infeksjon og brokkutvikling alltid stor etter ein operasjon. Dette var derfor høgst påreknelege komplikasjonar. Inngrepet blei utført på akseptert indikasjon og med den gang vanleg metode. Helsetilsynet merka seg påstanden om at søkjaren ikkje blei følgt opp på tilfredsstillande vis frå sjukehuset, men kunne ikkje sjå at dette hadde hatt innverknad på resultatet av behandlinga. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvedlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen er det ført fram at det er grunn til å rette kritikk mot sjukehuset etter at det oppstod komplikasjonar i form av store brokkskadar. Med ei raskare og meir aggressiv behandling av sårinfeksjonen, kunne dei seinare komplikasjonane ha vore avverga. Det må reknast for feilbehandling at søkjaren ikkje blei diagnostisert før operasjonen med tanke på disponerande somatiske og psykiske årsaker til overvekten. Det er òg vist til at ein slutta med denne type behandling i 1985.

Helsetilsynet finn det ikkje kritikkverdig at sjukehuset valgte å avvente ein reoperasjon. Ein ny operasjon ville vore komplisert og ikkje ufarleg. Det er likevel grunn til å seie seg lei for at denne avgjerda ikkje blei formidla til søkjaren på eit tidlegare tidspunkt. Helsetilsynet held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 42

NN, fødd 1971, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi han meiner han har blitt feilbehandla etter eit brot i høgre albu i 1975. Brotet grodde i feil stilling, og han blei operert på nytt etter 8 veker, med dårleg resultat. Rørsla i albuleddet er framleis sterkt svekka. Dette har òg ført til overbelastning av ryggen.

Helsetilsynet la til grunn at søkjaren hadde komme særleg uheldig ut av sitt møte med helsestellet fordi operasjonane gav dårlege resultat. Helsetilsynet tilrådde vederlag med kr 30 000,-.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til tilrådinga, og vederlag blei tilkjent med kr 30 000,-.

Søkjaren fører fram at det fastsette vederlaget er for lågt. Han viser òg til at albuen stadig blir dårlegare, og at han blir mindre arbeidsfør.

Helsetilsynet kan ikkje sjå at klagen inneheld nye opplysningar, og viser til den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 43

NN, fødd 1947, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi han fleire gonger blei urettvis tvangsplassert på psykiatrisk sjukehus på 60-talet. Tvangsplasseringane har påført søkjaren eit stempel som har skapt store problem for han, både sosialt og på arbeidsmarknaden.

Helsetilsynet fann ikkje at opphaldet på X sjukehus var årsak til vanskane, eller at søkjaren hadde lidd overlast under sjukehusopphalda. I ettertid var det kommen fram at det ved to av tre sjukehusopphold, ikkje låg føre tilstrekkelege indikasjonar for tvangsinnlegging av søkjaren, jf lov om psykisk helsevern § 5. Helsetilsynet fann likevel ikkje å kunne tilrå vederlag.

Justisdepartementet viste til at ca halvparten av innleggingstida ved X sjukehus, 7-8 månader, ikkje var heimla i lov. Justisdepartementet fann at NN hadde kommen særleg uheldig ut, og tilrådde rettferdsvederlag med kr 30 000,-.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering og tilkjende søkjaren kr 30 000,- i rettferdsvederlag.

Søkjaren klagar over storleiken på vederlaget. Han fører fram at tvangsinnlegginga og alt det førte med seg, har øydelagt mykje av livet hans.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 44

NN, fødd 1946, har søkt staten om rettferdsvederlag for plager ho har fått etter tannbehandling i 1986. Søkjaren har gjennom ei årrekkje hatt vedvarande bihulebetennelse, hovudpine og kjensle av trøyttleik. Ho har ikkje vore i stand til å halde fram som sjølvstendig næringsdrivande, og har hatt store inntektstap. Søkjaren har prøvd å forfølgje saka rettsleg, men har ikkje nådd fram fordi dei sakkunnige meinte at tannlegen ikkje hadde vore aktlaus. Saka blei hevd som forlikt.

Helsetilsynet la til grunn at det høgst sannsynleg var årsakssamanheng mellom tannbehandlinga og dei plagene søkjaren hadde fått. Søkjaren var uføretrygda som følgje av smerter og betennelse i kjeve og bihuleområdet, og forholda lot seg ikkje behandle. Helsetilsynet fann at det var grunnlag for å tilkjenne rettferdsvederlag, og foreslo eit beløp på kr 35 000,-.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga, og rettferdsvederlag blei tilkjent med kr 35 000,-.

Søkjaren klagar over storleiken på vederlaget. Ho meiner at ho i det minste burde fått dekning for utgifter til tannlege og advokat.

Helsetilsynet viser til at det økonomiske tapet var kjent ved den første behandlinga av saka. Helsetilsynet finn ikkje at det ligg føre nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 45

NN, fødd 1928, har søkt staten om rettferdsvederlag for plager ho har hatt etter at ho i 1962 fall og slo venstre kne. Søkjaren blei operert i kneet i 1963, men hadde fortsatt smerter og muskelsvekking. I 1969 måtte kneleddet avstivast. Søkjaren har elles hatt ryggplager gjennom mange år. I 1988 blei ho 50 prosent uføretrygda og er idag arbeidsufør.

Helsetilsynet la til grunn at operasjonane ikkje var i samsvar med vanleg kirurgisk praksis på dette tidspunktet. Inngrepa førte til skadar som medvirka til at kneet måtte stivast av. Ryggforandringane blei likevel sett på som vanlege i hennar alder. Søkjaren hadde komme spesielt uheldig ut av sitt møte med helsestellet, og Helsetilsynet fann å kunne tilrå eit rettferdsvederlag på kr 30 000,-.

Justisdepartementet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderingane frå Helsetilsynet og Justisdepartementet, men fann å kunne tilkjenne søkjaren eit vederlag på kr 50 000,-.

Søkjaren klagar over storleiken på vederlaget. Ho hevder at kr 100 000,- vil vere eit meir passande beløp etter 30 år med plager og invaliditet.

Helsetilsynet viser til at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 46

NN, fødd i 1935, har søkt staten om rettferdsvederlag grunna kroniske ryggsmerter etter bruk av kontrastmiddelet Dimer-X. Kontrastmiddelet blei nytta i samband med ei røntgenundersøking i 1974. Middelet blei avregistrert i 1977. Etter røntgenundersøkinga blei søkjaren betre ei stund, men smertene kom raskt tilbake, og ho fekk etter dette fleire behandlingar. Behandlingane hadde ingen innverknad. Smertene var fryktelege, og ho klarte verken å stå, gå eller sitje.

Helsetilsynet la til grunn at søkjaren blei påført skade i samband med røntgenundersøkinga av ryggen ved at kontrastmiddelet Dimer-X blei brukt. Helsetilsynet meinte at over 50 prosent av dei kroniske ryggsmertene var ei følgje av røntgenundersøkinga. Rettferdsvederlag blei tilrådd med kr 50 000,-.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei tilkjent med kr 50 000,-.

I klagen fører søkjaren fram at beløpet er for lite i forhold til dei store plagene og kroniske smertene ho blei påført etter behandlinga. Ho ber om eit vederlag på kr 250 000,-.

Helsetilsynet legg til grunn at klagen ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 47

NN, fødd 1950, har søkt staten om rettferdsvederlag på bakgrunn av skadar etter ein komplisert fødsel i 1982. Søkjaren fekk da ein rift mellom skjedeopninga og endetarmsopninga, noko som medførte skade på lukkemuskelen til endetarmen. Søkjaren har vore plaga med ufrivillig luftavgang og avføring. Ved tidlegare vedtak er søkjaren tilkjent rettferdsvederlag med kr 40 000,- for forholdet. Ho meiner at dette beløpet er for lite, og viser til at ho i ettertid har fått utlagt tarm.

Helsetilsynet fann at søkjaren hadde vore utsett for ytterlegare belastning, og anbefalte eit tilleggsvederlag på kr 30 000,-.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga, og NN ble tilkjent eit tilleggsbeløp på kr 30 000,-.

I klagen fører NN fram at situasjonen hennar igjen er forverra etter nye operasjonar i 1995, og at vederlaget ikkje er i samsvar med plagene.

Helsetilsynet legg til grunn at operasjonen i 1995 var nokolunde vellykka. Etter ei samla gjennomgang finn Helsetilsynet at søkjaren har fått ein avansert og optimal behandling for inkontinensplagene sine. Ho har frå før av fått kr 70 000,- i vederlag for det uheldige møtet sitt med helsestellet. På denne bakgrunn finn Helsetilsynet ikkje grunnlag for å anbefale ytterlegare vederlag.

Justisdepartementet rår til at klagen ikke blir teken til følgje.

SAK NR 48

NN, fødd 1923, har søkt staten om rettferdsvederlag på bakgrunn av nerveskadar ho har fått etter behandling med medikamentet Flagyl. Medikamentet blei gitt i samband med ein operasjon i underlivet og for betennelse i underkjeven. Skadane gjer at ho har fått svekka føling, redusert evne til å røre på seg og nedsett kraft i armar og bein. Ho har ofte sterke smerter.

Helsetilsynet la til grunn at søkjaren var påført nerveskadar som følgje av bruken av legemiddelet Flagyl. Ho hadde komme spesielt uheldig ut av sitt møte med helsestellet. Rettferdsvederlag blei tilrådd med kr 150 000,-.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei tilkjent med kr 150 000,-.

I klagen fører søkjaren fram at beløpet er satt for lågt. Ho viser til dei store plagene ho har fått. Beløpet bør aukast med kr 500 000,-.

Helsetilsynet finn ikkje at klagen inneheld nye medisinske opplysningar, og rår til at klagen blir avslått.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 49

NN, fødd 1958, har søkt staten om rettferdsvederlag som følgje av påstått feilplassering på ein barnevernsinstitusjon frå 1972 til 1976. Søkjaren fekk mangelfull skolegang under opphaldet, og hadde problem med å passe inn i samfunnet etter at han flytta frå skolen. Dette har ført til økonomisk tap.

Barne- og familiedepartementet la til grunn at plasseringa var forsvarleg. At søkjaren fekk gå ut i arbeidslivet før han var ferdig med 9. klasse, var heller ikkje kritikkverdig, men følgde av reglar i barnevernslova. Det var heller ikkje dokumentert at opphaldet forsterka den kriminelle åtferda til søkjaren. Departementet kunne ikkje sjå at søkjaren hadde komme særleg dårleg ut samanlikna med andre som barnevernet hadde omsorg for på same tid, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag i saka.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikke tilkjent.

Søkjaren klagar og fører fram at han har hatt ein særleg vanskeleg barndom. Barnevernet svikta han òg før han blei plassert på institusjonen. Mellom anna fekk far hans tilbake omsorgen for han i 1968, i ei tid der søkjaren hadde funne seg til rette på barnehjem.

Barne- og familiedepartementet viser til at det ikkje er komme fram nye opplysningar i klagen, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 50

NN, fødd 1950, har søkt staten om rettferdsvederlag som følgje av at barnevernet har overteke omsorgen for dei fire barna hennar. Ho meiner seg også dårleg behandla av kommunen.

Barne- og familiedepartementet viste til at barnevernet overtok omsorgen for barna med samtykke frå søkjaren. Da ho seinare trekte samtykket tilbake, heldt barnevernet fast ved vedtaket sitt. Saksbehandlinga til barnevernet var tilfredsstillande. Departementet anbefalte ikkje rettferdsvederlag.

Sosial- og helsedepartementet kunne på bakgrunn av opplysningane i saka ikkje sjå at søkjaren hadde vore utsett for urettmessig behandling frå det offentlege. Rettferdsvederlag blei ikkje tilrådd.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderingane frå Barne- og familiedepartementet og Sosial- og helsedepartementet, og vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar over vedtaket, men har ikkje ført fram nye merknader.

Barne- og familiedepartementet og Sosial- og helsedepartementet kan ikkje sjå at saken inneheld nye opplysningar, og rår til at klagen blir avslått.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 51

NN, fødd 1936, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi han har fått mangelfull skolegang og har hatt vanskelege sosiale forhold i oppveksten. Faren misbrukte alkohol og var voldeleg mot mora. Søkjaren måtte derfor trøste ho og syskena. Han fekk ikkje gjort lekser, og hadde vanskar med å konsentrere seg. Han slutta skolen etter 3. klasse. I tillegg har søkjaren vore mykje sjuk frå han var 20 år. Livet hans har vore prega av angst og psykisk ubalanse, og søkjaren har utvikla eit stort pille- og alkoholmisbruk.

Barne- og familiedepartementet viste til at det ikkje har vore mogleg å dokumentere opplysningane til søkjaren. Departementet meinte likevel at situasjonen hans burde ha blitt fanga opp av vergeråd eller skolestyre. At saken ikkje hadde blitt fullstendig dokumentert, burde heller ikkje gå urimeleg ut over søkjaren. Barne- og familiedepartementet tilrådde rettferdsvederlag med kr 20 000,-.

Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet la til grunn at forholda i heimen var så vanskelege, at søkjaren måtte slutte på skolen. Departementet fann vidare at det offentlege var å laste ved at han ikkje hadde fått oppfylt retten sin til opplæring. Rettferdsvederlag blei tilrådd med kr 75 000,-.

Justisdepartementet slutta seg til vurderingane frå Barne- og familiedepartementet og Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet, men tilrådde eit vederlag på kr 50 000,-.

Rettferdsvederlagsutvalet tilkjende vederlag med kr 75 000,-.

Søkjaren klagar over storleiken på vederlaget. Han fører fram at det offentlege svikta ansvaret sitt for han, og at forsømminga har medført store vanskar for han seinare i livet. Han fekk ein svært dårleg start ved at retten til skolegang og sosial omsorg blei krenka og satt til side. Det er særleg vist til at Barne- og familiedepartementet si kritiske tilråding, kan ha hatt negativ verknad på vederlagsfastsettinga.

Barne- og familiedepartementet og Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet viser til at det ikkje er komme fram nye opplysningar. Departementa held fast ved sine tidlegare tilrådingar.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 52

NN, fødd 1929, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi han er påført løysemiddelskade etter å ha arbeidd i møbelindustrien i mange år. Søkjaren blei i 1985 uføretrygda etter særreglane for yrkesskade. På 70- og 80-talet hadde han store utgifter til medisinar. Han fekk først dekt desse av trygdekontoret frå 1989.

Kommunal- og arbeidsdepartementet viste til at søkjaren var kommen uheldig ut i forhold til yrkesskadeerstatningsreglane da det tok tid før sjukdomsårsaka blei påvist. Dette førte med seg store utgifter til medikamenter. Søkjaren hadde i tillegg lidt eit inntektstap. Departementet anbefalte vederlag med kr 100 000,-.

Justisdepartementet viste til at rettferdsvederlag berre kan bli tilkjent når søkjaren har komme særleg uheldig ut i forhold til andre løysemiddelskadde. Søkjaren var i arbeid fram til mai 1985. Uføretrygd etter særreglane for yrkesskade blei tilkjent med tilbakeverkande kraft frå november 1985. Trygdekontoret fastsette ikkje tilbakeverknad for dekninga av utgifter til medikament. Å tilkjenne rettferdsvederlag for utgifter til medisinar ville på den bakgrunn vere ei overprøving av trygdekontoret si avgjerd. Det blei òg vist til at det ikkje er klart at medikamentbruken er ein direkte følgje av løysemiddelskadene. Justisdepartementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og rettferdsvederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at medisinrekningar eldre enn 6 månader ikkje blir refundert av trygdekontoret. Det er derfor ikkje riktig at ei tilkjenning av rettferdsvederlag overprøver trygdekontoret si avgjerd. Vederlag har tidlegare blitt tilkjent der medikamentutgifter ikkje har blitt dekt av folketrygda. Det går klart fram at utgiftene var påført før han kom inn under refusjonsordninga for yrkesskadar.

Kommunal- og arbeidsdepartementet viser til at klagen ikkje inneheld nye opplysningar, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 53

NN, fødd 1927, har søkt staten om rettferdsvederlag for økonomisk tap som følgje av løysemiddelskade han er påført gjennom arbeidet sitt. Søkjaren fekk i 1990 sjukdommen godkjent som yrkesskade frå 1985. Han blei uføretrygda i 1988. Søkjaren har ikkje fått erstatning frå tidlegare arbeidsgjevar.

Kommunal- og arbeidsdepartementet la til grunn at søkjaren hadde fått yrkesskadetrygd etter vanlege reglar. At søkjaren ikkje hadde reist erstatningskrav mot sin tidlegare arbeidsgjevar, kunne heller ikkje det offentlege lastast for. Departementet fann ikkje å kunne tilrå rettferdsvederlag i saka.

Sosial- og helsedepartementet viste til at det ut frå trygdemessige forhold ikkje var grunnlag for å tilkjenne rettferdsvederlag.

Justisdepartementet viste til at det avgjørande var om søkjaren hadde komme særleg uheldig ut i forhold til andre løysemiddelskadde. Søkjaren hadde fått adekvat dekning etter reglar i folketrygdloven. Han hadde vidare avstått frå å søkje erstatning frå sin tidlegare arbeidsgjevar. Justisdepartementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar over vedtaket, og viser til at erstatningskrav mot arbeidsgjevaren ikkje blei fremma fordi han ikkje blei tilkjent fri rettshjelp. Han viser òg til at arbeidsstaden var godkjent av Statens arbeidstilsyn.

Kommunal- og arbeidsdepartementet viser til at det er den enkelte sjølv som i utgangspunktet må dekkje omkostningar ved å gå til søksmål mot skadevalder. Departementet uttaler vidare:

"Arbeidstilsynet fører tilsyn med virksomhetene som omfattes av arbeidsmiljøloven. Det er imidlertid arbeidsgiver som er pålagt pliktene etter arbeidsmiljøloven, og som derfor har ansvaret for at virksomheten til enhver tid oppfyller de krav loven stiller til helse, miljø og sikkerhet på arbeidsplassen."

Departementet viser til den tidlegare tilrådinga si og anbefaler at klagen blir avslått.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 54

NN, fødd 1926, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi hennar uførepensjon ikkje blei fastsett med tilbakeverkande kraft. Ho blei uføretrygda i 1964, og meiner trygda skulle vore fastsett med verknad frå 4 år tidlegare.

Rikstrygdeverket viste til at trygdesaka har vore forsvarleg behandla. Saka har òg vore vurdert av Trygderetten. Rettferdsvederlag blei ikkje tilrådd.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga, og vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar og fører fram at saka ikkje har vore tilfredsstillande behandla. Ho viser òg til at ho frå 1960 har vore meir enn 2/3 ufør.

Rikstrygdeverket held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 55

NN, fødd 1928, har søkt staten om rettferdsvederlag for tap han blei påført etter å ha skada høgre arm og hand under avtening av den militære førstegongstenesta. Søkjaren har etter ulykka hatt vedvarande smerter og psykiske plager. I 1991 blei han tilstått 50 prosent uførepensjon.

Forsvarsdepartementet la til grunn at søkjaren hadde fått ein skade tilsvarande 15 til 35 prosent medisinsk invaliditet, og at han hadde hatt smerter etter ulykka. Han hadde derimot fått alle dei ytingane han hadde krav på etter gjeldane reglar. Søkjaren hadde ikkje komme meir uheldig ut enn andre i tilsvarande situasjon. Forsvarsdepartementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar over vedtaket og fører fram at seinskadane er ei direkte følgje av den traumatiske hendinga i 1957.

Forsvarsdepartementet viser til at dei plagene søkjaren har fått, allereie er økonomisk kompensert, og departementet held fast ved den tidlegare vurderinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 56

NN, fødd 1963, har søkt staten om rettferdsvederlag for økonomisk tap han har hatt etter at staten v/Forsvarsdepartementet eksproprierte ein eigedom der det ble driven steinbrot. Søkjaren mista som følgje av ekspropriasjonen ein 5-årig transportkontrakt han hadde inngått i tilknyting til steinbrotsdrifta. NN har tidlegare reist søksmål både mot eigaren av steinbrotet og mot staten, men har ikkje vunne fram. Søkjaren opplyser at han i dag er ruinert med ei gjeld på 2,6 millionar kroner.

Forsvarsdepartementet viste til at kravet om erstatning på rettsleg grunnlag ikkje hadde ført fram. Departementet hadde forståing for at søkjaren fann det urimeleg at ekspropriasjonen førte til full erstatning for dei som hadde rettar i steinbrotsdrifta, mens det for NN førte til økonomisk tap. Generelt er det likevel knytta risiko til dei fleste former for forretningsdrift. Staten kunne ikkje lastast for utfallet av saka. Det var ikkje rimeleg at staten dekte tap som sprang ut av forretningshøve. Forsvardepartementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag i saka.

Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga, og vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at Forsvarsdepartementet er inhabil i saka. Han viser òg til at det må vere feil at vederlag ikkje er tilkjent.

Forsvarsdepartementet viser til saksbehandlingsreglane for rettferdsvederlag for så vidt gjeld spørsmålet om inhabilitet. Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre nye moment i saka, og held fram ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 57

NN, fødd 1927, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi han er 100 prosent arbeidsufør etter ein hørselsskade han fekk under teneste i Forsvaret. Han starta karriera si i Forsvaret i 1948 og var ansatt der til han blei uføretrygda i 1982. Hørselsskaden blei vurdert som yrkessjukdom i 1981. På den tida fanst inga regler om erstatning for varig medisinsk invaliditet på grunn av yrkessjukdom.

Forsvarsdepartementet la til grunn at hørselskaden gir rett til ein viss kompensasjon. Det er vist til at reglane om erstatning for varig medisinsk invaliditet på grunn av yrkessjukdom, trådte i kraft berre eit år etter at skaden blei vurdert som yrkessjukdom. Departementet tilrådde rettferdsvederlag med kr 25 000,-.

Justisdepartementet viste til at søkjaren har fått den økonomiske dekning han hadde krav på etter datidas reglar. Rettferdsvederlag er i slike høve sjeldan blitt gitt. Av omsyn til likskap med andre søkjarar tilrådde ikkje Justisdepartetmentet rettferdsvederlag i saka.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og vederlag blei ikkje tilkjent.

Søkjaren klagar og fører fram at Forsvarsdepartementet tilrådde vederlag. At han ikkje er tilkjent rettferdsvederlag, er derfor urimeleg.

Forsvarsdepartementet held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 58

NN, fødd 1960, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi han har fått psykiske plager etter teneste i UNIFIL-styrkene i Libanon i 1982. Han er i dag arbeidsufør.

Forsvarsdepartementet la til grunn at UNIFIL-tenesta var medverkande til NN's psykiske plager. Søkjaren har ikkje fått erstatning frå staten, men har fått dekning etter folketrygdlovens reglar om yrkesskade. Sjukdommen var under utvikling før han reiste til Libanon. Det var derfor mogleg at Forsvaret si vurdering av om søkjaren var skikka for tenesta, ikkje var grundig nok. Forsvarsdepartementet tilrådde rettferdsvederlag med kr 65 000,-.

Justisdepartementet viste til at søkjaren er tilkjent økonomisk kompensasjon etter gjeldande reglar. Justisdepartementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg under tvil til Justisdepartementet si vurdering, men fann at søkjaren ikkje burde vore teken ut til tenesta. Rettferdsvederlag blei tilkjent med kr 30 000,-.

Søkjaren klagar over vedtaket og fører fram at hans innsats i FNs teneste bør bli lønna.

Forsvarsdepartementet held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 59

NN, fødd 1956, har søkt staten om rettferdsvederlag for psykiske skadar som følgje av seksuelle overgrep i form av samleier i perioden 1970 til 1972. Skadevaldar er ved dom i X forhørsrett i 1975 dømt for brot på straffeloven § 196 første ledd.

Justisdepartementet la på bakgrunn av dommen til grunn at søkjaren hadde vore utsett for seksuelle overgrep. Departementet fann vidare at det var tilstrekkeleg sannsynliggjort at ho var påført skadar som følgje av misbruket. Det blei særleg lagt vekt på uttalelse fra primærlegen til søkjaren. Ved utmålinga av vederlaget viste departementet til at søkjaren var 14 år da misbruket starta, og at ho frivillig hadde gått med på samleie. Ein fann her å måtte trekkje ei grense mot dei typiske incestsakene. Justisdepartementet tilrådde vederlag sett til kr 40 000,-.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og vederlag blei tilkjent med kr 40 000,-.

I klagen viser søkjaren til at ho var utsett for psykisk press frå skadevaldar. Ho føler seg urettferdig behandla, og seier at livet hennar er blitt øydelagt.

Justisdepartementet viser til at det ikkje er komme fram nye opplysningar i klagen, og rår til at den ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 60

NN, fødd 1956, har søkt staten om rettferdsvederlag grunna seksuelle overgrep og mishandling i oppveksten. Ho har vore innlagt på psykiatriske sykehus og er no uføretrygda.

Justisdepartementet la til grunn at far til søkjaren hadde forgrepe seg på henne frå ho var 8-10 år gammal. Det blei lagt vekt på egenerklæringa til søkjaren, politiforklaringa, stadfestingar frå sysken, vitneerklæring og opplysningar i pasientjournalen. Omsorgssvikt og fysisk mishandling blei òg lagt til grunn. Departementet tilrådde eit vederlag på kr 70 000,-.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga frå Justisdepartementet, men sette vederlaget til kr 90 000,-.

Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Ho hevdar at ho er blitt ein krøpling, både fysisk og psykisk, og ho viser til at ho treng penger til leilegheit.

Justisdepartmentet kan ikkje sjå at det er komme fram nye opplysningar i klagen som gir grunn til å gjere om Rettferdsvederlagsutvalet si avgjerd. Departementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 61

NN, fødd 1929, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho blei seksuelt misbrukt av fosterfaren frå ho var 3 år til ho var nesten 11 år gammal. Fosterfaren var onkelen hennar, og overgrepa var samleier. Søkjaren meiner vidare at ho har blitt feilbehandla i psykiatrien. I staden for å få den hjelpa ho trong, blei ho behandla med vaneskapande medikament. Ho blei ikkje spurt om grunnen til hennar psykiske plager.

Helsestilsynet la til grunn at behandlinga søkjaren hadde fått, var vanleg på den tida. Haldninga til bruk av medikament var meir liberal, og kjennskapen til skadeverknader etter seksuelle overgrep var dårlegare. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag i saka.

Justisdepartementet slutta seg til tilrådinga, men fann det tilstrekkeleg godtgjort at søkjaren hadde vore utsett for alvorlege seksuelle overgrep i barndommen. Departementet foreslo eit til vederlag på kr 80 000,-.

Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderingane frå Helsetilsynet og Justisdepartementet, men tilkjende vederlag med kr 90 000,-.

Søkjaren klagar over storleiken på vederlaget. Ho fører fram at legane skulle ha oppmoda henne til å trappe ned på medisineringa. Overgrepa har også øydelagt store delar av livet hennar.

Helsetilsynet viser til at det ikkje er komme fram nye medisinske opplysningar i klagen, og held fast ved den tidlegare tilrådinga si.

Justisdepartementet viser til at det ikkje er komme fram nye opplysningar i saka, og rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

SAK NR 62

NN, fødd 1923, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi han i 1985 blei nekta helseattest for arbeid til sjøs på grunn av dårleg hørsel. Etter fleire klager fekk søkjaren medhald, og helseattest blei gitt i 1990. I mellomtida mista han sitt levebrød fordi han blei hindra frå å ta jobb som sjømann. Søkjaren hevdar at Sjøfartsdirektoratet burde ha orientert han om at han likevel kunne gjort teneste på mindre båtar.

Sjøfartsdirektoratet har vist til at saksbehandlinga har vore i samsvar med god forvaltningsskikk. Den medisinske vurderinga var bygd på skjønn. Søkjaren fekk medhold i klaga si, og kan dermed ikkje seiast å ha komme særleg uheldig ut. Direktoratet tilrådde ikkje rettferdsvederlag i saka.

Utanriksdepartementet, Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga. Vederlag blei ikkje tilkjent.

I klagen fører søkjaren fram at han ikkje blei underretta om dei moglegheitene han hadde til å arbeide på tross av nektinga av attesten. Da det offentlige vurderte helseattesten i 1985 var ein kjend med opplysningane om høyrerekkevidda med høyreapparatet hans. Det var denne kunnskapen som førte til at helseattesta likevel blei gitt i 1990. Saksbehandlinga har derfor ikkje vore riktig.

Sjøfartsdirektoratet viser til at dei arbeidsmolegheitene søkjaren hadde på tross av manglande helseattest, var svært små. Direktoratet uttaler: "Forsømmelse av å veilede om en lite praktisk mulighet synes ikke å falle inn under sjømannslegens alminnelige veiledningsplikt i henhold til forvaltningsloven § 11". Sjøfartstdirektoratet viser elles til den tidlegare tilrådinga si.

Utanriksdepartementet sluttar seg til Sjøfartsdirektoratet si vurdering.

Justisdepartementet rår til at klagen ikkje blir teken til følgje.

Til forsiden