St.prp. nr. 32 (1996-97)

Om etablering av Noregsnettrådet

Til innholdsfortegnelse

2 NÆRARE OM NYTT NOREGSNETTRÅD

2.1 Organisering av rådsoppgåvene

Departementet vil stå fast ved framlegget om å etablere eit Noregsnettråd. Det er særleg lagt vekt på at det ligg føre nasjonale utfordringar og oppgåver som går på tvers av institusjonsgrensene eller som er sektorovergripande. Departementet meiner at hovudretningslinene for utviklinga av Noregsnettet er lagt gjennom stortingshandsaminga av St meld nr 40 (1990-91) og lov om universitet og høgskolar. Som underlag for sine avgjerder ønskjer departementet å få rådgiving på eit nasjonalt nivå som ikkje skjerpar, men som går på tvers av skiljet mellom universitetssektoren og høgskolesektoren.

Dette vil vere retningsgivande ved utforminga av mandat for rådet. Mange av dei sakene departementet skal avgjere etter lov om universitet og høgskular og etter privathøgskolelova, er av ein slik karakter at det krevst ei nasjonal vurdering. Ei rekkje spørsmål går på korleis arbeidsdelinga i Noregsnettet skal vere. Dette gjeld m a framtidig fagprofil ved institusjonane og samla utbyggingsmønster i Noregsnettet. Det er avgjerder som ikkje berre gjeld den einskilde institusjonen, men nasjonal utbygging av fag og kapasitet på landsbasis. Noregsnettrådet vil vere rådgivande i slike saker. At rådet blir skipa, fører såleis ikkje til at avgjerdsmakt lov om universitet og høgskolar legg til departementet, blir flytta .

Innstillinga om rådsfunksjonar la til grunn at departementet kunne få råd frå både Universitetsrådet og Høgskolerådet. I dei spørsmåla som er nemnde over, kan det etter departementet sitt syn vere problematisk om eitt og same organ både skal vere rådgivingsorgan for departementet og institusjonane sin interesseorganisasjon. Det er derfor ønskjeleg at departementet i hovudtyngda av dei saksområda der lovene legg styringsansvar til departementet, kan hente inn tilråding frå eit nasjonalt rådsorgan, Noregsnettrådet. Det er ein føresetnad at andre samarbeids- og samordningsoppgåver framleis blir løyste av Det norske universitetsråd og Det norske høgskolerådet eller organ under desse.

Det er lagt vekt på å etablere ein rådsstruktur som kan dra nytte av dei samarbeidsorgana som allereie eksisterer. Det norske universitetsråd og Det norske høgskolerådet og deira underorgan vil framleis ha viktige roller å spele innan høgre utdanning i Noreg. Dette følgjer automatisk når det gjeld fagleg samarbeid på område der institusjonane sjølve har avgjerdsmakt, og der det er ønskjeleg å utveksle røynsle, koordinere og føre fagleg debatt, slik som i nasjonale fagmøte. Men også på dei områda der det nye Noregsnettrådet skal verke, vil organa i det frivillige institusjonssamarbeidet måtte fungere som viktige premissgivarar for arbeidet i det nye rådet. Ein ønskjer å unngå dobbeltarbeid ved at ulike organ skal gjere dei same oppgåvene, og tar derfor sikte på å etablere eit system som sameinar den frivillige og den statlege rådsstrukturen på alle område der dette er naturleg. Dette vil sikre at både faglege og institusjonspolitiske synspunkt kjem fram og blir gjort synlege som underlag for Noregsnettrådet sine tilrådingar.

Det norske høgskolerådet har ennå ikkje bygt ut underorgan som tilsvarar strukturen under Det norske universitetsråd. Departementet har i høgskolesaker fått tilrådingar direkte frå eigne fagråd for ein del utdanningsområde som til 1994 var organiserte i eigne høgskolar. No blir profesjonsutdanningar gitt i høgskolar med eit breitt spekter studium og fag. Som nemnt i St prp nr 1 (1996-97) har høgskolane gjennom lov om universitet og høgskolar fått eit utvida fagleg sjølvstyre. Dette, saman med at samarbeid på institusjonsnivå skjer gjennom Høgskolerådet, endrar føresetnadene for arbeidet i Lærarutdanningsrådet, Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag og Ingeniørutdanningsrådet.

Departementet legg til grunn at Lærarutdanningsrådet held fram som departementet sitt rådgivande organ til ny opplæringslov er handsama i Stortinget og nye rammeplanar for lærarutdanningane er fastsette. Departementet meiner at det er ønskjeleg at fagleg samarbeid for ingeniørutdanning og helse- og sosialutdanning blir organisert i organ under Det norske høgskolerådet som del av institusjonssamarbeidet. Dette samsvarar med organiseringa under Universitetsrådet. Desse nye organa vil rapportere til Høgskolerådet, men kan i faglege saker også uttale seg til Noregsnettrådet eller til departementet.

Det vil vere naturleg og i tråd med noverande praksis at hovudtyngda av dei sakene som Noregsnettrådet og departementet handsamar, har vore på høyring i Universitetsrådet og Høgskolerådet. Noregsnettrådet treng også tilrådingar basert på den faglege kompetansen i underorgana i den frivillige rådsstrukturen. Noregsnettrådet si oppgåve vil i ein slik samanheng vere å vege dei faglege råda opp mot utdanningspolitiske målsetjingar i eit større perspektiv. For at dette skal fungere godt er det ønskjeleg at den frivillige rådsstrukturen gir rom for samarbeid på tvers av universitets- og høgskolesektorane. Dette bør komme til uttrykk ved gjensidig representasjon i organa slik arbeidsgruppa la til grunn.

Innan kunstutdanning er det óg frivillige samarbeidsorgan utanfor universitets- og høgskolerådstrukturen som kan trekkjast inn når sakene tilseier det.

Driftsansvaret for ein del felles nasjonale oppgåver er i dei seinare åra blitt lagt til universiteta. Dette gjeld t d Samordna opptak (SO), Sentralorganet for fjernundervisning (SOFF) og Informasjonssenter for internasjonal utdanning (National Academic Information Centre, NAIC).

I framtida vil Noregsnettrådet og rådssekretariatet vere eit naturleg utgangspunkt for å løyse oppgåver på tvers av sektorar, og som krev nasjonal organisering, framfor å leggje slike oppgåver til ein av institusjonane. Departementet vil også sørgje for ein gjennomgang av dei etablerte fellesfunksjonane og vurdere om strukturen bør vere uendra, eller om dei bør organiserast som del av Noregsnettrådet sitt sekretariat.

2.2 Noregsnettrådet sine oppgåver

Lov om universitet og høgskolar gir dei høgre utdanningsinstitusjonane ansvar til å styre seg sjølve på ei rekkje område. Omsynet til ei overordna politisk styring når det gjeld arbeidsdeling mellom institusjonane og samordning på område som er avgjerande for utvikling av Noregsnettet, har gjort at departementet har avgjerdsrett på ein del område. Det er her departementet treng råd frå eit organ med representasjon frå heile sektoren, der hovudtyngda av medlemmene ikkje er partsrepresentantar, men kan gi råd på grunnlag av faglege fråsegner, vegne opp mot overordna prinsipp for utvikling av norsk høgre utdanning.

Følgjande område er aktuelle:

Opptaksreglar og regulering av opptaket

Lov om universitet og høgskolar legg avgjerdsmakt til departementet når det gjeld generell studiekompetanse, særskilde opptakskrav og rangeringsreglar. Slike regelverk har innbyrdes samanheng og spelar stor rolle gjennom dei føringar dei gir for vidaregåande skole, og for dei mange søkjarane til universitet og høgskolar, anten det gjeld førsteinntaket eller ved overgang mellom studium. Slike kriterium er samstundes viktige for å sikre det faglege nivået i utdanningane. Det er viktig at departementet kan hente inn sameinte råd i opptaksspørsmål, slik at dei ulike kriteria vert sett under eitt. Omsynet til heilskap og oversikt er viktig av omsyn til søkjarane. Opptaksreglar må fremje, ikkje hindre studentflyt mellom institusjonane.

Problemstillingar knytte til regulering av opptaket og nasjonal opning av universitet og høgskolar er sentrale spørsmål det vil vere naturleg å leggje fram for eit fellesorgan som Noregsnettrådet.

Noregsnettet - gradsstruktur og fordeling av fag

Det vil vere behov for råd om arbeidsdeling, spesialisering og dimensjonering på nasjonalt nivå. Utbygging av knutepunktfunksjonar og vedlikehald av desse vil gå inn som ein del av eit slikt arbeid.

Når det gjeld rammeplanar for visse yrkesutdanningar, kan departementet leggje ansvaret for å leie slikt arbeid til Noregsnettrådet i samarbeid med rådsorgan under Høgskolerådet.

Godkjenning og godskriving av studium

Departementet har etter lov om universitet og høgskolar ansvar for å gi retningsliner for godskriving og godkjenning av utdanning tatt ved annan institusjon eller frå utlandet. Slike reglar er avgjerande for studentflyt mellom lærestader i inn- og utland.

Departementet ønskjer at Noregsnettrådet kan organisere ein tenleg prosedyre som kan førebu departementet sine vedtak om eksamensrett etter privathøgskolelova. Departementet meiner det er nødvendig at søknader om eksamensrett for private høgskolar og dei generelle reglane for godkjenning av grad eller utdanning frå ekstern institusjon blir sett under eitt, både for å sikre at søkjarar kjem likt ut og for å unngå unødig dobbeltarbeid. Desse oppgåvene høyrer naturleg inn under Noregsnettrådet sitt arbeidsfelt.

Røynslene med nemndsystemet for godkjenning av utanlandsk utdanning må vurderast nærare. Ei eventuell vidareføring av dagens system vil det vere naturleg å knyte opp til Noregsnettrådet.

Kvalitetssikring

Det er lærestadene sjølve som har hovudansvaret for å sikre at studia deira held mål fagleg sett, og at dei er organiserte på ein tenleg måte. Departementet har gjennomført eit pilotprosjekt med nasjonale evalueringar innanfor fem fagområde, og ønskjer at slike og andre tiltak for kvalitetssikring held fram i ei meir systematisert form. Noregsnettrådet sitt sekretariat vil få eit løpande ansvar for å leggje til rette for slikt arbeid.

Andre oppgåver

Verksemda som skal drivast av Statens lærarkurs, vil bli administrert av Noregsnettrådet.

Det må også vurderast om Noregsnettrådet skal få oppgåver i samband med departementet sitt internasjonaliseringsarbeid innan høgre utdanning. Vi vil også peike på at det er behov for å styrke innsatsen på informasjonssida om norsk høgre utdanning nasjonalt og internasjonalt.

Fellesoppgåver som opptak og informasjon kan leggjast til rådssekretariatet.

Det følgjer av dette at Noregsnettrådet ikkje skal ha operativt ansvar på område der departementet har styringsansvar etter lov om universitet og høgskolar. Hovudoppgåva vil vere å sørgje for utgreiingar og gi høgt kvalifiserte råd som ein del av det grunnlaget departementet skal ha for sine avgjerder.

Noregsnettrådet skal ikkje instruere institusjonane.

2.3 Mandat for Noregsnettrådet

Departementet har utarbeidd følgjande framlegg til mandat for Noregsnettrådet:

Institusjonane i Noregsnettet har eit sjølvstendig ansvar for å samarbeide og utfylle kvarandre i sine faglege aktivitetar. Slikt samarbeid er organisert gjennom Det norske universitetsråd og Det norske høgskolerådet. Noregsnettrådet, Universitetsrådet og Høgskolerådet må i fellesskap utvikle arbeidsformer som sikrar ei føremålstenleg arbeidsdeling.

Noregsnettrådet skal vere rådgivande for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet når det gjeld den langsiktige utviklinga av høgre utdanning i Noreg, særleg når det gjeld sektorovergripande og nasjonale forhold.

Noregsnettrådet skal gi tilråding om problemstillingar knytte til Noregsnettet, basert på samordning på tvers av institusjonsgrenser, og der lov om universitet og høgskolar og privathøgskolelova legg styringsansvar til departementet.

Noregsnettrådet skal trekkje opp retningsliner for kvalitetssikringsarbeidet innan høgre utdanning.

Noregsnettrådet kan etter vedtak i departementet få ansvar for fellesoppgåver og informasjonsoppgåver innan høgre utdanning nasjonalt og internasjonalt. Noregsnettrådet kan forvalte slike fellesfunksjonar, t.d. opptak og leggje til rette for godkjenning av utanlandsk utdanning.

Noregsnettrådet skal sørgje for fagleg vurdering av søknader om eksamensrett etter privathøgskolelova.

Noregsnettrådet sitt sekretariat er generelt underlagt departementet, men førebur saker som skal handsamast i Noregsnettrådet etter instruks frå rådet/leiaren i rådet.

2.4 Samansetjing av Noregsnettrådet

Departementet tek sikte på følgjande samansetjing av Noregsnettrådet:

2 representantar etter framlegg frå Det norske universitetsråd

2 representantar etter framlegg frå Det norske høgskolerådet

1 representant etter framlegg frå private høgskolar med eksamensrett

2 representantar etter framlegg frå nasjonale studentorganisasjonar

2 representantar etter framlegg frå Noregs forskingsråd

4 representantar utpeika av departementet

Departementet vel leiar av rådet.

Departementet oppnemner medlemmer og varamedlemmer i rådet for 3 år om gongen, med unnatak for studentrepresentantane, som blir oppnemnde for eitt år. Den eine studentrepresentanten med varamedlem vil bli oppnemnd etter framlegg frå Norsk studentunion, den andre etter framlegg frå studentorganisasjonane for statlege høgskolar.

Departementet vil be Noregs forskingsråd gjere framlegg om faglege representantar frå universitet og høgskolar med røynsle frå organa i Forskingsrådet.

Prinsippa for samansetjinga av Noregsnettrådet og mandatutkastet er lagt fram for Det norske universitetsråd, Det norske høgskolerådet og studentrepresentantane i desse organa.