St.prp. nr. 32 (1996-97)

Om etablering av Noregsnettrådet

Til innholdsfortegnelse

3 ADMINISTRATIVE OG ØKONOMISKE KONSEKVENSaR

Rådsstrukturen i høgskolesektoren vil bli endra slik at Ingeniørutdanningsrådet, Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag, Statens lærarkurs og Fellestenesta for sakkunnige råd vert avvikla i den forma dei har no. I staden for dei to første vil det bli skipa nye samarbeidsorgan under Det norske høgskolerådet . Den verksemda Statens lærarkurs skal drive, vil bli administrert innanfor Noregsnettrådet sitt sekretariat. Fellestenesta for dei sakkunnige råda vil danne kjernen i Noregsnettrådet sitt administrative hjelpeapparat.

At høgskulane har fått større fagleg fridom etter lov om universitet og høgskolar, og at lærarutdanning ikkje lenger skjer i eigne pedagogiske høgskolar, påverkar oppgåvene til Lærarutdanningsrådet. Det vil vere spørsmål knytte til lærarutdanning som bør drøftast i regi av Høgskolerådet. Det gjeld særleg institusjonssamarbeidet. Noregsnettrådet sitt arbeid vil også få verknad for Lærarutdanningsrådet sitt arbeidsfelt.

Sekretariatet i Lærarutdanningsrådet har hatt tenester frå Fellestenesta når det gjeld kontorstøttefunksjonar, personal- og økonomiforvalting. Departementet finn det mest føremålstenleg at sekretariatsfunksjonane for Lærarutdanningsrådet blir organisert som ei eining innafor Noregsnettrådet sitt sekretariat.

Noregsnettrådet må ha stillingar og ressursar til sekretariatsfunksjonar for rådet og for å kunne gjere nødvendig fagleg arbeid. Rådet vil ha oppgåver innan heile fagspekteret ved universitet og høgskolar. Sekretariatet for Noregsnettrådet får oppgåver på andre og vidare område enn det som gjeld rådsorgana i høgskolesektoren. Kompetansen i sekretariatet må difor byggjast ut, slik at kompetanseprofilen til personalet i det nye sekretariatet samsvarar med oppgåvene i det nye rådet. Sekretariatsfunksjonane må etter departementet sitt syn kunne løysast med utgangspunkt i dei ressursane som allereie er etablerte i sekretariata for Ingeniørutdanningsrådet, Lærarutdanningsrådet, Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag, Fellestenesta og Statens lærarkurs.

Departementet legg til grunn at det skal vere ei leiing med ein direktør og tre avdelingsdirektørar i Noregsnettrådet. Desse stillingane samt ei stilling for ein medarbeidar som får statistikk som hovudoppgåve, vil bli stilt til rådvelde i tillegg til stillingane frå sakkunnige råd. Sekretariatet vil i administrative saker sortere under departementet. Departementet skal derfor fastsetje organisasjonsplan for verksemda.

Det norske universitetsråd har i dag fem stillingar på kap. 281. Tildelinga frå departementet på dette kapitlet dekkjer halvparten av kostnadene til drifta av Universitetsrådet. Resten av midlane er bidrag frå medlemsinstitusjonane. Høgskolerådet får midlar frå kap. 281 som skal dekkje halvparten av kostnadene ved drifta. Når Ingeniørutdanningsrådet og Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag blir avvikla, vil fire stillingar frå sekretariata for dei sakkunnige råda bli stilte til rådvelde for Høgskolerådet for å dekkje sekretariatsoppgåver for faglege samarbeidsorgan innan høgskolane sine arbeidsområde.

Departementet vil i samband med revidert nasjonalbudsjett våren 1997 komme attende med framlegg i samsvar med det opprinnelege framlegget i St prp nr 1 (1996-97), om å overføre midlar og stillingar til drift av Noregsnettrådet frå kap. 274 til kap. 281 med verknad frå hausten 1997.

Når hovudprinsippa for arbeidet i Noregsnettrådet er handsama i Stortinget, vil departementet trekkje dei tilsette og deira organisasjonar med i arbeidet med å organisere sekretariatet i samsvar med lov og avtaleverk.