St.prp. nr. 33 (1997-98)

Om kapitalutviding i Telenor AS

Til innholdsfortegnelse

3 Mål og strategiar for Telenorkonsernet

Dei overordna mål og strategiar for Telenorkonsernet blei sist fastlagte ved handsaminga av St. prp. nr 64 (1995-1996, jf. og St. meld. nr. 21 (1995-96) Om Telenor AS. Regjeringa la fram ei ny melding om Telenor si verksemd i desember i fjor, jf. St. meld. nr. 17 (1997-98) Om Telenor AS si verksemd.

Det overordna mål for Telenor si verksemd er slik formulert i selskapets sin forretningsidé:

Telenor skal på et forretningsmessig grunnlag sikre at utviklingen i moderne telekommunikasjons- og informasjonsteknologi kommer norske kunder og det norske samfunn til gode.

For å oppfylle dette hovudmålet er det lagt ein strategi med følgjande operasjonelle delmål:

  1. Telenor skal vere den leiande tele-/IT-leverandør i Noreg. Det er berre ved å ha ein posisjon som leiande tele-/IT-aktør i Noreg at Telenor kan bidra til å sikre verdiskaping og god konkurranseevne overalt i landet ved å tilby moderne og konkurransedyktige tele-/IT-løysingar. Det vil truleg i lang tid framover berre vere eit sterkt og sjølvstendig Telenorkonsern som kan makte å sikre eit slikt tilbod til alle kundar, dvs. private, små og store næringslivskundar over heile landet.

  2. Telenor skal oppnå ein vekst på linje med veksten i den europeiske tele-/IT-marknaden. Vekstmålet skal sikre lønsemd på lang sikt ved å legge til rette for konsernet si forretningsmessige utvikling, handlekraft og forhandlingsstyrke. Vekst og storleik er òg viktig for å kunne tilby landsdekkjande tenester til rimelege vilkår og for å kunne levere dei beste produkta til dei mest krevjande kundane i Noreg.

  3. Telenor skal basere si verksemd på lønsam verdiskaping. Lønsemd er ein føresetnad for å verne om forretningsmessig sjølvstende og for å kunne tilby konkurransedyktige teletenester i heile Noreg.

  4. Telenor skal ha ein finansiell soliditet som sikrar handlefridom på lang sikt. Det er eit mål å halde eigenkapitalprosenten over 42 pst.

Samferdselsdepartementet vil understreke at Telenor sin primære marknad skal vere Noreg og norske kundar. Innføringa av konkurranse på alle delar av den norske telemarknaden frå 1.1.98 og den generelle globaliseringa som bransjen gjennomgår, inneber likevel at Telenor kjem til å miste delar av marknaden i Noreg. Sjølv med ein volumauke innanfor Telenors tradisjonelle verksemd og satsing på nye område som IT og media, kan ein ikkje vente at veksten i Noreg blir tilstrekkeleg til å kompensere for dette kundetapet. For å kunne realisere dei strategiske hovudmåla som er lagt til grunn for utviklinga framover, må difor Telenor òg satse i utlandet.

Ein strategi der Telenor ikkje satsar utanfor Noreg inneber ein stor risiko for at selskapet blir isolert til ein relativt liten marknad i ein global industri der stadig fleire kundar etterspør globale løysingar. Selskapet si evne til å utvikle seg og halde oppe konkurransekraft på ein marknad som blir stadig meir internasjonal krev eit breiare marknadsgrunnlag. Det er ein klar føresetnad at den internasjonale satsinga ikkje skal gå utover oppgåveløysinga i Noreg. Aktivitetane ute skal bidra til å oppretthalde rolla som leiande tele-/IT-selskap i Noreg.

På bakgrunn av Telenors relative storleik og dermed avgrensa evne til å bere risiko, skal internasjonale investeringar som hovudregel skje gjennom deltaking i konsortium og/eller alliansar.