St.prp. nr. 30 (2001-2002)

Rettferdsvederlag av statskassa

Til innhaldsliste

1 Innleing

I proposisjonen her vert det fremma 130 klagesaker om rettferdsvederlag av statskassa. Alle klagene vart sette fram før 20. november 1999 då klageretten vart oppheva, jf. Stortingets retningsliner for handsaming av saker om rettferdsvederlag vedtatt 26. oktober 1999. Så langt Justisdepartementet kjenner til, er det ikkje fleire klagesaker frå før 29. november 1999 som ikkje er handsama av Stortinget enn dei som vert fremma i proposisjonen her. Proposisjonen vert difor den siste med klagesaker.

Av dei 130 klagesakene her, vart dei 124 fyrste fremma i St.prp. nr. 87 (2000-2001) frå Justis- og politidepartementet 18. mai 2001. I samsvar med Regjeringa si tilråding i brev 5. november 2001 frå statsministeren har Stortingets presidentskap ikkje foreslått at proposisjonen vert teke opp til handsaming etter stortingsvalet hausten 2001. Klagene vert difor fremma på nytt i proposisjonen her samstundes som det for sak nr. 1 og 113 vert gjort greie for nokre nye omstende som har kome til.

Til forsida