St.prp. nr. 33 (1997-98)

Om kapitalutviding i Telenor AS

Til innholdsfortegnelse

7 Tidspunkt for kapitalutvidinga

Det vil normalt vere slik at Telenor ikkje kan velje tidspunkt for investeringane i utlandet. For at konsernet skal kunne utnytte investeringspotensialet er det difor avgjerande å ha finansiell styrke til å kunne forplikte seg når høve oppstår.

Som nemnt, fatta Telenor i 1997 vedtak om å ta del i kapitalkrevjande investeringsprosjekt m.a. i Tyskland. Saman med nødvendige utvidingar av eksisterande engasjement i utlandet har konsernet med dette allereie fylt ramma for kor store investeringar den noverande kapitalbasen kan bere utan å komme under 42 pst. Styret har likevel i den siste tida fatta nokre nye investeringsvedtak som ved gjennomføring vil føre til at denne ramma blir overskrede om relativt kort tid. Dette dreier seg om lovande prosjekt som Telenor elles ville ha mista. For å dekkje opp desse investeringane har Telenor teke opp eit ansvarleg lån som mellombels medverkar til å styrke selskapet sin soliditet. Dette gir likevel ikkje tilstrekkeleg dekning for investeringsprogrammet. Opptak av ansvarleg lån gir heller ikkje fullgod erstatning for ny eigenkapital, men skaper større tryggleik for selskapet i den perioden eigaren treng for å fatte vedtak om kapitalendring. Telenor legg opp til å tilbakebetale det ansvarlege lånet dersom kapitalutvidinga kjem på plass.

Samferdseldepartementet tilrår at det i 1998 blir fatta vedtak om å uvide eigenkapitalen i Telenor AS med 2 mrd. kr, og at den nye eigenkapitalen blir fordelt med 60 pst. til aksjekapital og 40 pst. til reservefond.