St.prp. nr. 33 (1997-98)

Om kapitalutviding i Telenor AS

Til innholdsfortegnelse

6 Krav til avkastning og verdiutvikling

Samferdselsdepartementet har sett eit krav til avkastning på Telenors eigenkapital på minimum 15 pst. før skatt i perioden 1996-97. I 1995 og 1996 oppnådde Telenor ei eigenkapitalavkastning på respektivt 18,5 og 17,8 pst.

Til grunn for utrekninga av eigenkapitalavkastinga ligg rapporterte resultat slik dei kjem fram i finansrekneskapen (eigenkapitalrentabilitet). Desse resultata er basert på prinsipp m.a. med omsyn til periodisering av inntekter og kostnader, som er etablert for utarbeiding av årsrekneskap etter reglar i aksjelova. Under gitte føresetnader vil desse prinsippa ikkje godt nok reflektere den underliggjande verdiutviklinga t.d. i periodar med mykje oppstart eller avvikling av verksemd.

Dei store internasjonale investeringsprosjekta til Telenor er kjenneteikna ved at dei truleg ikkje vil gi særlege bidrag til resultatet i rekneskapen før etter 5 år. Eit større internasjonalt investeringsprogram vil difor i første omgang verke negativt på Telenors resultat slik dei kjem til uttrykk i finansrekneskapen. Departementet sitt krav til avkastning på eigenkapitalen, målt som eigenkapitalrentabilitet, vil etter dette ikkje bli tilfredsstilt innanfor ein måleperiode på 5 år. Den reelle avkastninga for Telenor og for staten som eigar av slike investeringar vil i denne første fasen berre komme til uttrykk i finansrekneskapen dersom dei blir selde. Alternativt vil dei reelle verdiane kunne bli gjort meir synlege ved at eksterne ekspertar gjennomfører jamnlege verdivurderingar av prosjekta.

For å oppnå eit meir dekkjande bilete av den reelle avkastninga blir det lagt opp til å supplere resultatrekneskapen med separate verdivurderingar av dei internasjonale engasjementa. Desse verdivurderingane vil kunne inngå i verdivurderingar av heile Telenor slik at ein får ytterlegare eit uttrykk for Telenors eigenkapitalavkastning over tid.

Staten som eigar vil etter dette få tre ulike kjelder som underlag for å vurdere sin totale avkastning:

  • Regelmessig verdivurdering av heile verksemda, med vekt på utviklinga over tid og samanlikning med konkurrerande selskap

  • Verdivurdering av dei internasjonale engasjementa kombinert med bokført eigenkapitalavkastning (eigenkapitalrentabilitet) for den meir tradisjonelle verksemda

  • Bokført eigenkapitalrentabilitet for konsernet under eitt.

Til saman vil desse metodane kunne gi eit meir dekkjande bilete av avkastninga enn den tradisjonelle bokførte resultatmålinga åleine. Samferdselsdepartementet ser at det kan vere uheldig å operere med mange likestilte metodar for måling av avkastninga, og at ikkje alle metodar er like lette å gjennomføre i praksis. Avkastninga vil difor først og fremst bli målt ved å utføre regelmessige verdivurderingar av heile verksemda og ved den bokførte eigenkapitalrentabiliteten for konsernet under eitt.

Samferdselsdepartementet har allereie som ledd i si eigaroppfølging gitt to konsulentar i oppdrag å utføre uavhengige verdivurderingar av Telenor. Resultata av dei første verdivurderingane som er utførte, sannsynleggjer etter departementet si oppfatning at Telenor har auka tilfredsstillande i verdi sidan omdanninga til statleg aksjeselskap frå 1. november 1994.

Konsulentane meiner at Telenor har vore dyktig til å tilpasse seg ein marknad med stadig aukande konkurranse. Det blir m.a. vist til dei store prisreduksjonane som er gjennomførte, og at Telenor hevdar seg godt på dei allereie sterkt konkurranseutsette vekstområda som mobil- og satellittkommunikasjon og ulike verdiauka tenester. Samferdselsdepartementet har særleg merka seg at det er Telenors konkurranseevne på desse vekstområda som medverkar til den verdiauke som konsulentane sannsynleggjer. Hadde ikkje Telenor greidd å effektivisere og omstille den tradisjonelle basisverksemda og oppnådd den sterke posisjonen på dei nye vekstområda, ville ikkje berre verdien av Telenor blitt vesentleg redusert, men ein hadde heller ikkje klart å oppretthalde talet på arbeidsplassar i verksemda.

Departementet meiner at det særleg i den internasjonale ekspansjonsfasen som konsernet no er på veg inn i, er behov for å legge større vekt på slike supplerande verdivurderingar. I den samanheng ser departementet det som særleg viktig at Telenor sjølv legg opp til å gjennomføre separate verdivurderingar av dei internasjonale engasjementa på regelmessig basis.

Telenor har hatt eit særs høgt avkastningskrav, og Samferdselsdepartementet vil framleis leggje eit høgt avkastningskrav på Telenor, ikkje minst fordi investeringane i utlandet vil auke risikoen til selskapet. Avviklinga av resterande einerettar frå 1.1.98 tilseier på den andre sida ein reduksjon i avkastningskravet. Det er òg grunnlag for å tilpasse avkastningskravet til eit lågare rentenivå. Staten si langsiktige lånerente har i 1996 og 1997 lagt eit par prosent lågare enn i 1994 og 1995. Departementet vil inntil vidare leggje til grunn eit avkastningskrav på minimum 13 pst. før skatt. Dette kravet vil gjelde for Telenorkonsernet totalt, men selskapet vil sjølvsagt måtte variere avkastningskravet frå prosjekt til prosjekt avhengig av risiko. Det vil difor generelt vil vere slik at investeringane i utlandet må tilfredsstille høgare avkastningskrav enn i Noreg for å bli realiserte. I oppfølginga av avkastningskravet vil departementet supplere resultatmålinga i rekneskapen med meir verdiorienterte målingar i samsvar med opplegget ovanfor.

Regjeringa arbeider med å utforme generelle retningslinjer for fastsetting av avkastningskrav for statlege selskap. Det kan difor bli aktuelt å komme attende til avkastningskravet også for Telenor i St. prp. nr. 1 for 1999.